Prop. 80 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Justis- og politidepartementet – Redningstenesta

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 455 Redningstenesta

Post 01 Driftsutgifter

Redningshelikoptra Noreg har i dag er gamle og har behov for mykje vedlikehald. Auka bruk på grunn av større oppdragsmengde samt at Florøbasen blei oppretta i 2009, gjer at ein berre har nok Sea King-redningshelikopter til akkurat å oppretthalde beredskapen på dei seks redningshelikopterbasane.

Sea King og 330-skvadronen høyrer også med til dei ressursane Forsvaret nyttar når politiet ber om bistand i særskilde tilfelle. For å kunne oppretthalde denne kapasiteten er det nødvendig at helikoptra og 330-skvadronen gjennomfører trening for slike oppdrag og vidare er med på samøving med politiet. Dersom redningshelikoptra skal kunne delta i slik øving utan at det går ut over redningsberedskapen, er det nødvendig å leige inn sivile operatørar som kan oppretthalde beredskapen på redningshelikopterbasane medan øvingane finn stad. Det kan då være nødvendig å leige inn sivil kapasitet i opp mot 40 dagar. Regjeringa foreslår derfor å løyve 14 mill. kroner for å gjere det mogeleg å blant anna leige inn ein sivil operatør.

På denne bakgrunn blir det foreslått å auke kap. 455 Redningstenesta, post 01 Driftsutgifter med 14 mill. kroner i 2011.

Til forsida