Prop. 76 L (2011–2012)

Lov om bustøtte (bustøttelova)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget i § 13 i lova som gjev heimel for å opprette ei klagenemnd, vil føre til ein auke i dei administrative kostnadene på inntil 1 000 000 kroner i året. Departementet tilrår at kostnadene blir dekte innanfor det ordinære administrasjonsbudsjettet til Husbanken.

Når det gjeld føresegner om etterkontroll av inntekta og formuen til mottakarane, jf. § 10 i lova, kjem departementet tilbake til dei økonomiske konsekvensane av å innføre etterkontroll i framlegget til statsbudsjett for 2013.

Kostnadene til Statens innkrevjingssentral i samband med innkrevjing av krav på tilbakebetaling av bustøtte i § 11 skal dekkjast av Husbanken etter avtale. Korleis kostnadene blir dekte vil gå fram av avtale som vil bli inngått mellom Husbanken og Statens innkrevjingssentral.

Framlegget kjem elles ikkje til å ha økonomiske og administrative konsekvensar.

Til forsida