Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla

3 Nærare om dei ulike landbruks- og matpolitiske måla

Figur 3.1 Målstrukturen for landbruks- og matpolitikken

Figur 3.1 Målstrukturen for landbruks- og matpolitikken

3.1 Matsikkerheit og beredskap

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg, skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit og sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Infeksjon grunna næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat som er produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar blant norske husdyr.

For å halde ved lag den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg, er mellom anna auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god. Svært få av oss blir sjuke av vatnet som kjem ut av krana. Likevel er det mange stader eit gammalt og dårleg leidningsnett som kan gi forureina vatn.

Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Ei utfordring er det derimot med kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar, eller som er tilsette legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er utfordringar knytt til produkt som blir omsette over internett og per postordre. Mattilsynet skal utvikle tilsynet og auke kompetansen for å følgje opp nye omsetnadsformer og auka netthandel.

Auka matvareberedskap

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon i produksjonar med marknadsmoglegheiter. Hovudoppgåva til jordbruket er matproduksjon, og verkemidla skal difor innrettast slik at dei medverkar til dette. I fleire produksjonar er det nær full marknadsdekning av norske varer. Det gjeld til dømes sau og lam, egg, svin, fjørfe og mjølk. I dei forenkla jordbruksforhandlingane i 2020 blei inntektsmoglegheiter for produksjon av planteprodukt til mat prioritert.

Sjølvforsyningsgraden beskriv heimemarknadsdelen rekna på energibasis. Det vil seie kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport av til dømes fisk er ikkje med i berekninga av sjølvforsyningsgraden. Sjølvforsyningsgraden gir først og fremst eit bilete av den prosentdelen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg og kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.

Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket, blir særleg påverka av vêret, men òg av ulike kvalitetskrav, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og internasjonale handelsavtalar. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for husdyrprodukt, og klart lågare for planteprodukt. Etter fleire år med reduksjon i sjølvforsyningsgraden frå 2008 auka den med 3 prosenteiningar frå 47 pst. til 50 pst. frå 2014 til 2015. Dette kom i stor grad av gode kornavlingar og at mykje av kornet hadde matkornkvalitet. Frå 2015 til 2017 gjekk sjølvforsyningsgraden ned med 1 prosentpoeng, til 49 pst. som følgje av at matkorndelen gjekk ned. Tørken sommaren 2018 gjekk svært hardt ut over norsk kornproduksjon, noko som påverkar sjølvforsyningsgrad både i 2018 og 2019 fordi sjølvforsyningsgraden blir berekna for det året produksjonen blir forbrukt. Både åra låg sjølvforsyningsgraden på 45 pst. Naturgitte forhold gjer at sjølvforsyningsgraden i Noreg er låg for energirike plantevekstar og høg for husdyrprodukt med meir proteininnhald.

Mange av jordbruket sine innsatsfaktorar blir importerte. Av det samla fôrbehovet (grovfôr og kraftfôr) er om lag 20 pst. importerte råvarer. Av dei tre hovudførekomstane i kraftfôr, karbohydrat, feitt og protein, er delen av norskprodusert råvare særleg redusert for feitt- og proteinfraksjonen som følgje av forbodet mot bruk av kjøtt- og fiskebeinsmjøl. Bruken av norsk korn i kraftfôr er avhengig av vêret. Etter fleire år med reduksjon, auka den samla delen av norske råvarer i kraftfôret i åra 2014 til 2017. I 2018 og 2019 er delen norskprodusert råvare i kraftfôret redusert på grunn av den store avlingssvikta for korn som følgje av tørkesommaren 2018. Krav til energi- og proteininnehald i kraftfôret gjer at karbohydratdelen har blitt redusert dei seinare åra. Delen av norskprodusert karbohydrat blir òg påverka av kva type proteinråvare som er nytta – ei proteinråvare med lågt karbohydratinnehald, som mellom anna rapspellets, gir rom for auka bruk av norsk karbohydrat i fôret. Delen av norskprodusert karbohydrat i kraftfôret var 78 pst. i 2017, men blei redusert til høvesvis 73 og 60 pst. i 2018 og 2019 som følgje av at tørken sommaren 2018 gav reduserte avlingar.

Signal frå næringa viser at det er rom for meir norskprodusert kveite i kraftfôret fordi kveiten har høgare proteininnehald enn anna fôrkorn. Ein auke i produksjonen av norsk kveite er difor ein viktig faktor for å auke delen norskprodusert råvare i kraftfôret. Sjølv om det i normalår er rom for å auke produksjonen av korn, gjorde gode kornavlingar i 2019 at det berre har vore behov for å importere eit mindre kvantum korn til kraftfôr i første halvår av 2020. Høge matkornavlingar gjorde óg at 34 000 tonn haustkveite av 2019-avlinga blei skriven ned til fôr og at om lag 15 000 tonn matkveite vil bli overlagra til neste sesong. Ved utgangen av sesongen 2018–2019 var lagerbehaldninga av matkorn 38 pst. av årleg forbruk.

Delen av norskprodusert feittråvare i kraftfôret har auka frå 49 pst. i 2015 til 55 pst. i 2019. I kraftfôret blir feitt frå råvarer som erter og oljefrø nytta. Norskprodusert vare held god kvalitet, men bruken er likevel avgrensa fordi eigenskapane til feittet i desse råvarene ikkje fullt ut kan erstatte importert vare.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir i dag ikkje utnytta på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auken i ferdsel over landegrensene er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i viktige kulturar.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Dyktige og ansvarsmedvitne bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor eige sektoransvar. I denne planen er det mellom anna ei målsetjing at den antibiotikaresistente LA-MRSA bakterien ikkje skal etablerast i norsk svinehald. I 2019 var det to funn av den bakteriestammen som internasjonalt blir rekna som LA-MRSA i norske svinebuskapar. Det er ein nedgang i forbruket av veterinære antibakterielle middel på 37 pst. til kjæledyr frå 2013 til 2019. Nedgangen er på om lag 24 pst. når ein reknar med bruk av humane antibakterielle middel. Forbruket til dei viktigaste matproduserande landdyra er i same periode redusert med om lag 21 pst.

Bruken av antibiotika til behandling av slaktekylling er framleis svært låg. Narasin blei fasa ut som fôrtilsetjingsmiddel til slaktekylling sommaren 2016. Vitskapskomiteen for mattryggleik vurderte i 2015 risikoen for overføring av antibiotikaresistens frå mat og matproduserande dyr i Noreg. Dei konkluderte med at det er lite sannsynleg at vi blir utsette for antibiotikaresistente bakteriar frå norske matvarer.

Generelt er helsa god òg hos viltlevande dyr, men i april 2016 blei sjukdommen chronic wasting disease (CWD) påvist hos villrein og elg. Denne sjukdommen hos hjortedyr er smittsam og dødeleg. Sjukdommen er ikkje påvist i Europa tidlegare og aldri før hos reinsdyr. Mattilsynet starta raskt med kartlegging og tiltak for å avgrense og helst utrydde sjukdommen. Det er etablert vernetiltak mot spreiing innanlands og mot utlandet. Den smitta villreinflokken i Nordfjella sone 1 er teken ut, og det blir gjennomført omfattande prøveuttak for å kartleggje om sjukdommen finst andre stader. Dette arbeidet er òg viktig for å sikre at dei dyra som blir nytta til å byggje opp ein ny villreinstamme i Nordfjella, er friske.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, i tillegg til at det er eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd.

Regjeringa har styrkt arbeidet for god dyrevelferd, mellom anna gjennom prøveprosjekt med dyrepoliti i fem politidistrikt.

Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytte til dyrevelferd i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sportsdyr og kjæledyr.

Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane

For god utnytting av dei biologiske ressursane er langsiktig avlsarbeid viktig. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til forsking har over fleire år bidrege med finansiering av viktige forskingsprosjekt innan husdyravl, der avlsorganisasjonane Geno og Norsvin er sentrale aktørar.

Både Geno og Norsvin har gjennom mange tiår lagt stor vekt på fleire eigenskapar enn berre auka produksjon av mjølk og kjøtt i avlsmåla sine. Det er vektlegginga av eigenskapar som helse, fruktbarheit, haldbarheit, beinkvalitet, gemytt og morseigenskapar som har bidrege til at den norske grisen og mjølkekua av rasen Norsk Raudt Fe (NRF) i dag er særs ettertrakta i mange land.

FNs mat- og landbruksorganisasjon, FAO, omtaler NRF som eit godt døme på moderne, god og berekraftig avl. Geno eksporterer NRF-sæd til over 30 land, og det er spesielt den gode dyrehelsa og fruktbarheita som har ført til auka interesse for NRF-kua i mange land. Dei seinare åra er det òg sett i gang prosjekt for å sjå på moglegheitene for å redusere metanutslepp frå norske kyr.

Norsvin har òg lukkast godt i sitt internasjonale arbeid. Norske svinegen finst allereie i mange land og interessa er stadig aukande. Norsvin har, gjennom å kombinere interessene til produsentar, foredlingsindustri og forbrukarar i avlsarbeidet, utvikla ein gris med unike eigenskapar.

Høg forskingsaktivitet og ny kunnskap innanfor bioteknologi har vore viktig for det nemnde avlsarbeidet. Om lag 27 pst. av Genos og 30 pst. av Norsvins samla omsetnad blir nytta til forskings- og utviklingsarbeid.

Bioteknologi og forsking står òg sentralt i bioøkonomien. I regjeringa sin bioøkonomistrategi blir det lagt vekt på tiltak som fremjar auka verdiskaping og sysselsetjing, redusert klimagassutslepp, og meir effektiv og berekraftig utnytting av dei fornybare biologiske ressursane. Bioøkonomien omfattar heile verdikjeda og trekk fram verdien av sektorovergripande samarbeid. Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar til forsking gir viktige bidrag til vidareutvikling av bioøkonomien.

Det er sett i gang fleire forskingsprosjekt med mål om berekraftig, klimavenleg og auka utnytting av dei biologiske ressursane. Døme på dette er prosjekt som studerer nye norske proteinråvarer, alternative fôrkjelder og auka fôrutnytting, genomsekvensering og genomisk seleksjon av storfe, svin og sau, karbonlagring i jord, auka produksjon og utnytting av skog og trevirke, høghusbygg av tre, plantevernmiddel i mat og miljø, miljøvenleg energi, auka jordbruksproduksjon nord for Polarsirkelen, berekraftig bruk av antibiotika, urbane veksthus og nye dyrkingsmetodar, og klimavenleg emballasje for matprodukt.

Digitalisering og robotisering av landbruket spelar ei viktig rolle i Noregs framtidige matproduksjon og arealforvaltning. Ny teknologi blir brukt til å skreddarsy behandling av jord, areal, vekstar og dyr for eit meir klimavenleg og ressurseffektivt landbruk. Modellar, robotar og heilautomatiske system bidreg til å modernisere landbruket, og gir resultat som tidlegare ikkje var mogleg. Ved Senter for presisjonsjordbruk ved NIBIO Apelsvoll blir det utvikla og testa teknologiske løysningar for dagens og framtidas jordbruk. Ved presisjonsjordbruk kan ein tilpasse til dømes gjødselmengda og sprøytemengda til stadsspesifikke behov. Gjennom sensorar, fotoapparat og andre måleinstrument montert på traktorar eller robotar kan ein kartleggje behovet for den enkelte garden, og sørgje for eit ressurseffektivt og berekraftig jordbruk. Senteret blei etablert i 2016 og har hatt aukande aktivitet sidan. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til PRESIS-prosjektet over jordbruksoppgjeret 2019 vil gi viktige bidrag til det forskingsarbeidet som blir utført ved senteret.

For auka bruk av dei biologiske ressursane er rekruttering av fagpersonar viktig. Det har dei siste åra vore ein auke i talet på søkjarar til landbruksrelatert utdanning i vidaregåande skule, men det er relativt få som vel denne retninga samanlikna med andre programfag. Innan høgare utdanning har det òg vore ein auke dei siste åra i talet på studentar innan landbruksfag og andre grøne utdanningar, men tala varierer. Kandidatar frå til dømes plantevitskap og skogfag legg òg grunnlaget for rekruttering til forskarutdanningar som er naudsynt for å bidra til å løyse store samfunnsutfordringar. Det er difor viktig å stimulere til auka samarbeid internt og på tvers av sektorane.

3.2 Landbruk over heile landet

Leggje til rette for bruk av beite- og jordressursane

For å nå målet om landbruk i heile landet må det leggjast til rette for bruk av beite- og jordressursane. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla i jordbruket. I perioden 1989–1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 4,4 pst. I perioden 1999–2019 var det ein reduksjon i det samla jordbruksarealet på 5,4 pst, jf. tabell 3.1. Registrert totalareal var på det høgaste i 1998.

Frå 2005–2013 blei eit nytt digitalt kartgrunnlag teke i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Innføringa av det nye kartverket gav ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Nedgangen kjem av både meir nøyaktige målingar og at endringar som har skjedd over tid, først blir fanga opp når eit nytt kartverk blir teke i bruk. Om ein ser bort frå det nye kartgrunnlaget, har arealnedgangen vore på om lag 1,4 pst. i perioden. Etter 2013 er arealnedgangen blitt redusert frå om lag 60 000 dekar per år til om lag 10 000 dekar per år. Sidan 2010 har om lag 170 000 dekar blitt godkjent til nydyrking. I 2018 blei det godkjent nydyrka 24 855 dekar, ein auke frå 2017 på 2 153 dekar. I 2019 blei det godkjent 28 128 dekar jord til nydyrking, det høgaste talet på svært mange år.

I 2004 blei det sett eit nasjonalt mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skulle reduserast til under 6 000 dekar. Dette målet blei nådd i 2013. Ved handsaminga av Innst. 56 S (2015–2016) fastsette Stortinget eit nytt jordvernmål på under 4 000 dekar per år innan 2020. KOSTRA-tala frå SSB viser at det blei omdisponert 3 617 dekar dyrka jord i 2019. Dette er under jordvernmålet for tredje året på rad, og om lag på same nivå som for 2018 og 2017, då omdisponeringa av dyrka jord var på høvesvis om lag 3 600 og 3 900 dekar. Reduksjonen i jordbruksareal i drift frå 1999 til 2010 skjedde først og fremst på Vestlandet, i Agder-fylka og i Nord-Noreg. I perioden 2010 til 2019 blei arealet av open åker på Austlandet redusert med 214 000 dekar, mens arealet av eng og beite auka med 110 000 dekar. Dette kjem dels av auka storfe- og sauehald. Ein del stader bidreg det òg til å redusere avrenninga til vassdrag gjennom auka grasdekke mellom dyrka mark og vassdrag.

På landsbasis har delen fulldyrka areal hatt ein reduksjon på i overkant av 3 pst. i perioden 2010 til 2019, mens delen av eng og beite har auka med over 1 pst. i same periode. Kornarealet har gått ned med 9,4 pst. sidan 2010. Noko av nedgangen i kornarealet kjem truleg av at produsentar brukte 2019 til å byggje opp graslageret som dei måtte bruke i tørkesommaren 2018.

Tabell 3.1 Jordbruksareal i drift, 1989–2019 (i 1 000 dekar)

1989

1999

2014

2015

2017

2018

2019

Endring 99–19

Endring 14–19

Korn og oljevekstar

3 530

3 346

2 879

2 862

2 889

2 830

2 775

-17 %

-3,6 %

Åker og hage

4 403

3 996

3 326

3 303

3 318

3 276

3 213

-20 %

-3,4 %

Fulldyrka eng og beite

4 443

4 876

4 785

4 799

4 727

4 787

4 820

-1 %

0,7 %

Sum fulldyrka jord

8 846

8 871

8 111

8 102

8 045

8 063

8 033

-9 %

-1,0 %

Anna eng og beite

1 096

1 513

1 757

1 758

1 806

1 800

1 789

18 %

1,8 %

Jordbruksareal i drift i alt

9 942

10 384

9 868

9 860

9 851

9 863

9 822

-5 %

-0,5 %

Areal dekar/innbyggjar

2,35

2,34

1,93

1,90

1,90

1,86

1,83

-22 %

-5,2 %

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Systemet for registrering av dyr som gav grunnlag for beitetilskott/utmarksbeitetilskott blei lagt om i 2017/2018. Omlegginga gjer at tala for dyr på beite i 2018 og 2019 ikkje er direkte samanliknbare med tala frå tidlegare år. Om lag 90 pst. av all sau oppfyller vilkåra for beitetilskott. Prosentdelen saueproduksjon på utmarksbeite aukar etter som buskapane blir større. Prosentdelen storfe på beite har auka mykje dei siste åra, noko som har samanheng med den store auken i beite- og utmarksbeitetilskott. For storfe går prosentdelen dyr på beite ned når buskapane blir større.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Sysselsette i landbruket stod for 3,2 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2019. Av desse var om lag 1,3 pst. sysselsette i jordbruk og reindrift, 0,2 pst. i skogbruk og 1,7 pst. i mat- og skogindustri.

Tabell 3.2 Sysselsette personar i landbruket, 2019

Samla tal sysselsette

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustri

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbruksbasert sysselsetjing som del av total sysselsetjing

2019

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

Østfold

120 725

1 770

5,1

334

5,8

2 591

8,4

1 430

9,1

6 125

7,0

Akershus

282 974

1 674

4,8

425

7,4

1 605

5,2

481

3,1

4 185

4,8

Oslo

491 196

250

0,7

160

2,8

4 264

13,9

246

1,6

4 920

5,6

Hedmark

87 600

3 001

8,6

1 029

17,8

1 998

6,5

2 020

12,9

8 048

9,2

Oppland

87 833

3 478

9,9

644

11,2

1 344

4,4

1 231

7,9

6 697

7,7

Buskerud

128 183

1 514

4,3

644

11,2

1 219

4,0

1 203

7,7

4 580

5,3

Vestfold

108 908

1 436

4,1

246

4,3

2 335

7,6

731

4,7

4 748

5,4

Telemark

75 790

965

2,8

398

6,9

540

1,8

332

2,1

2 235

2,6

Aust-Agder

49 032

577

1,6

305

5,3

383

1,2

843

5,4

2 108

2,4

Vest-Agder

89 798

910

2,6

255

4,4

988

3,2

1 130

7,2

3 283

3,8

Rogaland

249 154

4 590

13,1

112

1,9

3 634

11,8

1 201

7,7

9 537

10,9

Hordaland

262 283

1 984

5,7

142

2,5

1 932

6,3

615

3,9

4 673

5,4

Sogn og Fjordane

54 823

1 875

5,4

117

2,0

930

3,0

619

3,9

3 541

4,1

Møre og Romsdal

128 457

1 924

5,5

127

2,2

1 326

4,3

538

3,4

3 915

4,5

Trøndelag

234 584

5 461

15,6

575

10,0

3 768

12,3

2 292

14,6

12 096

13,9

Nordland

117 128

2 025

5,8

171

3,0

660

2,1

601

3,8

3 457

4,0

Troms – Romsa

86 220

907

2,6

71

1,2

921

3,0

138

0,9

2 037

2,3

Finnmark – Finnmárku

37 803

632

1,8

14

0,2

288

0,9

22

0,1

956

1,1

Sum

2 692 491

34 973

100,0

5 769

100,0

30 726

100,0

15 673

100,0

87 141

100,0

Tabell 3.2 viser sysselsette personar i landbruket i 2019. Tala er henta frå SSB (registerbasert sysselsetjing). I alt var det i overkant av 87 000 sysselsette personar i landbrukssektoren, ein liten reduksjon frå 2018. Av desse var i underkant av 35 000 sysselsette i jordbruk og reindrift, mens om lag 5 800 var sysselsette i skogbruk. Samstundes var 30 700 sysselsette i jordbruksbasert matindustri og 15 600 i skogbruksbasert industri.

Ressursane knytte til landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet. Tal frå SSB viser at det var registrert 5 372 355 innbyggjarar i Noreg i første kvartal 2019. Av dei var 359 198 fast busette på ein landbrukseigedom. I 2019 var det registrert 144 010 landbrukseigedommar med bustadhus i Noreg.

I 2019 budde 7 pst. av folkemengda på ein landbrukseigedom. I område med spreidd busetnad og i småsenterregionar bur ein større del av folkemengda på landbrukseigedommar. Her er det høvesvis om lag 23 pst. og 18 pst. av folkemengda som bur på slike eigedommar, mens tilsvarande tal for storbyregionar er om lag 3 pst.

Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Den geografiske fordelinga av produksjon i landbruket er viktig for å nå målet om landbruk over heile landet. Figur 3.2 viser endringa i produsert mengd fordelt på nokre produksjonar og på landsdel i perioden 2014 til 2019. Produksjonen av kumjølk er jamt fordelt over heile landet på grunn av kvotesystemet, som mellom anna legg geografiske avgrensingar på kvar ei mjølkekvote kan produserast. Dei siste åra har den samla produksjonen gått ned over heile landet, men som følgje av tørken sommaren 2018 blei kvotene for mjølkeproduksjon auka for å sikre nok mjølk til meieria. Dette førte til at produksjonen av mjølk i 2018 auka samanlikna med tidlegare år. I 2019 blei kvotane reduserte med 2 pst. frå normalnivået, slik at mjølkeproduksjonen gjekk noko ned. I perioden 2014 til 2019 har den samla mjølkeproduksjonen gått noko ned i alle landsdelar med unntak av Trøndelag.

Produksjonen av storfekjøtt har hatt ein auke i heile landet, mens produksjonen av sau har vore stabil i heile landet med unntak av ein stor auke i Trøndelag og ein reduksjon i Nord-Noreg. Produksjonen av fjørfekjøtt har hatt ein sterk auke dei siste ti åra, trass i reduksjonen i 2015 og 2016. I dag blir det hovudsakeleg produsert fjørfekjøt på Austlandet, i Trøndelag og i Rogaland. I Trøndelag har det vore ein stor auke i eggproduksjonen dei siste åra, mens produksjonen har vore stabil i resten av landet. Med unntak av Nord-Noreg har produksjonen av svinekjøtt auka i alle landsdelar. Den største auken har vore i Rogaland. Veksten i produksjon av grønsaker på friland har komme på Austlandet. Åkerarealet har gått ned i alle landsdelar.

Figur 3.2 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og landsdel, 2014–2019 (i prosent)

Figur 3.2 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og landsdel, 2014–2019 (i prosent)

For å nå målet om eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein tenleg måte. Tal frå SSB viser at over halvparten av jordbruksverksemdene (58 pst.) hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2018. Dette er ein svak nedgang frå 2017, då prosentdelen for desse jordbruksverksemdene var på 59 pst. I 2018 hadde i underkant av 4 700 jordbruksverksemder 500 dekar og meir jordbruksareal i drift, mot om lag 4 500 året før. Tala viser framleis ein auke i jordbruksverksemder med 500 dekar og meir jordbruksareal i drift – frå 2,5 pst. i 2000 til 12 pst. i 2018.

Det er i dag eit stort omfang av leigejord. Over halvparten av jordbruksverksemdene (59 pst.) driv landbruksproduksjon med både leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 31 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjonen berre på eige jordbruksareal. 7 pst. driv landbruksproduksjon berre med leigd jordbruksareal, jf. figur 3.3, som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksareal i drift. Tala viser ein nedgang i jordbruksverksemder som driv landbruksproduksjon berre med eigd jordbruksareal, men òg ein nedgang i talet på jordbruksverksemder som driv produksjon med både eigd og leigd jordbruksareal.

Det eigde jordbruksarealet i drift på jordbruksverksemdene var på litt over 5,3 mill. dekar i 2018. Det leigde jordbruksarealet var på vel 4,5 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2017 viser dette ein nedgang på 65 400 dekar i det eigde jordbruksarealet i drift og ein auke på 77 100 dekar i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene. Gjennomsnittleg areal i drift per jordbruksverksemd var 252 dekar i 2019. Det er 3 dekar meir enn i 2018. Av jordbruksarealet i drift var i alt 46 pst. leigejord.

Regjeringa vil leggje til rette for ein variert eigedomsstruktur der bonden har rett til å disponere over eigen eigedom i tråd med eigne val og prioriteringar. Statistikk frå SSB viser at det var om lag 182 300 registrerte landbrukseigedommar i 2018. Dette er landbrukseigedommar som er sette saman av minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Ei gruppering av landbrukseigedommane etter storleiken på det eigde jordbruksarealet viser at mange eigedommar har eit lite jordbruksareal. Hovudtyngda (70 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal både i 2017 og 2018. Om lag 18 pst. hadde mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Under 1 pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar og meir. Utviklinga frå 2017 til 2018 viser ein auke i talet på landbrukseigedommar som har mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Endringa var omtrent den same for landbrukseigedommar mellom 200 og 300 dekar (om lag 245 eigedommar) og for eigedommar mellom 300 og 500 dekar (om lag 285 eigedommar). Utviklinga viser òg ein liten auke i talet på eigedommar med 500 dekar og meir eigd jordbruksareal i perioden. Om lag 7 pst. av eigedommane var registrerte utan eigd jordbruksareal i 2018. Dette er på same nivå som i perioden 2014–2017.

Figur 3.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2018 (i prosent)

Figur 3.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2018 (i prosent)

Tal frå KOSTRA (kommune–stat-rapportering) i 2019 viser at om lag 21 pst. av dei som fekk samtykke til å dele ein landbrukseigedom, skulle selje jorda som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom, dvs. at areal frå 606 eigedommar skulle overførast som tilleggsjord til ein eller fleire landbrukseigedommar i 2019. I perioden 2010–2016 var den tilsvarande fordelinga på om lag 14 pst. Fordelinga var 18 pst. i 2017 og 19 pst. i 2018.

Av dei 182 300 registrerte landbrukseigedommane i 2018 har i overkant av 161 500 eigedommar (89 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av dei har om lag 52 pst. jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Om lag 22 pst. av eigedommane blir drivne berre ved hjelp av eige jordbruksareal, jf. figur 3.4, som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2018. Tala for åra 2017 og 2018 viser ein nedgang for eigedommar med areal som anten blir drive av eigaren sjølv eller av andre ved bortleige. Tala viser vidare ein mindre nedgang enn tidlegare år for eigedommar der eigaren sjølv er brukar av areala, og ein nedgang for eigedommar som berre blir drivne ved bortleige. For eigedommane med minst 5 dekar eigd jordbruksareal var den gjennomsnittlege arealstorleiken på jordbruksarealet om lag 67 dekar.

Figur 3.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2018 (i prosent)

Figur 3.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2018 (i prosent)

Fordelinga av landbrukseigedommane på BA-sentralitet i 2018 viser om lag same prosentfordeling av eigedomsmassen for eigedommane med minst 5 dekar jordbruksareal mellom regionane som for åra 2014–2017. Om lag 66 pst. av landbrukseigedommane ligg i ulike former for byregionar. Størstedelen ligg i småbyregionar (28 pst.), og det er færrast i område med spreidd busetnad (11 pst.).

Tala for 2018 viser òg, til liks med tala for 2014–2017, at småbyregionar hadde flest landbrukseigedommar med jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige (14 pst.) og flest eigedommar der eigaren sjølv òg er brukar av areala (6 pst.). Av regionane var det òg småbyregionane som hadde flest landbrukseigedommar utan registrert jordbruksaktivitet i 2018.

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen inneheld sentrale rammevilkår og gir grunnlag for auka lønsemd i landbruket, og er slik det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlar målretta for å fremje rekruttering til næringa, både fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioriterte i delar av regelverket. I 2019 gjekk 29 pst. av tilskottsmidlane til personlege mottakarar under 35 år. Dette er ein liten nedgang frå 2018, men ein markant auke frå 2010/2011, då det tilsvarande talet var 19 pst.

Norsk landbruk er ei kunnskapsintensiv og kompetansekrevjande næring. Det er viktig å leggje til rette for eit godt utdanningssystem i landbruket. Nær alle fylka i landet tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring under utdanningsprogrammet Naturbruk, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stader i landet – ved Nord universitet, Høgskolen Innlandet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling i talet på elevar som vel landbruksutdanning i vidaregåande skule. Samstundes har interessa for gartnarutdanninga vore svært låg. I høgare utdanning har interessa for agronomutdanning vore aukande, mens dei andre landbruksrelaterte faga har varierande oppslutning, med søkjartal som svingar frå år til år. I 2020 er det likevel ein markant auke i talet på søkjarar til plantevitskap. Nasjonal modell for vaksenagronomen er no etablert ved 20 av landets naturbruksskular fordelt på ni av landets fylkeskommunar. Frå skuleåret 2018/2019 gjeld òg ordninga gartnaropplæring for vaksne. Det er stor interesse for begge tilboda.

Ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift

Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak, tilrettelegging for tilleggsnæringar og betre lønsemd for dei som har reindrift som hovudverksemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Totalrekneskapen for reindriftsnæringa med rekneskap 2018 og budsjett 2019 viser ein auke i resultatmåla frå 2017 til 2018. Prognosen for 2019 er at auken held fram. Samla sett aukar vederlag for arbeid og eigenkapital frå 111,9 mill. kroner til 151,3 mill. kroner. Per årsverk aukar vederlaget for arbeid og eigenkapital frå 119 172 kroner til 169 443 kroner. Årsaka til at resultatmåla er høgare, er hovudsakeleg auka kjøttinntekter og auka erstatningar. I tillegg har ikkje kostnadene auka så mykje som tidlegare. Tala viser store regionale skilnader mellom reinbeiteområda, men òg store variasjonar innanfor det enkelte området.

Det er slakta om lag 74 100 rein i kalenderåret 2019. Dette er ein auke på 10 850 rein samanlikna med 2018 (63 250). Innrapporterte slaktedata for 2019 tilseier ei gjennomsnittleg slaktevekt på 19,3 kilo (19,1 kilo i 2018) for kalv og 21,9 kilo (21,9 kilo i 2018) for alle slaktedyr. Av alle slaktedyr var 79 pst. kalv (80 pst i 2018).

Det er stor variasjon i gjennomsnittsvekt mellom reinbeitedistrikta. Nokre distrikt har gjennomsnittsvekt på under 16 kilo per kalv, og enkelte av desse er heilt nede på 13,9 kilo per kalv. I den andre enden av skalaen er det fleire distrikt som har gjennomsnittsvekt på oppunder 26 kilo per kalv.

Totalproduktiviteten per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte området. Produksjonen per livrein er til saman 7,8 kilo i driftsåret 2018/2019, men varierer mellom 4,1 kilo i Troms og 14,4 kilo i tamreinlaga.

Det er mange årsaker til tap av rein. Dei viktigaste er rovdyr, sjukdom, ernæringssvikt, reintjuveri eller trafikkulykker. Tamreinlaga har dei klart lågaste oppgitte kalvetapa, etterfølgt av Sør-Trøndelag/Hedmark og Polmak/Varanger. Generelt god kondisjon hos reinen og lågare dyretettleik på beiteareala har vore viktige faktorar for å forklare dei lågare tapa heilt aust i Finnmark samanlikna med Karasjok og Vest-Finnmark. På grunn av store tap til rovdyr har Troms og Nordland over tid hatt dei største oppgitte tapa av kalvar og vaksne dyr. Samla tap i driftsåret 2018/2019 var 72 393 rein (80 147 for perioden 2017/2018). Av dette var om lag 80 pst. tap av kalv.

3.3 Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Sjølvforsyningsgraden, eller heimemarknadsdelen målt på energibasis, viser kor mykje av maten vi et som er produsert i Noreg. I fleire tiår har sjølvforsyningsgraden vore om lag 50 pst. For husdyrprodukt er sjølvforsyningsgraden gjennomgåande høg, mens den er lågare for planteprodukt, jf. nærare omtale i kap. 1150 og kap. 3.1.

Importen av landbruksvarer til Noreg aukar i verdi, men har dei siste åra hatt eit relativt stabilt volum. Importen er stort sett varer som ikkje blir produserte i Noreg, eller varer som blir importerte utanfor norsk sesong. Samla blei det i 2019 importert landbruksvarer og fiskefôr for 70,9 mrd. kroner. Det er ein auke på 6,6 pst. frå 2018 til 2019. Den norske krona svekte seg i 2019. Delar av veksten i importverdien kjem difor av dyrare import målt i norske kroner. I volum gjekk importen av landbruksvarer ned med 0,8 pst.

Importen av fiskefôrråvarer utgjorde i 2019 nesten 25 pst. av importverdien av jordbruksvarer. Importen av frukt og grønsaker utgjorde omlag 15 prosent av importverdien. Tørka i 2018 gav lita kornavling, og førte til auka import av korn i andre halvår i 2018 og første halvår i 2019. Kornavlingane i 2019 var gode, og importen gjekk ned. Samla sett gjekk importen av korn ned med 5 pst. i 2019 samanlikna med 2018.

Økologisk mat representerer eit mangfald som forbrukarar i aukande grad etterspør. Omsetnaden av økologisk mat og drikke auka i dei fleste salskanalane i 2019. I daglegvarehandelen utgjer sal av økologiske varer om lag 2 pst. av totalmarknaden. Tal frå Statens Institutt for forbruksforsking (SIFO) og Landbruksdirektoratet syner at salet av økologisk mat og drikke gjennom andre kanalar for sal aukar. Sal i marknaden for storhushald auka med 8,6 pst. i 2019 og omsetnaden gjennom bakeri auka med 9,3 pst. Vidare syner rapportane frå SIFO og Landbruksdirektoratet at REKO-ringar og andelslandbruk har hatt ein stor vekst dei siste åra, og økologiske produkt blir óg selde gjennom desse kanalane.

Lokalmat er definert som mat- og drikkevarer med lokal identitet, særskild opphav eller særskilde kvalitetar knytt til produksjonsmetode, tradisjon eller råvarer. Omsetnaden av lokalmat i fleire kanalar for sal har auka sterkt dei siste 10 åra, men ein har lenge berre hatt tal for salet gjennom daglegvarehandelen. Frå 2010 til 2019 er salet nær firedobla, frå 2,3 mrd. kroner til over 11 mrd. kroner. Utviklinga var tilsynelatande ekstra sterk frå 2018 til 2019. Denne sterke auken kan hovudsakeleg skrive seg frå at salet gjennom den såkalla HoReCa-kanalen er rekna med for første gong. Matmerk har utvikla betre målemetodar, noko som gir eit meir heilskapleg bilete på situasjonen i marknaden.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom ytterlegare forenkling av lover, reglar og støtteordningar, og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at samla lønsemd i næringa aukar i framtida.

Jordbruket stod i 2019 for 41 900 årsverk, ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som han i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å halde oppe norsk matproduksjon og sikre tilgangen på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer óg den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

Det siste tiåret har det samla produksjonsvolumet i jordbruket auka med 4,9 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med 5,5 pst. dei siste ti åra, men etter fleire år med jamn auke har det dei siste to åra vore ein nedgang på om lag 2 pst. for husdyrprodukta. Kumjølk har hatt ein auke på 3,7 pst., storfe har auka med 3,2 pst. og sau med 4,7 pst. Produksjon av fjørfe og egg har auka med om lag 27 pst. i same periode, mens produksjonen av gris er redusert med 1,1 pst.

Produksjonen av planteprodukt har hatt ein auke på 3,6 pst. Tørka sommaren 2018 førte til at produksjonen av korn blei redusert med 48 pst. i 2018 samanlikna med 2017. 2019 blei eit godt kornår på nivå med åra før 2018. Prognosar for 2020 tilseier at produksjonen av korn blir god. Også for nokre grønsakskulturar var det vesentleg svikt i avlingane i 2018, mens andre grønsakskulturar, poteter, frukt og bær blei mindre påverka økonomisk, i hovudsak som følgje av vatning av produksjonsareala. Produksjonen av grønsaker har det siste tiåret auka med i underkant av 30 pst. mens produksjonen av frukt har auka med om lag 15 pst. Produksjonen av bær har i same periode gått ned med 3,8 pst. I grøntsektoren har marknadsforholda vore utfordrande både som følgje av nasjonale forhold, som endringar i eigarskap og organisering av omsetnadskanalane, og som følgje av auka konkurranse frå import. Dei siste sesongane har det vore ei betring for dei fleste grønsakskulturane. Samla sett er det marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, særleg for grøntsektoren.

Lønsemd er den viktigaste drivaren for avgjerdene den enkelte produsent tek. Det inneber at dei økonomiske verkemidla mellom anna verkar inn på den geografiske produksjonsfordelinga. Reduksjonen i jordbruksareal i drift dei siste ti åra har i hovudsak skjedd på Vestlandet og i Nord-Noreg. På Austlandet har det samla jordbruksarealet gått noko ned, mens arealet til eng og beite har auka, mellom anna grunna auka hald av storfe og sau. Ein del stader bidreg det òg til å redusere avrenning til vassdrag gjennom auka grasdekke mellom dyrka mark og vassdrag. Dei store kornareala ligg i hovudsak på Austlandet, Jæren og i Trøndelag. Arealet har sidan 2011 gått ned med 9,7 pst. Reduksjonen i kornarealet frå 2018 til 2019 var truleg knytt til behovet for å byggje opp grovfôrlagra etter tørken sommaren 2018.

For mjølkeproduksjonen er produksjonsdelinga relativt stabil med produksjon over heile landet, som følgje av at ein kvote ikkje kan flyttast ut av produksjonsregionen. I 2019 blei partane i jordbruksoppgjeret samde om ei ekstraordinær oppkjøpsordning for mjølkekvotar. Oppkjøpa er gjennomførte i 2020 og kvotane vil gå ut av marknaden frå 1. januar 2021. I avtalen mellom partane heiter det at den delen av kvote som kunne kjøpast ut av kvar produksjonsregion skulle bereknast ut frå produksjonsregionen sin del av grunnkvota, for å sikre stabilitet i den regionale fordelinga av mjølkeproduksjonen. Det er likevel venta at oppkjøpsordninga endrar den regionale produksjonsfordelinga noko frå 2021, fordi nokre regionar ikkje selde den mengda kvote dei kunne.

Regjeringa vil leggje til rette for at landbruket har føreseielege rammevilkår som kan bidra til at samla lønsemd i næringa kan auke og i kommande år. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal ha høve til ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, ansvar for eiga inntekt. Ei berekraftig kostnadsutvikling, god marknadstilpassing og produktivitetsutvikling vil vere ein føresetnad for inntektsutviklinga. Målet er at inntekter for bonden i størst mogleg grad blir henta i marknaden. Regjeringa vil styrkje bruk som har ressursgrunnlag til å vere heiltidsbruk, og arbeide for at næringsutøvarar i alle produksjonar og på alle typar bruk skal ha reell moglegheit til inntektsutvikling på line med andre i samfunnet. På knapt halvparten av bruka bli det utført meir enn eitt årsverk, og desse bruka står for meir enn 80 pst. av den samla produksjonen.

Inntektsutviklinga i jordbruket har vore prega av overproduksjon i fleire sektorar, og det har gitt inntektstap for produsentane. Etter jordbruksavtalen er overproduksjonstap jordbruket sitt eige ansvar. Samtidig har etterspørselen etter produkt frå grasbasert husdyrhald stagnert. Hausten 2017 var prega av mykje regn på Vestlandet, mens ekstrem tørke ramma sesongen 2018. Året 2019 gav gode avlingar. Samtidig starta arbeidet med å redusere mjølkeproduksjonen, i samband med at eksportsubsidiane for mjølk blir avvikla. Det gav auke i omsetnadsavgift frå 2019, og lågare mjølkepris. Samstundes auka utrekna realrente i 2019.

Ei effektiv og lønsam utnytting av garden sine samla ressursar

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål tydeleggjer ambisjonane regjeringa har for landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg (IN), der måla om fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø står sentralt. Dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle samanhengen mellom tildeling av midlar og utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad. Dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, og rekneskapstala deira er ikkje tilgjengelege på same måten som for aksjeselskap. Mangelen på rekneskapsdata gjer at det ikkje er mogleg å måle verknaden av midlane til tradisjonelt landbruk med same metode som for midlar til andre tenester til næringslivet hos IN. For tenester innan INs landbruksoppdrag som ikkje er tradisjonelt landbruk har SSB gjort berekningar av verknaden.

I INs rapport til oppdragsgivarane for 2019 viser effektindikatorar for finansiering gitt til aksjeselskap under landbruksoppdraget at bedrifter som har fått tilsegn frå INs tenester, har høgare årleg vekst i salsinntekter, verdiskaping og produktivitet enn dei som ikkje har fått tilsegn frå IN. Årleg vekst på desse indikatorane for prosjekt finansiert av Landbruks- og matdepartementet skil seg ikkje vesentleg frå tilsvarande indikatorar på prosjekt finansiert frå andre departement. Addisjonaliteten, det vil seie i kva grad bedriftene oppfattar at INs bidrag har vore avgjerande for gjennomføringa av prosjektet, er vedvarande høg for landbruksoppdraget, på 91 pst.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og til framtidig vekst og utvikling i landbruksbaserte næringar. Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er Landbruks- og matdepartementets viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det er stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel. Om lag 84 pst. av midlane går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, og er knytte til delmålet om vekst i bedrifter. Ein vesentleg del av midlane som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, er knytte til delmålet om fleire gründerar. Rapporten frå IN om bruk av IBU-midlar for 2019 legg til grunn ein vekst i sysselsetjinga på 382 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til i tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar.

Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er eit breitt program, etablert i den noverande forma i 2015, med tiltak retta mot vekstkraftige bedrifter og forpliktande produsentsamanslutningar. Målet med programmet er å få til auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og anna ny næringsverksemd basert på ressursane i landbruket. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet i stor grad er utløysande for realisering av prosjekta. Undersøkingane viser vidare at ordningane medverkar positivt til kompetanseheving og samarbeid. Det er stadig behov for meir kunnskap om korleis programmet verkar, og kva verknader dei ulike tiltaka har, mellom anna for å utvikle programmet vidare og sikre best mogleg utnytting av midlane. Dei siste åra er det difor gjort fleire evalueringar av mellom anna vekstordninga (hausten 2016 av Oxford Research) og ordninga for forpliktande produsentsamanslutningar/bedriftsnettverk (i 2017 som ledd i ei breiare evaluering av INs generelle ordning for bedriftsnettverk). I 2018 blei det gjort ei evaluering av kompetansesatsinga i programmet. Evalueringane og føringane frå Meld. St. 31 (2014–2015) og reiselivsstrategien blir brukte for å utvikle programmet vidare. Det er i tillegg utvikla ei ordning for vekst for verksemder som har fått vekststøtte tidlegare, ei fase 2-ordning, og der inngår òg kompetanse i pakka.

Driftsgranskingane til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Av dei 916 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2018, hadde 82 pst. (748 bruk) omsetnad knytte til anna landbruksbasert næring. Det er om lag på same nivå som i 2017. Prosentdelen bruk med andre landbruksbaserte næringar av vesentleg omfang var størst på Austlandet og minst i Nord-Noreg. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 65 pst. av bruka hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner frå andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 280 500 kroner, ein auke på 14 pst. frå 2017. Gjennomsnittleg omsetnad auka i alle dei fem regionane, men mest i Nord-Noreg, Agder og Rogaland og på Vestlandet. 65 pst. hadde en omsetning på meir enn 20 000 kroner i tilleggsnæringa. Gjennomsnittleg omsetnad i tilleggsnæringane i driftsgranskingane var 280 500 kroner per bruk.

Figur 3.5 Driftsoverskott frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2016–2018 (kroner per bruk)

Figur 3.5 Driftsoverskott frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2016–2018 (kroner per bruk)

Driftsoverskottet frå andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 97 700 kroner per bruk i 2018. Det er ein auke på 14 600 frå 2017. Driftsoverskottet varierer mykje mellom dei ulike næringane, jf. figur 3.5. Gruppa «Anna tenesteyting» (mellom anna Inn på tunet, klauvskjering og saueklipping) har hatt størst driftsoverskott per bruk av gruppene. For gruppene «Turisme» og «Vareproduksjon» er det stor variasjon mellom år og mykje lågare driftsoverskott enn innanfor det tradisjonelle jordbruket. Driftsgranskingane viser at bidraget frå desse næringane til familieøkonomien samla sett er lite og har lege nokså stabilt på mellom 6 og 7 pst. det siste tiåret. NIBIO viser til at ei av årsakene til at tilleggsnæringane ikkje betyr meir, kan vere at utvalet av bruk som er med i driftsgranskingane, har relativt stor jordbruksaktivitet. På desse bruka kan det vere lita tid til, og mindre behov for, å byggje opp andre næringar. God tilgang på inntektsgjevande arbeid utanfor landbruket kan vere ei anna forklaring. Dei store årlege endringane i bidrag frå tilleggsnæringar i Agder og Rogaland er i hovudsak knytte til pelsdyrhaldet som òg blir rekna som ei tilleggsnæring i NIBIOs materiale.

Landbruks- og matdepartementet har i regi av NIBIO i 2015 og 2016 fått gjennomført landsdekkjande spørjeundersøkingar til bedrifter innanfor både Inn på tunet og landbruksbasert reiseliv. Undersøkingane viser teikn til både aukande profesjonalisering, god framtidstru, investeringslyst og aukande omsetnad, ifølgje bedriftene sjølve. Matmerk rapporterer at talet godkjende Inn på tunet-bedrifter ved utgangen av 2019 var 404 mot 400 året før. For landbruksbaserte reiselivsbedrifter manglar ei tilsvarande oversikt over tal på bedrifter. Ein indikator kan vere talet på medlemmer hos HANEN. Ved utgangen av 2019 hadde HANEN 532 medlemmer, ein nedgang på 26 medlemmer frå 2018.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Matnasjonen Noreg er ei sams ramme for næringsutvikling og verdiskaping med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat frå land og sjø. Regjeringa vil leggje fram ein strategi for den vidare utviklinga av Noreg som ein matnasjon i første halvår 2021. Strategien skal medverke til vekst i matnæringa òg i framtida, og til at lokalt og regionalt engasjement får ei sams nasjonal overbygning. Innspela frå ei samla matnæring, inkludert råvareprodusentar, industri, lokalmataktørar, kokkar og reiseliv, er lagt til grunn ved utvikling av strategien.

Stiftinga Matmerk har ei sentral rolle i utviklinga av Noreg som matnasjon. Stiftinga administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvar for faktabasert informasjon om økologisk mat. Utviklinga i merkeordningane kan gi nyttig informasjon om korleis matnasjonen Noreg utviklar seg.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Matmerk forvaltar. I 2019 leverte Matmerk 4900 revisjonar gjennomførte av til saman 59 KSL-revisorar. Samstundes har Matmerk gjennomført eit stort utviklingsarbeid for datasystemet som ligg til grunn for KSL. Innan 2020 skal prosjektet STEM 2020 medverke til ei samla oppgradering, samordning og digitalisering av både KSL og drifta av heile stiftinga.

Ved utgangen av 2019 var 4300 produkt frå til saman 96 ulike verksemder godkjende for Nyt Noreg-merket. Det utgjer ein netto auke på 470 produkt sidan 2018. Kjennskapen til Nyt Norge-merket hos forbrukarane er høg, og forbrukarane har ei positiv haldning til merket.

Ved utgangen av 2019 var Spesialitet-merket brukt på til saman 567 produkt frå 110 godkjende verksemder. Dette er ein auke på 33 produkt frå 2018. Merket blir tildelt for tre år om gangen. Kvart år er det fleire produkt og verksemder som ikkje får fornya godkjenninga, eller som sjølve vel å ikkje fornye godkjenninga.

Ved utgangen av 2019 var til saman 31 produkt godkjende under ordninga Beskytta nemningar. Lyngenlam fekk tildelt Beskytta geografisk nemning og Setersmør fekk Beskytta tradisjonelt særpreg i 2019.

Lokalmatdatabasen, lokalmat.no, blei etablert i 2016 og er ein viktig reiskap for å kople saman produsentar og innkjøparar. Databasen blir drifta i eit samarbeid mellom næringa (daglegvarehandel og hotell, restaurant og catering, HoReCa) og det offentlege. Produsentar som ønskjer å selje til daglegvarehandelen og til HoReCa, må gjennomføre ein eigenrevisjon for å kunne leggje inn produkt i basen. Ved utgangen av 2019 var 576 verksemder med til saman 2484 produkt registrerte i basen. 305 innkjøparar er registrerte. 194 eksterne revisjonar er gjennomført sidan databasen blei oppretta, av desse 69 i 2019.

Den årlege målinga av omsetnad av lokalmat i daglegvarehandelen i 2019 har blitt gjennomført i samarbeid med Nielsen Norge og Arne Reiler Consulting. I 2019 omfatta dette òg sal av lokalmat innan storhushald. Omsetnadsveksten i daglegvarehandelen var på 5,6 pst. frå 2018, som svarar til ei omsetnad på 5,25 mrd. kroner. Omsetnaden i storhushald var på 6 mrd. kroner i 2019. 2019-målinga er ei nullpunktmåling for storhushald.

Matmerk driftar òg nettsida Økologisk.no, som gir forbrukarane verdifull informasjon om økologisk matproduksjon og økologiske produkt.

Leggje til rette for at bonden får inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Inntektsutviklinga i jordbruket

Budsjettnemnda for jordbruket anslo i juni ein auke i vederlag til arbeid og egenkapital på i overkant av 16 pst. for 2020. Inntektsutviklinga for jordbruket er nærare omtalt i kap. 1150.

Utvikling i produktivitet

Produktivitetsveksten i jordbruket har tradisjonelt sett vore, og er framleis, svært høg. Jordbrukssektoren har hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 1,7 pst. i snitt kvart år dei siste ti åra. Gjennomsnittleg vekst i Fastlands-Noreg var 0,9 pst. Samla faktorproduktivitet i jordbruket har auka med 0,9 pst. per år dei siste ti åra.

Årets berekning frå Budsjettnemnda for jordbruket viser at produktivitetsutviklinga er lågare enn ho har vore dei siste åra. Dette har fleire årsaker. Reduksjonen i arbeidsforbruket er lågare i årets berekningar enn det som har vore lagt til grunn tidlegare. Volumveksten i bruttoproduktiviteten er svakare enn i tidlegare berekningsår, mellom anna som følgje av svakare produksjonsutvikling og vekst i energiforbruket. Sjølv om produktivitetsveksten blir berekna med grunnlag i normalisert rekneskap, blir veksten klart påverka av tørkesommaren 2018.

Investeringar i jordbruket

Det samla investeringsnivået i driftsbygningar innan jord- og hagebruk var på 5 mrd. kroner i 2017. Tabell 3.3 gir ei oversikt over gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket for 2018 fordelt på regionar. Driftsgranskingane omfatta 916 bruk i 2018. Ettersom tala baserer seg på alle deltakarane i driftsgranskingane, vil det innanfor kvar region òg vere bruk som ikkje investerte i 2018. Talet for investeringsnivå må sjåast i lys av det. Storleiken på investeringsnivået for det enkelte bruket vil mellom anna vere avhengig av produksjonstype og bruksstorleik.

Tabell 3.3 Gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket fordelt på regionar, 2018 (i tusen kroner)

Regionar

Bruttoinvestering per bruk

Austlandet

Flatbygdene

616,6

Andre bygder

531,0

Agder og Rogaland

Jæren

489,9

Andre bygder

419,7

Vestlandet

440,0

Trøndelag

Flatbygdene

470,1

Andre bygder

773,3

Nord-Noreg

464,4

Med utgangspunkt i desse tala finn ein dei største bruttoinvesteringane per bruk for 2018 på flatbygdene på Austlandet og andre bygder i Trøndelag.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er ei viktig verdikjede i Noreg. I 2019 var om lag 21 400 personar sysselsette i denne næringa, og av desse rundt 6 000 i skogbruket. Det blei i alt avverka rundt 11 mill. kubikkmeter tømmer for sal til industrien i 2019, med ein bruttoverdi på 4,8 mrd. kroner. Det har ikkje tidlegare blitt registrert så høgt nivå på hogsten. I 2019 blei det eksportert rundt 3,6 mill. kubikkmeter tømmer, om lag på same nivå som året før. Det blei eksportert tømmer og trebaserte varer til ein verdi av 14 mrd. kroner i 2019. Den årlege tilveksten i skogen er på om lag 25 mill. kubikkmeter. I 2019 blei det sett ut 43,6 mill. skogplanter. Dette er 14 pst. fleire enn i 2018, og det høgaste nivået for planting på meir enn ti år. Det blei vidare utført ungskogpleie på 272 000 dekar og marktilreiing på 88 000 dekar. Dette er ein auke på rundt 13 pst. for ungskogpleie og 23 pst. for marktilreiing samanlikna med året før. Det blei bygd og ferdigstilt 137 km med nye skogsbilvegar og bygd om 368 km med eldre skogsbilvegar i 2018. Dette er ein auke på 29 pst. for nybygging og 30 pst. for ombygging samanlikna med 2018. I alt blei det investert 266 mill. kroner i skogsbilvegar i 2019, ein auke på 24 pst. frå 2018.

I 2019 blei det utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 3,4 mill. dekar skog. Stortinget har vedteke at det er klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN) som Artsdatabanken har ansvaret for som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å gjere greie for variasjon i naturen, og sikrar mellom anna eit dokumentert og etterprøveleg kunnskapsgrunnlag til bruk i vurderingar av bruk og vern. NiN er teke bruk og innarbeidd i MiS-kartlegginga.

Kartleggingsaktiviteten vil auke framover. Det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet i skogstrøka på Sør-Austlandet er no kartlagt, og det blir starta opp nye skogbruksplanprosjekt med revisjon av eldre miljøregistreringar. På Vestlandet og nordover er det framleis område som ikkje er dekte med skogbruksplanar med miljøregistreringar, og det er starta eit arbeid for å auke innsatsen i desse områda, med tanke på både omfang og regionale tilpassingar.

Miljøregistreringane gir eit godt grunnlag for skogeigarane og tømmerkjøparane for å ta omsyn til viktige miljøverdiar. Det er no sett til side eit samla areal med nøkkelbiotopar på omkring 1 mill. dekar. Miljøinnsatsen frå det private skogbruket sikrar god miljødokumentasjon og gode miljøomsyn i næringsverksemda, og medverkar mellom anna til å auke omfanget av frivillig vern.

3.4 Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar, mat, trevirke og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit resultat av eit aktivt landbruk. For å sikre at innbyggjarane i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlag. Gjennom berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og reduserte utslepp av klimagassar, og leggje til rette for auka opptak av klimagassar og naudsynt tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Nasjonalt miljøprogram for perioden 2019–2022 blei ferdig hausten 2018. Nasjonalt miljøprogram samlar verkemiddel til støtte for miljøomsyn i jordbruksdrift. Slike verkemiddel og miljøomsyn siktar mot å redusere forureining og ulemper frå jordbruksdrift, og vareta kulturlandskap og naturgode. Som oppfølging av Meld. St. 11 (2016–2017) er klima i større grad vektlagt i Nasjonalt miljøprogram. Jordbruksoppgjera dei seinare åra har òg styrkt innsatsen for dyr på beite, utvalde kulturlandskap og biologisk mangfald.

Redusert forureining frå landbruket

Tiltak for å avgrense forureininga

Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå ein god økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år på grunn av variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrift. Åkerareal utan vernande plantedekke haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt ein dårleg tilstand, slik som i Viken og Innlandet. I 2019 blei det gitt om lag 220 mill. kroner i tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding, vegetasjonssoner, fangdammar og hydrotekniske anlegg over ordningane Regionalt miljøprogram og Spesielle miljøtiltak i landbruket. Det har gjennom fleire år vore lagt vekt på å målrette innsatsen mot dei areala der det er viktigast å gjennomføre tiltak, noko som kan ha bidrege til at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal. Tilskott til drenering blei innført frå 2013. Godt drenert jord reduserer faren for jordpakking og utslepp av lystgass frå jordbruksjord. Oppslutninga om ordninga har auka vesentleg etter at satsen blei dobla frå 1.7.2017, men det var ein nedgang i oppslutninga i 2019.

Nitrogengjødsel er viktig for plantevekst, men samstundes kjelde til skadelege utslepp av ammoniakk (NH3), lystgass og nitrat. Rett spreiemengd, spreietidspunkt og spreiemetode er viktig for å få ned utsleppa. I 2018 blei det gitt om lag 98 mill. kroner i tilskott til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Det er ein vesentleg auke frå dei tidlegare åra. Noreg sine rapporterte utslepp av ammoniakk overstig forpliktingane etter Gøteborgprotokollen, og det er òg av den grunn naudsynt å gjere tiltak for å få ned utsleppa.

Salet av plantevernmiddel varierer frå år til år mellom anna på grunn av klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. Dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnaden av plantevernmiddel er berekna helserisiko for 2019 redusert til 70 pst. av 1996/1997-nivået, mens berekna miljørisiko er redusert til 79 pst. av 1996/1997-nivået.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar

Reduserte utslepp av klimagassar

Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2018 på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,7 pst. av dei samla norske utsleppa. Utsleppa frå jordbruket er reduserte med 5,3 pst. frå 1990 til 2018. Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen er metan frå naturlege prosessar hos husdyr som storfe og sau, og lystgass frå husdyrgjødsel. Færre storfe, på grunn av auka produktivitet i mjølkeproduksjonen og redusert bruk av gjødsel, er blant hovudårsakene til nedgangen i utsleppet frå jordbruket. Avlsarbeid i mjølkeproduksjonen har bidrege til reduserte klimagassutslepp med 10 pst. per produsert eining frå 1980 til i dag. Trass i auka produksjon har endringar innanfor jordbruket bidrege til at forbrenningsutsleppa i jordbruket er reduserte med 30 pst. sidan 1990, av det er 15 pst. frå bruk av traktorar og andre reiskapar.

Det er stor uvisse knytt til utsleppstala for jordbruket. Ifølgje Miljødirektoratet er uvissa for berekna utslepp av metan på 25 pst. Tilsvarande uvisse for lystgass er ein faktor på 3, som inneber at utsleppa i røynda kan vere alt frå ein tredel av rapporterte tal, til tre gonger dei rapporterte tala. Det trengst meir kunnskap om korleis jordbruket kan redusere klimagassutsleppa, om potensialet for lagring av karbon i jord og om korleis ein kan tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig i det vidare arbeidet å leggje vekt på at produksjon av mat skal skje med lågast mogleg klimagassutslepp per produsert eining. I juni 2019 underteikna regjeringa og jordbruksorganisasjonane ein intensjonsavtale om reduserte klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket. Jordbruket er ei av dei første næringane i Noreg som inngår ein slik avtale med regjeringa. Det er sett eit mål om at utsleppa skal reduserast med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Auka opptak av CO2 og karbonlagring i skog og jord

I 2018 stod norske skogar for eit nettoopptak på 27,8 mill. tonn CO2. Når anna areal er teke med, blir nettoopptaket 23,7 mill. tonn, noko som svarar til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst og naturleg avgang. Tømmerhogsten i Noreg har synt ein gledeleg auke dei siste åra. Omfanget av skogforynging har mykje å seie for tilveksten i framtidsskogen og med det karbonopptaket. Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra. Den positive utviklinga har halde fram i 2019. I 2019 blei det planta 43,6 mill. skogplanter, ein auke på 5,2 mill. planter frå 2018. Noko av auken kan komme av at det er utvikla målretta tilskott til tettare planting og suppleringsplanting for å betre produksjonen og dermed CO2-opptaket i skogen.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Auka bruk av tre er ein av løysingane for å redusere klimagassutslepp i byggenæringa, og Noreg har god tilgang til berekraftig forvalta skogressursar. Bruk av tre legg grunnlaget for landbasert industriutvikling i alle regionar. Frå 2017 blei regjeringa si tresatsing ein del av Bioøkonomiordninga som Innovasjon Norge forvaltar. Måla er framleis auka bruk av tre og auka industrialisering i næringa. Effektiv ressursbruk og samarbeid på tvers av sektorar og ei sterkare internasjonal satsing er óg ein del av dette. Bioøkonomiordninga har «Bygg i tre» som eit eige strategiske satsingsområde, med vekt på mobilisering og finansiering av utviklingsprosjekt. Resultatet frå arbeidet er auka kompetanse om bruk av tre i store konstruksjonar i Noreg og vekst i marknadsdelar for tre i fleire kategoriar bygg, som oppvekst- og undervisningsbygg, næring, helse og idrett, og studentbustadar. Veksten i desse marknadene gir grunnlag for fleire industraliseringsprosjekt, med vekt på effektivisering, digitalisering av produksjonsprosessar og nye fabrikkar. Kompetansen og produkta frå dette arbeidet er etterspurd internasjonalt. Det er starta opp eit større profilerings- og samspelsarbeid knytt til moglegheiter i fleire marknader basert på arkitektur, ingeniørkunnskap, digitale verktøy og produkt. Parallelt blir det bygd vidare på bedriftsnettverk og klynger innanfor skog- og trenæringa.

Produksjon og bruk av bioenergi

Landbrukssektoren er leverandør av råstoff til bioenergi til andre sektorar og til intern bruk i næringa. Landbruks- og matdepartementet gir tilskott over jordbruksavtalen til investering i produksjon av småskala bioenergi. Dei seinare åra er det opna for å kombinere bioenergi med solvarme. Frå 2019 fekk ordninga namnet Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Programmet gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg og anlegg for sal av biovarme og kombinerte anlegg for bio- og solenergi, både kraft og varme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvenlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Breidda i programmet vil gjere det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi framover. I 2019 blei det gitt støtte til 188 prosjekt over programmet, 31 fleire enn i 2018. Mens programmet har eksistert, er det i alt etablert nesten 1 800 gardsvarmeanlegg, 34 anlegg i veksthus, og 239 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 470 GWh.

Utvikling av småskala biogassanlegg for gardsbruk har òg vore eit prioritert område innanfor programmet. Denne satsinga blir koordinert med biogasstrategien til regjeringa, som ligg under ansvarsområdet til Klima- og miljødepartementet. Det er etablert fleire pilotanlegg for kombinert behandling av husdyrgjødsel og anna biologisk avfall. Eit anna utviklingsområde for programmet er produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi. Dersom denne produksjonen blir vellukka, vil det kunne gi ein ny klimagevinst i tillegg til utsleppsreduksjonen frå jordbruket knytt til energiproduksjonen.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sine areal- og ressursgrunnlag

Nydyrking og omdisponering av areal

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa i desember 2015 og vedtok innstillinga frå næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140 av 8. desember 2015 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til under 4 000 dekar, og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa oppdaterte jordvernstrategien i 2018, jf. Prop. 1 S (2018–2019), i tråd med oppmodingsvedtak 444 av 6. februar 2018. Regjeringa følgjer opp strategien, mellom anna ved å greie ut eit krav om å tinglyse opsjonsavtalar som gjeld dyrka og dyrkbar jord. Målet for omdisponering er ført vidare. For 2019 viser KOSTRA-tala frå SSB at det blei omdisponert 3 617 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk, og at ein difor er under målet for tredje år på rad.

For fjerde året på rad auka talet på godkjent areal for nydyrking. I 2019 blei så mykje som om lag 28 100 dekar godkjent, noko som er om lag 3 300 dekar meir enn året før, og det høgaste talet sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005. I alt blei 1 143 søknader handsama i 2019. Frå og med 2014 har i gjennomsnitt om lag 22 300 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Økologisk jordbruksareal og husdyrproduksjon

Det økologiske arealet utgjorde 411 524 dekar i 2019, om lag 4,2 pst. av det samla jordbruksarealet. Medrekna karensareal, det vil seie areal under omlegging, er delen 4,6 pst. Dette er ein liten nedgang samanlikna med 2018. Husdyr i økologisk driftsform utgjer førebels ein liten del av det samla talet på husdyr i Noreg. Frå 2018 til 2019 var det ein nedgang i produksjonen av økologisk kjøtt. Det var ein auke i produksjonen av økologiske egg. Omsetnad av økologisk mat og drikke auka i dei fleste kanalar for sal i 2019. I både storhushald og bakeri var veksten om lag 9 pst.

Genressursane i landbruket

Genmangfaldet i landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda. Genmangfaldet gir grunnlag for at husdyr, matplanter og skogtre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold, sjukdommar og nye krav til sluttprodukta. FNs berekraftsmål 2.5 forpliktar Noreg til å sikre berekraftig bruk og bevaring av husdyrrasar og plantesortar som eit tiltak for å utrydde svolt.

Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg, er 17 i kategorien «kritisk truga» i 2019. Ytterlegare 11 rasar blir rekna som «truga». Den samla summen av bevaringsverdige husdyr aukar jamt for kvart år. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. Også innanfor dei husdyrrasane som ikkje er truga, blir det lagt vekt på berekraftig avl som sikrar det genetiske mangfaldet i populasjonane.

I 2019 var det i alt 13 bevarings- og tradisjonssortar på den norske plantesortslista. Det er òg oppretta ein bruksgenbank for gamle sortar av korn og grønsaker der interesserte bønder kan få materiale til bruk og foredling. Nasjonalt er det etablert 22 klonsamlingar for bevaring av norske sortar av grønsaker, poteter, urter, frukt, bær, staudar og roser. Gjennom drifta av Nordisk genressurssenter (NordGen), under Nordisk ministerråd, samarbeider Noreg med dei andre nordiske landa om bevaring av nordiske plantesortar som kan frøformeirast.

I upløgde og permanente enger har viktige engvekstar fått utvikle seg over lang tid og tilpassa seg klima og andre vekstvilkår. I 2019 var det registrert 2 589 lokalitetar av slåtteenger. Handlingsplan for slåttemark under Miljødirektoratet og andre fylkesvise initiativ bidreg til å halde ved lag slåtteengene gjennom tradisjonell skjøtsel og drift.

Innanfor skogbruket er gran det treslaget som er best karakterisert genetisk. Frå og med 2019 er 3 665 individ utprøvde i skogplanteforedlinga på gran. Desse individa dannar grunnlaget for eit utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040. For å bevare genetiske ressursar er det etablert 32 bevaringsområde for skogtregenetiske ressursar i Norge. 24 av områda er såkalla in situ bevaringsområde, etablert i eit utval av verneområde nord til og med Nordland. I løpet av 2019 blei det etablert eit bevaringsområde for villeple i Jomfruland nasjonalpark. In situ bevaringsområde for genetiske ressursar for skog omfattar no 11 ulike treslag, mellom anna alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran. I tillegg er det etablert åtte såkalla dynamiske ex situ bevaringsbestand for gran. Bevaringsbestanden er etablert for bevaring av tidlegare foredlingsmateriale av gran.

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar. Det er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. Ved slutten av 2019 romma frøkvelvet 992 032 frøprøver frå i alt 78 institusjonar. Dette er ikkje medrekna dei frøa som blei henta tilbake av den internasjonale genbanken for tørrlandsjordbruk (ICARDA). ICARDA har henta tilbake 24064 frøprøver i 2019 for å produsera nye frø som vil erstatte den tidlegare genbanken i som låg i Syria. Om lag halvparten av alt mangfald av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv.

God agronomi

God agronomi kan bidra både til større husdyrproduksjon og avlingar og til betre kvalitet i produksjonen. For å nå måla regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat, trengst det meir kunnskap om agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn både hos den enkelte bonden og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon. Denne kunnskapen vil òg kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen frå den veksande folkemengda. Kompetanseauken på desse områda blir kombinert med større kunnskap om korleis klimagassutslepp som følgje av matproduksjon kan haldast på eit så lågt nivå som mogleg.

Landbruks- og matdepartementet prioriterer høgt forsking på matområdet, noko som kjem fram i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd viser at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på det same høge nivået dei siste åra. Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar. Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjonen og fram til forbrukaren. Resultata frå forskinga skal komme til nytte hos både næringsutøvarar og forbrukarar.

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar, med fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar, vil krevje ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansierte gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse.

På området agronomi er det lagt vekt på utfordringane norsk jordbruk står overfor, som forventningane om auka matproduksjon, vidareføring av norsk sjølvbergingsgrad, og landbruk i heile landet. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har leidd det tverrvitskaplege forskingsprosjektet AGROPRO – Agronomi for auka matproduksjon, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet har undersøkt samanhengen mellom agronomi og matproduksjon i Noreg. Døme på tema som er representerte i prosjektet, er betre jordstruktur (jordpakking), miljøeffektar av lystgassutslepp frå ulike driftssystem, og verdien av fysiske og kjemiske forhold i jorda for næringsopptaket til planter.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Det er eit mål å vareta og utvikle kulturlandskapet. Tilskott til skjøtsel av kulturlandskap i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap verkar òg saman med midlar frå Klima- og miljødepartementet til å ta vare på viktige miljøverdiar i desse verdsarvområda.

Frå og med 2020 får dei aktuelle kommunane ansvaret for forvaltninga av ordninga med tilskott til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap og utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat og sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2018 utgjorde vel 9,8 mill. dekar, om lag det same som i 2014.

Husdyrbeiting i utmark bidreg til skjøtsel av kulturlandskapet og til å halde utmarka open. Samstundes har det positiv innverknad på det biologiske mangfaldet. I satsingar som Utvalde kulturlandskap i jordbruket, Verdsarvområda og Utvalde naturtypar er beiting i mange tilfelle eit viktig skjøtseltiltak. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og difor er det behov for både storfe, geit og sau på beite. I 2019 blei det gitt tilskott til i alt 2,2 mill. husdyr på utmarksbeite. I perioden 2000–2019 har talet variert mellom 2,2 og 2,4 mill. beitedyr. I 2019 var talet 1,9 mill. sau, 239.000 storfe og 52.000 geiter på utmarksbeite. Nasjonal pollinatorstrategi, som blei lagd fram i 2018, blir følgt opp på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå og med 2019 er det tilrettelagt for tilskott for å tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvenlege frøblandingar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Element frå strategien blir òg følgde opp gjennom ordningane Utvalde kulturlandskap, Handlingsplan for plantevernmiddel, SMIL og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving skal formidle kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet.

3.5 Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga har ansvar for samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal vere tilgjengeleg for folk, organisasjonar og næringsliv, i tillegg til å leggje til rette for auka verdiskaping. Organiseringa av forvaltninga skal vere enkel, og tilgjengelege ressursar skal nyttast effektivt. Brukarane skal oppfatte kommunikasjonen med forvaltninga som god, open og tilgjengeleg, mellom anna gjennom brukarretta digitale tenester.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet og ei oppgåveløysing som er delt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Departementet har fire underliggjande verksemder. Mattilsynet og Landbruksdirektoratet har direktorats- og tilsynsoppgåver. Dei to underliggjande forskingsinstitutta Veterinærinstituttet og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er sentrale kunnskapsleverandørar for departementet, sektoren og næringslivet. Ein nærare omtale av dei underliggjande verksemdene finst under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.

I tillegg til departementet og underliggjande verksemder har både fylkesmannsembeta, fylkeskommunane, kommunane og Innovasjon Norge (IN) sentrale roller og oppgåver i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken regionalt og lokalt.

Fylkesmannsembeta er statleg styresmakt på landbruks- og matområdet regionalt og har ansvar for å følgje opp nasjonale vedtak, mål og retningsliner innanfor landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannsembeta er eit viktig bindeledd mellom staten og kommunane i gjennomføringa av den nasjonale landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannsembeta er administrativt underlagde Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for oppfølging av embeta på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har som regionale nærings- og samfunnsutviklarar ansvar for oppgåver innanfor næringsutvikling, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og skal bidra til gode koplingar mellom landbruk og anna regionalt plan- og utviklingsarbeid.

Kommunane er førsteline for forvaltninga av dei juridiske og dei fleste økonomiske verkemidla i landbruket, og er saksførebuande organ for IN på landbruks- og matområdet.

IN forvaltar midlar til investering og utvikling av verksemder, i tillegg til anna programstøtte til landbruket og andre landbruksbaserte næringar. IN er organisert som eit særlovsselskap og eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører oppgåver for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gitt i årlege oppdragsbrev frå departementet.

Ei moderne, effektiv og brukarvenleg forvaltning med god kvalitet

I tråd med Meld. St. 30 (2019–2020) En innovativ offentlig sektor, er regjeringa sitt mål ein effektiv offentleg sektor som leverer gode tenester til innbyggjarane, har høg grad av tillit i folkemengda, og finn nye løysingar på utfordringar i samfunnet i samarbeid med innbyggjarane, næringslivet, forskingsmiljø og sivilsamfunnet.

For å sikre eit berekraftig velferdssamfunn òg i framtida er det viktig at den offentlege bruken av økonomiske ressursar er effektiv. Det inneber klare prioriteringar av utgiftene i statsbudsjettet og at offentleg sektor viser vilje og evne til omstilling, effektivisering og avbyråkratisering. Innovasjon og ny teknologi kan òg bidra til meir effektiv pengebruk. Effektiv bruk av ressursar inneber både å utføre og å prioritere oppgåvene rett. Regjeringa vil gjennomføre strukturtiltak som bidreg til ein meir effektiv bruk av dei samla ressursane i samfunnet. Dette kan gi gevinstar i form av reduserte utgifter over statsbudsjettet og samstundes betre kvalitet og resultat. Det er óg viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir forenkla og målretta slik at dei samla bidreg til å auke verdiskapinga.

Ei landbruks- og matforvaltning som er effektivt organisert og styrt

Landbruks- og matdepartementet er i styringsdialogen med underliggjande verksemder oppteke av at dei skal bruke dei tildelte ressursane på ein effektiv måte, og at forvaltninga skal ha god kvalitet. I tildelingsbrev for 2020 har departementet uttrykt forventningar om at verksemdene nyttar løyvingane på ein kostnadseffektiv måte. Utgiftsramma til departementet er i åra 2015–2020 redusert med omkring 72 mill. kroner som følgje av ein generell reduksjon i løyvingar med utgangspunkt i krav om effektivisering og avbyråkratisering (ABE-reforma). I tillegg er løyvingane til enkelte verksemder reduserte utover ABE-reduksjonar med ytterlegare krav til effektivisering. For åra 2015–2020 utgjorde desse kutta 47 mill. kroner for Mattilsynet, NIBIO og Landbruksdirektoratet. I styringa av Landbruksdirektoratet og Mattilsynet har departementet hatt merksemd på reduksjon i utgiftene til administrasjon, og at verksemdene set i verk tiltak for å bli meir effektive. Landbruks- og matdepartementet legg òg vekt på å ha ein effektiv og robust instituttsektor.

Departementet har delegert mykje av gjennomføringa av politikken til underliggjande verksemder. For å oppnå ei mest mogleg effektiv styring og leiing av dei underliggjande verksemdene, ønskjer departementet klare mål og tydelege prioriteringar i styringsdialogen, samstundes som verksemdene skal stå tilstrekkeleg fritt til å gjere oppgåvene sine på ein formålstenleg og effektiv måte til nytte for brukarar og samfunn. På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal forbetre den interne verksemdsstyringa, og at landbruks- og matforvaltninga etterlever lov- og regelverk. Departementet er oppteke av at underliggjande verksemder har tilstrekkeleg internkontroll og ei tilfredsstillande risikostyring. NIBIO, Veterinærinstituttet og Mattilsynet har etablert internrevisjon som skal bidra til å forbetre drifta av verksemdene.

Landbruks- og matforvaltninga er representert over heile landet og i alle fylke. Tabell 3.4 viser at det samla talet på årsverk i den statlege landbruks- og matforvaltninga har blitt redusert med 8 pst. (159 årsverk i perioden 2015–2020). Veterinærinstituttet og NIBIO er ikkje med i årsverkoversikta fordi talet på årsverk for desse ikkje kan samanliknast med dei andre verksemdene, som hovudsakleg er finansierte av statlege løyvingar. Institutta hentar omkring halvparten av inntektene sine frå andre kjelder enn direkte statlege løyvingar. Talet på tilsette vil difor kunne variere med etterspørsel i marknaden og tilslag på midlar til forsking. Institutta er likevel omfatta av krav til avbyråkratisering og effektivisering.

Sjølv om talet på tilsette og budsjetta til verksemdene i landbruks- og matforvaltninga går ned som følgje av krav til effektivisering og reduksjon i løyvingane, legg departementet til grunn at kvaliteten på forvaltninga og dei faglege leveransane skal haldast oppe. Det heile handlar om å finne betre måtar å arbeide på, prioritere tida betre og innrette verksemda på meir tenleg vis. Gjennom god drift, formålstenleg organisering, innovasjon, modernisering og digitalisering vil ein over tid kunne oppnå innsparingar, auka tilgjengelegheit og meir brukarvenlege tenester.

Tabell 3.4 Årsverk i den statlege landbruks- og matforvaltninga, 2015–2020

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Endring i pst. 2015–2020

Landbruks- og matdepartementet

145

138

139

135

134

135

-6,9

Mattilsynet

1 281

1 257

1 255

1 224

1 225

1 197

-6,6

Landbruksdirektoratet

218

214

216

204

195

200

-8,3

Fylkesmannen

343

332

328

328

315

296

-13,7

Sum

1 987

1 941

1 938

1 891

1 869

1 828

-8,0

Kjelde: Årsrapportar for Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og fylkesmannsembeta. Årsverk for fylkesmannen omfattar landbruks- og reindriftsforvaltning i embeta.

Landbruks- og matdepartementet har i perioden 2015–2020 redusert talet på årsverk med 6,9 pst. Dette må sjåast i samanheng med at departementet har vore oppteke av reduksjon av administrative stillingar og effektivisering av drifta i tråd med strategien frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for betre og meir effektive administrative tenester i departementa. Løyvingane til drift av departementet har i åra 2015–2020 blitt reduserte med 5,8 mill. kroner som følgje av ABE-reforma.

Mattilsynet har hatt ein reduksjon på omkring 84 årsverk i perioden 2015–2020. Mattilsynet har i perioden 2015–2020 fått redusert løyvingane med til saman om lag 46 mill. kroner med utgangspunkt i ABE-reforma, og har fått redusert budsjettet ytterlegare med om lag 31 mill. kroner i særskilde kutt med krav til effektivisering av verksemda. Departementet har lagt til grunn at Mattilsynet framleis skal prioritere det utøvande tilsynsarbeidet. Gjennom prosjektet Framtidas arbeidsplass, som starta opp i 2015, har Mattilsynet oppnådd vesentlege reduksjonar i leigd kontorareal og reduksjon i kostnader dei seinare åra. Gjennom prosjektet har Mattilsynet redusert samla leigd kontorareal med 34 pst., samstundes som kostnader til leige på dei nye kontraktane er reduserte med 7,8 pst. Mattilsynet har óg sett i verk tiltak for kostnadsreduksjonar på andre område den seinare tida, men det er førebels for tidleg å måle effektane av dette.

Landbruksdirektoratet har dei siste åra fått fleire nye oppgåver utan at løyvingane har auka. Landbruksdirektoratet har i perioden 2015–2020 hatt ein reduksjon på 18 årsverk (8,3 pst.). Landbruksdirektoratet har dei seinare åra gjennomført ei omstilling av verksemda, og direktoratet har vedteke at prosessen med omstilling òg skal innebere effektivisering og reduksjon av tilsette i administrasjonen. Pågåande omstilling har medført behov for dobbel bemanning i nokre stillingar i ein periode. Etter første halvår 2020 fall dette behovet bort, og gevinstar innanfor nokre administrative funksjonar vil etter dette kunne bli realisert.

Direktoratet har i perioden 2015–2020 fått redusert løyvingane med til saman om lag 8,6 mill. kroner med utgangspunkt i ABE-reforma. Departementet har dei seinare åra skjerpa krava til effektivisering av drifta av direktoratet. I tillegg til den årlege generelle reduksjonen i løyvingane i tråd med ABE-reforma, fekk direktoratet ein reduksjon i løyvinga til drift for 2018 på 4,3 mill. kroner, i tråd med forventningane om effektivisering som låg til grunn då direktoratet blei omorganisert i 2014. For å følgje opp kutt i løyvingane frå departementet og krav til effektivisering, har direktoratet mellom anna redusert bemanninga, redusert kostnader til interne tenester og forhandla fram betre avtalar på IKT-drift og vedlikehald.

Samarbeid i sektoren og med andre sektorar

Dei underliggjande verksemdene til departementet har eit omfattande samarbeid. Det gjeld òg samarbeid med dei andre aktørane i landbruks- og matforvaltninga. Det er utforma formaliserte avtalar om samarbeid mellom fleire av verksemdene som mellom anna inneber levering av tenester mellom verksemdene, utveksling av data, kunnskap og kompetanse, og regelmessige direktørmøte.

Landbruksdirektoratet har eit utstrekt samarbeid med fylkesmannen for å oppnå god og effektiv forvaltning. Direktoratet arrangerte i 2019 for andre gang ein fagkonferanse for tilsette hos Fylkesmennene, der meir enn 400 personar deltok. Målet var kompetanseutveksling, utveksling av erfaringar og bygging av nettverk.

Frå og med 2020 har fylkeskommunane ei utvida rolle på landbruks- og matområdet gjennom overføring av oppgåver. Oppgåveoverføringa har medført at samarbeidet med fylkeskommunane er videreutvikla.

Det er óg naudsynt for direktoratet å ha eit godt samarbeid og ein god dialog med relevante aktørar innan andre forvaltningsområde. Eit døme på samarbeid med andre forvaltningsområde er det omfattande samarbeidet mellom Landbruksdirektoratet og miljøforvaltninga, der talet på saker på tvers av forvaltningsområda er aukande. Landbruksdirektoratet har eit nært samarbeid med Miljødirektoratet særleg innanfor naturmangfald og klima. Landbruksdirektoratet har òg eit godt samarbeid med Tolletaten og Skatteetaten når det er naudsynt.

Mattilsynet samarbeider med andre etatar i kampen mot arbeidslivskriminalitet og matsvindel. Dette gjeld mellom anna samarbeid med politiet, Tolletaten, NAV og Arbeidstilsynet for å oppnå auka koordinering og styrkt informasjonsflyt mellom offentlege etatar. Mattilsynet og politiet har òg inngått ein avtale om samarbeid for å kjempe mot dyrevelferdskriminalitet, og så langt har det blitt etablert dyrekrimprosjekt i fire regionar. Samarbeidet med politiet omfattar mellom anna utveksling av informasjon og samarbeid om oppfølging av meldingar og straffesaker.

Kommunikasjon

Klar, målretta og god kommunikasjon med omverda er naudsynt for at forvaltninga skal vere brukarvenleg. Arbeidet med kommunikasjon i landbruks- og matforvaltninga skal vere i tråd med dei statlege prinsippa om open og heilskapleg kommunikasjon og ta vare på omsynet til medverknad. Landbruks- og matdepartementet arbeider for offentleg merksemd om landbruks- og matpolitiske spørsmål og problemstillingar. Ny kunnskap og informasjon på aktuelle saksområde skal raskt gjerast tilgjengeleg – mellom anna på nettsidene til departementet (www. regjeringen.no/lmd) – og i tett samarbeid med dei underliggjande verksemdene. Departementet er aktivt på sosiale medium og arbeider kontinuerleg med å bruke ulike kanalar for kommunikasjon. Dette er viktig for å presentere informasjon som skaper interesse, tek omsyn til behovet for brukarmedverknad og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken.

Modernisering og digitalisering

Digitalisering av tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å modernisere, forenkle og forbetre forvaltninga. Digitaliseringsstrategien for offentleg sektor 2019–2025 legg mellom anna vekt på tenester med brukaren i sentrum, auka deling av data, og styring og samordning av digitale tenester i offentleg sektor. I tråd med strategien skal verksemdene i landbruks- og matsektoren halde fram med å tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Tenester som ikkje krev nærleik til brukarane, skal normalt vere tilgjengelege digitalt, og verksemdene skal vurdere om manuelle tenester kan fasast ut der digitale tenester gir eit tilstrekkeleg godt tilbod til brukarane. Digitale tenester bidreg til å gi innbyggjarar og næringsdrivande ein enklare kvardag, samstundes som det legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene sine meir effektivt. Vidare skal digitale tenester bidra til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet i offentlege tenester og demokratisk deltaking. Kommunikasjonen mellom forvaltninga og brukarane skal normalt skje gjennom digitale, nettbaserte tenester. Digitalisering av interne arbeidsprosessar kan gi innsparingar og betre utnytting av ressursane, i tillegg til å auke kvaliteten.

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet held fram med å utvikle ein systemportefølje som gjer forvaltninga meir brukarvenleg og effektiv. Dei siste åra har direktoratet lagt ned store ressursar på IKT-området. Dei nye IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag for brukarane, og gi ei effektiv og sikker forvaltning. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet er no tilgjengelege digitalt. Dei siste åra er fleire store IKT-prosjekt finansierte over jordbruksavtalen, mellom anna eStil RMP, eStil PT og Agros. Denne satsinga har óg gjort det mogleg for fylkesmannsembeta og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. I 2018 starta direktoratet arbeidet med å auke digitaliseringsgraden og effektiviseringa av tenestene og fagsystema for skogbruksforvaltninga. Arbeidet er tredelt og blir avslutta i 2021. Prosjektet har fått stønad over Digitaliseringsdirektoratet si medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt.

Landbruksdirektoratet har sidan 2018 utvikla ei sams IKT-løysing for tilskottsordningar, kalla Agros. Prosjektet skal avsluttast sommaren 2020 og då vil over 25 ordningar vere innlemma i løysinga. Nytta har vore stor for både søkjarar og sakshandsamarar i kommunane, hos Fylkesmannen og i direktoratet.

Direktoratet arbeider òg med utviklinga av ei ny IKT-løysing for forvaltning av importvernet og ordninga med råvarepriskompensasjon (RÅK). Løysinga skal implementerast etter sommaren 2020.

I 2019 starta direktoratet opp eit prosjekt for å utvikle nye digitale løysingar for kvoteordninga for mjølk. Utviklingsfasen er planlagd gjennomført over ein toårsperiode, frå februar 2020 og ut 2021.

I 2019 starta direktoratet òg eit prosjekt for digitalisering av refusjonsordninga for veterinære reiser. Prosjektet blir avslutta etter sommaren 2020. Prosjektet har fått støtte over Digitaliseringsdirektoratet si medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt.

Geodata og geografisk informasjonsteknologi blir nytta i fleire av direktoratet sine fagområde, system og tenester. Regjeringa la fram den nasjonale geodatastrategien «Alt skjer på ett sted» i november 2018. I strategien tilrår ein at verksemder som forvaltar geografiske data utarbeider eigne geodatastrategier. Direktoretet sin geodatastrategi blei utforma i 2019 og legg grunnlaget for ein best mogleg bruk og nytte av geografiske data.

Mattilsynet

Digitalisering bidreg til at Mattilsynet løyser samfunnsoppdraget sitt meir effektivt og med betre måloppnåing. I 2019 har Mattilsynet arbeidd vidare med å forbetre utnyttinga av eigne data frå kjøttkontroll. Det gjer kjøttkontrollarbeidet meir effektivt, og data som blir samla inn blir meir pålitelege. Løysinga gir Mattilsynet betre oversikt, slik at dei kan prioritere prøveuttak og kjøttkontroll.

Mattilsynet er òg godt i gang med eit utviklingsprosjekt på digital systemstøtte for å sikre betre informasjonsflyt og utnytting av data frå husdyrnæring, slakteri og eigne data frå kjøttkontrollen. Nye arbeidsprosessar og systemløysingar gir betre informasjonsflyt mellom Mattilsynet og næringa langs heile produksjonskjeda.

Eit prosjekt om «Tilsyn ferdig på stedet» tek i bruk digitale verktøy for å betre delar av tilsynsarbeidet og effektiviserer dette arbeidet i Mattilsynet. Mattilsynet har arbeidd med prosjektet i 2019 med sikte på å ta det i bruk i 2020.

Norsk institutt for bioøkonomi

I 2019 har instituttet lagt ned ein stor innsats innan modernisering og digitalisering. Eit viktig tiltak internt i verksemda har vore å ta i bruk eit nytt ERP-system (Enterprise Resource Planning) frå januar 2019. Systemet gir betre støtte til administrative prosessar innan økonomistyring, budsjett, rekneskap, løn/reise, prosjektstyring etc. Det gir òg betre styringsinformasjon til leiinga for verksemda. NIBIO har óg eit omfattande utadretta tenestetilbod gjennom ulike IKT-løysingar. Samla sett betyr desse mykje for at landbruksforvaltninga får ein effektiv tilgang til informasjon om skog- og arealresursar.

AR5 er eit heildekkjande nasjonalt kart som viser tilstanden for arealressursane ut frå produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Det er ein viktig reiskap for både verkemiddelforvaltning, planarbeid, sakshandsaming, utgreiingar og næringsutvikling. NIBIO har i 2019 oppdatert kartdata for 68 kommunar med til saman 2 235 kvadratkilometer jordbruksareal. 75 pst. av kommunane har gjennomført vedlikehald av AR5 dette året.

Ved hjelp av NIBIOs kartportal «Kilden» er det mogleg å søkje i kart og laste ned kartdata og data frå andre utvalde kartleverandørar i Norge digitalt. Tenesta er vidareutvikla i 2019, mellom anna med moglegheit for 3D-visning, innlegging av eigne brukardata frå GPS og å generere arealrapportar innanfor ulike areal som brukaren sjølv definerer.

Gjennom Gårdskart på Internett får næringsdrivande tilgang til same informasjon som forvaltninga, og kan dermed handtere informasjonsinnhenting sjølve, og dermed redusere behovet for bistand frå offentlege forvaltningsorgan.

NIBIOs satsing på digitalisering har medført at landbruksforvaltninga på alle nivå har naudsynt tilgang til informasjon om skog- og arealressursar. Informasjonen tilfredsstiller Riksrevisjonens krav til kontroll med utbetaling av arealtilskott i jordbruket og krava i Geodatalova. Effektiv tilgang til relevante data av høg kvalitet gir raskare og sikrare sakshandsaming, meir openheit, betre kontroll og færre klagar.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet (VI) arbeider kontinuerleg med digitalisering av verksemda, både når det gjeld tenester til kundar og oppdragsgivarar og interne verksemdssystem. I 2019 har instituttet hatt stor merksemd på digitalisering ved å bruke teknologi for å fornye, forenkle og forbetre.

Veterinærinstituttet har óg i 2019 arbeidd intensivt med omlegging av verksemda i samband med flytting til nye fasilitetar på Ås i 2020. Dette krev ei modernisering og effektivisering av mange delar av verksemda. Planlegging og etablering av nytt datasenter er eit omfattande arbeid og skal integrerast med utvikling av infrastruktur som ligg i byggjeprosjektet. Det er sett i gang prosjekt som skal digitalisere og gjere papirbasert dokumentasjon meir tilgjengeleg. All logistikk blir òg endra som følgje av flytting, og det blir førebudd systemstøtte for å handtera mellom anna innkjøpsprosessane.

Arbeid med Veterinærinstituttets styringssystem, som òg inkluderer kvalitetssikring av laboratorieverksemda, er ført vidare i 2019. Arbeidet med nytt økonomisystem som blei innført i 2018 er óg ført vidare i 2019.

Etablering av eit nytt støttesystem for å handtere prøveflyt som er tilpassa ny teknologi kom godt i gang i 2019 med løyving frå Digitaliseringsdirektoratet si medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt. Formålet for prosjektet er å sikre at Veterinærinstituttet er i stand til å levere verdifull kunnskap for å sikra nasjonal beredskap og berekraftig næringsutvikling, primært innan akvakulturnæringa. Modernisering av både verdikjeder/prosessar og støtteverktøy er sett i gang. Plattformene vil i neste omgang kunne brukast innan andre sektorområde. Instituttet har søkt ytterlegare finansiering til prosjektet gjennom medfinansieringsordninga.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Departementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og matsikkerheit, sjå omtale under kat. 15.10 og kap. 1115.

Departementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og gi hjelp til andre departement ved eventuelle sektorovergripande kriser. Viktige element i departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur og å redusere risikoen for at det skjer uønskte hendingar. Departementet og underliggjande verksemder skal i størst mogleg grad kunne drive verksemda vidare, uavhengig av eventuelle uønskte hendingar og kriser. Departementet er oppteke av at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i eige planverk og styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder.

Departementet legg vekt på høg leiarmerksemd på styringa av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ein overordna analyse av risiko- og sårbarheit inngår i arbeidet med tryggleik og beredskap. I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav i tildelingsbrev, i verksemdsinstruksane og i den ordinære styringsdialogen.

Departementet øver regelmessig på eige ansvarsområde og deltek òg i tverrsektorielle øvingar. I 2019 arrangerte departementet fleire interne øvingar for å auke evna til å handtere kriser.

Mattilsynet arrangerte i 2019 ei nasjonal feltøving med tema munn- og klauvsjuke. I tillegg deltok det i totalforsvarsøvinga Øvelse Trident Jupiter. Mattilsynet nyttar MatCIM og Nødnett i beredskapsarbeidet, under øvingar og ved hendingar. Bruk av MatCIM har betra Mattilsynets evne til å handtere hendingar vesentleg, og effektivisert det daglege arbeidet. Nødnett sikrar kommunikasjon i område utan mobildekning.

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Oppgåvene omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, natur- og avlingsskadar. Landbruksdirektoratet har utarbeidd og teke i bruk nytt beredskapsplanverk. Beredskapsplanverket skal sørgje for at Landbruksdirektoratet er i stand til å halde oppe funksjonane sine i ein krisesituasjon. Verksemda nyttar i stor grad IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området.

1. juni 2019 blei Landbruks- og matCERT (responsmiljø for IKT-hendingar) etablert i Landbruksdirektoratet etter at Landbruks- og matdepartementet tinga dette. Landbruks- og matCERT varslar mellom anna Nasjonalt cybersikkerhetssenter om det skulle oppstå alvorlege IKT hendingar i landbruks- og matsektoren. I tillegg til Landbruksdirektoratet er Mattilsynet, NIBIO og Veterinærinstituttet knytta til Landbruks- og matCERT.

Oppfølging av ny sikkerheitslov

Lov om nasjonal sikkerheit (sikkerheitslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande verdi for GNF blir underlagde sikkerheitslova, og naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova, vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande verdi, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan òg bli endra.

Landbruks- og matdepartementet har identifisert følgjande grunnleggjande nasjonale funksjon i eigen sektor: «LMD GNF 1: Landbruks- og matdepartementets virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet» omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggjande verksemder. Denne GNFen vil bli innmeld til tryggingsorganet av departementet.

Næringsministeren har fastsett matvareforsyning som ein grunnleggjande nasjonal funksjon. Funksjonen omhandlar tilstrekkeleg tilgang på trygge matvarer, og ansvaret for verdikjeda er delt mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Landbruks- og matdepartementet sitt ansvar er knytt til nasjonal produksjon av landbruksprodukt og import av landbruksvarer. Matvareforsyning som ein GNF vil bli meldt inn til tryggingsorganet av Nærings- og fiskeridepartementet

Når desse grunnleggjande funksjonane er innmelde, vil Landbruks- og matdepartementet stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for visse verksemder dersom det er naudsynt.

3.6 Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken

Forsking, innovasjon og kompetanse er viktig for å nå hovudmåla i norsk landbruks- og matpolitikk: matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. For å nå måla legg departementet vekt på målretta og effektiv bruk av midlar til forsking og innovasjon. Vidare er det viktig at kunnskap og kompetanse blir gjort tilgjengelege for næring og forvaltning, og at vi har ein effektiv og fagleg sterk instituttsektor som bidreg til ei god og forskingsbasert forvaltning. I tillegg vil eit godt samspel mellom instituttsektoren, andre relevante kunnskapsmiljø, ulike næringsaktørar og forvaltninga vere viktig.

Landbruks- og matdepartementets midlar til forsking og innovasjon støttar nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar – og legg på den måten eit viktig grunnlag for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa. Forskingsmidlar frå departementet finansierer nasjonale forskarprosjekt, innovasjonsprosjekt i næringslivet og norsk deltaking i europeiske forskarnettverk.

Hovudtyngda av departementet sine forskingsmidlar blir kanalisert gjennom Forskingsrådets program for berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar (BIONÆR). Programmet dekkjer ei stor tematisk breidde innanfor Landbruks- og matdepartementet sine ansvarsområde. Tyngdepunktet i porteføljen ligg på mat, jord og planter, husdyr og tre. Områda reflekterer Landbruks- og matdepartementet sine prioriteringar og BIONÆR-programmet si nærings- og produksjonsorientering, innanfor både primærproduksjon og foredling.

Som omtalt under kap. 1137 blir BIONÆR sin portefølje komplettert av departementet sine midlar til program som Stort program energi (ENERGIX), Miljøforskning for ei grøn samfunnsomstilling (MILJØFORSK) og Bioteknologi for verdiskaping (BIOTEK 2021), i tillegg til forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt.

I denne rapporteringa blir det gitt døme på korleis forskingsinnsatsen på utvalde område bidreg til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken.

Matsikkerheit og beredskap

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Ny kunnskap skal bidra til å sikre forbrukarane nok og trygg mat av god kvalitet. Det er avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt, og forskinga dekkjer difor breitt, alt frå husdyravl og sortsutvikling til metodar for å betre mattryggleiken i næringsmiddelindustrien. Prosjekt innanfor område som dyrehelse, dyrevelferd og antibiotikaresistens bidreg til å halde ved like den gode posisjonen Noreg har når det gjeld mattryggleik. I tillegg er forsking på klimatilpassa produksjon, forbetra agronomisk praksis og teknologiutvikling viktig for auka og meir berekraftig matproduksjon i Noreg.

Dyre- og plantehelsa kan ha stor innverknad på mattryggleiken. Fleire prosjekt, finansierte av Noregs forskingsråd, Forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse og dyrevelferd. Dei siste åra er det utvikla mykje ny kunnskap om plantesjukdommar, sortsutvikling og klimatilpassing, til dømes korleis vintertoleranse blir utvikla i plantene.

Problemstillingar knytte til matsikkerheit og beredskap kan ikkje berre handterast nasjonalt. Internasjonalt forskingssamarbeid på desse områda er difor høgt prioritert av departementet. Norske forskingsmiljø er godt representerte i internasjonalt forskingssamarbeid innanfor landbruk, matsikkerheit, mattryggleik, klimaforandringar og dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens. Spørsmål knytte til matsikkerheit og klima er òg sentrale forskingsområde i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, der norske forskarar hevdar seg særs godt i konkurranse med andre land.

Boks 3.1 Kan mikroplast bidra til å spreie sjukdom?

Forskingsprosjektet PLASTPATH, har som målsetjing å studere om plast spelar ei rolle i å spreie og beskytte bakteriar og virus som kan smitte menneske. Prosjektet skal sjå på om mikrobar kan overleve og reise lengre i matproduksjonskjeda om dei lever på mikroplast.

Prosjektet skal isolere mikrobesamfunn på overflata av mikroplastpartiklar frå avløpsvatn og slam frå kloakkreinseanlegg og vassdrag. I laboratorieforsøk vil ein undersøkje om mikrobane på mikroplast overlev betre inni mage-tarmsystemet enn mikrobar utan mikroplast. PLASTPATH er eit samarbeid mellom Veterinærhøgskolen, NMBU, NTNU Ålesund, NOFIMA, Universitetet i Barcelona, VEAS og Lier vei, vann og avløp. Prosjektet er tildelt midlar gjennom BIONÆR-programmet og vil vare frå 2020 til 2024.

For å sikre nok og trygg mat, god dyre- og plantehelse og god dyrevelferd trengst det ei kunnskapsbasert forvaltning. Landbruks- og matdepartementet har, over fleire år, øyremerka midlar for å styrkje forsking av relevans for forvaltning, i samarbeid med Forskingsrådet og Mattilsynet.

Boks 3.2 Prosjektet PLANTVALUE

Prosjektet PLANTVALUE er eit av prosjekta som har fått midlar gjennom ordninga for å styrkje forsking av relevans for forvaltninga. Forskarane ønskjer å måle effekten av ulike reguleringstiltak som er sett i verk av Mattilsynet. Det kan vere vanskeleg å måle dei miljømessige, sosiale og økonomiske effektane av ulike tiltak. Prosjektet vil gjennomføre tre casestudiar der dei ser på effektar av tiltak som importrestriksjonar, regulering av plantevernmiddel og overvaking. Basert på funna vil forskarane evaluere nytten av ulike metodar for å måle verknaden av reguleringstiltak, i tillegg til å formidle råd til Mattilsynet.

Landbruk over heile landet

Forsking på landbruks- og matområdet skal byggje opp under målet om landbruk over heile landet. Føresetnadene for matproduksjon varierer frå landsdel til landsdel. For å møte kunnskapsbehova og løyse utfordringane der dei oppstår, er det viktig med forskingsmiljø som er til stades i ulike delar av landet og at dei har kompetanse om lokale forhold. Det at institutta har stor geografisk spreiing, er viktig for det nære samarbeidet mellom næring og forvaltning i heile landet. Det er òg viktig å leggje til rette for landbruksfagleg utdanning i heile landet. Alle fylka tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stadar i landet; Nord universitet, Høgskolen Innlandet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

For å utnytte moglegheitene som ligg i eit langstrekt land med variert topografi og klima, er auka kunnskap om bruk av jord- og beiteressursane sentralt. Det er tildelt midlar til ei rekkje forskingsprosjekt på området dei seinare åra. NMBU har eit prosjekt som skal sjå på førekomsten og konsekvensane av beiteparasittar på storfe. Formålet er å gi storfenæringa ny kunnskap om verknaden av beiteparasitter i tillegg til kunnskap om utbreiing og nye verktøy for påvising og kvantifisering. Parasittar dyra får i seg på beite kan føre til mindre effektivt produksjon eller nedsett dyrevelferd og helse som følgje av sjukdom. Gjennom eit nært samarbeid med storfenæringa, sikrar prosjektet at forskingsfunna blir forankra og implementert i næringa.

I tillegg vil forsking som gir kunnskap om landbruket si rolle for busetjing og sysselsetjing vere viktig. Ruralis fekk, gjennom basisløyvingane, midlar til ei strategisk instituttsatsing (SIS) om «Landbruk og bønder i endring – mellom økonomi, politiske skifte og grøne trendar». Satsinga har bidrege til å gi Ruralis, og med det forvaltninga, oppdatert kunnskap om og for norsk landbruk.

Vidare har det vore sett i gang fleire forskingsprosjekt som bidreg til auka kunnskap om ressursgrunnlaget knytt til landbrukseigedommane. Under dette ligg òg forskingsprosjekt retta mot reiseliv og Inn på tunet. Mellom anna var NMBU prosjektleiar for forskingsprosjektet Demensomsorg. Ved å tilby gardsbesøk som dagaktivitetstilbodet for personar med demens, bidrog prosjektet til innovativ utnytting av gardsbruk. Resultat frå prosjektet viste at gardsbesøk bidrog til å løfte livskvaliteten blant deltakarane gjennom auka fysisk aktivitet utandørs, betre humør og at dei kjente seg inkludert i eit sosialt fellesskap. Prosjektet blei avslutta i siste halvdel av 2019.

I tillegg til midlar gjennom BIONÆR-programmet i Forskingsrådet er departementet sine midlar til programmet Forskningsbasert innovasjon i regionene (FORREGION) sentrale for å støtte opp under målet om landbruk i heile landet. Programmet har som mål å auke verdiskaping, konkurransekraft og omstillingsevne i heile landet, og det legg til grunn dei unike moglegheitene og utfordringane i kvar region. Målet er omstillingsdyktige regionar, velfungerande næringsmiljø og tilgang til relevant kompetanse. Til dømes har Agder fylkeskommune fått midlar til å drive forskingsmobilisering i fylket. Eit av satsingsområda er ny teknologi og nye forretningsmodellar for omstilling til grøn økonomi. Sidan 2017 har Forskingsmobilisering Agder støtta over 70 bedrifter med midlar til innkjøp av forskingstenesta.

Auka verdiskaping

Forsking skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor ved å stimulere næringane til å forske meir og å gjere nytte av resultat frå forsking, både eiga og andre sine. Departementet støttar opp under innovasjonsaktivitet i næringane gjennom tydelege prioriteringar og god dialog med både næringa og verkemiddelapparatet. Mange verksemder på landbruks- og matområdet har liten tradisjon for eiga forsking, mellom anna fordi det er ei næring som i stor grad består av mindre føretak. Offentleg finansiering av forsking er difor viktig for å ta ut potensialet for verdiskaping, og for å halde oppe og styrkje konkurranseevna i mellom anna skog- og næringsmiddelindustrien.

Brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking er høgt prioritert i departementet. Tematisk innretta program som BIONÆR og ENERGIX, som utlyser midlar til innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN), er viktige verkemiddel for å auke FoU-aktivitet i næringslivet. I tillegg til IPN-prosjekt i BIONÆR og ENERGIX, er Forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt viktige kjelder til finansiering av næringsretta forsking i landbruks- og matnæringa.

Forsking er viktig for næringsmiddelindustrien. Mykje av forskings- og utviklingsinnsatsen går til å betre mattryggleiken gjennom auka kompetanse og kunnskap, produktivitetsauke gjennom betre lagring, kvalitetsheving og betre produkt gjennom prosessoptimalisering og hygieniske tiltak. Betre utnytting av råstoff og utnytting av restråstoff er òg tema som blir undersøkte. Næringsmiddelindustrien er involvert i ei rekkje prosjekt på matområdet. Samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa er godt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som har komme ut av samarbeidet.

Boks 3.3 Jordbruk nord for Polarsirkelen

Dei arktiske lysforholda med 24 timars sol skaper ei kort og ein intens vekstsesong. Hurtig vekst og næringsmangel bidreg likevel til skadar og mindre avling enn kva som er potensialet for vekstane. Innovasjonsprosjektet ARKTISKLYS skal utvikle nye nordnorske gjødselnormer optimalisert for potet- og kålrotproduksjon under fiberduk, og produksjonsklare jordbærplanter i plasttunnel. Prosjektet skal òg utvikle nye agro-meteorologiske vekstmodellar for kulturane, som spesielt tek omsyn til lysforholda nord for Polarsirkelen. Prosjektet er leia av Tromspotet AS, som samarbeider med NIBIO og Norsk landbruksrådgivning Nord-Norge.

Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer òg opp departementet sine føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd. Programma finansierer både mindre innovasjonsprosjekt i treindustrien og store, tverrfaglege prosjekt om kva for rolle skogen har i klimasamanheng. Sistnemnte dekkjer heile livsløpet, frå etablering til skjøtsel og avverking, og inneberer livsløpsanalysar innanfor verdikjeda tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. I 2019 styrkte regjeringa forsking på skog og klima med 25 mill. kroner. Det blei innvilga seks prosjekt innanfor alt frå skogplanteforedling til bygging av høghus i tre. Prosjektet i boks 3.4 er eit døme på eit av desse seks prosjekta. Ei utfordring for forskinga på skog og klima er å bidra med kunnskap til arbeidet med å balansere auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkasting i skogbruket og omsynet til miljø og biologisk mangfald. Det er eit komplekst samspel mellom primærproduksjon, hausting og bruk av trebaserte produkt i samfunnet. Dette gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning heilt naudsynt.

Boks 3.4 Korleis skal skogforvaltninga tilpasse seg klimaendringane?

Prosjektet MARCSMAN skal skaffe ny kunnskap om korleis ein kan balansere størst mogleg produksjon etter arealet si produksjonsevne og risikofaktorar. Klimaendringane vil gjere skogen meir utsett for biotiske og abiotiske skadar. Stormfelling og snøbrekk etter våtsnø kan medføre økonomiske tap og minke kor mykje karbon skogen kan binde opp. Prosjektet skal utvikle verktøy og modellar som gjer det mogleg å berekne: areala sine produksjonsevne under endra klimaforhold, skogens vekst og potensiale for karbonopptak ved ulike skogbehandlingsregimer og modellere, og kartlegge sannsynet for stormfelling og snøbrekk for enkelttre og skogbestand. NIBIO er prosjektleiar.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon mellom anna av omsyn til norske forbrukarar og beredskap. Samstundes er omsynet til miljø og klima viktig. For å nå dette målet er det avgjerande at dei ressursane vi rår over, blir utnytta på best mogleg måte. Ein viktig del av dette er satsinga på bioøkonomi dei siste åra. I tråd med bioøkonomistrategien til regjeringa skal forskingsinnsatsen på dette området bidra til reduserte klimagassutslepp og betre ressursutnytting, i tillegg til auka verdiskaping og sysselsetjing.

For å leggje til rette for eit berekraftig landbruk med lågare utslepp vil det mellom anna vere viktig med avlsarbeid for størst mogleg produksjon av friske og sunne dyr og sortsutvikling som sikrar eit plantemateriale som er tilpassa klimaforholda. Midlar frå Landbruks- og matdepartementet finansierer fleire prosjekt på dette området, og mange av prosjekta har brei medverknad frå brukarar. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, slik som kunnskap om betre agronomi, vil få endå større plass i tida framover.

Vidare vil produksjon og bruk av fornybar energi vere ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Innanfor bioenergiforskinga har områda miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall, vore sentralt for departementet.

Boks 3.5 Modernisering til klimavenleg gardsdrift

Prosjektet CLIMPLEMENT skal analysere strukturar og prosessar i jordbruket til å finne ut kva som mogleggjer klimagassreduserande tiltak på gardsnivå. Målet er å utvikle og formidle kunnskap som bidreg til utbreidd implementering av utsleppsreduserande og meir kostnadseffektive driftsmodellar. Prosjektet omfattar vidareutvikling av rådgivingstenester og utdanningsprogram om klimavenleg gardsdrift. Ruralis leiar prosjektet i samarbeid med NIBIO, Norsk Landbruksrådgivning, Mære Landbruksskole, Skjetlein vidaregåande skule, EuroCARE, Universitetet i Bonn og Wageningen Universitet. Prosjektet blir ferdig i 2022.

Boks 3.6 Framtidsretta matproduksjon i veksthus

Veksthusproduksjon av grønsaker i Noreg har sine utfordringar. I sesongproduksjon blir gass brent for å varme opp veksthuset og for å tilføre CO2 til plantene. I heilårsproduksjon brukar ein elektrisitet frå vasskraft for å tilføre lys og varme. Prosjektet BIOFRESH har som mål å effektivisere veksthus og gi auka produksjon med mindre energiforbruk. Ved hjelp av ny teknologi har dei gjort veksthuset til eit lukka system kor ein resirkulerer alt frå næringsstoff frå vekstprosessen til å lagre overskottsvarme frå dagen til bruk om natta. Prosjektet har hatt stor suksess, mellom anna ved å auke tomatavlinga med 21 pst. og i tillegg hatt utsleppstal lågare enn utanlandske produsentar (medrekna transport). Prosjektet starta opp i 2016 og blir avslutta i 2020. NIBIO er prosjekteigar og samarbeider med fleire forskingsinstitutt, private næringar og organisasjonar.

3.7 Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

På landbruksområdet har Noreg slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere løysingar som er tilpassa naturgitte forhold (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet), og som trengst for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTAs frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basis jordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Avtalen skal likevel vere til fordel for begge partar og innanfor rammene av landbrukspolitikken til dei enkelte partane. Artikkel 19 har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer, der ost og kjøtt er særleg viktige. Noreg og EU har inngått tre slike avtalar. Den siste artikkel 19-avtalen tok til å gjelde 1. oktober 2018 og inneber større kvotar for EU inn til den norske marknaden av mellom anna ost, kjøtt og blomar. For Noreg inneheld avtalen større eksportkvotar for kjøttvarer, mjølkeprodukt og blomar.

EFTA forhandlar med ei rekke land om å inngå handelsavtalar. I august 2019 blei EFTA og Mercosur, som er eit økonomisk fellesskap mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, samde om ein frihandelsavtale. Avtalen er ikkje formelt godkjend. EØS-landa har òg starta forhandlingar med Storbritannia. Noreg forhandlar òg bilateralt om ein handelsavtale med Kina.

Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel slår fast at Noregs primære handelspolitiske interesse er å bevare og styrkje det multilaterale handelssystemet. Dei siste åra har det vore lite framgang i WTO-forhandlingane. Ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017 gav ikkje resultat på landbruksområdet. Neste ministerkonferanse i WTO blir gjennomført i 2021.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av plikter som Noreg må overhalde når det gjeld importvern, omfang og innretting av landbruksstøtte og omfanget av eksportstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av støtte. Pliktene inneber òg ei omfattande årleg rapportering til WTO. Landbruk var òg eit sentralt tema under den handelspolitiske gjennomgangen av Noreg i WTO i juni 2018. Før neste WTO-ministerkonferanse i 2021 vil det bli arbeidd vidare med forslag om endringar av pliktene som medlemslanda i WTO har, til dømes for bruken av nasjonal landbruksstøtte.

Matsikkerheit

Ein omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er naudsynt for å sikre trygg mat som oppfyller krava forbrukarane stiller, og for å kunne fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er naudsynt for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å vareta norske synspunkt og for å bidra til utvikling og utveksling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er ifølgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europa-politikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, sams prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (organisasjon for matvarestandardar som ligg under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (OIE) og Verdsplantehelseorganisasjonen (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som legg premissar for regelverket i EU.

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eit av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling dei neste 10 åra. Måla gjeld alle land. Eit toppmøte om matsystem i 2021 skal betre framgangen og gjere synleg tiåret for å oppnå berekraftsmåla. Noreg vil òg aktivt følgje opp arbeid i Komiteen for matsikkerheit (CFS). Nye frivillige prinsipp for matsystem og ernæring legg vekt på samanhengen mellom matsystem, kosthald og ernæring.

Folketalet i verda er venta å auke til 9 milliardar menneske i 2050. Matproduksjonen må difor aukast med 60 pst. innan same tid. Dette er ei stor utfordring mellom anna fordi vilkåra for jordbruksproduksjon blir endra som følgje av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. Pandemien COVID-19 har råka matsikkerheita i mange land, og gitt auka merksemd på forsyning og matsystem. FAOs mandat er breitt og omfattar mellom anna matsikkerheit, reduksjon av fattigdom, og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, vatn, luft og genetiske ressursar. Antibiotikaresistens, biologisk mangfald, mattap og matsvinn er prioriterte arbeidsområde for Noreg i 2020 og 2021.

Innsatsen for varetaking, berekraftig bruk og rettferdig deling av genetiske ressursar er viktig for departementet. Dette er følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk. Noreg vil framleis vere eit aktiv medlem i desse organa, med særskild merksemd på mellom anna rettane til bønder.

Regjeringa la i juni 2019 fram ein handlingsplan for berekraftige matsystem. Regjeringa vil i sterkare grad prioritere arbeid med matsikkerheit innan utviklingspolitikken med bakgrunn i dei store utfordringane innanfor global matforsyning framover.

Internasjonalt skogsamarbeid

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Frå 2015 til 2021 er det Slovakia som leier prosessen. Den planlagde ministerkonferansen under Forest Europe som skulle haldast i oktober 2020 er utsett, og ny dato er sett til april i 2021.

FNs skogforum (UNFF), er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. I dei siste åra er det arbeidd med å implementere den strategiske planen for arbeidet med skog i FN som blei vedteken i 2017. Den strategiske planen er eit viktig steg i arbeidet med å sikre ei heilskapleg tilnærming til skogforvaltning i FN. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek òg her.

Forutan arbeidet med matsikkerheit er FAO ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning og har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjar kunnskap om den rolla skogen spelar innanfor matsikkerheit. FAO leier og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjerte i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg støttar opp om arbeidet i European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Noreg er òg medlem i to andre regionale skogsamarbeid; skognettverket Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet med Finland, Russland og Sverige, og eit sirkumborealt samarbeid der óg Canada og USA deltek. Noreg overtok formannskapet i Barents Forest Sector Network i oktober 2019 og vil ha formannskapet til oktober 2021.

Nordisk samarbeid

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) har heilt sidan Nidaros-deklarasjonen blei vedteken på ministermøtet i Trondheim i 2012, arbeidd for å følgje opp måla om samarbeid for berekraftig og konkurransedyktig produksjon innan sektorane. Samarbeidsministrane (MR-SAM) har starta arbeidet med revisjon av dei overordna måla for samarbeidet og har peika ut strategiske prioriteringar for eit grønt, konkurransedyktig og inkluderande Norden. Nordisk Ministerråd (NMR) er no i gang med arbeidet med handlingsplanar og budsjett retta mot å nå visjonen om at Norden skal bli verdas mest berekraftige og integrerte region. Aktiviteten i MR-FJLS fell naturleg inn under visjon og prioriteringar, og komiteane har arbeidd med planar og tiltak på området.

Til forsida