Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Tilskot til Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot til Svalbard kyrkje

5 500

5 500

5 600

Sum kap. 0001

5 500

5 500

5 600

Post 70 Tilskot til Svalbard kyrkje

Løyvinga på posten skal mellom anna dekke husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, utgifter til varer og til tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil og snøskuter og leige av helikopter.

Den norske kyrkja er eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av. Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som blir overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.

Kyrkja på Svalbard står i ei særstilling, ikkje minst på grunn av den rolla ho speler i den offentlege beredskapen. Dette er noko av bakgrunnen for at løyvinga blir vidareført som ei særskild løyving over svalbardbudsjettet og ikkje inngår i rammetilskotet frå Barne- og familiedepartementet til Den norske kyrkja.

Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygget blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Elles viser ein til dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2020–2021) frå Barne- og familiedepartementet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 5,6 mill. kroner.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

165 000

160 016

156 110

Sum kap. 0003

165 000

160 016

156 110

Post 50 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

Løyvinga på posten skal nyttast til tilskot til drift av Longyearbyen lokalstyre gjennom ei rammeløyving. Longyearbyen lokalstyre har ansvar for forvaltninga av nærmare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde, jf. svalbardlova § 33 og forskrift til svalbardmiljølova.

På fleire felt er oppgåvene dei same som dei ein kommune på fastlandet har. Longyearbyen lokalstyre har i tillegg eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen som ikkje er tillagt staten eller andre. Dette gjeld mellom anna energiforsyning. Longyearbyen lokalstyre har derimot ingen oppgåver eller utgifter til eldreomsorg, sidan Longyearbyen ikkje er eit livsløpssamfunn. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester.

Longyearbyen lokalstyre er planmyndigheit i Longyearbyen arealplanområde. Den noverande arealplanen vart vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilbeskyttelseslova §§ 14, 15 og 29, som gjeld på Svalbard, jf. forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard, og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar, og Longyearbyen lokalstyre, skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Forskrifta pålegg Longyearbyen lokalstyre sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og vurdere om det trengst særskilde førebuingar.

Longyearbyen lokalstyre har hatt utgifter til handteringa av virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka og samstundes ein monaleg reduksjon i inntektene av same grunn. Lokalstyret har tapt inntekter frå barnehage, SFO, kulturinstitusjonar, renovasjon og hamn.

Regjeringa foreslo i Prop. 73 S (2019–2020) å løyve 500 000 kroner til Longyearbyen lokalstyre for å kompensere for bortfall i inntekter frå barnehagar. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 233 S (2019–2020).

Regjeringa foreslo i Prop. 67 S (2019–2020) å opprette ei tidsavgrensa tilskotsordning for permitterte, utanlandske arbeidstakarar. Longyearbyen lokalstyre blei delegert ansvaret for å forvalte tilskotsordninga. Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) at løyvinga også kunne nyttast til ei tidsavgrensa tilskotsordning for heimreise for utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre forvaltar også denne ordninga.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 (Prop. 117 S (2019–2020)) å auke tilskotet til Longyearbyen lokalstyre med 19,7 mill. kroner, bl.a. for å dekkje inntektstap og økte utgifter som følgje av virusutbrotet og påfølgjande smitteverntiltak. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 (2019–2020).

Kolkraftverket i Longyearbyen har vore i dagleg drift sidan 1983 og er prega av slitasje. Longyearbyen lokalstyre melder om høge utgifter til vedlikehald for kraftverket framover, og utfordringar med å skaffe reservedelar.

Regjeringa har lagt opp til at staten finansierer halvparten av kostnadene til eit nytt reservekraftverk. Stortinget løyvde på den bakgrunn til saman 27,8 mill. kroner til eit nytt reservekraftverk i 2019 og 2020. Reservekraftverket skal stå ferdig rundt årsskiftet 2020–2021. Reservekraftanlegget skal hjelpe til med å forsyne Longyearbyen med elektrisitet ved feil eller utfall i kolkraftverket. Det er estimert at kostnadene med å byggje eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen vil vere på totalt 55,5 mill. kroner.

I samband med Prop 85 S (2017–2018) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2018, vart det løyvd 53 mill. kroner til andre bustadtiltak i Longyearbyen. 27 mill. kroner av midlane vart plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0003, jf. Prop. 28 S (2018–2019) tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Midlane vart øyremerkte til å dekke utgiftene som Longyearbyen lokalstyre hadde til infrastruktur i bustadfeltet Gruvedalen (20 mill. kroner) og til riving av bustader i bustadfeltet Lia (7 mill. kroner). 26 mill. kroner av løyvinga til «andre bustadtiltak» vart overførte frå 2018 til 2019, jf. omtale under kap. 0007. 6 mill. kroner av dei overførte midla er tildelt Longyearbyen lokalstyre til riving av bustader i bustadfelt Lia.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikke frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fekk i 2019 overført 6,6 mill. kroner frå Nordpolet AS i 2019 og fordelte 4,0 mill. kroner. Dei resterande midlane vart avsette i fond. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 156,1 mill. kroner.

Det er foreslått at løyvinga blir flytta frå post 70 til ny post 50.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot til Svalbard museum

12 900

13 312

13 700

Sum kap. 0004

12 900

13 312

13 700

Post 70 Tilskot til Svalbard museum

Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard Museum i Svalbard Forskingspark. Løyvinga skal vidare dekke drift av dei kulturhistoriske magasina og løn og bustadutgifter for stillinga som konservator og samlingsforvaltar.

I tillegg til denne løyvinga blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kulturdepartementet sitt kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Det er foreslått ei løyving på posten på 13,7 mill. kroner.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

70 568

71 817

74 500

Sum kap. 0005

70 568

71 817

74 500

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på kap. 0005 Sysselmannen skal dekke utgifter til lønn og drift av sysselmannskontoret. Det siste omfattar husleige og utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken, blant anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap.

Sysselmannen på Svalbard hadde 45 årsverk i åremålsstillingar ved utgangen av 2019. Den ordinære åremålsperioden for stillingar hos Sysselmannen er tre år, med høve til å søke om ei forlenging på tre år. Åremålsperioden kan ikkje overstige seks år.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar av dei typane som er nemnde over. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken også nødvendig for redningsberedskapen på Svalbard.

Ved alvorlege hendingar må systema for å halde oppe grunnleggjande funksjonsevne i samfunnet vere solide. Det er også viktig å vere godt øvd og førebudd på å handtere situasjonar som kan oppstå. Å styrke samhandlinga i beredskapen og krisehandteringa er eit viktig verkemiddel for å gjere samfunnet mindre sårbart. Øvingar er ein viktig del av dette arbeidet.

Sysselmannen samarbeider med alle aktørane på ulike nivå og på ulike arenaer gjennom møteverksemd, samarbeid i enkeltsaker, føredrag, trening og øvingar og behandling av hendingar. I 2019 koordinerte den lokale redningssentralen (LRS Svalbard) 59 redningsoppdrag, mot 49 i 2018.

Romjula 2018 grunnstøytte ein trålar i Nordaust-Svalbard naturreservat, heilt nord i Hinlopenstredet. Sysselmannen gjennomførte ein vellukka redningsaksjon av mannskapen. Oppfølging av havaristen frå myndigheitenes side skjer ved Kystverket som ansvarleg myndigheit.

Som lokal miljømyndigheit har Sysselmannen i 2019 samarbeidd tett med Kystverket, som er den ansvarlege myndigheita for akutte forureiningssituasjonar av denne typen. Det vart tidleg avgjort å tømme båten for drivstoff, olje og andre potensielt forureinande stoff. Sysselmannen bidrog med både forureiningsfagleg og naturvernfagleg kompetanse under planlegginga og gjennomføringa av arbeidet. Kystverket gav pålegg om fjerning av vraket, og Sysselmannen bidrog både i arbeidet med pålegget og i vurderinga av planen reiaren la for fjerninga. Trålaren vart utan hell forsøkt fjerna seinsommaren 2019, og alternative planar vart sette ut i livet sommaren 2020. Vraket er planlagt delt opp i mindre delar som skal fraktast til fastlandet. I august 2020 var 300 tonn av vraket fjerna. Sysselmannen assisterer Kystverket fortløpande

Fleire tilreisande turistar og større aktivitet i havområda rundt Svalbard har tidlegare ført til at det har blitt fleire redningsoppdrag. Det har vore ein nedgang i talet på seglingar med fiskefartøy i farvatna ved Svalbard i 2019 samanlikna med åra før, men tendensen er at talet aukar. Ein må vente at talet på redningsaksjonar kan stige igjen i framtida.

Figur 6.1 Fiskefartøy – seglingar i farvatna ved Svalbard

Figur 6.1 Fiskefartøy – seglingar i farvatna ved Svalbard

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

Sysselmannen utførte 758 politioppdrag i 2019. Talet på straffesaker på Svalbard har halde seg stabilt over fleire år. Dei registrerte meldingane til politiet har i perioden 2010 til 2019 variert mellom 90 i 2010 til 159 i 2018, og gjennomsnittet er 120 melde saker kvart år dei siste åtte åra. I 2019 er det registrert 115 meldingar til politiet. Det vart skrive ut 34 førelegg, og 20 saker vart sende til domstolsbehandling.

Statsadvokatane i Troms og Finnmark gjennomførte inspeksjon av straffesaksbehandlinga hos Sysselmannen i juni 2019. Rapporten etter inspeksjonen konkluderer med at Sysselmannen har god kontroll på både straffesaksutviklinga og straffesaksarbeidet. Gjenpart av rapporten vart send til Riksadvokaten, Justis- og beredskapsdepartementet og Økokrim.

Det er foreslått ei løyving på posten på 74,5 mill. kroner. Auken på posten skal mellom anna gå til etablering av ei stilling som påtalejurist hos Sysselmannen. I seinare år har påtalearbeid teke opp meir ressursar i leiinga hos Sysselmannen, og det er nødvendig å styrke Sysselmannen med ei eiga stilling som påtalejurist.

Sjå elles utfyllande informasjon om Sysselmannen i punkt 1.3.1.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 0005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

1 347

500

300

02

Refusjonar m.m.

3 114

3 000

3 000

16

Refusjon av foreldrepengar

0

0

0

18

Refusjon av sjukepengar

0

0

0

Sum kap. 3005

4 461

3 500

3 300

Kapittelet samsvarer med kap. 0005 Sysselmannen.

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter frå auksjonar og sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøt. Bøter blir kravde inn av Skatteetaten ved Statens innkrevjingssentral og inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen tek imot diverse refusjonar. Vidare omfattar posten inntekter som Sysselmannen har frå våpengebyr og gebyr for utferding av pass.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 300 000 kroner.

Post 02 Refusjonar m.m.

Inntektsframlegget på post 02 omfattar refusjonar frå offentlege verksemder. Dette gjeld hovudsakleg refusjon av lønn og andre kostnader knytte til Svalbard miljøvernfond.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 3,0 mill. kroner.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3005, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Post 16 Refusjon av foreldrepengar og post 18 Refusjon av sjukepengar

I medhald av Veiledningsnotat til standard kontoplan for statlige virksomheter som fører regnskapet etter kontantprinsippet skal slike refusjonar rapporterast til statsrekneskapen som ein utgiftsreduksjon og førast mot den opphavelege statskontoen for utgifta (verksemdas utgiftskapittel og post for driftsutgifter innanfor postgruppa 01–29). Derfor er det ikkje ført nokre inntekter på kap. 3005, post 16.

Det er foreslått å avvikle post 16 Refusjon av foreldrepengar og post 18 Refusjon av sjukepengar og å føre inntektene frå desse postane på post 02 Refusjonar m.m.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

208 526

224 100

228 557

Sum kap. 0006

208 526

224 100

228 557

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker stasjonering og drift av to tenestehelikopter, utgifter til leige og drift av tenestefartøy og kjøp og drift av køyretøy (beltevogn, bilar, snøskuterar m.m.) til vakt, beredskap og redning. Avstandane på Svalbard er store. Det er ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom samfunna og elles på øygruppa. For å kunne drive det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla, i tillegg til beltevogn, bilar og snøskuterar, er også nødvendige for ei effektiv politi- og redningsteneste og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbard sitt territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og arbeid for å førebyggje miljøkriminalitet. Ressursane er nødvendige for å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme, også i dei fjerne delane av øygruppa. Utgiftene til helikopter var for 2019 på 146 mill. kroner, det same som i 2018. Netto utgifter til tenestefartøy i 2019 var 59 mill. kroner i 2019, mot 57 mill. kroner i 2018.

Tenestefartøyet til Sysselmannen, MS «Polarsyssel» er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng blant anna ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.m. I tillegg er fartøyet heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av Svalbard og generelt i myndigheitsutøvinga til Sysselmannen. Polarsyssel har helikopterdekk som er tilpassa helikopteret til Sysselmannen. Det er særs viktig at helikopteret og fartøyet kan verke godt i lag.

I 2019 vart seglingssesongen til Polarsyssel utvida frå ni til ti månader i samband med Prop. 114 S (2018–2019) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2019. Frå 2020 disponerer Sysselmannen Polarsyssel heile året, jf. Innst. 17 S (2019–2020). Dette inneber ei styrking av beredskapen hos Sysselmannen. Polarsyssel er også viktig for at Sysselmannen skal kunne drive oppsyn og utøve myndigheit.

Polarsyssel kom til Longyearbyen i starten av mars 2019 og var på Svalbard ut året. I løpet av denne perioden segla båten 197 av 306 døgn, samanlikna med 210 døgn i 2018.

Forlenginga av seglingssesongen har styrkt Sysselmannen si evne til å utøve myndigheit på øygruppa og medverka til ytterlegare styrking av beredskapen.

Auka aktivitet både i farvatna rundt Svalbard og i nordområda generelt påverkar sjøtryggleiken på Svalbard. Det var ein auke i talet på redningsoppdrag som var koordinerte av LRS Svalbard, frå 2018 til 2019. Auken i turismen og fiskeria og generelt i aktiviteten i farvatna rundt Svalbard inneber at risikoen for ulykker og andre hendingar aukar. Ein må vente at talet på redningsaksjonar kan stige. I 2019 var det ein klar auke i talet på ekspedisjonscruise, der mindre skip seglar rundt heile Svalbard og bruker gummibåtar til ilandstiging.

Figur 6.2 Passasjerfartøy – seglingar nord for 79° nord

Figur 6.2 Passasjerfartøy – seglingar nord for 79° nord

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

I 2019 kjøpte Sysselmannen eit mindre tenestefartøy, Fjordsyssel. Fartøyet skal i første rekkje nyttast til oppdrag innan miljøoppsyn, kontroll med reiseliv og beredskap i Isfjordområdet.

Sysselmannen disponerer to Super Puma-helikopter med avansert utstyr. Helikoptera blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i naud innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar. I sommarhalvåret opererer også Lufttransport AS andre helikopter for ulike oppdragsgivarar på Svalbard. Den noverande helikopterkontrakten går ut i 2022, med opsjon på å forlengje kontrakten fram til 2024.

Sysselmannen nyttar MS «Polarsyssel» og redningshelikoptera i øvingar med Kystvakta. Øvingane gir meir effektiv samhandling under reelle oppdrag.

Sysselmannen var til stades i felt med Polarsyssel, eigne patruljar med småbåt og snøskuter og fire feltlag med personell med politifagleg og naturfagleg bakgrunn. Eit av feltlaga har hatt vinterteneste med snøskuter, og dei tre andre har vore baserte på båt om sommaren. Vinterfeltlaget prioriterte områda med størst turistaktivitet og køyrde totalt 4 423 kilometer i løpet av to månader. I vintersesongen gjennomførte Sysselmannen ni oppsynsturar, kontrollerte 312 snøskuterførerar og 30 hundespann og kontakta 12 skituristar. Totalt er det kontrollert 1726 snøskuterar. Sommarsesongen 2019 kontrollerte Sysselmannen 90 yrkesbåtar og 22 fritidsbåtar, med eit totalt passasjertal på om lag 6 900. I vintersesongen vart det kontrollert 774 snøskuterførarar i 113 organiserte skuterfølgje og 159 personar i 26 skigrupper og ekspedisjonar.

Det er foreslått ei løyving på posten på 228,6 mill. kroner.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 0006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Leigeinntekter frå private

0

0

0

02

Refusjonar frå det offentlege

1 435

0

0

Sum kap. 3006

1 435

0

0

Kapittelet samsvarer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester skal Sysselmannen ha inntektene og refusjonane dersom desse transportmidla blir nytta av andre.

Post 01 Leigeinntekter frå private

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til private.

Posten heitte fram til Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet Leigeinntekter.

Det er foreslått ikkje å budsjettere med inntekter på posten.

Post 02 Refusjonar frå det offentlige

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til offentlege aktørar.

Posten heitte fram til Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet Refusjonar.

I perioden 2017–2019 har Sysselmannen sitt fartøy MS «Polarsyssel» vore utleigd til UNIS i mindre omfang og til sjølvkost, i periodar der det ikkje har vore planlagt bruk av fartøyet. Inntekta er usikker, sidan Polarsyssel under utleige framleis er under beredskap og kan måtte avbryte oppdraget for leigetakaren straks dersom skipet trengst til redning. Sysselmannen kan derfor ikkje krevje leige utover dei ekstrautgiftene som utleiga av skipet medfører.

Det er foreslått ikkje å budsjettere med inntekter på posten.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0006, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3006, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

30

Skred- og bustadtiltak, kan overførast

35 713

61 150

61 136

70

Diverse tilskot

1 053

1 100

1 100

Sum kap. 0007

36 766

62 250

62 236

Post 30 Skred- og bustadtiltak

Løyvinga på posten skal nyttast til skredsikringstiltak i Longyearbyen i området Lia under fjellet Sukkertoppen og snøskredvarsling. Sikringstiltak under Sukkertoppen består av støtteforbygningar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellet. Løyvinga vil kunne nyttast av Olje- og energidepartementet gjennom ei belastningsfullmakt. NVE har rekna samla kostnad for skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen til 140 mill. kroner. Arbeidet blei påbyrja i 2019 og er venta ferdigstilt i 2022.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 å auke løyvinga på statsbudsjettet kap. 480 Svalbard, post 50 Tilskot med 53 mill. kroner, jf. Prop. 85 S (2017–2018) og Innst. 400 S (2017–2018). 26 mill. kroner av løyvinga vart plassert på svalbardbudsjettets kap. 0007 post 30 Skred- og bustadtiltak. Løyvinga på svalbardbudsjettet kap. 0007, post 30 blei overført til 2019.

20 mill. kroner av løyvinga på svalbardbudsjettet kap. 0007, post 30 vart brukt til å kjøpe ut private bustadeigarar i bustadfeltet Gruvedalen. 6 mill. kroner av løyvinga blei tildelt Longyearbyen lokalstyre for å rive bustader i bustadfeltet Gruvedalen, jf. omtale på kap. 0003. Tiltaka blei gjennomførte i og rekneskapsførte for 2019.

Skredsikring i Lia

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2018–2019) Svalbardbudsjettet kap. 0007, post 30 Skred- og bustadtiltak å løyve 45 mill. kroner til sikringstiltak i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Som følgje av forseinkingar i arbeidet, vart løyvinga redusert med 35 mill. kroner, jf. Prop. 24 S (2019–2020) Endringar i statsbudsjettet 2019 under Justis- og beredskapsdepartementet.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet å løyve 61,2 mill. kroner til ytterlegare skredsikring i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Arbeidet med skredsikring inneber m.a. prosjektering og grunnundersøkingar. Dei nye klimaframskrivingane medfører utfordringar innan geoteknikk, fundamentering og bygging av skredsikringsinstallasjonar i område med permafrost.

Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga på svalbardbudsjettet sitt kap. 0007 Tilfeldige utgifter post 30 Skred og bustadtiltak med 10 mill. kroner. Regjeringa foreslo samtidig å gje Olje- og energidepartementet ein bestillingsfullmakt på inntil 60 mill. kroner på posten. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

På grunn av den nemnde forseinkinga fekk løyvinga på kap. 0007, post 30 stikkordet «kan overførast» i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019.

Det ligg førebels an til at arbeidet med Sukkertoppen held fram og blir avslutta i 2022.

Det er foreslått ei løyving på posten på 61,1 mill. kroner med stikkordet «kan overførast». Løyvinga vil kunne nyttast av Olje- og energidepartementet gjennom ei belastningsfullmakt.

Post 70 Diverse tilskot

Løyvinga på post 70 skal mellom anna nyttast til kjøp av tenester frå Telenor for å sikre teletenester på Svalbard.

Det er foreslått ei løyving på posten på 1,1 mill. kroner.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

2 911

2 142

2 180

Sum kap. 0009

2 911

2 142

2 180

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke utgiftene Sysselmannen har til konkrete kulturminnetiltak. Midlane skal nyttast til arbeidet som er omtalt i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023, mellom anna arkeologiske registreringar og undersøkingar i felt, vedlikehald av bygg, avdekking av nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald og haldningsskapande informasjonsarbeid, blant anna i form av ein serie med informasjonshefte.

Lønn til tilsette hos Sysselmannen på kulturminnefeltet blir løyvd på kap. 0005 på Svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,2 mill. kr.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

804

0

0

Sum kap. 3009

804

0

0

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten dekker inntekter frå refusjonar av kostnader ved registrering av kulturminne.

Kapittelet samsvarer med kap. 0009. Inntekta var 0,8 mill. kroner i 2019 og stammar frå refusjon av kostnader ved registrering av kulturminne i Svea. Tiltakshavaren Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS, har stått for kostnaden.

Det er foreslått ikkje å budsjettere med inntekter på posten.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3009, post 01, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

1 900

1 938

1 976

Sum kap. 0011

1 900

1 938

1 976

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal finansiere drift av eit eige kontor for Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Longyearbyen.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet har eige kontor, ei bergmeisterstilling og ei stilling tilknytt Svalbard. Direktoratet vil prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne omsyn til.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,0 mill. kroner.

Kap. 0017 Norsk Polarinstitutt – refusjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Refusjon

3 700

3 811

3 811

Sum kap. 0017

3 700

3 811

3 811

Post 50 Refusjon

Løyvinga på posten skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt er omtalt i Klima- og miljødepartementet sitt kap. 1471.

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statlege institusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i arktiske strøk. Norsk Polarinstitutt er den faglege rådgivaren for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål og har permanent nærvær i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Det er foreslått ei løyving på posten på 3,8 mill. kroner.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Drift og vedlikehald

4 771

5 752

5 867

30

Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr

560

858

0

Sum kap. 0018

5 331

6 610

5 867

Post 01 Drift og vedlikehald

Løyvinga på posten skal dekke blant anna utgifter til lønn, maskiner og helikopter i samband med vedlikehald og utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er etablerte for sjøtrafikk.

Det er foreslått ei løyving på posten på 5,9 mill. kroner.

Post 30 Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr

Løyvinga på posten skal gå til større vedlikehald og etablering av nye merke.

Alle innretningane på Svalbard er fornya dei siste åra.

Det er derfor foreslått å fjerne løyvinga på post 30 til nyanlegg og større vedlikehald. Det vil bli gjort utgreiingar av naudsynt nymerking i samband med arbeidet med budsjettet for 2022.

Kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

7 121

7 455

7 591

Sum kap. 0019

7 121

7 455

7 591

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke Meteorologisk institutt sine utgifter til husleige for bygningane på Bjørnøya og Hopen.

Driftskostnadene utanom husleige for dei meteorologiske stasjonane er finansierte på budsjettet til Klima- og miljødepartementet, kap. 1412, post 50.

Det er foreslått ei løyving på posten på 7,6 mill. kroner.

Kap. 0020 Statsbygg Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

2 119

2 193

2 240

Sum kap. 0020

2 119

2 193

2 240

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke lønns- og driftsmidlar for Statsbygg sitt kontor i Longyearbyen

Statsbygg Svalbard har ansvaret for statlege bygg og utbyggingar på Svalbard. Statsbygg Svalbard har vidare ansvaret for forvaltninga av ein bustadpool i Longyearbyen som leiger ut bustader til offentleg tilsette.

Statsbygg er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Vedlegg 1 og 2 gir ein oversikt over utgifter og inntekter som gjeld bygg og bustader på Svalbard. Forvaltninga av statleg eigde bustader i Longyearbyen er omtalt i punkt 2.1.3.1.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,2 mill. kroner.

Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

4 457

5 189

5 790

Sum kap. 0022

4 457

5 189

5 790

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal nyttast til å drive Svalbard skattekontor i Longyearbyen. Budsjettløyvinga skal også dekke utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatteetaten.

Skatteetaten og -kontoret er underlagde Finansdepartementet. Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innanfor det som til kvar tid er fastsett for skattestyresmaktene.

Svalbard skattekontor har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, føre kontroll med personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder, administrere register over befolkninga på Svalbard, refundere til fastbuande innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond og rekne ut kolavgift.

Dei særskilde skattereglane for Svalbard er heimla i svalbardskattelova. Dei årlege skattesatsane er heimla i Forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2021, romartal II.

Det er foreslått ei løyving på posten på 5,8 mill. kroner. Auken skal blant anna gå til å utbetre lokala som Svalbard skattekontor disponerer.

Det er foreslått at Finansdepartementet kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3022, post 01. Sjå omtale under kap. 3030.

Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

320

330

330

Sum kap. 3022

320

330

330

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten omfattar avtalt refusjon frå Svalbards miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskapen for fondet.

Skattekontoret på Svalbard har ein avtale med Sysselmannen på Svalbard om å administrere refusjonar av miljøavgift på flybillettar frå Svalbard miljøvernfond.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 330 000 kroner.

Det er foreslått at Finansdepartementet kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Skattar m.m.

188 081

175 000

186 800

71

Utførselsavgift

1 489

700

750

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 079

995

1 000

Sum kap. 3030

190 648

176 695

188 550

Post 70 Skattar m.m.

Inntektsframlegget på posten omfattar venta skatteinntekter frå Svalbard for 2021.

Anslaget er basert på innbetalte skattar i skatterekneskapen for 2019 og venta fastsetjing for inntektsåret 2020.

Det er framleis mykje som er usikkert når det gjeld dei økonomiske verknadene av virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka på Svalbard. Ein reknar med at skatteinngangen i 2020 blir lågare enn saldert budsjett for 2020. Dei siste åra har det vist seg at endringar knytt til enkeltskattytarar og -verksemder kan føre til vesentlege endringar i skatteinntektene.

Skatteinngangen i 2021 vil avhenge av når den økonomiske aktiviteten kjem i gang igjen etter virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka.

Anslaget er auka som følgje av forventa skatteinntekter frå sal av bustader frå UNIS AS til Statsbygg. Sjå punkt 2.1.3.1 og 4.8.1 Universitetssenteret på Svalbard for nærmare omtale.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 186,8 mill. kroner.

Post 71 Utførselsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå utførselsavgift som er kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av kor mykje kol som blir skipa ut, og kolprisen på verdsmarknaden.

To aktørar betaler utførselsavgift. Sidan 2017 har produksjonen av kol stabilisert seg. Overslaget for utførselsavgifta er usikkert, på grunn av usikre kolprisar, usikre marknader og raske og kraftige endringar i valutakursar. Anslaget for 2021 er auka på grunn av at kronekursen har svekka seg i seinare tid.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 750 000 kroner.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelt i bergverksordninga.

Utmål er eit avgrensa område der innehavaren av utmålet for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Bergverksordninga, fastsett ved kongeleg resolusjon 7. august 1925, heimlar avgift ved krav om og vidareføring av utmål. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner. For utmål i freda område er avgifta 1 500 kroner i året pr. utmål.

I 2019 vart det ikkje tildelt nye utmål. Ved inngangen til 2020 var det 367 gyldige utmål på Svalbard.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 1,0 mill. kroner.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Tilskot

305 834

385 808

377 978

Sum kap. 3035

305 834

385 808

377 978

Post 50 Tilskot

Posten er tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, Prop. 1 S (2020–2021) kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekke underskotet på svalbardbudsjettet.

Posten er endra frå post 70 til post 50 i tråd med Finansdepartementet sitt rundskriv F-101.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 378,0 mill. kroner.

Til forsida