Prop. 65 S (2010–2011)

Styrking av investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

Til innhaldsliste

5 Tilråding

Regjeringa viser til at kommunane ikkje fullt ut har nytta ordninga med investeringstilskot som skal medverka til å nå målsetjinga i Omsorgsplan 2015 om 12 000 omsorgsplassar med heildøgnstenester. Dette er viktig for å møte dei framtidige utfordringane knytt til mellom anna ei aldrande befolkning. Regjeringa har difor sett i verk tiltak for å medverke til auka utbygging av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

Frå 2011 er tilskotsordninga endra ved at fylkesmennene sin oppgåve med å prioritere kva kommunar som skal få tilskot er avvikla. Samstundes er fordelinga av tilsegnsrammer på Husbankregionar og fylke oppheva.

Regjeringa vil fylgje utviklinga og vurdere tiltak dersom det på denne bakgrunnen skulle oppstå store forskjellar i heildøgnstilbodet i kommunane, jf. Prop. 1 S (2010-2011) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Dei frie inntektene til kommunane blei auka med 1 mrd. kroner i samband med endringar i statsbudsjettet for 2010 under Kommunal- og regionaldepartementet, jf. Prop. 29 S (2010-2011) og Innst. 129 S (2010-2011). Auken kan til dømes nyttast til utbygging av omsorgsbustader og sjukeheimar, og dermed utvikle ei verdig eldreomsorg.

Samstundes varsla departementet ei styrking av investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, og at styrkinga vil bli gjeve tilbakeverkande kraft, jf. tilråding i denne proposisjonen.

Regjeringa vil òg tilrå ei avvikling av kravet om at kommunane berre kan tildele tilskot vidare til frivillige og ideelle organisasjonar og andre aktørar som tilbyr eigne omsorgsplassar med heildøgnstenester på non-profitbasis.

5.1 Auke av tilskotssatsane

Regjeringa gjer framlegg om å auke tilskotssatsane for investeringstilskotet slik at den gjennomsnittlege tilskotsutmålinga blir auka frå 25 til 35 pst. av dei godkjente byggje- og anleggskostnadene. For omsorgsbustader blir satsen auka frå 20 til 30 pst. og for sjukeheimsplassar frå 30 til 40 pst. Tilskotet til bygging av fellesareal blir òg auka frå 30 til 40 pst.

Av omsyn til at kommunane skal bli handsama likt, vil auken i tilskotssatsane bli gjeve tilbakeverkande kraft for alle byggjeprosjekt som har fått tilsegn etter at ordninga blei innført i 2008. Dette inkluderer òg tilsegn til kommunar som har ferdigstilt prosjekt og der tilskota er utbetalt. Auken i tilskotssatsane vil skje med utgangspunkt i satsane som gjaldt det året tilsegna blei gjeve. Dei nye satsane går fram av tabell 5.1.

Nye maksimalsatsar

Omsorgsbustad

Sjukeheimsplass

Tilsegnsår

Gml. sats (kr)

Ny sats (kr)

Gml. sats (kr)

Ny sats (kr)

2008

400 000

600 000

600 000

800 000

2009

417 600

626 400

626 400

835 200

2010

431 000

647 000

647 000

862 800

2011

444 400

666 600

666 600

888 800

Det øvre kostnadstaket for godkjente byggje- og anleggskostnader, som i 2011 er sett til 2,222 mill. kroner per omsorgsplass, blir ikkje endra.

5.2 Avvikling av non-profitkravet

Etter kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova står den einskilde kommune fritt til å yte tenestene sjølve, eller å kjøpe tenestene av private tilbydarar, inklusive kommersielle aktørar. Kravet om at berre non-profitaktørar kan få tildelt investeringstilskot vidare frå kommunane, inneber at kommunane må dekkje kostnadene utan statlege tilskot dersom dei vel å samarbeide med kommersielle aktørar om utbygging av omsorgsplassar med heildøgnstenester.

Mange kommunar har tradisjon for å samarbeide med lokale bustadbyggjelag om å løyse bustad- og omsorgsutfordringar. Under Handlingsplan for eldreomsorga stod til dømes bustadbyggjelaga for tilnærma 25 pst. av omsorgsbustadutbygginga.

Helse- og omsorgsdepartementet har saman med Kommunal- og regionaldepartementet difor gått gjennom reglane for å tildele tilskotet vidare frå kommunane til non-profitaktørar. Reglane er mellom anna vurderte i lys av reglane om offentlege framskaffingar og statsstønad. Gjennomgangen viser at reglane for tildeling vidare frå kommunane ikkje er til hinder for samarbeid mellom eit bustadbyggjelag eller ein kommersiell aktør og ein kommune i utbygging av omsorgsplassar. Sjølv om til dømes eit bustadbyggjelag ikkje kan få tilskot, kan det vere ein profesjonell samarbeidspartnar som hjelper kommunen på område der kommunen manglar kapasitet, ressursar eller kompetanse. I slike tilfelle gjeld vanlege tilbods- og konkurransereglar.

Gjennomgangen viser likevel at statsstønadsreglane i praksis gjer tildeling til non-profitaktørar vanskeleg da det ikkje er mogleg å gjere ei førehandsvurdering av om til dømes burettslag eller ideelle organisasjonar kan få tilskot utan at statsstønadsreglane blir brotne. Det er ikkje avgjerande etter statsstønadsreglane om ei verksemd har eit ideelt eller kommersielt føremål. Sidan det er vanskeleg å skilje mellom ideelle og kommersielle aktørar i høve til statsstønad, er kommunane i praksis avskorne frå å nytte andre aktørar, medrekna ideelle aktørar, ved framskaffing av omsorgsplassar.

For å medverke til at kommunane skaffar fleire omsorgsbustader og sjukeheimsplassar ynskjer regjeringa å gjere tilskotsordninga meir fleksibel og tydeleg for kommunane. Regjeringa foreslår å endre reglane slik at det blir opp til kommunane sjølve å bestemme om dei vil inngå avtalar med frivillige organisasjonar, bustadbyggjelag, private omsorgsfirma eller andre. Dette vil vere i samsvar med kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova.

Endringa inneber at høvet til å tildele tilskot vidare vil bli avvikla, og tilskotet vil bli gjeve til kommunen som ansvarleg for tenesta, uavhengig av om kommunen sjølv byggjer og driftar tenesta, eller om kommunen heilt eller delvis kjøper slike tenester av andre aktørar på vanlege forretningsvilkår. Tildelinga vil skje med utgangspunkt i dei generelle krava i ordninga om mellom anna heildøgnsomsorg, demenstilpassing og universell utforming. Samstundes blir det lagt til grunn at kommunane må sikre seg disposisjonsrett til omsorgsplassane i minst 30 år, mot 20 år etter gjeldande reglar.