Prop. 94 L (2011–2012)

Lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (patentstyrelova)

Til innhaldsliste

3 Departementets vurderingar

Departementet konstaterer at høyringa gir god støtte for at det bør fremjast forslag om ein ny lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar. Departementet følgjer opp forslaget, men foreslår likevel nokre justeringar på grunnlag av det som har kome fram under høyringa.

Forslaget om at lova skal starte med ei føresegn som fastslår kva oppgåver og formål Patentstyret har, blir fulgt opp. Patentstyrets primære oppgåve er å behandle saker om registrering av rettar mv. etter lovgivinga om det industrielle rettsvern. Denne oppgåva bør difor nemnast først. Kva som meinast med industrielle rettar går fram av dei enkelte lovene, og det er ikkje ønskjelig å definere dette nærare i patentstyrelova. Føresegna bør vidare slå fast at Patentstyret kan utføre informasjonstenester og skal legge til rette for innovasjon og verdiskaping ved å vere eit kompetansesenter for industrielle rettar.

Departementet følgjer opp forslaget om at det skal gå fram av lova at Patentstyret er uavhengig ved behandlinga av saker etter lovgivinga om det industrielle rettsvern. I eitt tilfelle kan ei avgjerd frå Patentstyret bringast direkte inn for retten utan at det er nødvendig å klage på avgjerda først. Dette gjeld når Patentstyret tek eit krav om administrativ overprøving heilt eller delvis til følgje, jf. patentlova § 52 e andre ledd første punktum. Patentstyrets uavhengighet bør gjelde også ved handteringa av slike søksmål. Det føreslås derfor at det skal gå fram av Patentstyrelova at Patentstyret ikkje kan instruerast om handteringa av slike søksmål, og at det skal gå fram av patentlova at søksmålet skal rettast mot staten ved Patentstyret.

Departementet held fast ved forslaget om at Patentstyrets direktør skal tilsetjast som tenestemann av Kongen i statsråd, i samsvar med det som er ein av dei vanlege ordningane for leiarstillingar i samanliknbare statlege verksemder. I avveginga av om direktøren bør tilsetjast som tenestemann eller embetsmann, har departementet kome til at direktøren bør tilsetjast som tenestemann. Dette er i samsvar med tilsetjingsforma for dei andre etatsleiarane under departementet. Departementet har ikkje funne grunn til å vidareføre forslaget om at det skal gå fram av ei føresegn i lova kva for kompetanse dei tilsette i Patentstyret skal ha. Det vil vere opp til verksemda innanfor gjeldande budsjettrammer å sikre at ho har den nødvendige kompetanse innanfor dei ulike felt.

Forslaget om at det bør opprettast ei uavhengig klagenemnd til erstatning for Patentstyrets andre avdeling har fått brei oppslutning under høyringa, og blir følgt opp. I tillegg til føresegnene som fastslår at Klagenemnda ikkje kan instruerast om behandlinga av klager, og at departementet og Kongen ikkje kan gjere om avgjerdene, bør det også gå fram av lova at Klagenemnda ikkje kan instruerast om handteringa av søksmål mot klageavgjerder frå nemnda i saker etter lovgivinga om industrielle rettar. Vidare bør det i dei enkelte lovene om det industrielle rettsvern takast inn føresegner som slår fast at slike søksmål skal rettast mot staten ved Klagenemnda. Dette vil sikre at nemnda er uavhengig i alle samanhengar når det gjeld saker etter lovgivinga om industrielle rettar.

Departementet har kome til at leiaren og nestleiaren i Klagenemnda bør tilsetjast i fast stilling på full tid. Dette vil leggje til rette for kontinuitet og effektiv og rask saksavvikling, samtidig som det vil vere viktig for å sikre uavhengigheita til nemnda. Dei andre medlemmene i nemnda bør som i dag ha vervet på deltid, og oppnemnast for ein bestemt periode (inntil fem år) med høve til ny oppnemning fleire gongar. Departementet held fast på forslaget om at leiar og nestleiar bør oppfylle kravet til dommarar. Bortsett frå at juridisk kompetanse er viktig i mange saker, er det lagt opp til at leiar og nestleiar med den nye organiseringa skal ha ei aktiv rolle i saksførebuinga og at dei unntaksvis skal kunne avgjere ei klagesak aleine, samt avgjere klager over sakskostnadsavgjerder i Patentstyret. Juridisk kompetanse vil då vere viktig. Samtidig vil teknisk og anna kompetanse enn juridisk vere viktig i mange saker. Dette vil bli sikra ved at dei andre medlemmene i nemnda har slik kompetanse, og ved at det enkelte utval som skal behandle ei sak blir samansett ut frå kva kompetanse som trengst i saka. Det er samstundes ikkje nødvendig at leiar eller nestleiar er med i det enkelte utval, slik at det enkelte utval kan bestå av berre teknisk kunnige medlemmer.

Klagenemnda vil ha behov for sekretærfunksjonar, tekniske funksjonar, datasystem, lokalar m.m. Departementet ser for seg ei samlokalisering med Patentstyret og at det bør vere eit tett administrativt samarbeid med Patentstyret om slike funksjonar. Sidan det allereie finst relevante system og ressursar i Patentstyret, vil det lett kunne vere mindre ressurseffektivt å lokalisere Klagenemnda eit anna sted og bygge opp dei nødvendige ressursane frå grunnen av. Samlokalisering og administrativt samarbeid vil ikkje rokke ved at Klagenemnda er uavhengig av Patentstyret.

Forslaget om at leiar og nestleiar i Klagenemnda på strenge vilkår skal kunne avgjere ei klagesak aleine, blir følgt opp. Etter departementets syn er det behov for å kunne avgjere kurante saker der det ikkje er tvil om utfallet på ein enkel måte. Departementet meiner derimot at det ikkje er nødvendig med føresegner i lova om kva Klagenemndas avgjerd kan gå ut på, og følgjer ikkje opp dette forslaget.

Departementet har merka seg innspela frå høyringsinstansane når det gjeld forslaget om munnlege forhandlingar. Departementet meiner at munnlege forhandlingar og møte med partar kan vere føremålstenleg, og i nokre tilfelle nødvendig, for å sikre ei forsvarleg opplysning av ei sak. Men det er Patentstyret og Klagenemndas ansvar å syte for at saka blir forsvarlig opplyst, og innanfor dei rammer lova gir er det også opp til Patentstyret og Klagenemnda å bestemme korleis saka best kan opplysast. Å gjennomføre munnlege forhandlingar med fleire partar vil vere ressurskrevjande. Det er mindre ressurskrevjande å halde møte med ein part. Ut frå dette vil det etter departementets syn vere lite føremålstenleg å innføre ei ordning der ein part har krav på at det skal haldast munnlege forhandlingar eller møte når parten krev det, uavhengig av i kva grad dette kan bidra til å opplyse saka og ressursane som vil gå med til det.

Skriftlig saksbehandling kan også vere ressurskrevjande. Visse tilhøve kan meir effektivt opplysast gjennom munnlege forhandlingar eller møte. Departementet legg til grunn at Patentstyret og Klagenemnda i framtida i større utstrekning enn kva som har vore tilfelle vil halde møte og munnlege forhandlingar. Særlig for Klagenemnda vil dette vere aktuelt sidan den nye organiseringa gir meir rom for å halde møte eller munnlege forhandlingar enn i Andre avdeling i dag. Det er viktig at Patentstyret og Klagenemnda på alle trinn i saksbehandlinga har for auge og vurderer om munnlege forhandlingar eller møte kan vere eit eigna verkemiddel for å opplyse saka. Departementet foreslår derfor at det skal takast inn ei føresegn som pålegg Patentstyret og Klagenemnda i alle saker å vurdere om det er formålstenleg å halde møte med ein part eller ha munnlege forhandlingar mellom partane. Dette er ei utviding samanlikna med forslaget i høyringsnotatet der denne regelen berre skulle gjelde i motsegnssaker og i saker om administrativ overprøving. I tillegg blir det foreslått at Patentstyret eller Klagenemnda skal etterkome eit krav frå ein part om å halde møte eller munnlege forhandlingar, såframt kravet har sakleg grunn og ei forsvarleg utøving av tenesta tillèt at møte eller munnlege forhandlingar blir halde.

Når det gjeld forslaget om at det skal kunne tilkjennast sakskostnader i saker om administrativ overprøving har departementet justert forslaget ut frå innspela som har kome fram under høyringa. Det bør ikkje vere nokon hovudregel om at den vinnande part skal tilkjennast sakskostnader i slike saker. I staden bør Patentstyret og Klagenemnda ha høve til å tilkjenne sakskostnader etter ei brei rimelegheitsvurdering. Ved administrativ overprøving etter designlova og foretaksnamnelova bør høvet til å tilkjenne sakskostnader berre gjelde i klagesaker.

Spørsmålet om det bør vere høve til å krevje tilbake eit klagegebyr når ei klage blir teke til følgje på grunn av ein klar saksbehandlingsfeil hos Patentstyret eigner seg ikkje for regulering i Patentstyrelova. Departementet vil sjå nærare på dette spørsmålet neste gong det er aktuelt å gjere endringar i forskrift om avgifter og gebyr til Patentstyret mv.

Etter ei nærare vurdering har departementet kome til at Patentstyrelova bør innehalde ei føresegn om at Patentstyret og Klagenemnda kan bruke eksterne sakkunnige, og habilitet for slike sakkunnige m.m. Ei slik føresegn er teke inn i lovforslaget.

Departementet finn derimot ikkje at Patentstyrelova bør innehalde føresegner om saksbehandlingstid hos Patentstyret og Klagenemnda. Sakene som Patentstyret og Klagenemnda skal behandle er svært ulike. Det er gitt detaljerte reglar om korleis sakene skal behandlast i dei enkelte lover om det industrielle rettsvern med forskrifter. Departementet er einig i at det generelt er viktig at saksbehandlinga er effektiv og ikkje dreg meir ut i tid enn det som er nødvendig for å sikre ei forsvarleg behandling og ut frå omsynet til partane i saka. Sidan sakene er svært ulike, kan ikkje regler om saksbehandlingstid utformast som anna enn ikkje-bindande retningsliner. Det sentrale for å sikre ei rimeleg saksbehandlingstid er tilstrekkelege ressursar og gode saksbehandlingssystem og rutinar. Med den nye organiseringa av Klagenemnda vil ho ha fleire ressursar enn det Andre avdeling har i dag. Departementet legg til grunn at dette vil føre til at saksbehandlingstida går ned.