Prop. 94 L (2011–2012)

Lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (patentstyrelova)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Opprettinga av ei uavhengig klagenemnd som skal erstatte Patentstyrets andre avdeling vil føre til meirkostnader på om lag tre millionar kroner kvart år samanlikna med dagens organisering. Dei årlige utgiftene til Klagenemnda vil vere om lag fem millionar kroner, medan Patentstyrets årlige driftsutgifter vil bli redusert med om lag to millionar kroner når Andre avdeling blir lagt ned. Desse økte utgiftene utover innsparingar hjå Patentstyret som kan hentast inn med kutt i utgiftsløyvet, skal dekkast over Nærings- og handelsdepartementets del av statsbudsjettet, i form av eit eige budsjettkapittel for nemnda. Departementet vil innarbeide dei budsjettmessige konsekvensane i regjeringas framlegg for Stortinget i den ordinære budsjettprosessen.

Det vil og oppstå nokre etableringskostnader på anslagsvis mellom ein og to millionar kroner som kjem til å bli dekte via Nærings- og handelsdepartementets budsjett for inneverande år.

Forslaget vil ikkje elles ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.