Prop. 76 L (2011–2012)

Lov om bustøtte (bustøttelova)

Til innhaldsliste

5 Nærare om dei enkelte framlegga i lov om bustøtte

Paragrafane 1–7 i framlegget til lov gjeld føremål, verkeområde, vilkåra for å ha rett til bustøtte med visse unntak, krava til bustaden og utrekninga, finansieringa og administreringa av bustøtta. Desse føresegnene er i dag gjeldande rett, fastsett av Stortinget i vedtak nr. 260 av 17. mars 2009 og tekne inn i forskrift 19. juni 2009 nr. 699 om bustøtte. I samsvar med grunngjevinga i kapittel 4 tilrår departementet å vidareføre og lovfeste desse føresegnene. Departementet gjev difor berre ein kort omtale av paragrafane her og viser elles til St.prp. nr. 11 (2008–2009) Ei styrkt bustøtte. Det har kome nokre merknader til § 4 og § 5. Dei blir vurderte i punkt 5.3 og 5.4.

I § 8 til § 13 er det gjort framlegg om materielle endringar i gjeldande administrative føresegner.

5.1 Føremål

Føremålet med bustøtta er å sikre dei med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Som eit viktig ledd i arbeidet mot fattigdom skal ordninga medverke til at flest mogleg skal kunne klare seg sjølve i sin eigen bustad. Det kan anten vere ved å kunne bli buande i den bustaden dei allereie har, eller ved å skaffe seg ein ny bustad. Ordninga skal òg støtte dei som vil etablere seg i ein bustad dei sjølve eig. Bustøtta skal sikre at òg dei med svak økonomi skal kunne ha ein god bustandard. Krava til bustaden i § 5 i lovframlegget byggjer opp under det.

Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til framlegget. Departementet viser til § 1 i lovframlegget.

5.2 Verkeområde

Bustøtta skal gjelde for personar som er registrerte i folkeregisteret og som bur lovleg i Noreg.

Lova skal ikkje gjelde på Svalbard. Det er i tråd med den politikken regjeringa legg opp til i Svalbardmeldinga, St.meld. nr. 22 (2008–2009). Svalbard-samfunnet er organisert slik at Longyearbyen og dei andre lokalsamfunna ikkje skal vere livsløpssamfunn. Ved opphald på Svalbard beheld norske statsborgarar den adressa dei har på fastlandet, og dei må vende seg til heimkommunane sine og gjere bruk av tenestetilbodet der.

I medhald av lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard § 2 skal ikkje offentlegrettslege lover gjelde på Svalbard, utan når det er fastsett særskilt. Det inneber at det ikkje er naudsynt å ta inn i lova om bustøtte at ho ikkje skal gjelde på Svalbard.

Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til framlegget. Departementet viser til § 2 i lovframlegget.

5.3 Vilkår for rett til bustøtte

5.3.1 Gjeldande rett

Alle som er over 18 år, har rett til bustøtte, om dei elles fyller vilkåra i lova. Søkjarar som er under 18 år og har eigne barn som bur i husstanden, har òg rett til bustøtte. Dei som gjer førstegongsteneste i Forsvaret eller sivilteneste, og studentar som ikkje har eigne barn i husstanden, har ikkje rett til bustøtte. Dei får støtte til bustad gjennom eigne ordningar. Heller ikkje søkjarar som bur saman med personar som høyrer til desse gruppene, har rett til bustøtte, med unntak av foreldre som bur saman med barn som er studentar.

Det er vidare eit krav om at søkjaren sjølv skal bu i bustaden, og at han eller ho skal vere ansvarleg for buutgiftene i bustaden.

5.3.2 Høyringsframlegget frå departementet

Departementet gjorde framlegg om å vidareføre gjeldande rett.

5.3.3 Merknader frå høyringsinstansane

Kunnskapsdepartementet meiner at det ut frå føremålet med bustøtta er urimeleg at dei som bur saman med studentar, ikkje skal få bustøtte. Det finst ingen tillegg som studentar kan få gjennom Lånekassen, til forsørging av personar som studenten bur saman med, bortsett frå barn av studenten.

5.3.4 Vurderingane til departementet

Det kan verke urimeleg at det berre kan gjevast bustøtte til husstandar der studenten bur saman med foreldra sine, eller der studenten bur saman med eigne barn, og ikkje til husstandar der studenten bur saman med til dømes ektefelle, sambuar osv. Likevel har verken departementet eller Husbanken registrert klager på gjeldande regelverk. Ei utviding av ordninga til å gjelde alle som bur saman med studentar, vil gje ein vesentleg årleg vekst i utbetalingane av bustøtte. Ei slik utviding er difor ei budsjettsak, og må vurderast i samanheng med framlegginga av dei årlege budsjetta.

Departementet gjer framlegg om å vidareføre høyringsframlegget og viser til § 3 og § 4 i lova.

5.4 Krav til bustaden

5.4.1 Gjeldande rett

Bustaden det blir gjeve bustøtte for, skal vere godkjend som bustad av plan- og bygningsstyresmaktene. Det skal vere ein sjølvstendig bustad med eigen inngang og eige bad og toalett. Det er òg krav om at han skal gje høve til kvile og matlaging, men det er ikkje krav om eigne rom til dette.

Det er gjort unntak frå desse krava for utleigebustader der ein kommune har gjort vedtak om tildeling av bustader til helse- og sosialføremål. Det er ein føresetnad at desse utleigebustadene skal vere organiserte som bufellesskap eller liknande.

5.4.2 Høyringsframlegget frå departementet

Departementet gjorde framlegg om å vidareføre gjeldande rett.

5.4.3 Merknader frå høyringsinstansane

Husbanken meiner at paragrafen bør avgrensast for bustader i institusjonar der brukar yter vederlag.

Nav meiner at høvet til å fråvike bustadkrava for utleigebustader der kommunen har tildelingsrett, bryt med lov om sosiale tenester i Nav. I lova er det presisert at tenester og ytingar må liggje på eit forsvarleg nivå i høve til dei behova som skal dekkjast. Eit av føremåla er å medverke til at den enkelte får høve til å leve og bu sjølvstendig, for å fremje overgangen til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Bebuarane skal ha høve til matlaging, og det må vere tilgjenge til bad og toalett o.a. Nav gjer framlegg om at det blir utarbeidd eigne, generelle kvalitetskrav for slike butilbod, og at dei blir lagde inn i forskrifta om bustøtte. Helse- og omsorgsdepartementet meiner at det kunne vore stilt krav til andre aspekt ved bustaden, som inneklimaet, støy og brannførebygging, og likeins til bumiljøet, som til dømes lokaliseringa, nabolagsprofilen o.a.

Trondheim kommune meiner det er uheldig at dei som bur på private hyblar og i private bufellesskap, ikkje kan få bustøtte.

5.4.4 Vurderingane til departementet

Departementet tilrår å vidareføre gjeldande rett. Departementet ser det som viktig å sikre dei som har låge inntekter, ein høveleg bustad. Bustøtta skal medverke til at mottakarane får ein betre bustandard enn det som elles ville vore tilfellet. Lova fastset difor at bustaden skal vere godkjend som bustad. Han må vere ein sjølvstendig bustad med eigen inngang og eige bad og toalett. Han må òg gje høve til kvile og matlaging, men det er ikkje krav om at det skal vere eigne rom til dette. Det gjer at dei som bur i eittroms bustader utan eige kjøkken og/eller soverom, er inkluderte i ordninga. Det er mange slike bustader i Noreg og mange med svak økonomi som bur slik. Krava inneber at dei som bur i ein fritidsbustad eller på hybel, ikkje kan få bustøtte.

Å stille krav utover funksjonskrava i § 5 i lovframlegget, til dømes krav som gjeld helse, bumiljø, lokalisering o.a., som Helse- og omsorgsdepartementet gjer framlegg om, ligg ikkje innanfor føremålet med bustøttelova. Slike krav kunne dessutan ekskludere nokon av dei som treng bustøtte, og såleis gjere bustøtta mindre eigna i arbeidet mot fattigdom.

Det kan gjerast unntak frå bustadkrava for sosiale utleigebustader som er organiserte som bufellesskap, så lenge kommunen har tildelingsrett for bueiningane og det ikkje blir ytt vederlag. Ikkje alle slike bustader fyller alle krava som blir stilte til ein bustad. Personar med behov for særlege oppfølgingstenester frå kommunen kan bu i slike bustader. Det ville verke urimeleg om desse bebuarane ikkje skal ha rett til bustøtte. Unntaket gjeld òg for butilbod som er drivne av private, så lenge kommunen har tildelingsrett og det ikkje blir ytt vederlag til bebuarane.

Departementet er samd med Husbanken i at det kan gjerast tydelegare at bebuarar i institusjonar der brukar yter vederlag ikkje kan få bustøtte, og at dette blir teke inn i lova.

Departementet viser til § 5 i lovframlegget.

5.5 Utrekning av bustøtte

Paragraf 6 gjev dei overordna prinsippa for utrekning av bustøtte. Bustøtte er ei behovsprøvd ordning. Forholdet mellom buutgiftene og inntektene til dei som bur i husstandane avgjer for kor mykje bustøtte dei får. Den bustøtta som skal betalast ut, blir utrekna etter ein fast prosent av differansen mellom godkjende buutgifter og ein eigendel. Eigendelen blir fastsett ut frå inntekta og formuen til dei som bur i husstanden.

Føresegna gjev elles heimel for departementet til å fastsetje forskrifter om satsar og utrekning av bustøtte. Dei detaljerte reglane for dette er gjevne i forskrifta om bustøtte.

Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til framlegget. Departementet viser til § 6 i lovframlegget.

5.6 Finansiering og organisering

Paragraf 7 fastset at staten dekkjer utgiftene til bustøtta. Husbanken og kommunane administrerer ordninga. Kommunane dekkjer sine eigne utgifter til administrasjon. Kommunane er førsteline overfor brukarane og står for det meste av sakshandsaminga.

Det er vidare føreslått ein heimel for departementet til å gje forskrifter om administrering, handsaming og utbetaling av bustøtte. Departementet viser her til kapittel 3 og 4 i gjeldande forskrift.

Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til framlegget. Departementet viser til § 7 i lovframlegget.

5.7 Plikt for andre til å gje personopplysningar

I medhald av husbanklova § 10 kan departementet gje forskrifter om at huseigarar skal medverke ved sakshandsaming, kontroll og utbetaling av bustøtte. Forskrift om bustøtte § 23 fastset at utleigarar, forretningsførarar i burettslag og styreleiarar i sameige skal medverke til dette.

Pålegg til private må ha heimel i lov. Departementet gjer difor framlegg om ein heimel i bustøttelova som gjer det mogleg for Husbanken å påleggje private og andre å gje opplysningar som er naudsynte når ein søknad om bustøtte skal avgjerast. I tillegg til opplysningar frå utleigarar, burettslag og eigarseksjonssameige trengst det òg opplysningar frå offentlege styresmakter og långjevarar. Det er Husbanken som kan gje pålegg om dette, medan både Husbanken og kommunane kan bruke opplysningane i sakshandsaminga.

Plikta skal gjelde berre for opplysningar som er avgjerande for å kunne handsame søknader og gjere vedtak i medhald av lova eller ei forskrift gjeven i medhald av lova. Departementet tilrår at opplysningane skal kunne gjevast utan hinder av ei eventuell teieplikt. Sidan samtykke òg opphevar teieplikta, får lovføresegna om det verknad berre dersom det manglar samtykke.

Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til framlegget.

Departementet viser til § 8 første leddet i lovframlegget.

5.8 Innhenting og handsaming av personopplysningar

5.8.1 Gjeldande rett og praksis

Samtykke er grunnprinsippet for utlevering og handsaming av personopplysningar i medhald av personopplysningslova § 8. I tillegg kan handsaming skje dersom det er heimel i lov. Sidan det i dag ikkje er lovheimel for å hente inn og handsame personopplysningar for utrekning og tildeling av bustøtte, er handsaminga basert på samtykke frå både søkjaren og dei andre medlemmene av husstanden. Samtykket blir gjeve i søknaden. Søknadsskjemaet gjer greie for kva for instansar opplysningane blir henta frå, og kva dei gjeld. Samtykke til innhenting og handsaming av opplysningar frå barn under 18 år er det føresette som gjev.

Dersom det manglar samtykke eller heimel i lov, opnar personopplysningslova § 8 punkt a–e for at ein likevel kan handsame opplysningar når visse vilkår er til stades. Kommunane må då vurdere i kvar enkelt sak om vilkåra er oppfylte. Personar som det etter slike vurderingar blir innhenta opplysningar om, skal få skriftleg varsel om det etterpå.

I personopplysningslova § 9 er det sett strengare krav når det gjeld sensitive opplysningar, som gjeld så framt det ikkje er gjeve samtykke eller det er heimel i lov.

Opplysningane som Husbanken og kommunane hentar inn om søkjaren og dei andre i husstanden, blir samla i eit register, eit såkalla bustøtteregister, som er eit kombinert arkiv og system for sakshandsaming. Så lenge ein person får bustøtte, må han eller ho stå i registeret. Årsaka er at bustøtta blir utrekna kvar månad og det blir gjort enkeltvedtak i medhald av forvaltningslova. Husbanken har dessutan plikt til å arkivere etter arkivlova § 6. Det inneber at Husbanken ikkje kan slette opplysningane i bustøtteregisteret sidan journalen og arkivet ligg i dette registeret.

5.8.2 Høyringsframlegget frå departementet

Departementet gjorde framlegg om å lovfeste gjeldande praksis om at Husbanken og kommunane som hovudregel ikkje skal hente inn og nytte opplysningar om søkjaren eller dei andre medlemmene i husstanden utan samtykke frå dei det gjeld. Søkjaren gjev alltid samtykke til dette i søknaden. For at alle som har krav på det, skal kunne få bustøtte, og for at ein skal kunne handsame søknadene på ein så enkel måte som råd, blei det gjort framlegg om ein unntaksheimel som gjev Husbanken og kommunane høve til å handsame personopplysningar sjølv om det manglar samtykke frå nokon i husstanden.

5.8.3 Merknader frå høyringsinstansane

Unge funksjonshemmede, Drammen kommune, Bergen kommune, Statens Seniorråd og Husbanken støttar framlegget om at det skal vere mogleg å handsame opplysningar sjølv om samtykke manglar. Bergen kommune meiner at sjølv om omsynet til personvernet kan tale mot dette, støttar kommunen framlegget med bakgrunn i føremålet med ordninga.

Datatilsynet meiner det er positivt at samtykke frå dei registrerte framleis skal vere hovudregelen. Dette skal gjelde alle som bur i bustaden. Datatilsynet ser at det i enkelte høve kan vere behov for å handsame opplysningar om personar som ikkje har gjeve samtykke. Tilsynet er likevel kritisk til at ordlyden i framlegget ikkje fastset nærare kva for føresetnader som må vere til stades for at unntaksheimelen skal kunne nyttast. Tilsynet legg stor vekt på det grunnleggjande personvernprinsippet om at handsaming av personopplysningar skal vere frivillig, òg der føremålet med handsaminga er til gode for den registrerte. Tilsynet meiner at det òg må stillast vilkår om at handsaminga skal vere i samsvar med det den registrerte ynskjer.

5.8.4 Vurderingane til departementet

Departementet tilrår å vidareføre høyringsframlegget om at samtykke frå alle i husstanden skal vere hovudregelen ved handsaming av personopplysningar. Tildeling av bustøtte føreset at mottakaren har søkt om det. I over 70 prosent av sakene er det ikkje fleire enn éin person i husstanden. Her blir samtykke alltid grunnlaget for handsaminga av personopplysningar om søkjaren. Sidan opplysningar om alle i husstanden er avgjerande for utrekninga og tildelinga av bustøtte, kan manglande samtykke frå nokon av dei andre i husstanden seinke handsaminga og utbetalinga og i verste fall gjere at husstandar som elles har rett til støtte, ikkje får det. Departementet legg til grunn at det stort sett ikkje vil vere vanskeleg å hente inn samtykke frå alle i husstanden. Difor vil det sjeldan oppstå situasjonar der ein manglar samtykke.

Sjølv om personopplysningslova § 8 opnar for at Husbanken og kommunen på visse vilkår kan hente inn og handsame personopplysningar òg når samtykke manglar, vil dette ofte vere vanskelege avgjerder å ta. Det er ei betre løysing å ha ein avgrensa unntaksheimel i lova. Departementet er samd med Datatilsynet i at ein slik heimel bør innehalde vilkår for når unntaket kan nyttast, og at det må respekterast dersom nokon ikkje ønskjer å gje samtykke. For det første meiner departementet at unntaket berre må gjelde i dei sakene der det er uhøveleg vanskeleg å få tak i samtykke frå den det gjeld. Med det meiner departementet at det må vere praktiske årsaker til at det ikkje kan bli gjeve samtykke. Det kan til dømes vere om ein i husstanden ligg på sjukehus og difor ikkje er i stand til å gje samtykke. For det andre må det vere klart at den som opplysningane gjeld, ville ønskt at opplysningar om han eller ho skulle handsamast. Departementet meiner at det må leggjast ei streng vurdering til grunn for å kunne fråvike kravet om samtykke, og at det må gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak. Dersom vilkåra for å nytte unntaksheimelen ikkje er til stades, må saka avvisast på grunn av manglande opplysningar. Departementet gjer framlegg om ein slik unntaksheimel.

Departementet viser til § 8 andre leddet i lovframlegget.

5.9 Utlevering av personopplysningar

I medhald av husbanklova § 12 har departementet fullmakt til å fastsetje i forskrift eller gje samtykke i dei enkelte tilfella om at andre offentlege styresmakter kan få nytte opplysningar frå bustøtteregisteret. Denne føresegna presiserer at reglane om teieplikt i forvaltningslova elles skal gjelde. I forskrift 15. august 1985 nr. 1681 om adgang til opplysninger fra bostøtteregistre og bostøttesøknader er det fastsett kven som kan gjere seg kjend med opplysningane.

Departementet gjer framlegg om å vidareføre gjeldande rett. Det er behov for ein heimel i lova for å kunne gje opplysningar til ulike offentlege styresmakter, som til dømes Nav, likningskontor eller andre aktuelle kommunale instansar.

Opplysningar som ikkje skal nyttast i handsaminga av søknader, men til dømes i statistikk eller til forsking, blir ikkje omfatta av dei nye føresegnene. Slike føremål blir handsama etter krava i forvaltningslova § 13 a, b og d.

Ingen av høyringsinstansane har kome med merknader til framlegget.

Departementet viser til § 8 tredje leddet i lovframlegget.

5.10 Overføring av krav på bustøtte til kommunen (transport)

5.10.1 Gjeldande rett

Bustøtte blir hovudsakleg utbetalt direkte til søkjaren. I visse høve kan ein kommune likevel tre inn i retten til bustøtte og få støtta utbetalt direkte til seg. Det blir kalla ”transport”.

Føresegnene om transport er heimla i husbanklova § 11 og gjev kommunane ein eksklusiv rett til å inngå avtale med søkjarar om å overta krav på bustøtte på visse vilkår. Det blir kalla ”frivillig transport”. Ein kommune kan inngå ein slik avtale så framt kommunen har gjeve forskot til søkjaren til dekking av buutgifter og forskotet er gjeve for same tidsrommet som det blir gjeve bustøtte for. Vidare kan ein inngå avtale der kommunen gjev forskot til renter og avdrag på lån til dekking av buutgifter.

Husbanklova opnar òg for at departementet kan gje samtykke til at ein kommune kan tre inn i retten til bustøtte sjølv om mottakaren ikkje har gjeve samtykke. Det blir kalla ”tvungen transport”. Tvungen transport blir gjeve på same vilkår som for frivillig transport. I tillegg skal det særlege grunnar til for at departementet skal kunne gje slikt samtykke. Departementet har delegert til Husbanken å ta avgjerd i desse sakene.

5.10.2 Høyringsframlegget frå departementet

I høyringsutkastet blei det gjort framlegg om å vidareføre den eksklusive retten kommunane har til å inngå avtale med bustøttemottakarar om å få overført bustøtta til seg. Det blei føreslått å vidareføre vilkåra for slik transport.

Det blei vidare gjort framlegg om å oppheve retten til å ta tvungen transport.

5.10.3 Merknader frå høyringsinstansane

Høyringsinstansane har ikkje hatt innvendingar mot framlegget om å vidareføre ordninga med frivillig transport. Bergen kommune meiner at frivillig transport er ein føresetnad for eit vellukka, samordna bustadpolitisk arbeid. Unge funksjonshemmede meiner det må stillast klare krav som tryggjar at frivillig transport verkeleg er frivillig, slik at kommunane ikkje berre kan krevje det av openberre økonomiske grunnar. Husbanken og Trondheim kommune peiker på at kravet om eit informert, frivillig og uttrykkeleg samtykke kan føre til utfordringar for kommunar som i leigekontraktane sine avtalar transport ved misleghald av husleige.

Unge funksjonshemmede, Drammen kommune, Norges Huseierforbund, Bergen kommune, Klepp kommune og Husbanken støttar framlegget om å avvikle tvungen transport. Husbanken meiner at det likevel må vurderast om avviklinga skal utsetjast til kommunane kan tilby tilstrekkelege tenester til bebuarane når det gjeld forvaltning av eigen økonomi, og på det viset gjere mottakarane i stand til å klare seg sjølve. Både Drammen kommune og Bergenkommune peiker på at dei ikkje lenger nyttar tvungen transport. Drammen kommune meiner ei avvikling av tvungen transport ikkje kjem til å få nemneverdige følgjer så lenge førehandssamtykke kan brukast. Bergen kommune meiner at dersom det skulle oppstå ei problemstilling om tvungen transport, ville ho etter alt å dømme innehalde ei rekkje andre konfliktspørsmål, slik at ho må løysast på anna vis. Trondheim kommune meiner det er uheldig om tvungen transport blir avvikla, sjølv om det er svært sjeldan det blir nytta. Iblant blir tvungen transport nytta når mottakaren ikkje betalar husleige, for å hindre at han eller ho blir kasta ut av bustaden.

5.10.4 Vurderingane til departementet

Den opphavlege grunnen til at transport blei innført i 1976, var at bustøtte då blei utbetalt to gonger i året. For å dekkje dei fortløpande bukostnadene måtte oftast kommunane gje forskot kvar månad. Avtalar om transport gjorde det mogleg for kommunane å forskotere bukostnadene for så å få dei dekte av staten i etterkant. Transport oppfylte det behovet brukarane hadde for likviditet, samstundes som det hindra at stat og kommune utan å ta omsyn til kvarandre dekte dei same bukostnadene.

I og med at bustøtte no blir utbetalt kvar månad, har ein vesentleg del av den opphavlege grunnen for transport falle bort. Samstundes blir ordninga brukt i monaleg omfang i dag, men med andre grunngjevingar. Talet på transportavtalar låg i 2011 på om lag 10 000. Dei høyringsinstansane som har gjeve fråsegner, er positive til ordninga. Bergen kommune meiner frivillig transport er ein føresetnad for eit vellukka samordna bustadpolitisk arbeid. Departementet legg vekt på at ordninga har positiv verknad på arbeidet med å hjelpe dei vanskelegstilte på bustadmarknaden. Avtalane er i praksis ei viktig hjelp til dei som får bustøtte, og som har vanskar med å prioritere utgiftene sine. Dei er difor viktige i arbeidet med å hindre utkasting og førebyggje bustadløyse.

For å medverke til at bustøtte ikkje går til å dekkje andre utgifter enn buutgifter, rår departementet til å vidareføre vilkåret om at kommunen må ha løyvd forskot til buutgifter eller til avdrag og renter på bustadlån til bustøttemottakaren for å kunne gjere avtale om transport.

For å betre rettstryggleiken for søkjarane rår departementet til å setje krav om at samtykket skal vere informert, frivillig og uttrykkeleg. Kommunane skal ha plikt til å gje tilstrekkeleg informasjon slik at mottakarane skjønar kva transporten gjeld. På det viset får mottakarane oversyn over kva slags konsekvensar avtalen har, kor lenge avtalen gjeld, og kva som skal til for å seie opp avtalen. Samtykket skal vere frivillig. Det må ikkje kome i stand under tvang eller press. At samtykket skal vere uttrykkeleg, inneber at søkjaren må gjere noko aktivt for å gje samtykket sitt. Det er kommunen som må gjere det sannsynleg at samtykket er gjeve.

Så lenge alle føresetnadene i lova er oppfylte, skal ikkje regelen vere til hinder for at kommunane reint praktisk kan utforme og hente inn ei fråsegn om samtykke til transport på den måten dei ynskjer. Kommunen må likevel stå inne for at transportfråsegna er gyldig.

Departementet gjer framlegg om å avvikle ordninga med tvungen transport. Å ta ifrå nokon retten til å disponere over sin eigen økonomi på det viset er eit stort inngrep. Som Bergen kommune peiker på, må ein løyse slike saker på anna vis, sidan dei inneheld fleire konfliktspørsmål. Fråsegner frå høyringsinstansane syner òg at ordninga nesten ikkje blir nytta lenger. Tal frå Husbanken syner at det i 2011 ikkje var nokon slike saker, medan det i 2010 og 2009 var høvesvis ei og tre saker.

Departementet tilrår å vidareføre frivillig transport, men gjer framlegg om å avvikle tvungen transport. Departementet viser til § 9 i lovframlegget.

5.11 Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake o.a.

5.11.1 Gjeldande rett

I medhald av forskrifta om bustøtte er hovudregelen ved utrekning av bustøtte at ein nyttar opplysningar om inntekta og formuen til søkjarane frå den sist tilgjengelege likninga. Det gjev i dei fleste høve tilfredsstillande presisjon samstundes som dei administrative kostnadene blir låge. Ulempa er at desse data speglar av inntekta frå eit halvt til halvanna år tilbake i tida. Inntekta kan anten ha auka eller blitt redusert sidan den gongen.

Ved auke i inntekta har dei som får bustøtte, plikt til å melde ifrå når den faktiske inntekta i den perioden det blir søkt bustøtte for, er høgare enn den øvre inntektsgrensa for å få bustøtte. Mottakaren blir underretta om denne grensa ved vedtak om bustøtte. Det er få som melder ifrå om ein slik auke i inntekta. Det er i dag ikkje faste rutinar for etterkontroll av dei likningsopplysningane som blir nytta. Husbanken krev etter skjøn bustøtta tilbakebetalt i tilfelle der det er openbert urimeleg at mottakaren har fått støtte.

Mottakaren pliktar òg å melde ifrå dersom det skjer andre endringar som han eller ho forstår eller burde forstå har innverknad på utrekninga av bustøtta. Ei slik generell opplysningsplikt følgjer av § 21 i forskrifta. Forutan opplysningar om inntekt og formue kan dette til dømes gjelde opplysningar som flytting, endringar i talet på medlemmer i husstanden eller endra buutgifter.

Paragraf 27 i forskrifta gjev Husbanken rett til å krevje at mottakaren betaler tilbake dersom han aktlaust har gjeve galne eller mangelfulle opplysningar. Det same gjeld dersom Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren burde ha skjøna det.

5.11.2 Høyringsframlegget frå departementet

Dei likningsdata om inntekt og formue som etter hovudregelen blir nytta ved utrekning av bustøtte for den einskilde søkjaren, ligg noko tilbake i tid. Difor vik dei i dei fleste høve av frå den faktiske inntekta i den perioden det blir søkt om bustøtte for. Mindre avvik er uproblematiske, men store avvik må korrigerast. Departementet gjorde difor framlegg om å innføre ein heimel i § 10 i lova for å kunne kontrollere opplysningane om inntekta og formuen til husstandar som har fått bustøtte.

Ein kan gjennomføre etterkontroll ved å samanlikne dei likningsdata som blei nytta ved berekninga av bustøtte, med likningsdata som viser den faktiske inntekta i den perioden det blei utbetalt bustøtte for, når desse data blir tilgjengelege. Ein slik kontroll vil ha høg presisjon og låge administrative kostnader.

Dersom inntekta til husstanden i den perioden husstanden fekk bustøtte, har auka så mykje at inntekta overstig grenser som er fastsette av departementet i forskrift, skal den bustøtta som er utbetalt krevjast tilbake. Kravet om tilbakebetaling kan fremjast utan omsyn til kven som er skuld i at det er utbetalt for mykje.

Departementet gjorde vidare framlegg om å lovfeste gjeldande rett i § 27 i forskrifta om at Husbanken har rett til å krevje at mottakaren betaler tilbake dersom han eller ho visste eller burde visst at han eller ho ikkje har krav på støtte, eller dersom han eller ho aktlaust har gjeve galne eller mangelfulle opplysningar. Husbanken kan òg krevje tilbakebetaling dersom Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren burde ha skjøna det.

5.11.3 Merknader frå høyringsinstansane

Bærum kommune, Drammen kommune, Unge funksjonshemmede, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Husbanken og Nav støttar framlegget om at ein skal krevje tilbakebetaling av for mykje utbetalt bustøtte. Ingen av høyringsinstansane går imot framlegget.

Husleigetvistutvalet gjer framlegg om å styrkje det førebyggjande arbeidet slik at fleire av dei som ikkje har krav på bustøtte, får avslag når dei søkjer. Utvalet peikar på at søkjarar i dag ikkje treng stadfeste inntektsopplysningane når dei søkjer om bustøtte. Vidare gjer Husleigetvistutvalet framlegg om å nytte ei førebels utlisting av saker frå skattestyresmaktene tidleg på året, som syner vesentlege endringar i inntekta frå siste likning. Ei slik utlisting ville fange opp ein monaleg del av dei som burde hatt høgare bustøtte, og ville òg redusere talet på krav om tilbakebetaling.

5.11.4 Vurderingane til departementet

Det er viktig å sørgje for at bustøtta fungerer som ei målretta og effektiv ordning for å sikre dei med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Midlane til fellesskapet må forvaltast på ein måte som vekkjer tillit. Då er det viktig å sjå til at reglane blir følgde, og at bustøtte berre blir utbetalt til dei som har krav på det. Departementet kjem difor til å styrkje det førebyggjande arbeidet slik at så få som råd med ein vesentleg auke i inntekta får utbetalt bustøtte i første hand. Samstundes kan det vere gagnleg å innføre ein systematisk etterkontroll av inntekta. Ingen av høyringsinstansane går imot dette, og dei som uttalar seg, støttar framlegget. Departementet gjer difor framlegg om at det i paragraf 10 i lova blir teke inn ein heimel for å gjennomføre systematisk etterkontroll av dei opplysningane om inntekta som blei nytta ved utrekninga av bustøtte. Ved ein vesentleg auke i inntekta, må bustøtta betalast tilbake. Grensene for tilbakebetalinga blir fastsette i forskrifta.

Departementet gjer òg framlegg om å vidareføre høyringsframlegget som gjeld lovfesting av føresegna i § 27 i forskrifta om at Husbanken har rett til å krevje at mottakaren betaler tilbake støtta dersom han eller ho visste eller burde visst at han eller ho ikkje har krav på støtte. Det same gjeld dersom han eller ho aktlaust har gjeve galne eller mangelfulle opplysningar. Husbanken kan òg krevje tilbakebetaling dersom Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren burde ha skjøna det.

Departementet viser til § 10 i lovframlegget.

5.12 Inndriving av krav på tilbakebetaling av bustøtte o.a.

5.12.1 Gjeldande rett og praksis

I dag driv Husbanken sjølv inn sine krav på for mykje utbetalt bustøtte. Dersom skuldnaren framleis får bustøtte, motreknar Husbanken kravet på for mykje utbetalt bustøtte i kravet han har på bustøtte. Resten av krava driv Husbanken inn anten utanrettsleg eller gjennom rettsapparatet. Husbanken har i dag berre manuelle rutinar for oppfølging og innkrevjing, og dei er lite eigna for å handtere mange saker.

Husbanklova § 8 fastset at Husbanken kan ettergje krav på tilbakebetaling av bustøtte der det ikkje er mogleg å drive inn kravet.

5.12.2 Høyringsframlegget frå departementet

Departementet gjorde framlegg om at vedtak om krav på tilbakebetaling av bustøtte skal vere tvangsgrunnlag for utlegg. Det blei føreslått ein heimel for å overføre krav på tilbakebetaling av bustøtte til Statens innkrevjingssentral for innkrevjing. Heimelen gav òg Statens innkrevjingssentral særleg namsmakt til å gjere trekk i lønn og liknande ytingar og å stifte utleggspant for krav på tilbakebetaling av bustøtte. Vidare føreslo departementet å gje både Husbanken og Statens innkrevjingssentral makt til å delta i gjeldsordningar etter gjeldsordningslova og delta i utanrettslege gjeldsforhandlingar.

I saker der det ikkje er mogleg å drive inn kravet, gjorde departementet framlegg om at Husbanken og Statens innkrevjingssentral skal ha høve til å ettergje krav.

5.12.3 Merknader frå høyringsinstansane

Drammen kommune, Statens innkrevjingssentral og Husbanken stiller seg positive til framlegget. Statens innkrevjingssentral ser det som ynskeleg å få full kreditorposisjon, det vil seie å kunne ta hand om både den utanrettslege innkrevjinga og tvangsinnkrevjinga.

Statens innkrevjingssentral meiner òg at det er naudsynt å ta inn ei føresegn om at ei avgjerd om å ettergje krav på tilbakebetaling skal kunne påklagast. Husbanken og Statens innkrevjingssentral meiner at det vil vere behov for å ettergje krav der det er sterke sosiale grunnar til å ikkje forfølgje kravet, eller der grunnen er dårleg helse.

5.12.4 Vurderingane til departementet

Med nye reglar om etterkontroll av inntekt kjem talet på krav på tilbakebetaling av bustøtte truleg til å auke monaleg. Husbanken har i dag ikkje noko opplegg for å ta hand om det auka talet på saker. Det vil vere tid- og ressurskrevjande å etablere rutinar og administrere ei slik tilbakesøking. Departementet tilrår å vidareføre høyringsframlegget om å overføre til Statens innkrevjingssentral oppgåva med å drive inn krav på tilbakebetaling av bustøtte. Departementet viser til at Statens innkrevjingssentral driv med innkrevjing for fleire statlege oppdragsgjevarar og har eit effektivt apparat for dette. Statens innkrevjingssentral kan drive inn krava på eit langt meir effektivt og rasjonelt vis enn Husbanken. Statens innkrevjingssentral kan truleg medverke til at ein langt større del av dei totale krava om tilbakebetaling kan bli drivne inn. Departementet tilrår å gje Statens innkrevjingssentral makt til å gjennomføre både utanrettsleg innkrevjing og tvangsinndriving. Det blir lagt til rette for at Statens innkrevjingssentral skal ha full kreditorposisjon.

Dei nærare oppgåvene som Statens innkrevjingssentral skal ta hand om, kjem til å bli regulerte i ein avtale mellom Husbanken og Statens innkrevjingssentral.

Departementet føreslår å vidareføre høyringsframlegget om at vedtak om tilbakebetaling av bustøtte skal vere tvangsgrunnlag. Det blir òg føreslått å vidareføre framlegget i høyringsnotatet om ein heimel for å gje Statens innkrevjingssentral høve til å stifte utleggspant og etablere utleggstrekk.

Bustøttemottakarar som har eit ubetalt krav på bustøtte kan hamne i ei gjeldsordning. Departementet tilrår difor at Husbanken og Statens innkrevjingssentral kan delta i gjeldsordningar, både ordningar etter gjeldsordningslova og utanrettslege gjeldsordningar. Dei skal òg ha høve til å ettergje krav som det ikkje lèt seg gjere å drive inn.

Departementet er samd med Husbanken og Statens innkrevjingssentral i at det kan vere behov for å ettergje krav ut frå eit rimeleg skjøn. Det gjeld til dømes når skuldnaren døyr, ved alvorleg sjukdom eller når han eller ho av liknande grunnar er ute av stand til å innfri kravet. I slike situasjonar vil det verke urimeleg tyngjande å halde fram med innkrevjinga. Departementet tilrår at det skal vere høve til å ettergje krav sjølv om dette ikkje gjev betre dekning enn vidare inndriving.

Departementet tilrår at det ikkje skal vere høve til å klage på vedtak om ettergjeving av krav på tilbakebetaling av bustøtte. I og med at ettergjeving er grunngjeve ut frå interessene til Husbanken sjølv, går det i liten grad ut over rettstryggleiken til skuldnaren at det ikkje er høve til å klage på slike avgjerder. Ettergjeving ut frå eit rimeleg skjøn er ikkje meint som ein rett skuldnaren skal ha, men er berre eit tryggingstiltak for ekstraordinære tilfelle. Det ligg difor ikkje føre sterke omsyn til rettstryggleiken, som tilseier at det skal vere høve til å klage i slike tilfelle.

Departementet viser til § 11 og § 12 i lovframlegget.

5.13 Klageordning

5.13.1 Gjeldande rett og praksis

Eit vedtak om bustøtte er eit enkeltvedtak som søkjaren kan klage på etter forvaltningslova § 28. Opphavleg blei klagene handsama av departementet som næraste overordna forvaltningsorgan i medhald av hovudregelen i forvaltningslova. Då det etter kvart kom inn fleire klager enn det departementet hadde kapasitet til å handsame, blei det fastsett ei forskrift om at klagene ikkje lenger skulle handsamast av departementet, men av Husbanken ved ei fornya handsaming. Departementet viser her til forskrift av 22. februar 1974 nr. 3822 om unntak fra forvaltningslovens klageregler i saker om bostøtte.

Kvar månad blir det gjort vedtak om bustøtte. Vedtaket blir sendt til søkjaren første gongen det blir gjort, og seinare når det blir gjort endringar som verker inn på utrekninga av bustøtta. Elles blir bustøtte utbetalt som ei fortløpande yting kvar månad. Klager frå mottakaren blir sende til kommunen, som førebur klaga før ho går vidare til Husbanken. Kvart regionkontor i Husbanken avgjer klager innanfor sitt ansvarsområde.

Talet på vedtak om bustøtte har auka monaleg dei siste åra, frå 368 000 i 2006 til 1 562 000 i 2011. Det same har talet på klager gjort, frå 6 900 i 2006 til 12 900 i 2011. Dette er hovudsakleg ei følgje av at det i 2007 blei innført månadlege vedtak om bustøtte mot tidlegare tre vedtak i året. I tillegg har talet på mottakarar auka etter at bustøtta blei utvida i 2009. Vidare blir det høve til å klage på dei vedtaka Husbanken kjem til å gjere om at tilbakebetaling av bustøtte skal vere tvangsgrunnlag for utlegg, jf. § 11 i framlegget til lov.

Det finst i dag ei klagenemnd som handsamar klager på vedtak om lån og tilskot frå Husbanken. Nemnda har ikkje avgjerdsmakt i klager på bustøtte.

5.13.2 Høyringsframlegget frå departementet

Departementet gjorde framlegg om å oppheve ordninga med at Husbanken kan avgjere klager på vedtak om bustøtte ved ei ny handsaming. I staden blei det føreslått å gje departementet heimel til å kunne fastsetje forskrift om ei særskild klagenemnd for enkeltvedtak for bustøtte.

5.13.3 Merknader frå høyringsinstansane

Norges Huseierforbund, Unge funksjonshemmede, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Husleigetvistutvalet, Bergen kommune, Klepp kommune og Husbanken støttar framlegget. Husleigetvistutvalet meiner framlegget inneber ei monaleg betring, og Husbanken meiner det er viktig at rettstryggleiken kjem til å bli betre med ei uavhengig nemnd. Husbanken og Klepp kommune peiker på at ei særskild klagenemnd ikkje må seinke handsaminga av klagesaker.

5.13.4 Vurderingane til departementet

Det følgjer av forvaltningslova § 28 at forskrifter som avgrensar klageretten, berre kan gjevast når ”tungtvegande grunnar” taler for det. Regelen om unntak er snever, og det blir følgt ein streng praksis ved vurderinga. At klagaren i bustøttesaker ikkje får prøvd saka si av eit nytt organ, men ved ei ny prøving i Husbanken, er noko som i seg sjølv avgrensar klageretten. Det bør vere større distanse til det organet som skal handsame klagene, enn det er i dag. Det kan elles bli tvil om omsynet til objektivitet og habilitet blir teke godt nok vare på. Det kan vere med på å svekkje tilliten til Husbanken i desse sakene.

I juridisk teori er det lagt vekt på at omsynet til rettstryggleiken kan vere særs viktig for avgjerder som skal dekkje grunnleggjande behov, til dømes avgjerder om tildeling av økonomisk stønad. Bustøtte er ei slik ordning, som skal hjelpe husstandar med låge inntekter til å greie buutgiftene slik at dei skal kunne klare å halde på den bustaden dei har. Departementet meiner difor at det ikkje er tungtvegande grunnar til å halde fram med den gjeldande ordninga, og føreslår å oppheve forskrifta.

Det er likevel ikkje føremålstenleg å gå tilbake til hovudregelen i forvaltningslova om at departementet, som overordna forvaltningsorgan, skal vere klageinstans. Det ville vere lite tilrådeleg ut frå omsynet til effektiviteten. Ei så stor mengd med klagesaker ville få vesentlege administrative konsekvensar for departementet. Dessutan skjer det ei klar forvaltningspolitisk utvikling mot å reindyrke oppgåvene til departementa som sekretariat for den politiske leiinga. I dei seinare åra har det òg i aukande grad skjedd ei dreiing mot at klager blir handsama av særskilde klagenemnder. Departementet meiner dette er grunnar som er tungtvegande nok til å fråvike hovudregelen i forvaltningslova.

Departementet meiner alt dette talar for å leggje klagene til ei uavhengig klagenemnd. Det vil skape større avstand mellom den instansen som gjer vedtak om bustøtte, og den som handsamar klagene. Dei som klagar, får då i større grad ei reell overprøving av den enkelte saka. Nemnda vil stå fram som meir nøytral og objektiv og såleis gje større tillit og legitimitet. Med ei nemnd for heile landet tek ein òg godt vare på omsynet til lik handsaming og ein einsarta praksis.

Det finst allereie ei klagenemnd for vedtak om lån og tilskot frå Husbanken. Talet på klagesaker har gått kraftig ned dei siste åra, noko som kjem av at etablerings- og kjøpslåna blei avvikla og erstatta med startlån. Det er kommunane som tildeler startlån, og dei har sine eigne klageordningar. Departementet meiner det kan vere føremålstenleg å kunne leggje klager på bustøtte til denne klagenemnda. Nemnda får då eit rimeleg omfang av saker, samstundes med at det blir ei felles nemnd for alle dei økonomiske verkemidla som Husbanken forvaltar, det vil seie både for lån, tilskot og bustøtte.

Sjølv om det i forvaltningslova § 28 er ein heimel for å fastsetje klagereglar som utfyller eller avvik frå reglane i lova, meiner departementet at den beste løysinga er at unntaket kjem fram i særlova om bustøtte, slik det òg gjer i lov om Husbanken når det gjeld klager på lån og tilskot. Departementet føreslår ein heimel for å fastsetje forskrift for ei særskild klagenemnd.

Departementet viser til § 13 i lovframlegget.

Til forsida