Prop. 68 S (2012–2013)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 200/2012 av 26. oktober 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket (miljømerkeforordninga)

Til innhaldsliste

7 Konklusjon og tilråding

Føremålet med den nye miljømerkeforordninga er mellom anna å avgrense talet på miljømerkeordningar og å auke utbreiinga av det europeiske miljømerket som på norsk vert kalla «Blomen». Sjølv om ordninga har hatt aukande oppslutnad med omsyn til talet på verksemder med miljømerkeløyve innanfor EU, er det framleis svært få verksemder som framstiller miljømerkte produkt, og «Blomen» er lite kjend. Føremålet med å senke prisane er både å auke bruken av EU-miljømerket og å gje eit incitament til dei som har produkt som oppfyller EU-miljømerkekriteria, til å søkje.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XX (Miljø) til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket (miljømerkeforordninga). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.