Prop. 79 L (2012–2013)

Endringar i folketrygdlova (utviding av stønadsperioden for foreldrepengar mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) kapittel 14 om ytingar ved fødsel og adopsjon.

Endringane inneber at stønadsperioden for foreldrepengar blir utvida med to veker som er øyremerkte far. Den samla stønadsperioden blir 49 veker med 100 prosent dekning eller 59 veker med 80 prosent dekning. Fedrekvoten blir 14 veker. Mødrekvoten som vert sett i kraft frå 1. juli 2013, er føreslegen tilsvarande forlenga til 14 veker innanfor den samla stønadsperioden. Den valfrie fellesdelen blir 18/28 veker avhengig av valt dekningsgrad.