Prop. 76 L (2011–2012)

Lov om bustøtte (bustøttelova)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte paragrafane i lov om bustøtte

Kapittelet inneheld merknader til dei enkelte paragrafane i lovframlegget. Det blir gjort nærare greie for detaljane i føresegnene og for korleis dei skal forståast.

Bustøtte er ei yting som søkjarar har rett til så framt vilkåra i og i medhald av lova er oppfylte.

Til § 1 Føremål

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande rett og gjev føremålet med bustøtta. Bustøtta skal sikre dei som har låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Føresegna gjev ikkje eit sjølvstendig rettsleg innhald, men byggjer opp under dei kriteria for tildeling som er fastsette i lova og i forskrifta om bustøtte. For at bustaden skal vere ein høveleg bustad, må krava i § 5 vere oppfylte. Grensene for inntekt og buutgifter er regulerte i forskrifta om bustøtte.

Til § 2 Verkeområde

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande rett, og avgrensar verkeområdet for lova. Det er eit vilkår for rett til bustøtte at søkjaren er registrert i folkeregisteret og lovleg busett i Noreg. Begge vilkåra må vere innfridde slik at ein hindrar at til dømes personar som oppheld seg ulovleg i landet skal kunne få bustøtte. Søkjaren må ha fast opphaldsstad og sjølv bu i bustaden.

Lova gjeld ikkje på Svalbard, jf. grunngjevinga i kapittel 5.2.

Til § 3 Vilkår for rett til bustøtte

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande rett og regulerer dei vilkåra søkjaren må fylle for å få rett til bustøtte. Med dei unntaka som er fastsette i § 4, har alle over 18 år rett til å få bustøtte. Òg personar under 18 år kan få bustøtte dersom dei har eigne barn. Det er vidare eit krav om at søkjaren sjølv faktisk bur i den bustaden det er søkt om bustøtte for, og at han eller ho er ansvarleg for buutgiftene. Kva som blir godkjent som buutgifter, er fastsett i forskrifta § 7. Søkjarar kan berre få bustøtte for den faste bustaden sin.

Til § 4 Unntak for visse personar

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande rett og fastset unntak frå regelen i § 3. Første leddet gjer unntak for dei som avtener førstegongsteneste i Forsvaret eller sivilteneste. Dei har rett til å få dekte buutgifter frå eigne ordningar i Forsvaret. Unntaket gjeld òg personar som bur saman med ein som er i førstegongsteneste eller sivilteneste, jf. tredje leddet.

Andre leddet fastset at studentar ikkje har rett til bustøtte. Det gjeld likevel ikkje studentar som har eigne barn som bur i bustaden, eller som studerer som eit ledd i eit offentleg program for arbeidskvalifisering. Det siste kan vere studentar som deltek i eit yrkesretta attføringsopplegg gjennom Nav, eit kvalifiseringsopplegg, eit introduksjonsprogram o.a. Dei har rett til bustøtte. Som studentar reknar ein alle som har rett til ytingar frå Statens lånekasse for utdanning.

Tredje leddet fastset at heller ikkje personar som bur saman med ein student eller ein som avtener førstegongsteneste, har rett til bustøtte. Foreldre som bur saman med eigne barn som er studentar, har likevel rett til bustøtte.

Fjerde leddet gjer unntak for bebuarar på institusjonar der det kan bli kravd vederlag for opphaldet på grunnlag av inntekta. Dette gjeld institusjonar som er etablerte etter lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. og lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen eller etter forskrift som er gjeven i medhald av ei av desse lovene.

Til § 5 Krav til bustaden

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande rett og fastset krav til bustaden som må oppfyllast for at ein skal få rett til bustøtte. Krava er kumulative.

Første leddet punkt a fastset at bustaden skal vere godkjend som bustad. Det vil seie at han skal vere godkjend av plan- og bygningsstyresmaktene. Bustaden skal vere den faste bustaden til søkjaren, der han eller ho er registrert i folkeregisteret. Det blir ikkje gjeve bustøtte for fritidseigedommar.

Første leddet punkt b set krav om at det skal vere ein sjølvstendig bustad med eigen inngang. Bustaden skal såleis vere skild frå andre bustader og kan ikkje ha inngang gjennom ein annan bustad.

Første leddet punkt c set krav om at bustaden skal ha eige bad og toalett og gje høve til kvile og matlaging. Det er ikkje krav om at det skal vere eit eige rom til verken kvile eller matlaging. Krava i punkt b og c gjer at hyblar fell utanfor.

Andre leddet gjev unntak frå krava i første leddet punkt b og c for utleigebustader der kommunen har gjort vedtak om tildeling til helse- og sosialføremål. Det er sett som vilkår at bustadene skal vere organiserte som bufellesskap eller liknande. Kommunalt disponerte sosiale bustader kan vere bustader som kommunen sjølv eig og leiger ut, eller det kan vere bustader som kommunen leiger for å framleige. Det kan òg omfatte bustader som kommunen har rett til å disponere, til dømes når ei stifting eig bustadene, medan kommunen har rett til å stå for tildelinga. Alt dette gjeld berre bustader som skal brukast til helse- og sosialføremål. Personalbustader som kommunen leiger ut, fell utanfor.

Krava i § 5 gjer at dei som bur i mellombelse buformer som hospits, pensjonat, hotell o.a., fell utanfor ordninga.

Til § 6 Utrekning av bustøtte

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande rett og gjev føresegner om dei overordna prinsippa for utrekning av bustøtte. Bustøtte er ei yting søkjaren har rett til dersom vilkåra i lova og forskrifta er oppfylte. Når krava til personen og bustaden er oppfylte, er det forholdet mellom buutgiftene og inntektene som avgjer kor mykje bustøtte søkjaren får. Utbetalt bustøtte skal svare til ein fastsett prosent av differansen mellom godkjende buutgifter og ein eigendel. Eigendelen blir fastsett ut ifrå inntekta og formuen til husstanden og talet på medlemmer i husstanden.

Paragrafen gjev vidare ein heimel for departementet til å fastsetje forskrifter om satsar og om utrekning og utbetaling av bustøtte. Slike reglar er gjevne i gjeldande forskrift om bustøtte.

Til § 7 Finansiering og organisering

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande rett.

Første leddet fastset at staten skal dekkje utgiftene til bustøtte. Midlane blir løyvde over statsbudsjettet.

Andre leddet fastset at det er Husbanken og kommunane som administrerer bustøtteordninga. Husbanken har det overordna ansvaret og står for drifta av ordninga. Det er i forskrifta om bustøtte § 22 fastsett kva kommunane skal medverke til. I hovudsak har kommunane kontakten med den enkelte søkjaren og sakshandsamar søknaden, medan det er Husbanken som gjer vedtak om bustøtte. Kommunen dekkjer sjølv sine eigne utgifter til administrering av ordninga.

Tredje leddet gjev departementet fullmakt til å fastsetje forskrifter om administrering og handsaming av bustøtte.

Til § 8 Handsaming av personopplysningar

Paragrafen gjev heimel for å kunne hente inn, handsame og utlevere personopplysningar om den som søkjer om bustøtte, og dei andre personane i husstanden.

Første leddet er ei vidareføring av § 10 i husbanklova og § 23 i forskrift om bustøtte. Det gjev Husbanken heimel for å påleggje andre å gje opplysningar som har verknad for rettar og plikter etter lova eller forskrifta. Det gjeld offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag og eigarseksjonssameige. Dette vil vere opplysningar om til dømes inntekt, formue, lån, buutgifter osv. som er naudsynte for å kunne avgjere ein søknad om bustøtte. Opplysningane skal kunne hentast inn utan hinder av teieplikt.

Opplysningar som ikkje skal nyttast i handsaminga av søknader, men berre i statistikk, blir ikkje omfatta av dei nye føresegnene. Slike opplysningar må handterast etter krava i forvaltningslova § 13 a, b og d.

Andre leddet er nytt og fastset føresegner for innhenting og handsaming av personopplysningar. Første punktumet lovfestar grunnprinsippet om at opplysningar ikkje skal hentast inn og nyttast utan samtykke frå den som opplysningane gjeld. Dette gjeld både for søkjaren og dei andre i husstanden. Andre punktumet gjev unntak frå denne hovudregelen. Unntaket kan berre nyttast dersom det er uhøveleg vanskeleg å få samtykke. Det må vere praktiske grunnar til at det er uhøveleg vanskeleg å få samtykke, som til dømes at ein person ligg på sjukehus og ikkje er i stand til å gje samtykke.

Vidare er det ein føresetnad at det må vere klart at den det gjeld, ville ynskt å gje opplysningane. Føresegna inneber at dersom nokon motset seg å gje samtykke, skal søknaden avvisast. Utan naudsynte opplysningar kan ikkje Husbanken ta realitetsavgjerd i saka. Føresetnadene for å gjere unntak frå hovudregelen om samtykke må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Departementet legg til grunn ei streng tolking av unntaket. Det skal såleis sjeldan vere behov for å nytte retten til å bruke unntaket.

Tredje leddet er ei vidareføring av gjeldande rett og fastset at departementet kan gje forskrift om eller i enkelttilfelle samtykke i at opplysningane i bustøtteregisteret kan bli brukte av andre offentlege styresmakter når allmenne interesser tilseier det. Det kan til dømes vere Nav, likningskontor eller aktuelle kommunale instansar som treng opplysningar i sakshandsaminga. Det kan òg vere aktuelt når ein skal utføre revisjon eller ei anna form for kontroll av verksemda til Husbanken og kommunane.

Til § 9 Overføring av krav på bustøtte

Paragrafen fastset at krav på bustøtte kan overførast til ei kommunal styresmakt (transport). Transport føreset samtykke frå bustøttemottakaren. Kommunen er ansvarleg for at det ligg føre eit slikt samtykke.

Første punktumet er ei vidareføring av gjeldande rett. Krav på bustøtte som ikkje har forfalle til betaling, kan overførast til kommunen på visse vilkår. For det første må kommunen ha gjeve forskot til dekking av buutgifter eller til avdrag og renter på bustadlån for det same tidsrommet. At kravet ikkje skal ha forfalle, inneber at den kommunale ytinga må vere knytt til den same terminen eller månaden som det er ytt bustøtte for. Ho må òg vere gjeven for det same tidsrommet som den aktuelle terminen eller månaden. Når dei kommunale ytingane fell bort, gjeld ikkje erklæringa om transport lenger.

For det andre må søkjaren på førehand ha gjeve samtykke til transport. Andre punktumet er nytt og fastset at samtykket må vere frivillig, uttrykkeleg og informert. Det skal vere frivillig for den som får bustøtte, å gje samtykke. Bustøttemottakaren skal ikkje utsetjast for tvang eller press til å gje samtykke. At samtykket skal vere informert, inneber at søkjaren forstår kva samtykket gjeld, og kva for verknader det får, og at det kan trekkjast tilbake. Kommunen har plikt til å gje tilstrekkeleg informasjon. At samtykket skal vere uttrykkeleg, inneber at søkjaren må gjere noko aktivt for å gje samtykket sitt. Det må gå tydeleg fram at han eller ho samtykkjer, kva samtykket gjeld, og at det er gjeve til kommunen. Det er kommunen som er ansvarleg for å godtgjere at samtykket oppfyller krava i lova.

Til § 10 Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake

Paragrafen inneheld føresegner om den retten Husbanken har til å krevje tilbake for mykje utbetalt bustøtte. Første leddet punkt a, b og c er ei vidareføring og lovfesting av gjeldande rett i forskrift om bustøtte § 27. Punkt d gjeld tilbakebetaling ved etterkontroll av inntekt/formue og er nytt.

Første leddet punkt a fastset at Husbanken kan krevje bustøtte tilbake dersom mottakaren visste eller burde ha visst at han eller ho ikkje hadde krav på støtta.

Første leddet punkt b seier at bustøtte kan krevjast tilbake når mottakaren eller nokon som har handla på vegner av mottakaren, aktlaust har gjeve opplysningar som anten er galne eller mangelfulle.

Første leddet punkt c gjeld òg når Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren burde ha skjønt det.

Første leddet punkt d er nytt og gjev Husbanken rett til å få tilbakebetalt bustøtte når etterkontroll syner at inntekta/formuen overstig grenser som departementet har fastsett i forskrifta om bustøtte. Regelen er objektiv og gjeld utan omsyn til kven som er skuld i at det er utbetalt for mykje.

Andre leddet gjev departementet fullmakt til å gje forskrifter om tilbakebetaling av for mykje utbetalt bustøtte.

Til § 11 Tvangsgrunnlag og særleg namsstyresmakt

Paragrafen er ny.

Første leddet fastset at vedtak om krav på tilbakebetaling av bustøtte er tvangsgrunnlag for utlegg. Husbanken kan drive inn kravet sjølv eller overføre det til Statens innkrevjingssentral som namsstyresmakt. Statens innkrevjingssentral skal kunne gjennomføre både utanrettsleg innkrevjing og tvangsinnkrevjing. Kva slags fullmakt Statens innkrevjingssentral skal ha i den utanrettslege innkrevjinga, blir regulert i ein avtale mellom Husbanken og Statens innkrevjingssentral.

Andre leddet gjev Statens innkrevjingssentral makt til å drive kravet inn ved trekk i løn og andre liknande ytingar, og stifte utleggspant for kravet.

Til § 12 Gjeldstinging og ettergjeving av krav

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande rett, jf. husbanklova § 8 og § 9. Første leddet fastset at Husbanken kan delta i gjeldstingingar etter gjeldsordningslova og i utanrettslege gjeldstingingar. Den retten blir i framlegget òg gjeve til Statens innkrevjingssentral. Etter andre leddet kan Husbanken og Statens innkrevjingssentral ettergje krav på tilbakebetaling av bustøtte, renter og kostnader dersom det ikkje lèt seg gjere å drive inn kravet.

Tredje leddet er nytt og gjev Husbanken og Statens innkrevjingssentral rett til å innfri krav ut frå eit rimeleg skjøn dersom skuldnaren døyr, har ein særleg alvorleg sjukdom eller liknande og er ute av stand til å innfri kravet. Føresegna gjev rett til å setje ned kravet sjølv om det ikkje gjev betre dekning enn vidare inndriving.

Fjerde leddet fastset at vedtak som er gjorde i medhald av paragrafen, ikkje skal kunne påklagast, jf. grunngjevinga i punkt 5.12.4.

Til § 13 Klage på vedtak om bustøtte

Føresegna er ny og gjev departementet heimel for å gje forskrift om ei særskild klagenemnd for bustøtte. Føresegna inneber eit unntak frå forvaltningslova § 28 om at det er departementet, som næraste overordna forvaltningsorgan, som skal handssame klager på dei vedtaka Husbanken gjer. På alle andre punkt skal kapittel VI i forvaltningslova om klage og omgjering gjelde. Ordninga skal gjelde for dei enkeltvedtaka Husbanken gjer i medhald av lov om bustøtte, med unntak av vedtak som blir gjorde i medhald av § 12. Søkjarane kjem til å ha rett til å klage på vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på bustøtte. I tillegg skal ein kunne klage på vedtak om krav på tilbakebetaling av bustøtte, jf. § 11.

Til § 14 Ikraftsetjing og overgangsreglar

Lova tek til å gjelde frå den datoen Kongen fastset.

Departementet kan gje forskrift om overgangsordningar for mottakarar som fekk bustøtte i juni 2009. Slike overgangsordningar er allereie fastsette i forskrift om bustøtte § 29.

Frå denne lova tek til å gjelde, skal § 10 til og med § 12 i husbanklova opphevast. Dette gjeld føresegner om bustøtte, som no blir regulerte i lov om bustøtte. Det fører til at § 13 i husbanklova blir til ny § 10. Vidare blir det gjort endringar i § 1 andre leddet og § 9 i husbanklova.

Til forsida