Prop. 94 L (2011–2012)

Lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (patentstyrelova)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Til § 1 Oppgåver og formål for Patentstyret

Paragrafen gjer greie for oppgåvene og formålet til Patentstyret.

Første punktum slår fast at Patentstyret skal behandle saker om industrielle rettar som fastsett i patentlova, føretaksnamnelova, designlova, varemerkelova og edelmetallova. Dette er primæroppgåva til Patentstyret.

Andre punktum omtaler funksjonen til Patentstyret som leverandør av informasjonstenester og kompetansesenter for industrielle rettar. Omgrepet «informasjonstenester» femner om den informasjonsverksemda som Patentstyret utfører i dag, og vidareutvikling av tenester på fagområda til etaten. I tillegg til generelt informasjonsarbeid om industrielle rettar handlar dette mellom anna også om kurstilbod, tilbod om forundersøkingar og overvaking av kva det blir søkt patent på, eller søkt registrert som varemerke eller design, på vegne av kundar. Patentstyret leverer òg tenester til Nordisk patentinstitutt (NPI). Somme av desse tenestene må vi sjå som ein del av utøvinga av funksjonen som statleg organ, andre som reine informasjonstenester.

Til § 2 Patentstyrets organisasjon

Paragrafen regulerer korleis Patentstyret er organisert.

I første ledd første punktum blir det slått fast at Patentstyret er eit forvaltningsorgan som administrativt er underlagt departementet (Nærings- og handelsdepartementet).

I første ledd andre punktum blir det presisert at Patentstyret er uavhengig når det behandlar saker etter lovgivinga om industrielle rettar, og at det ikkje kan instruerast når det gjeld generell lovtolking, avgjerder i den enkelte saka eller handtering av søksmål mot avgjerder i slike saker. Bortsett frå handtering av søksmål er dette ei vidareføring av gjeldande rett, men det er nytt at dette kjem til uttrykk i lova. Presiseringa inneber at Patentstyret opptrer uavhengig ved behandling av søknader, motsegner, krav om administrativ overprøving m.m. etter desse lovene.

I første ledd tredje punktum er det presisert at Kongen eller departementet heller ikkje kan gjere om avgjerder Patentstyret har gjort i saker etter lovgivinga om industrielt rettsvern.

På andre område, til dømes når det gjeld den interne administrasjonen i Patentstyret, innkjøp og når Patentstyret deltek i internasjonale forhandlingar, gjeld dei alminnelege reglane om instruksjonsmynde og omgjeringsrett for overordna organ.

Andre ledd første punktum fastset at Patentstyret blir leidd av ein direktør som blir tilsett av Kongen i Direktøren blir tilsett som tenestemann.

Tredje ledd inneheld ein forskriftsheimel. Etter denne kan Kongen gi nærare føresegner om organiseringa av og saksbehandlinga i Patentstyret, og om informasjonstenestene til Patentstyret, medrekna betaling for desse tenestene. Betalinga blir som i dag regulert i forskrift om avgifter og gebyr til Patentstyret mv.

Til § 3 Klagenemnda for industrielle rettar

Paragrafen opprettar Klagenemnda for industrielle rettar og regulerer korleis ho er organisert.

Første ledd slår fast at Klagenemnda er klageorgan for saker som fastsett i patentlova, føretaksnamnelova, designlova, varemerkelova, edelmetallova og planteforedlarlova. Det er dermed dei nemnde lovene som regulerer kva saker som kan klagast inn for Klagenemnda, og kva saker Klagenemnda ikkje er klageorgan for blant dei vedtaka Patentstyret fattar. For slike andre vedtak, til dømes avslag på krav om innsyn etter offentleglova, skal departementet (Nærings- og handelsdepartementet) vere klageorgan i samsvar med det som gjeld elles i forvaltninga. Klagenemnda overtek dermed dei sakene som Andre avdeling i Patentstyret behandlar i dag. I dei enkelte lovene blir dermed namnet Andre avdeling erstatta med namnet Klagenemnden for industrielle rettigheter, sjå nærmare nedanfor om endringar i andre lover.

Andre ledd første punktum slår fast at Klagenemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan som administrativt er underlagt departementet (Nærings- og handelsdepartementet). Til forskjell frå Andre avdeling, som i dag er ein del av Patentstyret, blir Klagenemnda eit eige organ og ikkje ein del av Patentstyret. Kva dette sjølvstendet til Klagenemnda inneber, blir presisert i andre ledd andre punktum. Andre ledd andre punktum seier at § 2 første ledd andre og tredje punktum gjeld tilsvarande for Klagenemnda. Klagenemnda kan dermed ikkje kan instruerast ved behandling av klager etter lovene som er nemnde i §3 første ledd, og ved søksmål mot avgjerder frå nemnda i slike saker. Departementet eller Kongen kan heller ikkje gjere om avgjerder tekne av nemnda i slike saker.

Tredje ledd gir reglar om korleis Klagenemnda skal bemannast. Tredje ledd første punktum seier at Klagenemnda skal ha ein leiar, ein nestleiar og så mange andre medlemmer som nødvendig for å utføre dei oppgåvene som blir lagde til nemnda. Tredje ledd andre punktum slår fast at leiar og nestleiar i nemnda skal oppfylle krava til dommarar, sjå domstollova § §§ 53 og 54. Tredje ledd tredje punktum presiserer at nemnda elles skal bemannast med medlemmer med den kompetansen som er naudsynt for ei forsvarleg saksbehandling. Dei eksterne medlemmene skal vere unntatte frå tenestemannslova, på same måte som dei eksterne medlemmene i Andre avdeling i dag. Departementet tek sikte på å be Fornyings- og administrasjonsdepartementet om å tilpasse ordlyden i forskrifta til § 1 tenestemannslova til klageorganet sitt nye namn etter at lova her er vedteken av Stortinget.

Av fjerde ledd første punktum går det fram at leiaren og nestleiaren blir tilsette av Kongen i statsråd. Desse skal tilsetjast som tenestemenn i fast fulltidsstilling. Etter fjerde ledd andre punktum blir dei andre medlemmene i Klagenemnda oppnemnde av departementet for ein periode på inntil fem år med høve til å oppnemne dei på nytt. Ein person kan dermed oppnemnast for fleire femårs periodar utan at det gjeld nokon grense for kor lenge ein person totalt kan vere medlem av nemnda. Men ut frå rekrutteringsomsyn vil det bli lagt opp til ei viss regelbunden utskifting av medlemmene. I fjerde ledd tredje punktum blir det slått fast at tilsette i Patentstyret ikkje kan vere medlemmer av Klagenemnda. Bakgrunnen for dette er omsynet til sjølvstendet til nemnda.

Til § 4 Saksbehandlinga i Klagenemnda

Paragrafen regulerer saksbehandlinga i Klagenemnda. Han tilsvarar delvis § 5 i gjeldande lov, men er utvida med nokre nye føresegner.

Det følgjer av første ledd første punktum at avgjerder i nemnda som hovudregel skal fattast av eit utval på tre medlemmer. Etter første ledd andre punktum fastset leiaren (eller nestleiaren dersom leiaren er fråverande eller på anna måte forhindra) i nemnda samansetjinga av utvalet i den enkelte sak. Samansetjinga av utvalet i den enkelte sak må skje på grunnlag av kva som er mest formålstenleg ut frå kva slags kompetanse som er nødvendig i den aktuelle saka, og kva medlemmer av nemnda som er tilgjengelege. Leiaren eller nestleiaren treng ikkje å vere med i det enkelte utval. F.eks. på patentområdet kan det ofte vere føremålstenleg å setje saman eit utval med berre tekniske medlemmer. Det er heller ikkje noko i vegen for å setje saman eit utval slik at både leiaren og nestleiaren er med. Men av omsyn til ei føremålstenleg allokering av ressursane til nemnda vil dette nok ikkje førekome ofte.

Leiaren (eller nestleiaren i leiarens stad) kan etter første ledd tredje punktum bestemme at ei sak skal avgjerast av eit utval på fem medlemmer. Dette er spesielt aktuelt i prinsippsaker, eller i saker der det er nødvendig å drege inn mange forskjellige formar for kompetanse.

For å leggje grunnlaget for ei føremålstenleg bruk av ressursar tillèt første ledd fjerde punktum at leiar eller nestleiar i Klagenemnda avgjer ei klagesak åleine, utan å kalle saman eit utval med andre medlemmer. Denne framgangsmåten kan berre brukast når saka ikkje reiser tvilsspørsmål, og når det er openbert kva avgjerda må gå ut på. Dette er strenge vilkår. Det må dreie seg om enkle avgjerder der det står fram som openbert kva avgjerd som må treffast. Denne føresegna vil mellom anna kunne brukast for å avvise ei klage, til dømes fordi klageavgifta ikkje er betalt innan fristen, eller fordi klagefristen er gått ut. Vidare kan føresegna brukast når ei sak blir lagd bort fordi klaga er trekt tilbake. Dersom vilkåra i føresegna er oppfylt, vil ho også kunne brukast for å avgjere realiteten i saka , f.eks. der et mothald fell vekk under behandling av ei klagesak.

Andre ledd er teke med frå § 5 andre ledd i gjeldande lov og slår fast at Klagenemnda kan ta omsyn til tilhøve som ikkje låg føre då Patentstyret gjorde vedtaket sitt.

Tredje ledd gir Kongen heimel til å gi nærare føresegner om organiseringa av og saksbehandlinga i Klagenemnda i ei forskrift til lova.

Til § 5 Forholdet til forvaltningslova

Regelen vidarefører gjeldande lov § 2 første ledd fjerde punktum om at kapittel VI om klage og omgjering i forvaltningslova ikkje gjeld når Patentstyret og Klagenemnda behandlar saker etter lovgivinga om industrielt rettsvern. For andre saker hos Patentstyret og Klagenemnda enn saker etter lovgivinga om industrielt rettsvern gjeld kapittel VI i forvaltningslova.

Klage over avgjerder frå Patentstyret i saker etter lovgivinga om industrielle rettar, er uttømmande regulert i desse lovene. Patentstyret eller Klagenemnda har ikkje noko allment høve til å gjere om sine avgjerder i saker etter lovgivinga om det industrielle rettsvern. Omgjering kan berre skje når det har grunnlag i lova som regulerer den industrielle retten saka gjeld.

Til § 6 Habilitet

Paragrafen regulerer habiliteten for tilsette i Patentstyret og tilsette og medlemmer i Klagenemnda ved behandling av saker etter lovgivinga om det industrielle rettsvern. Han vidarefører gjeldande lov § 6 første og andre ledd. Habiliteten i andre saker blir regulerte av reglane i forvaltningslova kapittel II.

Første ledd slår fast at domstollova §§ 106 til 108 gjeld tilsvarande for dei tilsette i Patentstyret og dei tilsette og medlemmene i Klagenemnda ved behandling av saker etter lovgivinga om det industrielle rettsvern.

I andre ledd første punktum blir det presisert at ein tilsett i Patentstyret eller ein tilsett i eller eit medlem av Klagenemnda ikkje kan delta i behandlinga av eit krav om administrativ overprøving når overprøvingssaka gjeld ein industriell rett som vedkomande har vore med på å behandle i ei tidlegare sak. Ordningane med administrativ overprøving inneber at den som meiner at ei registrering er ugyldig, eller ønskjer å få sletta ei varemerkeregistrering, i staden for å reise søksmål kan fremje krav om administrativ overprøving hos Patentstyret. I saker som gjeld om ei registrering av ein rett er gyldig må Patentstyret vurdere på nytt dei registreringsvilkåra som blir gjort gjeldande som grunnlag for at han er ugyldig. For å sikre at denne vurderinga er uavhengig er det ein føresetnad at dei som tidlegare har vore med på søknadsbehandlinga for den registreringa som kravet om overprøving gjeld, ikkje kan delta i behandlinga av overprøvingssaka.

Etter andre ledd andre punktum kan ein tilsett eller eit medlem likevel vere med å behandle eit krav om administrativ overprøving som gjeld ein industriell rett som vedkommande har vore med på å behandle i ei tidlegare sak når overprøvingssaka berre gjeld spørsmål som ikkje var aktuelle i den tidlegare saka. Dette inneber f.eks. at ein som har vore med på å behandle ein søknad om registrering av eit varemerke, kan vere med på å behandle eit krav om administrativ overprøving som gjeld sletting av same merke etter varemerkelova §§ 36 eller 37.

Til § 7 Munnlege forhandlingar og møte

Paragrafen er ny, sjølv om han har ein viss parallell i gjeldande lov § 7 andre ledd.

Etter første punktum skal Patentstyret og Klagenemnda på alle trinn i saksbehandlinga av eige tiltak vurdere om det er formålstenleg å halde møte med ein part eller ha munnlege forhandlingar med partane. At vurderinga skal skje av eige tiltak inneber at Patentstyret og Klagenemnda må vurdere behovet for å kalle inn til møte eller munnlege forhandlingar uavhengig av om ein part har satt fram krav om det. Tilfelle der ein part set fram krav om møte eller munnlege forhandlingar blir regulert av andre punktum.

Til skilnad frå forslaget i høyringsnotatet gjeld føresegna i første punktum i alle saker, ikkje berre i motsegnssaker og saker om administrativ overprøving. Formålet med føresegna er å minne om at møte eller munnlege forhandlingar er eit verkmiddel for å opplyse saka, og å sikre at Patentstyret og Klagenemnda på eit kvart trinn i saksbehandlinga vurderer om møte eller munnlege forhandlingar vil vere eit føremålstenleg alternativ eller supplement til fortsatt skriftlig behandling av omtvista spørsmål. Føresegna må sjåast i samanheng med forvaltningslova § 17 som i første ledd første punktum fastslår at saka skal vere så godt opplyst som mogleg før eit vedtak blir fatta. Det vil vere opp til Patentstyrets eller Klagenemndas skjønn å avgjere om møte eller munnlege forhandlingar skal haldast. Men utgreiingsplikta som går fram av forvaltningslova § 17 vil innebere at møte eller munnlege forhandlingar må haldast dersom dette er nødvendig for å sikre ei forsvarleg opplysning av saka. Dersom det blir bestemt at det skal haldast møte eller munnlege forhandlingar, vil det vere opp til Patentstyret å bestemme korleis dette skal gjennomførast. Men det følgjer av tredje punktum at dersom det gjeld ei sak der det er tvist mellom partar, så må alle partar som tvistepunkta som skal drøftast gjeld, kallast inn til munnlege forhandlingar. Dersom det er aktuelt å kalle inn til møte eller munnlege forhandlingar må Patentstyret eller Klagenemnda ta spørsmålet opp med dei partane det vedkjem før det blir teke stilling til om møte eller munnlege forhandlingar skal haldast.

Andre punktum supplerer regelen i første punktum og gjeld når ein part krev at det skal haldast møte eller munnlege forhandlingar. Dersom vedkommande part har sakleg grunn for kravet, skal Patentstyret eller Klagenemnda etterkome det i den grad ei forsvarleg utføring av tenesta tillèt det. Føresegna byggjer på forvaltningslova § 11 d, men rekk noko vidare enn denne ved at ho også direkte gjeld munnlege forhandlingar mellom partar.

Kravet om sakleg grunn inneber at den som krev munnlege forhandlingar må grunngi kvifor dette vil vere formålstenleg ut frå omsynet til å opplyse den aktuelle saka. Dersom vedkommande berre vil drøfte utanforliggjande tema eller tilhøve som allereie er tilstrekkeleg klarlagde, kan ikkje kravet sjåast på som sakleg og kan dermed avvisast.

Dersom kravet er sakleg skal det takast til følgje i den utstrekning ei forsvarleg utføring av tenesta tillèt det. Det må her skje ei avveging av omsynet til opplysninga av saka, medrekna om dei spørsmål som skal drøftast like godt kan opplysast gjennom skriftleg behandling, og kor ressurskrevjande det vil vere å halde møte eller munnlege forhandlingar. Ved denne avveginga må ein ha for auge at det er Patentstyret eller Klagenemnda som avgjer når og korleis eit møte eller munnlege forhandlingar skal haldast. Sjølv om det er kravd munnlege forhandlingar over fleire dagar, kan Patentstyret eller Klagenemnda innkalle til munnlege forhandlingar med ein tidsramme på nokre få timar.

Eit krav om møte eller munnlege forhandlingar må leggjast fram for andre partar som kravet vedkjem før det blir avgjort, jf. føresegna i tredje punktum.

Føresegna i tredje punktum om at alle partar som tvistepunkta som skal drøftast gjeld, må kallast inn til munnlege forhandlingar, gjeld også når det blir kalla inn til munnlege forhandlingar etter krav frå ein part.

Til § 8 Sakkunnige

Paragrafen omhandlar bruk av sakkunnige i Patentstyret og Klagenemnda. Han har ein viss parallell i § 6 tredje ledd i gjeldande lov. Patentstyret og Klagenemnda kunne også brukt eksterne sakkunnige sjølv om dette ikkje gjekk fram av lova, men formålet med paragrafen er å regulere nokre sider ved bruken av sakkunnige nærmare.

Første punktum slår fast at både Patentstyret og Klagenemnda kan bruke sakkunnige. Det blir her sikta til eksterne sakkunnige som ikkje er tilsette i eller medlemmer av Patentstyret eller Klagenemnda, men som blir engasjerte særskilt for å utgreie spørsmål i ei bestemt sak.

Andre punktum slår fast at ein som ville ha vore inhabil til å ta avgjerd i saka, ikkje kan brukast som sakkunnig. Men ein som har vore sakkunnig under behandling av ein søknad i Patentstyret, kan likevel brukast som sakkunnig ved klagebehandling, administrativ patentavgrensing og administrativ overprøving, jf. tredje punktum.

Fjerde punktum gjer det klart at sakkunnige kan kallast inn til møte og munnlege forhandlingar i saka. Etter femte punktum kan sakkunnige også ta del i rådslagingar i saka, men ikkje i stemmegiving.

Til § 9 Sakskostnader i saker om administrativ overprøving

Paragrafen er ny og innfører høve for Patentstyret og Klagenemnda til å tilkjenne sakskostnader i saker om administrativ overprøving. Paragrafen gjeld berre kostnadsansvar mellom partane, og vil dermed berre vere aktuelt når det er to eller fleire partar i ei sak. Han gjeld vidare berre i saker om administrativ overprøving. I andre saker kan ikkje sakskostnader tilkjennast. Forvaltningslova § 36 gjeld ikkje for saker hos Patentstyret og Klagenemnda etter lovgivinga om industrielle rettar, jf. § 5.

Etter første ledd første punktum kan ein part som i sak om administrativ overprøving fullt ut eller i det vesentlege har fått medhald tilkjennast nødvendige sakskostnader frå motparten. Dette er ein kan-regel, slik at parten som fullt ut eller i det vesentlege har fått medhald ikkje automatisk har krav på dekning av sakskostnader. Om sakskostnader skal tilkjennast må avgjerast etter ein rimelegheitsvurdering. Ved denne vurderinga skal det, etter første ledd andre punktum, mellom anna leggjast vekt på om det var god grunn til å få saka prøvd fordi ho var tvilsam, og om det er rimeleg ut frå typen sak og tilhøva hos motparten å påleggje kostnadsansvar. Det er berre nødvendige kostnader som eventuelt kan tilkjennast. Dette inneber at det berre kan tilkjennast kostnader som ligg innanfor det som står fram som rimeleg for å vareta parten sine interesser i saka. Ved fastsetting av kostnadsansvaret må Patentstyret og Klagenemnda ha for auge at administrativ overprøving skal vere eit enkelt og rimeleg alternativ til domstolsbehandling.

Etter første ledd tredje punktum kan det ved administrativ overprøving på design- og foretaksnamneområdet berre tilkjennast sakskostnader i klagesaker. Bakgrunnen for dette er at det ikkje skjer ei forutgåande prøving av alle registreringsvilkåra på desse områda, og at viktige registreringsvilkår dermed først blir vurdert når det blir kravd administrativ overprøving.

Etter andre ledd første punktum må eit krav om dekning av sakskostnader fremjast før saka blir avgjort. Patentstyret eller Klagenemnda skal avgjere sakskostnadsspørsmålet samtidig med realiteten i saka, jf. andre ledd andre punktum.

Etter tredje ledd første punktum kan Klagenemnda òg endra Patentstyrets sakskostnadsavgjerd når ei klage over realiteten heilt eller delvis førar fram. Ei sakskostnadsavgjerd frå Patentstyret kan påklagast særskilt til Klagenemnda, jf. tredje ledd andre punktum. Slik klage skal avgjerast av leiaren (eller nestleiaren i leiarens stad) i Klagenemnda aleine, jf. tredje ledd tredje punktum.

Fjerde ledd gir ein regel som tilsvarar forvaltningslova § 36 tredje ledd sjette punktum om at tilkjende sakskostnader kan drivast inn med tvang etter reglane for dommar.

Til § 10 Ikraftsetjings- og overgangsreglar

Første ledd første punktum let det vere opp til Kongen å bestemme tidspunktet for når den nye lova skal ta til å gjelde. Departementet har som mål at lova skal tre i kraft 1. januar 2013.

Første ledd andre punktum slår fast at den gamle lova om Styret for det industrielle Retsvern blir oppheva samtidig som den nye lova tek til å gjelde.

Andre ledd inneheld overgangsreglar. Etter første punktum gjeld §§ 7 og 9 berre for saker der søknaden, motsegna eller kravet om administrativ overprøving eller administrativ patentavgrensing med meir er levert etter at lova her har teke til å gjelde. Etter andre punktum kan Kongen gi nærmare overgangsreglar.

Til § 11 Endringar i andre lover

Det blir gjort endringar i lov om oppfinnelser av betydning for rikets forsvar, patentlova, foretaksnamnelova, planteforedlarlova, designlova og varemerkelova frå same tid som den nye Patentstyrelova trer i kraft.

Dette dreier seg om konsekvensendringar som følgje av at namnet Styret for det industrielle rettsven utgår, og at Patentstyrets andre avdeling blir erstatta av Klagenemnda for industrielle rettar.

Vidare er det teke inn nye føresegner i føresegnene som regulerer søksmål over avgjerder frå Patentstyret (berre aktuelt i patentlova § 52 e) og Klagenemnda for industrielle rettar som slår fast at slike søksmål skal rettast mot staten ved Patentstyret eller staten ved Klagenemnda, sjå patentlova §§ 27, 39 d og 52 e, foretaksnamnelova § 3-8, planteforedlarlova § 12, designlova § 39 og varemerkelova § 52.

Det er også behov for konsekvensendringar i forskriftene på området. Desse vil bli gjennomgåtte og endra frå same tid som den nye lova trer i kraft.