Prop. 68 S (2012–2013)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 200/2012 av 26. oktober 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket (miljømerkeforordninga)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 175 nr. 1,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet1,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet2,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Målet med europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke3 var å skipe ei frivillig ordning for tildeling av miljømerke med sikte på å fremje produkt som har redusert innverknad på miljøet gjennom heile livssyklusen sin, og å gje forbrukarane nøyaktige, ikkje-villeiande og vitskapleg underbygde opplysningar om miljøverknadene til produkta.

  2. Røynslene frå gjennomføringa av forordning (EF) nr. 1980/2000 har synt at det er behov for å endre denne ordninga for tildeling av miljømerke slik at ho vert meir effektiv og enklare i bruk.

  3. Den endra ordninga (heretter kalla «ordninga for tildeling av EU-miljømerke») bør gjennomførast i samsvar med føresegnene i traktatane, særleg føre-var-prinsippet slik det er fastsett i artikkel 174 nr. 2 i EF-traktaten.

  4. Det er naudsynt å samordne ordninga for tildeling av EU-miljømerke og fastsetjinga av krav innanfor ramma av europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/125/EF av 21. oktober 2009 om fastsettelse av en ramme for å fastsette krav til miljøvennlig utforming av energitilknyttede produkter4.

  5. Ordninga for tildeling av EU-miljømerke er ein del av fellesskapspolitikken for berekraftig forbruk og produksjon, som tek sikte på å redusere den negative innverknaden som forbruk og produksjon har på miljøet, helsa, klimaet og naturressursane. Ordninga er meint å skulle fremje dei produkta som har eit høgt nivå for miljøprestasjon gjennom bruken av EU-miljømerket. Det er difor føremålstenleg å krevje at kriteria som produkta må oppfylle for å kunne bere EU-miljømerket, byggjer på den beste miljøprestasjonen som produkt på fellesskapsmarknaden har oppnådd. Desse kriteria bør vere lett forståelege og enkle å bruke, og bør byggje på vitskapleg dokumentasjon, samstundes som det vert teke omsyn til den nyaste teknologiske utviklinga. Kriteria bør vere marknadsorienterte, og bør avgrensast til dei viktigaste miljøverknadene til produkta gjennom heile livssyklusen deira.

  6. For å avgrense talet på miljømerkingsordningar, og for å oppmuntre til betre miljøprestasjon i alle sektorar der miljøverknad påverkar valet til forbrukarane, bør høvet til å nytte EU-miljømerket utvidast. Når det gjeld varegrupper innanfor næringsmiddel og fôrvarer, bør det gjennomførast ei gransking for å sikre at kriteria er føremålstenlege og at ein tilleggsverdi kan sikrast. Når det gjeld næringsmiddel og fôrvarer, og når det gjeld utilverka landbruksprodukt som høyrer inn under verkeområdet for rådsforordning (EF) nr. 834/2007 av 28. juni 2007 om økologisk produksjon og merking av økologiske produkt5, bør det vurderast om EU-miljømerket skal kunne tildelast berre dei produkta som er sertifiserte som økologiske, for såleis å unngå forvirring hjå forbrukarane.

  7. EU-miljømerket bør ha som føremål at farlege stoff vert bytte ut med tryggare stoff der dette er teknisk mogleg.

  8. For at ålmenta skal kunne godta ordninga for tildeling av EU-miljømerke, er det særs viktig at ikkje-statlege miljøorganisasjonar og forbrukarorganisasjonar spelar ei viktig rolle og tek aktivt del i utviklinga og fastsetjinga av kriteria for tildeling av EU-miljømerket.

  9. Det er ønskjeleg at alle partar som det gjeld, kan få leie utarbeidinga eller revisjonen av kriteria for tildeling av EU-miljømerke, på det vilkåret at felles sakshandsamingsreglar vert følgde, og at prosessen vert samordna av Kommisjonen. For å sikre ein overordna samanheng i fellesskapstiltaket er det òg føremålstenleg å krevje at det ved utarbeiding eller revisjon av kriteria for tildeling av EU-miljømerke vert teke omsyn til dei nyaste strategiske miljømåla til Fellesskapet, t.d. handlingsprogramma for miljø, strategiane for berekraftig utvikling og programma for klimaendring.

  10. For å forenkle ordninga for tildeling av EU-miljømerke og redusere den administrative byrda som er knytt til bruken av EU-miljømerket, bør framgangsmåtane for vurdering og kontroll effektiviserast.

  11. Det bør fastsetjast vilkår for korleis EU-miljømerket skal nyttast, og for å sikre at desse vilkåra vert oppfylte, bør det krevjast at dei rette styresmaktene gjennomfører kontrollar og hindrar at EU-miljømerket vert nytta i tilfelle der vilkåra for bruk ikkje er oppfylte. Det bør òg fastsetjast krav om at medlemsstatane skal fastsetje reglar for sanksjonar som skal nyttast ved brot på føresegnene i denne forordninga, og sikre at sanksjonane vert gjennomførte.

  12. For å auke bruken av EU-miljømerket, og for å oppmuntre dei som har produkt som oppfyller kriteria for tildeling av EU-miljømerke, bør kostnadene knytte til bruk av EU-miljømerket reduserast.

  13. Det er naudsynt å informere og gjere ålmenta meir medvitne om EU-miljømerket gjennom marknadsføringstiltak og opplysnings- og utdanningskampanjar på lokalt og nasjonalt plan og på fellesskapsplan, slik at forbrukarane vert gjorde meir medvitne om kva EU-miljømerket inneber og kan gjere eit val ut frå gode kunnskapar. Dette er òg naudsynt for å gjere ordninga meir attraktiv for produsentar og detaljistar.

  14. Medlemsstatane bør vurdere å fastsetje retningslinjer når dei innfører sine eigne nasjonale handlingsplanar for miljøvennlege offentlege innkjøp, og bør vurdere å fastsetje mål for offentleg innkjøp av miljøvennlege produkt.

  15. For å gjere det mogleg å marknadsføre miljømerkte produkt på nasjonalt plan og på fellesskapsplan, for å avgrense ekstraarbeidet for føretaka, særleg for små og mellomstore føretak, og for å unngå å skape forvirring blant forbrukarane, er det òg naudsynt å betre samanhengen og fremje harmoniseringa mellom ordninga for tildeling av EU-miljømerke og nasjonale ordningar for miljømerking i Fellesskapet.

  16. For å sikre ein harmonisert bruk av ordninga for tildeling av EU-miljømerke og av marknadsovervakinga og -kontrollen med bruken av EU-miljømerket i heile Fellesskapet, bør dei rette organa utveksle opplysningar og røynsler.

  17. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne forordninga, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen6.

  18. Kommisjonen bør særleg få fullmakt til å vedta dei kriteria som produkta må oppfylle for at dei skal kunne bere EU-miljømerket, og til å endre vedlegga til denne forordninga. Ettersom desse tiltaka er allmenne og har som føremål å endre ikkje-grunnleggjande føresegner i denne forordninga, m.a. ved å utfylle henne med nye ikkje-grunnleggjande føresegner, bør dei vedtakast etter den framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er fastsett i artikkel 5a i avgjerd 1999/468/EF.

  19. Av omsyn til klarleiken og rettstryggleiken bør difor forordning (EF) nr. 1980/2000 bytast ut med denne forordninga.

  20. Det bør fastsetjast høvelege overgangsføresegner for å sikre ein smidig overgang mellom forordning (EF) nr. 1980/2000 og denne forordninga —

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1

Mål

I denne forordninga vert det fastsett reglar for innføring og bruk av den frivillige ordninga for tildeling av EU-miljømerke.

Artikkel 2

Verkeområde

  1. Denne forordninga skal nyttast på alle varer eller tenester som vert leverte for distribusjon, konsum eller bruk på fellesskapsmarknaden, anten mot vederlag eller gratis (heretter kalla «produkt»).

  2. Denne forordninga skal ikkje nyttast verken på lækjemiddel slik det er definert i europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/83/EF av 6. november 2001 om innføring av et fellesskapsregelverk for legemidler7 eller på veterinærpreparat slik det er definert i europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/82/EF av 6. november 2001 om innføring av et fellesskapsregelverk for veterinærpreparater8, og heller ikkje på noka form for medisinsk utstyr.

Artikkel 3

Definisjonar

I denne forordninga tyder:

  1. «produktgruppe» ei gruppe produkt som tener liknande føremål og er jamgode når det gjeld bruk, eller som har liknande funksjonelle eigenskapar og er jamgode med omsyn til korleis forbrukarane oppfattar dei,

  2. «marknadsdeltakar» alle produsentar, tilverkarar, importørar, tenesteytarar, grossistar eller detaljistar,

  3. «miljøverknad» alle endringar av miljøet som heilt eller delvis skriv seg frå eit produkt gjennom livssyklusen til produktet,

  4. «miljøprestasjon» resultatet av måten som ein tilverkar handterer dei eigenskapane ved eit produkt som fører til miljøverknader,

  5. «kontroll» ein framgangsmåte som skal stadfeste at eit produkt oppfyller dei fastsette kriteria for tildeling av EU-miljømerke.

Artikkel 4

Rette organ

  1. Kvar medlemsstat skal peike ut det organet eller dei organa, anten i eller utanfor eit ministerium, som har ansvaret for å utføre dei oppgåvene som er fastsette i denne forordninga (heretter kalla «det rette organet» eller «dei rette organa»), og syte for at dei er verksame. I tilfelle der fleire enn eitt rett organ vert utpeikt, skal medlemsstaten avgjere kva fullmakter kvart organ skal ha og kva samordningskrav som skal gjelde for dei.

  2. Dei rette organa skal vere samansette på ein måte som sikrar at dei er uavhengige og upartiske, og møteføresegnene deira skal sikre klarleik i utøvinga av verksemda deira, og deltaking frå alle dei partane som det gjeld.

  3. Medlemsstatane skal syte for at dei rette styresmaktene oppfyller dei krava som er fastsette i vedlegg V.

  4. Dei rette styresmaktene skal syte for at kontrollen vert utførd på ein konsistent, upartisk og påliteleg måte av ein part som er uavhengig av den marknadsdeltakaren som vert kontrollert, på grunnlag av internasjonale, europeiske eller nasjonale standardar og framgangsmåtar for organ som utfører produktsertifisering.

Artikkel 5

Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen

  1. Kommisjonen skal skipe eit utval for miljømerking i Den europeiske unionen (EUEB), som skal vere samansett av representantar for dei rette organa i alle medlemsstatane, slik det er nemnt i artikkel 4, og for andre partar som det gjeld. EUEB skal velje leiaren sin i samsvar med møteføresegnene sine. EUEB skal medverke i utarbeidinga og revisjonen av kriteria for tildeling av EU-miljømerke, og ved eventuell revisjon av gjennomføringa av ordninga for tildeling av EU-miljømerke. EUEB skal òg gje Kommisjonen råd og hjelp på desse områda, og skal særleg gje tilrådingar om minstekrav til miljøprestasjon.

  2. Kommisjonen skal syte for at EUEB ved gjennomføring av verksemda si etterlever ei balansert deltaking frå alle dei partane som det gjeld med omsyn til kvar einskild produktgruppe, t.d. frå dei rette organa, produsentar, tilverkarar, importørar, tenesteytarar, grossistar, detaljistar og særleg små og mellomstore føretak, og dessutan frå miljøverngrupper og forbrukarorganisasjonar.

Artikkel 6

Allmenne krav til kriteria for tildeling av EU-miljømerke

  1. Kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal byggje på miljøprestasjonen til produkta, samstundes som det vert teke omsyn til dei nyaste strategiske måla til Fellesskapet på miljøområdet.

  2. Ved innføring av kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal det fastsetjast kva miljøkrav som eit produkt må oppfylle for å kunne bere EU-miljømerket.

  3. Kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal fastsetjast på eit vitskapleg grunnlag, samstundes som det vert teke omsyn til heile livssyklusen til produkta. Når slike kriterium vert fastsette, skal det takast omsyn til følgjande:

    1. dei viktigaste miljøverknadene, særleg verknaden på klimaendring, natur og biologisk mangfald, energi- og ressursbruk, avfallsproduksjon, utslepp til alle delar av miljøet, ureining gjennom fysiske verknader og bruk og utslepp av farlege stoff,

    2. høve til å byte ut farlege stoff med tryggare stoff, eller ta i bruk alternative materiale eller utformingar der dette er teknisk mogleg,

    3. høve til å redusere miljøverknadene ved å gjere produkta meir haldbare og lettare å bruke på nytt,

    4. den miljømessige nettobalansen mellom føremonene og pårøyningane for miljøet, medrekna helse- og tryggleiksaspekta, på dei ulike stadia i levetida til produkta,

    5. der det høver, sosiale og etiske aspekt, t.d. ved å vise til internasjonale konvensjonar og avtaler på området, som t.d. relevante ILO-standardar og åtferdsreglar,

    6. kriterium som er fastsette for andre miljømerke som finst for den aktuelle produktgruppa, særleg miljømerke som er i samsvar med EN ISO 14024 type I og er offisielt godkjende på nasjonalt eller regionalt plan, med sikte på betre samverknad,

    7. i størst mogleg grad prinsippet om å redusere omfanget av dyreforsøk.

  4. Kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal omfatte krav som skal sikre at produkta som er påførte EU-miljømerket, fungerer slik dei skal i samsvar med den påtenkte bruken deira.

  5. Før det vert utarbeidd kriterium for tildeling av EU-merke til næringsmiddel og fôrvarer slik det er definert i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 178/2002 av 28. januar 2002 om fastsettelse av allmenne prinsipper og krav i næringsmiddelregelverket, om opprettelse av Den europeiske myndighet for næringsmiddeltrygghet og om fastsettelse av framgangsmåter i forbindelse med næringsmiddeltrygghet9, skal Kommisjonen innan 31. desember 2011 gjennomføre ei gransking for å slå fast om det er mogleg å fastsetje pålitelege kriterium for miljøprestasjonen til slike produkt gjennom heile livssyklusen deira, medrekna fiskeri- og akvakulturprodukt. I denne granskinga bør det leggjast særleg vekt på korleis alle kriteria for tildeling av EU-miljømerke verkar inn på næringsmiddel og fôrvarer, og dessutan på utilverka landbruksprodukt som er omfatta av verkeområdet for forordning (EF) nr. 834/2007. Granskinga bør ta omsyn til det alternativet at berre dei produkta som er godkjende som økologiske, vil kunne få tildelt EU-miljømerket, for såleis å unngå å skape forvirring blant forbrukarane.

    Kommisjonen skal avgjere, samstundes som han tek omsyn til resultatet av granskinga og fråsegna frå EUEB, kva næringsmiddel- og fôrvaregruppe som det eventuelt vil kunne utarbeidast kriterium for tildeling av EU-miljømerke for, i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 16 nr. 2.

  6. EU-miljømerket kan ikkje tildelast varer som inneheld stoff eller preparat/blandingar som oppfyller kriteria for klassifisering som giftige, miljøfarlege, kreftframkallande, arvestoffskadelege eller reproduksjonsskadelege i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1272/2008 av 16. desember 2008 om klassifisering, merking og emballering av stoffer og stoffblandinger10, eller varer som inneheld stoff som er nemnde i artikkel 57 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1907/2006 av 18. desember 2006 om registrering, vurdering og godkjenning av samt begrensninger for kjemikalier (REACH), og om opprettelse av et europeisk kjemikaliebyrå11.

  7. For visse kategoriar av varer som inneheld stoff som er nemnde i nr. 6, og berre i tilfelle der det ikkje er teknisk mogleg å byte dei ut med tryggare stoff eller ta i bruk alternative materiale eller utformingar, eller for produkt som har ein vesentleg høgare samla miljøprestasjon jamført med andre varer i same kategori, kan Kommisjonen vedta tiltak med sikte på å gje unntak frå nr. 6. Det skal ikkje gjevast unntak for stoff som oppfyller kriteria i artikkel 57 i forordning (EF) nr. 1907/2006, og som er identifisert i samsvar med den framgangsmåten som det er gjort greie for i artikkel 59 nr. 1 i den nemnde forordninga, og som finst i blandingar, i ein artikkel eller i ein homogen del av ein samansett artikkel i konsentrasjonar på over 0,1 vektprosent. Dei tiltaka som er utarbeidde for å endre ikkje-grunnleggjande føresegner i denne forordninga, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 16 nr. 2.

Artikkel 7

Utarbeiding og revisjon av kriteria for tildeling av EU-miljømerke

  1. Etter samråd med EUEB kan Kommisjonen, medlemsstatane, rette organ og andre aktørar ta initiativ til og leie utarbeidinga eller revisjonen av kriteria for tildeling av EU-miljømerke. Der slike andre aktørar får som oppgåve å leie utarbeidinga av kriteria, må dei dokumentere at dei har sakkunnskap på produktområdet og evne til å leie prosessen på ein upartisk måte og i samsvar med måla for denne forordninga. I samband med dette skal konsortium som er samansette av fleire enn éi interessegruppe, ha førerang.

    Den parten som tek initiativ til og leier utarbeidinga eller revisjonen av kriteria for tildeling av EU-miljømerke, skal, etter den framgangsmåten som er fastsett i del A i vedlegg I, leggje fram dei følgjande dokumenta:

    1. ein førebels rapport,

    2. eit framlegg til utkast til kriterium,

    3. ein teknisk rapport til støtte for framlegget til utkast til kriterium,

    4. ein sluttrapport,

    5. ei handbok for moglege brukarar av EU-miljømerket og rette organ,

    6. ei handbok for styresmakter som tildeler offentlege kontraktar.

    Desse dokumenta skal sendast over til Kommisjonen og til EUEB.

  2. Dersom det alt er vorte utarbeidd kriterium i medhald av ei anna ordning for miljømerking som oppfyller krava til miljømerke i EN ISO 14024 type I, for ei produktgruppe som det ikkje er innført kriterium for tildeling av EU-miljømerke for, kan alle medlemsstatane der den andre ordninga for miljømerking er godkjend, etter samråd med Kommisjonen og EUEB gjere framlegg om at desse kriteria skal utarbeidast innanfor ramma av ordninga for tildeling av EU-miljømerke.

    I slike tilfelle kan den kortare framgangsmåten for utarbeiding av kriterium som er fastsett i del B i vedlegg I, nyttast, på det vilkåret at dei framlagde kriteria er vortne utarbeidde i samsvar med del A i vedlegg I. Anten Kommisjonen eller den medlemsstaten som i samsvar med nr. 1 har gjort framlegg om den kortare framgangsmåten for utarbeiding av kriterium, skal leie denne framgangsmåten.

  3. Dersom det er naudsynt med ein ikkje-vesentleg revisjon av kriteria, kan den kortare framgangsmåten for utarbeiding av kriterium som er fastsett i del C i vedlegg I, nyttast.

  4. EUEB og Kommisjonen skal innan 19. februar 2011 verte samde om ein arbeidsplan som omfattar ein strategi og ei ikkje-uttømmande liste over produktgrupper. I denne planen skal det takast omsyn til andre fellesskapstiltak (t.d. på området miljøvennlege offentlege innkjøp), og planen kan ajourførast i samsvar med dei nyaste strategiske måla til Fellesskapet på miljøområdet. Denne planen skal ajourførast jamleg.

Artikkel 8

Fastsetjing av kriterium for tildeling av EU-miljømerke

  1. Utkast til kriterium for tildeling av EU-miljømerke skal utarbeidast i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i vedlegg I, samstundes som det vert teke omsyn til arbeidsplanen.

  2. Kommisjonen skal seinast ni månader etter at han har rådført seg med EUEB, vedta tiltak for å fastsetje særlege kriterium for tildeling av EU-miljømerke for kvar produktgruppe. Desse tiltaka skal offentleggjerast i Tidend for Den europeiske unionen.

    I det endelege framlegget sitt skal Kommisjonen ta omsyn til kommentarane frå EUEB, og skal tydeleg framheve, dokumentere og grunngje eventuelle endringar av det endelege framlegget, jamført med framlegget til utkast til kriterium etter at EUEB er rådspurt.

    Dei tiltaka som er utarbeidde for å endre ikkje-grunnleggjande føresegner i denne forordninga ved å utfylle henne, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 16 nr. 2.

  3. I dei tiltaka som er nemnde i nr. 2, skal Kommisjonen

    1. fastsetje krav til vurdering av samsvar mellom spesifikke produkt og kriteria for tildeling av EU-miljømerke (heretter kalla «krav til vurdering»),

    2. for kvar produktgruppe opplyse om tre viktige miljøeigenskapar som kan førast opp på det valfrie merket med tekstfelt som det er gjort greie for i vedlegg II,

    3. for kvar produktgruppe opplyse om kor lenge kriteria og krava til vurdering er gyldige,

    4. opplyse om den produktvariasjonen som er tillaten i det tidsrommet som kriteria skal gjelde for, og som er nemnd i bokstav c).

  4. Ved fastsetjinga av kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal det leggjast vekt på å innføre tiltak som vil kunne gjennomførast utan at små og mellomstore føretak vert pålagde urimeleg store administrative og økonomiske byrder.

Artikkel 9

Tildeling av EU-miljømerket og vilkår for bruken av merket

  1. Alle driftsansvarlege som ønskjer å nytte EU-miljømerket, skal sende inn søknad om dette til dei rette organa som er nemnde i artikkel 4, i samsvar med følgjande reglar:

    1. dersom eit produkt har opphavet sitt i éin einskild medlemsstat, skal søknaden sendast til eit rett organ i denne medlemsstaten,

    2. dersom eit produkt har opphavet sitt i den same forma i fleire medlemsstatar, kan søknaden sendast til eit rett organ i ein av desse medlemsstatane,

    3. dersom eit produkt har opphavet sitt utanfor Fellesskapet, skal søknaden sendast til eit rett organ i ein av dei medlemsstatane der produktet skal marknadsførast eller vert marknadsført.

  2. EU-miljømerket skal ha den forma som er vist i vedlegg II.

    EU-miljømerket kan nyttast berre i samband med produkt som oppfyller dei kriteria for tildeling av EU-miljømerke som skal nyttast på dei aktuelle produkta, og som har fått tildelt EU-miljømerket.

  3. Søknadene skal innehalde fullstendige kontaktopplysningar for den driftsansvarlege, og opplysningar om den aktuelle produktgruppa, og skal innehalde ein fullstendig omtale av produktet, saman med alle andre opplysningar som det rette organet har bede om.

    Søknadene skal innehalde all relevant dokumentasjon, slik det er gjort greie for i det relevante tiltaket frå Kommisjonen om fastsetjing av kriteria for tildeling av EU-miljømerke til den aktuelle produktgruppa.

  4. Det rette organet som tek imot ein søknad, skal krevje inn gebyr i samsvar med vedlegg III. EU-miljømerket kan nyttast berre dersom gebyra er vortne betalte til rett tid.

  5. Det rette organet som det gjeld, skal innan to månader etter å ha motteke ein søknad, kontrollere om dokumentasjonen er fullstendig, og skal melde frå til den driftsansvarlege om dette. Det rette organet kan avslå søknaden dersom den driftsansvarlege ikkje har innlevert fullstendig dokumentasjon innan seks månader etter at ei slik melding er gjeven.

    Dersom dokumentasjonen er fullstendig, og det rette organet har kontrollert at produktet oppfyller kriteria for tildeling av EU-miljømerke og krava til vurdering som er offentleggjorde i samsvar med artikkel 8, skal det rette organet tildele produktet eit registreringsnummer.

    Driftsansvarlege skal dekkje kostnadene til prøving og vurdering av samsvar med kriteria for tildeling av EU-miljømerke. Driftsansvarlege kan påleggjast å dekkje reise- og opphaldsutgifter dersom det er naudsynt med ein kontroll på staden utanfor den medlemsstaten der det rette organet høyrer heime.

  6. Dersom kriteria for tildeling av EU-miljømerke krev at produksjonsanlegga skal oppfylle visse krav, må desse krava oppfyllast i alle produksjonsanlegga der produktet som ber EU-miljømerket, vert framstilt. Det rette organet kan eventuelt utføre kontrollar på staden eller gje ein representant fullmakt til å gjere dette.

  7. Dei rette organa skal helst godkjenne prøvingar som er akkrediterte i samsvar med ISO 17025, og kontrollar som er utførte av organ som er akkrediterte i medhald av EN 45011 eller ein tilsvarande internasjonal standard. Dei rette organa skal samarbeide for å sikre ei effektiv og samordna gjennomføring av framgangsmåtane for vurdering og kontroll, særleg gjennom den arbeidsgruppa som er nemnd i artikkel 13.

  8. Det rette organet skal inngå ei avtale med kvar einskild driftsansvarleg som omfattar vilkåra for bruk av EU-miljømerket (medrekna føresegner om godkjenning eller tilbakekalling av EU-miljømerket, særleg som følgje av revisjon av kriteria). For dette føremålet skal det nyttast ei standardavtale i samsvar med malen i vedlegg IV.

  9. Den driftsansvarlege kan ikkje setje EU-miljømerket på produktet før avtala er gjord. Den driftsansvarlege skal òg setje registreringsnummeret på produktet som er påført EU-miljømerket.

  10. Det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til eit produkt, skal melde frå til Kommisjonen om dette. Kommisjonen skal opprette eit felles register og ajourføre dette jamleg. Dette registeret skal vere offentleg tilgjengeleg på ei nettside som er oppretta for EU-miljømerket.

  11. EU-miljømerket kan nyttast på dei produkta som er tildelte merket, og på tilhøyrande reklamemateriale.

  12. Tildelinga av EU-miljømerket skal ikkje røre ved miljøkrav eller andre krav som i samsvar med fellesskapsretten eller nasjonal lovgjeving skal nyttast på dei ulike stadia i levetida til produktet.

  13. Retten til å nytte EU-miljømerket skal ikkje omfatte bruk av EU-miljømerket som del av eit varemerke.

Artikkel 10

Marknadsovervaking og kontroll med bruken av EU-miljømerket

  1. All falsk eller villeiande reklame eller bruk av eit merke eller ein logo som kan forvekslast EU-miljømerket, er forboden.

  2. Når det gjeld produkt som har fått tildelt EU-miljømerket, skal det rette organet jamleg kontrollere at produktet oppfyller kriteria for tildeling av EU-miljømerke og dei krava til vurdering som er offentleggjorde i medhald av artikkel 8. Dersom det er naudsynt, skal det rette organet òg gjennomføre slike kontrollar etter klager. Desse kontrollane kan gjennomførast som stikkprøvekontrollar.

    Det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til produktet, skal gje brukaren av EU-miljømerket melding om alle klager i samband med produktet som ber EU-miljømerket, og kan be brukaren om å svare på desse klagene. Det rette organet har rett til å halde identiteten til klagaren løynd for brukaren.

  3. Brukaren av EU-miljømerket skal tillate at det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til produktet, gjennomfører alle dei granskingar som er naudsynte for å overvake at produktet heile tida oppfyller produktgruppekriteria og føresegnene i artikkel 9.

  4. Brukaren av EU-miljømerket skal, på oppmoding frå det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til produktet, gje tilgang til lokala der det aktuelle produktet vert framstilt.

    Oppmodinga kan gjerast når som helst og utan varsel på førehand.

  5. Dersom eit rett organ, etter å ha gjeve brukaren av EU-miljømerket høve til å sende inn kommentarar, finn at eit produkt som ber EU-miljømerket, ikkje oppfyller dei relevante produktgruppekriteria, eller at EU-miljømerket ikkje vert nytta i samsvar med artikkel 9, skal organet anten forby bruken av EU-miljømerket på dette produktet, eller, dersom EU-miljømerket er tildelt av eit anna rett organ, melde frå til dette organet. Brukaren av EU-miljømerket har ingen rett til refusjon av dei gebyra som er nemnde i artikkel 9 nr. 4, verken heilt eller delvis.

    Det rette organet skal straks melde frå til alle dei andre rette organa og til Kommisjonen om dette forbodet.

  6. Det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til produktet, skal ikkje gje vidare eller nytte til andre føremål enn dei som er knytte til bruken av EU-miljømerket, opplysningar som det har fått kjennskap til i samband med vurderinga av at ein brukar av EU-miljømerket etterlever dei reglane for bruk av EU-miljømerket som er fastsette i artikkel 9.

    Det rette organet skal gjere alle rimelege tiltak for å sikre at dei dokumenta som vert overlatne til organet, vert verna mot forfalsking og misbruk.

Artikkel 11

Ordningar for miljømerking i medlemsstatane

  1. Dersom det er offentleggjort kriterium for tildeling av EU-miljømerke til ei viss produktgruppe, kan andre nasjonale eller regionale offisielt godkjende ordningar for miljømerking som oppfyller krava i EN ISO 14024 type I, og som ikkje omfatta den aktuelle produktgruppa på tidspunktet då kriteria vart offentleggjorde, utvidast til å gjelde for denne produktgruppa berre dersom dei kriteria som er utarbeidde i medhald av desse ordningane, er minst like strenge som kriteria for tildeling av EU-miljømerke.

  2. For å harmonisere kriteria for europeiske ordningar for miljømerking (EN ISO 14024 type I) skal kriteria for tildeling av EU-miljømerke òg ta omsyn til eksisterande kriterium som er utarbeidde innanfor offisielt godkjende ordningar for miljømerking i medlemsstatane.

Artikkel 12

Fremjing av EU-miljømerket

  1. Medlemsstatane og Kommisjonen skal, i samarbeid med EUEB, verte samde om ein særskild handlingsplan for å fremje bruken av EU-miljømerket gjennom

    1. haldningsskapande tiltak og offentlege opplysnings- og opplæringskampanjar som er retta mot forbrukarar, produsentar, tilverkarar, grossistar, tenesteytarar, offentlege innkjøparar, forhandlarar, detaljistar og ålmenta,

    2. oppmuntring til å ta i bruk ordninga, særleg for små og mellomstore føretak,

    og såleis støtte utviklinga av ordninga.

  2. EU-miljømerket kan fremjast gjennom nettstaden for EU-miljømerket, som inneheld grunnleggjande opplysningar og reklamemateriale om EU-miljømerket og informasjon på alle fellesskapsspråk om stader der produkt som ber EU-miljømerket, kan kjøpast.

  3. Medlemsstatane skal oppmuntre til bruk av handboka for styresmakter som tildeler offentlege kontraktar, slik det er nemnt i vedlegg I del A nr. 5. For dette føremålet bør medlemsstatane vurdere t.d. å fastsetje mål for innkjøp av produkt som oppfyller dei kriteria som er førte opp i den nemnde handboka.

Artikkel 13

Utveksling av opplysningar og røynsler

  1. For å fremje ei konsekvent gjennomføring av denne forordninga skal dei rette organa jamleg utveksle opplysningar og røynsler, særleg når det gjeld bruken av artikkel 9 og 10.

  2. For dette føremålet skal Kommisjonen skipe ei arbeidsgruppe for dei rette organa. Arbeidsgruppa skal møtast minst to gonger i året. Reiseutgiftene skal dekkjast av Kommisjonen. Arbeidsgruppa skal velje leiaren sin og vedta møteføresegnene sine.

Artikkel 14

Rapport

Kommisjonen skal innan 19. februar 2015 sende over til Europaparlamentet og Rådet ein rapport om gjennomføringa av ordninga for tildeling av EU-miljømerke. I rapporten skal det òg peikast på faktorar som kan liggje til grunn for ein eventuell revisjon av ordninga.

Artikkel 15

Endring av vedlegga

Kommisjonen kan endre vedlegga, medrekna endringar i dei høgstegebyra som er fastsette i vedlegg III, samstundes som det vert teke omsyn til behovet for gebyr til å dekkje kostnadene til administrasjon av ordninga.

Dei tiltaka som er utarbeidde for å endre ikkje-grunnleggjande føresegner i denne forordninga, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 16 nr. 2.

Artikkel 16

Utvalsframgangsmåte

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 5a nr. 1-4 og artikkel 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

Artikkel 17

Sanksjonar

Medlemsstatane skal fastsetje reglane for dei sanksjonane som skal nyttast på brot på føresegnene i denne forordninga, og gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for sikre at reglane vert sette i verk. Dei fastsette sanksjonane skal vere verknadsfulle, svare til brotet og hindre nye brot. Medlemsstatane skal straks melde frå til Kommisjonen om desse føresegnene, og straks melde frå til han om alle etterfølgjande endringar som har innverknad på føresegnene.

Artikkel 18

Oppheving

Forordning (EF) nr. 1980/2000 vert oppheva.

Artikkel 19

Overgangsføresegner

Forordning (EF) nr. 1980/2000 skal framleis nyttast på avtaler som er gjorde i medhald av artikkel 9 i den nemnde forordninga, fram til datoen då desse avtalene sluttar å gjelde, bortsett frå føresegnene om gebyr.

Artikkel 9 nr. 4 i og vedlegg III til denne forordninga skal nyttast på slike avtaler.

Artikkel 20

Iverksetjing

Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Strasbourg, 25. november 2009.

For Europaparlamentet

For Rådet

J. BUZEK

Å. TORSTENSSON

President

Formann

Vedlegg I

Framgangsmåte for utarbeiding og revisjon av kriteria for tildeling av EU-miljømerke

A. Standardframgangsmåte

Følgjande dokument må utarbeidast:

1. Førebels rapport

Den førebels rapporten må innehalde følgjande delar:

  • Kvantitative opplysningar om moglege miljøføremoner ved produktgruppa, medrekna ei vurdering av føremonene frå andre liknande europeiske, nasjonale eller regionale ordningar for miljømerking i samsvar med EN ISO 14024 type I.

  • Grunngjeving for valet og omfanget av produktgruppa.

  • Vurdering av eventuelle spørsmål knytte til handel.

  • Analyse av kriteria for andre miljømerke.

  • Gjeldande regelverk og igangsette initiativ til regelverk knytte til produktgruppesektoren.

  • Analyse av høve til å byte ut farlege stoff med tryggare stoff eller til å ta i bruk alternative materiale eller utformingar der dette er teknisk mogleg, særleg når det gjeld stoff som gjev svært stor grad av uro, slik det er nemnt i artikkel 57 i forordning (EF) nr. 1907/2006.

  • Opplysningar om fellesskapsmarknaden for sektoren, medrekna salsvolum og omsetning.

  • Noverande og framtidig potensial for gjennomtrenging av marknaden for produkt som ber EU-miljømerket.

  • Omfang og overordna rekkjevidd av dei miljøverknadene som er knytte til produktgruppa, på grunnlag av nye eller eksisterande vurderingar av livssyklus. Annan vitskapleg dokumentasjon kan òg nyttast. Kritiske og kontroversielle spørsmål skal rapporterast i detalj og vurderast.

  • Tilvisingar til data og opplysningar som er samla inn og nytta ved utarbeidinga av rapporten.

Under utarbeidinga av kriteria skal den førebels rapporten gjerast tilgjengeleg på nettsida som Kommisjonen har oppretta for EU-miljømerket, for kommentarar og tilvisingar.

Dersom det skal utarbeidast kriterium for næringsmiddel- og fôrvareproduktgrupper, må den førebels rapporten påvise følgjande, med tilvising til den granskinga som er gjord i samsvar med artikkel 6 nr. 5:

  • det ligg ein reell miljømessig tilleggsverdi i å utarbeide kriterium for tildeling av EU-miljømerke til det utvalde produktet,

  • EU-miljømerket omfattar heile livssyklusen til produktet, og

  • bruken av EU-miljømerket på det utvalde produktet vil ikkje føre til forveksling med andre former for merking av næringsmiddel.

2. Framlegg til utkast til kriterium og tilhøyrande teknisk rapport

Etter at den førebels rapporten er offentleggjord, skal det utarbeidast eit framlegg til utkast til kriterium og ein teknisk rapport til støtte for framlegget.

Utkastet til kriterium skal oppfylle følgjande krav:

  • Dei skal byggje på dei beste produkta som finst tilgjengelege på fellesskapsmarknaden med omsyn til miljøprestasjonen deira gjennom heile livssyklusen, og dei skal som rettleiing svare til 10–20 % av dei beste produkta som finst tilgjengelege på fellesskapsmarknaden med omsyn til miljøprestasjon på tidspunktet då kriteria vert vedtekne.

  • For å gjere det mogleg med den fleksibiliteten som er naudsynt, skal den nøyaktige prosentdelen fastsetjast for kvart einskilt tilfelle, og under alle omstende med sikte på å fremje dei mest miljøvennlege produkta og sikre at forbrukarane får eit tilstrekkeleg stort utval.

  • Dei skal ta omsyn til den miljømessige nettobalansen mellom føremonene og pårøyningane for miljøet, medrekna helse- og tryggleiksaspekta; der det høver, skal sosiale og etiske aspekt vurderast, t.d. ved å vise til internasjonale konvensjonar og avtaler på området, som t.d. relevante ILO-standardar og åtferdsreglar.

  • Dei skal byggje på dei viktigaste miljøverknadene til produktet, og så langt det i rimeleg grad er mogleg, uttrykkjast ved hjelp av tekniske indikatorar på dei viktigaste miljøprestasjonane til produktet, og dei skal vere eigna for vurdering i samsvar med dei reglane som er fastsette i denne forordninga.

  • Dei skal byggje på forsvarlege data og opplysningar som, i den grad det er mogleg, er representative for heile fellesskapsmarknaden.

  • Dei skal byggje på data om livssyklus og kvantitative miljøverknader, eventuelt i samsvar med det europeiske referansesystemet for livssyklusdata, ELCD (European Reference Life Cycle Data Systems).

  • Dei skal ta omsyn til synspunkta til alle dei partane som det gjeld, og som tek del i samrådsprosessen.

  • Når det gjeld definisjonar, prøvingsmetodar og teknisk og administrativ dokumentasjon, skal dei garantere harmonisering med eksisterande gjeldande regelverk som vert nytta på produktgruppa.

  • Dei skal ta omsyn til relevant fellesskapspolitikk og til arbeid som er gjort med andre nærståande produktgrupper.

Framlegget til utkast til kriterium skal skrivast på ein måte som er lett tilgjengeleg for dei som ønskjer å nytte kriteria. Det skal innehalde ei grunngjeving for kvart einskilt kriterium, og forklare dei miljømessige føremonene ved kvart kriterium. Det skal framheve dei kriteria som svarar til dei viktigaste miljøeigenskapane.

Den tekniske rapporten skal minst omfatte følgjande delar:

  • Vitskaplege forklaringar for kvart krav og kriterium.

  • Ei kvantitativ oppgåve over den allmenne miljøprestasjonen som kriteria er venta å oppnå samla sett, jamført med prestasjonen til gjennomsnittlege produkt på marknaden.

  • Eit overslag over forventa miljømessige/økonomiske/sosiale verknader av kriteria samla sett.

  • Relevante prøvingsmetodar for vurdering av dei ulike kriteria.

  • Eit overslag over prøvingskostnader.

  • For kvart kriterium, opplysningar om alle prøvingar, rapportar og annan dokumentasjon som brukarane skal leggje fram på oppmoding frå eit rett organ i samsvar med artikkel 10 nr. 3.

Framlegget til utkast til kriterium og den tekniske rapporten skal gjerast tilgjengeleg for offentleg samråd og kommentarar på nettsida som Kommisjonen har oppretta for EU-miljømerket. Den parten som er leiar for utviklinga av produktgruppa, skal fordele framlegget og rapporten til alle dei partane som det gjeld.

Det skal haldast minst to opne arbeidsgruppemøte om utkastet til kriterium, der alle dei partane som det gjeld, t.d. rette organ, næringslivet (medrekna små og mellomstore føretak), fagforeiningar, detaljistar, importørar og miljø- og forbrukarorganisasjonar, skal inviterast. Kommisjonen skal òg ta del i desse møta.

Framlegget til utkast til kriterium og den tekniske rapporten skal gjerast tilgjengeleg minst ein månad før det første arbeidsgruppemøtet. Eventuelle etterfølgjande framlegg til utkast til kriterium skal gjerast tilgjengelege minst ein månad før dei etterfølgjande møta. Grunngjevinga for eventuelle endringar av kriteria i etterfølgjande utkast, skal gjevast fullt ut og dokumenterast med tilvising til drøftingar i dei opne arbeidsgruppemøta og til kommentarar som er mottekne i samband med det offentlege samrådet.

Det skal gjevast svar på alle kommentarar som er mottekne under utarbeidinga av kriteria, med opplysningar som syner om kommentarane er tekne til følgje eller avviste, saman med grunnane til dette.

3. Sluttrapport og utkast til kriterium

Sluttrapporten skal innehalde følgjande delar:

Klare svar på alle kommentarar og framlegg, med opplysningar om desse er tekne til følgje eller avviste, saman med grunnane til dette. Alle partane som det gjeld, skal handsamast likt, anten dei kjem frå statar i eller utanfor Den europeiske unionen.

Rapporten skal òg innehalde følgjande delar:

  • Eit samandrag på éi side om omfanget av den støtta som utkastet til kriterium har fått frå dei rette organa.

  • Ei oversikt over alle dei dokumenta som er vortne nytta gjennom heile arbeidet med utarbeiding av kriterium, med opplysningar om datoen då kvart dokument vart sendt ut og kven det vart sendt til, saman med ein kopi av dei aktuelle dokumenta.

  • Ei liste over dei partane som har teke del i arbeidet, som er vortne rådspurde eller har kome med fråsegner, saman med kontaktopplysningane deira.

  • Eit samandrag.

  • Tre viktige miljøeigenskapar for kvar produktgruppe, som kan førast opp på det valfrie merket med tekstfelt som det er gjort greie for i vedlegg II.

  • Eit framlegg til ein marknadsførings- og kommunikasjonsstrategi for produktgruppa.

Alle kommentarar til rapporten vil verte tekne omsyn til, og på oppmoding vil det kunne gjevast opplysningar om korleis kommentarane er vortne følgde opp.

4. Handbok for moglege brukarar av EU-miljømerket og rette organ

Det skal utarbeidast ei handbok til hjelp for moglege brukarar av EU-miljømerket og rette organ når dei skal vurdere om produkta oppfyller kriteria.

5. Handbok for styresmakter som tildeler offentlege kontraktar

Det skal utarbeidast ei handbok med rettleiing for bruken av kriteria for tildeling av EU-miljømerke, for styresmakter som tildeler offentlege kontraktar.

Kommisjonen vil utarbeide malar som vert omsette til alle offisielle fellesskapsspråk, for handboka for moglege brukarar og rette organ, og for handboka for styresmakter som tildeler offentlege kontraktar.

B. Kortare framgangsmåte der kriteria er utarbeidde innanfor andre ordningar for miljømerking som oppfyller krava i EN ISO 14024 type I

Ein einskild rapport skal sendast over til Kommisjonen. Denne rapporten skal innehalde ein del som viser at dei tekniske krava og krava til samråd som er fastsette i del A, er oppfylte, saman med eit framlegg til utkast til kriterium, ei handbok for moglege brukarar av EU-miljømerket og for rette styresmakter, og ei handbok for styresmakter som tildeler offentlege kontraktar.

Dersom Kommisjonen reknar rapporten og kriteria for å oppfylle dei krava som er fastsette i del A, skal rapporten og framlegget til utkast til kriterium gjerast tilgjengelege for offentleg samråd og kommentarar på nettsida som Kommisjonen har oppretta for EU-miljømerket, i eit tidsrom på to månader.

Det skal gjevast svar på alle kommentarar som er mottekne i løpet av det offentlege samrådet, med opplysningar som syner om kommentarane er tekne til følgje eller avviste, saman med grunnane til dette.

Med atterhald for eventuelle endringar som vert gjorde under den offentlege samrådsperioden, og dersom ingen medlemsstat ber om eit ope arbeidsgruppemøte, kan Kommisjonen vedta kriteria i medhald av artikkel 8.

Dersom ein medlemsstat ber om det, skal det haldast eit ope arbeidsgruppemøte om utkastet til kriterium, der alle dei partane som det gjeld, t.d. rette organ, næringslivet (medrekna små og mellomstore føretak), fagforeiningar, detaljistar, importørar og miljø- og forbrukarorganisasjonar, skal ta del. Kommisjonen skal òg ta del i dette møtet.

Med atterhald for eventuelle endringar som vert gjorde under den offentlege samrådsperioden eller under arbeidsgruppemøtet, kan Kommisjonen vedta kriteria i medhald av artikkel 8.

C. Kortare framgangsmåte for ikkje-vesentleg revisjon av kriteria

Kommisjonen skal leggje fram ein rapport som inneheld følgjande:

  • ei grunngjeving som forklarar kvifor det ikkje er naudsynt med ein fullstendig revisjon av kriteria, og kvifor det er tilstrekkeleg med ei enkel ajourføring av kriteria og klarleiksnivået deira,

  • ein teknisk del med ajourføring av tidlegare marknadsdata som vart nytta til å utarbeide kriteria,

  • eit framlegg til utkast til reviderte kriterium,

  • ei kvantitativ oppgåve over den allmenne miljøprestasjonen som dei reviderte kriteria er venta å oppnå samla sett, jamført med prestasjonen til gjennomsnittlege produkt på marknaden,

  • ei revidert handbok for moglege brukarar av EU-miljømerket og rette organ, og

  • ei revidert handbok for styresmakter som tildeler offentlege kontraktar.

Rapporten og framlegget til utkast til kriterium skal gjerast tilgjengelege for offentleg samråd og kommentarar på nettsida som Kommisjonen har oppretta for EU-miljømerket, i eit tidsrom på to månader.

Det skal gjevast svar på alle kommentarar som er mottekne i løpet av det offentlege samrådet, med opplysningar som syner om kommentarane er tekne til følgje eller avviste, saman med grunnane til dette.

Med atterhald for eventuelle endringar som vert gjorde under den offentlege samrådsperioden, og dersom ingen medlemsstat ber om eit ope arbeidsgruppemøte, kan Kommisjonen vedta kriteria i medhald av artikkel 8.

Dersom ein medlemsstat ber om det, skal det haldast eit ope arbeidsgruppemøte om utkastet til reviderte kriterium, der alle dei partane som det gjeld, t.d. rette organ, næringslivet (medrekna små og mellomstore føretak), fagforeiningar, detaljistar, importørar og miljø- og forbrukarorganisasjonar, skal ta del. Kommisjonen skal òg ta del i dette møtet.

Med atterhald for eventuelle endringar som vert gjorde under den offentlege samrådsperioden eller under arbeidsgruppemøtet, kan Kommisjonen vedta kriteria i medhald av artikkel 8.

Vedlegg II

Utforminga til EU-miljømerket

EU-miljømerket skal ha følgjande utforming:

Merke:

Figur 2.1 

Valfritt merke med tekstfelt (opplysningar om at marknadsdeltakaren kan nytte dette tekstfeltet, saman med den teksten som vert nytta, skal gjevast i dei relevante produktgruppekriteria):

Figur 2.2 

Registreringsnummeret til EU-miljømerket skal òg førast opp på produktet. Dette skal ha følgjande utforming:

Figur 2.3 

xxxx viser til registreringsstaten, yyy viser til produktgruppa og zzzzz viser til nummeret som er tildelt av den rette styresmakta.

Merket, den valfrie etiketten med tekstfelt og registreringsnummeret skal prentast anten i to fargar (Pantone 347 grøn til blada og stilken til blomsten, «Є»-symbolet, nettadressa og EU-akronymet, og Pantone 279 til alle andre element, tekst og kantar), eller i svart på kvitt, eller i kvitt på svart.

Vedlegg III

Gebyr

1. Søknadsgebyr

Det rette organet som tek imot søknaden, skal krevje inn eit gebyr i samsvar med dei faktiske utgiftene knytte til behandling av søknaden. Dette gebyret skal vere på minst 200 euro og høgst 1 200 euro.

Når det gjeld små og mellomstore føretak12 og marknadsdeltakarar i utviklingsland, skal søknadsgebyret ikkje overstige 600 euro.

Når det gjeld svært små føretak13, skal søknadsgebyret ikkje overstige 350 euro.

Søknadsgebyret skal reduserast med 20 % for søkjarar som er registrerte i fellesskapsordninga for miljøstyring og miljørevisjon (EMAS) og/eller er sertifiserte i samsvar med ISO-standard 14001. Denne reduksjonen er avhengig av at søkjaren i miljøpolitikken sin uttrykkjeleg pliktar seg til å sikre at dei miljømerkte produkta fullt ut oppfyller kriteria for EU-miljømerket i heile perioden som avtala gjeld for, og at denne plikta vert innarbeidd i dei einskilde miljømåla på ein tilfredsstillande måte. Søkjarar som er sertifiserte i samsvar med standarden ISO 14001, skal kvart år godtgjere at denne plikta er gjennomførd. Søkjarar som er registrerte innanfor ramma av EMAS, skal kvart år sende inn ein kopi av den kontrollerte miljøfråsegna si.

2. Årleg gebyr

Det rette organet kan krevje at kvar søkjar som har fått tildelt eit EU-miljømerke, skal betale eit årleg gebyr på opptil 1 500 euro for å få nytte merket.

Når det gjeld små og mellomstore føretak og marknadsdeltakarar i utviklingsland, skal det årlege gebyret ikkje overstige 750 euro.

Når det gjeld svært små føretak, skal søknadsgebyret ikkje overstige 350 euro.

Det årlege gebyret skal dekkje eit tidsrom som tek til den dagen då søkjaren får tildelt EU-miljømerket.

Vedlegg IV

Standardavtale om bruksvilkåra for EU-miljømerket

Innleiing

Det rette organet .......... (fullt namn), heretter kalla «det rette organet», registrert i .......... (fullstendig adresse), som i denne avtala er representert av ............... (namnet på den ansvarlege personen), og ............ (fullt namn på innehavaren), i eigenskap av produsent, tilverkar, importør, tenesteytar, grossist eller detaljist med følgjande offisielle adresse ............ (fullstendig adresse), heretter kalla «innehavaren», representert av ............ (namnet på den ansvarlege personen), er vortne samde om følgjande med omsyn til bruk av EU-miljømerket, i medhald av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket14, heretter kalla «forordninga om EU-miljømerket»:

1. Bruk av EU-miljømerket

  • 1.1. Det rette organet gjev innehavaren rett til å nytte EU-miljømerket på produkta sine slik dei er omtala i dei vedlagde produktspesifikasjonane, som er i samsvar med dei relevante produktgruppekriteria som gjeld for tidsrommet ............., vedtekne av Kommisjonen for Dei europeiske fellesskapa den ........... (dato), kunngjorde i Tidend for Den europeiske unionen av ........... (fullstendig referanse) og lagde ved denne avtala.

  • 1.2. Miljømerket skal berre nyttast i dei formene som er fastsette i vedlegg II til forordninga om EU-miljømerket.

  • 1.3. Innehavaren skal sikre at produktet som skal merkjast, gjennom heile avtaleperioden oppfyller alle dei bruksvilkåra og føresegnene som er fastsette i artikkel 9 i forordninga om EU-miljømerket. Ny søknad treng ikkje sendast inn dersom eigenskapane til produktet vert endra, så framt desse endringane ikkje påverkar produktet sitt samsvar med kriteria. Innehavaren skal likevel gje det rette organet melding om slike endringar i eit rekommandert brev. Det rette organet kan gjennomføre relevante kontrollar.

  • 1.4. Avtala kan utvidast til å femne om fleire produkt enn dei som opphavleg var fastsette, etter avtale med det rette organet og på det vilkåret at dei høyrer til i den same produktgruppa, og at dei òg oppfyller dei kriteria som gjeld for denne gruppa. Det rette organet kan kontrollere at desse vilkåra vert oppfylte. Vedlegget som inneheld produktspesifikasjonar, skal endrast tilsvarande.

  • 1.5. Innehavaren skal ikkje drive reklame, gje fråsegner eller nytte eit merke eller ein logo på ein måte som er feil eller villeiande, som kan forvekslast med eller skade omdømmet til EU-miljømerket.

  • 1.6. Innehavaren skal i medhald av denne avtala vere ansvarleg for korleis EU-miljømerket vert nytta i samband med sitt produkt, særleg når det gjeld reklame.

  • 1.7. Det rette organet, medrekna representantar for organet som har fått fullmakt til det, kan gjennomføre alle dei granskingane som er naudsynte for å kontrollere at innehavaren heile tida oppfyller både produktgruppekriteria og bruksvilkåra, og dessutan føresegnene i denne avtala, i samsvar med artikkel 10 i forordninga om EU-miljømerket.

2. Utsetjing eller tilbakekalling

  • 2.1. Dersom innehavaren vert merksam på at han ikkje oppfyller bruksvilkåra eller føresegnene i artikkel 1 i denne avtala, skal han melde frå om dette til det rette organet og halde seg frå å nytte EU-miljømerket inntil dei nemnde bruksvilkåra eller føresegnene er vortne oppfylte og det rette organet har fått melding om dette.

  • 2.2. Dersom det rette organet meiner at innehavaren har brote eit av bruksvilkåra eller ei av føresegnene i denne avtala, skal det rette organet ha rett til å utsetje eller kalle tilbake det løyvet innehavaren har til å nytte EU-miljømerket, og til å gjere dei tiltaka som er naudsynte for å hindre at han held fram med å nytte dette merket, medrekna dei tiltaka som er fastsette i artikkel 10 og 17 i forordninga om EU-miljømerket.

3. Ansvarsgrenser og skadebot

  • 3.1. Innehavaren skal ikkje la EU-miljømerket gå inn som del av noka form for garantiar i samband med det produktet som er nemnt i artikkel 1 nr. 1 i denne avtala.

  • 3.2. Det rette organet, medrekna representantar for organet, skal ikkje haldast ansvarlege for tap eller skade som innehavaren vert påførd som følgje av tildeling og/eller bruk av EU-miljømerket.

  • 3.3. Det rette organet, medrekna representantar for organet, skal ikkje haldast ansvarlege for tap eller skade som tredjemann vert påførd som følgje av tildeling og/eller bruk av EU-miljømerket, medrekna reklame.

  • 3.4. Innehavaren skal gje skadebot til det rette organet og representantane for organet, og halde desse skadeslause for tap, skade eller ansvar som det rette organet eller representantane for organet vert påførte som følgje av at innehavaren bryt avtala, eller som følgje av at det rette organet har hatt tiltru til dei opplysningane eller den dokumentasjonen som innehavaren har gjeve, òg med omsyn til eventuelle krav frå tredjemann.

4. Gebyr

  • 4.1. Storleiken på søknadsgebyret og det årlege gebyret skal fastsetjast i samsvar med vedlegg III til forordninga om EU-miljømerket.

  • 4.2. EU-miljømerket kan berre nyttast dersom alle gebyr er betalte til rett tid.

5. Tidslengda til avtala og lovgjeving som skal nyttast

  • 5.1. Med atterhald for føresegnene i artikkel 5 nr. 2, 3 og 4 skal denne avtala gjelde frå den dagen då ho vert underskriven og fram til (...) eller til produktgruppekriteria sluttar å gjelde, alt etter kva tidspunkt som kjem først.

  • 5.2. Dersom innehavaren har brote nokon av bruksvilkåra eller føresegnene i denne avtala i medhald av artikkel 2 nr. 2, skal det rette organet ha rett til å handsame dette som avtalebrot, og det rette organet kan då, med atterhald for føresegnene i artikkel 2 nr. 2, heve avtala ved eit rekommandert brev til innehavaren, på ein tidlegare dato enn den som er oppførd i artikkel 5 nr. 1 (innan ein frist som skal fastsetjast av det rette organet).

  • 5.3. Innehavaren kan heve avtala ved å gje det rette organet tre månaders varsel i eit rekommandert brev.

  • 5.4. Dersom produktgruppekriteria som er nemnde i artikkel 1 nr. 1, vert lengde utan endringar for eit fastlagt tidsrom, og dersom det rette organet minst tre månader før produktgruppekriteria og denne avtala sluttar å gjelde, ikkje har gjeve skriftleg varsel om at avtala skal hevast, skal det rette organet minst tre månader på førehand gje innehavaren melding om at avtala automatisk vert lengd for eit tidsrom som svarar til det tidsrommet som produktgruppekriteria gjeld for.

  • 5.5. Etter at denne avtala har slutta å gjelde, kan innehavaren ikkje nytte EU-miljømerket på det produktet som er nemnt i artikkel 1 nr. 1 og i vedlegget til denne avtala, verken som merking eller til reklame. EU-miljømerket kan likevel i eit tidsrom på opptil seks månader etter at avtala har slutta å gjelde, visast på produkt som framleis finst på lager hos innehavaren eller andre, og som er produserte før avtala slutta å gjelde. Denne siste føresegna skal ikkje gjelde dersom avtala er vorten heva av dei årsakene som er fastsette i artikkel 5 nr. 2.

  • 5.6. Alle tvistar mellom det rette organet og innehavaren, eller alle innbyrdes klager mellom partane som vert sette fram innanfor ramma av denne avtala, og som ikkje er vortne avgjorde ved ei minneleg ordning, høyrer inn under den lovgjevinga som vert nytta i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning 593/2008 (EF) av 17. juni 2008 om hvilken lovgivning som får anvendelse på avtaleforpliktelser (Roma I)15 og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 864/2007 av 11. juli 2007 om hvilken lovgivning som får anvendelse på forpliktelser utenfor avtaleforhold (Roma II)16.

    Dei følgjande vedlegga skal vere ein del av denne avtala:

    • Ein kopi av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket (på det eller dei aktuelle fellesskapsspråka).

    • Produktspesifikasjonar, som minst skal innehalde detaljerte opplysningar om namnet på og/eller dei interne referansenumra til produsenten, om produksjonsstadene og om det eller dei aktuelle registreringsnumra til EU-miljømerket.

    • Ein kopi av kommisjonsvedtak (............ om produktgruppekriterium).

Utferda i …………..…, den ………. …………….

………………………………………………………

(Rett organ)

Representant ………………………………………

………………………………………………………

(Rettsleg bindande underskrift)

………………………………………………………

(Innehavar)

Representant ……………………………………

………………………………………………………

(Rettsleg bindande underskrift)

Vedlegg V

Krav til rette organ

  1. Eit rett organ skal vere uavhengig av den organisasjonen eller det produktet som det vurderer.

    Eit organ som tilhøyrer ein samanslutning av føretak eller ein yrkessamanslutning som representerer føretak som driv verksemd innanfor utforming, produksjon, levering, montering, bruk eller vedlikehald av produkt som det vurderer, kan utpeikast som rett organ på det vilkåret at det er uavhengig og at det ikkje ligg føre interessekonfliktar.

  2. Eit rett organ, den øvste leiinga til organet og personale som har ansvaret for å utføre samsvarsvurdering, skal ikkje medverke i utforming, produksjon, levering, installasjon, kjøp, eigarskap, bruk eller vedlikehald av produkta som dei vurderer, og skal heller ikkje vere representantar for nokon av desse partane. Dette utelukkar ikkje bruken av vurderte produkt som er naudsynte for drifta av det rette organet, eller bruken av slike produkt for personlege føremål.

    Eit rett organ, den øvste leiinga til organet og personale som har ansvaret for å utføre samsvarsvurdering, skal ikkje medverke direkte i utforming, produksjon eller konstruksjon, marknadsføring, installasjon, bruk eller vedlikehald av desse produkta, og skal heller ikkje representere dei partane som driv slik verksemd. Dei skal ikkje ta del i noka form for verksemd som kan vere i strid med objektiviteten eller integriteten deira i samband med den samsvarsvurderinga som dei er utpeikte til å utføre. Dette skal særleg gjelde for konsulenttenester.

    Dei rette organa skal syte for at verksemda til dotterføretaka eller underleverandørane deira ikkje påverkar fortruleg handsaming, objektivitet eller upartisk handsaming når det gjeld samsvarsvurderinga deira.

  3. Dei rette organa og personalet deira skal utføre samsvarsvurderinga med størst mogleg fagleg integritet og med den tekniske kompetansen som er naudsynt på det aktuelle området, og skal vere fritt for alle former for press og påverknad, særleg finansielle, som kan verke inn på dømmekrafta deira eller på resultata av samsvarsvurderinga deira, særleg når det gjeld personar eller grupper av personar som har ei interesse i resultata av slik verksemd.

  4. Eit rett organ skal kunne utføre alle samsvarsvurderingsoppgåver som det vert pålagt i medhald av denne forordninga, utan omsyn til om desse oppgåvene vert utførte av det rette organet sjølv, eller på vegner av organet og på organet sitt ansvar.

    Eit rett organ skal alltid og for kvar framgangsmåte for samsvarsvurdering og for kvar type eller kategori av produkt som det er utpeikt for å utføre, ha følgjande til rådvelde:

    1. Teknisk kunnskap og tilstrekkeleg og eigna røynsle til å kunne utføre samsvarsvurderinga.

    2. Omtalar av dei framgangsmåtane som samsvarsvurderinga vert utført etter, som òg sikrar at det er innsyn i framgangsmåtane og mogleg å reprodusere dei. Organet skal ha innført eigna retningslinjer og framgangsmåtar for å skilje mellom oppgåver som det utfører som rett organ, og andre former for verksemd.

    3. Framgangsmåtar som gjer det mogleg å gjennomføre verksemd der det vert teke tilbørleg omsyn til storleiken til eit føretak, sektoren som det driv verksemda si innanfor, føretaksstrukturen, graden av kompleksitet når det gjeld aktuell produktteknologi, og om det dreier seg om masseproduksjon eller serieproduksjon.

    Organet skal ha tilstrekkelege ressursar til å kunne utføre dei tekniske og administrative oppgåvene knytte til samsvarsvurderingsverksemda på ein høveleg måte, og skal ha tilgang til alt naudsynt utstyr eller alle naudsynte anlegg.

  5. Personalet som er ansvarleg for å utføre samsvarsvurdering, skal ha følgjande:

    1. Solid kunnskap om all samsvarsvurderingsverksemd som det rette organet er utpeikt til å utføre.

    2. Evne til å kunne utarbeide attestar, utgreiingar og rapportar som viser at det er utført vurderingar.

  6. Det skal sikrast at dei rette organa, den øvste leiinga deira og personalet som utfører samsvarsvurderinga, er upartiske.

    Løna til den øvste leiinga i det rette organet og personalet som utfører samsvarsvurderinga, skal ikkje vere avhengig av kor mange vurderingar som er utførte, eller av resultata av desse vurderingane.

  7. Dei rette organa skal ta del i, eller sikre at vurderingspersonalet deira kjenner til, relevant standardiseringsverksemd og den verksemda til arbeidsgruppa av rette organ som er nemnd i artikkel 13 i denne forordninga, og nytte dei administrative avgjerdene og dokumenta som er resultat av arbeidet til denne gruppa, som allmenne retningslinjer.

Fotnotar

1.

TEU C 120 av 28.5.2009, s. 56.

2.

TEU C 218 av 11.9.2009, s. 50.

3.

TEF L 237 av 21.9.2000, s. 1.

4.

TEU L 285 av 31.10.2009, s. 10.

5.

TEU L 189 av 20.7.2007, s. 1.

6.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

7.

TEF L 311 av 28.11.2001, s. 67.

8.

TEF L 311 av 28.11.2001, s. 1.

9.

TEF L 31 av 1.2.2002, s. 1.

10.

TEU L 353 av 31.12.2008, s. 1.

11.

TEU L 396 av 30.12.2006, s. 1.

12.

Små og mellomstore føretak og svært små føretak er definerte ved kommisjonsrekommandasjon 2003/361/EF av 6. mai 2003 (TEU L 124 av 20.5.2003, s. 36).

13.

Små og mellomstore føretak og svært små føretak er definerte ved kommisjonsrekommandasjon 2003/361/EF av 6. mai 2003 (TEU L 124 av 20.5.2003, s. 36).

14.

TEU L 27 av 30.1.2010, s. 1.

15.

TEU L 177 av 4.7.2008, s. 6.

16.

TEU L 199 av 31.7.2007, s. 40.