Prop. 68 S (2012–2013)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 200/2012 av 26. oktober 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket (miljømerkeforordninga)

Til innhaldsliste

3 Nærmare om dei einskilde føresegnene i forordninga

Forordning nr. 66/2010 om EU-miljømerket (miljømerkeforordninga) er delt inn i 20 artiklar. Artikkel l slår fast at forordninga gjeld reglar om innføring og bruk av den frivillige EU-miljømerkeordninga. Artiklane 2 og 3 inneheld føresegner om verkeområde og definisjonar. Artikkel 4 gjeld medlemsstatane si plikt til å peike ut ansvarlege organ i medlemsstatane og mellom anna syte for at dei er funksjonelle, uavhengige og nøytrale når dei utfører oppgåvene sine. Artikkel 5 handlar om samansetnaden til Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen, som vert nedsett av Kommisjonen, og oppgåvene til utvalet.

Artikkel 6 inneheld allmenne krav til EU-miljømerkekriteria. Det går fram av artikkelen at kriteria byggjer på miljøprestasjonane til produkt, og at det vert stilt krav på grunnlag av dei nyaste strategiske måla til Fellesskapet på miljøområdet. I kriteria er det fastsett kva miljøkrav som eit produkt må oppfylle for å kunne få tildelt EU-miljømerket. Vidare vert det slått fast at kriteria skal fastsetjast på eit vitskapleg grunnlag og ta omsyn til heile levetida til produkta. Artikkelen inneheld ei rekkje vurderingstema som det skal takast omsyn til ved fastsetjing av kriteria, medrekna sosiale og etiske aspekt der det høver (nr. 3 bokstav e)). I artikkel 6 nr. 6 vert det fastsett at miljømerket som hovudregel ikkje kan tildelast varer som inneheld stoff som kan klassifiserast som giftige, miljøfarlege, kreftframkallande osv.

Artikkel 7 inneheld føresegner om utarbeiding og revisjon av kriteria, medrekna at både Kommisjonen, medlemsstatane, ansvarlege organ og andre aktørar kan ta initiativ til utarbeiding eller revisjon.

Artikkel 8 har nærmare føresegner om fastsetjing av kriteria. I artikkel 8 nr. 4 vert det fastsett at det ikkje skal innførast tiltak som gjer at små og mellomstore føretak vert pålagde urimeleg store administrative og økonomiske byrder.

Artikkel 9 i forordninga gjeld tildeling av EU-miljømerket og vilkår for bruken av merket, medrekna betaling av gebyr og dokumentasjonskrav for søkjaren. I artikkelen vert den driftsansvarlege pålagd å dekkje kostnadene til prøving og vurdering. Vilkåra for bruk av EU-miljømerket vert nedfelte i ein standarkontrakt. Kommisjonen skal jamleg ajourføre eit register over produkt som er tildelte EU-merket, og gjere registeret offentleg tilgjengeleg på ein nettstad.

Artikkel 10 i forordninga inneheld føresegner om marknadsovervaking og kontroll med bruken av miljømerket. Det skal mellom anna jamleg vurderast om produkt som er tildelte merket, framleis oppfyller kriteria. Brukaren av miljømerket skal tillate at det organet som har tildelt merket, gjennomfører granskingar. Artikkelen inneheld òg føresegner om teieplikt med omsyn til dei opplysningane som det ansvarlege organet har fått tilgang til i samband med kontroll av om vilkåra vert oppfylte.

Artikkel 11 regulerer tilhøvet til nasjonale og regionale merkeordningar. Artikkel 12 har mellom anna føresegner om fremjing av EU-miljømerket. I nr. 3 står det at medlemsstatane skal oppmuntre til bruk av ei handbok for offentlege styresmakter som tildeler offentlege kontraktar, slik det er nemnt i vedlegg I del A nr. 5.

Artikkel 13 og 14 i forordninga gjeld utveksling av opplysningar og røynsler med forordninga, og seier at Kommisjonen skal lage ein rapport for Europaparlamentet og Rådet om gjennomføringa av merkeordninga.

Artikkel 15 gjev Kommisjonen fullmakt til å endre vedlegga til forordninga, medrekna reglane for høgstegebyr. Artikkel 16 slår fast at Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

I medhald av artikkel 17 er det medlemsstatane som skal fastsetje reglar for sanksjonar som skal være verknadsfulle, svare til brotet og hindre nye brot.

Artiklane 18, 19 og 20 har føresegner om høvesvis oppheving av forordning (EF) nr. 1980/2000, overgangsføresegner og iverksetjing.

Forordninga har fem vedlegg:

Vedlegg I gjeld framgangsmåtar for utarbeiding og revisjon av miljømerkekriteria.

Vedlegg II viser den visuelle utforminga av miljømerket Ecolabel, som i Noreg vert kalla «Blomen».

Vedlegg III handlar om gebyr, som skal svare til dei faktiske administrasjonsutgiftene ved handsaming av søknaden. Gebyret skal likevel ikkje være lågare enn 200 euro og ikkje høgare enn 1 200 euro. På visse vilkår vert handsamingsgebyret sett ned med 20 % for søkjarar som er registrerte i fellesskapsordninga for miljøstyring og miljørevisjon, og/eller er sertifiserte i samsvar med standarden ISO 14001. Årsgebyret som kan krevjast for å nytte merket, er på høgst 1 500 euro. Det vert innført ei spesialføresegn når det gjeld gebyr for små og mellomstore føretak og marknadsdeltakarar i utviklingsland. For svært små føretak gjeld òg spesialføresegner.

Vedlegg IV har føresegner om standardkontraktar om bruksvilkåra for EU-miljømerket. Standardkontraktane gjer ordninga meir brukarvenleg.

I Vedlegg V er det fastsett krav til dei ansvarlege organa.