Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 800–882, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg i hovudsak lønns- og driftsutgifter til departementet. Oppgåver og prioriteringar i Barne- og familiedepartementet (BFD) følgjer av politikken og måla innanfor områda familie, oppvekst- og levekår for barn og unge, barnevern, forbrukarpolitikk og tru og livssyn. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger bak i proposisjonen.

Resultatrapport og strategiar

Departementet hadde 148 tilsette per 31. desember 2020.

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte. For å nå desse måla arbeider departementet mellom anna med innføring av nye arbeidsformer og med kompetanseutvikling. Dette arbeidet held fram i 2022. BFD arbeider for å følgje opp inkluderingsdugnaden til regjeringa, der målet er at minst fem prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar som har nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.

Målet for arbeidet med digitalisering er å fornye, forenkle og forbetre tenester og arbeidsprosessar. Departementet har i 2020 og 2021 arbeidd med å følgje opp digitaliseringsstrategien for offentleg sektor, med særskild vekt på å utvikle samanhengande tenester som tek utgangspunkt i livshendingar, og med oppfølging av digitaliseringsprosjekt i sektoren til BFD. Departementet har i 2020 og 2021 òg arbeidd med å følgje opp korleis verksemdene etterlever krav og føringar i nasjonal strategi for digital tryggleik. Departementet vil i 2022 arbeide vidare med å følgje opp digitalisering og digital tryggleik i sektoren til BFD.

Målet for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i BFD er å førebyggje uønskte hendingar og å minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle skje. Departementet har i 2020 og 2021 arbeidd med å handsame covid-19-pandemien for BFD sin sektor. I sektoren til BFD er barnevern og vern mot vald i nære relasjonar definerte som samfunnskritiske funksjonar under pandemien, medan gravferd er definert som ein samfunnsviktig funksjon. Vidare blei teknikarar for vedlikehald av krematorium rekna som samfunnskritisk personell frå mars 2021. Departementet evaluerte hausten 2020 handsaminga av pandemien (undervegsevaluering) for å forbetre planverk og krisehandteringsevne. I 2021 vil delar av planverket bli endra for å følgje opp erfaringane frå evalueringa. Vidare arbeid med oppfølging og forbetring av beredskapsplanverket vil skje òg i 2022. Departementet har vidare delteke i Justis- og beredskapsdepartementet sitt arbeid med å revidere rammeverket for kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar (KIKS).

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019. Føremålet med lova er å tryggje dei nasjonale tryggleiksinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke tryggleikstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggleiksinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde. GNF-prosessen vil vere ein kontinuerleg prosess der endringar kan skje undervegs. BFD har identifisert følgjande grunnleggjande nasjonal funksjon i eigen sektor: «BFD GNF1: Barne- og familiedepartementets (BFD) virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet», som omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Vidare omfattar ho utøving av mynde, styring og oppfølging av underliggjande verksemder og dessutan at departementet er i stand til å utøve kriseleiing. Identifisert GNF er innmeld til tryggingsorganet.

Regjeringa byggjer politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Regjeringa føreset at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. For å gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skape handlingsrom for prioriteringar innførte regjeringa ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform i 2015. Innhentinga av gevinstar blir sett til 0,5 prosent av driftsutgiftene til verksemda. I tillegg kjem eit mål om å redusere staten sine husleigeutgifter i den private leigemarknaden med 15 prosent over ein periode på 10 år, innført i 2020. BFD fører vidare avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma og målet om å redusere husleigeutgifter.

Pandemien har kravd meir bruk av digitale møte og gjeve statlege verksemder høve til å redusere reiseomfanget både på kort og lang sikt. Sjølv om reiseaktiviteten vil auke igjen etter kvart som samfunnet opnar ytterlegere opp, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. Dette vil redusere reiseutgifter i verksemdene og spare reisetid for dei tilsette. Regjeringa gjer framlegg om eit varig gevinstuttak frå og med 2022 på 5 pst. av reiseutgiftene slik desse var før pandemien. Sjå Prop. 1 S (2021–2022) Gul bok, for ei nærare framstilling av gevinstuttaket.

Det er i gang eit arbeid med å modernisere premiesystemet i Statens pensjonskasse. Frå 2022 skal ein innføre ein ny verksemdsspesifikk og hendingsbasert premiemodell for betaling av pensjonspremie for statlege verksemder. Innføringa av ny modell skal vere om lag budsjettnøytral på innføringstidspunktet ved at dei aktuelle verksemdene får ein reduksjon eller ein auke i løyvinga i tråd med endra premie. Sjå nærare omtale av saka i Prop. 1 S (2021–2022) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

800

Barne- og familiedepartementet

162 552

161 588

165 352

2,3

Sum kategori 11.00

162 552

161 588

165 352

2,3

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

151 340

151 462

155 215

21

Spesielle driftsutgifter

11 212

10 126

10 137

Sum kap. 800

162 552

161 588

165 352

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet.

I samband med at ansvaret for å levere lønns- og rekneskapstenester til departementa frå 1. juli 2016 blei overført frå DSS til DFØ, blei det overført midlar til DFØ for å dekkje utgifter til tredjepartsleverandørar for SAP-lisensar og fakturahandtering. Slik fakturering vil frå 2022 skje etter faktisk lisensuttak og etter talet på fakturaer som er handsama. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 0,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1605, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 155,2 mill. kroner i 2022.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

Departementet føreslår å flytte 0,2 mill. kroner til kap. 510, post 46, under Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å finansiere vedlikehald av kameraovervaking i departementa.

Departementet føreslår ei løyving på 10,1 mill. kroner i 2022.

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa vil arbeide for ein familiepolitikk som omfattar alle familiar, og som tek utgangspunkt i kvardagen deira. For regjeringa er det viktig at familiepolitikken bidreg til å gi familiane valfridom til å organisere kvardagen slik dei ønskjer. Familien er grunnleggjande for utviklinga til barnet og er eit sterkt sosialt fellesskap. Regjeringa er oppteken av tidleg innsats og førebyggjande tiltak, slik at flest mogleg barn kan få ein god og trygg oppvekst i sin familie og sitt nærmiljø.

Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske kår, og ulikskapen i inntekter er liten i Noreg jamført med andre land. Samstundes er det familiar som har så låg inntekt at det avgrensar høvet deira til å delta i samfunnet på ein fullverdig måte. Dette rammar barna. Ein del barn og unge opplever dessverre vald, overgrep og omsorgssvikt heime, der dei i utgangspunktet skulle vere trygge.

Familiepolitikken skal ved å bidra til eit godt utgangspunkt for familielivet gi barn og unge ein best mogleg start på livet. Ein godt utforma barne- og familiepolitikk inkluderer alle barnefamiliar og skal gi gevinstar for heile samfunnet. Gode levekår og høve til deltaking i fellesskapet skal bidra til tillit mellom innbyggjarane, høg grad av samhandling og ei stabil samfunnsutvikling. Det legg til rette for ein velfungerande økonomi.

Familieytingane betrar dei økonomiske vilkåra for familiane, både vaksne og barn. I 2019 auka barnetrygda til alle barn og unge for fyrste gong sidan 1996. Regjeringa har vidare i 2020 og 2021 auka barnetrygda for dei yngste barna med til saman 7 200 kroner i året per barn. Med auken i 2019 utgjer dette samla 8 200 kroner meir i året per småbarn. Endringane er eit historisk løft i barnetrygda og for småbarnsfamiliane, som ofte har noko lågare inntekt enn familiane med eldre barn. Barnetrygd har relativt sett meir å seie for familiar med låg inntekt enn for dei med høg inntekt. Auken skal òg komme familiar som får sosialstønad, til gode. Regjeringa har derfor heva dei statlege rettleiande satsane for økonomisk stønad til livsopphald. I 2022 føreslår regjeringa å justere ytinga for barn under 6 år ut frå venta prisvekst.

Kontantstøtteordninga er ein stønad til familiar med barn mellom 1 og 2 år som ikkje bruker barnehage. Ordninga skal gjere det lettare for familiar å velje omsorgsform for små barn. Den månadlege satsen har i denne regjeringsperioden blitt auka frå 6 000 kroner til 7 500 kroner. Regjeringa vil halde ved lag stønaden.

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av familiepolitikken. Foreldrepengar skal sikre inntekt for foreldre i samband med fødsel og adopsjon, slik at ein av foreldra kan vere heime med barnet. Ordninga gjer det mogleg å organisere familielivet innanfor trygge økonomiske rammer og samstundes halde på tilknytinga til arbeidslivet. Ordninga blei meir fleksibel for foreldra frå oktober 2021, då fri utsetjing av foreldrepengar blei innført.

Eingongsstønad er ei ordning for mødrer utan opparbeidd rett til foreldrepengar. Ytinga har auka med om lag 55 000 kroner sidan 2013 og er i dag 90 300 kroner per barn. Dette inneber meir ressursar til familiar som ofte har ein svakare familieøkonomi. Talet på stønadsmottakarar har i same periode halde seg stabilt. Dette kan tyde på at auken i eingongsstønad ikkje har hatt stor verknad på deltaking i arbeidslivet. Ordningar i samband med fødsel og adopsjon er nærare omtalte under programkategori 28.50.

FNs konvensjon om barnerettane gir alle barn rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg for utviklinga deira. Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha likeverdige tilbod utan omsyn til kva bakgrunn dei har. Hausten 2020 la regjeringa fram Like muligheter i oppveksten. Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023). Prop. 1 S (2020–2021) inneheldt satsingar på om lag 870 mill. kroner for å følgje opp strategien. Målet for strategien er å redusere forskjellar mellom barn og unge når det gjeld høvet til å delta og utvikle seg, og å førebyggje at levekårsulemper går i arv. Strategien har òg som mål å gi barn og unge betre høve til å gjennomføre utdanningsløp, delta i fritidsaktivitetar og bu trygt og godt. Strategien inneheld òg tiltak som skal bidra til gode helsetenester for alle. Ein oppvekst i familiar med vedvarande låg inntekt inneber ofte samansette utfordringar. Det er derfor naudsynt med ein brei og samordna innsats på tvers av departementa og tenestene. Strategien skal òg bidra til betre samordning av tiltak retta mot barn og ungdom i låginntektsfamiliar og styrkje samarbeidet mellom offentleg, frivillig og privat sektor.

Fritidsaktivitetar er ein stor del av livet til barn og ungdom og utgjer ein viktig arena for barn og unge til å utvikle sosiale ferdigheiter, vennskap og nettverk. Inkludering og deltaking i fritidsaktivitetar kan òg bidra til auka sosial mobilitet.

Fritida til barn og unge er meir organisert i dag enn tidlegare. Nokre grupper barn og unge deltek likevel i mindre grad enn andre i fritidsaktivitetar, og forsking viser at den sosiale ulikskapen i deltakinga i idretten har auka. Årsakene til ei slik utvikling kan vere fleire. Ei forklaring kan vere at inntektsutviklinga har vore svakare for låginntektsgruppene. Låginntektsgruppa har òg blitt større, hovedsakeleg som følgje av auka innvandring. Ei anna forklaring kan vere at utgiftene til organiserte fritidsaktivitetar har auka. Profesjonalisering og auka anleggskostander kan òg vere med på å forklare auka kostnader i idretten. Dette gjer at dei økonomiske barrierane for deltaking frå barn og unge i låginntektsfamiliar aukar.

Gode aktivitetsarenaer med rom for utfalding, sosialt samvær og vennskap er viktig i ein god oppvekst. Mange barn og unge vil oppleve det som vanskeleg å stå utanfor dei organiserte fellesskapa med jamgamle. Utanforskap er ein større risikofaktor og ei større utfordring enn før og kan hindre barn og unge frå å delta i samfunnet. Politikk for auka deltaking skal gi fleire barn og unge moglegheit til å oppleve meistring, vennskap og det å vere inkludert.

Regjeringa føreslår derfor å løyve 225 mill. kroner til å starte ei nasjonal utrulling av fritidskortordninga. Ordninga skal bidra til å dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn og ungdom frå det året dei fyller 6 år, fram til året dei fyller 18 år, med mål om at alle barn og unge skal få høve til å delta i fritidsaktivitetar. Fritidskortet er på den måten i hovudsak retta mot å redusere dei økonomiske barrierane for deltaking, ved at barn får dekt utgifter til fritidsaktivitetar. Det er eit mål at fritidskortet skal verke saman med andre lokale tiltak i kommunane retta mot dei ulike barrierane for deltaking, inkudert økonomiske.

Frå 2022 vil regjeringa slå saman Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom til éi tilskotsordning. Regjeringa føreslår å auke tilskotsordninga med 35 mill. kroner i 2022. Midlane skal gi fleire tilbod om gratis eller rimelege ferie- og fritidsaktivitetar, alternative meistringsarenaer, opne møteplassar og losar/ungdomslosar for utsette barn og unge. Fleire tilgjengelege sosiale aktivitetar for barn og unge skal bidra til å kompensere for økonomisk ulikskap, men kan òg vere viktig for å førebyggje framtidig utanforskap.

Velfungerande familiar gir tryggleik og tilhøyrsel og skaper rom for utvikling for kvar einskild. Vi lever i ulike familiar og eit mangfald av familieformer, og barna sine rettar skal alltid sikrast. Regjeringa meiner at det viktigaste for barn er å få vekse opp i trygge og stabile familiar. Barna sin rett til ein trygg oppvekst er grunnleggjande for å skape eit godt samfunn for alle.

Mange barn opplever at foreldra går frå kvarandre. Ved samlivsbrot er det viktig å finne løysingar som er til barnet sitt beste. Barn og unge kan ta skade av store og vedvarande konfliktar mellom foreldra. Høgt konfliktnivå og vanskelege relasjonar i familien påverkar helsa og utviklinga til barn negativt. Slike konfliktar kan òg vere krevjande for andre som blir råka. Familieverntenesta er ei teneste som kan hjelpe alle som opplever relasjonelle vanskar eller konfliktar i familien. Familievernet er styrkt med 192 mill. kroner i perioden 2014 til 2021. Styrkinga har ført til at fleire personar får hjelp i familievernet. Familievernet kan hjelpe familiar som slit med alle typar vanskar og konfliktar, frå det daglegdagse til det meir kompliserte. Tenesta tilbyr òg mekling og hjelp til foreldresamarbeid. Det er eit mål at fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling. Tilbodet til familiar med eit høgt konfliktnivå skal bli betre. Det er eit mål at fleire høgkonfliktsaker skal løysast i samband med mekling, slik at vi så langt som råd unngår at foreldre tek foreldretvistar til domstolane. Regjeringa vil vidareføre arbeidet i 2022.

Departementet arbeider med ein gjennomgang av familieverntenesta. NOU 2019: 20 En styrket familietjeneste – En gjennomgang av familieverntjenesten har vore på offentleg høyring, og departementet følgjer opp høyringa. Utvalet meiner at familieverntenesta bør vere meir tilgjengeleg enn i dag, og at ho bør nå ut til nye grupper. For at ein skal få til det, må andre offentlege tenester kjenne til tilbodet frå familievernet. Når det gjeld organisering, styring og finansiering av tenesta, viser vi til avsnittet under barne- og familierettsleg utviklingsarbeid. Regjeringa ønskjer å vidareføre eit tospora familievern med statlege og kyrkjelege kontor. Etter regjeringa si oppfatning er tilskot til kyrkjelege familievernkontor ikkje statsstøtte, og driftsavtalane med ideelle familievernkontor fell utanfor anskaffingsreglementet.

Departementet arbeider òg med ny barnelov. Regjeringa sette ned Barnelovutvalet for å gå gjennom og modernisere heile barnelova. Utvalet skulle mellom anna vurdere utforminga av bidragssystemet for likestilt foreldreskap og gå gjennom rettane til barn, særleg i eit internasjonalt perspektiv. Det blei gitt eit tillegg til mandatet om å vurdere sanksjonar ved hindring av samvær. NOU 2020: 14 Ny barnelov har vore på høyring, og departementet arbeider med å følgje opp høyringa.

Foreldre kan i ulike fasar trenge støtte for å vere ein god forelder og partnar. Mykje er nytt for fyrstegongsforeldre, og mange opplever vanskar i parforholdet den fyrste tida etter at dei har fått barn. Dette kan gjelde heile oppveksten til barna, òg når barna er tenåringar. Regjeringa vil føre vidare tilbod om samlivskurs til fyrstegongsforeldre og tilskotet til dei ordinære samlivskursa. Målet er at foreldre skal ha eit godt parforhold, og å gi dei tryggleik i foreldrerolla. Tida med tenåringsbarn kan vere ei tid der foreldre treng støtte, og pilotprosjektet med foreldrestøtte til foreldre med tenåringar blir utvida til fleire kommunar. Regjeringa ser at nokre familiar er særleg sårbare, kan ha samansette vanskar og treng støtte frå fleire tenester. Familie for første gang, òg omtalt som Nurse Family Partnership, er eit forsøk fram til 2027. Forsøket er retta mot sårbare fyrstegongsforeldre. Familiane får særskild oppfølging av ein familiesjukepleiar og heimebesøk frå tidleg i svangerskapet til barnet fyller 2 år. Programmet inneber at ulike kommunale tenester samarbeider tett for å hjelpe kvar einskilde familie. I 2022 blir ein effektstudie av programmet sett i gang.

Alle barn i Noreg har særskilde rettar etter barnekonvensjonen og Grunnlova. Vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn er eit alvorleg brot på barnerettane. Det er òg eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Arbeidet mot vald og overgrep held fram med høg prioritet i 2022, mellom anna gjennom oppfølging av Frihet fra vold. Regjeringens handlingsplan for å forebygge og bekjempe vold i nære relasjoner 2021–2024 og handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024).

Mykje av valden går føre seg i private heimar og er vanskeleg å avdekkje. Når det gjeld vald mot barn og unge, er det viktig å førebyggje gjennom å gi støtte og hjelp til foreldre som har utfordringar. Barn treng òg god kunnskap om kva vald og overgrep er. Barn vegrar seg gjerne for å snakke om vald og overgrep. Det er viktig å bryte tabua kring vald og overgrep, slik at fleire torer å spørje og fleire utsette torer å snakke om opplevingane sine. Regjeringa vil i 2022 arbeide vidare for å auke kompetansen i tenestene, slik at vald og overgrep mot barn blir avdekt tidlegare. Arbeidet med å vidareutvikle hjelpetilbod til dei som er utsette for vald, og som treng ein trygg opphaldsstad og oppfølging, skal prioriterast.

Konsekvensar av pandemien for barn og unge

Våren 2020 sette regjeringa i verk omfattande tiltak mot spreiing av covid-19. Tiltaka fekk stor innverknad på kvardagslivet til innbyggjarane. Nedstenging, sosial isolasjon og karantene har ramma mange, ikkje minst i storbyane og andre stader med høgt smittetrykk. Sjølv om det er for tidleg å konkludere om dei langsiktige verknadene av pandemien for barn og unge, så tyder studiar så langt på at dei negative konsekvensane for dei mest sårbare barna kan vere store. Situasjonen rundt pandemien kan samstundes ha hatt nokre positive effektar, som meir familietid og mindre stress.

Pandemien og smitteverntiltaka har likevel ramma mange hardt. Dette gjeld særleg barn og unge, som i lang tid var heime på grunn av stengde skular, barnehagar og fritidsaktivitetar eller hadde restriksjonar på oppmøte. Erfaringane er at sårbare barn og unge og familiar som allereie hadde det vanskeleg frå før, blei ramma hardast av tiltaka. Ein del barn og familiar kan òg ha blitt sårbare, sidan konsekvensane blei større dess lenger dei inngripande tiltaka varte. Barn og unge i område med mykje smitte mista eller fekk redusert tilgangen på skule, tenester og fritidsaktivitetar. Dette er tilbod som kan vere kritiske for livskvaliteten deira.

Regjeringa slo tidleg fast at barn og unge skal prioriterast, og i beredskapsplanen for handsaminga av pandemien er det understreka at barn og unge skal ha så låg tiltaksbyrde som mogleg. Regjeringa har under pandemien jobba planmessig og målretta for å ta vare på barn og unge, både gjennom utforminga av smitteverntiltaka og gjennom økonomiske og organisatoriske tiltak.

Rettane til barn og pliktene til styresmaktene overfor barn gjeld òg i krisesituasjonar. Grunnlova og barnekonvensjonen fastset at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar og avgjerder som omhandlar barn. Regjeringa slo på dette grunnlaget tidleg fast at smitteverntiltak må bli vurderte opp mot andre samfunnsomsyn, til dømes effektar for sårbare barn og unge, som eit viktig og sjølvstendig element. Ansvarlege departement har løpande vurdert behovet for, og sett i verk, kompenserande tiltak for barn og unge i dei ulike tiltakspakkene som har vore fremja.

I april 2020 sette regjeringa ned ei koordineringsgruppe på direktoratsnivå som skulle følgje med på tenestetilbodet til barn og unge og vurdere konsekvensane av tiltaka. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har leidd gruppa som jamleg har rapportert til Barne- og familiedepartementet under pandemien.

Den gjennomgåande tilrådinga til koordineringsgruppa har vore at det viktigaste tiltaket for sårbare barn og unge er at barnehagar, skular, fritidsaktivitetar og tenester til barn og unge er opne og tilgjengelege. Vidare at smitteverntiltaka må vere forholdsmessige og at det må gjerast risikovurderingar av konsekvensar smitteverntiltaka har for barn og unge. Kompenserande tiltak må òg vurderast.

Rapportane har bidrege til å gi eit viktig kunnskapsgrunnlag for regjeringa i handteringa av pandemien. Koordineringsgruppa vil per 24. september 2021 ha levert til saman 14 rapportar i 2020 og 2021.

Regjeringa har gitt føringar til kommunane om at barn og unge skal prioriterast, og at tenester til barn og unge skal vere opne så langt som mogleg og smittevernfagleg forsvarleg. Statsforvaltarane har gjennom heile pandemien hatt ein tett og løpande dialog med kommunane om oppfølginga av barn og unge. Det er løyvd midlar til å halde ved lag og styrkje tenestetilbod både i kommunane og i spesialisthelsetenesta.

Sjølv om situasjonen har vore krevjande for kommunane å handtere, er hovudinntrykket frå ei spørjeundersøking gjennomført av KS i januar og februar 2021 at kommunane i tråd med sentrale tilrådingar langt på veg har klart å halde ved lag tenester sidan mai 2020. Dette gjeld viktige område som barnehage, skule og andre velferdstiltak. Barnevernet fekk tidleg i pandemien status som kritisk samfunnsfunksjon. Dette har bidrege til at barnevernstenestene i større grad enn andre tenester har klart å halde ved lag eit normalt tilbod, og at ingen av tenestene har vore stengde under pandemien. I perioden etter denne undersøkinga har likevel fleire område i Noreg hatt nye bølgjer av pandemien. Særleg har høgt smittetrykk i storbyane og områda rundt, og einskilde smitteoppblomstringar på mindre stader, hatt innverknad på tilbodet til skular, barnehagar, fritidsaktivitetar og fleire tenester. Regjeringa har kompensert for koronautgiftene til kommunesektoren, og har både i 2020 og 2021 fremja tiltakspakker for sårbare barn og unge.

Styrkingane i Revidert nasjonalbudsjett 2021

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2021 blei innsatsen styrkt for å redusere negative konsekvensar av pandemien for sårbare grupper, ikkje minst sårbare barn og unge. Samla føreslo regjeringa tre tiltakspakker på til saman 826 mill. kroner på ulike departement sine område. I samband med handsaminga på Stortinget blei det vedteke endringar. Mellom anna blei løyvingane til psykisk helse- og rusarbeid auka med ytterlegare 450 mill. kroner, jf. Innst. 600 S (2020–2021). Samla blei det vedteke tre tiltakspakker på til saman 1,27 mrd. kroner på ulike departement sine område:

  • Ei tiltakspakke på 264 mill. kroner for sårbare grupper skal mellom anna bidra til å auke deltakinga og inkluderinga i ferie- og fritidsaktivitetar, auke aktiviteten blant barn og unge med nedsett funksjonsevne i kultur og frivilligheit og gi valdsutsette og utøvarar eit betre tilbod om oppfølging.

  • Ei andre tiltakspakke på 256 mill. kroner er innretta for å ta igjen tapt læring og utvikling for barn og unge.

  • Ei tredje tiltakspakke på 750 mill. kroner skal bidra til å styrkje arbeidet med psykisk helse og rus.

Vidare arbeid for barn og unge

I Meld. St. 2 (2020–2021) Revidert nasjonalbudsjett 2021 blei det varsla at: Regjeringen vil følge utviklingen tett fremover for å sørge for at sårbare grupper blir ivaretatt. Regjeringen vil gi en samlet fremstilling av arbeidet for å bedre situasjonen for sårbare barn og unge i Prop. 1 S for 2022 fra Barne- og familiedepartementet, og vil i den forbindelse også vurdere behov for videre tiltak. (s. 110).

Pandemien og strenge smitteverntiltak har ramma heile befolkninga og alle samfunnsgrupper, men likevel er dei forskjellige delane av befolkninga ramma på ulikt vis. Mange barn og unge har hatt ein særleg krevjande periode med til tider inngripande tiltak i kvardagen sin og i tenestetilbodet som elles er tilgjengeleg for dei og familiane deira.

Sjølv om det er grunn til å tru at situasjonen er blitt betre i takt med gjenopninga av samfunnet, påpeikar fleire rapportar at pandemien og smitteverntiltaka kan få negative verknader for nokre barn, unge og familiane deira, òg på sikt. For barn og unge er barnehagen, skulen og organiserte fritidsaktivitetar viktige arenaer i livet og utviklinga deira. Redusert sosial kontakt, tap av læring og bortfall av viktige aktivitetar kan derfor ha negative langtidseffektar. Lågare livskvalitet og dårlegare helse kan ha verknader på sikt, og for barn og unge som har opplevd vald eller overgrep under pandemien, vil konsekvensane kunne bli varige. Usikkerheita på arbeidsmarknaden, tap av jobb og ein pressa økonomisk situasjon for familien påverkar òg leve- og oppvekstvilkåra til dei yngre.

Det er framleis usikkerheit knytt til omfanget av slike langvarige konsekvensar. Samstundes er det grunn til å tru at kompenserande tiltak kan lette nokon av byrdene for barna og familiane som er hardast råka av pandemien og smitteverntiltaka.

Det å forhindre varige verknader av pandemien og smitteverntiltaka vil vere eit gode for kvar einskild, men vil òg gi gevinstar for samfunnet. Tidleg innsats for dei som har vore hardast ramma, vil vere spesielt viktig i tida framover. Difor vil det vere viktig for regjeringa å jobbe målretta og førebyggjande for å redusere levekårsutfordringar hos barn og unge og førebyggje at dei mest sårbare gruppene hamnar utanfor. Regjeringa føreslår derfor tiltak i 2022 på områda som særleg kjem barn, unge og familiane deira til gode.

Nedanfor blir det gjort nærare greie for konsekvensar av pandemien for barn og unge som regjeringa særleg har, og framleis vil, rette innsatsen mot framover.

Konsekvensar for barnehage- og skuletilbodet og vidare satsing i 2022

På grunn av pandemien blei alle barnehagar og grunnskular stengde frå og med 13. mars 2020. Barnehagane blei opna igjen frå 20. april. I grunnskulen blei 1.-4. trinn opna frå 27. april, medan resterande trinn blei opna 11. mai. Smittesituasjonen hausten 2020 blei relativt roleg sjølv om det var fleire lokale utbrot. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 4 prosent av barnehagane var heilt stengde minst éin gong i løpet av haustmånadene, medan 9 prosent var delvis stengde. For grunnskulen finst ikkje tilsvarande tal for haustmånadene. Smittesituasjonen i fyrste halvdel av 2021 blei meir dramatisk. 12 prosent av barnehagane måtte stengje heilt minst éin gong mellom januar og mars som følgje av smitteutbrot, medan 6 prosent måtte stengje delvis. 25 prosent av skulane måtte halde heilt eller delvis stengt minst éin gong i løpet av same periode.

Smitteverntiltaka i skulane har påverka undervisinga og opplæringa for elevane. Undersøkingar har vist at det har vore særleg utfordrande å følgje opp sårbare elevar. Rapportar frå barnehagane viser tilsvarande resultat. Tilsette i både barnehagar og skular har meldt om til dels svært høg arbeidsbelasting under covid-19-pandemien. Digital heimeopplæring har ikkje fungert like bra for alle elevar. Mange slit med motivasjon, strukturering av skuledagen, låg meistring og einsemd.

Elevane på dei vidaregåande skulane i område med høgt smittetrykk har hatt særleg mykje digital opplæring. Dette er krevjande for mange, men er særleg utfordrande for dei med opplæring som krev tilgang til verkstader, spesialrom og utstyr. Vidare har mange lærlingar og lærekandidatar vore permitterte. Nokre utdanningsprogram har vore verre råka enn andre. På det meste var til dømes nær éin av fem lærlingar på restaurant- og matfag permitterte.

Kommunane melder om at dei tekniske føresetnadene for å drive digital heimeopplæring i hovudsak har vore gode. For dei som ikkje har hatt tilgang til datamaskin og stabilt Internett, eller som har svak digital kompetanse, har stenginga vore svært vanskeleg. Undersøkingar viser òg at mange har mangla tilgang på eigna arbeidsplass heime. Både elevar, foreldre og lærarar meiner gjennomgåande at læringsutbyttet har vore redusert under pandemien.

Mellombelse reglar er tilpassa covid-19-pandemien, slik at elevar i størst mogleg grad skal få oppfylt rettane sine etter opplæringslova. Det har gjennom heile pandemien vore reglar om at elevar med særlege behov skal prioriterast for stadlege tilbod dersom skulane i periodar må vere stengde eller ha reduserte moglegheiter for oppmøte.

Rapporten Koronapandemien i grunnskolen – håndtering og konsekvenser frå NIFU og NTNU Samfunnsforskning finn at dei elevane som hadde undervisingstilbod på skulen under nedstenginga, er dei som oppgir mindre tryggleik heimanfrå og lågare meistring i Elevundersøkinga. Dette kan vere ein indikasjon på at tilbodet har treft elevar som har hatt behov for eit tilbod på skulen. Dessverre ser det likevel ut til at ikkje alle barn og elevar har fått det tilbodet dei har hatt behov for og krav på. Elevar med vedtak om særskild språkopplæring og spesialundervising har mange stader fått eit noko redusert tilbod under pandemien (Grunnskolens Informasjonssystem, GSI). OsloMet si undersøking Håndtering og konsekvenser av koronautbruddet for barn og barnehager (2021) viser at einskilde elevar med innføringstilbod har måtta utsetje oppstarten i ordinær klasse på grunn av manglande utvikling i norsk. Nye utgreiingar av barn blei forseinka. Undersøkinga viser òg at kommunane som allereie hadde eit godt samarbeid mellom barnehagar, PP-tenesta og barnevern, meinte dei klarte å vareta dei sårbare barna dei allereie kjende til.

Mange barn og unge har gått glipp av læring og sosialt fellesskap under pandemien. Regjeringa sette derfor våren 2021 ned ei arbeidsgruppe leidd av utdanningsdirektøren hos Statsforvaltaren i Oslo og Viken for å få innspel til gode tiltak som kan vareta elevane i tida framover, bøte på nokre av konsekvensane av pandemien og sørgje for at flest mogleg gjennomfører vidaregåande opplæring. Gruppa leverte 15. juni rapporten Skolen etter koronapandemien – Et løft for trivsel og læring, der dei føreslår fleire konkrete tiltak for å bøte på dette.

Skriftlege og munnlege eksamenar for elevar våren 2021 blei avlyste. Avlysing av eksamen skal så langt det er mogleg ikkje hindre elevar i å komme vidare i livet. Elevane får vitnemål dersom dei har standpunktkarakterar. Privatistar og elevar med behov for eksamen for å få vitnemål og fag- og sveinebrev har fått gjennomføre eksamen.

I 2021 er det løyvd midlar til ei rekke tiltak for å bøte på nokre av konsekvensane av pandemien:

  • 500 mill. kroner til sommarskuletilbod i kommunane

  • 416 mill. kroner til å ta igjen tapt læring og utvikling

  • 100 mill. kroner til tiltak for lærlingar som var eller stod i fare for å bli permitterte, og for at fleire skulle få ein læreplass

  • 70 mill. kroner til støtte for digital undervising

  • 30 mill. kroner til utvikling av kompetansetilbod om psykisk helse i skulen

Det er allereie innhenta mykje informasjon om konsekvensane av covid-19-pandemien. Kunnskapsdepartementet vil fortsetje å følgje med på konsekvensar av pandemien for barn og elevar si læring og utvikling, både gjennom statistikken og meir forsking. Mellom anna skal Utdanningsdirektoratet lyse ut eitt eller fleire forskingsprosjekt om dei langsiktige konsekvensane pandemien har hatt for elevane si læring, utvikling og psykiske helse.

I budsjettet for 2022 føreslår regjeringa 240 mill. kroner for å sette skular og barnehagar betre i stand til å følgje opp barn og elevar som på grunn av langvarige smitteverntiltak har fått tapt fagleg og sosial læring og utvikling. For meir omtale: sjå Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet.

Helse- og omsorgstenester og vidare satsing i 2022

Erfaringane gjennom pandemien syner at mange tidvis har opplevd redusert tilgang til helse- og omsorgstenester under pandemien. Dette var særleg aktuelt i den fyrste fasen av pandemien. Helsedirektoratet har jamleg oppdatert tilrådingar til helse- og omsorgstenesta for å sikre varetaking av dei mest sårbare gruppene under pandemien. Det er mellom anna gitt sterke føringar om at tenester til barn og unge skal haldast opne og vere fysisk tilgjengelege så langt det er smittevernfagleg forsvarleg. I tillegg har Helsedirektoratet utarbeidd råd og tilrådingar til befolkninga om korleis ein best kan vareta si eiga psykiske helse og sin eigen livskvalitet gjennom pandemien. Konsekvensane av pandemien og tidvis redusert tilgang til aktivitetar og tenester krev ein auka innsats framover.

I mars 2021 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe leidd av psykolog Peder Kjøs. Gruppa har sett på kva konsekvensar pandemien har hatt for psykisk helse, livskvalitet og rusmiddelbruk. Forskinga dei har gjennomgått, synte inga eintydig forverring av den psykiske folkehelsa og rusmiddelbruken under pandemien. For nokre har pandemien hatt positive effektar, som meir familietid og mindre stress. Samstundes har pandemien ramma hardast for dei mest sårbare, som òg har fått dei største belastingane. Særleg vanskeleg har pandemien vore for barn, unge og vaksne som lever i familiar som er prega av økonomisk uro, rus, vald og psykiske lidingar. Ekspertgruppa leverte rapporten sin 30. april, og føreslo der 31 konkrete tiltak på kort, mellomlang og lang sikt. 14 av tiltaka blei følgde opp i Revidert nasjonalbudsjett 2021.

Under pandemien blei ein merksam på at BUP fekk fleire tilvisingar enn tidlegare. Dette gjeld særleg ungdom med alvorlege spiseforstyrringar og depresjonar, suicidalitet og symptom på psykose. Sjølv om BUP heldt ved lag ein høg aktivitet og tok i bruk nye metodar i auka omfang, såg ein trong for auka innsats. Stortinget løyvde derfor 100 mill. kroner ekstra i mars 2021 for å kunne gi hjelp til fleire. Midlane har blitt nytta til mellom anna utvida opningstid, auka kapasitet, redusert sommarstenging og ekstrahjelp for å auke kapasiteten.

Fleire barn og unge med funksjonsnedsetjing og deira pårørande er òg hardt ramma av smitteverntiltaka. Mellom anna har fleire opplevd sosial isolasjon og einsemd og redusert tilgang til helse- og omsorgstenester, skule- og utdanningstilbod, fritidstilbod og arbeid. Det er blitt jobba med kartlegging og rapportering av situasjonen for personar med funksjonsnedsetjingar under koronapandemien. Det har vore sett ned ei arbeidsgruppe for å vurdere behovet for ytterlegare tiltak til personar med funksjonsnedsetjing på helse- og omsorgssektoren sitt område, for å redusere konsekvensane av pandemien på kort og lang sikt. Arbeidsgruppa har vore samansett av medlemmar frå Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, FFO, SAFO, Unge funksjonshemmede, Mental helse, Pårørendealliansen og Nasjonalforeningen for folkehelsen. I 2021 har fleire av arbeidsgruppa sine forslag til tiltak vore følgde opp gjennom oppdrag i tildelingsbrev til Helsedirektoratet og særskilde løyvingar til sårbare grupper.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2021 blei det løyvd midlar til følgjande tiltak:

  • 15 mill. kroner til stimuleringsprogrammet for helsefrivilligheten

  • 10 mill. kroner til velferdsteknologi blant barn, unge og vaksne med funksjonsnedsetjingar.

  • Til saman 28 mill. kroner i auke til tiltak innan barnehabilitering i spesialisthelsetenesta.

  • 750 mill. kroner til arbeid med psykisk helse og rus. Dette kom i tillegg til betydelege løyvingar i tidlegare tiltakspakker i 2020 og 2021.

I 2022 blir det over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett føreslått å løyve 100 mill. kroner til arbeid med barn og unge si psykiske helse og arbeid med førebygging av sjølvmord. 100 mill. kroner av veksten i frie inntekter til kommunesektoren blir grunngitt med tiltak for barn og unge si psykiske helse, irekna psykisk helse i vgs. og lågterskeltilbod i kommunane. Samla blir det føreslått 200 mill. kroner til oppfølging av barn og unge si psykiske helse over Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine budsjett. Fleire av tiltaka er oppfølging av tilrådingar frå ekspertgruppa leidd av Kjøs og følgjer opp tiltak frå Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024). Sjå nærare omtale av tiltaka i Prop. 1 S (2021–2022) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Vald, overgrep og omsorgssvikt under pandemien og vidare satsing i 2022

NTNU har på oppdrag frå Koronakommisjonen gjennomført ei kunnskapsoppsummering om konsekvensar av smitteverntiltak for sårbare barn og unge. Dei konkluderer med at det på bakgrunn av norske og internasjonale studiar ikkje kan trekkjast einsidige og solide konklusjonar om at omfanget av vald og overgrep har auka under pandemien.1 Regjeringa er likevel uroa for at pandemien og smitteverntiltaka har gjort det vanskelegare å avdekkje vald og overgrep. Statistikk frå politiet syner at melde tilfelle av seksuallovbrot mot barn under 16 år har auka med 4,8 prosent frå 2019 til 2020. I 2020 og 2021 har fleire familiar fått større bekymringar for økonomi, jobbsikkerheit og helse. Samstundes har arenaer der barn treffer trygge vaksne som kan avdekkje valden, vore stengde eller mindre tilgjengelege. Erfaringar frå brukarorganisasjonar og hjelpetelefonar indikerer at fleire barn, unge og familiar har hatt det vanskelegare heime under pandemien. Dei ordinære tenestene til barn og unge speler alle ei viktig rolle i å avdekkje og førebyggje vald. Regjeringa sitt mål har etter den fyrste nedstenginga vore å halde barnehagar, skular og tenester for barn og unge opne så langt det har vore mogleg og smittevernfagleg forsvarleg.

Dei tilsette i barnevernet og ved krisesentera blei tidleg definerte som personell i kritisk samfunnsfunksjon, slik at dei kunne halde fram å jobbe for at valdsutsette og barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp, omsorg og vern til rett tid.

Sentrale tenester for valdsutsette, som barnevern, krisesenter, familievern og Statens barnehus, erfarte særleg under den fyrste perioden med nedstenging at færre tok kontakt eller at færre saker blei melde. Etter fyrste nedstegningsperiode blei tenestene gradvis opna opp igjen våren og hausten 2020. Siste rapport frå koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge per 30. april 2021 syner at tenestene opplever normal pågang eller at fleire tek kontakt. Både barnevernet og familievernet melder om fleire alvorlege saker og fleire saker om vald enn normalt. Alternativ til Vold har under pandemien opplevd ein auke i talet på personar i behandling i 2020 samanlikna 2019.

For å kunne målrette arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og overgrep treng vi kunnskap om omfanget av vald og overgrep. Hausten 2020 la Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) fram ei ny landsomfattande undersøking av vald, overgrep og psykisk helse blant ungdom i Noreg under nedstenginga våren 2020 (Hafstad og Augusti 2020). Undersøkinga viser at omfanget av vald og overgrep er stort. Omkring éin av seks av ungdommane fortalde om minst éi form for vald eller overgrep i løpet av dei åtte vekene skulen var stengd våren 2020. Éin av fem av desse opplevde psykisk eller fysisk vald for fyrste gong under nedstenginga. Dei fleste som opplevde vald, hadde altså allereie slike erfaringar. Av dei som opplevde seksuelle krenkingar og overgrep på nett under nedstenginga, opplevde derimot nesten halvparten dette for fyrste gong. Ungdom i låginntektsfamiliar og familiar der foreldra har psykososiale vanskar var meir utsett for alle former for vald og overgrep, samanlikna med ungdom utan slike høve i familien. NKVTS har gjort same undersøking våren 2021, noko som gjer det mogleg å sjå endringar. Resultata vil liggje føre hausten 2021.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2021 blei det løyvd midlar til fleire tiltak for å styrkje innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare. Dette omfattar til dømes:

  • 15,5 mill. kroner til familievernet og 5,8 mill. kroner til Alternativ til Vold til auka kapasitet i desse tenestene for å ta høgde for auka pågang og kunne gi hjelp til fleire.

  • 40 mill. kroner til å styrkje løyvinga til statlege og private barnevernsinstitusjonar som følge av pandemien.

  • 13,2 mill. kroner for å styrkje tilskotsordninga som skal førebyggje vald i nære relasjonar, og 15 mill. kroner for å styrkje tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak i kommunane.

  • 20,5 mill. kroner blei løyvd til å auke digital etterforsking av vald og overgrep, innsats mot nettovergrep, innsats mot ungdomskriminalitet på nett og styrking av politiet si nettpatrulje, og til informasjon om tilbod til utsette for vald og overgrep i regi av politi og hjelpeapparat.

  • 10 mill. kroner for å auke bruken av omvend valdsalarm. Det er eit viktig reiskap for å beskytte valdsutsette og overføre belastinga til trusselutøvaren.

  • 2 mill. kroner til å styrkje Alarmtelefonen for barn og unge, og 1,5 mill. kroner til å styrkje Foreldresupport ytterlegare.

Regjeringa føreslår i budsjettet for 2022 å styrkje innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare:

  • 10 mill. kroner til forsking om vald og overgrep – særleg effektforsking. Sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • 2 mill. kroner til etablering av ein partnardrapskommisjon. Sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • 5 mill. kroner til barnehus for samiske barn. Sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • 8 mill. kroner til lågterskeltilbod til barn og unge som står i fare for problematisk eller skadeleg seksuell åtferd. Sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

  • 3 mill. kroner til å styrkje TryggEst, som skal hjelpe kommunane til å hindre, avdekkje og handtere vald mot vaksne som i liten grad er i stand til å beskytte seg sjølve. Sjå Prop. 1 S for Kulturdepartementet.

I tillegg blir fleire løyvingar på grunn av pandemien førte vidare i 2022. Dette gjeld:

  • 31 mill. kroner til styrking av familievernet (heilårseffekt av styrkinga som kom i RNB 2021).

  • 11,5 mill. kroner til styrking av Alternativ til Vold (heilårseffekt av styrkinga som kom i RNB 2021).

  • 5 mill. kroner til å halde ved lag chat-tilbod ved Vald- og overgrepslinja (VO-linja).

  • 10 mill. kroner til å auke bruken av omvend valdsalarm. Sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • 10 mill. kroner til politiet sine nettpatruljar og digitalt politiarbeid. Av dette blir 5 mill. kroner prioriterte innanfor politiet sine gjeldande budsjettrammer, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

Sjå nærare omtale av satsinga under overskrifta Vald og overgrep.

Ferie- og fritidsaktivitetar under pandemien og vidare satsing i 2022

Covid-19-pandemien og smitteverntiltaka har ramma befolkninga skeivt. Lågtlønte arbeidstakarar og personar med låg utdanning har vore særleg utsette for å bli arbeidslause eller permitterte. Krisa kan i så måte ha gjort at fleire barnefamiliar har hamna i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det råkar barna i desse familiane.

Samstundes har ferie- og fritidsaktivitetar blitt sette på pause i lange periodar under pandemien, og fritidsklubbar og ungdomshus har vore stengde eller hatt låg kapasitet på grunn av smitteverntiltak. Mange frivillige organisasjonar har vore nøydde til å avlyse eller avgrense aktivitetar på grunn av koronarestriksjonane. Aktivitetar der ein møtest fysisk, blir oftast avlyst. Døme på slike aktivitetar er stemne og konkurransar, øvingar og treningar, kulturaktivitetar og sosiale tiltak for medlemmar. Avlyste loppemarknader, basarar og andre typar arrangement har ført til store inntektstap. Påverknaden på drift er langt større lokalt enn nasjonalt, då langt fleire lokale foreiningar har stansa drifta si heilt.

Ei følge av dette er mellom anna ein auka risiko for at barn og unge har falle frå fritidsaktivitetar eller mista tilknytinga si til positive sosiale miljø.

Kompensasjons- og stimuleringsordningane for frivilligheits- og idrettssektoren har hjelpt mange organisasjonar til å komme seg gjennom krisa. Mellom anna fekk barne- og ungdomsorganisasjonar 77 mill. kroner frå kompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar i 2020. I tillegg fekk ei rekke frivillige organisasjonar med aktivitetar for barn og unge økonomisk støtte frå same ordninga. Grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane blei òg auka med 10 mill. kroner i 2020.

I 2021 kan barne- og ungdomsorganisasjonar som har hatt inntektsbortfall og meirkostnader i samband med covid-19-utbrotet, søkje støtte gjennom stimuleringsordninga for frivilligheitssektoren. Ordninga blir forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet og har varigheit frå 1. januar til 31. oktober 2021. Til forskjell frå ordninga i 2020 kan òg organisasjonar som får meir enn 60 prosent av inntektene sine frå offentlege tilskot, søkje støtte. Den nedre grensa på 25 000 kroner er òg fjerna i ordninga for 2021.

Regjeringa har under pandemien òg prioritert andre kompenserande og førebyggjande tiltak som bidreg til at barn og ungdom i låginntektsfamiliar og andre sårbare barn og unge kan delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Mellom anna blei det i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020 løyvd 53 mill. kroner til dei store frivillige organisasjonane som gjennomfører sosiale aktivitetar for denne målgruppa.

I tillegg blei Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge styrkt med 10 mill. kroner i Prop. 1 S Tillegg (2020–2021), med 20 mill. kroner til tre utstyrssentralar i Prop. 79 S (2020–2021) og med 45 mill. kroner i RNB 2021 til aktørar som tilbyr ferie- og fritidsaktivitetar for sårbare barn og unge. Dei tre styrkingane i samband med covid-19-pandemien gjaldt berre for 2021, og blir ikkje ført vidare i 2022.

Pandemien har redusert høvet til deltaking på fleire ulike område. Personar med funksjonsnedsetjingar har vore særleg råka. Regjeringa vil derfor leggje til rette for auka aktivitet og deltaking for barn og unge med funksjonsnedsetjingar. Regjeringa ønskjer å bidra til å redusere isolasjonen barn og unge med funksjonsnedsetjingar har opplevd til nå, og leggje til rette for auka aktivitet og deltaking innanfor rammene av smittevernrestriksjonar gitt av offentlege styresmakter. Det blei derfor i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 avsett ei eingongsløyving på 15 mill. kroner til ei ny tilskotsordning til auka deltaking blant barn og unge med funksjonsnedsetjing i kultur og frivilligheit.

Koronasituasjonen og smitteverntiltaka har redusert det sosiale tilbodet og fritidsaktivitetar for barn og unge i asylmottak. I samband med revidert nasjonalbudsjett blei det løyvd 1,5 mill. kroner til aktivitetsmidlar for desse barna og ungdommane. Føremålet med midlane er å styrkje aktivitetstilboda i asylmottaka og redusere risikoen for varige negative konsekvensar av smitteverntiltaka.

Norges Idrettsforbund (NIF) la i byrjinga av juni fram førebelse medlemskaps- og aktivitetstal for 2020. Tala viser ein generell og betydeleg nedgang frå tidlegare år. Biletet er likevel ikkje eintydig, og det er mellom anna store variasjonar mellom idrettane. Mens nokre idrettar har registrert ein betydeleg nedgang i aktivitetstal, kan andre vise til ein aktivitetsauke. Tala viser òg at det er geografiske variasjonar. Til dømes at nedgangen i medlemskap i 2020 var lågast i Viken og Oslo, trass i strenge smittevernrestriksjonar over lengre tid.

NIF vil i tida framover gjere nærare analysar av tala. Sjølv om det førebels knyter seg noko usikkerheit til tala, kan det leggjast til grunn at pandemien har hatt negativ påverknad på organisert idrettsaktivitet. Kulturdepartementet vil i tida framover ta initiativ til å hente inn meir kunnskap om konsekvensane av pandemien og smitteverntiltaka for mellom anna deltaking i idrett og andre fritids- og kulturaktivitetar.

Regjeringa la i september fram idrettsstrategien Sterkere tilbake – En mer inkluderende idrett. Regjeringa vil med denne strategien fremje mangfald og inkludering i idrett og bidra til å styrkje og gjenoppta idrettsaktiviteten etter pandemien. Strategien inneheld fleire tiltak som på kort sikt skal bidra til dette arbeidet. Barn og ungdom er prioriterte målgrupper i idrettspolitikken, og dette blir spegla i prioriteringane i idrettsstrategien. Satsingane og arbeidet er viktig for å hindre at pandemien og smitteverntiltaka fører med seg varig låg deltaking blant barn og unge.

Regjeringa føreslår fleire tiltak i budsjettet for 2022 som skal støtte opp om auka deltaking for barn og unge:

  • 225 mill. kroner til å starte nasjonal utrulling av fritidskortet. Forslaget inneber at om lag ein tredjedel av alle barn og unge frå det året dei fyller 6 år, fram til året dei fyller 18 år i Noreg, kan få eit fritidskorttilbod frå hausten 2022.

  • 35 mill. kroner til å styrkje den nye tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge

  • 7,5 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga Inkludering i kulturliv.

Mål for familie og oppvekst i 2022

BFD har for 2022 desse måla på området familie og oppvekst:

Mål

  • Auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn og unge

  • Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar.

  • Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

  • Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte og samlivstiltak

  • I større grad førebyggje og avdekkje valds- og overgrepssaker mot barn og unge.

Desse måla er nærare omtalte under overskriftene Deltaking for alle barn og unge, Mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå, Høyring av barn i mekling, Samlivstiltak og foreldrestøttande arbeid og Vald og overgrep nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Kunnskapsbasert politikkutvikling

Offentlege ressursar er knappe, og berekrafta i velferdssamfunnet krev at dei blir brukte effektivt. I utviklinga av treffsikker politikk er det naudsynt med gode analysar og god og oppdatert kunnskap. Det er vidare naudsynt at departementet følgjer med på kva verknader dei ulike tenestene og ordningane har, korleis dei blir nytta, og korleis bruk og behov endrar seg i takt med endringar i samfunnsutviklinga. Denne kunnskapen skal nyttast til å vidareutvikle ordningane og politikken, for å sikre effektiv ressursbruk, og til å utvikle betre og meir treffsikre politikktiltak over tid.

Eit godt kunnskapsgrunnlag skal bidra til utvikling av tiltak og tenester slik at barn, unge og familiar som treng det, kan få den hjelpa dei treng til å leve gode og frie liv. God kunnskap skal òg bidra til at barn og unge får ein best mogleg start på livet, slik at dei, så langt som råd er, får like moglegheiter til å utvikle seg og delta i samfunnet. Vidare har det offentlege ei viktig rolle i å bidra til god forskingsinfrastruktur, mellom anna ved å leggje til rette for langsiktig kunnskapsutvikling, og at relevante data på sentrale samfunnsområde blir samla inn og oppdaterte. Datamateriale som Statistisk sentralbyrå (SSB) samlar inn på oppdrag frå departementet, til dømes om bustad og samvær for barn i delte familiar, kan forskarar nytte i vidare studiar. For ein samla omtale av departementet sin forskingsinnsats; sjå del III, Forsking og utvikling. Nedanfor følgjer ein kort omtale av utvalde forskings- og kunnskapsarbeid.

Familievernet er ei statleg spesialteneste med familieproblem og familierelasjonar som sitt fagfelt, og er eit landsdekkjande og høgkompetent tilbod. Familievernet skal nytte anerkjende metodar og arbeide forskingsbasert. NOVA starta i 2020 opp eit større forskingsprosjekt på oppdrag frå Bufdir med fleire delstudiar om familievernet. Så langt er det høvesvis publisert éin delstudie om familievernet sitt arbeid i saker med vold i nære relasjonar og éin om familievernet under covid-19-pandemien.

SSB gjennomførte datainnsamlinga til ei ny, stor bustads- og samværsundersøking hausten 2020 på oppdrag frå departementet. For at familiepolitikken og tiltaka som gjeld delte familiar, skal vere relevante og treffsikker, må ein ta utgangspunkt i det familiebiletet som gjeld. Samværsundersøkinga gir viktig kunnskap om kva løysingar for bustad og samvær delte familiar vel, og korleis dei organiserer kvardagslivet. Undersøkinga er ei oppfølging av tilsvarande undersøkingar i 2002, 2004 og 2012, og ho vil derfor vise endringar over tid. Dei innsamla dataa er tilarbeidde av SSB, og vil vere tilgjengelege for vidare analysar.

SSB deltok i 2020 i den internasjonale spørjeundersøkinga Generations and Gender Survey, noko BFD var med å finansiere. Hovudtemaa i undersøkinga er kvinner og menn sine livsløp, endringar i familieformer, kjønnsroller og samhandling mellom generasjonar. Undersøkinga byggjer vidare på ei tilsvarande undersøking frå 2007. Dette vil gi høve til å få kunnskap om kva som påverkar livsval, og kva preferansar unge har for familie og barn, kva forventingar dei har til samliv, arbeidsdeling og likestilling, og korleis dei kombinerer yrkes- og familieliv. Dette vil vere viktig kunnskap i arbeidet for ein god og effektiv familiepolitikk.

Forsking syner at barn og unge som veks opp i låginntektsfamiliar, har dårlegare føresetnader enn andre, og at dette pregar liva deira. Departementet er oppteke av at alle barn skal ha like høve til å delta i samfunnet, og seinare arbeidslivet, og utvikle eigne gode liv. Det er store kostnader knytt til konsekvensar av låginntekt og utanforskap, og effektiv politikk er av stor samfunnsøkonomisk betyding. Som ein del av arbeidet med regjeringa si samarbeidsstrategi for barn og ungdom i låginntektsfamiliar framover, vil departementet sjå nærare på samanhengen mellom ein oppvekst i familiar med låg inntekt og ulike levekårsulemper, og vurdere verknaden av tiltak på barnefattigdomsområdet. Dette vil vere viktig for arbeidet med å utvikle ein treffsikker og målretta politikk for å motverke og førebyggje framtidig låg inntekt og utanforskap.

Våren 2021 fekk departementet tilrådingane til strategigruppa for BarnUnge21. Oppdraget til strategigruppa var å komme med forslag til ein målretta og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon i tenestene for utsette barn og unge. Målet er at færre barn og unge fell utanfor gjennom livsløpet. I samarbeid med dei relevante departementa vil BFD vurdere og arbeide vidare med dei ulike tilrådingane.

Det er fleire studiar i 2021 og 2022 som er viktige kunnskapsgrunnlag på familie- og oppvekstområdet. Resultata av forskingsaktivitetar knytte til FamilieForSK-studien ved Folkehelseinstituttet er relevante både for den vidare utviklinga av familieverntenesta og for andre tiltak for å støtte foreldre og familiar. Dette er ein fleirårig studie om samhald og konfliktar i familiar i Noreg, der føremålet er å få meir kunnskap om samliv og korleis tilhøve i familien heng saman med utvikling og trivsel hos barna. I 2020 kom det fleire artiklar frå studien, mellom anna om barn si stemme ved samlivsbrot og konsekvensar av pandemi-tiltaka for sårbare familiar. Bufdir planlegg ei utviding av FamilieForSK.

Våren 2021 leverte Oslo Economics, på oppdrag frå BFD, ein samfunnsøkonomisk analyse av kostnadene ved marginalisering og utanforskap blant barn og unge. Føremålet med analysen var å styrkje det faglege grunnlaget for å kunne gjennomføre ein effektiv politikk retta mot marginalisering og utanforskap generelt, og låginntektsområdet spesielt. Rapporten identifiserte oppvekst i låg inntekt, med omsorgssvikt, vald og overgrep, og med funksjonsnedsetjing, som sentrale risikofaktorar. Analysen viser at dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved utanforskap frå arbeidslivet blant tidlegare marginaliserte barn og unge er høge, og tilrår at den offentlege ressursinnsatsen i større grad bør målrettast mot førebyggjande arbeid frå eit tidleg tidspunkt hos den einskilde i risikogruppa.

Departementet vil leggje til rette for forsking på digital oppvekst. Kunnskap om konsekvensar av digitaliseringa, mellom anna for barns læring og utvikling, psykiske helse og trivsel, sosialisering og oppvekst, er knapp og fragmentert. Det er naudsynt å samkøyre innsatsar på området. Departementet vil utgreie opprettinga av eit senter for forsking på barn og unge sin digitale oppvekst.

I 2022 vil departementet styrkje kunnskapen på det familiepolitiske området mellom anna ved å bidra med finansiering til gjennomføringa av ei ny tidsbruksundersøking ved SSB. Undersøkinga er basert på respondentane si registrering av eigen kvardag, og fortel mykje om korleis norske barn, vaksne og familiar organiserer og bruker tida si. Tidsbruksundersøkinga blei gjennomført for fyrste gong i 1971 og blir gjenteke om lag kvart tiande år. Såleis kan ein tolke ulike trendar i befolkninga over tid og lære meir om dei som politikken skal treffe.

Tiltak for barn, unge og familiar må treffe godt for å fungere godt. Ny og forbetra kunnskap om rett teneste- og tiltaksutøving skal bidra til at vi kan utvikle meir målretta og effektive tenester og tiltak av høgare kvalitet. Betre kunnskap om korleis tiltak til barn, unge og familiar blir implementert, skal bidra til at tiltaka treff betre og gir varige praksisendringar. Det vil tene føremålet om effektiv bruk av offentlege ressursar. Regjeringa føreslår å omprioritere 10 mill. kroner frå avsetjingane i Noregs forskingsråd til forsking på rett teneste- og tiltaksutøving (implementeringsforsking). Vidare føreslår regjeringa å styrkje forskinga på effektane av tiltak mot vald og overgrep med om lag 10 mill. kroner ved å omprioritere midlane frå avsetjingane i Noregs forskingsråd. Sjå ytterlegare omtale under kap. 285 i Kunnskapsdepartements Prop. 1 S (2021–2022).

Meir konkrete forskingsprosjekt er omtalte under dei ulike områda nedanfor.

Utvikling i fødselstala

Utviklinga i talet på barnefødslar er ein av fleire faktorar som vil ha innverknad på den økonomiske og samfunnsmessige utviklinga i Noreg. Sjølv om ein historisk sett har hatt økonomisk vekst i periodar med fallande fødselstal, kan lågare fødselstall gi endringar knytt til makroøkonomiske forhold som verdiskaping, allokering av arbeidskraftressursar, skatteinntekter og berekraft i velferdsordningane. Lågare fødselstall, der endringa varer ved, kan òg gi ein indikasjon på strukturelle samfunnsendringar som det bør vere merksemd om, som til dømes situasjonen og framtidsutsiktene til familiar og barn.

Figur 4.1 Fødselstal i perioden 1968–2020

Figur 4.1 Fødselstal i perioden 1968–2020

Kjelde: SSB.

Som det går fram av figur 4.1 har fruktbarheita gått ned sidan 2009. Då var det samla fruktbarheitstalet 1,98 barn per kvinne. I 2020 blei det fødd 53 000 barn i Noreg, 1 500 færre enn i 2019. Det samla periodefruktbarheitstalet på 1,48 barn per kvinne inneber at vi for fjerde året på rad registrerer rekordlåg fruktbarheit i Noreg. Fyrstegongsfødande i Noreg blir stadig eldre, og stadig færre får fleire enn to barn. Dei førebelse tala for 2021 kan tyde på ein viss auke i talet på fødslar, men det er usikkert om det er ein permanent auke.

Utviklinga i talet på barn per kvinne kan målast på to måtar; ein kan sjå på samla fruktbarheit eller kohortfruktbarheit. Den samla fruktbarheita viser fruktbarheitstalet per kalenderår. Kohortfruktbarheita viser kor mange barn ein kohort (eit årskull) kvinner har fått gjennom livsløpet. Utviklinga i kohortfruktbarheita er meir stabil over tid, ettersom ho ikkje blir påverka av når i livet kvinner får barn. Kvinner som fylte 45 år i 2020, har i gjennomsnitt fått 1,96 barn. Kohortfruktbarheita har vist ein nedgang over fleire år, men endringa har ikkje vore stor frå år til år.

Trendane for fruktbarheita til menn har tilsvarande mønster som fruktbarheita til kvinner, med aukande alder for fyrstegongsfedrar og nedgang i fruktbarheita. Det har generelt vore ein auke i delen norske menn som går barnlause gjennom livet. Ein rapport frå Folkehelseinstituttet (FHI) i 2020 fann at delen barnlause menn på 45 år har auka frå 14 prosent i 1985 til 24 prosent i 2018.2

FHI har i samarbeid med Institutt for samfunnsforskning (ISF) og SSB greidd ut årsaker til og konsekvensar av nedgangen i fødselstala. I rapporten om utgreiinga blir det mellom anna peika på at det er ganske sannsynleg at fallet i fruktbarheit i Noreg er drive fram av anna enn reint økonomiske forhold. At fall i fødselstal er ein trend i fleire land med forskjellig økonomisk utvikling, støttar opp under teorien om at utviklinga kan vere driven av andre faktorar. Det er sannsynleg at endringar i normer og verdiar og endringar i samlivs-, utdannings- og yrkesmønster påverkar utviklinga.

Barne- og familiedepartementet har inngått ein avtale med OECD, som skal skrive ein landrapport om utviklinga i dei norske fødselstala. Prosjektet har oppstart i 2021 og skal avsluttast i løpet av 2022. Rapporten skal bidra med meir kunnskap om drivarane bak utviklinga og ein analyse av dei økonomiske konsekvensane ved låge fødselstal. OECD vil òg vurdere tiltak som kan bidra til auka fødselstal.

Økonomien til barnefamiliar og familieytingane

Dei økonomiske kåra til barnefamiliane er i hovudsak bestemt av inntekter frå arbeid, offentlege stønader og eventuelle kapitalinntekter. I tillegg vil det økonomiske handlingsrommet deira vere påverka av omfanget av det offentlege tenestetilbodet. Døme på offentlege overføringar retta særleg mot barnefamiliane er kontantytingar som barnetrygda, offentleg subsidierte tenester som barnehage, og særskilde skatteordningar for familiar som foreldrefrådraget for utgifter til pass og stell av barn.

Familieordningane tener fleire føremål. Fyrst og fremst hjelper dei med å tryggje økonomien i familiar. Dei offentlege overføringane kan òg gi denne samfunnsgruppa ein velferdsauke. Begge føremåla kan ein grunngi med at barn er ein verdi i seg sjølve og for familien, men det er òg viktig for samfunnet at barn kjem til. Offentlege ordningar kompenserer derfor familiane for delar av kostnadene med å ha barn – noko barnetrygda er eit døme på. Det kan ha samfunnsøkonomiske gevinstar på sikt.

Ordningane har òg andre verknader, både for den einskilde familien og for samfunnet. Foreldrepengar er ei økonomisk yting frå folketrygda som sikrar inntekta til foreldra når dei er i permisjon ved svangerskap, fødsel og adopsjon. Foreldrepengar kompenserer for inntektsbortfall. Ytinga gjer det mogleg å kombinere det å få barn med det å vere aktiv i yrkeslivet, og skal i så måte bidra til ein god bruk av arbeidskraftressursane og sikre ei jamt høg sysselsetjing. Det er viktig for norsk økonomi og for berekrafta i velferdsstaten. Foreldrepengeordninga tek òg omsyn til familielivet og relasjonen mellom spedbarn og forelder. Det er viktig for utviklinga til barnet og relasjonen mellom forelder og barn. Å dele stønadsvekene inn i ei mødrekvote og ei fedrekvote er eit tiltak som skal bidra til ei balansert omsorgsfordeling i heimen.

Eingongsstønad er ein minstegaranti som sikrar inntekt for mødrer utan opparbeidd rett til foreldrepengar. Eingongsstønad er viktig for dei som, frivillig eller ufrivillig, ikkje har vore i yrkesaktivitet og dermed ikkje kvalifiserer til foreldrepengar. Ytinga kjem i form av ei einskild utbetaling og kan mellom anna vere eit bidrag til å dekkje utgifter til å forsørgje barnet den fyrste tida. Eingongsstønaden har vore styrkt betrakteleg dei siste åra, og satsen er i dag 90 300 kroner. Det er om lag 55 000 kroner meir enn i 2013; sjå tabell 4.13. For regjeringa har aukane òg vore viktig for å styrkje økonomien til familiar som ofte er svakare økonomisk stilte enn familiar med foreldrepengar.

Store kontantoverføringar frå det offentlege kan redusere insentiva til å søkje eller stå i arbeid. Ein auke i eingongsstønaden kan i så måte tenkjast å verke negativt inn på arbeidstilbodet. Det vil i så fall kunne ramme familieøkonomien på sikt. Ei generell høg arbeidsdeltaking er vidare viktig for berekrafta i velferdsstaten. Samstundes er det fleire årsakar til at folk står utanfor arbeidslivet. Talet på stønadsmottakarar har i perioden halde seg stabilt. Dette kan til dels henge saman med lågare fødselstal, men kan òg tyde på at aukane i eingongsstønad av denne dimensjonen ikkje har hatt stor innverknad på deltakinga i arbeidslivet. Foreldrepengeordninga og eingongsstønaden er nærare omtalte under programkategori 28.50.

Barnetrygd

Barnetrygd var ein av dei fyrste universelle trygdeytingane i Noreg. Ordninga er ei månadleg utbetaling til alle foreldre med barn under 18 år, og ho skal bidra til å dekkje utgifter til forsørging av barna. Barnetrygda kan tryggje og betre økonomien i barnefamilien her og no, og som ei kontantoverføring gir ho familien høve til sjølv å prioritere midlane etter eigne behov.

Den ordinære barnetrygda er i dag aldersdifferensiert: Årleg sats for barn under 6 år er føreslått auka til 20 112 kroner i 2022, medan satsen er 12 648 kroner for barn over 6 år. Auka barnetrygd for småbarnsforeldre kan vere viktig fordi denne gruppa ofte har ei lågare inntekt enn foreldre med eldre barn. Den siste inntekts- og formuesstatistikken frå SSB inneheld tal frå 2019 og viser til dømes at medianinntekta for par med små barn er 15 prosent lågare enn medianinntekta til par med eldre barn. Barnetrygda gir dei ein noko romslegare familieøkonomi.

Samstundes er utgiftene til underhald av eldre barn generelt sett høgare enn for yngre barn For barn og unge frå det året dei fyller 6 år, fram til året dei fyller 18 år, føreslår regjeringa å starte ei nasjonal utrulling av fritidskortet frå hausten 2022; sjå omtale under Nasjonal utrulling av fritidskortet.

Barnetrygda omfattar alle barn og er eit velferdsgode for alle barnefamiliar. Det kan bidra til ei brei forankring av ordninga i befolkninga. Barnetrygd er likevel særleg viktig for grupper med ein svak privatøkonomi. Ein SSB-rapport frå 2016 omtaler barnetrygda som den einskildstønaden som isolert sett har størst betyding for å redusere talet på barnefamiliar med låginntekt.3 Det er òg tidlegare rekna at utan auken i barnetrygd på 7 200 kroner for barn under 6 år kunne om lag 3 000 fleire barn ha vakse opp i låginntektsfamiliar.

Ein annan rapport frå SSB viser at når ein deler den totale gruppa med vedvarande låginntekt inn i hushaldningstypar, er par med barn under 7 år den største undergruppa: Dei utgjer 18 prosent av dei med vedvarande låginntekt.4 Ytinga generelt, og med aldersdifferensiering spesielt, kan i så måte på kort sikt fungere som eit familiepolitisk instrument i innsatsen mot fattigdom. Det er likevel ikkje eintydig om barnetrygda bidreg til å motverke låg inntekt og utanforskap på lengre sikt.

Sistnemnde SSB-rapport gjer det òg klart at einslege forsørgjarar er overrepresenterte i låginntektsgruppa. Einslege forsørgjarar utgjorde 6 prosent av befolkninga, men heile 15 prosent av låginntektsgruppa. I barnetrygdordninga finst to tillegg som skal bidra til at alle barn veks opp med akseptable materielle levekår. Det fyrste tillegget gir ein einsleg forsørgjar som bur åleine med barn under 18 år, barnetrygd for eitt meir barn enn det forsørgjaren faktisk bur med. Dette kallast utvida barnetrygd og vil i 2022 vere 12 648 kroner meir i året for mottakaren.

Det andre tillegget i barnetrygdordninga er småbarnstillegg, som er på 660 kroner i månaden i 2022. Småbarnstillegg blir gitt til einsleg mor eller far med barn i alderen 0 til 3 år, som allereie har utvida barnetrygd, og som òg får såkalla overgangsstønad. Overgangsstønad er ei ordning som skal sikre åleineforsørgjarar inntekt og gi dei hjelp til sjølvforsørging gjennom arbeid, mellom anna fordi den inneheld ei aktivitetsplikt. For meir om overgangsstønad; sjå omtale i budsjettforslaget til Arbeids- og sosialdepartementet.

Aukane i barnetrygda for dei yngste i 2020 og 2021

Den ordinære barnetrygda for alle barn auka frå 970 kroner til 1 054 kroner i månaden frå 1. mars 2019. Dette var den fyrste styrkinga av barnetrygda sidan 1996.

Regjeringa auka den månadlege utbetalinga for barn under 6 år med 300 kroner i september 2020. Frå september 2021 blei barnetrygda auka med ytterlegare 300 kroner i månaden for same aldersgruppe. Saman med auken i 2019 har årleg barnetrygd per barn dermed blitt om lag 8 200 kroner høgare for småbarnsfamiliane. Desse styrkingane er til saman eit historisk løft for barnetrygda. I 2022 føreslår regjeringa å prisjustere barnetrygda for dei yngste og dermed halde ved lag kjøpekrafta i utbetalinga.

Auken i barnetrygda skal òg komme sosialhjelpsmottakarar med barn til gode. Regjeringa heva derfor dei rettleiande statlege satsane for økonomisk stønad til livsopphald for kategorien barn 0 til 5 år med tilsvarande beløp som aukane i barnetrygda i 2020 og 2021.

Bruk av barnetrygd

I mars 2021 var det om lag 660 000 mottakarar av ordinær barnetrygd. Det er omtrent det same som i mars 2020, men ein nedgang på 1,4 prosent frå mars 2019. Årsaka til den betydelege nedgangen frå 2019 er ifølgje Nav i hovudsak tildeling av barnetrygd i EØS-tilfelle. Den polske barnetrygda auka sommaren 2019, noko som verkar inn i Noreg gjennom EØS-regelverket. Den polske barnetrygda er no høgare enn den norske, og utlegga til Noreg blir derfor lågare.

Det er mor eller far som tek imot barnetrygda, og viss foreldra har avtale om delt bustad, kan barnetrygda fordelast mellom dei. I dei fleste tilfella er mor mottakar, men sidan 2011 har prosentdelen mannlege mottakarar auka frå 8,8 til 11,6 prosent. Av alle stønadsmottakarane hadde 17,6 prosent utvida stønad for einslege forsørgjarar.

Fritidskort

Generelt om fritidskort

Medan barnetrygda er auka for dei minste barna, har regjeringa prioritert eit fritidskort til barn frå det året dei fyller 6 år, fram til året dei fyller 18 år. Fritidsarenaer som gir barn rom for å vere saman, utfalde seg og få venner, er viktig i ein god oppvekst. Alle barn og unge skal kunne ha ei aktiv og innhaldsrik fritid der dei kan delta på ein likeverdig måte utan omsyn til kva for bakgrunn dei har. Fritidskortet har vore prøvd ut i nokre kommunar, og regjeringa vil no starte ei nasjonal utrulling av fritidskortet.

Fritida til barn er i større grad organisert i dag enn tidlegare. Likevel står mange barn og unge utanfor etablerte fritidsaktivitetar. Å stå utanfor fritidsaktivitetane er ein større risikofaktor og ei større utfordring enn før. Det kan setje grenser for deltaking på meir formelle arenaer seinare i livet. Årsakene til dette utanforskapet kan vere fleire, men fleire barn i låginntekstfamiliar og auka utgifter knytte til organiserte fritidsaktivitetar kan vere blant forklaringane. Ein generell velstandsauke kan i seg sjølv påverke kostnader knytte til barn og unge sine fritidsaktivitetar. For dei som ikkje tek del i denne velferdsauken, kan dette skape ytterlegare vanskar med å delta på linje med andre barn.

Målet med fritidskortet er at alle barn og unge skal få høve til å delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar ved å redusere dei økonomiske barrierane for deltaking. Reduserte økonomiske barrierar kan gi auka deltaking og redusert utanforskap blant barn og unge. Dette kan gi ein betre kvardag for fleire barn og unge og gevinstar for samfunnet om det på sikt reduserer risikoen for utanforskap frå jobb, utdanning og sosiale arenaer.

Barn si deltaking er ei samansett utfordring som krev merksemd og politikk på fleire område. Fritidskortet er derfor ikkje nok i seg sjølv. Det må arbeidast godt ved sida av, og tiltaket må verke saman med andre tiltak for deltaking og inkludering. Kommunar, frivillige og ulike kommunale tenester må arbeide saman for å få ut informasjon til alle barn og familiar, og for å rekruttere dei som i dag ikkje deltek i fritidsaktivitetar. Vidare har departementet i fleire år arbeidd med tiltak for å inkludere barn og unge i sosiale aktivitetar på fritida, mellom anna gjennom arbeidet med fritidserklæringa; sjå nærare omtale under Deltaking for alle barn og unge.

Både auken i barnetrygda og fritidskortet er universelle. Ordningane vil samstundes ha mest betydning for barn som veks opp i familiar med dårlig råd. Tiltaka er derfor òg viktige i innsatsen mot barnefattigdom. Les òg meir om samarbeidsstrategien for barn som veks opp i familiar med låg inntekt, under overskrifta Barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt.

Arbeid med fritidskort

I 2019 starta utprøvingar av fritidskortordning i Arendal og Vadsø, og frå hausten 2020 blei ytterlegare 10 kommunar/bydelar med. I 2021 blei det sett av totalt 180 mill. kroner slik at prøveprosjektet med ei nasjonal fritidskortordning kunne vidareførast og utvidast. Frå hausten 2021 er 12 nye kommunar/bydelar inkluderte i prøveprosjektet. Det inneber at totalt 24 kommunar er med i utprøvinga. Det blei i 2020 sett i gang ei evaluering som skal følgje prøveprosjektet. Evalueringa skal sjå på i kva grad fritidskortet bidreg til at fleire barn og unge deltek i organiserte fritidsaktivitetar, og identifisere uintenderte verknader og konsekvensar av ordninga. Evalueringa skal mellom anna undersøkje om fritidskortet påverkar prisane på fritidsaktivitetar. Føremålet med evalueringa er å finne ut korleis ei fritidskortordning kan innrettast på ein treffsikker og effektiv måte, slik at fleire barn deltek i fritidsaktivitetar.

Fyrste delrapport av evalueringa (Institutt for samfunnsforskning 2021) viser at organiseringa av arbeidet med fritidskortordninga i kommunane verkar å fungere godt, og at kommunane gjer ein innsats for å skape samverke mellom fritidskortordninga og andre tiltak. Fritidskortet har ført til kreativitet i kommunane, og nye aktivitetstilbod blir etablerte.

Vidare viser erfaringar frå prøveprosjektet at det tek tid å etablere ei fritidskortordning. Samarbeid med frivillige organisasjonar og ulike kommunale tenester tek tid å få på plass. Det er heller ikkje uventa at det tek tid å byggje opp og formidle informasjon om ein ny ordning. Det har særleg vore utfordrande å få på plass gode løysingar for utbetaling. Ulike smitteverntiltak har skapt ytterlegare utfordringar for gjennomføring av fritidsaktivitetar, og for kommunane sitt arbeid med å etablere samarbeid og sørgje for medverknad frå barn og unge. Utfordringane ovanfor har ført til at berre mellom 20 og 55 prosent av målgruppa i kommunane nytta fritidskortet sitt hausten 2020. Det er venta at bruken vil auke etter kvart som ordninga blir godt etablert. I det vidare arbeidet vil kommunane leggje vekt på informasjon til ulike målgrupper, og det blir arbeidd vidare for å rette særskild merksemd mot barn med større behov for støtte.

Eit ungdomspanel har gitt råd til Barne- og familiedepartementet om korleis ei fritidskortordning kan bidra til å nå målet om at fleire barn og unge får delta i organiserte fritidsaktivitetar. Panelet peikar mellom anna på behov for å leggje betre til rette for barn og unge med funksjonsnedsetjing, auka involvering av foreldre og eit meir variert fritidstilbod utanfor storbyane. Panelet kom òg med konkrete råd mellom anna knytt til informasjonsarbeid, storleik på beløp på fritidskortet og bruk av eksisterande arenaer for barne- og ungdomsmedverknad i kommunane.

Parallelt med prøveprosjektet har Bufdir greidd ut eit konsept for ei teknisk løysing for tildeling av fritidskortmidlane. Konseptet består av ei todelt løysing med delt ansvar mellom staten og kommunane. Staten utviklar ein digital infrastruktur beståande av nasjonale register og digitale felleskomponentar og handterer sjølv utbetalingane, medan kommunane er ansvarlege for å skaffe eller utvikle sluttbrukarløysingar. Løysinga vil vere forenklande for kommunane og skal sikre personvern og kontroll på midlane, samstundes som konseptet legg til rette for lokale tilpassingar.

Bufdir skal i løpet av hausten inngå ein avtale med Brønnøysundregistera (BR) om utvikling og forvalting av den digitale infrastrukturen. Arbeidet med å utvikle løysinga er starta opp etter sommaren 2021 og ho skal etter planen kunne bli teken i bruk frå hausten 2022.

Nasjonal utrulling av fritidskortet

Regjeringa føreslår i 2022 å auke løyvinga med 225 mill. kroner til å starte ei nasjonal utrulling av fritidskortordninga. Dette inneber at det totalt vil vere sett av 405 mill. kroner til fritidskortordninga i 2022. Forslaget inneber at om lag ein tredjedel av alle barn og unge frå det året dei fyller 6 år, fram til året dei fyller 18 år i Noreg, kan få eit fritidskorttilbod frå hausten 2022. Vidare utrulling til fleire nye kommunar frå og med 2023 er ein budsjettsak som blir handsama i den ordinære budsjettprosessen. Den nasjonale utrullinga skal byggje på følgjeevalueringa som no blir gjort, men departementet vil òg følgje med på verknadene av ordninga og tilpasse ordninga ved behov.

I den nasjonale utrullinga vil kvart einskilt barn i målgruppa få høve til å bruke 2 000 kroner per år til å dekkje deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar. Samstundes blir kommunane oppmoda til å leggje på lokale midlar. Kommunane kan få støtte til administrasjon og utvikling, som kan nyttast til å skaffe og leige sluttbrukarløysingar, samarbeid med aktivitetstilbydarane eller informasjonsarbeid.

I arbeidet med den tekniske løysinga og oppstart av nasjonal utrulling av fritidskortet er det identifisert behov for nye lovheimlar for å innhente og handsame personopplysningar i samband med ordninga. Departementet har sett i gang eit lovarbeid for å få dette på plass før den nasjonale ordninga startar opp hausten 2022, og tek sikte på å leggje fram eit lovforslag for Stortinget våren 2022.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er ei økonomisk yting som er tilgjengeleg for familiar med barn i alderen 1 til 2 år. Ytinga gir familien økonomisk støtte til å velje andre omsorgsformer enn barnehage, og utbetalinga er knytt til om barnet nyttar barnehageplass eller ikkje. Føremålet med ordninga er mellom anna å leggje økonomisk til rette for at familiane sjølve skal kunne ta omsorga for barna sine. Ein del foreldre vel òg å få kontantstøtte og benytte seg av andre tilsynsformer, til dømes familiemedlemmar. Ein SSB-rapport frå 2019 viste at fire av ti mødrer var i arbeid i perioden dei fekk kontantstøtte.5

Stønadsperioden for kontantstøtte er inntil 11 månader frå og med månaden etter at barnet har fylt 1 år, til og med månaden før barnet fyller 2 år (13 til 23 månader). Satsen for full kontantstøtte er 7 500 kroner per månad.

1. august 2018 blei det innført graderte satsar for kontantstøtte avhengig av kor lang opphaldstid barnet har i barnehagen. Dei graderte satsane gjer at foreldre ikkje mistar kontantstøtta, sjølv om dei nyttar deltidsplass i barnehage. For å ha rett til kontantstøtte må ein ha fem års butid i Noreg eller EØS-området.

BFD føreslår at ordninga blir vidareført i 2022 med uendra satsar.

Bruk av kontantstøtte

I mars 2021 blei det utbetalt kontantstøtte for om lag 28 prosent av barna i kontantstøttealder, noko som er 8 prosentpoeng lågare enn i mars 2013. Arbeids- og velferdsdirektoratet har mellom anna peika på lågare fødselstall som ei medverkande årsak til nedgangen i kontantstøttebruken. Det er samstundes nokre færre som vel å benytte seg av ordninga.

Sjølv om det frå 2018 blei mogleg å gradere stønadsuttaket, er bruk av full sats framleis det vanlegaste. Ved utgangen av mars 2021 blei det utbetalt kontantstøtte med full sats for rundt 95 prosent av barna som fekk kontantstøtte. Til samanlikning låg denne delen mellom 98 og 99 prosent i perioden mellom 2013 og 2018.

Det er vanlegare å bruke kontantstøtteordninga i familiar med innvandrarbakgrunn enn i familiar utan innvandrarbakgrunn. Ein SSB-rapport frå 2019 studerte bruken av kontantstøtte og fann at 28 prosent av 1-åringar med innvandrarbakgrunn fekk utbetalt yting. For 1-åringar utan innvandrarbakgrunn var talet 17 prosent. Rapporten gjorde det òg klart at ordninga er meir brukt blant foreldre med låg utdanning og/eller låg inntekt. I samband med NOU 2017: 6 berekna SSB fordelingseffektar ved ulike justeringar i familieytingane. Å fjerne kontantstøtta blei rekna til isolert sett å auke delen barn i låginntektsfamiliar frå 11,3 prosent til 11,7 prosent. Det ville utgjere over 4 000 barn. Ei fjerning av ytinga vil samstundes kunne medføre at nokre av mottakarane byrja å arbeide eller i nokre tilfelle kunne fått meir i sosialstønad. Verknadene på sikt er derfor ikkje heilt klare.

Tabell 4.1 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2022 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage (timar per veke)

Kontantstøtte i prosent av full sats

Kontantstøtte per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

Til og med 8 timar

80

6 000

Frå 9 til og med 16 timar

60

4 500

Frå 17 til og med 24 timar

40

3 000

Frå 25 til og med 32 timar

20

1 500

33 timar eller meir

0

0

Barnebidrag

Foreldre har ansvar for å forsørgje barna sine. Når den eine av eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkommande betale barnebidrag. Foreldra kan sjølve avtale kor stort barnebidraget skal vere, eller dei kan be Nav om å fastsetje det. Det har over fleire år vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet for å fastsetje og krevje inn barnebidraget. Om lag 45 prosent av dei delte familiane bruker det offentlege tilbodet.

Dei fleste bidragsmottakarane er kvinner (91 prosent), og dei fleste bidragspliktige er menn (85 prosent). Per mars 2021 blei det i saker med offentleg fastsetjing utbetalt barnebidrag og/eller bidragsforskot for 81 649 barn. Det er om lag 7 prosent færre enn i mars 2019 og over 30 prosent færre enn i mars 2012. Til saman er det 7,1 prosent av befolkninga frå 0 til 17 år som får barnebidrag og/eller innvilga bidragsforskot med offentleg innkrevjing. Det er ein nedgang frå 7,6 prosent i mars 2020. Sjå tabell 4.2 for informasjon om storleiken på barnebidrag gjennom det offentlege.

NOU 2020: 14 Ny barnelov blei lagd fram 4. desember 2020; sjå omtale under Barnelova. Utvalet har mellom anna vurdert kva utforminga av bidragssystemet har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i kva som er best for barnet, korleis foreldre kan sikrast like rettar som omsorgspersonar. Utvalet har einskilde forslag til endringar i barnebidragsreglane. Departementet arbeider med å følgje opp dette.

Stortinget har ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2020–2021) om samværssabotasje 8. mars 2021 i oppmodingsvedtak nr. 715 bede regjeringa greie ut om det er behov for å gjere justeringar i barnebidragsreglane for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor for samværshindring; sjå tabell 3.1. Departementet arbeider med å følgje opp dette.

Tabell 4.2 Barn som får barnebidrag gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner)

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

8 014

1 881

Barn 6–10 år

20 216

2 034

Barn 11–14 år

24 189

2 212

Barn 15–17 år

20 331

2 554

Barn 18+

1 976

4 471

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå utgangen av april 2021. Tala omfattar ikkje barn med ukjend far, barn som ikkje har fått fastsett bidrag, og barn med bidrag i utanlandsk valuta.

Familieytingane og EØS-avtalen

EØS-avtalen er den mest omfattande internasjonale avtalen som Noreg er ein del av, og fører med seg ei rekke rettar og forpliktingar òg når det gjeld familieytingar. Avtalen skal mellom anna sikre fri rørsle av arbeidstakarar i ein felles europeisk arbeidsmarknad. I denne samanheng står koordinering av nasjonale trygdesystem sentralt.

Regjeringa er oppteken av å finne gode løysingar for tilpassing og praktisering av regelverket på trygdeområdet. I barne- og familiepolitikken gjeld dette særleg overføringsordningane barnetrygd, kontantstøtte og foreldrepengar. For regjeringa er det viktig at praktiseringa er i tråd med EØS-avtalen. Det er òg ønskjeleg å ta omsyn til ein rimeleg bruk av norske velferdsordningar, og til berekrafta i det norske velferdssystemet.

Kjøpekraftjustering av barnetrygd og kontantstøtte i EØS-området

Regjeringa arbeider for å avgrense og stanse eksport av velferdsytingar. På barne- og familieområdet gjeld dette barnetrygd og kontantstøtte. Arbeidet omfattar mellom anna å søkje aksept i EU for kjøpekraftjustering av slike ytingar. Ei kjøpekraftsjustering tek omsyn til at kostnadsnivået varierer mellom landa i EØS-området og justerer utbetalinga etter det. At det den einskilde mottakar får i barnetrygd eller kontantstøtte er tilpassa prisnivået der barnet oppheld seg, vil etter regjeringa sitt syn bidra til høgare grad av likebehandling mellom alle mottakararar. Det vil til dømes òg vere meir i samsvar med føremålet til barnetrygda, som er å dekkje delar av utgiftene til forsørginga av barn.

Regjeringa føreslo kjøpekraftjustering av barnetrygd og kontantstøtte i Meld. St. 40 (2016–2017) Eksport av norske velferdsytelser. Ein føresetnad for å innføre ein slik mekanisme var at ESA (overvakingsorganet i EFTA) såg på det som høveleg etter EØS-avtalen. Då meldinga blei handsama i Stortinget 1. mars 2018, støtta Stortinget forslaget. ESA har i svarbrev av 21. juni 2018 lagt til grunn at EØS-avtalen ikkje tillèt kjøpekraftjustering av familieytingar.

Det er likevel usemje om saka òg i EU. Austerrike innførte kjøpekraftjustering av fleire familieytingar frå 1. januar 2019. EU-kommisjonen tok deretter saka inn for EU-domstolen i mai 2020 og klaga Austerrike for å bryte regelverket i EU. Norske styresmakter har levert innlegg i saka til støtte for Austerrike, der ein argumenterer blant anna for at ei kjøpekraftjustering av familieytingar inneber likebehandling av stønadsmottakarar. Det er venta avklaring i spørsmålet i løpet av 2021. Regjeringa følgjer saka og vil vurdere korleis ein dom som eventuelt opnar for kjøpekraftjustering av dei austerrikske ytingane, eventuelt kan og skal handterast i eit norsk tilfelle.

Leggje om praktisering av barnetrygd og kontantstøtte i EØS-tilfelle

Regjeringa har i etterkant av saka om feilpraktisering av EUs trygdeforordning i Nav undersøkt om praktiseringa av overføringsordningane til barnefamiliane er i samsvar med EØS-retten. På bakgrunn av denne undersøkinga har regjeringa funne det naudsynt med ein justert praktisering i handteringa av søknader om barnetrygd og kontantstøtte i EØS-tilfelle.

For kontantstøtte i EØS-saker skal det ved søknad frå skilte foreldre no vurderast om barnet i hovudsak er forsørgt av forelderen som er omfatta av norsk trygd. Dette har vore tilfelle for søknader om ordinær barnetrygd sidan 2013. Nav skal vidare leggje om praktiseringa for både kontantstøtte og barnetrygd, slik at fråskilde foreldre i anna EØS-land no har rett til å tre inn i kravet om kontantstøtte og barnetrygd dersom dei andre vilkåra for yting er oppfylte. Omleggingane skal gjelde frå 1. januar 2022.

Sjå òg omtale av endra praksis ved handsaming av søknader om foreldrepengar i EØS-tilfelle under programkategori 28.50.

Forvaltinga til Arbeids- og velferdsdirektoratet på ansvarsområdet til BFD

Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar størstedelen av BFDs budsjett gjennom ytingane foreldrepengar, eingongsstønad, kontantstøtte og barnetrygd. I tillegg forvaltar direktoratet ordninga med offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag. Direktoratet blir målt på desse ytingane, der ein ser på sakshandsamingstid og delen saker med korrekt vedtak innanfor gjeldande krav. Koronapandemien har prega Nav vesentleg i 2020 og 2021, og sakshandsaming av livsopphaldsytingar har fyrste prioritet.

Arbeidet med trygdekoordinering for EØS-saker har òg vore vektlagt i etaten. Det er eit arbeid som involverer BFDs område; sjå nærare omtale under avsnittet Familieytingane og EØS-avtalen. Etaten har òg viktige oppgåver for familiar med vedvarande låg inntekt og er ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med å betre kåra for barna i desse familiane.

Arbeids- og velferdsdirektoratet ligg administrativt under Arbeids- og sosialdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og sosialdepartementet og BFD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i styringsdialogen blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt

Noreg er eit land med små økonomiske forskjellar samanlikna med andre land, og dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode levekår. Samstundes veks nokre barn opp i familiar med så låg inntekt eller levestandard at det avgrensar høvet deira til å utvikle seg og delta i samfunnet på ein fullverdig måte.

Kostnadene ved å stå utanfor viktige samfunnsarenaer som utdanning og arbeidsliv er store – både for kvar einskild og for samfunnet. Barn i låginntektsfamiliar har oftare dårlegare helse og svakare skuleprestasjonar, bur dårlegare og deltek sjeldnare i fritidsaktivitetar enn andre barn. Dei har òg større risiko for å ha svak tilknyting til arbeidsmarknaden og å oppleve låg inntekt som vaksne.6

Ein indikator for kor mange barn som veks opp i familiar med risiko for fattigdom, er delen barn som lever i hushald med ei inntekt under 60 prosent av medianinntekta over ein periode på tre år. SSB definerer denne gruppa som barn i vedvarande låginntektsfamiliar. Det har over ein lengre periode vore ein auke i delen barn som bur i familiar med vedvarande låg inntekt; sjå figur 4.2. I 2019 vaks 11,7 prosent av norske barn opp i ein familie med vedvarande låg inntekt.

Over halvparten av desse barna kjem frå familiar som har bakgrunn frå andre land, og denne delen aukar. Samstundes har det òg vore ein auke i talet på barn utan innvandrarbakgrunn som veks opp i familiar med låg inntekt. Barn av einslege forsørgjarar er særskilt utsette.

Ei årsak til utviklinga er at inntektsforskjellane har auka gjennom dei siste tiåra. Mellom anna har dei lågaste inntektsgruppene har hatt ei dårlegare inntektsutvikling samanlikna med andre inntektsgrupper. Ein slik auke i inntektsulikskap kan føre til at dei økonomiske barrierane for deltaking på ulike arenaer aukar for dei med lågast inntekt.

Ei anna forklaring er at ein stor del av foreldra til desse barna har svak eller ingen tilknyting til arbeidsmarknaden og ikkje får ta del i velstandsaukar på same måte som arbeidstakarar gjer.

Arbeid er den viktigaste kjelda til inntekt og velferd for kvar einskild og bidreg til å halde ved lag eit økonomisk berekraftig velferdssamfunn. Samstundes er det naudsynt å sikre at òg dei foreldra som av ulike årsaker ikkje har moglegheit til å arbeide, kan tilby barna sine ein trygg og god oppvekst og ein anstendig levestandard. Tiltak som legg til rette for at alle barn får ein trygg og god oppvekst, og som gir dei betre høve til varig deltaking i samfunnet, kan ha samfunnsøkonomiske gevinstar på sikt.

Arbeidet regjeringa gjer mot fattigdom, omfattar innsats på tvers av alle velferdsdepartementa. Regjeringa vil gjennom målretta tiltak dempe dei negative konsekvensane av å vekse opp i fattigdom, arbeide for like moglegheiter for alle barn og slik hindre at dårlege levekår går i arv frå foreldre til barn. Tiltak som støttar opp om aktiv deltaking i samfunnet på alle arenaer i oppveksten, og som bidreg til auka sosial mobilitet, har høg prioritet.

Covid-19-pandemien og smitteverntiltaka har ramma skeivt, og lågtlønte og personar med låg utdanning har vore særleg utsette for å bli arbeidslause eller permitterte. På denne måten kan krisa ha ført til at fleire barnefamiliar har hamna i ein vanskeleg økonomisk situasjon, noko som rammar barna i desse familiane. Regjeringa prioriterer derfor tiltak og innsatsar som bidreg til å motverke dei langsiktige konsekvensane av pandemien, og som bidreg til å førebyggje framtidig fattigdom og utanforskap.

Figur 4.2 Delen barn i alderen 0–17 år som veks opp i vedvarande låginntekt i perioden 2000–2019. Prosent.

Figur 4.2 Delen barn i alderen 0–17 år som veks opp i vedvarande låginntekt i perioden 2000–2019. Prosent.

Kjelde: SSB.

Samarbeidsstrategi for barn og ungdom som veks opp i låginntektsfamiliar

Hausten 2020 la regjeringa fram Like muligheter i oppveksten. Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023). Denne følgjer opp Barn som lever i fattigdom. Regjeringens strategi (2015–2017), som gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. Den nye strategien tek utgangspunkt i at ein oppvekst i vedvarande låg inntekt ofte inneber samansette utfordringar, og at det derfor er naudsynt med ein brei og samordna innsats på tvers av departementa og tenestene.

Samarbeidsstrategien inneheld tiltak som skal gjere det lettare for barn og unge å gjennomføre utdanningsløp, delta i fritidsaktivitetar og bu trygt og godt, og som bidreg til gode helsetenester for alle. Dei viktigaste tiltaka for å redusere låginntekt er tiltak som legg til rette for auka yrkesdeltaking. Strategien inneheld òg tiltak som skal bidra til at foreldre og ungdom kjem i arbeid. Vidare skal strategien bidra til betre samordning av tiltak retta mot barn i låginntektsfamiliar og betre og utvida samarbeid mellom offentleg sektor, frivillig sektor, næringsliv og sosiale entreprenørar.

Viktige satsingar i 2021 er auka barnetrygd for barn under 6 år, vidareføring og utviding av prøveprosjekt med nasjonal fritidskortordning, styrking av Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge i ferie- og fritidsaktivitetar, utvida ordning med gradert foreldrebetaling i SFO, ordning med gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar, auka bustøtte og meir midlar til arbeidsmarknadstiltak retta mot ungdom og foreldre.

I 2022 føreslår regjeringa satsingar på om lag 400 mill. kroner som bidreg til å nå måla i strategien om å dempe dei negative konsekvensane, auke deltakinga og styrkje moglegheitene til barn og ungdom som veks opp i låginntektsfamiliar. Sentrale satsingar i 2022 er 225 mill. kroner til å starte nasjonal utrulling av fritidskortet, 35 mill. kroner til å styrkje den nye tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge, 7,5 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga Inkludering i kulturliv, 15 mill. kroner til å utvide ordning med gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar, 20 mill. kroner til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område, 71 mill. kroner til å styrkje bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar og 23,5 mill. kroner til å heve og indeksregulere inntektsgrensene for fri rettshjelp.

Innsatsen til regjeringa retta mot barn og ungdom i låginntektsfamiliar

Eit godt arbeid for barnefamiliar med vedvarande låg inntekt krev eit tverrfagleg samarbeid mellom sektorar. Nedanfor gir vi ein kort omtale av arbeidet som går føre seg i BFD og i andre departement for å jamne ut sosial ulikskap. Fleire av desse innsatsane er ein del av oppfølginga av regjeringa sin samarbeidsstrategi for barn og ungdom i låginntektsfamiliar.

Støtte til barnefamiliane

Overføringar til barnefamiliane og foreldrestøttande tiltak er ordningar som kan ha stor betydning for barn som vekst opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Overføringane gjeld ordningar som barnetrygd, eingongsstønad og kontantstøtte. Barnetrygda er ei universell ordning, men betyr mest for barnefamiliane med låg inntekt. Eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon er for mødrer utan opptent rett til foreldrepengar og er viktig for familiar som ofte har lågare inntekt enn familiar med foreldrepengar. Overføringsordningane kan betre levekårane til barn i låginntektsfamiliar gjennom auka investeringar i barna sin oppvekst, og kan bidra til å redusere stress- og konfliktnivået i familiar som slit økonomisk. For nærare omtale av desse innsatsane: sjå Økonomien til barnefamiliar og familieytingane.

Omsorga barnet får tidleg i livet påverkar barnet si utvikling og moglegheiter vidare i livet. Tiltak som støtter opp under omsorgsevna til utsette foreldre kan òg bidra til betre oppvekstvilkår for barn i låginntektsfamiliar. Det førebyggjande programmet Familie for første gang og tilskotsordninga Foreldrestøttende tiltak i kommunene er døme på slike tiltak. For nærare omtale av desse innsatsane: sjå Samlivstiltak og foreldrestøttande arbeid.

Inkludering og auka deltaking i sosiale aktivitetar

Barn i familiar med låg inntekt deltek sjeldnare på fritidsaktivitetar enn andre barn, mellom anna fordi det er dyrt for dei å delta. Å delta i sosiale aktivitetar er viktig for å unngå å hamne utanfor fellesskapen, men slike aktivitetar er òg ein viktig arena for læring, for demokrati, for ei meiningsfull fritid og for å få venner. Deltaking i sosiale aktivitetar kan òg auke moglegheitene til barn som i dag står utanfor desse arenaene, på andre område. Departementet har derfor i fleire år hatt ein målretta innsats for å inkludere barn og unge i aktivitetar på fritida, og gjer mykje for at alle barn skal kunne delta i fritidsaktivitetar, organisasjonsliv og samfunnsliv.

Dei mest sentrale innsatsane for å gi fleire barn og unge i låginntektsfamiliar høve til å delta på fritidsaktivitetar er regjeringa si satsing på fritidskortet, tilskotsordningane for å inkludere barn og unge og Fritidserklæringa. For nærare omtale av desse innsatsane: sjå Deltaking for alle barn og unge og omtale av fritidskortet under Økonomien til barnefamiliane og familieytingane.

I 2020 blei tilskotsordninga Inkludering i kulturliv oppretta. Midlane blir fordelte til aktørar i det frivillige kulturlivet som gjennom målretta tiltak for barn (6–12 år) og ungdom (13–19 år) bidreg til å senke terskelen for deltaking gjennom å motarbeide identifiserte barrierar. Det er eit mål at tiltaka skal føre til deltaking i ordinær aktivitet på jamleg basis. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Kulturdepartementet. I 2022 føreslår regjeringa å auke løyvinga til tilskotsordninga med 7,5 mill. kroner.

Barnehage, skule og skulefritidsordning

Eit godt utdanningstilbod bidreg til sosial mobilitet ved å gjere det mogleg for unge å komme seg ut av ein negativ fattigdomsspiral. Slik kan ein redusere risikoen for at fattigdom held fram gjennom generasjonar.

Å gå i barnehage legg eit godt grunnlag for vidare utvikling. Det skjer mellom anna ved at det stimulerer språkutviklinga til barna før skulestart. Samstundes gjer bruk av barnehage det mogleg for begge foreldra å delta i arbeidslivet. For å redusere økonomiske hinder for deltaking i barnehage har regjeringa innført nasjonale ordningar for familiar med låg inntekt, som redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage for barn i alderen 2–5 år.

Regjeringa føreslår for 2022 å føre vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling som gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 prosent av den samla skattbare inntekta si for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Alle husstandar med ei samla skattbar inntekt på under 607 750 kroner vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga frå 1. januar 2022. Regjeringa føreslår vidare at inntektsgrensa for gratis kjernetid 20 timer per veke for barn i alderen 2–5 år blir sett til 598 825 kroner frå 1. august 2022.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil innføre ordningar med redusert foreldrebetaling og gratis opphald på SFO/AKS etter skuletid for barn av foreldre med låg inntekt. Regjeringa innførte hausten 2020 ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling som gjer at familiane maksimalt skal betale 6 prosent av den samla person- og kapitalinntekta til husstanden for eit heiltidstilbod per barn i SFO ved offentlege skular på 1.–2. trinn. Ordinga blei utvida til òg å gjelde 3.–4. trinn frå hausten 2021. Regjeringa har òg innført gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn. I tillegg til dei nasjonale ordningane har regjeringa oppretta to øyremerkte tilskotsordningar for lågare foreldrebetaling i SFO: ei tilskotsordning for SFO ved friskular og ei ordning med gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar. Regjeringa føreslår å utvide tilskotet til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar og føreslår derfor ei løyving på totalt 51,5 mill. kroner.

Regjeringa la hausten 2019 fram Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på. Tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet med oppfølginga er å styrkje arbeidet med tidleg innsats og å leggje til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av ulike føresetnader og behov. Regjeringa føreslår i oppfølginga av meldinga å løyve 100 mill. kroner i 2022 i oppbygginga av kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Covid-19-pandemien, delvis stengde skular og strenge smitteverntiltak har hatt store konsekvensar for mange elevar i 2020 og 2021 og vil framleis ha konsekvensar i 2022. Regjeringa føreslår å løyve 240 mill. kroner for å støtte barn og unge som følgje av konsekvensar av covid-19-pandemien i skule og barnehage, mellom anna til oppfølging av elevar som har tapt fagleg og sosial læring. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Arbeids- og velferdspolitikken

Arbeids- og velferdspolitikken er sentral i innsatsen mot fattigdom. Arbeids- og velferdspolitikken skal leggje til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid.

Foreldra si deltaking i lønna arbeid betrar barna sine oppvekstvilkår og levekåra til familien. Innsatsen for å få fleire i arbeid er derfor viktig for å motverke at låg inntekt og levekårsutfordringar går i arv. Situasjonen på arbeidsmarknaden som følgje av koronapandemien har gjort denne innsatsen særleg viktig. I januar 2021 la regjeringa fram ei arbeidsmarknadspakke på om lag 1 mrd. kroner, mellom anna til ei styrking av inkluderingsdugnaden og ungdomsinnsatsen. Regjeringa føreslår å vidareføre ein sterk arbeidsmarknadsinnsats i 2022, og styrkjer mellom anna innsatsen for unge som står utanfor arbeid og utdanning.

Frå februar 2020 blei minsteytinga for arbeidsavklaringspengar til nye mottakarar under 25 år redusert, samstundes som Arbeids- og velferdsetaten si oppfølging av unge stønadsmottakarar blei styrkt. Det er frå 2017 innført aktivitetsplikt for mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 30 år. Det er òg gjort endringar i kvalifiseringsprogrammet for å gjere programmet meir fleksibelt og tilgjengeleg. Det er frå januar 2021 innført norskopplæringsplikt og vurderingsplikt for sosialhjelpsmottakarar under 30 år som på grunn av manglande norskkunnskapar ikkje er økonomisk sjølvhjelpne.

I februar 2021 ga Sysselsetjingsutvalet sine tilrådingar om tiltak som kan auke sysselsetjinga. Rapportane frå utvalet har vore på offentleg høyring. Regjeringa vil vurdere forslaga frå utvalet i lys av høyringa.

Regjeringa la i juni 2021 fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg politikk for å førebyggje utanforskap og inkludere fleire i arbeids- og samfunnsliv (Meld. St. 32 (2020–2021)).

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Integreringsstrategi

Regjeringa la i 2018 fram Integrering gjennom kunnskap – regjeringens integreringsstrategi 2019–2022. Målet med strategien er at fleire i innvandrarbefolkninga skal delta i arbeids- og samfunnslivet. Dei fire innsatsområda er kvalifisering og utdanning, arbeid, kvardagsintegrering og retten til å leve eit fritt liv. Integreringspolitikken er sektorovergripande og omfattar fleire departement. Sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet for meir om oppfølginga av strategien.

Meir sosial likskap i helse og livskvalitet

Gjennom Folkehelseprogrammet (2017–2026) skal kommunane utvikle og spreie metodar for å fremje psykisk helse og rusførebyggjande arbeid. Barn og unge er ei prioritert målgruppe, og utjamning av sosiale ulikskapar på helseområdet er ein viktig ambisjon. Folkehelseprogrammet gir kommunane høve til å utvikle kunnskapsbaserte tiltak i tråd med lokale utfordringar. Programmet inneheld både generelle og målretta tiltak som på ulikt vis kan førebyggje fattigdom. Til dømes er Nye mønster – trygg oppvekst eit utviklingsprosjekt og eit satsingsområde i folkehelseprogrammet i Agder fylkeskommune. Prosjektet tilbyr familiekoordinatorar til familiar med låg inntekt og utfordringar knytt til arbeid, busituasjon, økonomi eller liknande. For å fremje helse og sosial berekraft i utsette lokalmiljø i Oslo blir det òg gitt bidrag på folkehelse i områdesatsingar. Gjennom Folkehelseprogrammet er det frå 2019 årleg fordelt 77 mill. kroner, og i 2021 er det fordelt 4,5 mill. kroner via områdesatsingar.

Dei aller fleste barn og unge i Noreg har god fysisk og psykisk helse. Samstundes er det ein del unge som rapporterer om psykiske plager, einsemd og stress i kvardagen. Regjeringa lanserte i 2019 Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024). Arbeidet med å følgje opp planen er i gang. Med opptrappingsplanen vil regjeringa mellom anna bidra til at barn og unges psykiske helse og livskvalitet skal vere tydeleg i nasjonal, regional og lokal planlegging.

Barn og unge med psykiske plager og lidingar skal få lett tilgjengeleg hjelp som er tilpassa behova deira. I 2021 var det løyvd 5 mill. kroner til å prøve ut FACT Ung, tverrfaglege og oppsøkjande team for utgreiing, behandling og oppfølging av unge med langvarige og samansette behov. Det var i 2021 òg løyvd særskilde midlar til helsekartlegging av barn i barnevernet. For 2022 er det føreslått å løyve 62 mill. kroner til utprøving, etablering og evaluering av FACT Ung. Det er òg føreslått 20 mill. kroner til utprøving, etablering og evaluering av lågterskelsbehandlings- og oppfølgingstilbod til barn og unge med psykiske plager.

Befolkninga i Noreg har rett til lik tilgang på helsetenester, uavhengig av inntekt. Nesten alle barn og familiar er i kontakt med helsestasjons- og skulehelsetenesta. Regjeringa har sidan 2014 styrkt helsestasjons- og skulehelsetenesta vesentleg. Frå 2015 til 2019 har det komme til om lag 1 580 årsverk innanfor helsestasjons- og skulehelsetenesta, inkludert 590 årsverk for helsesjukepleiarar og 225 årsverk for jordmødrer. I 2021 er det løyvd over 1,3 mrd. kroner til styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Fastlegar møter mange barn og unge og har ein viktig funksjon når det gjeld å fange opp barn og unge med behov for behandling og oppfølging. Helse- og omsorgsdepartementet la i mai 2020 fram ein handlingsplan for allmennlegetenesta. Handlingsplanen inneheld tiltak som skal modernisere og stabilisere fastlegeordninga og sikre meir tilgjengelege allmennlegetenester ved å auke rekruttering av fastlegar.

Det har vore satsa på å auke kompetansen på psykisk helse i kommunale helse- og omsorgstenester. Frå 2020 blei det stilt krav om at alle kommunar skal ha psykologkompetanse. Frå 2016 til 2020 har det komme til 2 600 nye årsverk innanfor kommunalt psykisk helse- og rusarbeid. For 2021 er 100 mill. kroner av den føreslåtte auken i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med ei særskild satsing på den psykiske helsa til barn og unge. Satsinga er knytt til Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024).

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Alle treng ein trygg heim

Trygge og gode butilhøve er viktige for barns oppvekst. Regjeringa la i 2020 fram ein ny strategi for den sosiale bustadpolitikken, Alle treng ein trygg heim (2021–2024). Regjeringa vil i strategiperioden rette ein særskild innsats mot dei som står i fare for å bli eller er bustadlause, mot barn og unge, og mot personar med nedsett funksjonsevne. Strategien har fleire tiltak for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden, med mål om å gi fleire moglegheit til å eige eigen bustad og at leige skal vere eit trygt alternativ.

Startlånet er det viktigaste verkemiddelet for å hjelpe husstandar med varige låge inntekter til å kjøpe eigen bustad, og barnefamiliar er ei prioritert målgruppe. Regjeringa vil betre tilhøva på leigemarknaden. Verkeområdet til Husleigetvistutvalet blei utvida til heile landet 1. september 2021. Endringar i husleigelova blir vurderte, mellom anna å auke minstetida på leigekontraktar. Bustøtta skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Regjeringa har styrkt bustøtta for barnefamiliar over fleire år og føreslår å auke løyvinga med 71 mill. kroner i 2022. Regjeringa har i tillegg sett ned ei ekspertgruppe som skal evaluere bustøtta og føreslå innretting på den framtidige bustøtteordninga.

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Områdesatsingar for betre levekår i utsette byområde

I einskilde område i dei største byane i Noreg er det utfordringar i levekår som kan gi grobotn for utanforskap og låg deltaking i arbeid og utdanning. Desse områda har òg ein høg prosentdel innbyggjarar med innvandrarbakgrunn. Ved utgangen av 2020 leverte eit offentleg utval ei utgreiing om utfordringar med levekår og integrering i byområde og i område rundt dei store byane. Utvalet la frem eit breitt kunnskapsgrunnlag og forslag til tiltak som kan fremje god oppvekst, gode levekår og gode føresetnader for integrering. Funn og kunnskap frå utgreiinga blir mellom anna brukt i regjeringa sitt arbeid med barn og unge si utdanning. Oppmodingskriteria for busetting av flyktningar vil bli reviderte for å unngå at flyktningar blir busette i område med dårlege levekår.

Områdesatsingane er eit viktig tiltak for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. Regjeringa vil derfor halde fram med å støtte dette samarbeidet med kommunane. Det er sett av om lag 208 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger i 2021. I statsbudsjettet for 2022 blir det føreslått ei løyving på om lag 210 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger. Områdesatsingane skal forbetre tenester og nærmiljøkvalitetar der behova er størst, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og aktivt deltakande i lokalsamfunn og storsamfunn. I områdesatsingane har det mellom anna blitt sett i verk tiltak for å få fleire i arbeid, ruste opp bu- og nærmiljøa, skape møteplassar og kulturaktivitetar, betre integreringa av innvandrarar, betre resultata i grunnskulen, redusere fråfallet i vidaregåande skule, redusere kriminaliteten og styrkje folkehelsa. Dette er viktige føresetnader for å motverke barnefattigdom på både kort og lang sikt.

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Fri rettshjelp

Det offentlege dekkjer utgifter til juridisk bistand for personar som får innvilga behovsprøvd rettshjelp. Gjeldande inntektsgrenser for behovsprøvd rettshjelp har ikkje vore justerte sidan 2009, noko som inneber at færre familiar med låg inntekt i dag har rett på fri rettshjelp. Fire av fem saker der det blir innvilga behovsprøvd rettshjelp, er foreldretvistar, og det er i hovudsak barnefamiliar som nyttar seg av tilbodet. Regjeringa føreslår derfor i 2022 å heve gjeldande inntektsgrenser med 10 prosent.

Sjå nærare omtale i Justis- og beredskapsdepartementet sin budsjettproposisjon, Prop. 1 S (2021–2022).

Barnefattigdom.no og digital rettleiing for kommunar

Bufdir har utvikla eit verktøy for å gjere kunnskap om barnefattigdom tilgjengeleg i kommunane. Nettstaden barnefattigdom.no inneheld indikatorar om barn som veks opp i låginntektsfamiliar, på kommune- og bydelsnivå. Desse indikatorane kan mellom anna nyttast i kommunalt planleggingsarbeid. Bufdir arbeider med å oppdatere og vidareutvikle nettstaden.

Nettstaden har mellom anna blitt vidareutvikla med tal for delbydelar i Oslo. Barnefattigdom.no blir oppdatert med nye tal kvart år, og er ei viktig kunnskapskjelde for kommunane og andre interessentar. Nettstaden har ein auke i faste brukarar, og i 2020 hadde han 62 900 sidevisingar frå om lag 10 000 besøkjande.

Bufdir har på sine nettsider ei digital rettleiing for arbeid på tvers av sektorar for barn som lever i fattigdom. Rettleiinga gir kunnskap og råd om korleis arbeidet mot barnefattigdom kan rettast inn i kommunane, med vekt på mellom anna kommunal planlegging, samarbeid på tvers av sektorar og medverknad. Ho inneheld òg ei samling konkrete døme på tiltak som kan medverke til å inkludere barn i fritidsaktivitetar. Målgruppa er dei som arbeider i ulike sektorar i kommunane, men frivillige organisasjonar og andre kan òg ha nytte av rettleiinga. Bufdir formidlar bodskapet om rettleiinga i ulike forum, og lenkjer dit frå meir etablerte nettstader, som veiviseren.no, for å auke mengda besøk.

Deltaking for alle barn og unge

Å delta i aktivitetar er med på å gjere fritida meiningsfull, det er eit høve til å få venner, og det bidreg til å redusere utanforskap blant barn og unge. Fritidsaktivitetar er samstundes ein viktig arena for læring og demokrati. Likevel står mange barn og unge utanfor etablerte fritidsaktivitetar.

Auke deltakinga i sosiale aktivitetar

Det er i dag forskjell på kven som deltek i aktivitetar. Forskjellane baserer seg på kjønn, alder, landbakgrunn og økonomi. Dei som ikkje kan delta i aktivitetar saman med andre barn og unge, kan oppleve det som vanskeleg. Fleire barn og unge vil få vere ein del av fellesskapet i fritidsaktivitetar dersom samfunnet legg til rette for det. Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet med deltaking i sosiale aktivitetar:

  • Auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn og unge.

Nokre grupper barn og unge deltek i mindre grad enn andre i fritidsaktivitetar, og forsking viser at den sosiale ulikskapen i deltakinga i idretten har auka. Årsakene til denne ulikskapen er ikkje eintydige. Ein svakare inntektsutvikling for låginntektsgrupper samanlikna med dei med høgare inntekter kan vere ei forklaring. Det er fleire barn som i dag veks opp i låginntektsfamiliar. Barnefamiliar med små barn og einslege foreldre er to grupper som har hatt ei svak inntektsutvikling dei siste åra. For desse gruppene kan dei økonomiske barrierane til deltaking i fritidsaktivitetar, og særleg i idretten, ha blitt høgare. Ei anna forklaring kan vere at utgifter til organiserte fritidsaktivitetar har auka. Ein rapport om kostnader i idretten frå 2020 peiker på auka profesjonalisering og auka kostnader til idrettsanlegg som to sannsynlege kostnadsdrivarar i idretten.7

Regjeringa prioriterer derfor tiltak retta mot å redusere dei økonomiske barrierane til barn og unges deltaking i fritidsaktivitetar. Fritidskortet gjer fritidsaktivitetar meir tilgjengelege for barn i låginntektsfamiliar ved å auke barnefamiliar si disponible inntekt som kan nyttast til å dekkje utgifter til fritidsaktivitetar; sjå omtale av fritidskortet under Økonomien til barnefamiliane og familieytingane.

Gjennom Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge kan aktørane som tilbyr fritidsaktivitetar, få tilskot til å gjennomføre aktivitetane. Dette bidreg til at fleire aktørar kan arrangere gratis eller rimelege ferie- og fritidsaktivitetar for barn og unge, samstundes som aktørane særleg skal rekruttere barn og unge frå gruppene ikkje allereie deltar på sosiale arenaer.

Pandemien og smitteverntiltaka har ført til at ferie- og fritidsaktivitetar har blitt sette på pause i lange periodar. Som følgje av dette har risikoen for at barn og unge har falle frå fritidsaktivitetar eller mista tilknytinga si til positive sosiale miljø, auka. Det er for tidleg å konkludere på om dette er varige endringar, men det er grunn til å tru at dette òg kan føre til endringar i fritidstilbodet for barn. Barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar blir påverka av kva venner og andre barn gjer. Vidare er store delar av fritidsaktivitetstilodet avhengig av foreldreinnsats. Når einskilde barn sluttar, kan det trekkje både venner og deira foreldre med seg, og slik få negativ verknad på fritidstilbodet. Tiltak for å motverke fråfall er såleis viktig generelt, ikkje berre for barn og unge som står i fare for å falle frå fritidsaktivitetar.

Tiltak som bidreg til at utsette barn og unge får høve til å delta på sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar og opne møteplassar, vil vere viktig for å motverke sosial utanforskap blant barn og ungdom.

Fritidserklæringa

Regjeringa ønskjer å styrkje samarbeidet for å få fleire barn og unge med på fritidsaktivitetar. Derfor signerte regjeringa, KS og frivillige organisasjonar Fritidserklæringa i 2016.

Målet med erklæringa er at alle barn skal få høve til å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre barn. Erklæringa byggjer på artikkel 31 i FNs barnekonvensjon, som seier at alle barn har rett til fritid og leik, og til å delta i kunst og kulturliv.

Skal vi nå dette målet, må stat, kommunar og frivilligheit samarbeide om å etablere fritidsaktivitetar for barn, byggje ned barrierar for deltaking og inkludere dei som ikkje deltek i dag. Alle barn og unge må inkluderast på lik linje, uavhengig av til dømes kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne, bustad og foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon.

Samarbeidsgruppa for Fritidserklæringa utarbeidde i 2020 ein handlingsplan for arbeidet. For 2020 og 2021 har partane hatt eit sterkare søkjelys på lokal implementering av erklæringa. Dette har ført til ulike innsatsar som rettar seg mot kommunar og lokale lag og foreiningar. Hausten 2020 etablerte Bufdir, i samarbeid med KS og Frivillighet Norge, fleire læringsnettverk om inkludering i fritidsaktivitetar for kommunar og lokal frivilligheit. Temaet var korleis ein kan jobbe betre med å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar gjennom samarbeid med lokal frivilligheit og medverknad frå barn og unge. Nettverka held fram òg i 2021.

Fritidserklæringa medverkar til at fleire kommunar har auka interessa for korleis samarbeid med frivillig sektor kan bidra til å motverke utanforskap blant barn og unge. Erklæringa kan til dømes følgjast opp gjennom at det blir laga lokale fritidserklæringar. I 2018 hadde 11 kommunar ei lokal fritidserklæring, og i 2020 var talet 15 kommunar. 12 kommunar oppgir at dei har ein annan signert avtale med frivillig sektor om barn og unges deltaking. Totalt oppgir i overkant av 100 kommunar at dei har eit politisk dokument som omtaler samarbeid med frivillig sektor om barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar.

Partane tek sikte på å signere erklæringa på nytt med fleire partar hausten 2021. Ungdom og Fritid, Unge funksjonshemmede, Norsk musikkråd, Norsk kulturskoleråd, Norges Frivilligsentraler og Norsk friluftsliv er inviterte inn som partar i erklæringa. Norsk musikkorpsforbund har blitt med i Norsk dugnad mot fattigdom og utenforskap mot barn og unge (NDFU), og vil óg signere erklæringa. Samarbeidet mellom stat, kommunar og frivillige organisasjonar held fram i 2022.

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er ei tilskotsordning som gir tilskot til tilbod om kultur- og fritidsaktivitetar, ferietilbod eller alternative meistringsarenaer. Målet med ordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom mellom barn og ungdom. Målgruppa er barn og unge i låginntektsfamiliar, og tilboda skal ha låge eller ingen kostnader for brukarane.

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om midlar gjennom ordninga. Det er stadig fleire kommunar som søkjer om tilskot. Ordninga har òg vore viktig for å kompensere for dei negative konsekvensane som smitteverntiltaka i samband med koronapandemien har hatt for sårbare barn og unge.

Ei Fafo-evaluering frå 2018 viser at dei fleste tiltaka som får midlar, når måla for ordninga: Fleire barn og unge fekk delta på viktige sosiale arenaer – anten gratis eller med låge kostnader.

Det er ein rekke frivillige aktørar som er engasjerte i å hjelpe barn og unge i låginntektsfamiliar. For regjeringa er det viktig at innsatsen til stat, kommune, frivillige organisasjonar, sosiale entreprenørar, næringslivet og andre relevante aktørar er godt koordinerte, slik at det kjem flest barn og unge til gode. Regjeringa føreslo derfor å endre regelverket for ordninga i 2021. Endringane opna for to nye tiltakstypar: Den eine omfatta utprøving av metodar/arbeidsmodellar for å inkludere barn og ungdom i fritidsaktivitetar. Den andre nye tiltakstypen gjeld tilskot til koordinering av innsatsen på kommunalt nivå, med mål om auka aktivitet for målgruppa.

Tilskotsordninga blei styrkt med 36,5 mill. kroner i 2021. For å dempe dei negative konsekvensene av pandemien er ordninga i 2021 tillegg styrkt med 10 mill. kroner i Prop. 1 S Tillegg (2020–2021), med 20 mill. kroner til tre utstyrssentrer i Prop. 79 S (2020–2021) og med 45 mill. kroner i RNB 2021 til aktørar som tilbyr ferie- og fritidsaktivitetar for sårbare barn og unge. Dei tre styrkingane i samband med covid-19-pandemien gjaldt berre for 2021, og blir ikkje vidareførte i 2022.

Dette inneber at ordninga no er på 370 mill. kroner. For 2021 fekk 260 kommunar tilskot, og 748 søknader om tilskot til ferie- og fritidsaktivitetar og alternative meistringsarenaer for barn og unge blei heilt eller delvis innvilga. Det er estimert at meir enn 50 000 barn og unge i målgruppa i 2021 tok del i aktivitetar og andre tilbod som følgje av tilskot frå ordninga.

Departementet føreslår at ordninga blir slått saman med Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom frå 2022; sjå omtale under Tilskot til å inkludere barn og unge.

Tilskot for å fremje eit inkluderande oppvekstmiljø

BFD forvaltar fleire tilskotsordningar som skal bidra til eit inkluderande oppvekstmiljø. Forsking viser at opne møteplassar blir brukt mest av ungdom som tradisjonelt ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar.

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn skal støtte opne og inkluderande fritidstilbod til barn og ungdom i bykommunane. Ordninga omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. Kommunane og bydelane som har fått tilskot, meiner ordninga fungerer godt, og at gode tiltak får høve til å etablere seg og bli betre.

I 2020 var løyvinga på om lag 44 mill. kroner, og 77 tiltak fekk støtte. I 2021 var løyvinga på om lag 44,2 mill. kroner, og det blei søkt om 164,1 mill. kroner. Til saman 91 tiltak får støtte i 2021. Smitteverntiltaka har vore vanskelege for mange barn og unge og for fritidstilbodet deira. På bakgrunn av dette blei tilskotsordninga mellombels styrkt med 10 mill. kroner i RNB for 2021.

Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom skal styrkje tilknytinga til skulen og gi trivsel og meistring. Ordninga skal medverke til at skuleprestasjonar blir betre, og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Satsinga er ein viktig del av arbeidet for å inkludere barn og ungdom som fell utanfor utdanning og opplæring. Tidlegare evalueringar av ordninga viser at ho bidreg til betre samarbeid mellom tenestene i kommunane, og at mange ungdommar får god hjelp frå losane.

Smitteverntiltaka har hatt store konvekvensar for barn og unge sin skulekvardag. Det kan gjere at færre gjennomfører vidaregåande opplæring, og at fleire fell utanfor utdanning og opplæring. Tilskotsordninga kan gjere at fleire barn og unge får god oppfølging. Bufdir, som er tilskotsforvaltar, vurderer at kommunane som får tilskot, er meir merksame på fråfallsproblematikk. NOVA har fått i oppdrag frå Bufdir å evaluere ordninga.

I 2020 blei 5 mill. kroner flytta frå tilskotsordninga til eit pilotprosjekt for programfinansiering av 0–24-samarbeidet. Sjå nærare omtale under overskrifta Betre samarbeid for utsette barn og unge. I 2020 var løyvinga på om lag 49,3 mill. kroner, og 94 kommunar fekk støtte. I 2021 er løyvinga på om lag 55,1 mill. kroner. 7 mill. kroner av løyvinga blei mellombels løyvd i Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) i samband med koronapandemien.

Tilskotsordninga Mangfald og inkludering skal støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Ordninga støttar òg tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme. Det er Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) som vidareformidlar tilskotet til prosjekt. I 2020 fekk dei 109 søknader og innvilga 41 av desse. Midlane går til ulike prosjekt i ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar og andre ungdomsmiljø og -grupper. Mange små organisasjonar og ungdomsmiljø får tilskot, og ein stor del av dei er minoritetsorganisasjonar. Ordninga er derfor eit viktig kontaktpunkt mellom LNU og desse organisasjonane. Departementet føreslår at ordninga blir ført vidare i 2022.

Tilskot til å inkludere barn og unge

Frå 2022 føreslår regjeringa å slå saman Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom til éi tilskotsordning. Samanslåinga har bakgrunn i målet om å forenkle og effektivisere statlege tilskot, og er i tråd med tilrådingane frå Fafos evaluering av Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge frå 2018.

Den nye ordninga skal i all hovudsak vareta måla og dei sentrale elementa frå dei tidlegare tilskotsordningane. Målet med tilskotsordninga vil vere å leggje til rette for at alle barn og unge har høve til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. På denne måten skal ordninga dempe konsekvensane ved fattigdom for utsette barn og unge, men òg bidra til å førebyggje framtidig utanforskap. Sjå nærare omtale av den nye ordninga under kap. 846, post 61.

Det er i dag stor oversøking på alle dei tre tilskotsordningane. Det er enno usikkert kva dei langsiktige konsekvensane av pandemien og smitteverntiltaka blir, men det er ein risiko for at sårbare barn og unge er blitt meir sårbare. Framover vil det vere viktig med effektive og godt innretta tiltak som bidreg til å førebyggje sosial utanforskap og fråfall frå utdanningsløp. I 2022 føreslår regjeringa å auke tilskotsordninga med 35 mill. kroner. Løyvinga skal gå til fleire tilbod om ferie- og fritidsaktivitetar, opne sosiale møteplassar og til losar/ungdomslosar for målgruppa. Auken inneber at den samanslåtte ordninga vil vere på om lag 505 mill. kroner i 2022.

Støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar for å sikre deltaking for barn og unge. Gjennom fleire tiår er det løyvd midlar til barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom den nasjonale og internasjonale grunnstøtta. Dette er midlar som går til nasjonalleddet i dei større barne- og ungdomsorganisasjonane. Grunnstøtta til organisasjonane skal mellom anna leggje til rette for at barn og ungdom deltek i barne- og ungdomsorganisasjonane, og sikre organisasjonane som arena for aktivitet, fellesskap, medverknad og erfaringar med demokratiske spelereglar. Ordninga sikrar drift og føreseielegheit for organisasjonane og sørgje for eit breitt spekter av tilbod for deltaking for barn og unge.

I overkant av 178 mill. kroner blei utbetalt som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane i 2020. Dette går til nasjonal og internasjonal grunnstøtte og til nasjonal og internasjonal driftsstøtte til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. Summen inkluderer 10 mill. kroner som blei løyvd ekstra til nasjonal grunnstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonar i Prop. 127 S (2019–2020) for å hjelpe organisasjonane med tapa dei lir som følgje av covid-19. I tillegg inkluderer summen 2 mill. kroner til LNU for utvikling av ein portal for lån av kommunale lokale. 88 organisasjonar fekk nasjonal grunnstøtte, og 31 fekk internasjonal grunnstøtte.

I budsjettet for 2021 er det sett av om lag 172 mill. kroner til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane. Departementet føreslår at ordninga blir ført vidare i 2022.

På grunn av at det har vore vanskeleg å driva ordinær aktivitet i barne- og ungdomsorganisasjonane under pandemien, blei det i fjor fastsett ei mellombels forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar for tilskotsåret 2022. Forskrifta skal motverka urimelege økonomiske utslag for barne- og ungdomsorganisasjonane som følgje av utbrotet av covid-19. Det er føreslått at forskrifta blir forlengja til å gjelde for 2023, jamfør omtale under kap. 846, post 70.

BFD arbeider òg med ei oppdatert forskrift om tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane, jamfør omtale under kap. 846, post 70.

Den digitale kvardagen til barna

Ein stor del av oppveksten til norske barn skjer på nettet. Internett er ei kjelde til underhaldning, sosialt liv og informasjon. Digitale verktøy er naudsynte for læring, vennskap, familierelasjonar og tilgangen til tenester. Medietilsynet sin rapport Barn og medier 2020. En kartlegging av 9–18-åringers digitale medievaner viser at 90 prosent av 9–18-åringar er i eit eller fleire sosiale medium. Vidare speler 86 prosent av 9–18-åringar spel på PC, Playstation, mobil, nettbrett eller liknande. Kartlegginga Tilgang, bruk, risiko og muligheter. Norske barn på Internett. Resultater fra EU Kids Online-undersøkelsen i Norge 2018, utført av Universitetet i Oslo, syner at 92 prosent av norske barn mellom 9 og 17 år føler seg trygge på nettet. Samstundes opplever mange mobbing, hatefulle ytringar, vald eller overgrep i samanheng med internettbruk. Ei hovudutfordring er å gjere barn i stand til å handtere risiko på nett betre, utan å innskrenke rettane deira. Det er òg viktig å sjå samanhengen mellom sårbarheit på og utanfor nettet. Mange foreldre er usikre på korleis dei skal stille seg til barns bruk av Internett. Universitetet i Oslo si undersøking viser at litt under halvparten av foreldra snakkar ofte/svært ofte med barna om kva dei held på med på Internett. Foreldra meiner i større grad enn barna at Internett tek for mykje tid. Dei er òg meir bekymra for personvern enn det barna er.

Innsatsen for å sikre barn digital tryggleik involverer fleire departement. Barne- og familiedepartementet koordinerer arbeidet til departementa med temaet, og Medietilsynet koordinerer innsatsen frå direktorat, statlege etatar, bransjeorganisasjonar, store einskildaktørar og frivillige organisasjonar.

Regjeringa la i september 2021 fram Rett på nett. Strategi for trygg digital oppvekst. Strategien omfattar ei rekke problemstillingar, mellom anna risiko på nett for barn og unge, korleis både private og offentlege aktørar kan bidra til betre førebygging, og korleis barn og unge kan få betre kompetanse til å nytte nettet på gode vis. I 2022 skal departementet følgje opp strategien. Innsatsen mot internettrelaterte overgrep er koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet og er forankra i strategien Forebygging og bekjempelse av internettrelaterte overgrep. Nasjonal strategi for samordnet innsats (2021–2025), som blei lagd fram i august 2021.

Departementet vil leggje til rette for forsking på barn sin digitale oppvekst. Kunnskap om konsekvensar av digitaliseringa for barns læring og utvikling, psykiske helse og trivsel, sosialisering og oppvekst, er knapp og fragmentert, og det er naudsynt å samkøyre forskjellege innsatsar på området. Departementet vil greie ut opprettinga av eit forskingssenter på barn og unge sin digitale oppvekst.

I mars 2021 la Medieskadelighetsutvalget fram NOU 2021: 3 Barneliv foran, bak og i skjermen. Kulturdepartementet koordinerer oppfølginga av denne.

Barnekonvensjonen slår fast at barn og ungdom har rett til å få informasjon, og at staten skal sikre dette. For å nå barn og unge med offentleg informasjon og tenester må desse vere tilgjengelege på nett der barn og unge er. Nettstaden ung.no speler ei sentral rolle i informasjons- og opplysingsarbeidet det offentlege gjer retta mot ungdom. Ung.no er statens informasjonskanal for ungdom og har òg ei spørsmåls- og svarteneste der ungdom kan spørje om det dei lurer på. Målgruppa er ungdom 13–20 år. Ung.no gir ungdom lett tilgang på kvalitetssikra informasjon om rettar, plikter og moglegheiter. Eit stort tal artiklar og svar frå spørjetenesta er gjennomgått i 2020, noko som held fram i 2021. Arbeidet skal gi ei ytterlegare kvalitetssikring slik at ungdom får oppdatert informasjon om det som er viktig for dei. Undersøkingar viser at 95 prosent av ungdommane i målgruppa kjenner til ung.no.

Ung.no er drifta av Bufdir og samarbeider med mange andre offentlege tenester. Nettstaden er godt besøkt og har hatt ei stabil utvikling gjennom 2020 med jamn vekst i besøkstal. Tenesta har vore ein viktig informasjonskanal for ungdom i koronaperioden. Det har vore ein auke i talet på spørsmål med om lag 50 prosent frå 2020 til 2021, frå 49 000 til 76 000 svar på spørsmål. Bruken av tenesta syner eit behov for ungdommen for å få svar heile året, og tenesta har derfor vore heilårsopen. Under pandemien har det vore stor pågang av spørsmål med alvorleg innhald, særleg om sjølvmordstankar, vald og problem heime. Det har òg vore fleire alvorlege problemstillingar om psykisk helse.

Ung.no gir ein enkel inngang til andre aktuelle og kvalitetssikra tenester for ungdom. I 2020 var trafikken på ung.no slik:

  • 34 mill. sidenedlastingar (ned 9 prosent frå 2019)

  • 19 mill. besøkjande/økter (ned 5 prosent frå 2019)

  • 76 000 svar på spørsmål (opp om lag 50 prosent frå 2019)

Det er eit mål å samle fleire digitale informasjonstenester for unge på ein stad som dekkjer fleire sektorar. For å vidareutvikle det digitale tenestetilbodet til ungdom har ein etablert programmet DigiUng. DigiUng er eit samarbeid mellom Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse og Bufdir. Programmet byggjer på ung.no og har som mål å bidra til meistring og gi hjelp til sjølvhjelp ved å levere lett tilgjengeleg og kvalitetssikra informasjon, rettleiing og tenester til ungdom gjennom eit heilskapleg digitalt tilbod på tvers av sektorar. Programmet blei etablert i 2019, og Bufdir har halde fram arbeidet i 2020. DigiUng har òg bidrege til å synleggjere chattetenestene på ung.no, som har vore ei viktig teneste under pandemien.

Ungdomsmedverknad

Ungdomstida er ei tid prega av utvikling og modning, viktige overgangar og vegval som får verknad langt inn i vaksenåra. Personar frå 13 til og med 25 år blir rekna som ungdommar og er ei mangfaldig gruppe. Å gi barn og unge høve til å medverke i avgjerder som gjeld deira eigne liv, og i samfunnet kring dei, er grunnleggjande for bygginga av det demokratiske samfunnet. Retten barn har til medverknad, følgjer mellom anna av Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12. Bufdir skal utvikle seg som ein ressurs og retningsgivar på det ungdomspolitiske feltet for kommunane og frivillig sektor.

I Prop. 1 S (2019–2020) varsla departementet at regjeringa ville utvikle ein førebyggingsmodell for kunnskapsbasert utvikling av tiltak for ungdom, inspirert av den islandske Planet Youth-modellen. Modellen skal styrkje ungdom og foreldre sin medverknad i kommunar sitt arbeid for eit betra oppvekstmiljø, og i utvikling av førebyggjande tiltak, og må sjåast i samanheng med Helsedirektoratet sitt Program for folkehelsearbeid i kommunane. Bufdir er bedd om å setje i gang arbeidet med modellutvikling i 2021. Det inneber å utvikle ein metodikk for å involvere ungdom og foreldre i kommunane sitt arbeid med utvikling av lokale tiltak. Departementet ønskjer å halde fram arbeidet i 2022, og ser føre seg at modellen minst bør ha ein femårig tidshorisont. Det kan bli aktuelt å prøve ut modellen ved å gi tilskot til einskildkommunar.

BFD har utarbeidd råd om etablering av, og rekruttering til ungdomspanel for å gjere det enklare for departementa å opprette ungdomspanel til sin bruk. Det er opp til dei einskilde departementa å ta stilling til i kva saker dei vil bruke ungdomspanel. BFD har oppretta to ungdomspanel for å sikre ungdomsmedverknad i nasjonal politikkutforming: eitt i arbeidet med samarbeidsstrategien for barn som veks opp i låginntektsfamiliar, og eitt i arbeidet med fritidskortet. Bufdir har vore sekretariat for panela og har i samarbeid med LNU, Ungdom og fritid, og Unge Funsjonshemmede hausta gode erfaringar med medverknadsprosessar, òg under ein pandemi.

Etter kommunelova er kommunane pålagde å ha eit medverknadsorgan for ungdom. Bufdir er som fagdirektorat eit kontaktpunkt mellom statsforvaltarane, kommunane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet i ulike spørsmål om ungdomsmedverknad.

Regjeringa ønskjer meir søkjelys på at barn og unge skal få moglegheit til å delta i og påverke samfunnet og samfunnsutviklinga. Årets ungdomskommune er ein pris for kommunar som arbeider for auka deltaking og medverknad blant barn og unge i verksemda til kommunen. I 2019 blei prisen delt ut for fyrste gong til Mandal kommune. I 2020 blei ikkje prisen for Årets ungdomskommune delt ut, men han skal delast ut igjen i 2021. I år er det særleg viktig for kommunane å leggje til rette for medverknad på grunn av pandemien og tiltaka retta mot barn og unge. Prisen for Årets ungdomskommune er på 250 000 kroner.

Deltaking i Erasmus+ 2021–2027

Noreg deltok i EU-programmet for utdanning, opplæring, ungdom og idrett (Erasmus+) i perioden 2014–2020. EU har lansert eit nytt Erasmus+-program for perioden 2021–2027, og Noreg deltek òg i dette. Kunnskapsdepartementet vil vere hovudansvarleg for programmet, medan Barne- og familiedepartementet vil ha ansvar for ungdomsdelen. Det nye programmet vil bli større enn det førre. Ei vidare deltaking i programmet er derfor ei satsing på ungdom.

Hovudmålet for ungdomsdelen av programmet er å gi ungdom moglegheit til å delta aktivt i samfunnet, både gjennom auka samfunnsengasjement, deltaking i demokratiske prosessar og i arbeidsliv og utdanning. I tillegg er inkludering eit viktig mål for programmet. Tidlegare program kan vise til gode resultat når det gjeld å inkludere ungdom med ulik bakgrunn. Programmet er òg viktig for å fremje internasjonal forståing og solidaritet. Nye mål for programmet er mellom anna å fremje grønt medvit og grøn praksis som ein del av EU sin grøne giv. Vidare er det eit mål å styrkje digitaliseringa av programmet.

Gjennom Innst. 154 S (2016–2017) er Bufdir etablert som kompetansemiljø for ungdomsarbeid, ungdomsmedverknad og ungdomsinformasjon. Rolla som nasjonalkontor for ungdomsdelen av programmet vil vere sentral for funksjonen som kompetansemiljø. For å bidra til at kontoret er rusta til å handtere ei auka arbeidsmengde som følgje av utvidinga av programmet, føreslår departementet å auke løyvinga i 2022.

Regjeringa har våren 2021 lagt frem ein egen strategi for norsk deltaking i Erasmus+ for perioden 2021–2027. Føremålet med strategien er å få mest mogleg ut av norsk deltaking i Erasmus+, mellom anna ved å mobilisere til breiare deltaking i programmet.

Betre samarbeid for utsette barn og unge

Fleire offentlege utgreiingar, tilsyn og forsking viser at dei ulike velferdstenestene i mange saker ikkje samarbeider godt nok. Mange familiar med barn som har behov for samansette tenester, har utfordringar i kvardagen. Mange opplever manglande koordinering og lite informasjon om tenestene. Barn, unge og føresette formidlar eit tydeleg ønske om at ulike aktørar som tilbyr hjelp, må jobbe betre saman når det er naudsynt.

Regjeringa har over ein femårsperiode gjennom 0–24-samarbeidet arbeidd for å bidra til at utsette barn og unge mellom 0 og 24 år og deira familiar får eit betre koordinert og meir heilskapleg tenestetilbod. Departementa er i gang med å vurdere korleis dette arbeidet skal vidareførast. Regjeringa vil betre oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom meir samarbeid mellom velferdstenestene. Våren 2021 la regjeringa fram Likeverdsreformen – Et samfunn med bruk for alle, Meld. St. 25 (2020–2021), som skal gjere det enklare for familiar som har eller ventar barn med behov for samansette tenester. Målet med likeverdsreforma er mellom anna at familiar skal få samanhengande og gode tenester og ha ein meiningsfull kvardag, og at dei skal oppleve å bli tekne vare på og inkluderte som pårørande.

Erfaring syner at praktiseringa av reglane om teieplikt kan skape samarbeidsutfordringar for tenestene. Justis- og beredskapsdepartementet tek hausten 2021 sikte på å ferdigstille ein praktisk rettleiar i korleis regelverket skal bli forstått og praktisert.

Stortinget vedtok i juni 2021 endringar i fleire velferdstenestelover som skal sikre betre samarbeid mellom velferdstenester for barn og unge som har behov for samansette tenester, jf. Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator) og Innst. 581 L (2020–2021). Einskilde tenester har i dag berre plikt til å samarbeide med andre tenester når dette vil bidra til å løyse deira eigne oppgåver. Det er vedteke lovendringar for å klargjere, harmonisere og styrkje plikta velferdstenestene har til å samarbeide innanfor og på tvers av sektorane. Det er behovet til barnet som skal vere avgjerande for om velferdstenestene har plikt til å samarbeide. Det er òg lovfesta ei samordningsplikt for kommunen. Kommunen skal ha ei tydeleg plikt til å avklare kva for ei teneste som skal ha ansvaret for å samordne tilbodet der barn og unge får tenester frå fleire instansar, og der samarbeid er naudsynt for å yte heilskaplege og koordinerte tenester. Endringane skal bidra til tydelegare ansvarsplassering. Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom eller nedsett funksjonsevne, skal få rett til ein barnekoordinator. Sjå òg omtale under Samarbeid om tenester for barn og unge i barnevernet i programkategori 11.20.

0–24-samarbeidet

Kunnskapsdepartementet har leidd 0–24-samarbeidet, der òg Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet deltok. Satsinga skulle i utgangspunktet gjelde perioden 2015–20. Forseinkingar på grunn av den ekstraordinære situasjonen med covid-19 gjorde at 0–24-samarbeidet blei forlengt noko inn i 2021. Målet er å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år gjennom betre samarbeid mellom tenestene for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og seinare utanforskap i samfunnet. 0–24-samarbeidsprosjektet i direktorata har levert sluttrapport og gjennomført ei utgreiing med tilrådingar om vidare arbeid med tverrsektoriell samordning. For ytterlegare omtale: sjå Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2021–2022). Det er eit stort behov for å koordinere samarbeid om utsette barn og unge som overskrid sektorområde og forvaltingsnivå. I Strategi for utvikling av departementsfellesskapet – Gode hver for oss. Best sammen (2021−2025) er kjernegrupper ei ny arbeidsform for å sikre fleirfagleg samarbeid og forankring ved gjenstridige problem. Kjernegrupper skal vareta samordna utvikling og gjennomføring av tverrgåande politikk på komplekse område. Det er under etablering ein kjernegruppepilot for samordning av arbeidet for utsette barn og unge. Det vidare samarbeidet om utsette barn og unge blir teke inn i kjernegruppepiloten.

I 2020 starta eit treårig pilotforsøk for programfinansiering for perioden 2020–2022 i 12 kommunar. Programfinansiering inneber her ei samordning av statlege tilskot retta mot utsette barn og unge mellom 0 og 24 år. Forsøket omfattar fem tilskotsordningar under fire departement og skal gjere det enklare for kommunane å søkje om midlar til lokale tiltak som omfattar fleire sektorar, jf. omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotsordninga er å setje kommunane betre i stand til å oppdage og følgje opp utsette barn gjennom utvikling av kommunale samhandlingsmodellar. Det blei i 2020 tildelt i overkant av 28 mill. kroner over ordninga. 44 kommunar fekk støtte i 2020. Kommunane rapporterer at tilskotsordninga har bidrege positivt til arbeid med målgruppa og til å systematisere og kvalitetssikre arbeidet med utsette barn. Tilskotet har bidrege til å styrkje samhandlinga mellom tenester, og til å avdekkje behov og manglar i kommunane sitt arbeid. Eit stort tal av kommunane i landet har no fått statleg støtte over ordninga. Tilskotsordninga var i 2021 på 24,4 mill. kroner. Tilskotsordninga blir ført vidare i 2022.

Førebygging av familiekonfliktar

Familievern

Familievernet er ei statleg spesialteneste med familieproblem og familierelasjonar som sitt fagfelt, og er eit landsdekkjande og høgkompetent tilbod. Familievernet skal nytte anerkjende metodar og arbeide kunnskapsbasert. Tenesta organiserer arbeidet med familiane på ulike måtar. Dei tilbyr mellom anna parterapi, familieterapi, kurs, gruppesamtalar og foreldresamarbeid for ekspartnarar. Statsforvaltaren fører tilsyn med verksemda ved familievernkontora i fylket.

Familieverntenesta sin kompetanse er å bidra til å betre relasjonar i familien og til å finne gode løysingar for barna. Om forholdet mellom foreldra blir betra, vil dette òg betre oppvekstvilkåra til barna. Det er oppretta eit spisskompetansemiljø for barn og unge i familievernet. Familievernet er styrkt med 192 mill. kroner i perioden 2014–2021. Styrkinga har ført til at fleire personar får hjelp i familievernet.

I 2020 og 2021 har det vore stor merksemd om tenestene til barn og familiar. Under koronapandemien har kvardagen for barn og familiar endra seg kraftig, og mange fellesarenaer har blitt stengde. NOVA har på oppdrag frå Bufdir undersøkt familieverntenesta under den fyrste delen av pandemien (Øverli og Gundersen 2020). Dette var del av eit større forskingsprosjekt; sjå omtale under Kunnskapsbasert politikkutvikling ovanfor. Studien viste at dei familiane som hadde moderate problem, merka ei betring då tidspress og kvardagslogistikk forsvann. Dei som hadde meir omfattande problem merka ei forverring på grunn av stengde skular, strenge smitteverntiltak og økonomiske bekymringar.

Ifølgje tal frå Bufdir fekk meir enn 41 000 familiar tilbod av familieverntenesta i 2020. Det var nedgang i talet på kliniske saker og meklingssaker i 2020 under koronapandemien. I mars 2020 blei familievernkontora heilt stengde, men opna gradvis, både for fysiske og digitale møte, sjå figur 4.3. Frå hausten 2020 og så langt i 2021 har det vore ein auke i talet på førespurnader til familieverntenesta, både i kliniske saker og meklingssaker.

Figur 4.3 Talet på førespurnader til familievernet per månad i åra 2019 (blå) og 2020 (oransje). Absolutte tal.

Figur 4.3 Talet på førespurnader til familievernet per månad i åra 2019 (blå) og 2020 (oransje). Absolutte tal.

Kjelde: FADO, fag- og journalsystemet til familievernet

Mange kontor melder òg om at konfliktnivået er høgare, og nokre kontor melder om at dei ser fleire komplekse saker med meir bruk av fysisk og psykisk vald.

I Revidert nasjonalbudsjett blei tenesta styrkt med 15,5 mill. kroner for å møte den auka pågangen under pandemien. Departementet føreslår å føre vidare styrkinga i 2022 med ein heilårseffekt på 31 mill. kroner.

Tal frå SSB for 2019 viser at den viktigaste grunnen til at folk vende seg til familievernet, var ønske om å styrkje parforholdet. Figur 4.4 viser avslutta saker i familievernet, etter hovudtema.

Figur 4.4 Avslutta saker i familievernet, etter primærklientens hovedtema. 2019. Absolutte tal.

Figur 4.4 Avslutta saker i familievernet, etter primærklientens hovedtema. 2019. Absolutte tal.

Kjelde: SSB

For å gi brukarane eit betre og meir tilpassa tilbod har Bufdir dei seinare åra oppretta ulike spisskompetansemiljø på fleire felt. Det er som nemnt ovanfor oppretta eit slikt miljø for barn og unge i familievernet, men òg for foreldrestøtte og førebygging, foreldreoppfølging etter omsorgsovertaking, og arbeid mot vald og høgkonflikt. Spisskompetansemiljøet gir opplæring og rettleiing til familievernkontora. Meir om dette under overskrifta Arbeidet i familievernet med familiar som lever med vald.

Undersøkingar har vist at familieverntenesta ikkje er tilstrekkeleg kjend. Bufdir utvikla i 2020 ein tenestekatalog som skildrar tilboda som familiar, par og barn kan få ved familievernkontoret. Målet er å gjere tilbodet betre kjent og tydeleggjere kva brukarar og andre aktørar kan forvente av tenesta.

Det er ønskjeleg at fleire familiar som treng det, nyttar seg av tilbodet frå familievernet. Dette kan førebyggje og løyse familiekonfliktar og bidra til å hindre samlivsbrot. Bufdir og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) jobbar med å nå ut til fleire brukarar, som småbarnsforeldre generelt og minoritetar og menn spesielt. I 2020 blei det gjennomført fleire kampanjar i sosiale medium. Det samla arbeidet har ført til at fleire no har fått meir kunnskap om tenestene. Arbeidet held fram i 2022.

Mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå

Høgt konfliktnivå og vanskelege relasjonar i familien over tid kan vere skadeleg for barna og verkar negativt inn på helsa og utviklinga deira. Dette er ei utfordring både for kvar einskild og for samfunnet.

Det er eit mål at foreldre som ikkje bur saman eller som går frå kvarandre, får til eit godt samarbeid om barna. Det offentlege legg til rette for dette gjennom mekling og dei andre tilboda til familieverntenesta. Dersom konfliktar blir løyste tidleg, er dette bra for barna og foreldra. Det kan òg redusere talet på saker for domstolen. Bufdir har fått i oppdrag å identifisere utfordringar i saker om samværsvegring og samværshindring, og føreslå ein eigna modell for korleis sakene kan handsamast på ein betre måte innanfor gjeldande regelverk. Bufdir skal særleg vurdere korleis familievern, barnevern, domstol og Nav kan samarbeide betre i saker om samværshindring. Bufdir er derfor bede om å samarbeide med relevante aktørar, irekna domstolane og NAV. Bufdir skal òg sjå om det er tilstrekkeleg merksemd rundt det samla settet av insentiv som oppstår under mekling. Foreldre må møte til mekling ved samlivsbrot. Det same gjeld når éin eller begge vil reise sak for domstolen fordi dei er usamde om foreldreansvar, bustad eller samvær. Det blir òg mekla ved usemje om flytting, i samband med tvangsbot og når domstolen i ei sak for domstolen sender saka tilbake for meir mekling.

Ifølgje Bufdir har talet på foreldre som har nytta det frivillige tilbodet om mekling (fleire timar enn den obligatoriske timen), vore relativt stabilt på rundt 45 prosent av meklingane i familievernet dei siste fem åra.

I 2020 kravde om lag 21 000 foreldrepar mekling. Om lag 80 prosent av dei mekla på eit familievernkontor, medan om lag 20 prosent mekla hos ein ekstern meklar. Bufdir har ansvaret for at meklingsapparatet er dimensjonert ut frå dekningsbehovet etter ekteskapslova og barnelova, slik at mekling er geografisk tilgjengeleg, utan vesentleg ventetid og gir brukarane ei viss valmoglegheit med omsyn til meklar. Bufdir bestemmer kven som kan vere meklar, og gir meklingsløyve og naudsynt opplæring.

Figur 4.5 syner at mange foreldre som meklar ved samlivsbrot, har eit lågt konfliktnivå. Blant foreldra med eit høgt konfliktnivå, er konflikten i dei fleste tilfella ein foreldretvist.

Figur 4.5 Konfliktnivået blant foreldra som ber om mekling hos familievernet i 2020. Absolutte tal.

Figur 4.5 Konfliktnivået blant foreldra som ber om mekling hos familievernet i 2020. Absolutte tal.

Kjelde: FADO, fag- og journalsystemet til familievernet.

Foreldre skal få eit meklingstilbod tilpassa deira behov. Tilbodet bidreg til at meklinga ved samlivsbrot blir betre tilpassa utfordringane i den einskilde familien, noko som er i tråd med Granavolden-plattforma. Familiar med høg grad av konflikt skal få meir hjelp, og familiar som i hovudsak er samde, får tilbod om rettleiing og ein digital avtale om foreldresamarbeid.

Når foreldra er førebudde og informerte før dei kjem til mekling, kan dei lettare komme fram til ei god løysing til beste for barna. Bufdir gir informasjon til foreldra som skal møte til mekling, der dei opplyser om at foreldra får meir ut av meklinga dersom dei har førebudd seg, mellom anna ved å gå gjennom foreldresamarbeidsavtalen på førehand. Nettstaden foreldresamarbeidssamtalen.no skal hjelpe foreldra til å komme fram til ein avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær. Foreldresamarbeidsavtalen er lansert med ny funksjonalitet i 2021, som deling av avtalen med den andre forelderen og elektronisk signering.

Det er eit generelt mål at konfliktar skal løysast, og at partane sjølve blir samde og inngår avtalar. Det har i fleire år vore eit mål at fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar. Departementet fører vidare dette målet for 2022:

  • Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar.

Ifølgje tal frå Bufdir blei det i 2020 mekla i nær 6 500 tilfelle der foreldre vurderte å reise sak for retten. I om lag 30 prosent av sakene blei det inngått ein skriftleg avtale. Utviklinga når det gjeld talet på skriftlege avtalar, har vore svak. Fleire foreldre inngår avtale ved mekling hos eksterne meklarar (godkjende meklarar utanfor familievernet) (40 prosent) enn ved mekling i familieverntenesta (27 prosent). Det er variasjon i resultata mellom regionane og til dels stor variasjon mellom dei einskilde familievernkontora.

Foreldre må leggje ved meklingsattest når dei skal søke om separasjon eller skilsmisse, ved søknad om utvida barnetrygd ved samlivsbrot for ugifte, eller før dei kan reise foreldretvist for domstolen. Ved nedstenginga i mars 2020 etablerte Bufdir ein nasjonal rettleiingstelefon for familiane som treng mekling. Det blei samstundes innført ei mellombels ordning med meklingsattest utan fysisk oppmøte, slik at søknad om separasjon, søknad om ekstra stønad frå Nav og søksmål for domstolane ikkje skulle stoppe opp.

Det er no utvikla ein digital meklingsattest som dokumenterer at mekling er gjennomført. Dette gjer det enklare for foreldra å sende meklingsattest digitalt til andre offentlege instansar, og det frigjer òg tid i familievernet.

Høyring av barn i mekling

Det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved handlingar og avgjerder som vedkjem barn. Dette følgjer både av barnekonvensjonen og av Grunnlova.

Etter kvart som barnet veks til, blir det i aukande grad i stand til å danne seg eigne synspunkt på eigne behov og ønske. For å vareta menneskerettane til barnet er det nedfelt i barnelova at foreldra skal høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Dette gjeld mellom anna i spørsmål om samvær og i spørsmål om kvar barnet skal bu fast. Foreldra skal leggje vekt på det barnet meiner, alt etter kor gammalt og modent barnet er. Barn som har fylt 7 år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerder som vedkjem dei.

Alle barn får tilbod om ein eigen time når foreldra skal møte til mekling. Foreldra blir informerte om retten barnet har til å bli høyrt, og tilbod om at meklaren og barnet kan ha ein eigen samtale. I tillegg til samtalar i samband med mekling får mange barn òg tilbod om eigne samtalar eller ei samtalegruppe på familievernkontoret. For at barn skal kunne høyrast i mekling, må begge foreldra samtykkje, barnet må sjølv ønskje å delta, og barnet må vere modent nok. I saker der det er eit høgt konfliktnivå mellom foreldra, må meklaren òg vurdere om det er forsvarleg at barnet deltek.

Frå 2015 til 2020 har talet på saker der barn blir høyrde av ein meklar, nesten dobla seg. Det er stor variasjon mellom regionane og mellom dei einskilde familievernkontora i kor mange barn som blir høyrde. I 2020 var delen barn som blei høyrde, 22 prosent av alle barn over 7 år som hadde foreldre som var til mekling. Bufdir oppgir at hovudgrunnen til låge tal er koronapandemien og at foreldre ikkje vil ta med barn på kontora av smittevernomsyn. I starten av 2021 ser vi ei betring ved 4 av 5 regionar i Bufetat, som oppfyller måltalet på at 30 prosent av barna skal høyrast. Fleire regionar har utarbeidd planar for å auke bruken av barnesamtalar, og har laga lokale handlingsplanar for kontor som ikkje når dei måla som er sette.

For å auke deltakinga til barn i mekling har det dei siste åra vore stor merksemd rundt å styrkje kompetansen til familievernet i å snakke med barn. Spisskompetansemiljøet for samtalar med barn har ei sentral rolle i dette arbeidet og har blant anna utvikla rettleiarar for tenesta. Departementet meiner at det framleis er for få barn som blir høyrde.

Departementet har dette målet for arbeidet med meklingsordninga i 2022:

  • Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

Bufdir og familieverntenesta skal arbeide målretta for å gjere tilbodet til barn betre kjent, og for å motivere foreldra til å inkludere barna i mekling og i saker som elles verkar inn på situasjonen og trivselen deira. Dette vil Bufdir framleis følgje opp i 2022. Bufdir har bestilt eit forskingsprosjekt knytt til FamilieForSK (Folkehelseinstituttet), om barn sine meiningar når foreldra skil lag. Resultatet syner at mange barn har klare oppfatningar om kvar dei vil bu, og om samarbeidet mellom foreldra.

Spisskompetansemiljøet for barn og unge i familievernet har laga ein rettleiar for korleis familievernet kan forstå og handtere situasjonar der barn avviser ein forelder etter samlivsbrot. Folkehelseinstituttet har gjennomført kunnskapsoppsummeringa «Hvordan forstå og håndtere barn som avviser en forelder: En systematisk kartleggingsoversikt». Denne viser at det er mange ulike årsaker til at barn ikkje vil ha samvær, og at desse barna oftare har symptom på psykiske vanskar enn andre barn. Det finst lite forsking på verktøy og tiltak for førebygging og handtering av situasjonar der barn ikkje vil ha samvær.

Bufdir vil i 2022 halde fram det langsiktige arbeidet med å gi god informasjon til foreldre og barn om samlivsbrot, og særleg om tilbodet til barn. Prosjektet Digitalt støtta mekling gir foreldra betre informasjon og støtte i vanskelege avgjerder om barna. Målet med å styrkje det digitale tilbodet til foreldra er å gjere slik at fleire foreldre er godt førebudde til meklinga, og leggje til rette for godt samarbeid mellom foreldra.

Samlivstiltak og foreldrestøttande arbeid

Familiane er viktige for å gi barn ei trygg ramme. Regjeringa vil styrkje førebyggjande tiltak og tidleg innsats, slik at flest mogleg barn kan få ein god oppvekst i familien sin og i nærmiljøet sitt. Regjeringa legg i dette arbeidet mellom anna vekt på at barn og familiar er forskjellige og har ulike behov.

Alle par og foreldre møter små og store utfordringar, anten i parforholdet eller foreldreskapet sitt. Det er viktig å ha eit tilpassa tilbod når dei har behov for det. Kommunale tenester, familievernet og frivillige organisasjonar tilbyr støtte og hjelp til foreldre.

Samlivstiltak blir tilbode for å styrkje parforhold og redusere konflikt mellom vaksne. Barn kan ta skade av å leve med foreldra sin konflikt over tid. Nokre par treng støtte i ein periode med utfordringar i kvardagen. Eit døme på ein slik periode er når ein får sitt fyrste barn. Gode og stabile samlivsforhold gir gode føresetnader for godt foreldreskap. Det er viktig å sikre at flest mogleg barn kan få ein god og trygg oppvekst i sin familie.

Tiltaket Godt samliv for førstegongsforeldre er utvikla av Bufdir og tilpassa alle nye foreldre. Bufdir har sett i gang ei evaluering av dette tiltaket for å finne ut om det kan redusere utviklinga av samlivsvanskar i den krevjande fasen nye foreldre er i. Som del av prosjektet er det òg laga ei kunnskapsoppsummering om samlivskurs. Resultata av prosjektet er mellom anna viktige for forvaltinga av tilskotsordninga for samlivskurs, og kan med dette bidra til at lokale aktørar får hjelp til å gjennomføre kunnskapsbaserte samlivstiltak.

Foreldrestøttande arbeid er, saman med samlivstiltak, viktige område i familiepolitikken til regjeringa. Verda helseorganisasjon (WHO) vurderer foreldrestøtte som eit av dei viktigaste førebyggjande tiltaka for å redusere vald, overgrep og omsorgssvikt. Foreldrerettleiing og støtte handlar ikkje berre om å tryggje foreldra til barnet sitt beste, men er òg ein måte å sikre barnet sine rettar på.

Familievernet er ein viktig aktør når det gjeld foreldrestøtte, men mykje av foreldrestøttearbeidet skjer i kommunane der folk bur. Samla sett dekkjer foreldrestøttetilbodet både foreldre flest og foreldre som av ulike årsaker har særlege utfordringar i foreldrerolla.

Målretta førebyggjande tilbod til par og foreldre generelt og til dei som har særlege behov, kan redusere risikoen for at barn blir utsette for vald, overgrep og omsorgssvikt. Departementet har dette målet for 2022:

  • Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte og samlivstiltak.

Regjeringa sin strategi Trygge foreldre – trygge barn (2018–2021) og tiltaka i strategien har styrkt foreldrestøttefeltet. Strategien har som mål at fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøttande tiltak som er tilpassa behovet deira. Kommunane og familievernet er dei viktigaste aktørane som gir støtte til foreldre. Frivillig sektor tilbyr rettleiing og støtte til foreldre som supplerer det offentlege tilbodet. Bufdir har ansvar for å koordinere tiltaka og samarbeider med fleire direktorat, kompetansemiljø og frivillig sektor.

Tiltaka i strategien har hatt som mål at tilbodet skal bli meir likeverdig over heile landet, at alle kommunar skal tilby fagleg kvalitetssikra og kunnskapsbaserte foreldrestøttande tiltak, og å styrkje samarbeidet mellom ulike sektorar og tenester om foreldrestøtte. Det gjeld mellom anna meir systematisk samarbeid mellom familievern og kriminalomsorga, og familievern og helsestasjonar i kommunane. Tiltaka har òg hatt som mål å gi lettare tilgang til informasjon og støtte direkte til foreldre. Fleire tiltak har styrkt det digitale tilbodet til foreldre, mellom anna foreldrehverdag.no og digital fagstøtte. Det er indikasjonar på at kommunane samla sett har auka bruken av kunnskapsbaserte foreldrestøttande tilbod dei siste åra.

Frå 2021 har kommunar og frivillige organisasjonar kunna søkje tilskot til arbeid med foreldrestøtte saman. Kontakten med frivillige organisasjonar som tilbyr foreldrestøtte, blei styrkt då Bufdir i 2019 etablerte eit dialogforum med frivillige organisasjonar. Dialogforumet har jamlege møte, og forumet blir vidareført i 2022. Det finst lite systematisk kunnskap eller oversikt over foreldrestøttande tiltak i regi av frivillig sektor og trussamfunn. Bufdir har bestilt ei kartlegging av samlivstiltak og foreldrestøtte i frivillig sektor for å få meir kunnskap. Denne er venta i 2022.

Foreldrerettleiingsprogrammet International Child Development Program (ICDP) er eit universelt foreldrestøttande tilbod til alle foreldre med barn mellom 0 og 18 år som mange kommunar tilbyr. Spisskompetansemiljø for foreldrestøtte og førebygging i Bufetat tilpassar og vidareutviklar ICDP-tilbodet til foreldre med ungdom. I 2021 blei det starta eit pilotprosjekt med foreldrestøtte til foreldre med tenåringar. Hausten 2021 ventar Bufdir å få resultata frå Folkehelseinstituttets studie om effekten av ICDP. Ei viktig målsetjing med studien er å få kunnskap om kva foreldre og barn som har mest og minst nytte av tiltaket. Bufdir vil òg arbeide med å spreie bruken av ICDP på krisesentera. Spisskompetansemiljøet for foreldrestøtte og IMDi fortset òg samarbeidet om å leggje til rette for foreldrerettleiing i introduksjonsprogrammet.

For å auke bruken av kunnskapsbaserte samlivs- og foreldrestøttande tiltak i dei kommunale tenestene har regjeringa utvikla ei temanettside om foreldrestøtte og samlivstiltak. Ressursnettsida gir innføring i og oversikt over kunnskapsbaserte samlivstiltak og foreldrestøttande tilbod og hjelpetiltak i barnevernet.

Tiltaka i foreldrestøttestrategien er i all hovudsak gjennomførte eller i rute. Foreldrestøttestrategien går ut 2021, men Bufdir vil i 2022 vidareføre måla i strategien, slik at foreldrestøtte og samlivstiltak når ut til dei som har behov for det. Det er viktig at tiltaka som ikkje er ferdigstilte, held fram, og at tilboda når ut til alle målgrupper, inkludert sårbare grupper. Bufdir vil halde fram samarbeidet med andre direktorat og liknande for å få til dette. Bufdir vil òg framleis arbeide med å utvikle det digitale tilbodet til foreldre og digital fagstøtte til kommunane.

Tilskotsordninga for foreldrestøttande tiltak i kommunane

Tilskotsordninga til foreldrestøttande arbeid i kommunane har som mål å hjelpe foreldre med å skape trygge rammer for oppveksten til barna. Kommunane får tilskot til opplæring og drift av dei foreldrestøttande tilboda dei vel, og mange kommunar rapporterer at tilboda som er etablerte med tilskot, blir vidareførte etter tilskotsperioden. Nærare 230 kommunar har fått tilskot til foreldrestøttande tiltak sidan ordninga blei innført i 2014.

Tilskotsordninga er ikkje evaluert, men det er gjort effektevalueringar av nokre av programma. Effektevalueringane viser at desse har positive resultat når det gjeld tilknyting mellom foreldre og barn. For å stimulere fleire kommunar til å søkje støtte til tiltak i samarbeid med frivillig sektor har regjeringa frå 2021 opna for at òg andre foreldrestøttande tiltak, som opne møteplassar og avlastingstiltak, kan bli vurderte som aktivitetar med rett til tilskot. Søknader der kommunen samarbeider med eller involverer frivillig sektor, kan prioriterast i 2021.

I 2021 er løyvinga på 50,4 mill. kroner. Av dette blei 15 mill. kroner løyvd i RNB 2021 med mål om å avgrense negative konsekvensar av smitteverntiltaka for barn og unge. Løyvinga blir ført vidare i 2022, med unntak av den mellombelse auken i 2021.

Familie for første gang

Familie for første gang / Nurse Family Partnership (NFP) er eit førebyggjande tiltak for foreldre i ein særleg krevjande livssituasjon. Familiane kan få heimebesøk av ein familiesjukepleiar frå tidleg i graviditeten til barnet er 2 år. Gjennom programmet kan ein fange opp sårbare familiar og førebyggje omsorgssvikt og behov for inngripande tiltak. Programmet er internasjonalt godt dokumentert.

Utprøvinga av Familie for første gang har inntil 2020 gått føre seg i Oslo og Rogaland, og om lag 250 familiar har delteke i programmet.

Det er lagt opp til at programmet skal vidareførast og utvidast som eit forsøk i 2021–2027. Dette blei gjort på grunnlag av følgjeevalueringa utarbeidd av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI).

I Statsbudsjettet 2021 blei det løyvd 45,3 millionar kroner til programmet. Midlane skal nyttast til å utvide programmet, styrkje det nasjonale fagkontoret og utføre ein effektstudie. Ettersom det har teke tid mellom anna å få på plass dei nye områda og opplæring av nye sjukepleiarar, var det ikkje mogleg å nytte heile tildelinga i 2021. Tildelinga var derfor justert ned med 17,6 mill. kroner i RNB for 2021. Programmet vil halde fram i 2022.

Foreldrehverdag.no

Foreldrehverdag.no er ein statleg nettressurs som rettar seg mot alle foreldre. Foreldrehverdag.no blei i 2020 revidert og vidareutvikla med tanke på å gi alle foreldre lett tilgang til god rådgiving, hjelp og støtte i foreldreskapet sitt. Bufdir si evaluering av tenesta i 2020–2021 viser at tenesta blir opplevd som nyttig. Evalueringa peikar på at tenesta bør utviklast vidare, med meir innhald mellom anna om kjenslene til foreldra i foreldrerolla. I 2020 lanserte nettressursen ein «Foreldrestiltest» for at foreldre skal bli meir bevisste i foreldrerolla. Foreldrehverdag.no har òg produsert aktuelt innhald knytt til koronapandemien.

I 2021 har Bufdir arbeidd mellom anna med å auke kjennskapen til Foreldrehverdag.no og tilpasse innhaldet og tenesta til ulike tema, foreldregrupper og kjønn. Det har særleg vore teke omsyn til ulik kulturbakgrunn gjennom inkluderande språk. Arbeidet med foreldrehverdag.no vil halde fram i 2022.

Mental Helse – foreldresupport

I mars 2020 opna Foreldresupport, ein ny telefon- og chattekanal for foreldre som treng hjelp og rettleiing når kvardagen blir krevjande. Foreldresupport er eit døgnope lågterskeltilbod som kan vere til hjelp i ein vanskeleg situasjon og bidra til å hindre vald mot barn.

Foreldresupport blir drifta av Mental Helse. Målgruppa var i utgangspunktet ventande og nybakte foreldre med barn inntil 2 år. Tenesta har under pandemien hatt ein auka etterspurnad og har utvida målgruppa i 2020 slik at òg foreldre med eldre barn kan ta kontakt. I 2021 var løyvinga til Foreldresupport 3 mill. kroner. I Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) og i RNB 2021 blei løyvinga auka høvesvis med 1,8 mill. kroner og 1,5 mill. kroner. Aukingane blei mellombelse på grunn av auka pågang under koronakrisa og behov for å styrkje bemanninga. Løyvinga blir ført vidare i 2022, med unntak av den mellombelse auken i 2021.

Tilskot til samlivstiltak

Samlivstiltak har som mål å støtte opp om samlivet i parforhold og å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Departementet har to tilskotsordningar: Tilskot til samlivskurs for fyrstegongsforeldre og Tilskot til ordinære samlivskurs og utviklingstiltak.

Tilskot til ordinære samlivskurs og utviklingstiltak

Det overordna målet med tilskotsordninga til lokale samlivskurs og utviklingstiltak er å støtte opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje oppløysing av familiar og samliv.

Par som har barn, blir prioriterte. Bufdir delte ut rundt 10 mill. kroner til kommunar og frivillige organisasjonar som arrangerte samlivskurs i 2020. Til saman blei det arrangert fleire hundre kurs i regi av familievernkontor, frivillige organisasjonar og forsamlingar over heile landet.

Gjennomføringa av ordninga er i betydeleg grad påverka av koronarestriksjonane. Hovudbiletet for 2020 er at fysiske samlingar har hatt ein vesentleg nedgang. Samstundes har mange vist kreativitet og bidrege til at bruken av digitale kurstilbod har auka.

I 2021 var løyvinga 14,1 mill. kroner. Departementet føreslår at ordninga blir ført vidare i 2022.

Samlivskurs for fyrstegongsforeldre

Perioden etter at det fyrste barnet kjem, kan vere særleg utfordrande. Mange par opplever at det er lite tid til parforholdet, og at det er krevjande å vere både kjærastar og samarbeidspartnarar i småbarnsperioden. Departementet etablerte i 2020 ei eiga tilskotsordning for samlivstiltak retta mot fyrstegongsforeldre. Familievernkontor, organisasjonar, kommunar, institusjonar og andre tilbydarar av samlivstiltak kan søkje om midlar til å halde kurs. I 2020 blei det løyvd 13,85 mill. kroner til desse samlivskursa. Det blei totalt fordelt i underkant av 4 mill. kroner. Mindreforbruket skuldast i all hovudsak at ordninga blei lyst ut samstundes som pandemien braut ut i mars 2020. Mange syntest at kurs for foreldre blei vanskeleg å gjennomføre. Det blei halde få kurs for kursleiarar, og direktoratet fekk få søknader. Enkelte aktørar fekk gjennomført digitale kurs som blir rapportere å ha vore av tilfredsstillande kvalitet.

I 2021 var løyvinga 14,3 mill. kroner. Departementet føreslår at ordninga blir ført vidare i 2022.

Barne- og familierettsleg utviklingsarbeid

Barn er sårbare og har eit særleg behov for vern, omsorg og kjærleik. God livskvalitet for barn og familiar gir positive effektar for kvar einskild og samfunnet. Barne- og familierettsleg utviklingsarbeid kan bidra til dette. Regjeringa vil styrkje barnerettane og leggje omsynet til det beste for barnet til grunn. Ein viktig del av utviklingsarbeidet er å syte for at dei instansane og ordningane som barn og familiar er i kontakt med, har eit oppdatert regelverk.

Barnelova

Barnelova gjeld tilhøvet mellom barn og foreldre, og lova skal sikre viktige omsyn som det beste for barnet og likestilling mellom foreldra som omsorgspersonar og forsørgjarar. Lova blei vedteken i 1981 og har vore endra mange gonger. Rettskjeldebiletet har òg endra seg monaleg, og menneskerettar og internasjonale konvensjonar har fått ei meir sentral rolle. Regjeringa sette 7. desember 2018 derfor ned Barnelovutvalet for å gå gjennom og modernisere heile barnelova. Utvalet skulle mellom anna vurdere utforminga av bidragssystemet for likestilt foreldreskap og gå gjennom rettane til barn, særleg i eit internasjonalt perspektiv. Det blei gitt eit tillegg til mandatet om å vurdere sanksjonar ved hindring av samvær. Utvalet leverte NOU 2020: 14 Ny barnelov 4. desember 2020. NOU-en blei send på høyring, med høyringsfrist 1. mai 2021. Stortinget har i oppmodingsvedtak nr. 714 av 9. mars 2021 bede regjeringa utgreie strengare reaksjonar som kan motverke samværshindring. I oppmodingsvedtak nr. 715 av 9. mars 2021 har Stortinget bede regjeringa om å utrede behov for å gjere justeringar i barnebidragreglane for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor ved samværshindring. Når det gjeld barnebidrag er departementet i gang med å sjå på kva som kan gjerast innanfor gjeldande rett for å førebyggje og hindre samværshindring. Departementet har dessutan gitt Bufdir eit oppdrag knytt til samværsvegring og samværshindring. Sjå omtale foran, i samband med mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå. Departementet arbeider samla med å følgje opp høyringa av NOU 2020: 14 og Stortinget sine vedtak.

Det er eit problem at kvaliteten på sakkunnigrapportar varierer for mykje i foreldretvistsaker. Det kan vere vanskeleg for dommaren åleine å vite kva rapportar som er for svake til å kunne brukast som bevis. Stortinget vedtok våren 2021 endringar i barnelova etter ein lovproposisjon frå departementet: sjå Prop. 114 L (2020–2021) Endringer i barnelova (Barnesakkyndig kommisjon i foreldretvistsaker). Lovendringa inneber at Barnesakkyndig kommisjon skal kvalitetsvurdere sakkunnigrapportar i foreldretvistsaker, og at departementet i forskrift kan setje krav til mandata og rapportane til dei sakkunnige. Målet er å heve kvaliteten på og styrkje tilliten til det sakkunnige arbeidet og til avgjerdene som retten tek. God utgreiing av saker som kan ende i ei avgjerd om inngrep i retten til familieliv, er òg viktig for at prosessen blir meir forsvarleg og godt i samsvar med menneskerettane. Regjeringa føreslår 3,5 mill. kroner i 2022 til Barnesakkyndig kommisjon til å vurdere sakkunnigrapportar i foreldretvistsaker. Departementet tek sikte på at dette arbeidet kan starte opp sommaren 2022.

Ein stor del av dei sivile sakene for domstolane er foreldretvistsaker. Domstolsstrukturen har betyding for domstolen sitt arbeid med foreldretvistsaker. I oktober 2020 fremja regjeringa forslag til ny domstolstruktur; sjå Prop. 11 L (2020–2021). Den nye strukturen blei handsama av Stortinget i desember 2020; sjå Innst. 134 L (2020–2021). Reforma følgjer opp særdomstolsutvalet si tilråding om å samle barnesakene i eit utval tingrettar av ein viss storleik. Under den nye strukturen har alle tingrettane eit tilstrekkeleg stort fagleg miljø til å kunne gjennomføre moderat spesialisering. Barne- og familiesaker kan handsamast ved alle dagens rettsstader. For nærare omtale av domstolane sitt arbeid: sjå omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Ekteskapslova

I dag er det ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Det er òg ein hovudregel om at dei som giftar seg etter utanlandsk rett og har tilknyting til Noreg, må vere 18 år. Stortinget vedtok våren 2021 endringar i ekteskapslova etter ein lovproposisjon frå departementet; sjå Prop. 135 L (2020–2021) Endringer i ekteskapsloven (ekteskap inngått med mindreårig, etter utenlandsk rett mv.) Lovendringa inneber at 18-årsgrensa òg skal gjelde dei som på vigselstidspunktet ikkje hadde tilknyting til Noreg. Med dette følgjer Noreg opp FN sitt berekraftsmål om å avskaffe all skadeleg praksis som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap. Føremålet er å verne mindreårige som kjem til Noreg, mot å bli rekna som gifte her. Dette vil òg gi eit signal til andre styresmakter om at Noreg ikkje aksepterer barneekteskap. Av omsyn til mellom anna menneskerettslege og EØS-rettslege plikter gjeld det nokre snevre unntak. Dersom det skal bli gjort unntak, er det statsforvaltaren som skal handsame søknader. Dette vil sikre større grad av heilskapleg og effektiv sakshandsaming og bidra til ein samla spisskompetanse på feltet.

Departementet vurderer å lovfeste at begge partar må ha vore minst 16 år gamle då ekteskapet blei inngått, for at eit ekteskap skal kunne bli godkjent etter dei snevre unntaka frå 18-årsregelen. Ei slik nedre aldersgrense skal gjelde uavhengig av om partane hadde tilknyting til Noreg då ekteskapet blei inngått. Dette er omtalt i Prop. 135 L (2020–2021). Departementet vurderer òg innstrammingar i reglane om godkjenning av bigame ekteskap som er inngåtte i utlandet.

Familievernkontorlova og regelverket om tenesta

Familievernkontorlova er under revisjon. Eit offentleg nedsett utval fekk i 2018 i oppdrag å gjennomgå familieverntenesta. Familievernutvalet la fram rapporten sin 21. november 2019: NOU 2019: 20 En styrket familietjeneste – En gjennomgang av familieverntjenesten. NOU-en var på offentleg høyring fram til 1. mai 2020. Utvalet har levert eit utkast til ny lov om familieverntenesta. Eit hovudspørsmål er kva samfunnsoppgåver familievernet skal løyse, og korleis tilbodet skal vere utforma. I dette arbeidet er det òg naudsynt å vurdere forslaga i NOU 2020: 14 Ny barnelov — Til barnets beste. Familievernutvalet meiner at familievernet framleis skal vere ei gratis lågterskelteneste. Tenesta bør vere meir tilgjengeleg for brukarane enn i dag. Utvalet føreslo endringar i meklingsordninga, og dei blir følgde opp i samband med Barnelovutvalet.

Regjeringa er oppteken av at familieverntenesta har ei effektiv organisering, og at styringa og finansieringa støttar opp om tenesta og utviklinga av denne. Praksis for styring og tildeling av midlar skal vere lik mellom regionane. Dei einskilde kontora skal òg ha handlingsrom til å utvikle lokal kompetanse. Prinsippa for styring skal sikre god statleg kontroll med tenesta.

Utvalet fekk òg i oppdrag å vurdere spørsmålet om korleis styring og organisering av dei ideelle familievernkontora bør vere innretta i lys av EØS-regelverket om offentleg støtte og offentlege innkjøp. Regjeringa meiner at driftsavtalane med dei ideelle kontora har eksistert sidan før Noreg slutta seg til EØS-avtalen, og at dei i all hovudsak er uendra sidan den tid. Det er såleis ikkje grunnlag for å endre vilkåra for avtalane med dei ideelle familievernkontora.

Barnekonvensjonen

BFD har ansvaret for å koordinere arbeidet med å følgje opp FN-konvensjonen om barnerettane, barnekonvensjonen.

Departementet arbeider med å følgje opp merknadene frå barnekomiteen i FN. Neste rapportering til FNs barnekomite vil vere i 2023. Det er ei forenkla rapportering. Under covid-19-pandemien har det vore merksemd på barn og unge sin rett til medverknad. Det har blitt gitt gode og konstruktive tilrådingar frå mellom anna Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM), Barneombodet og Redd Barna. Ein vil i 2022 arbeide vidare med barnerettane og gjere konvensjonen kjend. Bufdir har eit særskilt ansvar for å auke medvitet om konvensjonen og korleis han kan nyttast for å styrkje barn si deltaking i ulike sektorar og på forskjellige forvaltingsnivå. Dei følgjer opp arbeidet med å gjere barnekonvensjonen kjend i fylkeskommunane og kommunane og er i gang med å vurdere korleis barnekonvensjonen best kan følgjast opp. Bufdir har mellom anna gitt PROBA Samfunnsanalyse i oppdrag å evaluere Sjumilssteget som nasjonal satsing for implementering av barnekonvensjonen i kommunane. Dette er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle korleis kommunane og statsforvaltarane på best mogleg måte kan nytte barnekonvensjonen i tenestene til barn og unge.

Noreg har òg delteke i barnerettsstrategien til Europarådet, Strategy for the Rights of the Child (2016–2021). Arbeidet med ein ny barnerettsstrategi er sett i gang, og skal lanserast i 2022. Noreg deltek fast i Europarådet sin komité for barnerettane.

Vald og overgrep

Vald og overgrep mot barn og vaksne er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det er òg ei stor likestillingsutfordring. Både menn og kvinner utøver og blir utsette for vald i nære relasjonar, men kvinner er i større grad enn menn utsette for alvorleg og gjenteken vald. Barn kan anten sjølve bli utsette for vald og overgrep eller oppleve vald mot nokon i familien.

Vald og overgrep fører til store lidingar for kvar einskild og store utgifter for samfunnet. Staten skal verne om borgarane sine og om rettane og liva deira, med eit særskilt ansvar for å sørgje for at dei mest sårbare ikkje fell frå. Regjeringa prioriterer arbeidet mot vald og overgrep høgt. Arbeidet omfattar ansvarsområda til fleire departement. BFD koordinerer innsatsen mot vald og overgrep mot barn og unge, medan Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer innsatsen mot vald i nære relasjonar og innsatsen mot valdtekt. Kunnskapsdepartementet koordinerer arbeidet mot negativ sosial kontroll og tvangsekteskap. Samordning på tvers av sektorar er ein føresetnad for å lukkast i arbeidet med å førebyggje vald og overgrep.

Regjeringa vil vidareføre arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, mellom anna gjennom å følgje opp Frihet fra vold. Regjeringens handlingsplan for å forebygge og bekjempe vold i nære relasjoner 2021–2024, som blei lagd fram i august 2021. Planen omfattar vald frå noverande eller tidlegare partnar, og vald mellom generasjonar, det vil seie vald mot eldre og vald mot barn. Planen har ein eigen del om vald i samiske område.

Regjeringa har i 2021 òg lagt fram handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024) og ein tverrdepartemental strategi mot internettrelaterte overgrep. Sjå omtale under Den digitale kvardagen til barna.

BFD har ansvar for fleire tiltak i dei ulike planane. Arbeidet med å følgje opp tiltaka vil bli ført vidare i 2022. BFD koordinerer òg oppfølginga av NOU 2017: 12 Svikt og svik frå Barnevaldsutvalet, og vil føre vidare arbeidet med å følgje opp dei fleste av tilrådingane.

I desember 2020 la Partnardrapsutvalet fram NOU 2020: 17 Varslede drap?. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer oppfølginga av denne.

Regjeringa vil setje i gang eit arbeid med ei melding til Stortinget om innsatsen mot vald og overgrep. Meldinga vil mellom anna vere ei oppfølging av Opptrappingsplan mot vold og overgrep som går ut i 2021.

Nedanfor blir arbeidet mot vald og overgrep mot barn og unge omtalt. Det blir òg rapportert for hjelpetenestene for valdsutsette og utøvarar, som BFD er ansvarleg for.

Arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og overgrep

Regjeringa prioriterer å førebyggje vald og overgrep. Målretta støtte til foreldre med særlege behov reduserer risikoen for at barn blir utsette for vald, overgrep og omsorgssvikt, jf. omtale av arbeidet med foreldrestøtte. Barn og unge treng òg god kunnskap om kva vald og overgrep er. Vald og overgrep mot barn kan vere særleg vanskeleg å oppdage når barn vegrar seg for å snakke om opplevingane sine. For mange yrkesutøvarar kan det òg vere vanskeleg å spørje barn når dei har ein mistanke. Å førebyggje og avdekkje vald og overgrep tidleg kan forhindre at nye overgrep skjer.

Departementet har dette målet i arbeidet mot vald og overgrep:

  • I større grad førebyggje og avdekkje valds- og overgrepssaker mot barn og unge.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2020 viser at det er ein auke i talet på melde tilfelle av seksuallovbrot mot barn samanlikna med 2019, medan melde tilfelle av vald og mishandling mot barn er på omtrent same nivå i 2020 som i 2019; sjå figur 4.6.

Figur 4.6 Offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot, perioden 2013–2020

Figur 4.6 Offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot, perioden 2013–2020

Kjelde: SSB

Å førebyggje vald og overgrep er eit prioritert innsatsområde i Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021); sjå omtale av opptrappingsplanen nedanfor. Regjeringa har under pandemien vore uroa for at omfanget av vald og overgrep har auka, og at pandemien og smitteverntiltaka har gjort det vanskelegare å førebyggje og avdekkje vald og overgrep. Regjeringa føreslo derfor i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021 fleire tiltakspakker for å redusere konsekvensane av pandemien, og ei rekke tiltak for å styrkje innsatsen mot vald og overgrep; sjå nærare omtale under Konsekvensar av pandemien for barn og unge.

I 2022 vil arbeidet med å følgje opp tiltaka i Handlingsplan for å forebygge og bekjempe vold i nære relasjoner (2021–2024) bli prioritert. I budsjettet for 2022 føreslår regjeringa å styrkje innsatsen mot vald og overgrep med:

  • 10 mill. kroner til forsking om vald og overgrep – særleg effektforsking; sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet

  • 2 mill. kroner til etablering av partnerdrapskommisjon; sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 5 mill. kroner til barnehus for samiske barn; sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 8 mill. kroner til lågterskeltilbod til barn og unge som står i fare for problematisk eller skadeleg seksuell åtferd; sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 3 mill. kroner til å styrkje TryggEst, som skal hjelpe kommunane til å hindre, avdekkje og handtere vald mot vaksne som i liten grad er i stand til å beskytte seg sjølve; sjå Prop. 1 S for Kulturdepartementet

I tillegg blir fleire løyvingar på grunn av pandemien førte vidare i 2022. Dette gjeld:

  • 31 mill. kroner til styrking av familievernet (heilårseffekt av styrkinga som kom i RNB 2021)

  • 11,5 mill. kroner til styrking av Alternativ til Vold (heilårseffekt av styrkinga som kom i RNB 2021)

  • 5 mill. kroner til å halde ved lag chattilbod ved Vald- og overgrepslinja (VO-linja)

  • 10 mill. kroner til å auke bruken av omvend valdsalarm; sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 10 mill. kroner til politiet sine nettpatruljar og digitalt politiarbeid. Av dette blir 5 mill. kroner prioriterte innanfor politiet sine gjeldande budsjettrammer, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

Opptrappingsplan mot vald og overgrep (2017–2021)

Arbeidet med å følgje opp Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) har hatt høg prioritet i 2020 og 2021. Dei samla løyvingane knytte til tiltak i opptrappingsplanen i 2021 er på over 1,1 mrd. kroner.

I 2020 har behandlingstilboda til valdsutøvarar i regi av både Alternativ til Vold, spesialisthelsetenesta og kriminalomsorga blitt styrkte. I september 2020 opna eit nytt lågterskeltilbod til personar som står i fare for å utføre seksuelle overgrep. Tilbodet består av ei informasjonsteneste på nett med chat som er lagt til Oslo universitetssjukehus HF, men som dekkjer heile landet. Dei som tek kontakt og ber om hjelp, skal få tilbod om behandling utan krav om tilvising frå fastlege eller andre. I 2020 er eit behandlingstilbod etablert i Helse Sør-Aust RHF og Helse Vest RHF. I 2021 blir det etablert tilbod i Helse Midt-Noreg RHF og Helse Nord RHF.

I 2021 blei det òg løyvd midlar til å styrkje behandlingstilbodet til barn og unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd.

Ei interdepartemental arbeidsgruppe har vurdert behovet for å krevje politiattest for nye grupper på tvers av sektorar. Rapporten til arbeidsgruppa har vore på høyring. Departementet er no i gang med å følgje opp høyringa i samarbeid med andre departement. Sjå omtale av saka i del I, oppmodingsvedtak nr. 606 av 25. april 2017.

Bufdir har fått ansvar for å følgje opp ei rekke tiltak i opptrappingsplanen under ansvarsområdet til BFD. Bufdir har i 2020 kartlagt vidare kunnskapsbehov på valdsfeltet og gjennomført ei utgreiing av forslaget om ei sertifiseringsordning for offentleg tilsette som er i kontakt med barn. Direktoratet er og i gang med å utarbeide nasjonale tilrådingar knytte til dei tverrfaglege konsultasjonsteama om vald mot barn og unge. Vidare har Bufdir lagt fram ei rettleiing for kommunar og verksemder til arbeidet med å lage ein plan for å førebyggje og handtere bekymring for at tilsette har utsett barn for vald eller seksuelle overgrep. Rettleiinga er særleg retta mot barnehagar, skular og barnevernsinstitusjonar.

Forsking viser at vald i nære relasjonar har høgare førekomst i samiske miljø8 og at samiske innbyggjarar i mindre grad enn majoriteten nyttar seg av hjelpetilbodet. Familievernet, barnevernet og det kommunale krisesentertilbodet treng meir kompetanse om samisk språk og kultur. Det er behov for å gi rettleiing til tenestene og utvikle kunnskapsbasert metodikk og verktøy tilpassa samiske barn og familiar. Dette er oppgåver som Regionalt samisk kompetansesenter (RESAK) langt på veg har hatt åleineansvaret for. I 2021 blei det løyvd 10 mill. kroner for å vidareutvikle RESAK til Nasjonalt samisk kompetansesenter for familievern, barnevern og krisesentertilbod. Det nye nasjonale senteret blei oppretta hausten 2021. Fleire tilsette med tilknyting til ulike landsdelar og utviklinga av digitale hjelpemiddel skal styrkje tilbodet for desse tenestene i heile landet. Tiltaket skal bidra til eit meir likeverdig tenestetilbod til samiske barn og familiar, og til å styrkje tilliten til hjelpeapparatet i den samiske befolkninga.

Regjeringa skal utvikle ein felles nasjonal kompetansestrategi mot vald og overgrep. Ei innleiande kartlegging av føringar, opplæringsstrukturar og kompetansebehov på feltet er gjennomført. Dette er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med strategien som etter planen skal leggast fram i 2022.

Departementa jobbar òg vidare med å følgje opp mange av tilrådingane til Barnevaldsutvalet, NOU 2017: 12 Svikt og svik. Ei av tilrådingane var å greie ut om det bør opprettast ein fast undersøkingskommisjon for gjennomgang av alvorlege saker der barn døyr eller har vore utsette for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. BFD arbeider no med å vurdere dette nærare. Ei tverrdepartemental arbeidsgruppe har fått i oppgåve å greie ut om korleis ei prøveordning med undersøkingskommisjon eventuelt kan opprettast. Arbeidsgruppa skal sjå på ei mogleg innretning på ei slik ordning, kva for føresetnader som må vere på plass, og dei økonomiske og administrative konsekvensane. Gruppa skal i tillegg sjå på allereie etablerte ordningar, særleg erfaringar frå Statens undersøkelseskommisjon for helse og omsorgstenesten (Ukom). Ei liknande ordning for partnardrapssaker er føreslått i NOU 2020: 17 Varslede Drap. Gruppa skal vurdere ulike modellar for ordninga, inkludert ei mogleg samanslåing med partnardrapssaker.

Bufdir har dei siste åra arbeidd med tiltak for å førebyggje vald, i tett samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Innsatsen har særleg vore retta mot å prøve ut, vidareutvikle og implementere kunnskaps- og øvingsportalen Snakke sammen og den digitale læringsressursen Jeg Vet i kommunane. Det blei både i 2020 og 2021 løyvd midlar til RVTS-ane9 til arbeidet. Det er i gang eit forskingsprosjekt som skal evaluere aktivitetar og samle erfaringar med bruk av verktøya.

Snakke sammen (snakkemedbarn.no) er eit digitalt opplæringsprogram der vaksne kan øve på den viktige samtalen med barn om vald og overgrep. Målet er at vaksne som treffer barn i barnehagar, skular og helsevesenet, veit kva dei skal sjå etter, og veit korleis dei kan snakke med barn på ein måte som gjer at barna får tillit og torer å fortelje. I 2020 var det ein merkbar auke i talet på brukarar av Snakke sammen. I overkant av 72 200 nytta Snakke sammen i 2020, ein auke på nær 110 prosent frå 2019. Meir bruk av digitale læringsressursar retta mot tilsette og sterkare søkjelys på utsette barn under koronapandemien har medverka til auken i bruk av ressursen. I mai 2020 blei Snakke sammen lansert på nytt i ein ny og meir brukarvennleg versjon. Arbeidet med å utvikle og implementere spelmodulane og anna innhald knytt til desse vil halde fram i 2022, inkludert tilpassing av ressursen til fleire yrkesgrupper og til samiske språk og samfunn.

Jeg Vet (jegvet.no) er eit undervisingsopplegg for barn og unge om vald, overgrep og mobbing. Det var i 2020 ein nedgang i bruken av Jeg Vet på om lag 20 prosent. Nedgangen har samanheng med stenging av barnehagar og skular våren 2020. I 2020 var talet besøkande på jegvet.no 64 450. Arbeidet med å vidareutvikle læringsressursen i tråd med nye læreplanar vil halde fram i 2022. Nytt innhald skal integrerast i ressursen. Læringsopplegg for barnehagar og 1. til 4. trinn er omsett til nordsamisk og gjort tilgjengeleg i 2020. Etter revidering av innhaldet blir fleire læringsopplegg omsette til tre samiske språk.

I 2020 blei statsforvaltarane i dei tre nordlegaste fylka gitt eit særskilt oppdrag om å hjelpe til med implementeringa av ressursane Snakke sammen og Jeg Vet i kommunane. Dette oppdraget blei vidareført i 2021 og utvida til å omfatte alle statsforvaltarane.

Sjå òg omtale av regjeringa sitt arbeid med foreldrestøtte som er viktig i arbeidet med å førebyggje vald og overgrep mot dei minste barna.

Ei samla oversikt over statusen for opptrappingsplanen viser at arbeidet med å setje i verk tiltaka er godt i gang. Tabell 12.1 i del III gir ei oversikt over tiltaka, dei ansvarlege departementa og statusen. Av dei 88 tiltaka i planen er 45 alt gjennomførte, og 35 er løpande, det vil seie at dei går føre seg kontinuerleg, òg utover planperioden. 8 tiltak er påbyrja, men ikkje ferdigstilte. Det blir rapportert om oppfølginga av planen i dei årlege budsjettproposisjonane; sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet for ei rapportering om dei tiltaka dei er ansvarlege for. Sjå òg statusrapporten for oppfølginga av planen på regjeringen.no under BFD.

NIBR gjennomfører i samarbeid med Telemarkforsking ei følgjeevaluering av arbeidet med opptrappingsplanen. Endeleg rapport skal ferdigstillast våren 2022.

Arbeidet i familievernet med familiar som lever med vald

Familieverntenesta kjem ofte i kontakt med familiar der det er høg konflikt, eller der éin eller fleire medlemmar utøver vald eller blir utsette for vald. Arbeidet familievernet gjer mot vald, er styrkt dei siste åra med omsyn til både kapasitet og fagutvikling.

Det er oppretta eit eige miljø med spisskompetanse på arbeidet mot vald i nære relasjonar og høgkonflikt ved Enerhaugen familievernkontor i Oslo. Dei siste åra har familievernet registrert stadig fleire saker der vald har vore tema. Årsakene til dette er mellom anna at det har vore retta meir merksemd mot arbeid med vald i tenesta, at kompetansen blant dei tilsette er blitt heva, og at ein har lagt betre til rette for å registrere valdssaker i fag- og journalsystemet til familievernet, FADO.

Bufdir opplyser at 14 prosent av avslutta saker i 2020 hadde partnarvald eller vald i foreldre-barn-relasjonen som registrert problemstilling. I 2019 var talet 16 prosent. Familievernet registrerer òg om vald har vore eit tema i meklingssaker. Bufdir opplyser at det blei avdekt vald i 12,3 prosent av alle meklingssakene i 2020, og det er omtrent same nivå som i 2019. Bufdir rapporterer om stor pågang på familieverntenesta i fyrste tertial 2021, og meir alvorlege saker.

Alternativ til Vold (ATV) er ein viktig samarbeidspartnar for familievernet. Det går føre seg eit utstrekt samarbeid mellom lokale ATV-kontor og familievernkontor om fagutvikling, rettleiing og einskildsaker. Som ein del av arbeidet med å styrkje og vidareutvikle kompetansen i tenesta er det i 2020 gjennomført opplæring i metodikken «Enkel og effektiv aggresjonskontroll» i alle regionar. Dette arbeidet, som òg er vidareført i 2021, er eit resultat av eit samarbeid mellom spisskompetansemiljøet på vald i nære relasjonar og høgkonflikt, og Alternativ til Vold. Bufdir vil i 2022 halde fram samarbeidet med ATV for å styrkje tilbodet til valdsutsette familiar.

NOVA har i 2020 fått i oppdrag av Bufdir å forske vidare på familievernet sitt arbeid mot vald. Arbeidet med å vidareutvikle familievernet sitt arbeid mot vald vil halde fram i 2022.

Stiftinga Alternativ til Vold

Stiftinga Alternativ til Vold (ATV) får tilskot frå BFD til drift av ATV-kontor. Målet med tilskotet er å få til eit lågterskel-behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og til familien til valdsutøvaren (familiemandat). Ved inngangen til 2021 var det 15 ATV-tilbod i Noreg. Til saman fekk 1 889 personar behandling i 2020. Dette er ein auke på 240 personar frå 2019. Til saman 182 barn kom til behandlings- og informasjonssamtalar i 2020, samanlikna med 193 barn i 2019. ATV arbeidde med til saman 396 familiesaker i 2020, det vil seie saker med fleire enn éin person frå same familie.

Figur 4.7 Personar i behandling i ATV, 2010–2020. ATV.

Figur 4.7 Personar i behandling i ATV, 2010–2020. ATV.

Det statlege driftstilskotet til ATV blei auka med 7 mill. kroner i 2020. Denne auken blei nytta til å etablere eit nytt ATV-tilbod i Finnmark med samisk kompetanse, og til å etablere eit nytt ATV-tilbod i Trondheim. I tillegg blei midlane brukte til å styrkje behandlingskapasiteten ved eksisterande kontor og til administrative støttefunksjonar.

Regjeringa vidareførte driftstilskotet til ATV i 2021. Arbeidet med å følgje opp eit familiemandat ved alle ATV-kontora er eit langsiktig utviklingsarbeid. ATV fekk i 2020 og 2021 òg 1 mill. kroner til å spreie informasjon om og utvide bruken av kurset Bryt voldsarven, jf. tiltak i strategien for foreldrestøtte (2018–2021). Dette arbeidet blir ført vidare i 2022.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021 blei det løyvd 5,8 mill. kroner til Alternativ til Vold til auka kapasitet for å ta høgde for auka pågang under pandemien, og for å kunne gi hjelp til fleire. Regjeringa fører vidare denne styrkinga av driftstilskotet til ATV i 2022, med heilårsverknad på 11,5 mill. kroner.

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Frivillig sektor har ei viktig rolle i å førebyggje vald og seksuelle overgrep.

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er, eller har vore, utsette for vald eller seksuelle overgrep. Nokre tiltak mot tvangsekteskap får òg støtte. Fleire organisasjonar får øyremerkte driftstilskot over ordninga.

Mange har søkt om tilskot, og i 2020 blei det gitt tilskot på om lag 26 mill. kroner gjennom ordninga. Dei organisasjonane som har fått driftstilskot gjennom ordninga, er Incestsenteret i Vestfold for drift av Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Landsforeningen mot seksuelle overgrep, Nok. Norge (tidlegare Fellesskap mot seksuelle overgrep), Krisesentersekretariatet, Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting, Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og Mental Helse sin hjelpetelefon Foreldresupport.

Rapporteringane om tilskot til tiltak mot vald og overgrep syner at eitt eller fleire av måla for ordninga er nådde. Mellom anna har tilskotsordninga i 2020 støtta aktivitetar mot bruk av vald i oppseding i minoritetsfamiliar, informasjonsarbeid om kjærastevald, tiltak for å vareta barn som er utsette for vald, og andre kompetansehevingstiltak innanfor vald og seksuelle overgrep.

Frå 2020 har òg krisesenter kunna søkje om utviklingsmidlar for å styrkje tilbodet til særleg utsette grupper. Trondheim kommune, Indre Østfold kommune, Krisesenteret i Midt-Troms, Ringerike kommune og Krisesenteret i Vestfold fekk midlar til føremålet i 2020.

Tilskotsordninga blei ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2021 mellombels auka med 13,2 mill. kroner på grunn av pandemien. Løyvinga blir ført vidare i 2022, med unntak av den mellombelse auken i 2021.

Stine Sofie Senteret

Stine Sofie Senteret i Grimstad er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, dei trygge omsorgspersonane deira og søskena deira. Senteret tilbyr seksdagars kursopphald for heile familien. I 2020 var det øyremerkte tilskotet til Stine Sofie Senteret på om lag 32 mill. kroner. Tilskotet blei ført vidare i 2021 med om lag 35 mill. kroner.

Senteret har kapasitet til å tilby om lag 500 barn eit kursopphald per år. I 2020 gav dei tilbodet til 283 barn – mot 508 barn i 2019. Den sterke nedgangen i talet på deltakarar skuldast at dei i periodar har halde stengt eller hatt færre deltakarar på grunn av smitteverntiltak.

Senteret har under pandemien nytta ledig kapasitet og midlar til mellom anna å styrkje chat-tenesta sidetmedord.no, til undersøkingar blant deltakarar og til fag-webinar. Senteret tok òg kontakt med barnevernstenester i nærliggjande kommunar og gav sårbare barn eit dagtilbod på senteret.

Resultat frå interne evalueringar viser at familiar som har fått tilbodet, erfarer at det har hjelpt dei. Trass i at mange har utfordringar i kvardagen, formidlar omsorgspersonane at problema har blitt lettare å leve med etter opphaldet. Familiane erfarer òg at samarbeidet med hjelpeapparatet er blitt betre, og at barna har opna meir opp for å snakke om sine valds- og overgrepserfaringar. Regjeringa vil i 2022 føre vidare tilskotet til Stine Sofie Senteret.

Krisesentera

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Statsforvaltarane fører tilsyn med korleis kommunane følgjer opp pliktene etter krisesenterlova. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik, og gir råd og rettleiing til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. I 2020 var det 44 krisesentertilbod, inkludert eit eige krisesenter for menn.

I 2020 budde 1 668 vaksne på krisesentera, 132 færre personer enn i 2019. Av dei vaksne som budde på krisesenter i 2020, var 137 menn. I tillegg budde det 1 258 barn på sentera (192 færre enn i 2019). 62 prosent av bebuarane i 2020 hadde innvandrarbakgrunn. Talet på dagsbesøk har auka de siste åra, men sokk til 8 118 i 2020, det lågaste talet dagsbesøk sidan 2009. Talet for dagbrukarar i 2020 var 2 212 (vs. 2 637 i 2019). I 2020 hadde krisesentera 7 838 einesamtalar på telefon med 2 076 brukarar (registreringa av einesamtalar var ny i 2020). Sjå figur 4.8 for utvikling over tid for dei andre brukargruppene. I samband med utbrotet av covid-19 blei tilsette ved krisesentera definerte som personell i kritisk samfunnsfunksjon. Under utbrotet er det meldt om noko mindre pågang, og Bufdir lanserte i desember 2020 ein kampanje om at dersom nokon ikkje er trygge heime, gjeld ikkje råda om å halde seg mest mogleg heime.

Figur 4.8 Bebuarar, dagbrukarar og dagsbesøk på krisesenter 2005–2020.

Figur 4.8 Bebuarar, dagbrukarar og dagsbesøk på krisesenter 2005–2020.

Kjelde: Sentio Research.

Sidan 2016 har Bufdir jobba målretta for å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette grupper. Målet er å sikre eit likeverdig tilbod til valdsutsette som har utfordringar på grunn av rus, psykiske lidingar eller funksjonsnedsetjing, og til den samiske befolkninga. Frå og med 2020 er arbeidet forankra i ei tilskotsordning. Sjå omtalen av tilskot til tiltak mot vald og overgrep ovanfor. Krisesenter kan søkje om midlar til utviklingsprosjekt for å vidareutvikle tilbodet til særleg utsette grupper valdsutsette. Bufdir har sidan 2018 samarbeidd med Karasjok kommune med mål om å finne løysingar for å rette opp att og styrkje krise- og incestsentertilbodet i indre Finnmark. Karasjok kommune fekk i 2020 midlar til eit forprosjekt som mellom anna har vist at det ikkje finst tilfredsstillande system og rutinar som varetek samar og deira behov for språk- og kulturkompetanse ved tenesteyting ved krisesentera. Karasjok kommune fekk nye prosjektmidlar i 2021 for å fortsetje arbeidet. Prosjektet blir sett i samanheng med vidareutviklinga av RESAK til eit nasjonalt samisk kompetansesenter for familievern, barnevern og krisesentertilbod (NaSak), som vil bidra til å styrkje tilbodet for valdsutsette med samisk bakgrunn.

Erfaringar basert på arbeidet med å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette grupper inngår i rettleiinga for innhaldet og kvaliteten i krisesentertilbodet som blei lansert i juni 2018. Målgruppa for rettleiinga er dei som jobbar på krisesenter, krisesenterleiare og ansvarlege for krisesentertilbodet i kommunar. Statsforvaltar har hatt i oppdrag å gjere rettleiinga kjend for kommunane og krisesentera. RVTS-ane har hatt i oppdrag å nytte rettleiinga i kompetansehevingstiltak for krisesentera. Ifølgje direktoratets statistikk for krisesentertilbodet er rettleiinga mykje i bruk ved sentera.

Departementet fekk i 2019 rapporten Kommunenes krisesentertilbud – en kunnskapsoversikt, skriven av Nordlandsforsking og Likestillingssenteret KUN på oppdrag frå Bufdir, og ei vurdering frå Advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig av måten krisesentera handterer personvernopplysingar på. Departementet følgjer opp rapportane ved å greie ut lovendringar og vurdere tiltak for å auke kvaliteten på tilbodet.

Bufdir lyste i 2020 ut eit forskingsprosjekt om korleis kommunane handterer det ansvaret dei har etter krisesenterlova. Prosjektet ser på kva slags oppfølging valdsutsette får i etterkant av eit krisesenteropphald, og kva for erfaringar brukarane, både vaksne og barn, har med tilbodet. Prosjektet skal òg sjå nærare på samarbeidet mellom krisesentera og helse- og omsorgstenestene. NORCE, NKVTS og Politihøyskolen gjennomfører prosjektet i fellesskap, og det skal vere ferdig sommaren 2022.

Sentera mot incest og seksuelle overgrep

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising, der personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og pårørande, kan få råd, støtte og rettleiing. Sentera blir finansierte gjennom ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar. Det er til saman 22 senter, og alle fylka har eit slikt tilbod i dag. Det er òg eit ressurssenter mot valdtekt.

Talet på brukarar av sentera har auka dei siste åra, med 2 888 brukarar i 2018, det høgste talet sidan registreringa starta i 2009. I 2020 var det 2 399 personar som brukte sentera, 471 færre enn i 2019. Nedgangen har sannsynlegvis ein samanheng med covid-19-pandemien. Av brukarane i 2020 var 80 prosent utsette for seksuelle overgrep, 16 prosent var pårørande, medan 4 prosent var både utsette for overgrep sjølve og pårørande til nokon som var utsette. 11 prosent av dei utsette som oppsøkte sentera, hadde innvandrarbakgrunn. Sjå figur 4.9 for utviklinga over tid.

Figur 4.9 Brukarar av sentera mot incest og seksuelle overgrep 2009–2020.

Figur 4.9 Brukarar av sentera mot incest og seksuelle overgrep 2009–2020.

Kjelde: Sentio Research.

Bufdir starta i 2019 opp arbeidet med tilrådingar når det gjeld kvaliteten og innhaldet i tilbodet ved sentera mot incest og seksuelle overgrep, medrekna tilbodet til barn. Nok. Norge (tidlegare Fellesskap mot seksuelle overgrep), paraplyorganisasjonen for sentera mot incest og seksuelle overgrep, har utarbeidd ei fagleg plattform for tilbodet ved sine senter. Direktoratet samarbeider derfor med Nok. Norge og ser eigne tilrådingar i samanheng med deira. Arbeidet med tilrådingane blir ferdigstilt i 2021.

Regjeringa vil i 2022 føre vidare støtta til sentera mot incest og seksuelle overgrep.

Adopsjon

Hovudføremålet med adopsjon er å sikre at barn som ikkje blir tekne hand om av dei opphavelege foreldra sine, får ein god og varig heim i ein ny familie. Adopsjon skal vere til beste for barnet og skal gjennomførast med rettstryggleik. Adopsjonar over landegrensene skal skje med respekt for dei grunnleggjande rettane til barnet og slik at bortføring av og handel med barn ikkje skjer. Eit viktig prinsipp i Haagkonvensjonen 29. mai 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar, er at adopsjon berre kan skje dersom ein ikkje kan finne familie til barnet i heimlandet.

Bufdir gav i 2019 driftsløyve for 7 år til alle dei tre adopsjonsorganisasjonane som formidlar adopsjonar til Noreg: Adopsjonsforum, InorAdopt og Verdens barn. I 2021 er det gitt 2,76 mill. kroner i støtte til drift og informasjons- og etterarbeid til adopsjonsorganisasjonane, i tillegg til driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS). Bufdir tek òg sikte på å gi inntil 0,23 mill. kroner i tilskot til Technical Assistance Program i regi av Haag-konferansen for internasjonal privatrett (ICATAP).

Det er kostnader for adoptivforeldre knytt til utanlandsadopsjon. Adopsjonsstønaden er i dag knytt til grunnbeløpet i folketrygda og svarer til verdien av 1G.

Reiserestriksjonane som blei innførte frå mars 2020 på grunn av korona, førte til at dei tre adopsjonsorganisasjonane opplevde ein vesentleg inntektssvikt, og adopsjonsorganisasjonane fekk økonomisk krisestøtte i 2020. Reiserestriksjonane fortsette i 2021, og dei to adopsjonsorganisasjonane som framleis opplevde ein inntektssvikt, fekk økonomisk stønad òg i 2021.

Det har gjennom fleire år vore ein nedgang i talet på utanlandsadopsjonar. I 2020 kom 41 barn til Noreg, mot 91 i 2019, 95 i 2018 og 127 i 2017. I 2021 er det komme 29 barn til Noreg fram til 30. juni. Pandemien og reiserestriksjonane er hovudårsaka til nedgangen i 2020 og 2021.

I 2020 fekk Bufetat 116 nye søknader om førehandssamtykke til adopsjon frå utlandet og 316 søknader om stebarnsadopsjon. 187 av desse gjaldt stebarn over 18 år. Bufetat fekk 26 søknader om adopsjon av fosterbarn over 18 år. I 2020 handsama Bufetat 99 søknader om førehandssamtykke til adopsjonar frå utlandet, 258 søknader om stebarnsadopsjonar og 26 søknader om fosterbarnsadopsjon.

Ved nasjonale spedbarnsadopsjonar gir Fagleg rådgivande utval for adopsjonssaker tilråding om val av adoptivforeldre før Bufdir handsamar saka. Utvalet handsama 24 saker om nasjonal spedbarnsadopsjon i 2020.

Det er ønskjeleg å redusere sakshandsamingstida i adopsjonssaker. Bufdir og Bufetat har arbeidd med dette i fleire år, og det har vore ein nedgang i sakshandsamingstida. Reduksjonen er grunngitt i fleire forhold, mellom anna endringar i rapporteringskrava og effekten av tidlegare tiltak i utgreiingseininga og vedtakseininga. I 2020 er det òg komme færre søknader om utanlandsadopsjon, og færre søknader er ferdighandsama samanlikna med 2019. Situasjonen med koronapandemien gjer det vanskeleg å samanlikne dei årlege tala. På grunn av strenge smitteverntiltak har det vore noko forseinkingar i 2021. Saker som skal gjennom Fagleg rådgivande utval, tek i snitt 28 dagar. Sjå omtale av oppmodingsvedtak nr. 789 av 7. juni 2017.

I 2021 fekk Bufdir tildelt 1 mill. kroner til å utvikle digital informasjon for å styrkje kunnskapen om adopsjon og vanlege utfordringar adopterte og adoptivfamiliar kan møte i eit livsløpsperspektiv. Informasjonen blir retta mot adoptivfamiliar, adopterte og offentlege tenester som adopterte og familiane ofte kjem i kontakt med. Arbeidet vil halde fram i 2022.

I 2020 blei det løyvd støtte til ei koordinatorstilling, som etter søknad blei tildelt InorAdopt. Hovudoppgåva til koordinatoren er å fungere som eit lågterskeltilbod for alle adopterte og familiar som har adoptert, og å ha god oversikt over aktuelle tenestetilbod og instansar som kan støtte adopterte og familiane deira. Koordinatoren skal òg rettleie adoptivfamiliar og adopterte som ønskjer hjelp til å finne den opphavelege familien sin. I 2021 er det tildelt 1 mill. kroner til koordinatorstillinga. Departementet vil halde fram med å finansiere koordinatorstillinga i 2022.

Adoptivbarna og adoptivforeldra kan ha ulike oppfølgingsbehov i mange år etter adopsjonen. Folkehelseinstituttet (FHI) har derfor hatt i oppdrag å kartleggje behovet for oppfølging etter adopsjon. Kartlegginga blei levert til Bufdir i mai 2021. Bufdir gjennomgår no kartlegginga og vil tilrå korleis ein kan følgje opp. Sjå omtale av oppmodingsvedtaka nr. 790 av 7. juni 2017 og nr. 744 av 31. mai 2016 i del I. NIBR ved Oslo Met fekk i 2020 i oppdrag frå Bufdir å gjennomføre eit forskingsprosjekt om utanlandsadopterte sine erfaringar med rasisme og diskriminering. Prosjektet er ein del av gjennomføringa av tiltak 7 i regjeringa sin handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion. Sluttrapport for prosjektet blei levert 1. september 2021.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

840

Tiltak mot vald og overgrep

260 606

275 172

295 674

7,5

841

Samliv og konfliktløysing

36 093

55 543

56 387

1,5

842

Familievern

606 681

613 434

658 213

7,3

843

Adopsjonsstønad

5 197

9 200

8 500

-7,6

844

Kontantstøtte

1 549 821

1 510 000

1 440 000

-4,6

845

Barnetrygd

16 269 100

17 358 000

18 169 991

4,7

846

Familie- og oppveksttiltak

836 306

1 003 998

1 260 480

25,5

847

EUs ungdomsprogram

8 537

10 628

15 974

50,3

848

Barneombodet

22 516

22 433

22 711

1,2

Sum kategori 11.10

19 594 857

20 858 408

21 927 930

5,1

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

3842

Familievern

751

784

804

2,6

3847

EUs ungdomsprogram

3 280

2 364

5 964

152,3

Sum kategori 11.10

4 031

3 148

6 768

115,0

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

472 972

534 609

574 143

7,4

50–89

Overføringar til andre

19 121 885

20 323 799

21 353 787

5,1

Sum kategori 11.10

19 594 857

20 858 408

21 927 930

5,1

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

16 731

24 695

22 761

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

101 154

104 917

107 645

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61 og kap. 858, post 01

110 796

110 613

129 412

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

31 925

34 947

35 856

Sum kap. 840

260 606

275 172

295 674

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

Midlane på denne posten blir nytta til finansiering av prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald og overgrep. Løyvinga blir mellom anna nytta til å finansiere tiltak i regjeringa sine handlingsplanar mot vald og overgrep.

Det blir føreslått å auke posten med 0,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 840, post 70 for å sikre korrekt postbruk. Midlane skal framleis gå til Nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod.

Vidare blir det føreslått å redusere løyvinga på posten med 1,1 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 858, post 01. Midlane skal gå til arbeid i Bufdir med å følgje opp utviklingsprosjekt i krisesentertilbodet og vil framleis dekkje same føremål. BFD føreslår òg å redusere løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 22,8 mill. kroner i 2022.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til senter mot incest og seksuelle overgrep. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir i samsvar med retningslinjer for statlege tilskot til senter mot incest og seksuelle overgrep og ressurssenter mot valdtekt. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å gi utsette for incest, seksuelle overgrep og valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og med godt tilgjenge. Målet skal nåast gjennom å sikre drifta av landets senter mot incest og seksuelle overgrep og ressurssenter mot valdtekt.

Tildelingskriterium

Tilskota blir tildelte etter søknad. Rundskrivet frå Bufdir stiller nærare krav til kommunane som kan søkje om tilskot.

Finansieringa er delt mellom stat og kommune. Kommunane, helseføretaket og fylkeskommunen skal til saman dekkje minst 20 prosent av driftsutgiftene, og staten dekkjer inntil 80 prosent. Prosjekttilskot og andre tilskot som ikkje er knytte til ordinær drift, blir ikkje rekna med når det statlige tilskotet skal fastsetjast. Departementet fastset årleg ei ramme for auking av tilskotet.

Oppfølging og kontroll

Incestsentera og valdtektssenteret skal utarbeide årsrapportar og statistikk for verksemda. Vertskommunen for det einskilde incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og ha ansvar for økonomiforvaltinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene.

Budsjettforslag for 2022

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2022. Departementet føreslår ei løyving på 107,6 mill. kroner i 2022.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61 og kap. 858, post 01

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor og til etablering av nye kontor. Som ein del av tiltakspakka for sårbare grupper blei ATV i samband med RNB 2021 styrkt med 5,8 mill. kroner. Det blir føreslått å auke løyvinga på posten med 11,5 mill. kroner til å vidareføre styrkinga i RNB 2021 med heilårseffekt i 2022.

Som følgje av at BFD skal overta ansvaret for Vald- og overgrepslinja frå Justis- og beredskapsdepartementet, blir det føreslått å auke posten med 6,8 mill. kroner. Av dette er 1,8 mill. kroner ei overføring frå Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 400, post 01. Linja driftes av Krisesentersekretariatet og Oslo krisesenter.

Løyvinga har vidare dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane). Det er gjort nærare greie for desse aktivitetane under Resultatrapport og strategiar.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting, SEIF sitt informasjons- og krisetilbod til ungdom som er utsette for tvangsekteskap og kjønnslemlesting, Mental Helse sin telefon- og chatteteneste for foreldre (Foreldresupport), ATV, NKVTS og RVTS-ane i 2022. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Grunna auka behov i pandemitida, vart tilskotet til Mental Helse si teneste Foreldresupport styrkt med 1,8 mill. kroner i Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021). Styrkinga gjaldt berre for 2021, og blir ikkje føreslått ført vidare i 2022.

Det blir føreslått å redusere posten med 0,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 840, post 21, sjå omtale under kap. 840, post 21.

Løyvinga blir òg nytta til tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å bidra til å førebyggje og motverke vald og overgrep i nære relasjonar, og vareta valdsutsette vaksne og barn. Ordninga skal bidra til at måla i regjeringa sine handlingsplanar mot vald og overgrep blir nådde. Måloppnåinga til tiltaka blir vurderte ut frå om, eller i kor stor grad, tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga og kriterium for måloppnåing.

Tildelingskriterium

Tilskot kan tildelast til frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Einingsregisteret på søknadstidspunktet, og kommunar og interkommunale samarbeid. Det kan søkjast om tilskot til drift og prosjekt, og det kan søkjast om tilskot for inntil tre år, med atterhald om Stortingets samtykke. Midlane blir utbetalte for eitt år om gongen. Krisesenter kan søkje om midlar til å vidareutvikle tilbodet til særleg utsette grupper valdsutsette, som valdsutsette med problematikk knytt til rus, alvorlege psykiske lidingar eller funksjonsnedsetjing, og til utvikling/tilrettelegging av krisesentertilbodet til den samiske befolkninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Ordninga blir forvalta av Bufdir på vegner av Barne- og familiedepartementet. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Nærare rammer for ordninga er fastsette i forskrift.

Budsjettforslag for 2022

Midlane på posten dekkjer òg utgifter til personalressursar i samband med handsaminga av tilskotsordninga, jf. stikkordet «kan nyttast under kap. 858, post 01». Det blir føreslått å føye til stikkordet «kan nyttast under post 61» på posten, fordi ein del av tilskotsordninga går til kommunane og derfor bør utgiftførast på ein 60-post.

Departementet føreslår ei løyving på 129,4 mill. kroner i 2022.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. Løyvinga er nytta til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, jf. Innst. 14 S (2017–2018).

Tilskot må vurderast på bakgrunn av søknader frå Stine Sofies Stiftelse.

Departementet føreslår ei løyving på 35,9 mill. kroner i 2022.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

10 687

11 995

12 307

22

Opplæring, forsking, utvikling m.m.

7 727

9 799

9 454

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

4 389

5 325

5 463

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01, og kap. 858, post 01

13 290

28 424

29 163

Sum kap. 841

36 093

55 543

56 387

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter dei same satsane som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 12,3 mill. kroner i 2022.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving i meklarkorpset. Midlane kan vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og kompetansen deira på å samtale med barn.

Midlane under posten kan òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen for å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova. Føremålet er å sikre god praksis og samhandling i sakene. Vidare kan midlane nyttast til kompetanseheving knytt til samarbeid mellom familieverntenesta og domstolane, mellom anna knytt til saker om samværshindring, og til kompetanseheving om samvær med tilsyn og bruk av sakkunnige i barnelovsaker.

Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak knytte til samliv og konfliktløysing, mellom anna utvikling av digitalt samlivskurs; sjå omtale under kap. 842, post 01.

BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,6 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 9,5 mill. kroner i 2022.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som er rekvirerte av utanriksstasjonane, domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap. Analysane blir gjennomførte ved Oslo universitetssjukehus.

Departementet føreslår ei løyving på 5,5 mill. kroner i 2022.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01, og kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer to tilskotsordningar: Tilskot til samlivskurs for fyrstegongsforeldre og Tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Hovudelementa i ordningane er omtalt nedanfor.

Tilskot til samlivskurs for fyrstegongsforeldre

Mål og kriterium for måloppnåing

Det overordna målet med tilskotsordninga er å støtte opp om samlivet til fyrstegongsforeldre. Midlane skal nyttast til å styrkje samlivsforhold og gi inspirasjon, støtte og rettleiing i ein periode med store forandringar og utfordringar. Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til samlivskurs for fyrstegongsforeldre. Ideelle/frivillige organisasjonar, kommunar, familievernkontor, institusjonar og andre kan søkje om tilskot. Organisasjonane må ha eit tydeleg sosialt føremål. Kriteria for tildeling er nærare omtalte i eit eige regelverk for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadene.

Tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak

Mål og kriterium for måloppnåing

Det overordna målet med tilskotsordninga til lokale samlivskurs og utviklingstiltak er å støtte opp om samlivet i parforhold. Tiltak som kan styrkje samlivet kan vere viktige i eit samla førebyggjande familie- og samlivsarbeid. Eit viktig mål er å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om, eller i kor stor grad, tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til to typar tiltak: lokale samlivskurs/samlingar for par og utviklingstiltak i samlivsarbeidet. Frivillige organisasjonar, kommunar, familievernkontor, institusjonar og andre kan søkje om midlar. Organisasjonane må ha eit tydeleg sosialt føremål. For å nytte ressursane best mogleg og for å opprette nettverk i lokalmiljøet, vil søkjarar som samarbeider lokalt, bli prioriterte. Det blir ikkje gitt midlar til privatpersonar eller tiltak som er drivne på forretningsmessig basis.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadene.

Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag for 2022

Departementet føreslår ei samla løyving på 29,2 mill. kroner i 2022.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

354 102

360 841

387 046

21

Spesielle driftsutgifter

29 726

28 026

28 611

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

222 853

224 567

242 556

Sum kap. 842

606 681

613 434

658 213

Bufetat har forvaltingsansvaret for familieverntenesta. Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvar for den faglege og administrative leiinga og for drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss?, og administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet. Vidare dekkjer løyvinga delar av etableringa av Nasjonalt samisk kompetansesenter for familievern, barnevern og krisesentertilbod (NASAK).

Som ein del av tiltakspakka for sårbare grupper blei familievernet i samband med RNB 2021 styrkt med 15,5 mill. kroner. Det blir føreslått for 2022 å auke løyvinga på denne posten med 19 mill. kroner og løyvinga på post 70 med 12 mill. kroner, til å vidareføre styrkinga frå RNB 2021 med heilårseffekt i 2022.

Det blei i 2021 sett av 1,6 mill. kroner til terapeutar i familievernet til gjennomføring av nettbaserte samlivskurs for fyrstegongsforeldre. Det har i ettertid blitt avdekt manglar ved dei digitale verktøya som medfører at tiltaket ikkje kan gjennomførast som tenkt. Løyvinga blei derfor redusert med 1,6 mill. kroner i RNB 2021. Midlane blei flytta til kap. 841, post 22 til utvikling av eit digitalt samlivskurstilbod. Dette gjeld òg i 2022 og BFD føreslår derfor at posten blir redusert med 1,6 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 387 mill. kroner i 2022.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Posten kan òg nyttast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta.

Departementet føreslår ei løyving på 28,6 mill. kroner i 2022.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak. Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern. Løyvinga er føreslått auka med 12 mill. kroner; sjå omtale under post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 242,6 mill. kroner i 2022.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Diverse inntekter

751

784

804

Sum kap. 3842

751

784

804

Post 01 Diverse inntekter

Departementet føreslår ei løyving på 0,8 mill. kroner i 2022. Inntektene er diverse kursinntekter med meir.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

5 197

9 200

8 500

Sum kap. 843

5 197

9 200

8 500

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adopsjon av barn frå utlandet blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir.

Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen blei gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har komme til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

I budsjettet for 2014, jf. Innst. 14 S (2014–2015), blei adopsjonsstønaden for 2015 fastsett til det dåverande grunnbeløpet, tilsvarande 1 G. Dette nivået på adopsjonsstønaden er seinare vidareført i dei årlege budsjetta. Adopsjonsstønaden er sett tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2021. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2022 og gjeld for heile kalenderåret.

Pandemien hadde stor innverknad på adopsjonsfeltet i 2020, men det er førebels usikkert kor stor innverknad det vil ha i 2021 og 2022. Det er derfor knytt usikkerheit til overslaget for talet på adoptivbarn som kjem til Noreg i 2022.

Departementet føreslår ei løyving på 8,5 mill. kroner i 2022.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Tilskot, overslagsløyving

1 549 821

1 510 000

1 440 000

Sum kap. 844

1 549 821

1 510 000

1 440 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn, at familiane får valfridom når det gjeld omsorgsform, og at det blir meir likskap i overføringane den einskilde familien tek imot frå staten, uavhengig av korleis tilsynet er ordna.

Kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom 1 og 2 år som er busette i Noreg, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot til. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Budsjettforslaget byggjer på dei gjeldande stønadssatsane og reglane og på prognosar for det venta talet på barn i kontantstøttealder (13–23 månader), basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB og venta utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Frå 1. august 2017 auka satsane for kontantstøtte frå 6 000 kroner per månad til 7 500 kroner per månad, og sidan dette har kontantstøttesatsen vore uendra. Frå 1. august 2018 blei det på nytt mogleg å få 20, 40, 60 og 80 prosent gradert kontantstøtte dersom barnet går deltid i barnehage. Det inneber at det blir gitt 80 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er til og med 8 timar per veke, 60 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 9 til og med 16 timar per veke, 40 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 17 til og med 24 timar per veke, og 20 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 25 til og med 32 timar per veke. Departementet føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå. Forslag til satsar for 2022 står i tabell 4.1.

Departementet føreslår ei løyving på 1 440 mill. kroner i 2022.

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Tilskot, overslagsløyving

16 269 100

17 358 000

18 169 991

Sum kap. 845

16 269 100

17 358 000

18 169 991

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd.

Måloppnåinga for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 år som er busette i Noreg. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

BFD føreslår å justere satsane for barn frå 0 år til og med månaden før dei fyller 6 år, ut frå antatt prisvekst. Det blir føreslått å føre vidare satsane for barn frå 6 år og til og med månaden før dei fyller 18 år, utvida stønad og småbarnstillegg. Forslaget til satsar for 2022 står i tabell 4.3, 4.4, og 4.5.

Budsjettforslaget byggjer på den nye stønadssatsen for barn under 6 år og nye prognosar for talet på barn med rett til barnetrygd, talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) og talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på 0–3 år. Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår ei løyving på 18 170 mill. kroner i 2022.

Tabell 4.3 Forslag til satsar for barnetrygd for barn under 6 år frå 1. januar 2022 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

1 676

20 112

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.4 Forslag til satsar for barnetrygd for barn frå fylte 6 år til og med månaden før fylte 18 år, for 2022 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

1 054

12 648

Tabell 4.5 Forslag til satsar for utvida barnetrygd til einsleg mor eller far for barn 0–18 år (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Utvida barnetrygd

1 054

12 648

Tabell 4.6 Talet på stønadsmottakarar i 2020. Prognosar for 2021 og 2022

Gjennomsnitt 2020

Gjennomsnitt 20211

Gjennomsnitt 2022

Barn med barnetrygd

1 107 296

1 101 089

1 091 771

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.7 Talet på stønadsmottakarar i 2020. Prognosar for 2021 og 2022

Gjennomsnitt 2020

Gjennomsnitt 20211

Gjennomsnitt 2022

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

– eitt barn

298 755

297 226

295 489

– to barn

265 980

264 619

263 072

– tre barn

79 856

79 447

78 983

– fire barn

12 259

12 196

12 125

– fem eller fleire barn

3 210

3 194

3 175

Sum stønadsmottakarar

660 061

656 682

652 845

Stønadsmottakarar med utvida stønad

117 171

113 981

113 518

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

1 579

1 275

1 256

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71

18 557

60 867

69 816

50

Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

8 073

12 519

12 780

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

43 480

44 220

61

Tilskot til inkludering av barn og unge, kan nyttast under post 71

152 929

516 597

864 489

62

Utvikling i kommunane

113 060

115 159

60 771

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

173 020

166 243

170 565

71

Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

315 726

76 278

71 079

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

11 461

12 115

10 980

Sum kap. 846

836 306

1 003 998

1 260 480

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71

Posten dekkjer utgifter til førebyggjande tiltak og forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten blir òg nytta til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet. BFDs del av forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor er finansiert over posten. Ein legg opp til å føre vidare finansieringa av dette programmet i 2022. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak på familie- og oppvekstområdet.

BFD føreslår å redusere posten med 2,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 288, post 74 under Kunnskapsdepartementet, til kontingenten til Erasmus+.

Vidare føreslår regjeringa å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner til å starte ei nasjonal utrulling av fritidskortet, jf. omtale under kap. 846, post 61. Den samla auken i løyvinga til fritidskortet er på 225 mill. kroner fordelt på dei to postane. Midlane på denne posten skal mellom anna gå til vidare arbeid med tekniske løysingar, oppfølging av kommunane og følgjeevaluering.

BFD vil òg nytte løyvinga til å greie ut opprettinga av eit forskingssenter på barn og unge sin digitale oppvekst.

Departementet føreslår ei løyving på 69,8 mill. kroner i 2022.

Post 50 Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

Midlane på posten skal nyttast til å finansiere delar av forskingsprogrammet Velferd, arbeid og migrasjon (VAM II) i Noregs forskingsråd. VAM II er eit langsiktig program som skal gi ny kunnskap om sentrale samfunnsutfordringar. Midlane skal særleg innrettast mot forsking på effekten av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester for barn, unge og familiar.

Departementet føreslår ei løyving på 12,8 mill. kroner i 2022.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Departementet føreslår at tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir inkludert i den nye samanslåtte tilskotsordninga Tilskot til inkludering av barn og unge. På bakgrunn av dette blir det føreslått å redusere løyvinga på posten med 45,4 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 846, post 61. Sjå nærare omtale under kap. 846, post 61.

Departementet føreslår derfor ikkje løyving på posten i 2022.

Post 61 Tilskot til inkludering av barn og unge, kan nyttast under post 71

På grunn av auka behov i pandemitida blei Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge styrkt med 10 mill. kroner i Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021). Styrkinga gjaldt berre for 2021, og blir derfor ikkje vidareført i 2022.

Departementet føreslår at tilskotsordninga Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge blir inkludert i den nye samanslåtte tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge. Regjeringa føreslår òg at Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom går inn i den nye ordninga. Det blir på bakgrunn av dette føreslått å auke posten med 94,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 60 og 62. Sjå nærare omtale under desse postane. Den samanslåtte ordninga blir føreslått med desse hovudelementa:

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge opp til 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om, eller i kor stor grad, tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga. Søkjarar kan få fleirårige tilskot frå ordninga, med atterhald om budsjettvedtak i Stortinget.

Tildelingskriterium

Tilskot kan tildelast offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar. Bydelane i Oslo blir sidestilte med kommunar i regelverket. Aktørane kan søkje om ulike aktivitets- eller tiltakstypar som bidreg til å nå målet med tilskotsordninga. Vidare kan kommunar og fylkeskommunar søkje om tilskot til å tilsetje «losar/ungdomslosar», personar som skal følgje opp ungdom i utdanningsløp. Kommunar kan søkje om tilskot til tiltak som skal bidra til auka koordinering og samarbeid mellom aktørane som bidreg i arbeidet med målgruppa. Private aktørar som søkjer om tilskot, må vere registrerte i Einingsregisteret.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå tilskotsmottakarane. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag for 2022

BFD føreslår i 2022 å auke løyvinga på posten med 35 mill. kroner til ei styrking av den nye tilskotsordninga.

I tillegg har løyvinga på posten vore nytta til tilskot til Blå Kors-tiltaket Barnas Stasjon, Røde Kors-tiltaket Ferie for alle, ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT. Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til tiltaka Barnas Stasjon, pilotprosjektet FRI, Ferie for alle, ferietiltak i regi av DNT og organisasjonen MOT i 2022. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå tilskotsmottakarane.

Departementet føreslår vidare å auke løyvinga på posten med 215 mill. kroner til å starte ei nasjonal utrulling av fritidskortet frå hausten 2022, jf. omtale under kap. 846, post 21. Den samla auken i løyvinga til fritidskortet er på 225 mill. kroner fordelt på dei to postane. Med heilårseffekt blir den samla utgifta til fritidskortet i 2023 om lag 550 mill. kroner.

Det blir lagt opp til at kommunane som deltek i det pågåande prøveprosjektet, blir med i den nasjonale fritidskortordninga frå hausten 2022. Dette gjeld følgjande kommunar: Arendal, Asker, Bømlo, Drammen, Fauske, Fitjar, Halden, Haugesund, Kautokeino, Kristiansund, Kvam, Kvinesdal, Lillehammer, Modum, Namsos, Oslo (bydel Grorud), Råde, Skien, Sokndal, Stord, Stor-Elvdal, Tromsø, Vadsø og Volda.

I tillegg blir det føreslått at følgjande kommunar deltek frå hausten 2022: Alta, Bergen, Giske, Hamar, Hå, Kristiansand, Levanger, Lyngdal, Narvik, Nordre Follo, Notodden, Porsgrunn, Stavanger, Sunnfjord, Trondheim, Tønsberg, Vennesla og Ålesund. Kommunane må likevel levere søknad til Bufdir. Dersom kommunane ikkje kan etablere ordninga i 2022, må Bufdir finne andre kommunar som er i stand til å etablere ordninga på ein tilfredsstillande måte. Regjeringa kjem eventuelt tilbake til dette i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022.

Målet med ordninga er å bidra til at alle barn og unge får høve til å delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar. Målgruppa for ordninga er barn frå det året dei fyller 6 år, fram til året dei fyller 18 år. Hausten 2022 vil kvart einskilt barn få 1 000 kroner til å dekkje deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar. Frå 2023 blir det lagt opp til ei årleg utbetaling på 2 000 kroner per barn. Kommunane kan få støtte til administrasjon og utvikling av fritidskortordninga, mellom anna med bakgrunn i storleiken på kommunane. Bufdir vil få i oppdrag å utforme nærare rammer og krav til kommunane si deltaking i den nasjonale utrullinga.

Det blir lagt opp til at dei kommunane som er med i ordninga frå hausten 2022, blir verande i ordninga i framtidige budsjettår.

Departementet føreslår ei løyving på 864,5 mill. kroner i 2022.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Departementet føreslår at tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom blir inkludert i den nye samanslåtte tilskotsordninga Tilskot til inkludering av barn og unge. På bakgrunn av dette føreslås det å redusere løyvinga på posten med 49,4 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 846, post 61. Sjå nærare omtale under kap. 846, post 61.

Løyvinga dekkjer etter dette to tilskotsordningar: Foreldrestøttande tiltak i kommunane og Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn (som byggjer på det tidlegare modellkommuneforsøket).

Foreldrestøttande tiltak i kommunane

Tilskotsordninga har som mål å gi barn tidleg hjelp gjennom å stimulere kommunane til å setje i verk foreldrestøttande tiltak. For å stimulere fleire kommunar til å søkje støtte til tiltak som blir gjennomførte i samarbeid med frivillig sektor, har departementet opna for breiare foreldrestøttande tiltak, som opne møteplassar og avlastingstiltak. Ordninga har følgjande hovudelement:

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga har som mål å stimulere kommunane til å setje i verk foreldrestøttande tiltak. Tiltaka skal hjelpe foreldre med å skape trygge rammer for oppveksten til barna og utviklinga i familien ved at dei blir medvitne om kva behov barna har, og får hjelp til å møte desse behova på ein god måte. Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om, eller i kor stor grad, tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Tildelingskriterium

Målgruppa for tiltaka som får støtte gjennom ordninga, er foreldre med barn opp til 18 år. Tiltaka skal medverke til å førebyggje ulike former for vald og seksuelle overgrep mot barn. Vidare skal dei bidra til å skape trygge oppvekstvilkår som legg til rette for positiv utvikling. Tiltaka kan òg ha som mål å hjelpe adoptivforeldre og fosterforeldre med å utvikle ei positiv omsorg som støttar utviklinga til barnet.

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå kommunane. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Tilskotsordninga skal styrkje kommunane sitt utviklingsarbeid, førebyggjande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge. Hovudelementa i ordninga er omtalte under.

Mål og kriterium for måloppnåing

Ordninga har som føremål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om, eller i kor stor grad, tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Tildelingskriterium

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet. Ved vurdering av søknader legg ein særleg vekt på at prosjekta er godt forankra i kommunen og har ein klar og fagleg god plan for gjennomføring. Det blir ikkje gitt tilskot til å dekkje kostnader relaterte til eksisterande tilbod eller lovpålagde tenester.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå kommunane. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Ordninga blir forvalta av Bufdir på vegner av Barne- og familiedepartementet. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag for 2022

Departementet føreslår ei samla løyving på 60,8 mill. kroner i 2022.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar. Tilskot til nasjonal grunnstønad for barne- og ungdomsorganisasjonar er regulert i ei forskrift som er fastsett av BFD. Midlane i den nasjonale ordninga blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BFD er klageinstans for vedtak som er gjorde av Fordelingsutvalet. Forslag til ny, revidert forskrift er no ute på høyring, med eit mål om å skape ei forenkling for brukarar og forvaltarar av ordninga. Nedanfor står hovudelementa frå forskrifta.

Mål og kriterium for måloppnåing

Føremålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sørgje for at dei held fram med å vere ein arena for medverknad og demokrati. Måloppnåinga blir vurdert med utgangspunkt i kor mange poeng organisasjonane som blir omfatta av ordninga, får. Poeng blir berekna etter talet på medlemmar, lokallag, talet på kurs, styresamansetjing m.m. i eit gitt grunnlagsår. Grunnlagsåret er to år før tilskotsåret.

Kriterium for tildeling

Tilskot kan innvilgast til frivillige landsomfattande organisasjonar som med vedtektene sine

  1. kan vise til at organisasjonen arbeider for barn og ungdom med spørsmål som gjeld barn og ungdom, og har barn og ungdom som deltakarar i aktivitetane sine

  2. ikkje er i strid med norsk lovgiving, og kan vise til at eit eventuelt overskot går til organisasjonen eller andre samfunnsnyttige føremål

  3. ikkje skaper hinder for full deltaking for barn og ungdom frå alle samfunnsgrupper, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, nedsett funksjonsevne eller seksuell orientering

  4. sikrar at òg medlemmar under 15 år har arenaer der dei kan fremje synspunkta sine eller øve påverknad over arbeidet i organisasjonen

Organisasjonane skal ha ei ideell (ikkje-kommersiell) målsetjing. Sjølvstendige organisasjonar av barn og ungdom blir prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Kravet til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og instruks for Fordelingsutvalet. Departementet og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag for 2022

På grunn av covid-19 har det vore vanskeleg å drive vanleg aktivitet for organisasjonane. I fjor blei det derfor fastsett ei mellombels forskrift om tilskot for tilskotsåret 2022, der organisasjonane sjølve kan velje mellom 2019 eller 2020 som grunnlagsår, alternativt eit gjennomsnitt av grunnlagsåra frå 2017 til 2019. Sidan 2021 heller ikkje har vore som eit normalår for aktiviteten til organisasjonane, legg departementet derfor opp til at forskrifta blir forlengd til òg å gjelde for tilskotsåret 2023. Departementet legg òg opp til at Fordelingsutvalet får høve til å gi etableringstilskot for eit femte år. Forslaget til endring i den mellombelse forskrifta er no ute på høyring.

Midlar til tilskotsordninga Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er mottakar av tilskotet. LNU får tilskotet med den føresetnaden at dei fordeler det vidare til ulike prosjekt som set søkjelyset på mangfald, haldningar og deltaking.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til drift av nasjonalt arbeid.

Departementet føreslår ei løyving på 170,6 mill. kroner i 2022.

Post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysingsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom.

Det er i 2021 gitt tilskot til organisasjonane Ungdom mot Vold, Oslo Røde Kors, Barnevakten og Blå Kors-tiltaket SnakkOmPsyken. Det er òg gitt tilskot til adopsjonsorganisasjonane InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS). Departementet føreslår at det òg blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2022. Tilskota må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

På grunn av pandemien blei tilskotet til Røde Kors til drift av hjelpetelefonen Kors på halsen styrkt med 7 mill. kroner i 2021, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021). Styrkinga gjaldt berre for 2021, og blir ikkje ført vidare i 2022.

Posten dekkjer òg utgifter til utprøving og evaluering av programmet Familie for første gang / Nurse Family Partnership (NFP). Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør får midlar til å dekkje lønnskostnadene til sjukepleiarar som deltek i programmet. Bufdir er i dialog med kommunane som har delteke i programmet sidan starten, Oslo, Stavanger, Sandnes og Time, om overføring av arbeidsgivaransvar for sjukepleiarane. Ved slik overføring vil kommunane få tilskot frå posten.

Departementet føreslår ei løyving på 71,1 mill. kroner i 2022.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, einskildpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane kan søkje om grunnstønad til internasjonalt arbeid. Tilskot til internasjonal grunnstønad for barne- og ungdomsorganisasjonar er regulert i ein forskrift som er fastsett av BFD, same forskrift som regulerer nasjonal grunnstønad; sjå omtalen på post 70. Forslag til ny, revidert forskrift er no ute på høyring, med eit mål om at organisasjonane får utteljing for mest mogleg av den internasjonale aktiviteten dei har kvart år. Nedanfor står hovudelementa frå forskrifta.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet for ordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet. Måloppnåinga blir vurdert på grunnlag av poenggivande aktivitet av internasjonal karakter.

Tildelingskriterium

Organisasjonane får mellom anna poeng for deltaking på internasjonale møte, seminar, konferansar, studiereiser og delegasjonsreiser som gjeld barne- og ungdomsspørsmål. Tilskotet blir forvalta av Fordelingsutvalet.

Oppfølging og kontroll

Kravet til revisjon, rapport og kontroll av internasjonal grunnstønad er regulert av forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og instruks for Fordelingsutvalet. Departementet og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag for 2022

På grunn av covid-19 har det vore vanskeleg å drive internasjonalt arbeid for organisasjonane. I fjor blei det derfor fastsett ei mellombels forskrift om tilskot for tilskotsåret 2022, der internasjonal grunnstøtte blir berekna på grunnlag av gjennomsnittet av organisasjonane sine poeng i grunnlagsåra frå 2017 til 2019. Sidan 2021 heller ikkje har vore som eit normalår for den internasjonale aktiviteten til organisasjonane, legg departementet derfor opp til at forskrifta blir forlengd til òg å gjelde for tilskotsåret 2023. Forslaget til endring i forskrifta er no ute på høyring.

Vidare kan Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede søkje om tilskot til internasjonalt arbeid. Søknader til internasjonalt arbeid blir handsama av Bufdir.

Posten dekkjer óg det norske bidraget til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF).

Ein tek òg sikte på å gi tilskot til Technical Assistance Program i regi av Haag-konferansen for internasjonal privatrett (ICATAP), som eit bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet.

Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda. Dette gjeld særleg samarbeidet innanfor rammene av den norske deltakinga i Barentsrådet, mellom anna tilskot til Barentssekretariatet for å fremje fleirnasjonalt ungdomssamarbeid i Barentsregionen.

Posten kan òg nyttast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 11 mill. kroner i 2022.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter, kan overførast

8 537

10 628

15 974

Sum kap. 847

8 537

10 628

15 974

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter ved det nasjonale kontoret som forvaltar ungdomsdelen av EU-programmet for ungdom, utdanning og opplæring, Erasmus+. Løyvinga må sjåast i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i Erasmus+.

Det blir rekna at tilskotet frå Europakommisjonen til nasjonalkontoret blir høgare enn tidligare, sjå omtale under kap. 3847, post 01. Det blir derfor føreslått å auke løyvinga på kap. 847, post 01 tilsvarande med 3,6 mill. kroner.

BFD føreslår òg å styrkje posten med 1,5 mill. kroner i samband med den norske deltakinga i den nye programperioden for Erasmus+. Aukane skal bidra til at kontoret er rusta til å handtere ei auka arbeidsmengde.

Departementet føreslår ei løyving på 16 mill. kroner i 2022.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Tilskot frå Europakommisjonen

3 280

2 364

5 964

Sum kap. 3847

3 280

2 364

5 964

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innanfor ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+.

Det blir føreslått å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner fordi inntektene frå Europakommisjonen til nasjonalkontoret er rekna til å bli høgare enn tidlegare. Sjå nærare omtale på kap. 847, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 6 mill. kroner i 2022.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

22 516

22 433

22 711

Sum kap. 848

22 516

22 433

22 711

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for rettane til barn. Barneombodet har som oppgåve å fremje interessene til barna overfor det offentlege og det private, og skal følgje med i utviklinga av oppvekstkåra til barn.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om interessene til barna, blir følgd, og at norsk rett samsvarer med pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettar. Barneombodet skal på eige initiativ, eller som høyringsinstans, sikre interessene til barna i samband med planlegging og utgreiing på alle område, føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barna, og følgje med på om endringane er gode for barna.

Barneombodet skal òg fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Barneombodet skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om rettane til barna og tiltaka dei har behov for.

Barneombodslova ligg til grunn for arbeidet. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Resultatrapport

Barneombodet har fire satsingsområde i perioden 2019–2021:

  1. å førebyggje utanforskap blant barn og unge

  2. å tilby best mogleg psykisk helsehjelp til barn og unge

  3. å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet

  4. å sørgje for ein tryggare digital kvardag for barn og unge

Barneombodet har samanstilt informasjon frå innsyn i 48 saker om straff mot barn og presentert resultata av arbeidet for relevante aktørar. I tillegg har ombodet arbeidd for betre ungdomsstraff, betre kontroll med tvang mot barn frå politiet og betre tilbod i barnevernet til barn i konflikt med lova. Barneombodet har òg arbeidd med målet om betre tverrfagleg samarbeid for barn og unge. Ombodet har etablert ei ekspertgruppe med barn som har fått hjelp frå to eller fleire tenester. Rapporten til gruppa blei lagd fram i år.

Barneombodet lanserte i 2020 rapporten Jeg skulle hatt BUP i en koffert, om ei psykisk helseteneste tilpassa behova til barn og unge. Ombodet hadde samtalar med både behandlarar på barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP), barn som har fått hjelp i BUP, og foreldre til barn som har fått hjelp. I rapporten var det ei rekke tilrådingar til styresmaktene som har blitt tekne vidare i 2021.

Barneombodet har vore engasjert i auka kompetanse i barnevernet, gjennom forslaget til masterutdanning i barnevern. Ombodet har òg undersøkt om barn i barnevernsinstitusjonar får den omsorga og behandlinga som dei har krav på etter barnevernlova. Rapporten De tror vi er shitkids blei lansert i 2020 og inneheldt mange tilrådingar til styresmaktene. Barneombodet følgjer opp tilrådingane vidare. Ombodet har gitt innspel til barnevernlova og andre prosessar i BFD og Bufdir. Ombodet har arbeidd for å få lovfesta ein rett for barn til å få kartlagt helse- og omsorgsbehovet sitt ved omsorgsovertakingar.

Barneombodet har sett eit stort behov for å samordne arbeidet for ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Derfor tok Barneombodet i 2019 initiativ til ei slik samordning ved å invitere til eit høgnivåmøte. Alle inviterte forplikta seg til å signere ei felleserklæring og to eigne tiltak for å bidra til ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Høgnivåmøtet blei halde i februar 2020, og 35 aktørar forplikta seg til dette arbeidet. Ombodet har følgt opp arbeidet vidare i 2021.

Eit av verkemidla for å få implementert FNs barnekonvensjon er at styresmaktene gjennomfører barnerettsvurderingar ved utforminga av politikk, lover, planar og andre store politiske prosessar som handlar om barn. Barneombodet ønskjer at barnerettsvurderingar skal gjennomførast i saker som blir handsama av både statlege, regionale og kommunale styresmakter. Barnerettsvurderingar var hovudtema på det årlege møtet i The European Network of Ombudspersons for Children i 2020. Det blei semje om ei felles fråsegn om eit felles rammeverk for korleis slike vurderingar kan gjerast. Ombodet er i dialog med styresmaktene om å starte arbeidet med å gjere desse kjende i Noreg. Som ein del av dette arbeidet etablerte Barneombodet ei ekspertgruppe med ungdommar, som har lagt fram ein rapport om korleis barn kan involverast i slike barnerettsvurderingar.

Barneombodet har arbeidd aktivt opp mot både NOU 2019: 23 Ny opplæringslov og Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Ombodet har òg vore aktivt involvert i å sikre ei betre barnehagelov med reglar om barnehagemiljø, handhevingsordning og tilsynsapparat. Samstundes gir ombodet informasjon om rettar og moglegheit til å klage til privatpersonar som tek kontakt med dei.

Barneombodet har brukt mykje tid på å arbeide med å sikre barn sine rettar under koronapandemien. Arbeidet på skuleområdet blei svært prega av situasjonen knytt til koronapandemien, der ombodet har arbeidd mykje med å sikre barn sin rett til opplæring. Det blei gitt fire innspel til koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge og to innspel til ekspertgruppa som skulle vurdere tiltak for skular og barnehagar. Ombodet har hatt fleire møte med styresmaktene for å gi sine tilrådingar, og har gitt innspel til Koronakommisjonen.

Strategiar og tiltak for 2022

Barneombodet er i ein prosess med å utvikle ny strategi for åra 2022 til 2024. Arbeidet skal vere fullført innan årsskiftet.

Barneombodet har fire arbeidsmetodar:

  • overvaking for å samle og arbeide med kunnskap. Kontoret lagar på bakgrunn av dette rapportar og annan skriftleg dokumentasjon til bruk overfor politiske styresmakter og samfunnet elles;

  • påverknad for å gi informasjon om kva Barneombodet meiner i faglege spørsmål;

  • opplæring for å bidra til at offentlege styresmakter får naudsynt kunnskap om barnekonvensjonen;

  • rettleiing for å bidra til at privatpersonar, fortrinnsvis barn og unge, skal få informasjon om rettane sine.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Barneombodet. I samband med nytt premiesystem i Statens pensjonskasse frå 2022, som inneber ein ny verksemdspesifikk og hendingsbasert premiemodell for statlege verksemder, er løyvinga isolert sett redusert med 0,3 mill. kroner.

Løyvinga til ombodet er føreslått auka med 0,3 mill. kroner, når ein justerar for effekten av den nye premiemodellen.

Departementet føreslår ei løyving på 22,7 mill. kroner i 2022.

Programkategori 11.20 Barnevernet

Hovudinnhald og prioriteringar

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnevernet skal òg hjelpe foreldre til å vere gode foreldre og ta hand om omsorgsbehova til barna deira. Barnet sin rett til vern og prinsippet om det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i norsk rett og i arbeidet til barnevernet. Barnevernet har òg plikt til å vareta og støtte opp om barn og foreldre sin rett til familieliv med kvarandre.

Barnevernet er både ei kommunal og ei statleg teneste. Den kommunale barnevernstenesta har ansvar for oppfølginga av barn og familiar. Barnevernstenestene gir i hovudsak hjelpetiltak til barn og familiar som ønskjer det, men kan òg fremje saker om pålagde hjelpetiltak og andre tvangstiltak. Det er fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker som gjer vedtak om tvang etter barnevernlova. Det statlege barnevernet, ved Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), skal yte bistand til kommunar dersom det blir behov for å plassere barn utanfor heimen og kommunen ikkje finn ein eigna fosterheim i slekta eller nettverket til barnet. Bufetat har vidare ansvar for etablering og drift av barnevernsinstitusjonar og tilbyr spesialiserte hjelpetiltak som kommunane kan nytte for spesifikke målgrupper. Barne- og familieetaten i Oslo har eit tilsvarande ansvar i Oslo kommune som det Bufetat har elles i landet.

Barnevernstenestene tek kvart år imot om lag 60 000 bekymringsmeldingar. Det er offentlege instansar som barnevernstenesta sjølv, politi og skule som står for fleirtalet av meldingane. Dei fleste meldingane fører til undersøkingar, og rundt ein tredjedel av bekymringsmeldingane fører til tiltak frå barnevernstenesta. I løpet av 2020 fekk om lag 53 000 barn og unge tiltak frå barnevernet. Det er ein reduksjon på om lag 2 000 frå 2019. Nedgangen gjeld barn under 18 år, medan talet på unge over 18 år som får ettervernstiltak, har auka over fleire år. Fleirtalet av barna som får barnevernstiltak, får hjelpetiltak, som i hovudsak er baserte på frivillig samtykke. Av barna som fekk tiltak ved utgangen av 2020, fekk 72 prosent hjelpetiltak. Hjelpetiltaka har som føremål å bidra til positiv endring hos barnet eller i familien.

Tvangstiltaka barnevernet har ansvar for, er underlagde strenge rettstryggleiksgarantiar som følgjer av barnevernlova. Dersom det blir vurdert å vere til det beste for barnet, kan fylkesnemnda gjere vedtak om omsorgsovertaking. Utgangspunktet er at barnet seinare skal kunne flytte tilbake til foreldra sine, slik at retten til familieliv er teken i vare. Talet på omsorgsovertakingar har gått nedover dei siste åra. I 2020 gjorde fylkesnemndene vedtak om at barnevernet skulle overta omsorga for om lag 660 barn, mot i underkant av 900 i 2019. Talet på akuttvedtak har òg gått ned. Fylkesnemndene handsama om lag 1 100 akuttvedtak etter barnevernlova i 2020, om lag 13 prosent færre enn i 2019.

Ved utgangen av 2020 budde om lag 14 200 barn og unge utanfor heimen medan dei fekk hjelp frå barnevernet. I underkant av 5 500 av desse bur utanfor heimen som eit frivillig hjelpetiltak. Av desse er om lag 3 500 unge over 18 år som får butiltak som eit ettervernstiltak. Det er i Noreg ein uttalt politikk at barn som ikkje kan bu heime, bør bu i fosterheim dersom det ikkje finst særskilde behov som tilseier at å bu på institusjon er til det beste for barnet. Det bur om lag 11 100 barn og unge i fosterheimar og nærare 1 100 barn og unge i barnevernsinstitusjonar. Dei andre barna som bur utanfor heimen, har ulike tiltak, mellom anna bustad med oppfølging.

Barnevernet gir god hjelp og omsorg til mange familiar og rettar stor merksemd mot behova og rettane til barnet og familien. Samstundes er det likevel utfordringar i tenestetilbodet. Tilsyns- og forskingsrapportar har vist kvalitetsmessige og strukturelle utfordringar i arbeidet til barnevernstenestene. Kvaliteten på tiltaka varierer mellom anna på tvers av kommunane. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har teke 43 klagar om barnevernssaker mot Noreg til handsaming. Sakene har vist at det har vore behov for å justere noko av praksisen i barnevernet, særleg krav som blir stilte til sakshandsaminga.

For å møte utfordringane på barnevernsområdet har regjeringa sett i verk endringar for å styrkje kvaliteten på arbeidet i barnevernet. Våren 2021 la regjeringa fram Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven. Stortinget har vedteke den nye lova, jf. Innst. 625 L (2020–2021) og framheva retten barnet har til medverknad. Lova skal mellom anna styrkje det førebyggjande arbeidet, medverke til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre.

Ny barnevernslov byggjer på grundige vurderingar av dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har, og ny praksis frå EMD og Noregs Høgsterett. Den nye lova styrkjer barneperspektivet. Barnet sitt beste er det grunnleggjande omsynet for barnevernet, og dette er framheva i lova. Lova legg betre til rette for at barn skal kunne forklare seg fritt til både barnevernstenesta og nemnda. Òg andre grunnleggjande rettar og prinsipp er lovfesta. Barn sin rett til omsorg og vern, retten til familieliv og prinsippet om minste inngrep går klart fram av lova. Det er òg teke inn eit krav om at omsynet til familieband skal vurderast. Barn og foreldre har rett til familieliv. Omsorgsovertaking skal i utgangspunktet vere mellombels, og målet er at barn og foreldre skal førast saman att. I lova er barnevernstenesta si plikt til å følgje opp barn og foreldre gjort klarare. Samvær er ein viktig del av arbeidet for å nå målet om at barn og foreldre skal førast saman att, og i ny barnevernslov er det mellom anna presisert at nemnda sine vedtak om samvær skal baserast på ei konkret vurdering. Barnevernstenesta skal utarbeide ein plan for samvær og kontakt og kan innvilge meir samvær enn det nemnda fastset. Endringane skal føre til ei meir dynamisk samværsfastsetjing, som òg er meir tilpassa behova til det einskilde barnet og foreldra.

Ny barnevernslov er òg ei enklare og meir brukarvenleg lov. Lova presiserer og styrkjer krav til forsvarleg sakshandsaming. Mellom anna er det lovfesta at barnevernet har journalplikt. Det blir stilt fleire krav til grunngivinga for avgjerder og til at tiltaka som blir sette i verk, skal vere eigna til å møte behova til barna og familien. Det er eit viktig omsyn at barnevernstenesta nyttar seg av ressursane rundt barnet. Lova stiller krav om at barnevernet skal leggje til rette for å involvere familie og nettverk, og er betre tilpassa barn som har foreldre som ikkje bur saman.

Det er ei utfordring å komme tidleg nok inn for å hjelpe familiar. Oppgåvene i barnevernet krev mykje av dei tilsette, i form av både kompetanse og fagleg skjønn. I for mange tilfelle manglar barnevernstenesta grundige vurderingar av behova til barna og kva hjelp dei treng. Ansvarsendringane i barnevernsreforma, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) og Innst. 354 L (2016–2017), trer i kraft i 2022. Regjeringa har som mål at reforma skal styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane, slik at fleire barn kan vekse opp i nærmiljøet sitt og få hjelp der dei bur. Kompetansesatsinga til regjeringa er ein viktig del av barnevernsreforma. I tillegg vil det bli stilt krav til kompetanse, og ansvaret til kommunane for rettleiing av dei tilsette er gjort tydeleg. I 2022 startar det òg opp to nye barnevernsfaglege mastergradar. Utdanningane skal bidra til å heve kompetansen i tenestene og gi kommunane tilgang til naudsynt personell for å oppfylle kompetansekrava. Det skal gi barnevernet betre føresetnader for å løyse oppgåvene sine på ein god måte og handtere vanskelege saker. Regjeringa føreslår 77 mill. kroner i 2022 til auka kompetanse i barnevernet. Som del av kompetansesatsinga er det oppretta fleire opplæringsprogram og vidareutdanningar. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har òg etablert eigne rettleiingsteam som hjelper kommunane med å utvikle arbeidet i barnevernstenestene.

For å møte dokumenterte utfordringar knytte til manglande systematikk i undersøkingar og manglande dokumentasjon er det behov for meir tilgjengelege digitale verktøy. Regjeringa vidarefører prosjektet DigiBarnevern, som skal gi dei tilsette i barnevernstenestene fagleg støtte til å gjere gode vurderingar og gjere det enklare å dokumentere desse. For å sikre eigarskap til og kunnskap om barnevernstenesta i leiinga i kommunane innførte ein i 2021 krav om at barnevernstenestene årleg skal rapportere til kommunestyret om tilstanden i tenestene.

Bufdir arbeider med ein grunnmodell for hjelpetiltak som skal bidra til ei heilskapleg tilnærming til hjelpetiltaksarbeidet. Arbeidet skal bidra til meir tilpassa hjelpetiltak og skape eit meir likeverdig tilbod mellom barnevernstenestene. Grunnmodellen for hjelpetiltak og DigiBarnevern er viktige bidrag for å betre kvaliteten i barnevernet og motverke uønskt variasjon mellom barnevernstenestene.

Fleire rapportar og tilsyn har òg gjort det tydeleg at det er utfordringar knytte til barnevernsinstitusjonane. Det er særleg krevjande å gi eit godt tilbod til barn med store og samansette utfordringar knytte til helse, rus og kriminalitet. Det er i tillegg behov for å kartleggje helsesituasjonen til barn som skal plasserast utanfor heimen, betre. Regjeringa har derfor, over fleire år, hatt ei satsing på betre helsetenester til barn i barnevernet. I 2022 føreslår regjeringa å auke løyvingane til dette arbeidet med ytterlegare 20 mill. kroner, til totalt 45 mill. kroner. Midlane skal gå til å utvide tilbodet om tverrfagleg helsekartlegging av barn som barnevernet meiner bør bu utanfor heimen. Kartlegging av barnet vil gi barnevernet og helsetenestene eit betre grunnlag for vidare oppfølging av barnet.

Fosterheim er det mest brukte tiltaket når barn ikkje kan bu heime. Stadig fleire barn bur i fosterheim hos slekt eller nært nettverk. Dette er ei ønskt utvikling. Det er likevel utfordrande å rekruttere og behalde fosterheimar som møter behova til dei ulike barna. For å møte utfordringane på området har regjeringa lagt fram fosterheimsstrategien Et trygt hjem for alle. Hovudmålet med strategien er å auke stabiliteten i, og tilgangen på, gode fosterheimar, slik at alle barn får ein trygg heim. Føreseielege rammer, god opplæring og oppfølging er sentrale område i strategien. Det er viktig for at fosterheimane skal klare den viktige omsorgsoppgåva dei har, og gi barna den tryggleiken dei treng. Bufdir har starta utviklinga av ei digital plattform for opplæring og oppfølging av fosterheimar. Den digitale plattforma skal gi Bufetat og kommunane eit fagleg verktøy for å lære opp og rettleie fosterfamiliar. Departementet føreslår 4 mill. kroner til arbeidet med den digitale plattforma i 2022.

I tillegg til arbeid som er i gang for å møte utfordringane i barnevernet, har regjeringa oppnemnt eit offentleg utval, Barnevernsutvalet, som skal vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet. Utvalet skal vurdere rettstryggleiken i ulike fasar av arbeidet til barnevernet og korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege og samansette sakene. Dei skal òg vurdere korleis tilbodet til dei barna som treng mest oppfølging, bør innrettast. Utvalet starta arbeidet våren 2021 og skal levere tilrådingane sine tidleg våren 2023.

Barnevernet under utbrotet av covid-19

Frå våren 2020 har det vore inngripande nasjonale og lokale tiltak mot spreiing av covid-19. Tiltaka har hatt stor innverknad på barn og unge, særleg i område med mykje smittespreiing. Tiltaka innebar mellom anna smitteverntiltak på skular og i barnehagar, eit redusert tilbod av fritidsaktivitetar og at tenestetilboda til barn og unge i kommunane har vore mindre tilgjengelege.

Barnevernet fekk tidleg i pandemien status som kritisk samfunnsfunksjon. Dette har bidrege til at barnevernstenestene og barnevernsinstitusjonane har hatt full drift under pandemien. Samstundes rapporterer over halvparten av barnevernstenestene at dei oftare har konsultasjonar på video samanlikna med før pandemien. Barnevernsinstitusjonane har generelt hatt normal drift, men med fleire tilpassingar og smitteverntiltak. Løyvinga til dei statlege og private institusjonane blei mellombels styrkt i 2021, mellom anna på grunn av auka arbeidsbelasting knytt til oppfølging av barna i institusjonane og auka kostnader til beredskapsheimar i tilfelle smitteutbrot ved institusjonane og behov for alternativ plassering.

Bufdir har hatt månadlege møte med statsforvaltarane, og statsforvaltarane har òg rapportert fortløpande om eventuelle avvik i regionen sin. Bufdir har òg kartlagt situasjonen i barnevernstenestene gjennom jamlege rapporteringar i samband med arbeidet i koordineringsgruppa for tilbodet til sårbare barn og unge under koronakrisa, sjå nærare omtale av koordineringsgruppa under programkategori 11.10. Bufdir har i løpet av pandemien laga informasjonsskriv til kommunane om mellom anna gjennomføring av samvær, prioritering av arbeidsoppgåver, og nærvær og fysiske møte med utsette barn og unge.

Barnevernet er i stor grad avhengig av meldingar frå andre for å kunne avdekkje omsorgssvikt. Under nedstenginga våren 2020 fekk fleire barnevernstenester færre meldingar enn normalt. Dette endra seg utover hausten 2020, og per april 2021 rapporterte 27 prosent av barnevernstenestene om ein auke i talet på meldingar samanlikna med før pandemien. Auken har i hovudsak komme i meldingar om barn i skulealder. Samstundes melde 10 prosent av barnevernstenestene om ein reduksjon i meldingar. Det er usikkert kva endringane i talet på bekymringsmeldingar kjem av. Dei som melder, har gjerne vore i kontakt med barnet og familien gjennom barnehage, skule, helsestasjon eller organiserte fritidsaktivitetar. Under pandemien har fleire av desse arenaene blitt innskrenka, og barnevernet si evne til å fange opp barn i risiko er blitt svekt. Det er derfor lagt vekt på at tenester til barn og unge så langt det har vore mogleg, skal vere opne og tilgjengelege.

I samband med utbrotet av covid-19 blei tiltaket Alarmtelefonen for barn og unge utvida slik at det blei lettare for sårbare barn og unge å komme i kontakt med vaksne hjelparar. Frå mars 2020 blei tilbodet utvida til å vere ope heile døgnet, og det blei etablert ei døgnopen chatteløysing i april 2020. Den utvida driftsstøtta til alarmtelefonen er vidareført, slik at tilbodet kan halde fram med å vere ope heile døgnet. På grunn av ein markant auke i talet på samtalar blei tilbodet mellombels styrkt ytterlegare i 2021, for å halde ved lag godt tilgjenge og høg kvalitet på tenesta. I tillegg blei drifta til organisasjonar i barnevernet mellombels styrkt i 2021 for å gi dei betre moglegheiter til å dekkje behova i si målgruppe under pandemien.

Det er innført ei mellombels lov for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvensar av utbrotet av covid-19. Lova har reglar om fjernmøte og delvis skriftleg handsaming av saker i fylkesnemnda. Dette skal gjere det mogleg for nemnda å handsame saker på ein trygg og forsvarleg måte og samstundes ta omsyn til smittevern. Lova har òg reglar om flytting av eit barn frå ein institusjon på grunn av covid-19 og moglegheit for digitale tilsyns- og oppfølgingssamtalar med barn i fosterheim og institusjon. Lova gjeld til 10. november 2021. Lova kan berre brukast når det er naudsynt på grunn av covid-19.

Fylkesnemndene har handsama saker på ein forsvarleg og effektiv måte under pandemien, gjennom smitteverntiltak, bruk av den mellombelse lova og anskaffing av føremålstenleg utstyr. Nemndene har positive erfaringar med den mellombelse lova og viser til at dei har brukt reglane mykje for å halde oppe sakshandsaminga og samstundes ta omsyn til smittevern i ei tid der aktørane i sakene har vore forhindra frå å møte fysisk. Bruken av reglane har samstundes variert ut frå smittesituasjonen og individuelle vurderingar. Dei mellombelse reglane om flytting av eit barn frå ein institusjon på grunn av covid-19 er lite brukte, men er ein viktig rettstryggleiksgaranti dersom utbrot rammar institusjonar. Moglegheita for digitale tilsyns- og oppfølgingssamtalar med barn i fosterheim og institusjon har vore mest nytta i Oslo og Viken. Erfaringane som Bufdir har innhenta frå statsforvaltarane og kommunane, tyder på at reglane fungerer etter føremålet.

Sjå òg Konsekvensar av pandemien for barn og unge under programkategori 11.10.

Mål på barnevernsområdet for 2022

Mål

  • Barnevernstenesta skal gi hjelpetiltak som møter behova til barn og foreldre.

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit stabilt tilbod som er tilpassa behovet til det einskilde barnet.

  • Høg kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta.

  • Vareta retten barna har til medverknad i det kommunale og det statlege barnevernet.

Måla om hjelpetiltak og tiltak utanfor heimen er nærare omtalte under Tiltak i barnevernet, og måla om sakshandsaming og medverknad er omtalte under Kvalitetsutvikling i barnevernet.

Resultatrapport og strategiar

Det som er omtalt under Resultatrapport og strategiar, er resultatrapporteringa frå 2020 og fyrste halvår av 2021 når det gjeld tiltak departementet har sett i verk i barnevernssektoren. Vidare blir det omtalt kva for strategiar og tiltak departementet har for sektoren for 2022.

Tiltak i barnevernet

Tidleg innsats

Å styrkje tidleg innsats, førebyggjande tiltak og støtte som legg til rette for at flest mogleg barn kan vekse opp i nærmiljøet sitt, er eit viktig mål med barnevernsreforma, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) og Innst. 354 L (2016–2017). Å styrkje tidleg innsats og førebyggjande tiltak er òg eit viktig mål for ny barnevernslov, jf. Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven og Innst. 625 L (2020–2021).

Gode vurderingar av behova til eit barn er ein føresetnad for at barnevernet skal kunne gi barnet riktig hjelp. I ny barnevernslov presiserer departementet plikta barnevernstenesta har til å undersøkje den heilskaplege omsorgssituasjonen og behova til barnet. Undersøkinga skal gjennomførast systematisk og grundig nok til at det er mogleg å avgjere om det er naudsynt å setje i verk tiltak etter lova. Det blir òg stilt krav om at barnevernstenesta skal lage ein plan for undersøkinga.

Våren 2021 la Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet fram Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator), som Stortinget har vedteke, jf. Innst. 581 L (2020–2021). I proposisjonen føreslo Kunnskapsdepartementet fleire lovendringar som skal styrkje oppfølginga av utsette barn og unge og deira familiar, gjennom økt samarbeid mellom velferdstenestene. Sjå nærare omtale av proposisjonen under Samarbeid om tenester for barn og unge i barnevernet.

I juni 2021 la Barne- og familiedepartementet fram Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging) for Stortinget. Tverrfagleg helsekartlegging skal bidra til å identifisere hjelpe- og helsebehov hos barn som blir flytta ut av heimen. Føremålet er å skaffe ulike instansar i barnevernet tilstrekkeleg informasjon om barnet for å kunne gi meir treffsikker hjelp og oppfølging. Sjå nærare omtale av tverrfagleg helsekartlegging under Helsetenester for barn og unge i barnevernet.

Barnevernsreform

Stortinget vedtok ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) ei barnevernsreform, jf. Innst. 354 L (2016–2017). Ansvarsendringane som følgjer av reforma, skal ta til å gjelde i 2022 og vil gi auka fagleg og økonomisk ansvar til kommunane. Den overordna målsetjinga for barnevernsreforma er at fleire barn skal få rett hjelp til rett tid, og at tenestetilbodet i større grad skal tilpassast lokale behov. Ansvarsendringane i reforma skal bidra til å styrkje moglegheitene og insentiva kommunane har til førebygging og tidleg innsats, meir effektiv ressursbruk og betre tilpassa hjelp. Reforma regulerer fyrst og fremst barnevernet, men måla i reforma blir nådde best gjennom ei brei forankring av reforma i kommunane. Det skal gjennomførast ei følgjeevaluering av barnevernsreforma som vil gi viktig informasjon om i kva grad endringane bidreg til at ein når måla med reforma. Det er planlagt at evalueringa skal starte opp i siste halvdel av 2021 og avsluttast hausten 2027.

Det økonomiske opplegget for barnevernsreforma medfører at rammetilskotet blir auka med om lag 1,3 mrd. kroner i 2022 og ytterlegare 0,8 mrd. kroner i 2023. Dei 1,3 mrd. kronene i 2022 gjeld i hovudsak kompensasjon for auka eigendelar for statlege tiltak (om lag 0,9 mrd. kroner) og kompensasjon for avvikling av refusjonsordninga til forsterking av kommunale fosterheimar (om lag 0,4 mrd. kroner). I tillegg vil ansvaret for generell rettleiing av fosterheimar bli overført til kommunane frå 2022 (om lag 6 mill. kroner). Frå 2023 vil det økonomiske opplegget for barnevernsreforma utgjere 2,1 mrd. kroner. Differansen mellom det varige nivået og nivået for 2022 kjem av ei overgangsordning der kommunane vil betale dagens eigendelar for eksisterande plasseringar i spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar, og at kommunane vil betale gamle (altså lågare) eigendelar i 2022 for tiltak som blir sette i verk i siste del av 2021. Auken i rammetilskotet kompenserer kommunane samla sett fullt ut for den berekna auken i utgiftene deira. Dette gjeld både for 2022 og på sikt. Sjå òg omtale under Kommunal- og moderniseringsdepartementets Prop. 1 S (2021–2022).

Departementet føreslår at kommunane blir kompenserte for det auka finansieringsansvaret deira i barnevernsreforma gjennom ein auke i kommuneramma. Når kommunane blir kompenserte gjennom rammetilskotet og midlane blir fordelte etter kostnadsnøkkelen for barnevern, vil nokre kommunar få ein kompensasjon som er lågare enn tiltaksutgiftene dei på omleggingstidspunktet faktisk har. Dette gjeld noko under halvparten av kommunane i landet, og det vil kunne utgjere ein risiko for desse kommunane. Som varsla i Prop. 73 L (2016–2017) har departementet vurdert tiltak for å motverke risiko ved gjennomføringa av reforma. Departementet føreslår på denne bakgrunnen å fordele halvparten av kompensasjonen til alle kommunane i 2022 og 2023 etter faktisk tiltaksbruk i 2020. Dette vil medverke til å jamne ut dei største avvika og redusere risikoen for kommunane som elles ville hatt eit monaleg negativt avvik mellom faktiske utgifter til tiltak og kompensasjonen for barnevernsreforma. I tillegg disponerer statsforvaltarane skjønnsmidlar som skal fange opp tilhøve i kommunar som ikkje blir godt nok varetekne gjennom det ordinære rammetilskotet og andre faste tilskotsordningar.

Det er allereie sett i verk fleire tiltak som skal bidra til at måla med reforma blir nådde, og som skal førebu kommunane på eit auka ansvar. I ny barnevernslov, jf. Prop. 133 L (2020–2021) og Innst. 625 L (2020–2021), blir det mellom anna stilt krav om at kommunestyret sjølv skal vedta ein plan for det førebyggjande arbeidet. Regjeringa føreslo òg å lovfeste krav til kompetanse for barnevernstilsette i barnevernlova, frå 2022. Stortinget slutta seg til forslaget. Som del av reforma er det òg lagt fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet, med tiltak som skal ruste kommunane for ansvarsendringane som trer i kraft i 2022. Eit av tiltaka i kompetansestrategien er tenestestøtteprogrammet, som er eit praksisnært tilbod som skal støtte opp under utviklingsarbeid i barnevernstenestene. Programmet fokuserer på undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid, med brukarmedverknad og traumemedvit som tverrgåande tema. Programmet er nærare omtalt under Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet. Andre tiltak, til dømes DigiBarnevern, er under utvikling. Dette peikar seg ut som eit viktig tiltak som er godt eigna til å styrkje rettstryggleiken og kvaliteten i barnevernstenestene.

For å sørgje for ei vellukka gjennomføring av barnevernsreforma er det viktig å ha god dialog med relevante aktørar. Våren 2020 blei det derfor etablert ei nasjonal koordineringsgruppe for gjennomføring av barnevernsreforma. Gruppa er leidd av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og har representantar frå Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), KS, tre kommunar og statsforvaltarane. Føremålet er å sørgje for ei god gjennomføring av reforma på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, gjennom å avklare roller, dele informasjon og koordinere aktivitetar opp mot kommunane. Gruppa har mellom anna drøfta område som kompetanseoverføring mellom Bufetat og kommunane, det førebyggjande arbeidet i kommunane, den økonomiske situasjonen etter reforma og den rådgivande rolla som statsforvaltarane har. Arbeidet i gruppa held fram i 2022.

Ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) blei det vedteke ei føresegn i barnevernlova som gir staten moglegheit til å avgrense medfinansieringsansvaret sitt ved akuttiltak. Departementet føreslår at heimelen blir teken i bruk for plasseringar i beredskapsheim frå og med 1. januar 2022, og at tidsrommet for statleg medfinansiering blir avgrensa til 12 månader for desse plasseringane. Dette inneber at kommunane må dekkje Bufetat sine kostnader til beredskapsheimar etter dei 12 månadene. Føremålet er å gi kommunane eit sterkare insentiv til å finne varige tiltak for barna. Departementet vil vurdere lengda på perioden med statleg finansiering i lys av evalueringa av reforma.

Sidan april 2016 har kommunane Alta, Røyken og Færder (tidlegare Nøtterøy og Tjøme) delteke i eit forsøk med auka kommunalt ansvar for barnevernet. Røyken avslutta forsøksverksemda ved utgangen av 2019, då kommunen blei ein del av nye Asker kommune. Alta og Færder held fram med forsøket inntil den nasjonale reforma trer i kraft i 2022. Frå dette tidspunktet inngår kommunane i ansvarsdelinga som følgjer av barnevernsreforma, på lik linje med alle andre kommunar. Overføringa av oppgåver frå stat til kommune i barnevernsreforma er meir avgrensa enn ho har vore i forsøket. Dette inneber at Alta og Færder sine inntekter gjennom kommuneramma vil bli reduserte når forsøket er over. For å sørgje for ein god overgang til ansvarsdelinga som følgjer av barnevernsreforma, føreslår departementet at Alta og Færder kommune i 2022 får tildelt eingongsløyvingar på høvesvis om lag 9 og 10 mill. kroner, i tillegg til kompensasjonen dei vil få som følgje av barnevernsreforma. Føremålet er å lette overgangen frå deltakinga i forsøket. Erfaringane frå forsøket har gitt viktig informasjon for arbeidet med å førebu barnevernsreforma.

Barnevernsreforma skal medverke til å klargjere ansvarsforholdet mellom stat og kommune innanfor barnevernet. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å få på plass tydelegare retningslinjer for innhaldet i, og målgruppene for, dei spesialiserte tilboda i Bufetat. Dette omfattar mellom anna spesialiserte hjelpetiltak og spesialiserte fosterheimar. Dette blir vareteke i tenestekatalogane, som Bufdir utviklar. Katalogane skildrar fyrste- og andrelinjetilbodet i barnevernet, ansvarsforholda mellom aktørane og kva for tenester som skal og bør vere tilgjengelege for barn og familiar som har, eller kan komme til å få, behov for bistand frå barnevernet. Bufdir legg opp til at tenestekatalogane for hjelpetiltak og fosterheimar ligg føre og er kjende før ansvarsendringane i reforma trer i kraft i 2022.

Som ein del av reforma vil Bufetat sitt tilbod om utgreiing av og hjelpetiltak for sped- og småbarnsfamiliar bli innretta på ein annan måte enn i dag. Ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) blei det lovfesta at Bufetat kan tilby spesialiserte utgreiingar av familiar med barn i alderen 0–6 år i tilfelle der det er stor uvisse knytt til omsorgssituasjonen for barna. Bufetat kan vidare tilby hjelpetiltak i etterkant av familieutgreiinga, når det er naudsynt for at barnet skal få forsvarleg hjelp. Bufetat har inga plikt til å tilby verken familieutgreiing eller hjelpetiltak. Det faglege innhaldet blir utarbeidd av Bufdir. Arbeidet med implementering av nytt fagleg innhald i sentera vil ta noko tid. Bufdir set i starten av 2022 i verk ein pilot av det nye tilbodet i utvalde senter. Dei resterande sentera skal òg starte implementeringa i 2022. Fram til dei faglege endringane er implementerte, vil det noverande tilbodet gjelde. Departementet vil vurdere ein overgangsregel, slik at kommunane betaler eigendelar uavhengig av om dei får eit tilbod etter ny eller gammal ordning.

I Prop. 73 L (2016–2017) varsla departementet ein heilskapleg gjennomgang av rammevilkåra for private tenesteytarar i barnevernet. Ved handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021), jf. Innst. 625 L (2020–2021), vedtok Stortinget å regulere kommunen sitt høve til å innhente hjelp frå («la seg bistå av») private tenesteytarar. I ny barnevernslov er høvet for barnevernstenesta til å innhente hjelp frå private tenesteytarar lovfesta, og det er òg teke inn eit forbod mot å innhente hjelp frå private til einskilde oppgåver.

I Prop. 73 L (2016–2017) blei det varsla at departementet skulle vurdere om det burde vere særlege ordningar for Svalbard som følgje av at barnevernsreforma blir sett i verk. Forslag til endringar i forskrift om lov om barneverntjenesters anvendelse på Svalbard har vore på høyring. Det er mellom anna føreslått at fosterheimar ikkje kan etablerast eller godkjennast på Svalbard, unnateke ved godkjenning frå Sysselmeisteren på Svalbard eller Longyearbyen lokalstyre. Vidare viser departementet til at Svalbard kan kjøpe bistand til nokre oppgåver, mellom anna godkjenning av fosterheimar og oppfølging og rettleiing av fosterheimar på fastlandet, som er utfordrande å gjennomføre på grunn av store avstandar. Departementet jobbar med å følgje opp høyringa.

Sjå òg omtale av innlemming av øyremerkte tilskot til stillingar i kommunalt barnevern i rammetilskotet under Kvalitet i sakshandsaminga i dei kommunale barnevernstenestene.

Hjelpetiltak i barnevernet

Det er viktig at tenestene kan komme tidleg inn med gode hjelpetiltak, slik at problema ikkje blir større og barn må flytte frå foreldra sine. Fleirtalet av barn og unge som fekk hjelp frå barnevernet i 2020, fekk hjelpetiltak. Figur 4.10 viser ei oversikt over tiltak i barnevernet ved utgangen av 2020, der det mellom anna går fram at dei fleste av tiltaka frå barnevernet er hjelpetiltak (tiltak for å styrkje utviklinga til barnet og foreldreferdigheiter).

Figur 4.10 Alle barnevernstiltak per 31.12.2020, prosentfordeling

Figur 4.10 Alle barnevernstiltak per 31.12.2020, prosentfordeling

Kjelde: SSB 2021

Dei mest brukte hjelpetiltaka er råd og rettleiing, besøksheim og økonomisk hjelp. Hjelpetiltak inneber hjelp medan foreldra har omsorga for barnet. Barn kan òg bu utanfor heimen som eit hjelpetiltak medan foreldra har omsorga for dei. Figur 4.11 viser nokre av hjelpetiltaka som er mest nytta, fordelte etter alderen til barnet. Her går det mellom anna fram at flest får tiltak for å styrkje foreldreferdigheiter. Dette tiltaket er vanlegast blant dei yngre barna. Bustad som hjelpetiltak er det eldre ungdommar som får, inkludert dei over 18 år som har ettervernstiltak.

Det er viktig med hjelpetiltak som er godt tilpassa behova til den einskilde familien. Tilsyns- og forskingsrapportar har funne utfordringar knytte til kvalitet og struktur i arbeidet til barnevernstenestene. Hjelpetiltaka som blir brukte, er for lite tilpassa dei komplekse utfordringane og samansette behova barna og familiane i barnevernet kan ha. Tiltak som er sette i verk, blir i for liten grad sett i samanheng med kvarandre. Det er òg stor variasjon i kva tiltak kommunane tilbyr, og kor mange ulike tiltak dei har tilgjengeleg. Vidare er det variasjon mellom kommunane i kvaliteten på tiltaka, og det er ikkje slik at alle kommunar alltid vurderer tiltak regelmessig for å vurdere om dei har positiv effekt. Mange barn som får hjelp frå barnevernet, har òg helseutfordringar, og ikkje alle får eit godt nok tilbod om utgreiing og behandling.

Figur 4.11 Hjelpetiltak per 31.12.2020 fordelte på alder (0–22 år)

Figur 4.11 Hjelpetiltak per 31.12.2020 fordelte på alder (0–22 år)

Kjelde: SSB 2021

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barnevernstenesta skal gi hjelpetiltak som møter behova til barn og foreldre.

Regjeringa ønskjer å forbetre arbeidet med kommunale hjelpetiltak retta mot barn, unge og familiar. I Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov er det stilt krav om at hjelpetiltak skal vere innretta slik at dei møter behova til barn og foreldre og bidreg til positiv endring hos barnet eller i familien. Det er òg føreslått ein heimel til å stille krav til kvalitet i hjelpetiltak i forskrift. Stortinget har vedteke lovendringane, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I 2020 blei det sett i verk eit prosjekt for å prøve ut ein grunnmodell for hjelpetiltak. Grunnmodellen skal gi grunnlag for ei heilskapleg tilnærming til hjelpetiltaksarbeidet og etablere eit godt samarbeid med familiane. Modellen skal gi støtte til tenestene ved val, tilpassing, oppfølging og evaluering av tiltak, i tillegg til å systematisere arbeidet med medverknad. I fyrste omgang er det arbeid med hjelpetiltak til familiar med barn mellom 4 og 12 år og unge som har behov for ettervernstiltak som skal prioriterast. Bufdir samarbeider med kommunar og relevante forskingsmiljø for å utvikle kunnskapsbaserte råd om korleis barnevernstenestene skal kunne gi god hjelp. Så langt omfattar grunnmodellen mellom anna utkast til konkrete verktøy, overordna omtalar av rolla til sakshandsamarar og system for utarbeiding og evaluering av tiltaksplan. Utkasta som allereie er utarbeidde, vil bli justerte etter læring frå praksisutprøving og vil bli ferdigstilte i 2022. Det blir gjennomført følgjeforsking på utprøvinga av grunnmodellen frå 2021.

I Prop. 73 L (2016–2017) blei det varsla at Bufetat sitt tilbod til kommunane om foreldrerettleiingsmetoden Parent Management Treatment – Oregon (PMTO) skal avviklast. Dette skal skje i takt med at kommunane sjølve byggjer opp naudsynt kompetanse til å tilby dette eller tilsvarande hjelpetiltak. Vidare blei det våren 2021 avklart at ansvaret for den regionale implementeringa av PMTO og andre kunnskapsbaserte tiltak skal liggje i Bufetat. Avviklinga av PMTO-tilbodet skal skje gradvis, parallelt med etableringa av implementeringsstrukturen, som fyrst vil vere på plass frå 2023. Bufetat vil derfor tilby PMTO som tiltak i 2022.

NTNU Samfunnsforskning og VID vitenskapelige høgskole har på oppdrag frå Bufdir evaluert endringane i reglane om å påleggje hjelpetiltak som tok til å gjelde 1. april 2016, jf. Prop. 72 L (2014–2015). Føremålet med endringane var å betre situasjonen til barnet og førebyggje meir inngripande tiltak som omsorgsovertaking. Evalueringa frå Bufdir viser at omfanget av pålagde hjelpetiltak er lågt og har vore relativt stabilt etter lovendringa. Ifølgje evalueringa ser det ut til at terskelen for å fremje sak om å påleggje hjelpetiltak framleis er relativ høg. Samtaleprosess er brukt i mange av sakene, og der kan ein finne løysningar utan bruk av tvang.

Regjeringa meiner at ideelle aktørar speler ei viktig rolle i det norske velferdssamfunnet. I 2020 inngjekk Bufdir rammeavtalar om garanterte plassar med dei ideelle sentera for foreldre og barn. Det blei inngått kontrakt om 21 plassar, der i overkant av 6 000 døgn per år var med full betalingsgaranti. Det var mogleg å forlengje avtalane i to år, og opsjonen blei nytta fullt ut i 2021. Det har vore noko underforbruk på tre av dei fire sentera i levetida til kontrakten.

Tiltak utanfor heimen

Barn og unge kan plasserast utanfor heimen viss barnevernet sine hjelpetiltak i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnet ein forsvarleg omsorgssituasjon. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det til saman var om lag 14 200 barn og unge (0–22 år) som hadde tiltak utanfor heimen ved utgangen av 2020. Det er litt færre enn ved utgangen av 2019. Talet inkluderer unge som bur utanfor heimen som ettervernstiltak.

Fosterheim og institusjon er i dag dei primære barnevernstiltaka for barn som ikkje kan bu heime. Av dei 14 200 barna og unge som budde utanfor heimen ved utgangen av 2020, var det cirka 75 prosent som budde i fosterheim, om lag det same som i tidlegare år. Vidare var det om lag 8 prosent som budde i barnevernsinstitusjon, og cirka 4 prosent som budde i beredskapsheim. Ved utgangen av 2020 hadde barnevernstenesta omsorgsansvaret for 77 prosent av barna under 18 år som hadde plasseringstiltak utanfor heimen. Barn kan òg bu utanfor heimen som eit hjelpetiltak medan foreldra har omsorga for dei. Figur 4.12 viser korleis dei ulike tiltaka fordeler seg, medan figur 4.13 viser fordelinga når det gjeld kvar barna bur.

Figur 4.12 Tiltak utenfor heimen per 31.12.2020  (0–22 år) etter lovheimel, prosentfordeling

Figur 4.12 Tiltak utenfor heimen per 31.12.2020 (0–22 år) etter lovheimel, prosentfordeling

Kjelde: SSB 2021

Figur 4.13 Tiltak utanfor heimen per 31.12.2020 (0–22 år) etter bustad, prosentfordeling

Figur 4.13 Tiltak utanfor heimen per 31.12.2020 (0–22 år) etter bustad, prosentfordeling

Kjelde: SSB 2021

14 prosent av barn og unge med barnevernstiltak utanfor heimen ved utgangen av 2020 budde i bustad med oppfølging. Kommunar nyttar til dømes hybel eller bufellesskap for unge mellom 16 og 24 år som ikkje har ein bustad, eller som står i fare for å ikkje ha det. Dette kan vere unge i sårbare overgangsfasar, til dømes i overgangen frå heim, fosterheim eller institusjon til eigen bustad. Kommunale tiltak i form av bufellesskap eller tilbod om bustad med oppfølging kan bli sette i verk som frivillige hjelpetiltak når vilkåra i barnevernlova § 4-4 andre ledd er oppfylte.

Barn som ikkje kan bu heime, har veldig ulike behov. Det kan vere ei utfordring å tilby gode og målretta tiltak som gir eit både tilpassa og stabilt tilbod av høg kvalitet. Utilsikta brot i plasseringane som gjer at barn må flytte fleire gonger, er ei særleg utfordring. Barn som bur i barnevernsinstitusjon, kan tidlegare ha flytta mellom foreldre og andre familiemedlemmar, og dei kan ha hatt eitt eller fleire opphald i fosterheim eller beredskapsheim før dei kjem til ein institusjon. Om lag to av tre barn på institusjon har hatt tre eller fleire plasseringar utanfor heimen.

Mange av barna som får barnevernstiltak utanfor heimen, har komplekse behov etter ein vanskeleg oppvekst, og mange har samstundes behov for hjelp frå fleire tenester. Det er krevjande å rekruttere mange nok fosterheimar som passar behova til barna. Dette fører til at nokre barn må vente lenge i mellombelse tiltak eller må flytte fleire gonger. Ved utgangen av 2020 var det 208 barn som venta på fosterheim etter datoen for ønskt oppstart. Det er ein liten reduksjon frå utgangen av 2019, men framleis er det for mange barn som ventar på fosterheim. Det er òg vanskeleg å gi eit godt institusjonstilbod til barn med store og samansette utfordringar i grenselandet mellom barnevern, psykisk helsevern og kriminalomsorg.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit stabilt tilbod som er tilpassa behovet til det einskilde barnet.

Fosterheimar

Når eit barn ikkje kan bu heime hos foreldra sine, er det mest brukte tiltaket frå barnevernet at barnet får bu i ein fosterheim. Barn kan bu i fosterheim både som frivillig hjelpetiltak og når barnevernet tek over omsorga for dei. Ifølgje tal frå SSB budde om lag 10 600 barn og unge (0–22 år) i fosterheim og i overkant av 500 barn i beredskapsheim ved utgangen av 2020. Figur 4.14 viser talet på barn som bur i fosterheim som eit hjelpetiltak og som eit omsorgstiltak der barnevernet har teke over omsorga for barna. Talet på barn som bur i fosterheim har vore stabilt over tid, medan det har vore ein reduksjon i talet på barn som vart plasserte i fosterheim som eit omsorgstiltak.

Figur 4.14 Barn og unge i fosterheim fordelte på lovheimel (0–22 år) frå 2017 til 2020

Figur 4.14 Barn og unge i fosterheim fordelte på lovheimel (0–22 år) frå 2017 til 2020

Kjelde: SSB 2021

Våren 2021 la regjeringa fram fosterheimsstrategien Et trygt hjem for alle. Hovudmålet med strategien er å auke stabiliteten i, og tilgangen på, gode fosterheimar, slik at alle barn får ein trygg heim. Strategien gir ei heilskapleg framstilling av prioriteringar og tiltak som regjeringa har på fosterheimsområdet. Strategien byggjer mellom anna på tiltak frå Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg. Fosterhjem til barns beste og frå NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem. Strategien skal òg støtte opp om barnevernsreforma, som gir kommunane eit større fagleg og økonomisk ansvar for dei kommunale fosterheimane. Sjå nærare omtale under Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet.

Målet med tiltaka i fosterheimsstrategien er å:

  • rekruttere fleire fosterheimar som gir barn ein god og stabil omsorgssituasjon. Tida som barn må vente på ein fosterheim, skal reduserast;

  • styrkje opplæringa og oppfølginga av fosterheimane, slik at barna og fosterforeldra får heilskapleg og tilpassa hjelp. Færre barn skal oppleve unødige flyttingar;

  • tilpasse rammevilkåra til behova til fosterfamilien og barna. Det skal bli meir føreseieleg for både fosterheimane og kommunane kva for vilkår som gjeld.

Fleire av tiltaka i strategien skal medverke til å styrkje fosterheimsarbeidet i kommunane. Tiltaka skal òg medverke til tenestesamarbeid mellom kommunar og til at fleire kommunar får på plass gode tilbod til fosterfamiliane. Arbeidet skjer mellom anna gjennom samarbeid i kommunale læringsnettverk. Kommunane som deltek i arbeidet, har fått tildelt midlar til å utvikle rettleiings- og oppfølgingstilbod eller til å styrkje arbeidet sitt med å rekruttere fosterheimar i familien og det nære nettverket til barna. Det er sett i gang utviklingsprosjekt i alle fylke. Bufdir har medverka til å etablere samarbeid mellom kommunenettverka og Bufetat om rettleiing av fosterheimar. Rapporteringar frå kommunane viser ei positiv utvikling i korleis kommunane etterlever lovkrava om oppfølgingsbesøk i fosterheimane. Sjå nærare omtale av læringsnettverka under Kvalitet i sakshandsaminga i dei kommunale barnevernstenestene. Bufdir har òg utvikla ein tenestekatalog for fosterheimsområdet som skildrar ansvars- og oppgåvedelinga mellom stat og kommune. Regjeringa si satsing på å styrkje det kommunale fosterheimsarbeidet held fram i 2022.

Eit hovudområde i strategien er rekruttering av fosterheimar. I Noreg er bruken av fosterheimar for barn som ikkje kan bu hos foreldra sine, høgare enn i mange andre, samanliknbare land. Det er samstundes ei kontinuerleg utfordring å skaffe nok fosterheimar som er tilpassa behova til barn i barnevernet. Utfordringane kjem mellom anna til uttrykk ved at for mange barn må vente lenge før dei kan flytte i ein fosterheim. Regjeringa har derfor sett i verk fleire tiltak for å styrkje rekrutteringa av fosterheimar. Arbeidet inneheld ei satsing på fleire fosterheimar i barna sine familiar og nære nettverk. Det har dei seinare åra vore ein auke i talet på slike fosterheimar. Ved utgangen av 2020 budde 31 prosent av alle barn i fosterheimar i ein fosterheim i familien sin eller nettverket sitt. Det er samstundes store skilnader mellom kommunane når det gjeld kor mange fosterheimar dei rekrutterer i familien og nettverket til barna. Statsforvaltarane blei i 2021 styrkte med eit halvt årsverk i kvart embete for å auke kapasiteten deira til å følgje opp kommunane sitt arbeid på dette området. Kommunane kan òg gjennom samarbeid i kommunale læringsnettverk styrkje arbeidet med å rekruttere fosterheimar i familien og nettverket til barna.

Bufdir har dei siste åra fått særskilde midlar til nasjonale kampanjar for å skaffe fleire fosterheimar. Målet er å få fleire til å vurdere å bli fosterheim og melde interesse til Bufetat. Kampanjane har medverka til ein jamn tilgang på nye fosterforeldre. I 2020 var det fleire familiar enn året før som tok kontakt med ønske om å bli fosterheim. Kampanjearbeidet blei i 2020 utvida med eit særskilt samarbeid med Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Det er til no inngått avtale med seks organisasjonar som skal medverke i arbeidet med å skaffe fosterheimar.

Det er særleg vanskeleg å finne eigna fosterheimar til søskenflokkar og barn over seks år med eit stort oppfølgingsbehov. I nokre tilfelle blir verken fosterheim eller opphald i ein av institusjonane Bufetat tilbyr, rekna som det best eigna tiltaket når barnet har behov for eit tiltak utanfor heimen. Dette gjeld særleg for eldre barn. I fosterheimsstrategien varslar departementet at Bufdir har sett i gang eit utgreiings- og utviklingsarbeid for å vidareutvikle tiltaksporteføljen for barn og unge som det er vanskeleg finne eigna fosterheimar til. Gjennom utgreiinga skal det vurderast om behova til dei ulike målgruppene kan dekkjast best gjennom tilpassingar i det ordinære fosterheims- eller institusjonstilbodet, eller om det bør utviklast og leggjast til rette for auka bruk av nye typar tiltak.

God opplæring og oppfølging er viktig for at fosterforeldra skal klare den viktige omsorgsoppgåva dei har. Dette er derfor eit sentralt tema i fosterheimsstrategien. Våren 2021 vedtok departementet endringar i forskrift om fosterheimar. Endringane tek til å gjelde frå 2022 og er i hovudsak ei oppfølging av Prop. 73 L (2016–2017). Forskrifta tydeleggjer ansvaret kommunen har for oppfølging av fosterheimane. For å hindre at barn opplever utilsikta brot i fosterheimsplasseringa, er det viktig at fosterforeldre får god opplæring og blir godt førebudde på det å vere fosterheim. Det er derfor innført ei plikt for fosterforeldra til å ta imot opplæring før barnet flyttar inn i fosterheimen. Det er òg vedteke at all opplæring som blir gitt til fosterforeldre, skal vere i tråd med nasjonale tilrådingar. Kravet gjeld uavhengig av om det er Bufetat, kommunen eller ein privat tenesteytar som gir fosterforeldra opplæring. Dette skal sikre eit likeverdig og kvalitetssikra opplæringstilbod til alle fosterheimar.

Bufdir har starta utviklinga av ei digital plattform for opplæring og oppfølging av fosterheimar. Den digitale plattforma skal gi Bufetat og kommunane eit fagleg verktøy for å lære opp og rettleie fosterfamiliar. Plattforma skal òg medverke til at fosterforeldra på eiga hand kan søkje opp kunnskap og informasjon når dei treng det. Dei fyrste modulane i den digitale plattforma blir ferdige innan utgangen av 2021 og kan takast i bruk frå 2022. Bufdir vil i 2022 halde fram med å vidareutvikle den digitale plattforma. Regjeringa føreslår 4 mill. kroner i 2022 til arbeidet med den digitale plattforma.

Mangel på nasjonale tilrådingar om rammevilkåra til fosterheimane har ført til utilsikta skilnader mellom fosterheimar, utan at det alltid har vore grunngitt i behova til barna. Fosterheimsstrategien tydeleggjer kva rammer som bør gjelde for fosterheimane på fleire område, til dømes økonomiske rammevilkår og rettane til fosterforeldre. Strategien inneheld faglege tilrådingar om godtgjersle av fosterheimar og om når fosterforeldre bør vere frikjøpte frå ordinært arbeid. Tilrådingane skal gjere det meir føreseieleg for fosterforeldra, slik at dei kan gi barn tryggare, meir stabile og betre heimar. Meir standardiserte rammevilkår skal òg motverke usemje om økonomisk og fagleg støtte og dermed støtte opp om samarbeidet mellom fosterheimen og barnevernstenesta. Vidare skal tilrådingane vere eit styringsverktøy for kommunane når dei frå 2022 får fullt finansieringsansvar for fosterheimar.

I ny barnevernslov, jf. Prop. 133 L (2020–2021), er det lovfesta ein uttalerett for fosterforeldre i saker om flytting av eit barn. Det skal bidra til å redusere noko av utryggleiken som fosterforeldre kan oppleve ved fosterheimsoppdraget. Fosterforeldre kan òg få høve til å klage på avgjerder om flytting.

I tråd med Granavolden-plattforma er det oppretta eit prøveprosjekt for hurtig busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar, etter modell frå Nederland. Tre sektorar samarbeider om prosjektet under leiing av Bufdir. Rammene for modellen byggjer så langt det har vore føremålstenleg, på dei delane av den nederlandske modellen som lèt seg gjennomføre i ein norsk kontekst. Barn og unge som høgst sannsynleg vil få opphald i Noreg, skal vere del av prosjektet. Barna kan vere til og med 16 år, og omsorgsfamiliane skal vere kvalifiserte og førehandsgodkjende. Organisasjonen Aberia har fått i oppdrag å prøve ut modellen, og kommunane Bergen, Lillehammer, Tromsø og Trondheim skal delta. Prosjektet starta opp 1. mars 2021. Sidan oppstarten har det komme få einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg, og det har vist seg å vere utfordrande å rekruttere omsorgsfamiliar. Dette kan bli kritiske faktorar for prøveprosjektet i det vidare arbeidet. Prosjektet skal evaluerast.

Institusjon

Institusjonstilbodet i barnevernet skal medverke til å gi barna trygge rammer, gjere det mogleg for barna å utvikle seg, auke livskvaliteten og gi varige, positive endringar i livet deira. Ved utgangen av 2020 budde det nærare 1 100 barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Noreg. Dette utgjer om lag 8 prosent av alle barn med tiltak utanfor heimen. Barn kan bu i barnevernsinstitusjon som frivillig hjelpetiltak, som omsorgstiltak og som åtferds- og akuttiltak. Dei fleste som bur på institusjon, er i alderen 13–18 år, og det er nokre fleire gutar enn jenter. Barna har ofte omfattande oppfølgingsbehov på fleire livsområde. Figur 4.15 viser talet på barn som bur i barnevernsinstitusjon, fordelte på dei ulike lovheimlane.

Figur 4.15 Barn og unge i institusjon fordelte på lovheimel (0–22 år) frå 2017 til 2020

Figur 4.15 Barn og unge i institusjon fordelte på lovheimel (0–22 år) frå 2017 til 2020

Kjelde: SSB 2021

Krava til barnevernsinstitusjonane har auka over tid. Behova til barna har blitt større og meir samansette, og forventingane til tenesta har blitt høgare. Direktoratet og departementet har arbeidd systematisk og målretta med å styrkje kvaliteten på institusjonstilbodet. Det faglege innhaldet har blitt meir kunnskapsbasert og kvalitetssikringa betre. Samstundes har alvorlege einskildsaker vist at ikkje alle barn har fått den hjelpa dei har behov for. Utfordringane er særleg relaterte til å gi eit godt nok tilbod til barna med dei mest komplekse og samansette behova innanfor det ordinære tilbodet.

Dei seinare åra har Bufdir rapportert om ei endring i utfordringsbiletet hos barn som får eit tilbod i barnevernsinstitusjon. Ein større del av barna enn tidlegare har alvorlege helseutfordringar eller gjer alvorlege handlingar som kan utsetje dei sjølve eller andre for risiko. Fleire barn med omfattande hjelpebehov i skjeringspunktet mellom barnevern, psykisk helse og kriminalomsorg medfører behov for styrkt kompetanse og fortløpande vurderingar av behovet for personelltettleik i barnevernsinstitusjonane. Mange barn har samstundes behov for tenester frå andre sektorar for at institusjonen skal komme i posisjon til å gi dei god og verksam hjelp.

Bufdir har utarbeidd ein tenestekatalog for institusjon som skildrar Bufetat og kommunane sitt ansvar når barn bur på institusjon. Tenestekatalogen gir ei overordna skildring av kva som skal inngå i det generelle tilbodet til alle barn i barnevernsinstitusjon, og dessutan kva som er særskilt i tilbodet til barn i høvesvis akutt-, omsorgs- og behandlingsinstitusjon. Føremålet er å lage ei forpliktande skildring som sikrar at det ordinære institusjonstilbodet dekkjer behova til majoriteten av barn og unge med behov for eit institusjonsopphald. Nokre barn vil ha behov som krev særskild tilpassing utover det som inngår i Bufetat sitt ordinære tilbod. Dette kan til dømes innebere høgare bemanning, spesialkompetanse eller ei særskild fysisk utforming.

I Prop. 133 L (2020–2021) omtaler departementet at det er fleire omsyn som taler for at det offentlege i større grad sjølv bør ta ansvar for plasseringar av barna med dei største og mest samansette behova, mellom anna fordi desse barna er dei mest sårbare og tenestene dei treng, er dei mest komplekse. Det er plasseringar av desse barna som inneber høgst risiko, høgst grad av myndigheit- og tvangsutøving og størst behov for samarbeid med andre offentlege tenester. Ei utfordring er at dagens institusjonstilbod ikkje er tilstrekkeleg godt innretta for å vareta barn med særleg omfattande oppfølgingsbehov innanfor den ordinære kapasiteten, det vil seie statlege institusjonsplassar og plassar i rammeavtalar med ideelle og kommersielle private aktørar. Dette har medført ein høg del kostbare einskildkjøp frå kommersielle leverandørar.

Samstundes må innrettinga av institusjonstilbodet ta omsyn til at Stortinget har bede regjeringa sikre langsiktige og løpande avtalar med ideelle tilbydarar av institusjonsplassar som fører til at delen ideelle aukar. Det er derfor ønskjeleg å arbeide for at dei statlege institusjonane i større grad enn i dag kan ta imot barna med dei største utfordringane. Dette gjeld fyrst og fremst målgruppene akutt og åtferd høg, men òg einskilde unge som er omsorgsplasserte. Målgruppa barn under 13 år, som òg ofte er ei gruppe med store og samansette behov, kan bli gitt eit tilbod i ideelle institusjonar, jf. oppmodingsvedtak nr. 1196 (2020–2021). Det er ønskjeleg med ei dreiing mot at dei private leverandørane i større grad leverer plassar til målgruppene omsorg, åtferd låg og rus, at bruken av dei ideelle institusjonane aukar, jf. oppmodingsvedtak nr. 762 (2017–2018), og at betre kapasitetsutnytting i dei statlege institusjonane bidreg til å redusere behovet for einskilde kjøp av plassar frå kommersielle leverandørar. Departementet legg i tråd med Stortinget si handsaming av Prop. 133 L (2020–2021) til grunn ei slik overordna og langsiktig arbeidsdeling på institusjonsområdet, og Bufdir vil bli bede om å ta omsyn til dette i planlegginga og dimensjoneringa av tilbodet. Samstundes må Bufdir òg ta omsyn til dei samla økonomiske rammene for institusjonstilbodet og kva endringar som til kvar tid er fagleg forsvarlege. Framdrifta og omfanget av omstilling i retninga som er skildra overfor, må tilpassast desse føresetnadane.

Tilsette på institusjon skal ta vare på barn og unge i ein svært krevjande livssituasjon og samstundes drive spesialisert endringsarbeid. Dette krev høg kompetanse. Frå 2022 blir det lovfesta krav i barnevernlova til at alle nytilsette i barnevernsinstitusjonar skal ha relevant bachelorgrad, og at institusjonsleiar og fungerande institusjonsleiar skal ha barnevernsfagleg eller annan relevant mastergrad. Vidare vil Bufdir innføre ein modell for kompetanse og kunnskap i institusjon for å sikre praksisnær opplæring til alle tilsette. Alle institusjonstilsette skal mellom anna få samkøyrt opplæring i forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barnevernsinstitusjon, tryggleik og førebygging av tvang, traumebasert omsorg, medverknad, rutinar for god dokumentasjon, rus og psykisk helse.

Behovet barna har for omsorg og behandling, bør vere kartlagt så grundig som mogleg før dei flyttar til ein barnevernsinstitusjon. I rapporten Riksrevisjonens undersøking av om statlege barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barn i barnevernsinstitusjonar (Dokument 3:7 (2019–2020)) fann Riksrevisjonen at fleire barn blir plasserte i barnevernsinstitusjonar utan at det ligg føre nok informasjon om behova deira. Dei fann òg at fleire barn ikkje blir godt nok følgde opp under opphaldet på barnevernsinstitusjon, og utfordringar med systemet for kvalitetssikring av barnevernsinstitusjonar. Dette fell i stor grad saman med funn frå interne og eksterne gjennomgangar som er sette i gang av departementet og Bufdir.

Bufetat har sett i verk tiltak for å forbetre inntaksprosessane, brukarmedverknaden og oppfølginga av kvaliteten i kvar einskild institusjon. I ny barnevernslov er barnevernstenesta si plikt til å undersøke barnet sin heilskaplege omsorgssituasjon og behova deira, presisert. Det er òg gjort tydelegare at undersøkinga skal gjennomførast systematisk og grundig nok til at ein kan avgjere om det er naudsynt å setje i verk tiltak etter lova. Departementet har òg nyleg lagt fram forslag om å gi barnevernstenesta plikt til å vurdere behov for helsekartlegging når eit barn skal plasserast utanfor heimen, jf. Prop. 222 L (2020–2021). Sjå nærare omtale under Organisering i barnevernet og samarbeid med andre sektorar. For å sikre eit godt nok informasjonsgrunnlag når barn skal flytte i institusjon, er det innført eit nytt tilvisingsskjema for kommunane. Skjemaet stiller høgare krav til dokumentasjon, både av vurderingane til kommunen og av korleis barnet sjølv oppfattar sin eigen situasjon og behovet for hjelp. Det barnevernsfaglege kvalitetssystemet, som skal vere ferdig utvikla i 2022, vil òg medverke til å styrkje arbeidet til barnevernstenestene med undersøkingar og kartlegging før ei plassering. Sjå nærare omtale under Kvalitet i sakshandsaminga i dei kommunale barnevernstenestene.

Eit vellukka opphald på institusjon vil føre til endra behov hos barnet. Det er derfor naudsynt å kartleggje barnet undervegs i opphaldet for å tilpasse tilbodet til barnet. I ny barnevernslov er det gitt ein heimel for å kartleggje barn i institusjon og ein heimel til å fastsetje ei føresegn i forskrift om barnevernstenesta si plikt til å følgje opp barn på institusjon.

Bufdir vidareutviklar styringsmodellen for institusjonane og har innført nye rutinar for internkontroll i regionane i Bufetat. Det er innført ein felles kontrollmetodikk for rapportering av misleghald og avvik i statlege og private institusjonar. Institusjonane har samla sett halde ved lag ein god kvalitet gjennom eit krevjande år med pandemi. Sjukefråværet er redusert frå førre året, og opplæringa og kompetansen er styrkte.

For at alle institusjonar skal jobbe systematisk og fagleg godt med å vareta dei grunnleggjande behova og rettane til alle barn i barnevernsinstitusjonar, er det innført standardiserte forløp i alle statlege, private og kommunale institusjonar. I tillegg er det implementert eigne forløp for statlege akutt-, omsorgs- og behandlingsinstitusjonar. Tilsvarande forløp for alle private og kommunale institusjonar vil vere innførte i løpet av 2022. Forløpa skal sikre medverknad og dokumentasjon, og at oppgåver blir utførte til rett tid. Erfaringane så langt er gode. Dei respektive spisskompetansemiljøa har ei sentral rolle i arbeidet med utvikling og innføring av standardiserte forløp.

Omsorgs- og endringsmodellen er ein måte Bufetat organiserer tilbodet til barna i omsorgsinstitusjonar på, innanfor ramma av det standardiserte forløpet for omsorgsinstitusjon. Målet er at bruk av modellen skal heve kvaliteten på tilbodet, betre den psykiske helsa og auke livskvaliteten til unge i statlege barnevernsinstitusjonar. Modellen blir prøvd ut i alle regionar i Bufetat. Erfaring frå barna blir henta inn éin gong i månaden, og førebelse tilbakemeldingar er positive.

Det statlege digitale fagsystemet Birk skal støtte dei tilsette i sakshandsaminga og vareta behov for rapportering og statistikk. Fagsystemet blir kontinuerleg vidareutvikla. Utvikling og vidareutvikling av dei standardiserte forløpa i Birk har hatt høg prioritet i 2020. Forløpa for omsorgs- og behandlingsinstitusjonar er integrerte i fagsystemet, medan forløpet for akuttinstitusjonar skal prøvast ut i 2021. Birk har òg fått ein forbetra arbeidsflyt for handtering og dokumentering av tvangssituasjonar. I 2021 blir Birk vidareutvikla mellom anna med betre digital støtte til skule- og helseoppfølging og nye standardiserte forløp for senter for foreldre og barn. I 2022 vil utviklinga innebere ei vidareutvikling av systemet i tråd med tenesteutviklinga elles i Bufetat og dessutan ein auke og ei styrking av bruken av digitale felleskomponentar i systemet – i tråd med digitaliseringsstrategien til regjeringa. Samla skal denne innsatsen gi ein meir kvalitetssikra og standardisert praksis, betre dokumentasjon og styrkt rettstryggleik for barn i barnevernsinstitusjonar.

Stortinget har ved handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) slutta seg til forslaget til reguleringa av institusjonstilbodet. Stortinget vedtok i tillegg å framheve barnet sin rett til medverknad i barnevernsinstitusjonar, jf. Innst. 625 L (2020–2021). Ny barnevernslov inneheld føresegner som bidreg til betre rettstryggleik og kvalitet i barnevernsinstitusjonane. Sentrale føresegner om rettane til barn, inngrep og bruk av tvang er flytta frå forskrift til ny barnevernslov, og det er gitt einskilde presiseringar som tydeleggjer regelverket og pliktene etter menneskerettane. Einskilde overordna krav til kvaliteten i barnevernsinstitusjonar er òg flytta frå forskrift til ny barnevernslov, og det er stilt nye krav til kompetanse. Det blir òg innført krav om godkjenning av statlege institusjonar. Samstundes har departementet varsla ein heilskapleg gjennomgang av regelverket om tvang på institusjon. Departementet vil sørgje for ein grundig og open prosess der relevante aktørar blir involverte i arbeidet. Gjennomgangen må òg sjåast i samanheng med Helse- og omsorgsdepartementet si oppfølging av NOU 2019: 14 Tvangsbegrensningsloven. Forslag til felles regler om tvang og inngrep uten samtykke i helse- og omsorgstjenesten. God kjennskap til regelverket om rettane til barn og bruk av tvang er særleg viktig for å vareta rettstryggleiken for barna under opphald på institusjon. Bufdir har halde kurs i regelverket for alle institusjonane.

Eit auka statleg ansvar for barn med omfattande oppfølgingsbehov, som omtalt over, vil leggje betre til rette for utvikling av eit godt og tilpassa tilbod. Interne og eksterne gjennomgangar har òg gitt eit godt grunnlag for vidare utvikling av tilbodet. Samstundes er det framleis behov for meir kunnskap om kva som utgjer eit godt og forsvarleg tilbod til barn som treng meir oppfølging enn det ordinære institusjonstilbodet er innretta for å gi. Departementet har derfor sett ned Barnevernsutvalet, som skal vurdere korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege og samansette sakene, i både kommunalt og statleg barnevern. Sjå nærare omtale under Kvalitet i sakshandsaminga i dei kommunale barnevernstenestene. Blant problemstillingane utvalet skal greie ut, er ansvaret til ulike sektorar, regelverk og tilbod i saker der barn har alvorlege og samansette behov i skjeringspunktet mellom barneverns-, helse- og justissektoren. Utvalet skal vidare vurdere korleis barnevernet sitt institusjonstilbod for barn med særleg omfattande oppfølgingsbehov bør innrettast, og korleis samarbeidet med tilgrensande sektorar bør vere organisert for å sikre tilstrekkelege tenester og tiltak til barna. Korleis samhandlinga mellom kommunane og Bufetat betre kan sørge for kontinuitet og heilskap i omsorgs- og behandlingstilbodet til det einskilde barnet, inngår òg i mandatet til utvalet.

Kvalitetsutvikling i barnevernet

Ny barnevernslov

Ved handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven slutta Stortinget seg til forslaget til ny barnevernslov med einskilde endringar, jf. Innst. 625 L (2020–2021). Lova skal mellom anna styrkje det førebyggjande arbeidet, medverke til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre.

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har handsama saker som viser at det på einskilde område i barnevernet er naudsynt å justere praksisen. Ny barnevernslov byggjer på grundige vurderingar av dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har, og ny praksis frå EMD og Noregs Høgsterett. Det er mellom anna teke inn i lova at samvær skal fastsetjast etter ei konkret vurdering, og det er presisert kva for omsyn som skal inngå i denne vurderinga. Barnevernstenesta skal lage ein plan for samvær, som tenesta jamleg skal vurdere. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utarbeider no ei retningslinje for barnevernstenesta om fastsetjing av samvær. Bufdir skal òg utarbeide ei retningslinje om god gjennomføring av samvær. Både kommunar, relevante brukarorganisasjonar og fagfolk er med i arbeidet med retningslinjene. Etter oppdrag frå departementet har direktoratet òg gitt OsloMet i oppdrag å undersøkje samvær etter omsorgsovertaking og gi tilrådingar for ny kunnskapsbasert praksis. Endeleg rapport skal leverast i desember 2022.

Departementet tek sikte på at den nye barnevernslova skal gjelde frå 1. januar 2023. Fram til lova trer i kraft, vil departementet gjennomføre naudsynt arbeid for å implementere den nye lova, mellom anna opplæring av brukargrupper. Departementet vil òg revidere forskriftene til barnevernslova.

I Prop. 133 L (2020–2021) føreslo departementet òg endringar i den gjeldande barnevernlova. Dette er endringar som varetek dei same måla som barnevernsreforma, og som skal kunne gjelde frå 2022 når barnevernsreforma blir sett i verk. Det gjeld mellom anna krav om at kommunestyret sjølv skal vedta ein plan for det førebyggjande arbeidet, og krav til kompetanse for tilsette i barnevernet. Stortinget slutta seg òg til desse forslaga ved handsaminga av proposisjonen.

Saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD)

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har frå 2015 til september 2021 teke til handsaming (kommunisert) 43 barnevernsklager mot Noreg. EMD har per medio september avsagt 13 dommar. Det er konstatert krenking i 11 saker, medan Noreg er frikjend i to saker. Domstolen har òg avvist to av dei 43 kommuniserte sakene og avvist ytterlegare to saker som ikkje har vore kommuniserte. EMD avviste utan grunngiving oppmodinga frå Noreg om å handsame to av dommane i storkammeret sitt. I oppmodinga bad Noreg EMD klargjere vurderingane knytte til vektlegginga av det beste for barnet. Etter anke frå ein privat part handsama EMD ein av dommane i storkammer 27. januar 2021. Dommen har ikkje rettskraft.

EMD har føreslått at fleire av sakene skal bli handsama etter ein forenkla metode (WECL) i ein komité med tre dommarar i kammer i staden for sju dommarar. Årsaka er at EMD meiner at dei no har etablert ein klar rettspraksis som andre saker kan vurderast etter. Noreg har reist innvendingar mot forenkla handsaming, då ei standardisert handsaming ikkje passar for barnevernssaker som har ulike faktum og krevjande avvegingar, og som inneber utøving av skjønn. EMD avgjorde likevel 22. juli 2021 tre saker etter WECL.

I mars og november 2020 sende Noreg handlingsplanar til Ministerkomiteen i Europarådet om oppfølginga av dommen i saka Strand Lobben mot Noreg, som storkammeret i EMD avsa 10. september 2019. Oppfølginga skjer gjennom ein forsterka prosedyre. Det skjer når Ministerkomiteen legg til grunn at eit land har eit komplekst problem. Handlingsrapporten omtaler mellom anna tiltak retta mot barnevernssektoren knytte til opplæring om innhaldet i EMD-dommane. Ministerkomiteen høyrde Noreg i saka 11. mars 2021. Noreg leverer ein ny handlingsplan i oktober 2021.

I februar 2020 handsama storkammeret i Høgsterett tre saker om barnevern. Dommane medfører eit behov for betre og grundigare vurderingar der Noreg grip inn i retten til eit familieliv, og må sjåast i samanheng med eit kompetansebehov i tenestene knytt til regelverk og grunnleggjande forståing av forvaltinga.

Dommane frå EMD og Høgsterett har påverka arbeidet med ny barnevernslov. Vidare har departementet i samarbeid med Bufdir sett i verk fleire tiltak for at kunnskap om dommane frå Høgsterett og praksisen til EMD skal bli kjend for barnevernet. Det gjeld til dømes omfattande kursverksemd og revidering av styrande dokument. Faglege retningslinjer for fastsetjing av samvær er ein del av dette. Barnevernsutvalet, som skal greie ut tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet, skal òg i sitt arbeid mellom anna sjå hen til avgjerdene frå EMD.

Sakkunnige i barnevernssaker

Bufdir har på oppdrag frå departementet greidd ut forslag til alternative modellar for å forbetre styringa og drifta av utdanningsprogrammet for barnefagleg sakkunnige og for å vidareutvikle kvaliteten i utdanningsprogrammet. Bufdir har òg komme med forslag til forbetring av den landsdekkjande oversikta over barnefagleg sakkunnige. Departementet føreslår å tildele midlar til Bufdir i 2022 slik at direktoratet kan starte på eit arbeid med kvalitetstiltak knytte til barnefagleg sakkunnige, inkludert utdanningsprogrammet. Føremålet er å styrkje rettstryggleiken for barn og familiar, auke tilgangen på sakkunnige og auke kvaliteten på det sakkunnige arbeidet.

På oppdrag frå departementet har Bufdir utforma ein ny rettleiar for sakkunnig arbeid i saker etter barnevernlova. Den nye rettleiaren vil bli teken i bruk hausten 2021 og skal bidra til å auke kvaliteten på det sakkunnige arbeidet.

I ny barnevernslov får departementet heimel til å gi forskrifter om krav til sakkunnige mandat, rapportar og eigenerklæringar. Mykje av reguleringa om sakkunnige i barnevernet er i dag gitt i retningslinjer. Meir forpliktande reglar vil bidra til å styrkje det formelle rammeverket rundt sakkunnigoppdraget. Ny barnevernslov stiller kompetansekrav til sakkunnige som barnevernstenesta engasjerer som ledd i undersøkinga. Barnevernsutvalet, som skal greie ut tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet, skal òg vurdere rolla til dei sakkunnige.

I ny barnevernslov blir betalingsansvaret for sakkunnige som er oppnemnde av fylkesnemnda, overført frå kommunen til staten, ved fylkesnemnda. Det er lagt vekt på at det er nemnda som har ansvaret for å vurdere om det som ein del av kravet til forsvarleg grunnlag for avgjerder er naudsynt å engasjere ein sakkunnig etter at saka er fremja for nemnda.

Kvalitet i sakshandsaminga i dei kommunale barnevernstenestene

Det kommunale barnevernet har ansvar for at barn og unge har trygge og gode oppvekstvilkår. Barnevernstenestene skal gi barn naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Sjølv om det blir gjort mykje godt barnevernsfagleg arbeid, tyder fleire forskings- og tilsynsrapportar og offentlege utgreiingar frå dei siste åra på at både kommunane og det statlege barnevernet har utfordringar med å tilby tenester som har god nok kvalitet til dei barna og familiane som trenger hjelp. Det er særleg peika på manglande analysar, barnevernsfaglege vurderingar og grunngivingar i barnevernet sitt arbeid. Mange tilsette i barnevernet gir uttrykk for at dei ikkje har nok kompetanse til å utøve sentrale kjerneoppgåver i yrket.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Høg kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta.

God bemanning er avgjerande for at barn og ungdom som opplever omsorgssvikt, skal få den hjelpa dei treng. Statistikk frå SSB viser at talet på årsverk i barnevernstenestene har auka frå om lag 4 900 årsverk i 2013 til rundt 6 300 årsverk i 2020. Det har frå 2011 vore gitt øyremerkte tilskot til stillingar i barnevernstenestene. I 2021 dekkjer løyvinga i overkant av 1 000 årsverk i det kommunale barnevernet. I Prop. 73 L (2016–2017) blei det framheva som naturleg at det øyremerkte tilskotet blir innlemma i rammetilskotet frå same år som barnevernsreforma trer i kraft, slik at kommunane får eit heilskapleg finansieringsansvar for årsverk i det kommunale barnevernet. Dette vil vere godt i tråd med at frie inntekter er hovudmodellen for finansiering av kommunane. Departementet føreslår derfor å innlemme midlane i kommuneramma frå 2022.

For interkommunale samarbeid har det ofte vore slik at vertskommunen i samarbeidet har fått tildelt det øyremerkte tilskotet på vegner av deltakarkommunane. Når kommunane blir kompenserte gjennom rammetilskotet, blir midlane fordelte etter kostnadsnøkkelen for barnevern. Dette inneber at deltakarkommunar i interkommunale samarbeid som ikkje har fått midlar tidlegare, får ein sum tilsvarande kva dei skal ha gjennom kostnadsnøkkelen for barnevern. Deltakarar i interkommunale samarbeid må derfor sjølve, som på andre område, avtale finansiering av samarbeidet.

Regjeringa har gjort fleire grep for at kapasiteten og bemanninga i barnevernstenestene blir følgde opp og vurderte lokalt i kommunane. Statsforvaltarane har i oppgåve å følgje opp og ha dialogmøte med kommunane om tilstanden i barnevernet. Både statsforvaltarembeta og kommunane har meldt om at dette har medverka til betre kunnskap og styring av barnevernet. Frå 2021 blei det òg innført krav om at barnevernstenestene årleg skal rapportere til kommunestyret om tilstanden i tenesta. Rapporteringa skal gi politikarar, tilsette i kommunen og befolkninga innsikt i korleis barnevernet jobbar, og kva problemstillingar tenesta møter. Bufdir har laga ei nettbasert rettleiing som skal medverke til god kvalitet på rapporteringa. Direktoratet har erfart at kommunane har hatt nytte av rettleiinga, og at den årlege rapporteringa gir kommunestyret betre oversikt over tilstanden. Departementet vil fortsetje å følgje opp implementeringa av desse tiltaka.

Frå 2013 til 2020 har det vore ein auke i talet på tilsette i det kommunale barnevernet på om lag 30 prosent. Veksten i årsverk kjem i fyrste rekke av at mange kommunar prioriterer barnevernet høgare innanfor dei frie inntektene. Departementet vil følgje med på utviklinga i stillingar. Bufdir har fått i oppgåve å utvikle årlege nasjonale oversikter over tilstanden i kommunane når det gjeld bemanning i barnevernstenestene, fristbrot for undersøkingar og oppfølgingsbesøk i fosterheimar.

Det førebyggjande arbeidet til barnevernet er viktig for å redusere akutte hendingar. Samstundes må arbeidet til barnevernet ha høg kvalitet, uavhengig av når på døgnet behovet oppstår. Regjeringa har dei siste åra lagt stor vekt på å følgje opp ansvaret kommunane har for å sikre eit forsvarleg tilbod om hjelp i akutte saker heile døgnet. Ny barnevernslov lovfestar at barnevernstenesta skal vere tilgjengeleg til kvar tid. I 2017 hadde 52 prosent av kommunane formalisert akuttberedskap. Statsforvaltaren har hatt som oppgåve å vere ein pådrivar for full dekning av akuttberedskap i kommunane. I 2020 hadde alle kommunane formalisert akuttberedskap.

Gjennom kompetansestrategien for det kommunale barnevernet er det oppretta læringsnettverk i alle fylka. Læringsnettverka skal mellom anna medverke til at kommunane samarbeider om utvikling av tenester og tiltak til barn og familiar i barnevernet. Statsforvaltaren koordinerer arbeidet i nettverka og forvaltar stimuleringsmidlar til lokale utviklingsprosjekt. Nettverka kan søkje midlar til utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet og til eigeninitierte utviklingsprosjekt. Nesten alle barnevernstenestene i Noreg har delteke i eit læringsnettverk sidan oppstarten i 2018. Utbrotet av covid-19 har gjort arbeidet i nettverka vanskelegare. Bruk av digitale plattformer har likevel medverka til at det at har vore stor aktivitet i fleire av nettverka. Læringsnettverka kan samarbeide om prosjekt som er særleg viktige lokalt, eller om utfordringar som gjeld fleire av tenestene i nettverket. Evaluering av tilbodet tyder på at læringsnettverka bidreg til at det blir etablert fagfellesskap og utvikling på tvers av kommunane, og at tiltaket er godt eigna til å bidra til å heve kvaliteten i tenestene. God politisk og administrativ forankring blir framheva som viktig for å nå måla. Tverrfagleg samarbeid vil bidra til å styrkje kommunane si implementering av barnevernsreforma, som trer i kraft i 2022. I 2021 har derfor Bufdir oppmoda til at tenester innanfor helse og utdanning kan delta i nettverka, for å leggje til rette for samarbeid om både førebyggjande innsats og hjelpetiltak i kommunen. Dette held fram i 2022.

I løpet av 2018 og 2019 har 13 kommunar fått tilbod om rettleiing frå eigne rettleiingsteam som Bufdir har etablert i samarbeid med Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Midt-Norge. Rettleiinga har gått over to år og blei avslutta våren 2020. Tilbakemeldingane frå kommunane viser at rettleiinga har medverka til å styrkje leiingskompetansen i barnevernstenestene. System, rutinar og arbeidsformer har blitt gjennomgått og tilpassa dei utfordringane tenestene har stått overfor. Tenestene har gjennom tydeleg leiing og målretta tiltak oppnådd gode resultat. Frå sommaren 2020 blei tilbodet utvida til 19 nye kommunar. Tilbodet er retta mot kommunar med store utfordringar i barnevernet. Rapporteringar frå kommunane tyder på at utfordringane er størst i Nordland, Troms og Finnmark. Kommunar frå desse fylka har derfor vore prioriterte. Mange av dei planlagde aktivitetane er hittil gjennomførte digitalt, og det er dermed god framdrift trass i pandemien. I 2022 vil om lag 17 nye kommunar få tilbod om rettleiing.

Det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern blei starta i 2016 for å gi det kommunale barnevernet betre digitale løysingar. Det skal gi kommunane betre føresetnader for å kunne gi god og effektiv hjelp til barn og unge. DigiBarnevern skal i tillegg leggje til rette for betre styringsinformasjon for leiarar i barnevernet og den øvste leiinga i kommunen. Prosjektet er organisert i eitt statleg prosjekt, leidd av Bufdir, og eitt kommunalt prosjekt, leidd av KS og Trondheim kommune. Prosjektperioden varer ut 2022. Då skal dei digitale løysingane vere ferdig utvikla og klare for overføring til drift og forvalting. Det blir arbeida aktivt frå kommunalt og statleg hold for å sikre kommunal utbreiing og gevinstrealisering av prosjektet sine leveransar.

Den fyrste leveransen frå prosjektsamarbeidet er nasjonal portal for bekymringsmelding, som blei lansert våren 2020. Teknisk drift og forvalting står KS for, medan Bufdir har ansvaret for å forvalte det barnevernsfaglege innhaldet i portalen. Med portalen kan innbyggarar og offentlege instansar melde bekymring til barnevernet på ein sikker, digital måte. Ved utgangen av 2020 var portalen teken i bruk av 100 kommunar som til saman dekkjer om lag 2,8 millionar innbyggjarar. I det vidare arbeidet med DigiBarnevern vil Bufdir halde fram utviklinga av eit barnevernsfagleg kvalitetssystem, som skal rettleie dei tilsette i arbeidet og vil bidra til å styrkje sakshandsaminga. Det skal mellom anna stimulere til at barn får medverke i alle fasar av ei barnevernssak. Utviklinga av vurderings- og avgjerdsstøttande verktøy for handsaming av bekymringsmeldingar og undersøkingar er ferdig, og i 2021 vil Bufdir utvikle verktøy for tiltaksfasen. I starten av 2022 vil Bufdir utvikle verktøy for ettervernsfasen, og kvalitetssystemet skal vere klart for å takast i bruk av kommunale barnevernstenester innan utgangen av 2022.

Bufdir vil i 2021 òg arbeide vidare med utviklinga av ein rapporteringsbank, som mellom anna vil sørgje for automatiske uttrekk av data frå sakshandsamingssystemet til barnevernstenesta. Arbeidet er prega av høg kompleksitet som har medført nokon forseinkingar. Bufdir har inngått eit samarbeid med SSB om utvikling av den tekniske løysinga, og innsamling av data frå kommunane. Det blir planlagt for at leveransen er ferdigstilt innan utgangen av 2022.

Ny barnevernslov skal òg medverke til auka kvalitet i sakshandsaminga i barnevernstenestene. Den nye lova stiller tydelegare krav til forsvarleg sakshandsaming, mellom anna krav om at barnevernet skal føre journal for det einskilde barnet og krav til grunngivinga for avgjerder. Som del av implementeringa av ny barnevernslov vil det bli gitt opplæring av barnevernsleiarar i heile landet. Vidare er sakshandsamingsrundskrivet revidert slik at gjeldande rett om sakshandsaming i barnevernet skal bli klårare.

Tilstrekkeleg juridisk kompetanse i tenestene er avgjerande for rettstryggleiken til barn og familiar som får hjelp frå barnevernet. Det er sett i verk fleire tiltak for å auke den juridiske kompetansen i barnevernstenestene. Bufdir har utarbeidd kurs om forvaltingsforståing og læringspunkt frå avgjerder frå EMD og Noregs Høgsterett. Så godt som alle tenestene i landet har delteke på kurs, anten fysisk eller digitalt. Responsen på kursa har gjennomgåande vore svært god, og mange har gitt tilbakemelding om at dei ønskjer meir av denne type kurs. Bufdir er òg i ferd med å utvikle e-læringskurs om forvaltingsrett og sakshandsaming. Samstundes vil det bli innført ein nasjonal deleksamen i juss i dei barnevernsfaglege masterutdanningane. Eksamenen vil bli utvikla av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen, i samarbeid med universitet og høgskular. Departementet vil dessutan vidareføre vidareutdanninga i juss i barnevernsfagleg arbeid, slik at dagens tilsette kan få auka kompetanse innan juss. Nye masterutdanningar og vidareutdanningane er nærare omtalt under Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet.

Regjeringa har oppnemnt Barnevernsutvalet, som skal vurdere behovet for ytterlegare tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet. Utvalet skal vurdere rettstryggleiken i ulike fasar av arbeidet til barnevernet og korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege og samansette sakene. Dei skal òg vurdere korleis tilbodet til dei barna som treng mest oppfølging, bør innrettast. Utvalet skal levere tilrådingane sine tidleg våren 2023.

Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet

Hausten 2017 la regjeringa fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet. Strategien inneheld ei rekke tiltak for å betre kompetansen i barnevernet. Strategien varsla òg at regjeringa vil stille tydelegare krav til kompetansen hos dei tilsette.

Stortinget har i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) vedteke nokre endringar i gjeldande barnevernlov som vil tre i kraft frå 2022. Det gjeld mellom anna kompetansekrav til tilsette i barnevernstenestene i kommunane og i barnevernsinstitusjonane. For kommunane er det stilt krav om at tilsette som skal jobbe med visse kjerneoppgåver skal ha relevant masterutdanning. Det er laga ei overgangsordning for noverande tilsette med utdanning på bachelornivå. Dei kan oppfylle krava gjennom ein kombinasjon av arbeidserfaring og vidareutdanning. Overgangsordninga gjeld fram til 2031. Kommunane vil bli kompenserte for meirutgifter som følgjer av kompetansekravet, anslått til mellom 440 og 610 mill. kroner frå 2031. For 2022 føreslår regjeringa å kompensere kommunane med 52,5 mill. kroner. Det er òg stilt krav for tilsette i barnevernsinstitusjon. For å betre tilgangen på praksisstader blir det òg innført ei plikt for kommunar og Bufetat om å tilby rettleia praksis i høvesvis barnevernstenesta og barnevernsinstitusjon dersom utdanningsinstitusjonar ber om det. Krava skal medverke til betre kompetanse både i det statlege og det kommunale barnevernet.

Eit tilstrekkeleg tilbod om relevante vidareutdanningar er ein viktig føresetnad for at dei tilsette skal kunne oppfylle kompetansekrava. Dei seks vidareutdanningane for tilsette i barnevernet blei førte vidare i 2020 og talet på studieplassar er auka, slik at tilbodet til saman utgjer om lag 350 studieplassar i 2021. Det er oppretta ei eiga tilskotsordning, der arbeidsgivar kan søkje om å få dekt utgifter knytt til at tilsette tek barnevernsfagleg vidareutdanning, mellom anna til vikar, pensum og reise. Vidareutdanningane har hatt høge søkjartal og førebelse evalueringar tyder på at dei blir oppfatta som relevante for praksisfeltet. Studentane er nøgde med læringsutbyttet og undervisingsopplegget, og seier at dei har auka kompetansen sin som følgje av utdanninga. Samstundes opplever nokre studentar manglande tilrettelegging frå arbeidsgivar. Det er stor variasjon i studentane sitt syn på om det er lagt til rette for at dei skal kunne ta kompetansen i bruk når dei kjem tilbake på jobb. Det har likevel vore ei positiv utvikling på begge desse områda. Bufdir vil følgje opp tilbakemeldingane i dialog med utdanningsinstitusjonane og gjennom å gjera krav til arbeidsgivar si tilrettelegging ved søknad om tilskot tydelege.

Som følgje av auka kompetansekrav til leiarar i barnevernsinstitusjonar, legg departementet opp til å etablere ei eiga vidareutdanning for institusjonsleiarar. Bufdir har i samband med dette fått i oppdrag å vurdere innretninga av eksisterande vidareutdanningar.

Hausten 2019 sette Barne- og familiedepartementet saman med Kunnskapsdepartementet i gang arbeidet med å utvikle nasjonale retningslinjer for to barnevernsfaglege masterutdanningar, Master i barnevern og Master i barnevernsarbeid. Mastergraden i barnevern skal vere for barnevernspedagogar og byggje på bachelorgraden i barnevern. Utdanninga skal gi grunnlag for fagleg progresjon og fordjuping gjennom både bachelor- og mastergraden. Mastergraden i barnevernsarbeid skal vere open for fleire utdanningsgrupper, men utdanninga skal særleg tilpassast kandidatar med bachelor i sosialt arbeid og vernepleie. Dette er grunngitt med at sosionomar og vernepleiarar, saman med barnevernspedagogane, utgjer dei dominerande utdanningsgruppene i barnevernstenestene og i barnevernsinstitusjonane. Begge utdanningane er utforma med tanke på at dei skal vere relevante for arbeid i både det kommunale barnevernet og i barnevernsinstitusjon. Det er lagt vekt på at utdanningane skal vere praksisnære, og samstundes gi studentane naudsynt forvaltingskompetanse og analytisk kompetanse. Retningslinjene om læringsutbytte i barnevernsfaglege masterutdanningar vil tre i kraft i 2022. For at kommunane skal ha tilgang på tilstrekkeleg mange kandidatar med relevant masterutdanning, vil regjeringa auke talet på studieplassar på barnevernsfaglege mastergrader med 300 plassar frå 2022. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet.

Då kompetansestrategien blei lansert, blei òg tenestestøtteprogrammet oppretta. Det er eit praksisnært tilbod som skal støtte opp under utviklingsarbeid i dei barnevernstenestene som deltek i programmet. Programmet fokuserer på undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid, med brukarmedverknad og traumemedvit som tverrgåande tema. Tenestestøtteprogrammet rettar seg mot heile tenesta og har vore krevjande å gjennomføre under utbrotet av covid-19. Trass i dette blei ein tredjedel av den planlagde aktiviteten gjennomført. Alle dei 23 barnevernstenestene som skulle delta i 2020, med til saman over 400 tilsette, har lagt konkrete planar for å gjennomføre programmet i løpet av 2021. Programmet blir vidareført i 2022.

I 2020 starta Bufdir opp eit eige opplæringstilbod for tilsette i både kommunale barnevernstenester, statlege fosterheimstenester og barnevernsinstitusjonar om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Sjølv om programmet måtte gjennomførast på ein annan måte enn planlagt på grunn av pandemien, lukkast det å tilby eit godt opplæringsprogram innanfor dei nye rammene. Dei fyrste 150 deltakarane avslutta programmet i mars 2021. Programmet blir vidareført i 2022.

Det samla tilbodet om etterutdanning gjennom tenestestøtteprogrammet og opplæringstilbodet om minoritetar skal nå ut til om lag 500 tilsette i året.

Forsking på barnevernsområdet

Forsking er eit viktig grunnlag for å utvikle tenestene i barnevernet, slik at barna og familiane deira får treffande hjelp. Det er behov for eit betre kunnskapsgrunnlag mellom anna om korleis tenestene bør vere organiserte, om god samhandling mellom tenester og om kva slags hjelp barn og familiar treng. Vi har òg behov for kunnskap om korleis kunnskapsbaserte tiltak og retningslinjer implementerast i tenestene. Ny og forbetra kunnskap om rett teneste- og tiltaksutøving skal bidra til at vi kan utvikle meir målretta og effektive tenester og tiltak av høgare kvalitet. Betre kunnskap om korleis tiltak til barn, unge og familiar blir implementert, skal bidra til at tiltaka treffer betre og gir varige praksisendringar. Regjeringa føreslår å omprioritere 10 mill. kroner frå avsetjingane i Noregs forskingsråd til forsking på rett teneste- og tiltaksutøving, mellom anna i barnevernet. Sjå nærare omtale under kap. 285 i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet.

Kompetansekrava i ny barnevernslov medfører at tilsette i kommunalt barnevern må ha relevant masterutdanning for å utføre nærare bestemte oppgåver, sjå nærare omtale under Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet. Kravet vil gi dei tilsette betre føresetnader for å lese, vurdere og bruke forsking i arbeidet sitt. Masterutdanningar stiller òg høgare krav til at ein større del av dei som underviser har relevant forskarkompetanse. Samla sett skal dette bidra til meir forsking av høg kvalitet og meir kunnskapsbaserte tenester.

Det meste av midlane til forsking på barnevernsområdet blir forvalta av Bufdir og Noregs forskingsråd. I 2020 er fleire større forskingsprosjekt avslutta. Prosjektet Barnevernets undersøkelsesarbeid: fra bekymring til beslutning blei finansiert av Bufdir og var eit samarbeid mellom fleire miljø, under leiing av Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Nord (RKBU Nord). Hovudmålsetjinga med prosjektet var å identifisere kva som er naudsynt for å sikre god kvalitet i arbeidet til barnevernet. Sentrale tilrådingar i rapporten er mellom anna auka grad av medverknad for barn og foreldre, nærare utgreiing av kva som er føremålstenlege framgangsmåtar når vald er tema, auka bruk av tolk og betre samarbeid med andre offentlege hjelpetenester. Funn frå forskingsprosjektet blir brukt som eitt av fleire kunnskapsgrunnlag i det barnevernsfaglege kvalitetssystemet i DigiBarnevern, som skal gi tilsette i barnevernet fagleg støtte.

Bufdir har òg tildelt midlar til eit forskingsprosjekt om ettervern som NTNU Samfunnsforskning har gjennomført. Forskarane fann mellom anna at det er stor variasjon i korleis barnevernstenestene arbeider med ettervern og kva tiltak kommunen kan tilby. Rapporten stadfestar òg at unge vaksne som får ettervern ofte er sårbare og har omfattande tiltakshistorikk. Samstundes har gruppa som får ettervern generelt sett større sjanse for å gjennomføre vidaregåande enn unge i barnevernet utan ettervernstiltak. Vidare er rapporten Skeive barn og unge i barnevernet: En studie av barnevernets praksis og tilnærminger òg fullført av NTNU Samfunnsforskning. Det er få tidlegare studiar om dette temaet. Forskarane viser at det er liten erfaring med, og formelle rutinar for, å snakke med barn om seksuell orientering og kjønnsidentitet. Mange opplevde likevel å bli møtt på ein god måte når barnevernet fekk vite at dei var skeive.

OsloMet har undersøkt kva erfaringar fosterforeldre og barna deira har med å ta imot fosterbarn i familien. Forskarane finn at mange opplever at familien blir meir samansveisa, men at det samstundes går ut over tida og merksemda frå foreldra til eigne barn og partnar. Rapporten understrekar at medverknaden til dei biologiske barna, og involvering før, under og etter at dei får eit fostersøsken, er viktig. Funna i rapporten er relevante for direktoratet sitt vidare arbeid på fosterheimsområdet.

I 2020 blei det sett i verk nye forskingsprosjekt på prioriterte område. Noregs forskingsråd har mellom anna tildelt midlar til å sjå på korleis barn blir involverte og høyrde i barnevernet. Prosjektet vil sjå på praktiseringa av medverknad frå barn både i kommunen, fylkesnemndene og i domstolane. Prosjektet vil dessutan inkludere internasjonale perspektiv på medverknad frå barn, og sjå på korleis Noreg tek i vare retten barn har til medverknad samanlikna med andre land. Prosjektet blir leidd frå DIPA-senteret ved Universitetet i Bergen, og er eit samarbeidsprosjekt med Bergen kommune, Sentralenheten for fylkesnemndene, Domstolsadministrasjonen og Forandringsfabrikken.

Det er òg tildelt midlar til prosjektet Family Partner ved OsloMet. Prosjektet skal utvikle, prøve ut og evaluere eit nytt, evidensbasert tiltak for den kommunale barnevernstenesta. Tiltaket inneber at ein «family partner» følgjer opp sårbare familiar gjennom heimebesøk, rettleiing og koordinering av velferdstenestene. Målet med prosjektet er å gi barnevernstenesta eit tiltak som både er lokalt tilpassa og forskingsbasert, som bidreg til førebygging av mishandling og til at barn i sårbare familiar får ein trygg oppvekst.

I 2021 har Bufdir mellom anna prioritert forsking på skulesituasjonen for barn og unge under opphald i institusjon. Vi treng òg meir kunnskap om kva skuleretta innsatsar og tiltak som kan vise til positive resultat for målgruppa, slik at vi kan velje eigna og verksame tiltak. Bufdir har òg prioritert forsking på kva fysiske omgivnader har å seie, og kva det har å seie korleis bygningar, slik som barnevernsinstitusjonar, er utforma. Tidlegare forsking har avdekt at det er behov for meir kunnskap på området,10 og Bufdir har derfor sett i verk eit forskingsoppdrag som skal sjå på dette.

Prosjekta som har fått midlar frå Noregs forskingsråd i 2021, er omtalte i del III. Der blir òg departementet sitt strategiske arbeid med forsking og utvikling, inkludert planar for 2022 og støtta til ulike kunnskaps- og kompetansemiljø, omtalt.

Brukarmedverknad i barnevernet

Barnevernlova stadfestar at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, har rett til å medverke i alle tilhøve som vedkjem dei etter lova. At barnet får høve til å gi si meining, er ein viktig føresetnad for å finne fram til kva som er det beste for barnet, og det er ein viktig del av rettstryggleiken til barnet. Medverknad skal skje i alle fasane av ei barnevernssak. Barnet sin rett til medverknad inneber at barnet skal ha høve til fritt å komme med eigne synspunkt. For at medverknaden skal vere reell, må barnet få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og det må kjennast trygt å gi uttrykk for eigne meiningar. I den vidare sakshandsaminga må det vere synleg korleis innspela frå barnet er blitt tekne omsyn til.

Barnet sin rett til medverknad er formelt sett styrkt dei seinaste åra. Frå 2018 blei retten til medverknad i barnevernssaker stadfesta i barnevernlova. Det blei òg teke inn krav i lova om å dokumentere medverknaden frå barnet i sakshandsaminga. Likevel viser forskingsrapportar og innspel frå brukarorganisasjonar at medverknaden til barn og familiar ikkje blir teken godt nok hand om i praksis. Det varierer mellom anna i kor stor grad barnevernstenesta involverer barn, unge og foreldre i val, tilpassing og vurdering av tiltak. Alle aktørar i barnevernet er ansvarlege for å oppfylle måla om medverknad og å arbeide kontinuerleg med dette. Departementet har sett i gang fleire tiltak for at barna og familiane deira skal bli tilstrekkeleg involverte i alle delar av ei barnevernssak. Det er likevel behov for å halde fram med å rette merksemda mot medverknad, for at det skal bli ein integrert del av alt arbeidet i barnevernet.

Departementet har derfor fastsett følgjande mål:

  • Vareta retten barna har til medverknad i det kommunale og det statlege barnevernet.

I ny barnevernslov, jf. Prop. 133 L (2020–2021), er retten barnet har til å medverke i barnevernssaker, styrkt. Stortinget har ved handsaminga av forslaget vedteke meir utfyllande reglar om barnet sin rett til medverknad, jf. Innst. 625 L (2020–2021), og om å framheve at barnet si meining er eit sentralt moment i vurderinga av barnet sitt beste. Høvet til å ha med ein tillitsperson er òg utvida. Lova legg til rette for at barnet skal kunne forklare seg mest mogleg fritt til barnevernstenesta, ved at det blir gjort eit unntak frå retten til dokumentinnsyn for foreldre i nokre tilfelle. I lova blir òg barnet sin rett til medverknad ved handsaming i fylkesnemnda styrkt. Barnet får ei tydelegare moglegheit til å samtale direkte med nemnda. Barnet kan òg høyrast gjennom talsperson og sakkunnig. Vidare blir høvet til at barn under 15 år kan vere part i si eiga sak, utvida. Nemnda kan innvilge barnet partsrettar viss omsynet til barnet tilseier det. Kva barnet ønskjer, er eit sentralt moment i avgjerda.

Hausten 2020 leverte Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forslag til departementet om betre og meir barnevennleg informasjon om høvet til å klage på vedtak i barnevernssaker. Dei leverte samstundes ei vurdering av korleis tekniske løysingar kunne gjere det lettare for barn å klage. Departementet har bede Bufdir om å greie ut kva for tekniske alternativ som eksisterer eller kan opprettast for å gjere det enklare for barn å klage. På bakgrunn av dette vil departementet vurdere kva for løysing det vil vere mest føremålstenleg å gå vidare med for å kunne styrkje barn sin rett til medverknad ved å gi dei enklare klagemoglegheiter.

Inntakseiningane i Bufetat tilbyr alle barn og foreldre deltaking på avklaringsmøte før plassering i institusjon eller i fosterheim. Når barn ikkje ønskjer å delta, får dei tilbod om alternative måtar å få komme med synspunkta sine på. Bufetat innhentar synspunkta til barnet i samarbeid med kommunen. For barn på institusjon omfattar dei standardiserte forløpa oppgåver og malar som skal sikre medverknad for barn i dei ulike fasane av opphaldet. Forløpa sikrar medverknad og samarbeid for familien. Det er tilrådd at brukarundersøkingar blir gjennomførte kvar månad, og at familien får evalueringsskjema kvar tredje månad.

Godt tilrettelagd medverknad er ein føresetnad for å kunne møte behova til barna og familiane deira på ein god måte. Familie- og nettverksmetodar, som mellom anna familieråd, er eit effektivt verkemiddel for å vareta retten til medverknad i barnevernet og slik sikre betre hjelp til sårbare barn og familiar. Kommunar som over tid har teke i bruk familieråd, synest å ha ein større del fosterheim i familie og nettverk. Å kjenne heimen frå før kan gjere flyttinga til ein fosterheim lettare. Målretta metodestøtte til kommunane og etablering av familierådsnettverk er viktige faktorar for å auke bruken av familieråd. Det blir gjennomført hyppige digitale og stadlege opplæringsaktivitetar. Denne innsatsen er trappa opp dei seinare åra og vil halde fram. Bruken av familieråd både ved inntak i institusjon og ved rekruttering av fosterheimar har auka i 2020. I ny barnevernslov er det lovfesta ei plikt for barnevernet til å leggje til rette for å involvere familie og nettverk. Det er ingen krav om bruk av særskilde verktøy og metodar, men familieråd kan vere føremålstenleg i ein del tilfelle. Det må gjerast ei konkret vurdering i kvar einskild sak om, og i kva grad, det skal bli lagt til rette for slik involvering.

Samtaleprosess blei innført som ei varig ordning i fylkesnemndene frå 1. juli 2020. Samtaleprosess er ei alternativ prosessform for handsaming av tvangssakene i fylkesnemndene, der nemnda tilbyr partane å delta i ein prosess med mål om å auke forståinga og betre kommunikasjonen mellom partane, og undersøkje om dei kan bli einige om ei løysing til det beste for barnet. Alle fylkesnemndene tok i bruk den nye prosessforma i løpet av hausten 2020. I 2020 blei det gjennomført 836 samtalemøte. I 2021 er det i perioden 1. januar 2021 til og med 31. juli 2021 gjennomført 858 samtalemøte.

Samtaleprosess er ei fleksibel prosessform som gjer at ein i større grad kan leggje til rette for individuelt tilpassa løysingar for den einskilde familien. Samtaleprosess kan òg vere godt eigna til å vareta retten barn har til medverknad. Det at prosessforma er meir fleksibel og uformell enn ordinær handsaming, gjer at ein kan leggje til rette slik at barnet og foreldra kan medverke på en meiningsfull måte, som er tilpassa dei. Prosessforma er basert på frivillig deltaking, og krev at både private partar og barnevernstenesta samtykkjer. Partane står fritt til å trekke samtykket sitt, og saka vil då bli overført til ordinær handsaming i fylkesnemnda. Informasjon om samtaleprosess er lagt ut på heimesida til fylkesnemnda, og det er tilrettelagd informasjon for barn om retten dei har til medverknad i ein samtaleprosess. Informasjonen er utvikla i samarbeid med Forandringsfabrikken.

Organisering i barnevernet og samarbeid med andre sektorar

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Når ny barnevernslov trer i kraft, vil namnet på fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker bli endra til barneverns- og helsenemnda.

Med tilvising til den Europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) sine avgjerder mot Noreg og avgjerder frå storkammer i Noregs Høgsterett i den seinare tida er det i ny barnevernslov gitt einskilde presiseringar av krav til nemnda sitt grunnlag for avgjerder og grunngiving. Det blir presisert i lova at det blir stilt krav om at det i vedtak frå nemnda skal gå fram på kva måte omsynet til familieband er vurdert.

Ny barnevernslov vil gi høve til at klagar på akuttvedtak skal kunne handsamast grundigare ved at òg slike saker skal kunne handsamast med ordinær nemnd i særlege tilfelle.

Det er innført ei mellombels lov for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvensar av utbrotet av covid-19, sjå omtale under Barnevernet under utbrotet av covid-19.

Barnevern over landegrensene

Regjeringa har som mål å styrkje handteringa av internasjonale saker om vern av barn. Barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land, kan vere ekstra krevjande for barnevernstenestene å handsame. Eit godt samarbeid med utanlandske styresmakter i internasjonale barnevernssaker er særs viktig. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er norsk sentralstyresmakt for Haagkonvensjonen 1996 om samarbeid når det gjeld foreldremynde og tiltak for vern av barn, og yter hjelp i barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land. Behovet for spesialisert bistand er stort, og ein ser ein tydeleg effekt av arbeidet som blir gjort. Konvensjonen, rettleiing og den konkrete handteringa av kvar sak styrkjer rettstryggleiken for barn i tilfelle der ein tidlegare ikkje hadde noko internasjonalt regelverk eller ein koordinerande instans som kunne ta dette ansvaret.

Med ny barnevernslov blir det innført ei plikt for barnevernstenesta til å tilby foreldre hjelpetiltak når eit barn med vanleg bustad i Noreg oppheld seg i ein annan stat og har særleg behov for hjelp. Det blir òg innført ein heimel til å påleggje slike hjelpetiltak. Føresegna kan vere aktuell når eit barn er sendt ut av landet mot si eiga vilje og blir utsett for tvang eller negativ sosial kontroll. Vidare er det i lova ei ny overordna føresegn om at barnevernet skal ta omsyn til kultur, språk og religion ved plasseringar.

Det har over tid vore eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, Utanriksdepartementet og Bufdir rundt spørsmål knytte til norsk barnevern. Særleg dei transnasjonale sakene har stått i sentrum, etter mykje uro rundt avgjerder i norske fylkesnemnder og det norske rettssystemet om omsorgsovertakingar av barn med tilknyting til andre land. Desse sakene får konsekvensar for omdømmet til Noreg. Det er derfor etablert eit formalisert samarbeid som er forankra i regjeringa, og som inneber ulike aktivitetar som årlege seminar for utanrikstenesta og plan om ei omdømmeundersøking. Handsaminga av barnevernssaker i den EMD har òg påverka arbeidet. Bufdir, ved sentralstyresmakta for Haagkonvensjonen 1996, har ei viktig rolle i samarbeidet. Direktoratet arbeider med kompetanseheving og med å styrkje sakshandsaminga i kommunane i saker der barn har tilknyting til andre land. Wienkonvensjonen, som regulerer konsulære tenester, er òg ein viktig del av arbeidet.

Direktoratet har i 2021 arrangert fleire samlingar for barnevernstenestene om tematikken og det internasjonale regelverket som regulerer dette. Det er òg undervist om tematikken på vidareutdanninga Juss i barnevernfaglig arbeid. Vidare planlegg Bufdir å setje i gang forsking på kva barnevernstenestene erfarer når det gjeld arbeid med barnevern over landegrenser.

Helsetenester for barn og unge i barnevernet

Det er høg førekomst av psykiske lidingar og helseutfordringar hos barn i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar. Samstundes er det indikasjonar på at helsetilbodet til barn i barnevernet ikkje er tilstrekkeleg. Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har dei seinare åra gitt Bufdir og Helsedirektoratet eit felles oppdrag om mellom anna å etablere felles kunnskapsgrunnlag og å innføre ein barnevernsansvarleg i barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) og ein helseansvarleg i barnevernsinstitusjonar. Det er òg etablert to barnevernsinstitusjonar med integrert helsefagleg kompetanse, i Bodø og Søgne, og det er utarbeidd pakkeforløp for kartlegging og utgreiing av psykisk helse og rus hos barn og unge i barnevernet.

I 2020 har Bufdir ført vidare arbeidet med felles innsats for barn i barnevernet, gjennom samarbeid med helsesektoren. Nasjonalt ser vi ei betring i at barna i barnevernet som har behov for helsehjelp, får dette. Det har vore ei positiv utvikling dei siste tre åra, men det er variasjon mellom regionane.

I 2019 blei det sett i drift to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn med behov for langvarig omsorg utanfor heimen og samstundes eit stort behov for psykisk helsehjelp. Institusjonane skal medverke til at barn med store og komplekse behov får eit tilbod av høg kvalitet som er godt tilpassa deira behov. Bufdir har i samarbeid med Helsedirektoratet starta følgjeforsking på det nye institusjonstilbodet. Evalueringa blir gjennomført av NTNU Samfunnsforskning og skal vere ferdig i 2023. På institusjonen i sør har det vore plassert 6 ungdommar i 2020. Ungdommane har hatt ei gjennomsnittleg opphaldstid på 345 døgn. Ved institusjonen i nord har det vore plassert 8 ungdommar. I 2020 hadde ungdommane i nord ei gjennomsnittleg opphaldstid på 358 døgn.

For å sikre medverknad, bidra til riktig plassering og gi institusjonane betre informasjon slik at tilbodet kan bli betre tilpassa behova til barna, har Bufdir utvikla nye skjema for tilvising. Desse er implementerte i 2020 og skal bidra til at barna får eit riktig og meir målretta tilbod som samsvarer med behova til kvart barn. Bufdir har òg gjennomført aktivitetar innanfor forsking og utvikling som støttar opp under kunnskapsbasert praksisutøving i institusjonane. Ein ny nasjonal rettleiar for handtering av medisinar i barnevernsinstitusjonar er òg utarbeidd. Vidare er det innført ein helseansvarleg funksjon i barnevernsinstitusjonane og ein barnevernsansvarleg funksjon i BUP. Bufdir har gjennomført ei evaluering av denne funksjonen. Evalueringa viser at funksjonen som helseansvarleg er implementert, og at han bidreg til at fleire barn i institusjon får helsehjelp. Bufdir har sett i verk eit arbeid for å vidareutvikle funksjonen.

Det er utvikla eit digitalt opplæringsprogram om psykisk helse for tilsette i barnevernsinstitusjon og det er etablert betre tilgang til ambulante BUP-team for barnevernsinstitusjonar. Bruk av digitale verktøy som ein del av psykisk helsehjelp i barnevernsinstitusjonar, er under utprøving. Det er òg utarbeidd nasjonale føringar for innhald i samarbeidsavtalar mellom barneverns- og helsesektoren. Opplæringsprogrammet Se meg er òg teke i bruk. Kursa i dette programmet tek føre seg oppfølging av skule, den psykiske helsa til barn og tryggleiken og sikkerheita deira på institusjon. Kursa rettar seg mot tilsette i barnevernsinstitusjonar, skulen, barnevernstenesta og fosterheimstenesta og mot fosterforeldre. Målet med kursa er å gi felles kompetanse gjennom erfaringsdeling og refleksjon. Kursa er utvikla i samarbeid med Landsforeningen for barnevernsbarn, miljøterapeutar og andre fagpersonar. Programmet får gode tilbakemeldingar. Pandemien har gitt utfordringar med helsehjelp, men nye digitale løysingar får positive tilbakemeldingar.

Det er etablert eit felles pakkeforløp som omhandlar psykisk helse og rus hos barn i barnevernet. Pakkeforløpet skildrar ansvarsdeling og rutinar som skal gi pasientar og pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødig ventetid. Til skilnad frå den tverrfaglege helsekartlegginga som blir omtalt nedanfor, blir pakkeforløpet sett i verk på bakgrunn av ein indikasjon om at helse- eller rusutfordringar ligg føre. Føremålet med kartlegging i pakkeforløpet er å gi naudsynt helsehjelp. Vidare har rundskrivet Samarbeid mellom barneverntjenester og psykiske helsetjenester til barnets beste blitt revidert og utvida med føringar for innhaldet i samarbeidsavtalane mellom tenestene.

Prop. 222 L (2020–2021) om tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet blei fremja for Stortinget i juni 2021. Tverrfagleg helsekartlegging skal bidra til å identifisere hjelpe- og helsebehov hos barn som ikkje kan bu hos foreldra sine, og bidra til meir treffsikker hjelp og oppfølging. Forsking viser at barn som blir flytta ut av heimen, ofte har hjelpebehov som ikkje er avdekte. Manglande kunnskap om helseutfordringar, fungering og behov kan føre til at både typen tiltak og innhaldet i tiltaket ikkje er tilpassa barnet. Målet med tverrfagleg helsekartlegging er at barn som blir flytta ut av heimen, skal få god og riktig hjelp som bidreg til ei meir stabil plassering og reduserer risikoen for at barna må flytte fleire gonger.

I proposisjonen føreslår departementet å gi den kommunale barnevernstenesta ei plikt til å vurdere behov for tverrfagleg helsekartlegging når barnevernstenesta fremjar sak for fylkesnemnda om omsorgsovertaking eller åtferdsplassering, og dersom det er fatta vedtak om frivillig plassering utanfor heimen. Departementet føreslår at tverrfagleg helsekartlegging blir lagt organisatorisk til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), og at Bufetat i kvart einskilt tilfelle skal avgjere om dei skal tilby tverrfagleg helsekartlegging når barnevernstenesta oppmodar om det. Kartlegginga føreset faglege bidrag frå helsepersonell og at spesialisthelsetenesta bidreg med naudsynte ressursar i kartleggingsteama. Eit viktig prinsipp for tilbodet er at kartlegginga skal vere så skånsam som mogleg for barnet, og at det skal føreliggje samtykke. Retten til medverknad og omsynet til det beste for barnet skal liggje til grunn for vurderingane og gjennomføringa av tverrfagleg helsekartlegging.

Departementet legg til grunn at tilbodet om tverrfagleg helsekartlegging må utviklast i tråd med kunnskap om korleis barn kan få best mogleg hjelp. Helsedirektoratet og Bufdir skal greie ut den nærare faglege innretninga, i samarbeid med helseføretaka og Bufetat. Innretninga vil bli evaluert og endra ved behov. Vidare skal det utviklast nasjonale tilrådingar som skildrar innhaldet i tilbodet og kva kompetanse som er forventa. Dette skal bidra til høgare og meir lik kvalitet over heile landet.

Hausten 2021 starta arbeidet med å fase inn og prøve ut tilbodet om tverrfagleg helsekartlegging for delar av målgruppa. Utprøvinga vil gi viktig kunnskap om kva slags innretting og innhald som er mest føremålstenlege, og om vidare utvikling og implementering. Ei utprøving gir høve til å prøve og justere innhald i kartlegginga, opplæring, implementering og kvalitetssikring. Det langsiktige målet er å utarbeide eit tilbod som er best mogleg – frå barna sin ståstad, med omsyn til ressursane og i eit samarbeidsperspektiv. Utprøvinga blir utvida i 2022.

Samarbeid om tenester for barn og unge i barnevernet

Stortinget har ved handsaminga av Prop. 100 L (2020–2021) vedteke fleire lovendringar som skal styrkje oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira, gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene, jf. Innst. 581 L (2020–2021). Arbeidet til barnevernstenestene krev i mange tilfelle samarbeid med andre velferdstenester som skulen, helsetenestene, familievernet og Nav. Lovendringane inneber å harmonisere og styrkje plikta tenestene har til å samarbeide. Dette skal bidra til lik forståing og fremje samarbeid mellom tenestene. Barnevernstenesta får ei tydeleg plikt til å samarbeide med andre når samarbeid er naudsynt for å gi barnet eller ungdommen eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Vidare er det lovfesta ei tydeleg kommunal plikt til samordning i einskilde saker. Dette inneber at kommunen skal sørgje for at barnet eller ungdommen får eit samordna tenestetilbod, og kommunen skal ved behov avklare kva for ei velferdsteneste som skal ha ansvar for å samordne tenestetilbodet. Det er òg lovfesta at ein individuell plan etter barnevernlova skal vere ein rett som det er mogleg å klage på. Ei felles forskrift om individuell plan for barnevern, helse og Nav har vore på høyring. Departementa arbeider no med oppfølginga av høyringa. Familiar som ventar barn eller har barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte tenester, skal få ein rett til barnekoordinator. Departementa tek sikte på at lovendringane trer i kraft 1. august 2022. Lovendringane skal bli evaluerte slik at ein får kunnskap om effekten av endringane. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Direktorata for velferdstenestene har fått i oppgåve å utarbeide ein felles rettleiar for samarbeid mellom skule, helse, tannhelse, barnevern, sosialtenesta, Nav, familievernkontora og krisesentera.

Det er ei utfordring å få barn i barnevernet til gå på skulen, spesielt blant barn på institusjon er skuledeltakinga for låg. Det har over fleire år vore ei satsing for å skape ein betre tilpassa skule- og utdanningssituasjon for barn i barnevernet. Viktige mål er å auke merksemda om, og prioriteringa av, skule og utdanning for barn i barnevernet og å styrkje samarbeidet mellom barnevern og skule. Som del av satsinga er det innført eit krav om at det skal vere skuleansvarlege ved alle barnevernsinstitusjonar. Andre tiltak i skulesatsinga er til dømes utvikling av ein digital rettleiar om samarbeid mellom skule og barnevern og eit e-læringsprogram om skule for tilsette i barnevernet og i skulen. Likevel er det framleis ei utfordring at barn i barnevernsinstitusjonar har låg skuledeltaking. For å få meir verksame tiltak greier Bufdir ut nøkkelutfordringar og lagar ei kunnskapsoppsummering av verksame tiltak. Praksisen for registrering av skuledeltaking blei gjennomgått i 2020, og Bufdir innfører nye rutinar for registrering av skulenærvær frå 2021.

Det blir òg prøvd ut eit hjelpetiltak, skulelos, som skal gi unge mellom 12 og 18 år støtte i skulearbeidet og styrkje oppfølginga av skulegangen. Utprøvinga blei utvida til nye barnevernstenester i 2021 og har blitt prøvd ut i 9 barnevernstenester (17 kommunar og bydelar) over heile landet. Til no har i underkant av 100 unge fått hjelp av til saman 8 skulelosar. Det har vore gode tilbakemeldingar i brukarevalueringane av tiltaket. Skulelosane har hjelpt dei fleste ungdommane til å finne sin måte å meistre skulen på, og verdien av hjelpetiltaket blir stadfesta av lærarane, dei føresette og andre tilsette i barnevernet.

Regjeringa har ei særleg satsing i Oslo retta mot barn som har gjort seg skuldige i eller står i fare for å gjere lovbrot. Satsinga inneber ei styrking av politiet, konfliktrådet og barnevernet. Satsinga i barnevernet i Oslo er retta mot barn frå 12 til 15 år. Det blir prøvd ut eit brubyggjarteam i bydel Alna, eit kriminalitetsførebyggjande team i bydel Søndre Nordstrand og eit institusjonstilbod i Barne- og familieetaten. Tiltaka er aktive trass i pandemien. Utprøvinga varer ut 2022, og OsloMet i samarbeid med By- og regionforskningsinstituttet NIBR evaluerer tiltaka. Tiltaka skal styrkje samarbeidet mellom barnevernet og det lokale politiet. Regjeringa vil som varsla i Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov setje i verk ein heilskapleg gjennomgang av regelverket om tvang på institusjon. Gjennomgangen skal mellom anna vurdere om det er fagleg og juridisk riktig å opprette institusjonar i barnevernet med rørslerestriksjonar.

Regjeringa samarbeider på tvers av sektorar for å få ei målretta og heilskapleg satsing mot barne- og ungdomskriminalitet. Regjeringa har motteke ei samla vurdering frå fleire direktorat av utfordringane på området og tilrådingar for vidare arbeid. Tilrådingane blir omtalte i Meld. St. 34 (2020–2021) Sammen mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet. Nokre av tilrådingane frå direktorata inngår i mandatet til Barnevernsutvalet, som skal sjå nærare på hjelp og tilbod som blir gitt til barna med størst oppfølgingsbehov, sjå nærare omtale av utvalet under Kvalitet i sakshandsaminga i barnevernet.

Ny barnevernslov har reglar om varsling til fornærma eller etterlatne når eit barn under 15 år har gjort eit alvorleg lovbrot. Det er fylkesnemnda som avgjer om fornærma eller etterlatne skal få informasjon om at barnet blir plassert i barnevernsinstitusjon. Nemnda kan ta ei slik avgjerd viss barnet har gjort eit alvorleg lovbrot, barnet ikkje har fylt 15 år og det blir lagt til grunn at det er viktig for («antas å ha betydning for») fornærma eller etterlatne å få informasjon.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

228 846

235 314

240 317

2,1

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 132 597

1 190 719

403 716

-66,1

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 138 095

7 240 865

7 060 310

-2,5

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

89 898

119 759

122 010

1,9

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

583 599

619 527

634 515

2,4

Sum kategori 11.20

9 173 035

9 406 184

8 460 868

-10,0

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

207

0,0

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 454 898

1 543 803

2 481 339

60,7

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

88 305

116 005

118 426

2,1

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

6 637

515

528

2,5

Sum kategori 11.20

1 550 047

1 660 323

2 600 293

56,6

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

7 755 046

7 907 292

8 047 471

1,8

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

4 937

10 029

8 070

-19,5

50–89

Overføringar til andre

1 413 052

1 488 863

405 327

-72,8

Sum kategori 11.20

9 173 035

9 406 184

8 460 868

-10,0

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

228 846

235 314

240 317

Sum kap. 853

228 846

235 314

240 317

Ansvarsområdet til verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er eit uavhengig, domstolsliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernlova. Fylkesnemndene gjer vedtak i tvangssaker etter barnevernlova, inkludert pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og tvangsplassering av ungdommar med åtferdsvanskar. Over 90 prosent av sakene i fylkesnemndene er saker etter barnevernlova. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer fylkesnemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige og for gravide rusavhengige. Nemndene avgjer òg klagar på kommunale vedtak om bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemndene spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i alle fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og i Sentraleininga for fylkesnemndene.

I samband med eit nytt premiesystem i Statens pensjonskasse frå 2022 som inneber ein ny verksemdsspesifikk og hendingsbasert premiemodell for statlege verksemder, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 2,7 mill. kroner. Vidare føreslår departementet å redusere posten med 3 mill. kroner fordi løyvinga over tid har vore høgare enn utgiftene på posten.

Fylkesnemndene har inngått ein ny fullserviceavtale for fakturahandtering med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1605, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 240,3 mill. kroner i 2022.

Kap. 3853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Diverse inntekter

207

Sum kap. 3853

207

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Spesielle driftsutgifter

78 238

69 347

67 120

22

Barnesakkunnig kommisjon

7 429

7 516

11 172

23

Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

31 074

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

4 937

10 029

8 070

50

Forsking og utvikling

17 411

18 573

18 960

60

Kommunalt barnevern

797 063

820 000

61

Utvikling i kommunane

58 362

66 872

70 475

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

24 143

26 703

27 397

71

Utvikling og opplysingsarbeid m.m.

36 960

38 211

39 204

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

108 054

133 468

130 244

Sum kap. 854

1 132 597

1 190 719

403 716

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til utviklingstiltak i barnevernet som i hovudsak gjeld tidsavgrensa prosjekt på barnevernsområdet. Løyvinga på posten blir òg nytta til refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard, drift av tvisteløysingsnemnda for barnevernet og prøveprosjekt med hurtigbusetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar.

Departementet føreslår å auke posten med 3,4 mill. kroner. Midlane vil bidra til å dekkje ei følgjeevaluering av barnevernsreforma, utgifter til utgreiings- og utviklingsarbeid i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) for å vidareutvikle tiltaksporteføljen for barn og unge som treng tiltak utanfor heimen, og utgifter i Bufdir til kvalitetstiltak knytte til barnefagleg sakkunnige, inkludert utdanningsprogrammet.

Delar av løyvinga på posten går til utvikling av ei digital læringsplattform for opplæring, rettleiing og oppfølging av fosterfamiliar og kompetanseoverføring frå Barne-, ungdoms- og famileetaten (Bufetat) til kommunane innanfor rettleiing av fosterheimar. Departementet føreslår 4 mill. kroner til utviklinga av dei faglege verktøya på fosterheimsområdet.

Kunnskaps- og kompetansesentra Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Vest (RKBU Vest) og Regionsenter for barn og unges psykiske helse Øst og Sør (RBUP Øst og Sør) har gjennom offentleg anskaffing fått ansvar for å utvikle fagleg innhald i ein grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å auke løyvinga med 4,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 72. Sjå òg omtale under kap. 854, post 72.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 14,5 mill. kroner i 2022, mot ein tilsvarande auke på post 23. Flyttinga blir gjord for å samle tiltak i kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Sjå nærare omtale under kap. 854, post 23.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 61. Midlane skal nyttast til eit halvt årsverk i samband med Nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod.

Departementet føreslår ei løyving på 67,1 mill. kroner i 2022.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetsvurdere rapportar frå sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane. Statens sivilrettsforvalting er sekretariat og disponerer løyvinga for kommisjonen.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 3,5 mill. kroner på grunn av at departementet tek sikte på at Barnesakkunnig kommisjon frå sommaren 2022 òg skal vurdere rapportar frå sakkunnige i foreldretvistsaker.

Departementet føreslår ei løyving på 11,2 mill. kroner i 2022.

Post 23 (NY) Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

Posten dekkjer utgifter til kompetansehevingstiltak for kommunalt barnevern. Posten dekkjer mellom anna utgifter til dialogmøte statsforvaltaren har med kommunane og oppgåver med å koordinere kompetansetiltak overfor kommunane. Løyvinga skal òg dekkje utgifter statsforvaltaren har ved å leggje til rette for samarbeid i kommunale læringsnettverk og forvalte midlar til utviklingsprosjekt i desse nettverka, jf. omtale under kap. 854, post 61.

Som ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet er det vidare løyvd midlar på posten til eit opplæringsprogram om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Programmet er retta mot utvalde barnevernstenester, fosterheimstenester og barnevernsinstitusjonar og blir tilbydd av VID vitenskapelige høgskole.

Det er eit mål at fleire tilsette i barnevernet har utdanning på masternivå og tek vidareutdanning for å oppfylle nye kompetansekrav. Departementet fører vidare finansieringa av seks vidareutdanningstilbod innanfor barnevern, på til saman om lag 350 studieplassar i 2022. Fire av desse er offentlege anskaffingar og blir derfor finansierte over denne posten. Dei to siste blir finansierte på post 72. Unytta midlar til vidareutdanningstilbod kan brukast på andre tiltak i kompetansestrategien.

Departementet føreslår ei løyving på 31,1 mill. kroner i 2022, mot tilsvarande reduksjonar på 14,5 mill. kroner og 16,6 mill. kroner på høvesvis kap. 854, post 21, og kap. 854, post 72.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga blir nytta til Bufdir sitt arbeid med digitaliseringstiltak. Gjennom prosjektet DigiBarnevern skal kvaliteten og effektiviteten i sakshandsaminga i det kommunale barnevernet hevast. Midlane skal nyttast til kjøp av tenester frå eksterne konsulentar til systemutvikling og innføringsstøtte til kommunane. På grunn av reduserte utviklingskostnader i 2022 knytte til DigiBarnevern, føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 2,2 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 8,1 mill. kroner i 2022.

Post 50 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten går til Noregs forskingsråd. Midlane skal mellom anna dekkje ei løyving til arbeid med praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene, som inngår i programmet Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL).

Midlane på posten skal òg nyttast til å finansiere delar av forskingsprogrammet Velferd, arbeid og migrasjon II (VAM II). Føremålet med programmet er å forske på samfunnsutfordringar på desse områda og å finne moglege løysingar.

Departementet føreslår ei løyving på 19 mill. kroner i 2022.

Post 60 Kommunalt barnevern

Løyvinga på posten har dekt tilskot til om lag 1 020 årsverk i det kommunale barnevernet. Løyvinga går til stillingar som blei oppretta i perioden 2011–2018. Tilskotet skal innlemmast i kommuneramma frå 2022 når barnevernsreforma trer i kraft, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) og Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022. Departementet føreslår derfor å overføre løyvinga til rammetilskotet til kommunane på kap. 571, post 60. Departementet føreslår inga løyving på posten frå 2022.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt og andre tiltak i regi av kommunar og statsforvaltarane. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barnevernet.

Departementet føreslår å føre vidare løyvinga til tilskotsordninga til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk, som er ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Delar av tilskotsordninga skal brukast til å etablere betre kommunale tilbod om rettleiing og oppfølging av fosterheimar. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Ordninga skal bidra til å styrkje tilbodet i kommunane om tenester og tiltak til utsette barn og familiar som treng særskild oppfølging. Ho skal òg bidra til at det blir oppretta fagfellesskap på tvers av kommunane, slik at kvar einskild kommune lettare kan få tilgang til rettleiing i arbeid med krevjande saker. Måloppnåinga til tiltaka blir vurderte ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga og kriterium for måloppnåing.

Kriterium for tildeling

Løyvinga blir fordelt av statsforvaltarane. Mottakarane er kommunar. Midlane skal nyttast til å støtte utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for tildeling og nytting av stimuleringsmidlar. Kommunane skal samarbeide om tiltaks- og tenesteutvikling i barnevernet, med utgangspunkt i lokale behov. Midlane skal brukast til utviklingsprosjekt som er bestemte av læringsnettverka, i samarbeid med statsforvaltaren. Prosjekta skal rettast mot teneste- og tiltaksutvikling i barnevernet. Arbeidet skal omfatte fleire kommunar og skje i samarbeid med forskings- og kompetansemiljø på barnevernsområdet. Reglar for tildeling går fram av retningslinjene for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Statsforvaltarane forvaltar ordninga. Bruken av midlane blir kontrollert gjennom rapportering frå kommunane til statsforvaltarane og Bufdir. Statsforvaltarane og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadane.

Budsjettforslag for 2022

Som ein del av den styrkte innsatsen for barn og unge som er skuldige i eller står i fare for å bli skuldige i lovbrot, fører departementet vidare løyvinga til Oslo kommune for å styrkje barnevernet sitt arbeid med målgruppa og familiane deira. Midlane skal mellom anna nyttast til å prøve ut tverrfaglege team i to bydelar og til vidareutvikling av institusjonstilbodet i regi av Barne- og familieetaten i Oslo kommune.

Departementet fører òg vidare midlar til utprøving av ein grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet.

Løyvinga på posten dekkjer òg driftsmidlar til Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune er driftsansvarleg for.

Som vanleg vil ei av barnevernsvaktene vere arrangør av den årlege landskonferansen for barnevernsvaktene og politiet i 2022. Denne barnevernsvakta vil få midlar over denne posten.

Departementet føreslår å auke posten med i underkant av 2,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 855, post 01. Midlane skal gå til eit øyremerkt tilskot til Oslo kommune som skal dekkje barnevernet sine utgifter til drift av eit team for tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 21. Flyttinga gjeld midlar til Nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod. Sjå nærare omtale under kap. 854, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på 70,5 mill. kroner i 2022.

Post 62 Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordninga til barnevernsfagleg vidareutdanning. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til auka bruk av vidareutdanningstilbod for tilsette i barnevernet ved at arbeidsgivarar kan søkje om midlar til å dekkje vikarutgifter, reisekostnader, litteraturkjøp og liknande. Målet med vidareutdanningane er å styrkje kunnskapsnivået i tenestene og gi tilsette moglegheit til fordjuping innanfor prioriterte fagområde i barnevernet. Kriteriet for måloppnåing er at kvalifiserte søkjarar får tildelt tilskot og gjennomfører vidareutdanning med oppstart hausten 2022.

Kriterium for tildeling

Bufdir forvaltar ordninga. Kommunale arbeidsgivarar kan søkje om tilskot. For dei av vidareutdanningane som institusjonstilsette kan søkje opptak til, kan arbeidsgivarar for tilsette i statlege, ideelle og private barnevernsinstitusjonar òg søkje tilskot. Kommunar vil bli prioriterte. Tildelinga blir på inntil 110 000 kroner per student for 30 studiepoeng. Kva vidareutdanningar ein kan søkje om tilskot til, kan variere frå år til år. Reglar for tildeling vil gå fram av rundskrivet med regelverk for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal rapportere til Bufdir om måloppnåinga. Tilskotsmottakaren skal dokumentere at medarbeidaren er teken opp ved ei relevant vidareutdanning, og at utdanninga er gjennomført. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadane.

Budsjettforslag for 2022

I 2022 er det vidareutdanningar om følgjande tema som vil prioriterast for tilskot frå tilskotsordninga: barnevernsfagleg rettleiing, minoritetskompetanse i barnevernet, juss i barnevernsfagleg arbeid, vurdering av barnet sitt beste og relasjonskompetanse i barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 27,4 mill. kroner i 2022.

Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid m.m.

Posten dekkjer i hovudsak tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Ordningane skal bidra til brukarmedverknad og til at alle partar på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Nærare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil komme fram i dei årlege kunngjeringane av tilskotsordningane.

Hovudelementa i dei to tilskotsordningane er omtalte nedanfor.

Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til å utvikle barnevernet gjennom å stimulere brukar- og interesseorganisasjonar på feltet til å styrkje engasjementet sitt og å vise medansvar for utsette barn, unge og familiane deira. Måloppnåinga til tiltaka blir vurderte ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga og kriterium for måloppnåing.

Kriterium for tildeling

For å få støtte må ein organisasjon vere ideell og ikkje-kommersiell, og ha omfattande aktivitet som fremjar brukarmedverknad innanfor barnevernet. Organisasjonen skal utfylle innsatsen til andre aktørar og ha innverknad på systemnivå, anten det gjeld i ulike råd og utval, i høyringar eller til dømes i utviklings- og kompetansehevande arbeid eller tenesteutvikling. Organisasjonen skal vise til landsdekkjande aktivitet og drift i minimum to år. Brukarorganisasjonar skal vere representative for målgruppa si og kunne sannsynleggjere legitimiteten sin i eiga målgruppe. Det kan søkjast om tilskot for inntil tre år. Midlane blir utbetalte for eitt år om gongen, med atterhald om samtykke frå Stortinget.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender kvart år inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadane. Tilskotsordninga blei evaluert i 2019.

Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal bidra til å styrkje barnevernet ved at frivillige organisasjonar og andre verksemder kan jobbe med å førebyggje problemutvikling og å medverke til at utsette barn og unge får betre hjelp til å meistre livet og å utvikle evnene sine. Søkjaren må gjere greie for korleis prosjektet medverkar i den samla utviklinga av eit betre barnevern, ved å utarbeide mål og indikatorar for måloppnåing for det einskilde prosjektet.

Kriterium for tildeling

Ordninga skal medverke til måloppnåing gjennom å støtte prosjekt som inneber kunnskapsutvikling og spreiing av informasjon, utvikling og utprøving av modellar for betre samhandling mellom tenester eller førebyggjande arbeid. Det kan søkjast om tilskot for inntil tre år. Midlane blir utbetalte for eitt år om gongen, med atterhald om samtykke frå Stortinget.

Oppfølging og kontroll

Bufdir skal sørgje for naudsynt kontroll med organisasjonar som får tilskot. Tilskotsmottakarane sender kvart år inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadane. Tilskotsordninga blei evaluert i 2019.

Budsjettforslag for 2022

Innanfor tilskotsordningane er 4,5 mill. kroner sette av til Forandringsfabrikken og 4,5 mill. kroner til Landsforeningen for barnevernsbarn. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknadar.

Posten dekkjer òg den norske støtta til barneeininga i Østersjørådet (Children at Risk, CAR).

Departementet føreslår ei løyving på 39,2 mill. kroner i 2022.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg. Dette inkluderer tilskot til kompetansemiljø. Tilskot må vurderast på bakgrunn av søknadar. Tilskotsforvaltaren kan setje vilkår for tildelinga.

Om lag 53 mill. kroner av løyvinga dekkjer vidareføringa av tilskotet til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Senteret skal medverke til at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. Både barnevernet og andre relevante tenester er i målgruppa til senteret. NUBU skal drive tenestestøtte, med bakgrunn i behovet til tenestene. Dette inneber mellom anna implementeringsverksemd, inkludert kvalitetssikring, opplæring, rettleiing og rådgiving. NUBU har vidare eit nasjonalt ansvar for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet og for forskings- og utviklingsarbeid. NUBU skal utvikle, halde ved like og spreie kompetanse om førebygging og metodar for behandling. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt-Norge) og driftstilskot til RBUP Øst og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge. Dei fire fagmiljøa blir finansierte av Helse- og omsorgsdepartementet òg. Bufdir og Helsedirektoratet forvaltar midlane til dei fire fagmiljøa på vegner av dei to departementa.

Løyvinga til opplæringstilbod retta mot barnevernstenestene, i samband med kompetansestrategien for det kommunale barnevernet, blir vidareført. Delar av denne løyvinga blir gitt som tilskot til RKBU Nord, RKBU Vest, RKBU Midt-Norge, RBUP Øst og Sør og Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging Sør, som har ansvaret for å gjennomføre tenestestøtteprogrammet om undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid. Dette kjem i tillegg til dei generelle tilskota til kompetansemiljøa, som er omtalte ovanfor.

Som ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet er det løyvd midlar til rettleiingsteam. Rettleiingsteama skal følgje opp kommunar og barnevernstenester med store utfordringar i barnevernet. Rettleiarane er i hovudsak barnevernsleiarar i andre kommunar. Midlar til rettleiingsteama skal brukast til å utvikle og å drifte desse, mellom anna gjennom å lære opp rettleiarar. RKBU Midt-Norge har det einaste fagmiljøet i landet på barnevernsleiing. Departementet føreslår derfor å tildele tilskotet til RKBU Midt-Norge. Desse midlane kjem i tillegg til det generelle tilskotet til kunnskapssenteret.

Departementet fører vidare finansieringa av seks vidareutdanningstilbod på til saman om lag 350 studieplassar innanfor barnevern i 2022. To av desse blir tilbydde av RKBU Nord og RKBU Midt-Norge og blir finansierte over denne posten. Dei fire andre er offentlege anskaffingar. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 16,6 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 23, for å sikre korrekt postbruk. Flyttinga gjeld fire av vidareutdanningstilboda for det kommunale barnevernet og opplæringsprogram i arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Sjå nærare omtale under kap. 854, post 23.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 17 mill. kroner for å dekkje kompensasjon til kommunar og Bufetat som følgje av ei lovfesta plikt til å tilby rettleia praksis i høvesvis barnevernvernstenesta og barnevernsintitusjon når utdannings- og høgskuleinstitusjonar ber om det. Kompensasjonen kan nyttast til praksisstader for studentar innanfor barneverns- og sosionomutdanningar etter nærare fastsette kriterium. Tilskota blir betalte ut til statlege universitets- og høgskuleinstitusjonar og VID vitenskapelige høgskole. Målet er å sørgje for at studentar innanfor relevante utdanningar får praksis i barnevernet. Tiltaket skal bidra til kompetanseheving i barnevernet generelt gjennom auka rettleiing og forbetringsarbeid i tenestene.

Posten omfattar òg løyvinga som Norsk Psykologforening blir tildelt til sakkunnig opplæring. I 2022 er løyvinga føreslått auka for å dekkje utgifter til mellom anna grupperettleiing av studentane.

Delar av løyvinga dekkjer i tillegg mentorordninga Nattergalen. Midlane går til åtte høgskular/universitet som tilbyr mentorordninga. Desse er OsloMet, Høgskolen i Innlandet, Høgskolen i Østfold, Universitetet i Sørøst-Norge, Universitetet i Agder, NTNU Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Nord Universitet og Høgskulen på Vestlandet.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 4,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 21. Flyttinga gjeld prosjektet om ein grunnmodell for hjelpetiltak. Sjå nærare omtale under kap. 854, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på 130,2 mill. kroner i 2022.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

3 925 111

3 986 286

4 011 833

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

25 484

25 408

25 938

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

2 816 441

2 844 135

2 903 492

60

Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

371 059

385 036

119 047

Sum kap. 855

7 138 095

7 240 865

7 060 310

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnader til tilsette i det statlege barnevernet. Dette gjeld tilsette ved regionkontor, institusjonar og fosterheimstenester med meir. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

Barnevernsreforma trer i kraft i 2022. Som følgje av reforma skal eigendelane til kommunane auke, sjå nærare omtale under kap. 3855, post 60. Sjølv om eigendelane er innretta med mål om at dei ikkje skal føre til tiltaksvridingar som ikkje er barnevernsfagleg grunngitt, er det usikkert korleis endra eigendelar vil påverke bruken av statlege tiltak i kommunane. Departementet legg til grunn at reforma ikkje vil gi eit endra aktivitetsnivå i 2022.

Barnevernsreforma inneber òg at ansvaret for generell rettleiing av fosterheimar blir flytta frå Bufetat til kommunane. Kommunane skal kompenserast for det auka ansvaret. Departementet føreslår derfor at løyvinga på posten blir redusert med 6,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 571, post 60.

Då forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet starta i 2016, blei løyvinga på posten redusert, fordi Bufetat venteleg ville oppleve ein noko redusert etterspurnad etter statlege tiltak frå kommunane som blei med i forsøket. Frå 2022 trer barnevernsreforma i kraft, og forsøket skal avviklast. For å reversere reduksjonen frå 2016 knytt til forsøket, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 36,3 mill. kroner.

Frå 2022 blir det innført krav om relevant bachelorutdanning for nytilsette i barnevernsinstitusjonar, og krav om relevant masterutdanning for statleg tilsette som utfører utgreiingsoppgåver for kommunane, til dømes i senter for foreldre og barn. Departementet føreslår at Bufetat blir kompensert for gradvis aukande lønnsutgifter over tid som følgje av kompetansekrava. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 6,5 mill. kroner i 2022.

For 2021 blei det løyvd 25 mill. kroner til ei utprøving med tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet. Departementet føreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner i 2022 for å dekkje heilårseffekten av tiltaket. Midlane skal fordelast mellom Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. 13,5 mill. kroner blir løyvde over kap. 732, post 70, 2,4 mill. kroner over kap. 854, post 61, og 29,1 mill. kroner over kap. 855, post 01.

Nokre innbetalingar som tidlegare blei inntektsførte på inntektspost, i samsvar med bruttobudsjetteringsprinsippet, skal no rekneskapsførast på utgiftspost, jf. nye krav til rekneskapsmessig handtering av innbetalingar i Finansdepartementet sitt rundskriv R-101 frå 1. januar 2021. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 5,8 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 3855, post 01.

I samband med eit nytt premiesystem i Statens pensjonskasse frå 2022, som inneber ein ny verksemdsspesifikk og hendingsbasert premiemodell for statlege verksemder, føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 107,2 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 4 011,8 mill. kroner i 2022.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, i hovudsak for å heve kvaliteten i arbeidet til det statlege og det kommunale barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 25,9 mill. kroner i 2022.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Som følgje av barnevernsreforma skal eigendelane til kommunane auke, sjå nærare omtale under kap. 3855, post 60. Sjølv om eigendelane er innretta med mål om at dei ikkje skal føre til tiltaksvridingar som ikkje er barnevernsfagleg grunngitt, er det usikkert korleis endra eigendelar vil påverke bruken av statlege tiltak i kommunane. Departementet legg berekningsteknisk til grunn at reforma ikkje vil gi eit endra aktivitetsnivå i 2022.

Departementet føreslår ei løyving på 2 903,5 mill. kroner i 2022

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjon av utgifter til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak som overstig satsen for kommunale eigendelar. Refusjonane er regulerte i rundskriv om oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter.

Som det følgjer av Prop. 73 L (2016–2017) er eit av dei sentrale tiltaka i barnevernsreforma avviklinga av refusjonsordninga. Dette medfører at kommunane får auka finansieringsansvar for fosterheimar. Midlane Bufetat bruker på dette i dag, skal overførast til kommunane gjennom rammetilskotet. Dette inkluderer midlane til refusjon av nærmiljøbaserte tiltak. Refusjonsordninga ville utgjort om lag 395 mill. kroner i 2022. Det anslåtte behovet på denne posten blir derfor overført til kap. 571, post 60, på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kommunane skal framleis kunne søkje refusjon i tråd med dagens ordning for utgifter som kom i 2021. Departementet føreslår derfor ei løyving på 119 mill. kroner for å dekkje etterskotsbetaling av refusjonskrav frå 2021.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Diverse inntekter

12 279

8 863

3 293

02

Barnetrygd

2 599

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

1 440 020

1 530 981

2 474 087

Sum kap. 3855

1 454 898

1 543 803

2 481 339

Post 01 Diverse inntekter

Løyvinga på posten er i hovudsak knytt til tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmidlar og kursinntekter.

Nokre inntekter som tidlegare blei førte på inntektspost, skal no førast på utgiftspost. Departementet føreslår derfor å redusere inntektene på kap. 3855, post 01, med 5,8 mill. kroner. Sjå nærare omtale under kap. 855, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 3,3 mill. kroner i 2022.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2022.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim og ved tiltak i heimen.

Barnevernsreforma inneber høgare eigendelar for statlege barnevernstiltak. Dette blir gjort fordi statlege barnevernstiltak ikkje skal bli relativt billegare frå 2022, når kommunane får auka finansieringsansvar for fosterheimar. Auka eigendelar skal òg styrkje kommunane sine insentiv til førebygging og tidleg innsats. Dei nye eigendelane per månad per barn i institusjonstiltak og spesialiserte fosterheimar (omfattar beredskapsheimar òg) er i 2022 auka til høvesvis 170 000 kroner og 85 000 kroner. Eigendelen per månad per barn for spesialiserte hjelpetiltak vil i 2022 vere 15 000 kroner. Eigendelen per månad per barn i senter for foreldre og barn vil i 2022 bli innretta slik at kommunane dekkjer om lag den same delen av Bufetat sine kostnader som i dag. Dette inneber ein eigendel per månad på 71 000 kroner. For heimebaserte/polikliniske tilbod, som er mindre kostnadskrevjande enn tiltaka i sentera, vil kommunane sin eigendel per månad vere 11 000 kroner. I ein overgangsperiode vil det vere utvikling og utprøving av eit nytt fagleg tilbod i sentera. Departementet vurderer ein overgangsregel, slik at det vil vere same eigendel for tiltak i sentera med utprøving som i dei utan. Dei endelege eigendelane vil òg stå i rundskrivet om satsar for kommunal eigenbetaling for barnevernstiltak, som vil bli sendt til alle kommunar, og som vil bli lagt ut på regjeringa.no.

Auka eigendelar kan medføre tiltaksvridingar i kommunane sin etterspurnad, mellom anna gjennom auka insentiv til tidleg innsats. Dette kan påverke inntekts- og utgiftsnivået i Bufetat. Det er samstundes vanskeleg å gjere gode berekningar av korleis desse vil slå ut for Bufdir og kommunane. Eigendelane er vidare innretta med mål om at dei på kort sikt ikkje skal føre til tiltaksvridingar som ikkje er barnevernsfagleg grunngitt. Departementet har derfor ikkje lagt til grunn endra tiltaksbruk i 2022 som følgje av endra eigendelar. Aktivitetsnivået som blir vidareført, er det same aktivitetsnivået som blei lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2021.

Auka eigendelar medfører auka inntekter for Bufetat, så lenge tiltaksbruken er uendra. Departementet føreslår derfor å auke posten med 907 mill. kroner, som motsvarer kommunane sine meirutgifter som følgje av dei auka eigendelane. Kommunane er kompenserte for meirutgiftene gjennom ein auke i rammetilskotet.

Eksisterande plasseringar i spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar skal vidareførast utan endringar som ei overgangsordning. Det vil seie at kommunane kan betale same eigendel som i 2021 for desse plasseringane. Kommunane sine utgifter og staten sine inntekter vil auke etter kvart som overgangsordninga ikkje kjem til nytte lenger. Departementet vil komme tilbake til endringar knytte til dette i framtidige budsjettframlegg.

Då forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet starta i 2016, blei løyvinga auka fordi kommunane som deltek i forsøket, betaler meir for tiltak frå det statlege barnevernet enn andre kommunar. Frå 2022 trer barnevernsreforma i kraft, og forsøket blir avvikla. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 3,7 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 2 474,1 mill. kroner i 2022.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

89 898

119 759

122 010

Sum kap. 856

89 898

119 759

122 010

Post 01 Driftsutgifter

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet og søkt vern utan foreldre eller andre med foreldreansvar, tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgsplassar og eventuelle kjøp av plassar i private omsorgssenter, arbeid med godkjenning av private senter, opplæring og oppfølging, arbeid med anskaffingar, administrasjon og arbeid med busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera.

Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år i omsorgssentera har lenge vore lågt, men har auka frå sommaren. Det er uvisst kor mange barn som til kvar tid har behov for å bu i omsorgssentera, og talet på barn i omsorgssentera kan variere i løpet av året. Løyvinga legg til rette for å dekkje drift av 50 plassar i 2022.

Frå 2022 blir det innført krav om relevant bachelorutdanning for nytilsette i barnevernsinstitusjonar. Dette kravet vil òg gjelde for nytilsette i omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. Det blir førelått at Bufetat skal bli kompensert for dei gradvis aukande lønnsutgiftene over tid som følgje av kompetansekrava. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 0,3 mill. kroner i 2022 i samband med kompetansekrava.

Departementet føreslår ei løyving på 122 mill. kroner i 2022.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Diverse inntekter

101

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

88 204

116 005

118 426

Sum kap. 3856

88 305

116 005

118 426

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er venta at alle barn i omsorgssenter i 2022 vil ha ei butid under eitt år.

Departementet føreslår at 118,4 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 04, blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningtiltak i Norge, godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter, på budsjettet til Utanriksdepartementet. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 118,4 mill. kroner i 2022.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

570 094

594 495

609 483

21

Spesielle driftsutgifter

13 505

25 032

25 032

Sum kap. 858

583 599

619 527

634 515

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal styrkje moglegheita det einskilde mennesket har til meistring og utvikling gjennom å fremje ein trygg barndom, gode oppvekstvilkår, likestilling og ikkje-diskriminering. Bufdir skal òg vere ein god kunnskapsforvaltar og fagleg premissleverandør for fagområda

  • barnevern

  • familievern

  • adopsjon

  • likestilling og ikkje-diskriminering

  • arbeid mot vald og seksuelle overgrep

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere riktig og høg i heile landet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Bufdir og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA). Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester.

Bufdir kan òg nytte midlane på posten til å finansiere og bestille forsking, kunnskapssamandrag og ulike IKT-prosjekt. Direktoratet skal formidle kunnskap frå forsking og statistikk og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet.

På grunn av ein ny fakturaavtale med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring om drift av fakturatenester føreslår departementet å redusere posten med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1605, post 01.

Ansvaret som sentralstyresmakt for Haagkonvensjonen 1980 og Europarådskonvensjonen 1980 blir permanent overført til Bufdir 1. januar 2022. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på posten med i overkant av 1,1 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 400, post 01.

Vidare føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 840, post 21. Sjå nærare omtale under kap. 840, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på 609,5 mill. kroner i 2022.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir, mellom anna DigiBarnevern. Løyvinga dekkjer òg utbetalingar av godtgjersle til medlemmane i fordelingsutvalet, som har som hovudoppgåve å tildele tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Departementet føreslår ei løyving på 25 mill. kroner i 2022.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Diverse inntekter

6 637

515

528

Sum kap. 3858

6 637

515

528

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til eigendelar i samband med deltaking i foreldrekurset Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 0,5 mill. kroner i 2022.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane. Ofte står forbrukarane overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskap om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen. Forbrukarane skal sikrast gode rettar og eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Regjeringa vil at forbrukarane i kjøpssituasjonar skal vere i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarane skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte. Regjeringa vil òg leggje til rette for at forbrukarane skal kunne ta meir medvitne val basert på informasjon om kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester har for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve.

Tilgangen til informasjon og handel gjennom digitale medium gir forbrukarane mange moglegheiter, men òg utfordringar. Forbrukarvernet blir mellom anna utfordra av nye marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. Mellom anna er marknadsføring på sosiale medium ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress, utviklar uheldige kroppsideal og blir utsette for annan skadeleg påverknad.

Utbrotet av koronapandemien våren 2020 tydeleggjorde kor viktig det er med gode forbrukarrettar og eit velfungerande forbrukarapparat som kan gi informasjon og hjelp når det trengst. Særleg i starten av pandemien opplevde mange forbrukarar at varer og tenester ikkje blei leverte som avtalt, sjølv om dei var betalte. Viktige forbrukarrettar blei utfordra, og mange forbrukarar sende inn klage. Sjølv om situasjonen for forbrukarane gradvis har blitt meir normalisert, vil Barne- og familiedepartementet (BFD) og forbrukarapparatet heile tida følgje opp at etablerte forbrukarrettar ikkje blir utfordra. Lover og reglar må tilpassast situasjonen til forbrukarane. Det er viktig å leggje til rette for at forbrukarane kan ta smartare og meir berekraftige forbruksval. Handsamingstida for forbrukarklagar i Forbrukartilsynet, som no er svært lang, skal òg reduserast.

Det er gjennomført ei større omorganisering av forbrukarapparatet for å oppnå ei betre rollefordeling mellom verksemdene og gjere apparatet meir slagkraftig og effektivt. Handsaminga av forbrukarklagar, som tidlegare låg i Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet, blei 1. januar 2021 samla og lagd til Forbrukartilsynet. Det utvida Forbrukartilsynet har fått hovudkontor i Porsgrunn. Her ligg òg Forbrukar Europa, som tidlegare var i Forbrukarrådet. Kontora for klagehandsaming som Forbrukarrådet hadde i Tromsø og Stavanger, er vidareførte som ein del av Forbrukartilsynet. Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet blei lagt ned 1. januar 2021. Ansvaret som sekretariatet hadde for å førebu saker for Marknadsrådet, blei overført til Klagenemndssekretariatet i Bergen, som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet. Forbrukarrådet vil framleis halde til i Oslo og vere ein sterk interessepolitisk aktør med hovudansvar for informasjon og rettleiing til forbrukarane.

Regjeringa la våren 2021 fram Prop. 150 L (2020–2021) Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven). Lova blei vedteken av Stortinget 14. juni 2021, jf. Innst. 603 L (2020–2021). Den nye lova skal fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og tenesteyting. Ho skal òg sikre allmenn tilgang til informasjon om korleis verksemdene handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Lova vil etter planen tre i kraft 1. juli 2022.

For å motverke kroppspress la regjeringa våren 2021 fram Prop. 134 L (2020–2021) Endringer i markedsføringsloven mv. (merking av retusjert reklame), med forslag om plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering. Stortinget vedtok lovendringane 7. juni 2021, jf. Innst. 461 L (2020–2021). Lovendringane vil etter planen ta til å gjelde i 2022.

Etter initiativ frå regjeringa har Annonsørforeningen (ANFO), Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og påverkarbransjen utarbeidd etiske retningslinjer mot kroppspress i sosiale medium. Retningslinjene blir handheva av Fagutvalget for influencermarkedsføring. BFD har både i 2020 og i 2021 gitt tilskot til fagutvalet. Etter budsjettforslaget er det lagt opp til at utvalet òg skal få støtte i 2022.

Regjeringa varsla i Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital at det skulle utarbeidast ein strategi for forbrukarvern i den digitale kvardagen. Tiltaket blir følgt opp gjennom regjeringa sin strategi Rett på nett. Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst, der forbrukarperspektivet med særleg vekt på barn og unge inngår. Strategien blei lagd fram i september 2021 og er nærare omtalt under overskrifta Den digitale kvardagen til barna i programkategori 11.10.

Gjeldsordningslova skal gi personar med alvorlege gjeldsproblem moglegheit til å få kontroll over økonomien sin. Regjeringa har sett i gang ein revisjon av lova. I revisjonen ser BFD mellom anna på om prosessreglar og handsaminga av endringssaker kan forenklast.

Etter pakkereiselova må pakkereisearrangørar stille reisegaranti som dekkjer omsetnaden deira. Tilbakebetalingskrav for pakkereiser som blir avbestilte som følgje av koronapandemien, men før arrangøren går konkurs, blir ikkje dekte av den stilte reisegarantien. I februar 2021 blei det derfor løyvd 78 mill. kroner til ei avgrensa kompensasjonsordning for reisande som er råka av konkurs hos pakkereisearrangøren, og som ikkje har fått tilbake pengar dei har betalt.

Reisearrangørane opplever den gjeldande innretninga av reisegarantiordninga som kostbar. Det er òg usikkert om ordninga er god nok dersom ein større pakkereisearrangør går konkurs i høgsesongen. BFD sette derfor i mars 2021 ned eit ekspertutval for å vurdere det norske reisegarantisystemet og føreslå forbetringar. Utvalet skal levere tilrådinga si innan utgangen av oktober 2021.

Forbrukarrådet har utvikla og driftar tre digitale marknadsportalar: Finansportalen, Tannhelseportalen og Straumprisportalen. Tannhelseportalen er mellombels stengd på grunn av teknisk utbetring. Portalane skal gjere det enklare for forbrukarane å orientere seg i dei ulike marknadene. Forbrukarrådet vil i 2022 arbeide vidare med sikte på å opne Tannhelseportalen att, forbetre og utvikle alle marknadsportalane og særleg sikre god datakvalitet.

Mål på forbrukarområdet for 2022:

Mål
  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane.

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område.

  • Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane.

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte under overskriftene Klagehandsaming og tilsyn og Informasjon og kunnskap nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Reglar og rammevilkår

Nedanfor blir relevant lovarbeid i BFD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalte. Det blir gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2020 og fyrste halvår i 2021, og for planlagde tiltak i 2022.

Regelverksarbeid

Utviklinga av det norske regelverket på forbrukarområdet blir i stor grad påverka av det som skjer i EU. Deltaking i arbeidet EU gjer med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk, er derfor avgjerande for å sikre eit godt vern for norske forbrukarar. I 2022 vil BFD følgje opp viktige forslag som EU-kommisjonen har lagt fram i 2021 og tidlegare.

Forslag til EU-regelverk for å styrkje forbrukarmakta i det grøne skiftet

Eit viktig tema i EU-kommisjonen sin handlingsplan Consumer Agenda, som blei lagd fram i 2020, er forbrukarane si rolle i det grøne skiftet.

Det er ei utfordring at forbrukarane ofte manglar påliteleg og relevant informasjon om miljø- og berekraftseigenskapane til produkta. Dette kan til dømes vere informasjon om miljømessige eigenskapar, venta eller garantert levetid, moglegheita for reparasjon og om reservedelar og reparasjonsmanualar er tilgjengelege. I dag er det berre i avgrensa omfang krav om å gi denne typen informasjon og berre for visse typar produkt. Eit døme er energimerkinga av kvitevarer. Merkeordningar som den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel) er frivillige og gjeld berre utvalde produktgrupper.

Ei anna utfordring er at forbrukarar blir utsette for handelspraksis som er villeiande og forvirrande, og som svekkjer motivasjonen og gjer det meir krevjande å velje berekraftig. Døme på dette er produkt som blir utforma slik at dei skal ha kortare levetid enn venta («tidleg produktsvikt»), vag eller villeiande informasjon om dei miljømessige eigenskapane ved produkt og informasjon som ikkje kan dokumenterast («grønvasking»).

Det er òg knytt utfordringar til handhevinga av dei eksisterande forbrukarvernreglane. Gjeldande regelverk legg i stor grad opp til ei konkret vurdering frå sak til sak om til dømes kva slags informasjon forbrukarane skal kunne rekne med.

EU-kommisjonen har varsla at det i løpet av 2021 vil bli lagt fram forslag om regelverk som skal møte desse utfordringane og styrkje forbrukarmakta i det grøne skiftet. Det kjem forslag til reglar om marknadsføring og om informasjon i samband med kjøp.

Desse forslaga, saman med mellom anna forslag som skal sikre meir berekraftige produkt, og forslag om ein felles metode for vurdering av miljøeigenskapar, vil styrkje forbrukarane si moglegheit til å gjere betre miljøval.

Når forslaga om marknadsføring og informasjon er lagde fram, vil departementet på vanleg måte sende dei på høyring for å få innspel til norske posisjonar i forhandlingane om det nye regelverket.

Moderniseringsdirektivet

Moderniseringsdirektivet er ein del av pakka A New Deal for Consumers, som EU-kommisjonen la fram i april 2018. Moderniseringsdirektivet skal styrkje forbrukarvernet ved å gi forbrukarane fleire rettar på det digitale området. Det blir òg føreslått strengare sanksjonar ved brot på forbrukarvernreglane.

Regjeringa sende hausten 2020 forslag til gjennomføring av moderniseringsdirektivet på høyring. I høyringsforslaget blir det mellom anna føreslått at grove brot på sentrale forbrukarvernreglar skal kunne føre til eit gebyr på inntil fire prosent av omsetnaden eller 25 mill. kroner. Det høgste beløpet skal leggjast til grunn. Grove brot kan til dømes vere å gjentekne gonger krevje betaling frå forbrukarar utan at dette er avtalt.

Det blei òg føreslått i høyringa avgrensingar når det gjeld dørsal, nærare regulering av marknadsføring av sal og brukaromtalar i marknadsføring og nærare reglar for angrerett på til dømes skylagringstenester. Forslaga vil innebere endringar i mellom anna marknadsføringslova, angrerettlova og avtalelova.

Departementet arbeider no med å følgje opp høyringa gjennom ein lovproposisjon med endelege forslag til gjennomføring av direktivet.

Direktiv om vern av dei kollektive forbrukarinteressene

Direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene er ein del av pakka A New Deal for Consumers, som EU-kommisjonen la fram i april 2018. Etter dette direktivet skal interesseorganisasjonar som Forbrukarrådet kunne gå til ein domstol eller eit handhevingsorgan for å få vedtak om å få stoppa brot på forbrukarvernreglar. I tillegg skal dei kunne krevje til dømes erstatning, ny vare, prisavslag eller reparasjon for dei forbrukarane som er ramma. Dette skal òg gjelde over grensene, og for brot på meir enn 60 regelverk. BFD vil saman med Justis- og beredskapsdepartementet vurdere innlemming av direktivet i EØS-avtalen og følgje opp eventuell gjennomføring i norsk rett.

Forordning om forbrukarvernsamarbeid

1. juli 2020 blei endringar i marknadsføringslova sine handhevingsreglar sette i verk. Endringane gjennomfører forordning om forbrukarvernsamarbeid i norsk rett og gir Forbrukartilsynet utvida undersøkings- og handhevingsmynde. Forbrukartilsynet kan mellom anna enklare undersøkje og stanse brot på forbrukarvernreglar på Internett. Via ein domstol kan tilsynet krevje innhald på nettsider og appar fjerna eller eventuelt krevje tilgangen til dei stengd. Forordninga om forbrukarvernsamarbeid blei innlemma i EØS-avtalen i juli 2019, med atterhald om samtykke frå Stortinget. Stortinget gav samtykke i april 2020. Noreg deltek i det europeiske samarbeidet, men inntil alle tre EØS-landa har oppheva sine atterhald, er det visse avgrensingar i deltakinga. Til dømes kan ikkje Noreg leie felles tilsynsaksjonar.

Forbrukarkjøpsdirektivet og digitalytingsdirektivet

Som ledd i strategien om ein digital indre marknad vedtok EU i 2019 to direktiv om forbrukaravtalar: eit oppdatert direktiv om forbrukarkjøp (EU 2019/771, forbrukarkjøpsdirektivet) og eit heilt nytt direktiv om levering av digitale ytingar til forbrukarar (EU 2019/770, digitalytingsdirektivet). I forhandlingane om direktiva i EU-systemet har det vore eit mål å få til mest mogleg like reglar for digitale ytingar og fysiske varer.

Det nye forbrukarkjøpsdirektivet er i høg grad samanfallande med reglane som følgjer av det gjeldande forbrukarkjøpsdirektivet, med nokre unntak. Direktivet inneber likevel på fleire punkt at forbrukarvernet blir styrkt. Etter direktivet må mellom anna tidsperioden seljaren har bevisbyrda ved mangelskrav, utvidast frå eit halvt år til eit år. På einskilde punkt vil gjennomføringa kunne medføre ei viss svekking. Mellom anna vil det ikkje lenger vere ein del av lova at forbrukaren skal ha rett til å få stilt til rådvelde ein erstatningsgjenstand ved avhjelp. Noreg og dei andre EFTA-landa har i prosessen med EU om direktivet fått gjennomslag for at Noreg kan behalde reklamasjonsfristen på fem år for varer som er meinte å vare vesentleg lengre enn to år. Eit forslag om å gjennomføre forbrukarkjøpsdirektivet gjennom endringar i forbrukarkjøpslova blei sendt på høyring i juni 2021.

Digitalytingsdirektivet harmoniserer reglane om forbrukarkontraktar i EU i større grad og gjer det enklare for forbrukarar og næringsdrivande å inngå slike avtalar på tvers av landegrensene. Direktivet inneheld nye reglar for kontraktar om levering av digitale ytingar til forbrukarar. Dette har det hittil ikkje vore reglar for på EU-nivå. Reglane omfattar subjektive og objektive vilkår for at ei digital yting skal reknast for å vere i samsvar med avtalen, forbrukaren sine rettar ved brot på avtalen og reglar om endring av digitale ytingar (oppdateringar mv.). Digitalytingsdirektivet vil bli gjennomført i ny lov om levering av digitale ytingar til forbrukarar (digitalytingslova).

Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp begge direktiva.

Revisjon av gjeldsordningslova

Gjeldsordningslova tredde i kraft i 1993 og har som føremål å gi personar med alvorlege gjeldsproblem moglegheit til å få kontroll over økonomien sin. Sjølv om lova er endra fleire gonger, ber ho preg av å vere frå ei anna tid. Regjeringa har derfor sett i gang ein revisjon for å få ei klarare, meir moderne og meir effektiv lov. I revisjonen ser BFD særleg på om prosessreglar kan forenklast, slik at det går fortare å få fastsett ei gjeldsordning for dei som fyller vilkåra. Ofte må ei gjeldsordning òg endrast etter at ho er kommen i gang, noko som kan leggje store byrder på namsmennene. Departementet vurderer derfor òg om handsaminga av endringssaker kan forenklast. Eit anna tema som blir vurdert, er korleis skyldnarar kan sikrast oppfølging i samband med søknad om og gjennomføring av gjeldsordning.

Gjeldsinformasjonslova og ordninga med gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Gjeldsinformasjonslova skal leggje til rette for sikker, ordna og effektiv registrering og utlevering av gjeldsopplysingar. Med heimel i denne lova blei det 1. juli 2019 sett i verk ei ordning som gir bankar tilgang til oppdaterte gjeldsopplysingar og dermed eit betre grunnlag for å gjere kredittvurderingar. Gjeldsinformasjonen blir formidla av føretak med konsesjon frå BFD til å drive med slik verksemd. På grunnlag av mellom anna data som Forbruksforskingsinstituttet SIFO har henta inn, er ordninga med gjeldsinformasjon evaluert i 2021. Hovudkonklusjonen frå evalueringa er at ordninga har verka etter intensjonen. Evalueringa med bakgrunn er nærare omtalt i del III av proposisjonen, sjå kap. 10.

Ny kredittopplysingslov med forskrift

BFD har teke over ansvaret for den nye kredittopplysingslova, som blei vedteken i desember 2019. Lova, som ikkje har tredd i kraft, set rammer for utlevering og anna handsaming av opplysingar i samband med kredittopplysingsverksemd. I stor grad vidarefører lova gjeldande rett. Eit utkast til forskrift til lova var ute på høyring våren 2020. Forskrifta er under utarbeiding i departementet. Lova og forskrifta vil etter planen tre i kraft primo 2022.

Covid-19 og pakkereiser

Covid-19-pandemien råka pakkereisearrangørane hardt. Stort sett alle reiser til utlandet blei innstilte. Dei fleste arrangørane mista heile eller delar av omsetnaden sin, samstundes som forskotsbetalingar for pakkereiser måtte betalast tilbake til dei reisande seinast 14 dagar etter avlysinga. Våren 2020 blei det sett i verk tiltak for å betre stillinga til arrangørane. Mellom anna blei fristen for å betale tilbake forskot for avlyste og avbestilte reiser forlenga. Det blei òg gitt tilskot til Reisegarantifondet, i tilfelle mengda av konkurskrav mot einskilde pakkereisearrangørar skulle bli større enn reisegarantiane dei hadde stilt. Departementet føreslår å ikkje vidareføre den ekstraordinære løyvinga i 2022, sidan risikoen no er liten for at mengda av konkurskrav i 2022 skal bli større enn dei stilte reisegarantiane.

Etter pakkereiselova må pakkereisearrangørar stille reisegaranti som dekkjer omsetnaden deira. Garantien skal sikre reisande tilbakebetaling for reisetenester som ikkje blir leverte som følgje av konkurs. Tilbakebetalingskrav for pakkereiser som blir avbestilte eller avlyste som følgje av koronapandemien, men før arrangøren går konkurs, blir ikkje dekte av den stilte reisegarantien. I februar 2021 blei det derfor løyvd 78 mill. kroner til ei avgrensa kompensasjonsordning for reisande som er råka av konkurs hos pakkereisearrangøren etter at reisa var avlyst eller avbestilt, og som ikkje hadde fått tilbake pengar dei hadde betalt. Sjå omtale i Prop. 79 S (2020–2021). Ordninga omfattar dei som hadde kjøpt pakkereise før reiseråda til regjeringa stoppa nesten all reiseaktivitet 14. mars 2020, og som ikkje blei dekte av reisegaranti, og som heller ikkje hadde fått eller kunne få dekning frå andre kjelder, til dømes frå kredittkortselskap eller reiseforsikring. Ordninga er nedfelt i ei forskrift om midlertidig kompensasjonsordning til reisande – tilbakebetalingskrav, som tok til å gjelde 6. april 2021. Gitt tidsavgrensinga til ordninga, og det at det ikkje har vore mange krav i 2021, føreslår departementet å ikkje vidareføre løyvinga i 2022.

I tillegg til reglar om reisegaranti inneheld pakkereiselova andre reglar om rettar og plikter for reisande og pakkereisearrangørar. Det er berre reglane om reisegaranti for pakkereiser som i dag gjeld på Svalbard. I eit felles høyringsnotat datert 31. august 2021 som gjeld Svalbard, har Justis- og beredskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet i samråd med Barne- og familiedepartementet føreslått ei forskrift heimla i pakkereiselova om at heile pakkereiselova skal gjelde for reisande og pakkereisearrangørar på Svalbard. Dermed blir rettane og pliktene etter pakkereiselova dei same på Svalbard som på fastlandet. Det er føreslått at forskrifta om pakkereiselova på Svalbard skal tre i kraft 1. januar 2023.

Reisegarantiutvalet

Den gjeldande innretninga av reisegarantiordninga har vist seg å ha veikskapar. Reisearrangørane opplever ordninga som kostbar. Det er likevel usikkert om ordninga er god nok dersom ein større pakkereisearrangør går konkurs i høgsesongen. Utfordringane for pakkereisearrangørane blei tydelege under koronapandemien, jf. omtale i avsnittet over. Departementet sette derfor i mars 2021 ned eit ekspertutval som skal vurdere det norske reisegarantisystemet og føreslå moglege forbetringar, samstundes med at krava i pakkereisedirektivet framleis blir varetekne. Utvalet skal levere tilrådinga si til departementet innan utgangen av oktober 2021.

Forbrukarane i den digitale økonomien

Nesten grenselaus tilgang til informasjon og kommunikasjon gjennom digitale medium gir forbrukarane både nye moglegheiter og utfordringar. På den eine sida kan forbrukarane raskt skaffe seg oversikt i marknadene, enkelt gjennomføre kjøp og sjølve by fram varer for sal eller utleige. På den andre sida må forbrukarane vere i stand til å handtere store mengder informasjon som kan vere motstridande. Tilgangen til mange varer og tenester krev at forbrukarane meistrar digitale verktøy. Det er òg knytt utfordringar til at personopplysingar har blitt ei handelsvare mellom næringsdrivande, ofte utan at forbrukarane er klare over eller ønskjer det.

For å møte mange av desse utfordringane, varsla regjeringa i Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital at det skulle utarbeidast ein strategi for forbrukarvern i den digitale kvardagen. Tiltaket blir følgt opp gjennom regjeringa sin strategi Rett på nett. Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst, der forbrukarperspektiv inngår. Strategien blei lagd fram i september 2021 og er nærare omtalt under overskrifta Den digitale kvardagen til barna i programkategori 11.10. Sjå òg omtale av strategien under overskrifta Digital tryggleik for barn og unge nedanfor.

I Meld. St. 25 (2018–2019) varsla regjeringa òg at det skulle etablerast eit nasjonalt samarbeidsforum for tilsynsorgan som arbeider med forbrukar- og personvernspørsmål i digitale tenester og produkt, etter modell av det europeiske Digital Clearinghouse.

Forbrukartilsynet har i 2021 etablert eit tilsynsnettverk med Konkurransetilsynet og Datatilsynet for å sikre eit meir effektivt forbrukarvern på digitalfeltet. Samarbeidet i nettverket skal mellom anna effektivisere handsaminga av einskildsaker, motverke dobbeltarbeid og sikre ei heilskapleg tilnærming til forbrukarutfordringane i den digitale økonomien, slik at det blir teke best mogleg omsyn til personvern, forbrukarvern og fungerande konkurranse. Det er lagt opp til at nettverket skal halde fram i 2022.

Digital tryggleik for barn og unge

Barn og unge er aktive brukarar av digitale verktøy og tenester. Nye digitale kanalar gir barn og unge enorme moglegheiter, både til å kommunisere med venner, og å lære og utvikle gode IKT-ferdigheiter. Samstundes gjer den digitale teknologien barn og unge sårbare for både påtrengande marknadsføring, kroppspress, internettrelaterte overgrep og annan skadeleg påverknad. Som omtalt la regjeringa i september 2021 fram sin strategi Rett på nett. Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst der forbrukarperspektiv inngår. Forbrukar- og personvernet til barn og unge er eit av fleire emne i strategien. I 2022 skal departementet følgje opp strategien. Innsatsen mot internettrelaterte overgrep er koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet og forankra i strategien Forebygging og bekjempelse av internettrelaterte overgrep. Nasjonal strategi for samordnet innsats (2021–2025), som blei lagd fram i august 2021.

Som eit ledd i arbeidet til regjeringa for å motverke kroppspress og som følgje av oppmodingsvedtak frå Stortinget (Vedtak nr. 853, 6. juni 2018), la regjeringa våren 2021 fram Prop. 134 L (2020–2021) Endringer i markedsføringsloven mv. (merking av retusjert reklame) med forslag om plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, -storleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering. Plikta gjeld reklame i både bilete og levande framstillingar. Det blei òg føreslått å gjere tydeleg i lova at marknadsføring som medverkar til kroppspress, er i strid med kravet i lova om god marknadsføringsskikk når det gjeld barn. Stortinget vedtok lovendringane 7. juni 2021, jf. Innst. 461 L (2020–2021). Lovendringane vil etter planen tre i kraft i 2022, etter at ei forskrift om korleis reklamen skal merkjast, og om unntak frå merkjeplikta ligg føre.

Eit sterkt tilsyn med marknadsføring er sentralt for å sikre digital tryggleik for barn og unge. BFD bad i 2020 Forbrukartilsynet særleg prioritere å føre tilsyn med marknadsføring retta mot barn og unge som kan medverke til kroppspress. Tilsynet blei òg bede om å føre tilsyn, så langt det var mogleg, med marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar, produkt og tenester, slik som sosiale medium og bloggar.

Forbrukartilsynet gjennomførte i 2020 to tilsynsaksjonar for å avdekkje reklame som kan medverke til kroppspress blant barn. I desse aksjonane fekk næringsdrivande som bruker påverkarar med mindreårige følgjarar til å marknadsføre skjønnheitsbehandlingar og produkt som er ueigna for barn, størst merksemd. Tilsynsaksjonane resulterte i at Forbrukartilsynet tok opp saka med fleire klinikkar, med orientering til påverkarane. Forbrukartilsynet sende i 2020 òg orienteringsbrev om reglane for marknadsføring retta mot barn til dei største norske påverkarane og nettverka. Forbrukartilsynet vil i 2022 halde ved lag innsatsen på dette området og mellom anna slå ned på ulovleg marknadsføring som er retta mot barn og unge i digitale medium.

Forbrukartilsynet samarbeider med andre offentlege styresmakter og nettverk både nasjonalt og internasjonalt i arbeidet med digital tryggleik for barn og unge. I 2020 deltok tilsynet mellom anna i Trygg bruk-nettverket, som blir leia av Medietilsynet. I dette nettverket blir det arbeidd for å fremje ein tryggare digital kvardag for barn på tvers av fagområde.

Etter initiativ frå regjeringa har Annonsørforeningen (ANFO) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) i samarbeid med påverkarbransjen utarbeidd etiske retningslinjer mot kroppspress i sosiale medium. Retningslinjene gjeld for påverkarar, nettverk og annonsørar og blir handheva av eit fagleg utval (Fagutvalget for influencermarkedsføring). Fagutvalet har sidan januar 2020 publisert avgjerder om retningslinjene er brotne. Fagutvalet gir òg førehandsvurderingar av marknadsføring frå påverkarar. Målet er å få bransjen til å ta eit større ansvar for den påverknaden dei har på barn og unge i sosiale medium. BFD gav både i 2020 og i 2021 tilskot til drifta av fagutvalet. Departementet føreslår at fagutvalet òg skal få støtte i 2022.

Matbransjens faglege utval (MFU) er ei ordning for sjølvregulering av marknadsføring av mat og drikke retta mot barn og unge. Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) følgjer opp MFU med årlege kontaktmøte, der Helsedirektoratet og BFD òg deltek. I 2019 fekk Folkehelseinstituttet i oppdrag å evaluere ordninga. Evalueringa blei levert i 2020 og viste mellom anna at det er semje om at barn skal beskyttast mot marknadsføring av usunn mat og drikke, og at det særleg trengst meir kunnskap om omfanget av slik marknadsføring i digitale medium.

Forbruksforskingsinstituttet SIFO deltok i 2020 i ein internasjonal pilotstudie med sju deltakarland i regi av Verdshelseorganisasjonen (WHO) som skulle kartleggje digital marknadsføring av usunn mat til barn og unge.11 Studien viste mellom anna at etter norske retningslinjer var 1 av 10 av annonsane ikkje akseptable i marknadsføring retta mot barn under 13 år. Studien viste òg at etter WHO sine retningslinjer ville 82 prosent av annonsane ikkje ha vore akseptable. Studien er eit bidrag til kunnskapsgrunnlaget for vidare arbeid med å verne barn og unge mot marknadsføring av usunn mat og drikke. Studien vil bli følgd opp av fleire og breiare studiar i regi av WHO i åra som kjem.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Stadig fleire produkt og tenester blir regulerte med standardar. Standardar blir utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, både nasjonalt og internasjonalt, på europeisk nivå eller gjennom Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO).

Deltaking frå representantar for forbrukarinteresser er viktig for utviklinga av gode og balanserte standardar. Talet på forbrukarrepresentantar i relevante standardiseringsprosjekt gjekk i 2020 noko tilbake samanlikna med året før. Standard Norge informerer om at talet på forbrukarrepresentantar naturleg vil variere i takt med at standardiseringsprosjekta blir starta eller avslutta.

Forbrukarpåverknad i nasjonalt og internasjonalt standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom BFD, Forbrukarrådet og Standard Norge om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei derfor ført vidare i 2020 og 2021. Målet med samarbeidet er mellom anna å få fleire forbrukarrepresentantar til å ta del i utviklinga av standardar, gjennom informasjon og nettverksarbeid. Forbrukarsekretariatet har koordinert og formidla kunnskap om forbrukarinteresser som er viktige i standardisering. I 2020 blei det på grunn av reiserestriksjonar under koronapandemien ikkje tildelt reisestønad til deltakarar i standardiseringsarbeid. BFD vil i 2022 føre vidare eit samarbeid med Forbrukarrådet og Standard Norge om å fremje forbrukarinteressene i relevant standardiseringsarbeid.

Klagehandsaming og tilsyn

Nedanfor blir det fyrst orientert om omorganiseringa av systemet for klagehandsaming. Deretter blir arbeidet til Forbrukarrådet, Forbrukarklageutvalet, Forbrukartilsynet, Marknadsrådet og Forbrukar Europa omtalt. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2020 og i fyrste halvår 2021 og for planlagde tiltak i 2022.

Omorganisering av systemet for klagehandsaming

Det er gjennomført ei større omorganisering av forbrukarapparatet for å oppnå ei betre rollefordeling mellom verksemdene og gjere apparatet meir slagkraftig og effektivt. Utflytting av delar av forbrukarapparatet frå Oslo skal òg leggje til rette for vekst og utvikling i heile landet og ei meir balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar. Handsaminga av forbrukarklagar, som tidlegare låg i Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet, blei 1. januar 2021 samla og lagd til Forbrukartilsynet. Det utvida Forbrukartilsynet har fått hovudkontor i Porsgrunn. Her ligg òg Forbrukar Europa, som tidlegare var i Forbrukarrådet. Kontora for klagehandsaming som Forbrukarrådet hadde i Tromsø og Stavanger, er vidareførte som ein del av Forbrukartilsynet. Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet blei lagt ned 1. januar 2021. Ansvaret som sekretariatet hadde for å førebu saker for Marknadsrådet, blei overført til Klagenemndssekretariatet i Bergen, som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg til dei nemnde oppgåvene vil det nye Forbrukartilsynet få eit særleg ansvar for kunnskapsgrunnlaget i forbrukarsektoren. Forbrukarrådet vil framleis halde til i Oslo og vere ein sterk interessepolitisk aktør med hovudansvar for informasjon og rettleiing til forbrukarane.

Flyttinga av Forbrukartilsynet sitt hovudkontor frå Oslo til Porsgrunn har medført utskifting av mange tilsette og på kort sikt eit betydeleg kompetansetap. I 2022 blir det ei sentral oppgåve for det nye Forbrukartilsynet å halde fram med å ta ut potensialet som ligg i at ansvaret for klagesaker, tilsynet med forbrukarvernreglar og kunnskapsoppbygging er samla innanfor same organisasjon.

Handsaminga av forbrukarklagar

Tvistar om kjøp og sal mellom forbrukarar og næringsdrivande og mellom privatpersonar handlar gjerne om mindre beløp, og domstolshandsaming vil derfor ofte vere urimeleg ressurskrevjande. Derfor er det etablert eit system for utanrettsleg handsaming av slike tvistar, som Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet er sentrale delar av. Sjølv om Forbrukarrådet ikkje lenger meklar i tvistar, har rådet framleis ei viktig rolle som rettleiar for forbrukarar som lurer på noko eller har problem i samband med kjøp. Det er vanskeleg å føreseie talet på klagesaker og derfor utfordrande å innrette klagesystemet slik at handsamingstida ikkje blir for lang. Mange forbrukarar har heller ikkje god nok kjennskap til systemet for klagehandsaming. Skal systemet tene føremålet, må det over tid fungere godt og vere kjent for dei det er til for.

Handsamingstida for mange klagesaker er no for lang. Årsaka er både at mange erfarne sakshandsamarar har slutta etter avgjerda om å omorganisere forbrukarapparatet, og at talet på klagesaker auka mykje i 2020. Sjølv om det er løyvd ekstra midlar for å auke handsamingskapasiteten i 2021, vil det ta tid før alle restansane er tekne hand om og handsamingstida redusert.

Departementet har dette målet for arbeidet med klagehandsaming:

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane.

Talet på saker som er handsama, prosentdelen løyste saker, handsamingstider og brukarundersøkingar er indikatorar for kor godt systemet for klagehandsaming er. Talet på innkomne saker indikerer kor godt kjent det er.

Fram til ansvaret frå 1. januar 2021 blei overført til Forbrukartilsynet, mekla Forbrukarrådet i nesten alle typar tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande og mellom privatpersonar som ikkje er omfatta av eit anna klageorgan. Forbrukarrådet fekk i 2020 inn 12 632 klagesaker frå forbrukarar som opplevde problem med varer eller tenester dei hadde kjøpt. Det er 29 prosent meir enn i 2019. Truleg hadde auken samanheng med særlege forbrukarutfordringar under pandemien og auka handel på nett.

Av klagesakene som Forbrukarrådet kategoriserte i 2020, handla 79 prosent om varer, handverkartenester og angrerett. 11 prosent handla om tenester som ikkje fall inn under forbrukarlovene eller ei klagenemnd. 10 prosent fall utanfor ansvarsområdet til Forbrukarrådet. Innanfor ansvarsområdet sitt klarte Forbrukarrådet å løyse 70 prosent av klagesakene.

Det var i 2020 berre små endringar i kva sakene handla om. Dei tradisjonelt største sakskategoriane, bruktbilar og handverkartenester, gjekk ned med høvesvis 3 og 4 prosent frå 2019. Saker om varer til rekreasjon, fritid, hobby og kjæledyr auka med 4 prosent. Tidlegare har saker om tenester knytte til fritid, ferie, sport, hobby og kjæledyr vore for få til å bli kategoriserte. I 2020 utgjorde desse til saman 6 prosent. Forbrukarrådet trur endringane kan ha samanheng med pandemien.

Den gjennomsnittlege handsamingstida for klagesakene til mekling var i 2020 på 87 dagar, rekna frå då sakene blei tekne imot. Dette er to dagar mindre enn i 2019.

Brukarundersøkingar i 2020 viste at både klagarane og dei klagane retta seg mot, var nøgde med klagehandsaminga til Forbrukarrådet. På ein skala frå 0 til 5, der 5 var best, fekk Forbrukarrådet i snitt ein skår på 3,65.

Klagesaker om varer, handverkartenester og angrerett som ikkje blir løyste ved mekling, kan takast vidare til Forbrukarklageutvalet. Forbrukarklageutvalet fekk i 2020 inn 1 312 slike saker, mot 1 918 i 2019. Nedgangen kan ha samanheng med at Forbrukarrådet i større grad løyste saker ved mekling.

Ved inngangen til 2020 var handsamingstida for sakene til Forbrukarklageutvalet på mellom sju og åtte månader, rekna frå tidspunktet då sakene kom inn frå Forbrukarrådet. Handsamingstida hadde ved utgangen av året auka til mellom 16 og 17 månader. Kravet om ei handsamingstid på under 90 dagar blei dermed ikkje oppfylt. Auken i sakshandsamingstida har særleg samanheng med at mange erfarne medarbeidarar i Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet slutta i 2019 fordi dei ikkje ønskte å følgje med oppgåvene sine til det nye Forbrukartilsynet. Sjølv om nye sakshandsamarar har komme raskt på plass, tek det tid å byggje opp kapasitet og erfaring nok til at sakene kan handsamast like effektivt som tidlegare.

Forbrukartilsynet overtok 1. januar 2021 mange meklingssaker og saker frå Forbrukarklageutvalet som hadde lege lenge utan å bli ferdighandsama. Interimorganisasjonen for omorganiseringa av forbrukarapparatet sette i 2020 i gang prosjektet Leveranse i balanse for å sjå på korleis dei store restansane av klagesaker skal handterast. Som ein del av prosjektet har Forbrukartilsynet i 2021 mellom anna revidert eksisterande opplæringsmateriell og arbeidd med å effektivisere saksflyten og rutinane for mekling og førebuing av vedtak. Det var òg naudsynt å auke talet på sakshandsamarar. Ved handsaminga av Prop. 79 S (2020–2021) Endringer i statsbudsjettet 2021 (økonomiske tiltak i møte med pandemien) gav Stortinget samtykke til å auke løyvinga til Forbrukartilsynet for 2021 med 10 mill. kroner for å auke sakshandsamingskapasiteten midlertidig og slik redusere handsamingstidene. Restansane frå tidlegare er likevel så store at handsamingstida sannsynlegvis vil halde fram med å auke om ikkje Forbrukartilsynet òg får ekstra ressursar i 2022. Regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga til Forbrukartilsynet med 10 mill. kroner. Midlane skal nyttast til å halde ved lag den midlertidige auken i sakshandsamingskapasiteten i 2021.

Klagehandsaminga til Forbrukar Europa

EU-kommisjonen har i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor i dei fleste europeiske landa (European Consumer Centre Network). Nettverket skal gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EU og EØS-området.

Det norske kontoret i nettverket, Forbrukar Europa, registrerte 390 klagar og 1 715 førespurnader i 2020. Klagane og førespurnadene kom både frå norske forbrukarar som hadde handla i utlandet, og frå utanlandske forbrukarar som hadde handla i Noreg. Dei seinare åra har talet på klagar og førespurnader til Forbrukar Europa gått ned. Nedgangen kan ha samanheng med at forbrukarane får god informasjon om rettane sine andre stader.

Forbrukar Europa er utnemnd som norsk kontaktpunkt for den europeiske nettbaserte klageportalen (ODR). I tillegg er Forbrukar Europa kontaktpunkt for tenestedirektivet og forbodet mot skilnadshandsaming av internettbrukarar basert på geografisk tilhald (geoblokkering).

Tilsynet med forbrukarvernreglane

Dei fleste forbrukarar blir dagleg utsette for store mengder marknadsføring. Mykje av marknadsføringa går føre seg i kanalar og med metodar som for få år sidan var ukjende. Døme er meir eller mindre tydeleg marknadsføring retta mot barn og unge på sosiale medium og bloggsider. Mange opplever ein del marknadsføring som plagsam og aggressiv. Manglar det god nok dokumentasjon for argumenta, kan marknadsføringa vere villeiande.

Både av omsyn til forbrukarar og andre næringsdrivande set marknadsføringslova rammer for marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande. Forbrukartilsynet har i oppgåve å føre tilsyn med at varer og tenester blir marknadsførte i samsvar med lova, og at næringsdrivande ikkje bruker urimelege vilkår i avtalar med forbrukarar. Forbrukartilsynet skal gjennom informasjonstiltak, tilsynsaktivitetar, forhandlingar og vedtak få næringsdrivande til å følgje reglane i marknadsføringslova og andre lover som vernar forbrukarane.

Mange erfarne medarbeidarar har slutta som følgje av avgjerda om å flytte Forbrukartilsynet til Porsgrunn. Sjølv om nye medarbeidarar har komme på plass, vil tilsynsarbeidet til Forbrukartilsynet i ei tid framover vere i ein oppbyggings- og utviklingsfase.

Departementet har dette målet for tilsynsarbeidet:

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område.

Forbrukartilsynet prioriterte i 2020 tilsyn med marknadsføring av forbrukslån og kreditt. Til dømes kontrollerte tilsynet marknadsføring på søkjemotorar og i nettaviser for å undersøkje om økonomisk utryggleik som følgje av pandemien blei utnytta i marknadsføring. Tilsynet fann ikkje slik marknadsføring. Sommaren 2020 lanserte tilsynet ei ny rettleiing til forskrifta om marknadsføring av kreditt. Tilsynet sendte òg ut eit orienteringsbrev om krava som blir stilte til marknadsføring frå finansagentar og formidlarar av finansielle produkt. Frå 1. januar 2022 vil Forbrukartilsynet få ansvar for å føre direkte tilsyn med at reglane for marknadsføring av finansielle tenester i den nye finansavtalelova blir følgde, og at kontraktane som blir nytta i finansmarknaden, er rimelege og balanserte. Ei hovudoppgåve vil bli å sjå til at bankar og andre aktørar i finansmarknaden endrar standardavtalar og praksis i tråd med den nye lova.

Forbrukartilsynet retta i 2020 merksemd mot bruken av berekraftsargument i marknadsføring. Til dømes følgde tilsynet opp tidlegare arbeid retta mot klesbransjen ved å sende ut orienteringsskriv til aktørar i den norske marknaden. Tilsynet heldt òg føredrag for bransjen. I etterkant gjennomførte tilsynet ein aksjon overfor eit utval av aktørar, og tok opp saka med åtte næringsdrivande der marknadsføringa var i strid med lova eller kunne vere det. Som eit ledd i det førebyggjande arbeidet blei òg ein oppdatert versjon av tilsynet si rettleiing om bruk av berekraftsargument i marknadsføring lansert i 2020. Tilsynet utarbeidde i tillegg nye fagsider om berekraft på nettsidene sine. For at forbrukarane skal kunne ta informerte val og medverke til ei berekraftig utvikling, vil Forbrukartilsynet i 2022 halde fram med å rettleie og ha dialog med næringsdrivande om bruken av berekraftsargument i marknadsføring. Tilsynet vil følgje med på at reglane i marknadsføringslova blir følgde, og reagere ved klare brot på lova.

Forbrukartilsynet har i 2021 intensivert tilsynet med straummarknaden. Tilsynet samarbeider med Reguleringsmyndigheita for energi (RME) om å føreslå regelverksendringar. Samarbeidet vil halde fram i 2022 for å sikre samordna tilsyn og at eventuelle regelverksendringar blir følgde opp.

Marknadsføring og avtalevilkår for bustader er eit anna høgt prioritert område for Forbrukartilsynet. Bustadhandelen skal gjerast tryggare, både for kjøparar og seljarar. Forbrukartilsynet lanserte i 2020 ei oppdatert rettleiing om marknadsføring av eigedomstenester. Rettleiinga sikrar bransjen enkel tilgang til rettleiing om ei rekke nye tema og problemstillingar knytte til marknadsføring av eigedomsmeklingstenester og liknande tenester. Rettleiinga som Forbrukartilsynet laga i 2018 om marknadsføring av bustader, blei i 2020 utvida med eit punkt om bruk av berekraftspåstandar. Forbrukartilsynet vil i 2022 halde fram med å medverke til at marknadsføringa og annan informasjon til forbrukarar ved kjøp av bustader er rett og tilstrekkeleg, og at kontraktane som blir nytta, er rimelege og balanserte.

I samarbeid med Datatilsynet lanserte Forbrukartilsynet i 2020 ei rettleiing om digitale tenester og personopplysingar om forbrukarane. Rettleiinga tek føre seg det viktigaste dei som utviklar, marknadsfører eller tilbyr varer og tenester, må kunne om forbrukar- og personvernreglane. Digitaliseringa utfordrar forbrukarvernet på fleire frontar. Stadig nye produkt og tenester blir utvikla, og metodane som blir nytta i marknadsføringa, endrar seg stadig. Forbrukarvernet er under press til dømes ved at ansvaret knytt til digitale plattformer er uklart, og ved at det blir nytta manipulerande marknadsføringsteknikkar, skjult reklame og målretta reklame på bakgrunn av forbrukardata som er innhenta. Dette er venta å auke i omfang. Internasjonalt var det i 2020 mykje merksemd retta mot å ansvarleggjere og regulere digitale plattformer. Forbrukartilsynet deltok i dette arbeidet gjennom mellom anna Det internasjonale nettverket for forbrukarvern og handheving (ICPEN).

Forbrukartilsynet vil i 2022 føre vidare arbeidet med forbrukarproblemstillingar knytte til den digitale utviklinga. Aktuelle aktørar skal respektere at reglane som vernar forbrukarane, òg gjeld i den digitale økonomien. Forbrukartilsynet vil òg avklare korleis regelverket skal nyttast på nye problemstillingar, og medverke ved utforminga av regelverk, både nasjonalt og internasjonalt.

Reklame i sosiale medium har vore høgt prioritert i Forbrukartilsynet, særleg der barn og unge er i målgruppa. Oppfølging av korleis påverkarar og annonsørar innrettar marknadsføringa si, særleg ved merking av reklame, stod høgt på agendaen i 2020. Tilsynet arbeidde òg med problemstillingar knytte til reklame som medverkar til kroppspress overfor barn og unge. Sjå nærare omtale i avsnittet Digital tryggleik for barn og unge over. Forbrukartilsynet vil i 2022 halde fram med arbeidet på dette området. Når det i 2022 som følgje av endringar i marknadsføringslova blir innført plikt til å merkje retusjert reklame, vil Forbrukartilsynet få nye oppgåver. Tilsynet vil både rettleie om og handheve dei nye reglane.

Forbrukartilsynet prioriterte i 2020 òg tilsyn med marknadsføring av og avtalevilkår for elektroniske kommunikasjonstenester. Tilsynet gjennomførte to tilsynsaksjonar knytte til dette. Den eine var ein aksjon om marknadsføring av «Fri bruk i EU/EØS», der tilsynet sende ut orienteringsbrev om gjeldande reglar til fleire aktørar i mobilbransjen. Den andre aksjonen gjaldt høve til å fryse tv-abonnement for fritidsbustader under «hytteforbodet». Tilsynet fann ikkje grunnlag for å opprette saker som følgje av denne.

Forbrukartilsynet hadde i 2020 mykje merksemd retta mot koronarelatert marknadsføring. Dei fyrste dagane og vekene etter nedstenginga fekk tilsynet mange tips om og klagar på at næringsdrivande utnytta den særskilde og krevjande tida i marknadsføring av produkt. I tre saker vurderte tilsynet det som naudsynt å gjere vedtak om lovbrotsgebyr på grunn av at pandemien var nytta på ein ulovleg måte i marknadsføring av helsekostprodukt. Mange forbrukarar tok i 2020 òg kontakt med tilsynet om rettane dei hadde når næringsdrivande ikkje kunne levere avtalte ytingar som følgje av pandemien. Dette gjaldt særleg treningssenter og privatskular. Tilsynet tok opp saka med eitt selskap og sende ut orienteringsbrev om rettane til 22 aktørar. Tilsynet arbeidde i 2020 òg mykje med tema knytte til avlyste og avbestilte flyreiser, pakkereiser, båtreiser og overnattingar for å sikre at aktørane i bransjen respekterte grunnleggjande forbrukarrettar og ikkje villeidde forbrukarane om rettane deira.

Stadig fleire næringsdrivande som marknadsfører varer og tenester overfor norske forbrukarar, er store internasjonale aktørar. Forbrukartilsynet både har medverka og vil framleis medverke til godt forbrukarvern på tvers av landegrenser gjennom ulike nettverk i Norden, i EU og på verdsbasis.

Forbrukartilsynet vil i 2022 òg få ansvar for å føre tilsyn med og rettleie om den nye openheitslova, som Stortinget vedtok i juni 2021. Openheitslova skal fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og tenesteyting. Lova er nærare omtalt under overskrifta Etikkinformasjon gjennom openheitslova nedanfor.

Marknadsrådet handsama i 2020 11 saker. Tre av sakene var klagar på vedtak frå Forbrukartilsynet. Fire var klagar på vedtak frå Helsedirektoratet (Marknadsrådet er òg klageinstans for saker om brot på merkereglane i tobakkskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova). Fire saker var klagar på nedprioriteringar hos Forbrukartilsynet. Kravet departementet har stilt om at handsamingstida for sakene til Marknadsrådet i snitt ikkje skal gå over tre og ein halv månad, blei oppfylt.

Informasjon og kunnskap

Informasjon og kunnskapsoppbygging er viktige verkemiddel i forbrukarpolitikken. Særleg i store og kompliserte marknader kan det vere krevjande for forbrukarane å samanlikne prisar og kvalitetar og gjere gode val. Det kan òg vere krevjande å ha oversikt over kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester har for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve. For mange kan det vere utfordrande å finne fram til relevant informasjon og vurdere om informasjonen er korrekt. Mange forbrukarar kan heller ikkje nok om eigne rettar og plikter eller om korleis dei skal gå fram dersom dei er misnøgde med eit kjøp.

Departementet har derfor dette målet for den delen av forbrukarpolitikken som handlar om informasjon og kunnskap:

  • Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane.

Både informasjonsverksemda til Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet og Stiftinga Miljømerking i Noreg, medrekna miljømerka Svana og EU Ecolabel, er omfatta av målet.

Nedanfor blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at forbrukarane kan ta meir informerte val og betre kjenne rettane og pliktene sine. Arbeidet til Forbruksforskingsinstituttet SIFO med å skaffe kunnskap om situasjonen til forbrukarane blir òg omtalt. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2020 og fyrste halvdel av 2021 og for planlagde tiltak i 2022.

Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet

Som interesseorganisasjon skal Forbrukarrådet gi relevant informasjon som forbrukarane kan nytte både før og etter kjøp. I 2020 registrerte Forbrukarrådet 51 867 førespurnader via telefon, e-post, sosiale medium og chat-løysinga si. Dette er litt fleire enn i 2019. Gjennom dei same kanalane fekk rådet òg førespurnader frå næringsdrivande. Auken i førespurnader i 2020 ser Forbrukarrådet i samanheng med at mange forbrukarar under pandemien har opplevd at varer og tenester som er bestilte og betalte, har blitt endra, utsette eller ikkje leverte. Tendensen dei seinaste åra har elles vore ein nedgang i førespurnadene på 3–4 prosent årleg. Forbrukarrådet gav i 2020 òg forbrukarar og næringsdrivande indirekte hjelp gjennom oppslag i media og på nettsida si.

Nettsida forbrukerradet.no hadde i snitt 51 300 unike brukarar kvar veke i 2020. Dette er ein nedgang på rundt fire prosent frå 2019. Forbrukarrådet ser nedgangen i samanheng med færre publiserte testar, konkurranse frå andre aktørar som tilbyr kontraktar, og mindre bruk av flykalkulatoren. At mange nyttar eller kjenner til nettsida, er viktig for at Forbrukarrådet skal fylle rolla si.

Forbrukarrådet har utvikla tre digitale marknadsportalar: Finansportalen, Tannhelseportalen (mellombels stengd) og Straumprisportalen. Portalane skal medverke til god og oppdatert informasjon til forbrukarane om kva som er tilgjengeleg i dei ulike marknadene. Prisoversikter i portalane skal styrkje konkurransen til fordel for forbrukarane og skape betre balanse mellom profesjonelle marknadsaktørar og einskilde forbrukarar.

Finansportalen er eit viktig verkemiddel for at forbrukarane skal kunne områ seg og samanlikne bank-, forsikrings-, pensjons- og fondsprodukt frå ulike tilbydarar. Samanlikna med 2019 auka talet på unike brukarar i veka med 12,7 prosent til 38 800 i 2020. I 2021 blei det løyvd 6 mill. kroner til Forbrukarrådet for å styrkje arbeidet med Finansportalen og sikre at tenesta held høg kvalitet og er framtidsretta. Arbeidet med å sikre høg kvalitet og god forbrukarinformasjon skal halde fram i 2022.

Tannhelseportalen blei mellombels stengd i 2020 på grunn av utfordringar med å sikre gode data til tenesta. Mellom anna førte innskrenkingar i tannhelsetenesta som følgje av virusutbrotet til manglande innrapportering av prisar. Det er viktig at Tannhelseportalen kjem tilbake i drift med brukarvenlege og teknisk gode løysingar. Regjeringa styrkte derfor arbeidet med Tannhelseportalen med 5 mill. kroner over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett i 2021. Forbrukarrådet vil halde fram med å arbeide for å opne tenesta att med høg kvalitet i 2022 i samarbeid med Helsedirektoratet.

Straumprisportalen skal gjere det enklare å samanlikne prisane og vilkåra frå ulike straumleverandørar. I snitt hadde portalen kvar veke 8 900 unike brukarar i 2020, mot 8 700 i 2019. Bruken blir i stor grad påverka av prisaukar og presseoppslag knytte til det.

Forbrukarrådet vil i 2022 arbeide vidare med å forbetre og utvikle marknadsportalane. Rådet vil særleg arbeide med å sikre god datakvalitet, men òg leggje vekt på å tilpasse portalane til den teknologiske utviklinga og til forbrukarbehov.

Forbruk og miljø

Regjeringa vil vere ein pådrivar for frivillig samarbeid og frivillige ordningar som kan medverke til berekraftig forbruk. For å ta steg i berekraftig retning treng både forbrukarar, næringsdrivande og andre aktørar informasjon og kompetanse. Regjeringa lanserte i juni 2021 strategien for ein grøn, sirkulær økonomi. Sentralt i strategien er å gi forbrukarane betre moglegheiter for å gjere sirkulære val. Strategien varsla at regjeringa vurderer å opprette eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Det er no bestemt at kontaktpunktet skal etablerast i Forbrukarrådet i 2022. Kontaktpunktet vil ha som føremål å samle kunnskap, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis gjennom å spreie gode døme og metodar.

Miljømerka Svana og EU-miljømerket

Dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), er begge verkemiddel som gjer det enklare for forbrukarane å ta miljømedvitne val. Svana og EU Ecolabel formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Begge merka blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking). Miljømerking arbeider for å auke talet på produkt med miljømerke i Noreg, og informerer om at desse produkta er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

Frå utgangen av 2019 til utgangen av 2020 auka talet på svanemerkte produkt og tenester på den norske marknaden med tre prosent til 28 245. Miljømerking medverka gjennom arbeidet sitt til at fleire produkt og tenester blir produserte etter strenge miljøkrav. Utvalet av svanemerkte produkt auka i 2020 innanfor fleire produktgrupper. Størst auke var det for tekstilar, møblar, inventar og utemøblar.

Ei kjennskapsundersøking i 2020 viste at 95 prosent av befolkninga kjende til Svana (mot 92 prosent i 2019). 22 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel (mot 23 prosent i 2019). Utbreidd kjennskap til miljømerka indikerer at forbrukarane generelt veit at merka gir god rettleiing om kva som er miljøvennlege val.

Regjeringa støttar opp om arbeidet Miljømerking utfører for å få til ei meir miljøtilpassa produktutvikling og eit mindre miljøbelastande forbruk. Årleg får Miljømerking løyvingar over budsjetta til både BFD og Klima- og miljødepartementet (KLD). Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget ved handsaminga av Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga til Miljømerking over KLD sitt budsjett med 2 mill. kroner. Midlane blei løyvde for ytterlegare å støtte opp under arbeidet til Miljømerking med å utvikle kriterium for miljøvennlege produkt og tenester. Som ein del av oppfølginga av strategien for ein grøn, sirkulær økonomi er løyvinga til Miljømerking i 2021 auka med 4 mill. kroner over KLD sitt budsjett. Denne løyvinga skal nyttast til å synleggjere Svana som verktøy for ein meir sirkulær økonomi, og til å vidareutvikle arbeidet med heilskaplege livsløpsvurderingar av produkt.

I 2022 vil Miljømerking halde fram med å arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke, og informere både forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval.

Matsvinn

Både i Noreg og internasjonalt er matsvinn eit miljømessig, kostnadsmessig og etisk problem. Sidan over halvparten av matsvinnet som er kartlagt, kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte matsvinnarbeid som er retta mot korleis forbrukarane sjølve kan redusere svinnet sitt.

Resultata i forbrukarleddet blir betre dersom alle ledda i verdikjeda for mat samarbeider om å redusere matsvinnet. Det blei i 2017 inngått ein eigen bransjeavtale om å redusere matsvinnet mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen. Av avtalen går det mellom anna fram at partane skal leggje til rette for forbrukaråtferd som medverkar til redusert matsvinn i hushalda. Per november 2020 hadde 103 verksemder skrive under på ein eigen avtale om tilslutting til bransjeavtalen om matsvinn. Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn er det i bransjeavtalen sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet med 50 prosent innan 2030. Med bakgrunn i bransjeavtalen har BFD i 2020 og 2021 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Matvett er eigd og stifta av sentrale aktørar i matbransjen. Støtta frå BFD går til tiltak for å redusere matsvinn blant forbrukarane. I 2020 og 2021 har Matvett utvikla og lansert eit undervisingsopplegg om matsvinn. Utviklinga av undervisingsopplegget har skjedd i samarbeid med Senter for samarbeidslæring for berekraftig utvikling ved Høgskolen i Innlandet (INN) og LOOP Miljøskole. I 2020 og 2021 fekk Matvett òg midlar til matsvinnkampanjar i samband med verdas miljødag og i samband med den nye internasjonale dagen mot matsvinn 29. september.

Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2022 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere sitt eige matsvinn.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet er ein sentral kunnskapsprodusent på forbrukarområdet som BFD årleg gir forskingsoppdrag til. Instituttet forskar på ei lang rekke område, og resultata frå undersøkingane blir ofte nytta som grunnlag for forbrukarpolitiske tiltak.

SIFO la i 2020 fram to studiar med funn som er viktige for arbeidet med å revidere gjeldsordningslova (sjå omtale under Reglar og rammevilkår). Den eine studien handlar om skuldnarane sine erfaringar med prosessen fram mot ei gjeldsordning.12 Studien viser at det er viktig for å følgje opp skuldnarane både i prosessen fram mot gjeldsordninga og i tida etter at avtalen om gjeldsordning er på plass. Oppfølginga etterpå er viktig for å førebyggje misleghald og auke evna til å gjennomføre gjeldsordninga. Den andre studien handlar om omfanget av utanrettslege gjeldsordningar gjennom Nav i 2019 og kva som kjenneteikna sakene.13 Talet på økonomiske rådgivingssaker i Nav blir estimert til å vere på nærare 33 000. Dei vanlegaste utfalla av sakshandsaminga er mellombelse løysingar eller inga løysing. Varige løysingar, inkludert utanrettslege gjeldsordningar, blir oppnådd i 21 prosent av sakene. 14 prosent av sakene blir sende over til namsmannen.

SIFO leverte i 2020 òg ein studie om digital forbrukarkompetanse i Noreg.14 Rapporten frå studien viser at forbrukarane vurderer seg som mest kompetente før kjøp og opplever mest utfordringar etter kjøp. Vidare tyder funna på at dei mest sårbare gruppene er eldre og yngre, kvinner, dei med kort utdanning og dei med låg inntekt. Dette samsvarer med tidlegare studiar på digital forbrukarkompetanse i Noreg og Europa. Studien viser at det er størst sårbarheit knytt til å kjenne til og bruke eigne rettar på nett, verne om eins eigen tryggleik og eins eige personvern, og å kjenne til kva for lovar og regler som gjeld ved global netthandel.

Referansebudsjettet for hushaldsutgifter er eit forbruksbasert mål på økonomiske levekår som blir nytta av mange instansar innanfor både offentleg og privat sektor i samband med økonomisk rådgiving og ved utrekning av naudsynte levekostnader. SIFO har i 2020 og 2021 halde fram med å vedlikehalde og utvikle referansebudsjettet. I 2020 blei referansebudsjettet oppdatert med mellom anna kostnader for elbil.15 SIFO vil i 2022 halde fram med å vedlikehalde og utvikle referansebudsjettet, i samsvar med nye behov.

For å gi styresmaktene eit betre grunnlag for å vurdere tiltak som kan styrkje økonomiforståinga i befolkninga, leverte SIFO i 2020 òg ein rapport frå ein studie av kva kunnskapar som er avgjerande for at folk i Noreg skal oppnå ein trygg og berekraftig økonomisk situasjon.16 Studien peikar på åtte kunnskapskanalar for personleg økonomi: eiga erfaring, foreldre, digitale middel, bank, partnar, venner, jobb og skule. Rapporten viser mellom anna at folk lærer mest av eiga erfaring og foreldre og minst på jobb og skule. BFD har planlagt å nytte denne studien og anna forsking i ein strategi for å styrkje økonomiforståinga hos innbyggjarane. Departementet har førebels ikkje funne rom for å gå i gang med dette arbeidet.

BFD vil òg i 2022 gi SIFO forskingsoppdrag som medverkar til kunnskapsgrunnlaget for forbrukarpolitikken.

Frå 2021 har òg Forbrukartilsynet fått ansvar for å vareta kunnskapsgrunnlaget i forbrukarsektoren. Tilsynet har i oppdrag å innhente informasjon frå mellom anna Forbrukarrådet og SIFO om kva statistikkgrunnlag som finst på forbrukarområdet. Resultatet vil liggje føre i 2022, og det skal leggje grunnlaget for det vidare arbeidet med kunnskapsgrunnlaget.

Andre informasjonstiltak

Etikkinformasjon gjennom openheitslova

Regjeringa la i april 2021 fram Prop. 150 L (2020–2021) Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven). Lova blei vedteken av Stortinget 14. juni 2021, jf. Innst. 603 L (2020–2021). Openheitslova følgjer opp tilrådingane frå Etikkinformasjonsutvalet, som leverte sin rapport og lovforslag til BFD hausten 2019.17 Lova skal fremje verksemder sin respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og tenesteyting. Ho skal òg sikre allmenn tilgang til informasjon om korleis verksemdene handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Lova gjeld større verksemder som høyrer heime i Noreg, og som tilbyr varer og tenester i Noreg eller i utlandet, og større utanlandske verksemder som tilbyr varer og tenester i Noreg, og som er skattepliktige her. Lova byggjer på OECD sine retningslinjer for fleirnasjonale selskap og FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar. Verksemdene skal utføre aktsemdsvurderingar for å mellom anna avdekkje og handtere negative konsekvensar for menneskerettar og arbeidstilhøve både hos seg sjølve og i leverandørkjedene sine. Verksemdene skal òg offentleg gjere greie for aktsemdsvurderingane sine og ved førespurnad informere forbrukarar, organisasjonar og andre om desse. Openheitslova vil etter planen tre i kraft 1. juli 2022.

Forbrukartilsynet har fått ansvaret for å føre tilsyn med og gi rettleiing om openheitslova. Som følgje av nye oppgåver knytte til dette føreslår regjeringa at løyvinga til Forbrukartilsynet blir auka med 10 mill. kroner.

Forbrukarretta sanntidsinformasjon om norske leverandørar

I Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital blei det stadfesta at ein skal undersøkje om sanntidsdata frå offentlege register om tenestetilbydarar kan nyttast til å gi forbrukarar informasjon om kor seriøse tilbydarane er. Tiltaket blir følgt opp i samband med regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet. Målet med ein eventuell tilgang til sanntidsinformasjon for forbrukar er at det skal bli enklare for dei å velje seriøse tenesteytarar og gjennom det medverke til mindre arbeidslivskriminalitet.

Undervising i forbrukaremne

Samarbeid med Høgskolen i Innlandet

BFD har i mange år samarbeidd med Høgskolen i Innlandet om opplæring i forbrukaremne. Opplæringa i forbrukaremne skal gi elevane digital kompetanse og gi dei kunnskap om personleg økonomi, berekraftig forbruk, forbrukarrettar og mediebruk. I læreplanane for skulen er folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling løfta fram som tverrfaglege emne som skal prioriterast i alle fag der det er relevant. Elevane skal få innsikt i utfordringar og dilemma innanfor desse emna og lære om konsekvensar av ulike handlingar.

Blant tiltaka Høgskolen i Innlandet gjennomførte i 2020, var fagdagar ved lærarutdanningar om dei tverrfaglege emna i læreplanane. Høgskulen arrangerte òg eit temamøte om berekraftig forbruk under konferansen Sustainable Development Goals i Bergen. Høgskulen trykte opp, omsette og distribuerte undervisingsmateriell. På grunn av pandemien måtte høgskulen i 2020 tenkje nytt for å nå ut til skulane. Facebook viste seg å vere ei tenleg plattform, og høgskulen nådde ut til mange lærarar gjennom denne kanalen. Mange nytta kanalen til å lese meir om opplæringsmateriellet høgskulen tilbyr og bestilte materiell. I samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal utvikla høgskulen digitale førelesingar med tilhøyrande refleksjonsoppgåver om korleis ein kan arbeide med berekraftig utvikling i skulen. Høgskulen deltek òg i Skolemeny. Dette er eit nettverk som arbeider særskilt med opplæring i personleg økonomi i skulen. BFD vidareførte samarbeidet med høgskulen i 2021 og vil halde fram med det i 2022.

Samarbeid med Ungt Entreprenørskap

BFD førte i 2020 vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap (UE) om eit undervisingsopplegg som skal fremje forståing av berekraftig forbruk. Om lag 3 200 elevar frå ulike delar av landet deltok i opplegget. UE har òg arbeidd med innspel til fagfornyinga, kompetanseheving for lærarar og utvikling av undervisingsmateriell, delteke i nettverk for berekraftig utvikling og arbeidd for å rekruttere fleire til å arbeide med temaet. Undervisingsopplegget gir ringverknader og har medverka til større merksemd om berekraftig utvikling i andre prosjekt i regi av UE. BFD vidarefører samarbeidet med UE i 2021 og vil halde fram med det i 2022.

Verktøy for opplæring om reklame

BFD er opptekne av at barn og unge skal få kunnskap om reklame og korleis reklame påverkar dei. Departementet har derfor fått utarbeidd eit undervisingshefte om reklame. I heftet finn ein mellom anna opplæring i ulike verkemiddel som blir brukte i reklame, kva reklamekanalar som finst, og korleis reklamen påverkar oss. Målet med heftet er å gi barn og unge sunne og medvitne haldningar til reklame. Sidan 2016 har det blitt distribuert om lag 100 000 hefte, og etterspurnaden er framleis stor. Heftet blei sist oppdatert i 2013, og utviklinga på området reklame og sosiale medium går raskt. Departementet meiner at det er naudsynt med ei oppdatering slik at ein kan tilby eit opplæringsverktøy som er tilpassa lovverket og mediebiletet i dag. BFD har i 2021 gitt Forbrukartilsynet i oppdrag å utvikle eit nytt opplæringsverktøy som skal medverke til at barn og unge blir meir medvitne om marknadsføring og reklame. Verktøyet vil liggje føre i 2022.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

860

Forbrukarrådet

155 609

109 576

109 153

-0,4

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

10 915

11 264

11 264

0,0

865

Forbrukarpolitiske tiltak

20 019

121 251

17 655

-85,4

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

14 093

0,0

868

Forbrukartilsynet

40 437

104 493

124 668

19,3

Sum kategori 11.30

241 073

346 584

262 740

-24,2

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

3868

Forbrukartilsynet

2 500

2 552

2,1

Sum kategori 11.30

2 500

2 552

2,1

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

56 975

107 307

127 541

18,9

50–89

Overføringar til andre

184 098

239 277

135 199

-43,5

Sum kategori 11.30

241 073

346 584

262 740

-24,2

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Basisløyving

132 898

82 331

81 641

51

Marknadsportalar

22 711

27 245

27 512

Sum kap. 860

155 609

109 576

109 153

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å ta hand om interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp til å fremje ein klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet og med eigne vedtekter og eit styre.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjering til styremedlemmane, utgifter til kontordrift, husleige og interessepolitiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar, informasjonstiltak, profilering av eigne tenester og kostnader ved å leggje fram prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett for domstolane. Forbrukarrådet gir tilskot over posten til drift av forbrukarsekretariatet i Standard Norge.

Som følgje av at oppgåver knytte til Forbrukar Europa og den europeiske klageportalen (ODR) blei overført frå Forbrukarrådet til Forbrukartilsynet frå 1. januar 2021, føreslår BFD å overføre 1 mill. kroner til kap. 868, post 01. Fordi oppgåva knytt til ODR har vore mindre kostnadskrevjande enn opphaveleg lagt til grunn, føreslår BFD òg å overføre 0,2 mill. kroner frå denne posten til kap. 451 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, post 01. Midla skal delvis dekkje kostnadene som følgjer av at ein samordningsfunksjon for marknadstilsyn for varer skal etablerast i direktoratet i 2022, i tråd med EUs marknadsføringsforordning (2019/2020). Dette er omtalt nærare i Prop. 1 S (2021–2022) for Justis- og beredskapsdepartementet.

I samband med nytt premiesystem i Statens pensjonskasse frå 2022, som inneber ein ny verksemdspesifikk og hendingsbasert premiemodell for statlege verksemder, føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 81,6 mill. kroner i 2022.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av Finansportalen (finansportalen.no), Straumprisportalen (strømpris.no) og Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no).

I samband med nytt premiesystem i Statens pensjonskasse frå 2022, som inneber ein ny verksemdspesifikk og hendingsbasert premiemodell for statlege verksemder, føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 0,3 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 27,5 mill. kroner i 2022.

Kap. 862 Stiftinga Miljømerking i Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Driftstilskot

10 915

11 264

11 264

Sum kap. 862

10 915

11 264

11 264

Ansvarsområdet til verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmane er oppnemnde av BFD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2020 10,9 mill. kroner i driftstilskot frå BFD. Av dette beløpet blei om lag 2,3 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking 3,2 mill. kroner i tilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 43,8 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot

Posten dekkjer tilskot til stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. Løyvinga frå 2021 er ført vidare.

Departementet føreslår ei løyving på 11,3 mill. kroner i 2022.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

2 445

2 814

2 873

50

Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

5 900

6 075

6 202

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 542

1 640

1 683

71

Tilskot til Reisegarantifondet

2 000

104 000

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

8 132

6 722

6 897

Sum kap. 865

20 019

121 251

17 655

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet. Posten blir òg nytta til å dekkje utgifter til sakskostnader som Klagenemndssekretariatet i Bergen får når næringsdrivande får medhald i klagar på vedtak frå Forbrukartilsynet.

Departementet føreslår ei løyving på 2,9 mill. kroner i 2022.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlane til forskingsoppdrag som blir utførte av Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet – storbyuniversitetet blir dekte over denne posten.

Posten blir vidare nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skulen. BFD vil i 2022 føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Innlandet, som utviklar undervisingsmateriell til bruk i skulen, har eit fagleg tilbod til lærarar og studentar og leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising.

Departementet føreslår ei løyving på 6,2 mill. kroner i 2022.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet føreslår å føre vidare tilskota til fire særskilde tiltak i 2022:

  • støtte til å delfinansiere drifta av Forbrukarsekretariatet i Standard Norge

  • støtte til organisasjonen Ungt Entreprenørskap til undervisingsopplegg for ungdomsskulen om berekraftig forbruk

  • støtte til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald. Arbeidet må sjåast i samanheng med samarbeidet mellom styresmakter og bransjeorganisasjonar om ein bransjeavtale for å redusere matsvinn

  • støtte til Fagutvalget for influencermarkedsføring. Midlane skal medverke til god og ansvarleg marknadsføringspraksis for dei som jobbar med påverkarmarknadsføring

Departementet føreslår ei løyving på 1,7 mill. kroner i 2022.

Post 71 Tilskot til Reisegarantifondet

I 2021 blei det løyvd 104 mill. kroner over posten ved handsaminga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) for å sikre at Reisegarantifondet under koronakrisa kunne innfri forpliktingane sine etter pakkereiselova. Det er ikkje no behov for å vidareføre ordninga i 2022. Det blei i tillegg løyvd 78 mill. kroner over posten ved handsaminga av Prop. 79 S (2020–2021) til ei tilskotsordning som Reisegarantifondet forvaltar. Tilskotsordninga skulle dekkje innbetalte, ikkje refunderte forskot for pakkereiser kjøpte til og med 14. mars 2020. Det ligg heller ikkje an til behov for løyving til denne ordninga i 2022.

Departementet føreslår at løyvinga på posten ikkje blir vidareført i 2022.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i forbrukarprogrammet til EU, som i perioden 2021–2027 inngår som ein del av det indre marknadsprogrammet. Posten kan òg nyttast til eventuell etterbetaling for deltaking i Consumer Programme 2007–2013 og Consumer Programme 2014–2020.

Posten skal òg dekkje departementet sin del av eventuelle etterbetalingar av kontingentutgifta til EU-programma om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land, Interoperability Solutions for European Public Administrations (ISA), for programperiodane 2007–2013 og 2014–2020.

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, mellom anna aktiviteten under programma og valutautviklinga. Det er derfor vanskeleg å talfeste utgiftene på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 6,9 mill. kroner i 2022.

Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

14 093

Sum kap. 867

14 093

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

40 437

104 493

124 668

Sum kap. 868

40 437

104 493

124 668

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukartilsynet er ei offentleg styresmakt som arbeider for å gjere marknadene enklare og tryggare for forbrukarane. Eit sentralt mål for Forbrukartilsynet er å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for urimeleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Dette blir gjort gjennom dialog og forhandlingar med dei næringsdrivande, ved bruk av tilgjengelege sanksjonar og gjennom rettleiing og informasjonsverksemd. Tilsynet skal gjennom verksemda si medverke til at rettane til forbrukarane blir tekne hand om, og at forbrukarane kan ta informerte val.

Frå 1. januar 2021 har Forbrukartilsynet òg ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan. Denne oppgåva låg tidlegare under Forbrukarrådet. Frå same dato overtok Forbrukartilsynet dessutan ansvaret som Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet hadde med å førebu sakene til Forbrukarklageutvalet. Frå 1. januar 2021 blei dessutan Forbrukar Europa, som tidlegare låg under Forbrukarrådet, overført til Forbrukartilsynet.

Marknadsføringslova regulerer tilsynsverksemda til Forbrukartilsynet. Oppgåvene som er knytte til mekling og førebuing av saker til Forbrukarklageutvalet, som tilsynet overtok frå 1. januar 2021, blir regulerte av lov om behandling av forbrukerklager i Forbrukertilsynet og Forbrukerklageutvalget (forbrukerklageloven), som tredde i kraft 1. januar 2021.

Forbrukartilsynet har òg fått ansvaret for å føre tilsyn med og gi rettleiing om lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven) som Stortinget vedtok i juni 2021. Den nye lova, som etter planen vil tre i kraft i 2022, skal fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og levering av tenester.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet i tillegg til godtgjering m.m. til medlemmane av Forbrukarklageutvalet.

Basert på det endelege resultatet av prosessen med å omorganisere forbrukarapparatet er det behov for å justere omfordelinga av budsjettmidlane på forbrukarområdet. Justeringa har i hovudsak samanheng med oppgåver knytte til Forbrukar Europa og den europeiske klageportalen (ODR), som frå 1. januar 2021 blei overført frå Forbrukarrådet til Forbrukartilsynet. Som følgje av behovet for justering blir 1 mill. kroner føreslått overført frå kap. 860 Forbrukarrådet, post 50 til denne posten.

BFD føreslår vidare å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner til oppgåver med rettleiing og tilsyn etter openheitslova og ytterlegare 10 mill. kroner i 2022 til arbeidet med å redusere handsamingstida for forbrukarklagar.

I samband med nytt premiesystem i Statens pensjonskasse frå 2022, som inneber ein ny verksemdspesifikk og hendingsbasert premiemodell for statlege verksemder, føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 3,4 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 124,7 mill. kroner i 2022.

Kap. 3868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

02

Tilskot

2 500

2 552

Sum kap. 3868

2 500

2 552

Post 02 Tilskot

Departementet føreslår ei løyving på 2,6 mill. kroner i 2022. Løyvinga svarer til det pårekna tilskotet frå EU til Forbrukar Europa.

Programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Hovudinnhald og prioriteringar

Grunnlaget for trus- og livssynspolitikken er Grunnlova § 16:

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

Trus- og livssynsfridommen er ein grunnleggjande verdi og menneskerett i eit demokratisk samfunn. Staten skal verne om denne fridommen og leggje til rette for at alle innbyggjarane kan praktisere trua si eller livssynet sitt.

Stortinget vedtok våren 2020 ny lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), jf. Prop. 130 L (2018–2019) og Innst. 208 L (2019–2020). Den nye lova er ei felles lov for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn og blei sett i kraft 1. januar 2021. Frå same dato blei kyrkjelova av 1996, trussamfunnslova av 1969 og lov om tilskott til livssynssamfunn av 1981 oppheva. Den nye lova forenklar og sameinar dei ulike ordningane som tidligare gjaldt for dei offentlege tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, og fullfører samstundes prosessen med å gjere Den norske kyrkja til ei sjølvstendig folkekyrkje fri frå statleg styring. Lova er betre tilpassa det trus- og livssynsmessige mangfaldet enn den tidlegare lovgivinga.

I den nye lova er føresegnene om Den norske kyrkja gitt i form av ei rammelov i eit eige kapittel. Meir detaljerte føresegner om Den norske kyrkja, slike som tidlegare låg i kyrkjelova, er no gitt i kyrkja si eiga kyrkjeordning. Kyrkjemøtet, som er kyrkja sitt øvste representative organ, vedtek kyrkjeordninga. Den norske kyrkja har dermed stor grad av fridom til å organisere seg slik ho ser det mest tenleg.

Sjølv om Den norske kyrkja er eit sjølvstendig trussamfunn, står ho framleis etter Grunnlova § 16 i ei særleg stilling. Det er mellom anna eit krav at Den norske kyrkja er organisert i samsvar med demokratiske prinsipp, og at ho skal halde fram som folkekyrkje.

Den offentlege finansieringa av Den norske kyrkja er etter den nye lova framleis delt mellom stat og kommune. Finansieringa skal leggje til rette for at kyrkja held fram som ei landsdekkjande folkekyrkje med ei sterk lokal forankring, slik at medlemmar av kyrkja kan gå til gudsteneste og få del i andre kyrkjelege tenester der dei bur. Ved å vere til stades i alle lokalsamfunn er kyrkja ein viktig bidragsytar til det frivillige arbeidet blant barn og ungdom, ikkje minst innanfor trusopplæringa, diakonien og det lokale musikk- og kulturlivet. Skal kyrkja vere ei lokalt forankra folkekyrkje i alle delar av landet, må prestetenesta alle stader ha gode rammevilkår og dei mange kyrkjebygga haldast ved like.

Dei eldre kyrkjebygga er synlege uttrykk for den kristne kulturarven og står i ei særstilling som nasjonale kulturminne. Av dei rundt 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja, er nær 1 000 freda eller peika ut som kulturhistorisk viktige kyrkjer. Mange av kyrkjene er i dårleg stand og ikkje sikra godt nok mot brann. I budsjettframlegget for 2022 er den statlege innsatsen for sikringa av verneverdige kyrkjer om lag 20 mill. kroner. Innsatsen er nærare omtalt under overskrifta Kyrkjebygga og under omtalen av kap. 882.

Opplysningsvesenets fond blei skipa ved lov i 1821 av det som er omtalt i Grunnlova § 116 som «det benefiserte godset til presteskapet». Det meste av dette godset er avhenda, men fondet er framleis mellom dei største grunneigarane i landet og har ein etter måten stor finanskapital. Eigedomsretten til fondet har vore eit omstridd spørsmål sidan fondet blei skipa. I Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond gjekk regjeringa inn for at eigedommar av særskild verdi for Den norske kyrkja blei overførte til kyrkja som eigar. Andre eigedelar, som vil utgjere størstedelen av verdiane i fondet, skulle staten vere eigar av, mot at staten auka innsatsen tilsvarande for å setje i stand og sikre dei innpå 1 000 kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i landet. Ved handsaminga av meldinga våren 2020 slutta familie- og kulturkomiteen seg til denne løysinga av eigarspørsmålet, sjå Innst. 209 S (2019–2020). Vedtaket krev fleire endringar i lov om Opplysningsvesenets fond av 7. juni 1996 nr. 33. For å leggje det rettslege grunnlaget for å dele Opplysningsvesenets fond og gi eigarrettane til staten og Den norske kyrkja la regjeringa våren 2021 fram eit forslag til ny lov om Opplysningsvesenets fond, Prop. 144 L (2020–2021). Lova blei vedteken av Stortinget 14. juni 2021 og tek til å gjelde 1. januar 2022.

Med den nye trussamfunnslova har kommunane ikkje lenger finansieringsansvaret for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Forvaltinga av tilskotsordninga er lagt til staten og samla ved to statsforvaltarar: Statsforvaltaren i Oslo og Viken og Statsforvaltaren i Agder. På denne måten kan ein byggje opp sterkare og meir robuste kompetansemiljø og sørgje for ei meir effektiv forvalting av ordninga. Tilskotsordninga er òg digitalisert, slik at både framsetjing og handsaming av krav og innsending av årsrapport og rekneskap skjer i ei digital løysing som Statsforvaltarens fellestenester har ansvaret for.

Det følgjer av Grunnlova § 16 at alle trus- og livssynssamfunn skal bli støtta på lik line. Reglane i den nye trussamfunnslova er utforma i tråd med dette, slik at trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje eit årleg statstilskot som om lag svarer til dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, rekna per medlem. Under Resultatrapport og strategiar og omtalen av kap. 881, post 70, er det gjort nærare greie for tilskotsordninga.

Grunnlova § 16 tydeleggjer staten sitt ansvar for å føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk. Den aktivt støttande politikken legg vidare grunnlaget for eit livssynsope samfunn der trus- og livssynssamfunna har ein naturleg plass. Retten til å skipe trus- og livssynssamfunn er ein grunnleggjande del av både religionsfridommen og forsamlingsfridommen og ein føresetnad for eit demokratisk samfunn. Tilskota til trus- og livssynssamfunn gjer at dei einskilde samfunna betre kan leggje til rette for at medlemmane får praktisert trua si eller livssynet sitt. Trus- og livssynssamfunna har òg ei viktig rolle i å skape fellesskap og velferdssamfunn lokalt. Mange samfunn medverkar til å byggje bru mellom ulike kulturar og er aktive bidragsytarar til det frivillige arbeidet.

Trus- og livssynsmangfaldet i Noreg har auka dei siste tiåra. Mangfaldet er ein styrke for det norske samfunnet, men det gjer det òg naudsynt med trus- og livssynsdialog og auka kunnskap om tru og livssyn og om dei ulike samfunna. Det er etablert paraplyorganisasjonar for dei ulike trus- og livssynssamfunna. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som desse organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen. Organisasjonane er òg viktige samtalepartnarar for departementet.

Dei offentlege gravplassane er for alle. Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for gravplassane, medan lokale organ for Den norske kyrkja står for forvaltinga dei fleste stadene. I takt med samfunnsutviklinga er det viktig stadig å sjå på behovet for å revidere regelverket og ha kunnskap om korleis gravplassane blir drifta og forvalta. På denne bakgrunnen er det gjort justeringar i lovverket som trådde i kraft 1. januar 2021, jf. Prop. 130 L (2018–2019) og Innst. 208 L (2019–2020) og Prop. 86 L (2019–2020) og Innst. 313 L (2019–2020). I tillegg har departementet våren 2021 sendt ytterlegare justeringar av regelverket på høyring. Endringane er nærare omtalte under overskrifta Gravplassane og under omtalen av kap. 882.

Covid-19

Verksemda i trus- og livssynssamfunna har i periodar vore sterkt innskrenka på grunn av covid-19-utbrotet. Mange gudstenester og faste samlingar har blitt avlyste, eller talet på deltakarar har blitt innskrenka til eit minimum. Religiøse høgtider har heller ikkje blitt feira på vanleg måte. Aktivitetar for barn og unge har blitt avlyste, og trus- og livssynssamfunna, som ofte har kontakt med og besøkjer eldre, sjuke og einsame, har ikkje kunna gjennomføre dei diakonale oppgåvene sine slik dei vanlegvis gjer. Det har òg vore krevjande å gjennomføre seremoniar som dåp, vigsel og gravferd. Smitteverntiltaka greip inn i grunnleggjande menneskerettar som til dømes trus- og livssynsfridommen og forsamlingsfridommen, dette var vurdert som naudsynt og legitimt for å hindre spreiing av covid-19.

Trus- og livssynssamfunna var raske til å omstille seg og tenkje nytt. Det har blitt laga digitalt innhald og digitale samlingar som har gjort at dei i mange tilfelle har nådd fleire menneske enn dei har hatt som besøkjande på dei vanlege samlingane sine. Trus- og livssynssamfunna og paraplyorganisasjonane på trus- og livssynsfeltet har òg vore viktige samarbeidspartnarar for styresmaktene i arbeidet med å få ut informasjon om smitteverntiltak og seinare vaksinar til innvandrarbefolkninga.

Departementet har frå utbrotet av pandemien vore opptekne av å ha ein god dialog med trus- og livssynssamfunna om utfordringane knytte til restriksjonar og nedstenging. Dei fyrste møta med trus- og livssynssamfunna om verknadene av pandemien blei haldne våren 2020. Frå og med hausten 2020 har det òg vore regelmessige møte mellom departementet og trus- og livssynssamfunna om forståinga av covid-19-regelverket og smittevern for samlingar og høgtider. Representantar for helsestyresmaktene har òg delteke på nokre av desse møta. Eit viktig tema har vore innskrenka moglegheiter til å samlast under pandemien.

Virusutbrotet har i varierande grad ført til økonomiske utfordringar for trus- og livssynssamfunna. Fordi det i ein periode ikkje har vore mogleg å halde vanlege samlingar og aktivitetar, har samfunna mista gåve- og leigeinntekter og inntekter frå ulike former for arrangement. På grunn av at pandemien og dei inngripande smitteverntiltaka gjorde at mange aktivitetar i regi av Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn ville måtte avlysast eller reduserast, blei det gitt til saman 5 mill. kroner som bidrag til å auke frekvensen og kvaliteten på digitalt innhald og digitale arrangement i desember og julehøgtida, jf. Prop. 40 S (2020–2021) og Innst. 162 S (2020–2021). Tilskotsmidlane blei fordelte til Den norske kyrkja (2,5 mill. kroner) og paraplyorganisasjonane Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (1,25 mill. kroner) og Noregs Kristne Råd (1,25 mill. kroner).

Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet er blant dei som har fått ekstraløyvingar i samband med virusutbrotet. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020 fekk Sjømannskyrkja 16 mill. kroner for å dekkje tap av inntekter, jf. Prop. 117 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020). Tilskotet bidrog til at Sjømannskyrkja kunne halde ved lag nærværet sitt for nordmenn i utlandet.

Som ledd i å få økonomien i gang og fordi det er eit stort vedlikehaldsetterslep, blei det òg gitt ei løyving på 52 mill. kroner til sikring og vedlikehald av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, jf. Prop. 127 S (2019–2020). Løyvingane til Sjømannskyrkja og til kyrkjebygg for 2022 er nærare omtalte under kap. 880, post 71, og kap. 882, post 61.

Virusutbrotet har vist kor viktig trus- og livssynssamfunna er for mange menneske. På lang sikt vil det vere viktig å følgje utviklinga i samfunna.

Under pandemien har gravplasstyresmaktene og kommunane fått prøvd ut beredskapsplanane sine. I Noreg har ein ikkje vore i ein situasjon der pandemien har sett kapasiteten ved gravplassane og krematoria på prøve.

Mål for trus- og livssynspolitikken for 2022:

Mål
  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

  • Eigedelane i Opplysningsvesenets fond skal delast mellom staten og Den norske kyrkja i samsvar med Meld. St. 29 (2018–2019) og Stortingets vedtak, jf. Innst. 2019 S (2019–2020).

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med sin eigenart.

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte nedanfor under Resultatrapport og strategiar.

Målet for Opplysningsvesenets fond er omtalt i samband med den generelle orienteringa om Opplysningsvesenets fond som kjem etter postomtalen.

Resultatrapport og strategiar

Punktet Resultatrapport og strategiar omhandlar resultatrapportering frå 2020 og delvis frå fyrste halvår av 2021 for tiltak departementet har sett i verk. Vidare blir strategiar og tiltak departementet har for programkategorien for 2022, omtalte.

Den norske kyrkja

Etter grunnlovsendringar i 2012 og lovendringar i 2017 fekk Den norske kyrkja ei rettsleg sjølvstendig stilling overfor staten. Siste ledd i å sjølvstendiggjere Den norske kyrkja kom til gjennom lovendringa våren 2020. Då vedtok Stortinget ny lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), jf. Prop. 130 L (2018–2019) og Innst. 208 L (2019–2020), der føresegnene om Den norske kyrkja er gitt i form av ei rammelov i eit eige kapittel. Lova tok til å gjelde 1. januar 2021. Som følgje av dette har Den norske kyrkja fått mynde til å treffe avgjerder på eige og fritt grunnlag, mellom anna om korleis kyrkja skal organisere seg i tenlege einingar, og om korleis dei kyrkjelege vala bør leggjast opp.

Den norske kyrkja blir finansiert av staten og kommunane. Dei offentlege løyvingane til kyrkja over kommunebudsjetta og statsbudsjettet blir ikkje fastsette etter medlemstalet i kyrkja, men er til vurdering kvart år i Stortinget og i kommunestyra. Staten finansierer prestetenesta og den regionale og sentrale kyrkjeadministrasjonen (Kyrkjerådet og bispedømmeråda), og tilskot til trusopplæringa og diakonale tiltak i kyrkjelydane inngår. Kommunane har det økonomiske ansvaret for mellom anna drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga og dei offentlege gravplassane.

Finansieringa av Den norske kyrkja skal leggje til rette for at kyrkja framleis kan vere ei folkekyrkje med ei sterk lokal forankring. Dei som er medlemmar av kyrkja, skal kunne ta del i gudstenester og kyrkjelege handlingar der dei bur. Ei folkekyrkje er kjenneteikna av at folk sluttar opp om kyrkja, og at ho er synleg i lokalsamfunna, både som trussamfunn og som kulturberar. Dette byggjer på at prestetenesta har gode vilkår, og at kyrkjebygga blir haldne i hevd. Det er òg viktig at dei kyrkjelege organa har legitimitet og forankring hos medlemmane. Då er det ein føresetnad at det blir gjennomført demokratiske val på både lokalt, regionalt og nasjonalt plan i kyrkja.

Staten si oppgåve er å gi kyrkja høvelege rettslege og økonomiske rammer for arbeidet sitt, slik at kyrkja kan halde fram som ei demokratisk folkekyrkje. Strategiar og tiltak for å nå målet må kyrkja sjølv utforme.

På bakgrunn av dette har departementet sett dette målet for løyvingane til Den norske kyrkja:

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

Den norske kyrkja er organisert i 1 164 sokn. Det blir regelmessig halde gudstenester i dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja. Ei landsdekkjande presteteneste er eit vilkår for at Den norske kyrkja framleis skal vere ei folkekyrkje. Talet på årsverk i presteteneste var 1 300 i 2019 og 1 295 i 2020.

I 2020 var dei samla offentlege tilskota til Den norske kyrkja på om lag 6,14 mrd. kroner. Over statsbudsjettet blei det løyvd om lag 2,26 mrd. kroner, medan kommunane løyvde om lag 3,88 mrd. kroner.

Rekneskapen for den delen av Den norske kyrkja som staten finansierer, det vil seie den rettslege eininga som blei oppretta då Den norske kyrkja blei skild ut frå staten 1. januar 2017, viser eit overskot på 70 mill. kroner i 2020. Eigenkapitalen ved årsskiftet 2020/2021 var på 381 mill. kroner. Etter at den nye kyrkjelege eininga blei oppretta, har det i regi av Kyrkjerådet vore arbeidd mykje med å forenkle og effektivisere dei administrative funksjonane på regionalt og sentralt nivå. Ei innsparing på 20 mill. kroner er disponert til auka innsats på diakoniområdet.

Dei kommunale løyvingane til Den norske kyrkja blir disponerte av det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, som er eit fellesorgan for kyrkjelydane (sokna) i kommunen. Fellesråda har òg andre inntekter, mellom anna frå utleige av kyrkjebygga og avgifter i samband med den offentlege gravplassforvaltinga, som fellesråda har ansvaret for. Tabellen nedanfor viser utviklinga i inntektene og utgiftene til fellesråda frå 2019 til 2020.

Tabell 4.8 Inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 2019–2020

(i mill. kroner)

2019

2020

Endring i pst. 19/20

Driftsinntekter

4 879

4 940

1,3

Driftsutgifter

4 758

4 656

-2,1

Investeringsinntekter

1 102

1 036

-6,0

Investeringsutgifter

1 084

1 120

3,3

Kjelde: rekneskapstal som fellesråda har rapportert til Statistisk sentralbyrå

Driftsinntektene auka med 61 mill. kroner frå 2019 til 2020, medan driftsutgiftene blei reduserte med 102 mill. kroner. Netto driftsresultat, som viser driftsoverskotet etter at renter og avdrag er betalte, var for fellesråda samla på 243 mill. kroner i 2020 mot 87 mill. kroner i 2019.

Av driftsinntektene til fellesråda var dei kommunale overføringane på 3,23 mrd. kroner i 2020. Frå 2019 var det ein auke på 2,2 prosent. Auken er større enn lønns- og prisveksten i kommunesektoren, som for same periode er estimert til 1,4 prosent. Det blei overført 642 mill. kroner, i hovudsak frå kommunane, til å dekkje investeringsutgiftene til fellesråda i 2020, mot 754 mill. kroner i 2019.

Dei mest brukte måltala for tilslutnaden til Den norske kyrkja som folkekyrkje er utviklinga i talet på medlemmar, oppslutninga om kyrkjelege handlingar (dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd) og talet på gudstenester og gudstenestedeltaking. Tabell 4.9 viser tal for 2020 og utviklinga frå 2019 til 2020.

Tabell 4.9 Nøkkeltal for oppslutninga om Den norske kyrkja i 2020

2020

Endring frå 2019

Medlemmar og tilhøyrande1

3 655 556

-31 159

Del av befolkninga (prosent)

67,7

-1,3

Innmelde

2 343

-1 010

Utmelde

12 653

-6 384

Døypte

23 822

-4 189

Døypte av talet på fødde (prosent)

45,0

-6,4

Konfirmerte

33 083

-1 430

Konfirmerte av alle 15-åringar (prosent)

52,3

-2,0

Konfirmerte av 15-åringar som er medlem av kyrkja (prosent)

79

-2

Vigslar

4 394

-2 937

Gravferder

34 605

-160

Del av alle gravferder totalt (prosent)

85,2

-0,3

Deltakarer på alle gudstenester (digitale gudstenester er ikkje inkluderte)

2 360 703

-2 888 366

1 Talet inkluderer m.a. utvandra personar. Av personar som er busette i Noreg, er 3 546 761 medlemmar i kyrkja ifølgje årsrapporten til Kyrkjerådet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og medlemsregisteret til Den norske kyrkja

Statistikken for 2020 er sterkt prega av lågare aktivitet som følgje av reglar om smitteverntiltak. Det er likevel grunn til å tru at dette i mindre grad gjeld tal for medlemskap, utmelding og innmelding.

I årsmeldinga frå Kyrkjerådet peikar ein på at pandemien har ført til at mange har avlyst eller utsett vigslar. Likeins har talet på døypte gått kraftig ned. Årsakene til dette er samansette, og ein har sett ein nedgang i dåpstala over fleire år. Sjølv om kyrkja gjennom pandemien har gjennomført fleire mindre dåpsgudstenester der berre familie og nære venner har delteke, har restriksjonar i talet på deltakarar både i kyrkja og for private selskap forsterka den trenden ein har sett over heile Norden dei seinare åra.

Deltakarar på gudstenester i 2020 går òg kraftig tilbake. Dette har direkte samanheng med stengde kyrkjer og eit avgrensa tal på deltakarar. Det blei i 2020 arrangert mange digitale gudstenester, men deltakinga på desse er det vanskeleg å få eit korrekt tal på. Talet på fysiske gudstenester har gått tilbake med 20 prosent samanlikna med 2019, medan gudstenestedeltakinga totalt har gått ned med 55 prosent samanlikna med 2019. Talet på konfirmasjonsgudstenester har derimot auka med 43 prosent, som følgje av at ein gjennomførte svært mange mindre konfirmasjonsgudstenester for å få avvikla alle konfirmasjonar innanfor smitteverntiltaka. Talet på deltakarar ved gudstenestene viser i fyrste rekke korleis pandemien har verka inn på verksemda, og ikkje ei generell utvikling.

Talet på utmeldingar og innmeldingar er lågare enn i 2019. I årsmeldinga frå Kyrkjerådet peikar ein på at dette sannsynlegvis har samanheng med at det i 2019 var valår, og då er det vanleg at fleire melder seg ut eller inn. Tala elles viser framleis ein svak nedgang.

Trusopplæringa i kyrkja er eit systematisk og samanhengande tilbod til alle døypte fram til dei fyller 18 år. Dette arbeidet har òg blitt hindra av koronatiltak. Kyrkjerådet sette i 2020 ned eit utval som skal gå gjennom trusopplæringa og tilrå mål for, innhald i og organisering av trusopplæringa i Den norske kyrkja.

Den norske kyrkja har utfordringar på fleire område som på lang sikt kan komme til å svekkje kyrkja si rolle som folkekyrkje. Nedgangen i dåpstala som vi har sett over fleire år, er særskilt utfordrande. Likevel er det framleis ein relativt stor del av medlemmane i kyrkja som vel å døype barna sine. Ei anna utfordring er at det er krevjande å få tilsett prestar i ledige stillingar i kyrkja. Fleire stillingar må lysast ut fleire gonger, og nokre står vakante over tid. Men sjølv om det framleis er for svak rekruttering til prestetenesta, er det auka rekruttering til prestestillingar frå andre verksemder. Medan det i 2017 var 1 prosent av dei nytilsette som kom frå andre stillingar utanom Den norske kyrkja, var det i 2020 15 prosent som kom frå andre verksemder. Det er òg lagt til rette for at ein kan gå inn i presteteneste med andre typar utdanning enn embetseksamen i teologi.

Det kyrkjelege demokratiet er basert på dåpen som det einaste vilkåret for å kunne vere medlem, ha stemmerett og vere valbar. Medlemmar som i valåret vil ha fylt 15 år, har stemmerett, medan ein må ha stemmerett og ha fylt 18 år for å vere valbar. Valperioden er fire år. I 2019 blei det gjennomført val i kyrkja. Oppslutninga om valet var på 12,6 prosent – ein nedgang frå 16,7 prosent frå det førre valet i 2015.

Kyrkjemøtet vedtok våren 2019 ei ny kyrkjeordning som blei sett i kraft i 2021, samstundes med at den nye trussamfunnslova tok til å gjelde. Kyrkjeordninga førte langt på veg vidare det som følgde av kyrkjelova frå 1996. Kyrkjerådet har starta eit arbeid med å greie ut ei framtidig kyrkjeordning, som mellom anna ser på korleis ei tenleg organisering bør sjå ut i framtida. Ulike modellar for eit felles kyrkjeleg organ på prostinivå som kan ha arbeidsgivaransvar for både embets- og rådslinja, er blant dei tinga som no er greidde ut. Rapporten blei handsama av Kyrkjerådet våren 2021 og er send på høyring til mellom anna dei kyrkjelege organa og kommunane. Arbeidet med høyringsdokumentet og oppfølginga av dette vil prege mykje av arbeidet i kyrkjelydane og i kyrkja regionalt og sentralt i siste del av 2021 og i 2022. Etter planen skal den nye organiseringa vedtakast på Kyrkjemøtet i 2022.

Som nemnt innleiingsvis er det Kyrkjemøtet som har ansvar for å utforme strategiar og tiltak for å nå målet departementet set for løyvinga. I 2022 vil Den norske kyrkja framleis fokusere på rekruttering, dåp og trusopplæring, samstundes som ein vil rette meir merksemd mot gravferd. Det er gjennom gravferder kyrkja møter flest menneske, og det er sett som mål at ein skal klare å halde ved lag delen medlemmar som vel kyrkjeleg gravferd.

Sjømannskyrkja

Sjømannskyrkja har per i dag 28 utestasjonar og 11 ambulerande prestar (inklusive studentprestar). Sjømannskyrkja har eit utstrekt diakonalt arbeid og har spesialkompetanse på kriseberedskap. På grunn av endra reisevanar blant nordmenn, endring i kvar norske bedrifter er til stades, og fleire studentar i utlandet har ein dei siste åra styrkt dei ambulerande tenestene. Vidare er nokre kyrkjer lagde ned, medan nye er oppretta. Verksemda til Sjømannskyrkja har òg blitt sterkt påverka av covid-19 og smitteverntiltak. Alle kyrkjene har blitt fysisk stengde, men det har likevel vore stor aktivitet på utestasjonane både digitalt og ved oppsøkjande verksemd der det har vore mogleg. Sjømannskyrkja rapporterer om at det ekstra tilskotet på 16 mill. kroner i samband med revidert budsjett for 2020 var eit avgjerande bidrag til kyrkjene ute og likviditetsutfordringane deira. Det blei overført om lag 18 mill. kroner frå morselskapet til kyrkjene direkte knytt til tap på grunn av covid-19.

I 2020 starta Sjømannskyrkja arbeidet med å utvikle ein ny strategi for dei neste åra. Ei marknadsundersøking for nordmenn i utlandet og ei intern høyring legg grunnlag for strategiarbeidet. Tidlegare oppheldt nordmenn seg mest i hamnebyar, medan opphalda no er meir geografisk spreidde. Sjømannskyrkja ønskjer å tilpasse seg denne situasjonen. Mellom anna vurderer dei å ha meir ambulerande tenester ut frå sjømannskyrkjene for å gjere seg kjende for fleire nordmenn i utlandet. Slik kan dei òg nå fleire med informasjon om tilboda sine.

Departementet føreslår å føre vidare tilskotet til Sjømannskyrkja i 2022.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja

Noreg har i etterkrigstida gått frå å vere eit relativt einsarta samfunn til å bli langt meir mangfaldig og meir sekulært. Det religiøse livet er i dag prega av ein sterk kristen kulturarv på den eine sida og eit større trus- og livssynsmangfald og meir sekularisering på den andre sida. I lys av denne utviklinga er det viktig å sikre ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk. Eit samfunn som set for strenge grenser for religiøs praksis og religiøse uttrykk i det offentlege rommet, vil bli mindre inkluderande og mangfaldig. Det er derfor eit mål for trus- og livssynspolitikken at han ikkje berre skal fylle vilkåra i Grunnlova § 16 om å støtte alle samfunna på lik linje. Dei rettslege og økonomiske rammene skal òg, så langt det er mogleg og innanfor dei rammene som menneskerettane set, leggje til rette for at alle kan utøve trua si eller livssynet sitt.

Departementet har på denne bakgrunnen sett dette målet for tilskotsordninga for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja:

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

Den nye trussamfunnslova, som tok til å gjelde 1. januar 2021, har medverka til å forenkle tilskotsforvaltinga, mellom anna ved at staten har teke over dei kommunale utbetalingane. I tillegg har Statsforvaltarens fellestenester på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet utvikla ei digital løysing for innsending av krav om tilskot, søknad om registrering, årsrapport, rekneskap med meir. Løysinga skal gjere søknadsprosessane enklare for både staten og samfunna. Forvaltinga av tilskotsordninga har i tillegg blitt samla ved to statsforvaltarembete: Statsforvaltaren i Oslo og Viken og Statsforvaltaren i Agder. Dermed kan ein byggje opp sterkare og meir robuste kompetansemiljø og sørgje for ei meir effektiv forvalting av ordninga.

Ny lov om tros- og livssynssamfunn tek sikte på å bringe lovgivinga i takt med utviklinga og mangfaldet av trusretningar og livssyn. Grunnlaget for tilskota er i hovudsak som før, det vil seie at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje og kunne krevje offentleg støtte dersom dei fyller visse vilkår. Eit viktig mål for den offentlege støtta til samfunna er å anerkjenne og støtte opp under mangfaldet.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kunne krevje tilskot frå både staten og kommunane ut 2020. I 2020 blei det utbetalt 401 mill. kroner i statleg tilskot, utrekna etter ein sats på 587 kroner per medlem. Om lag 870 trus- og livssynssamfunn fremja krav om tilskot for i alt 697 000 tilskotsteljande medlemmar. Det samla kommunale tilskotet har som regel vore noko høgare enn det statlege tilskotet til samfunna. I 2020 utbetalte kommunane 434,6 mill. kroner i tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Det samla tilskotet frå staten og kommunane summerte seg dermed til 835,6 mill. kroner i 2020.

Departementet reknar med at forenklings- og effektiviseringsgevinstane av den nye trussamfunnslova og dei andre tiltaka som er nemnde ovanfor, vil auke frå 2021 til 2022 og i dei neste åra framover.

Tabell 4.10 Medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, fordelte på religion/livssyn1

2006

2013

2020

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Buddhisme

9 934

2,6

16 001

2,9

21 555

3,1

Islam

72 023

18,8

120 882

22,0

182 826

26,2

Kristendom

216 141

56,4

312 925

57,0

372 651

53,4

Andre religionar

8 141

2,1

13 531

2,5

20 757

3,0

Livssynssamfunn

77 271

20,1

86 061

15,7

99 468

14,3

I alt

383 510

100,0

549 400

100,0

697 257

100,0

1 Tabellen gjeld talet på tilskotsteljande medlemmar i trus- og livssynssamfunn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Som det går fram av tabellen ovanfor, har det vore ein stor auke i talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja frå 2006 til 2020. Om lag 81 prosent av alle innbyggjarane i landet er medlem av eit trus- eller livssynssamfunn. I underkant av 13 prosent av befolkninga høyrer til eit trus- eller livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Men den delen av befolkninga som ikkje er medlem av noko samfunn, er òg aukande.

Talet på medlemmar i både buddhistiske og muslimske trussamfunn har meir enn dobla seg i perioden, og desse utgjorde høvesvis 3,1 prosent og 26,2 prosent av alle medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2020. Òg kategorien «andre religionar» har hatt meir enn ei dobling i medlemstalet frå 2006 til 2020. Meir enn halvparten av desse er medlem i eit hinduistisk samfunn. Likevel høyrer meir enn 50 prosent av medlemmane utanom Den norske kyrkja til blant kristne kyrkjesamfunn.

Dei organisasjonane som er etablerte som paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna, har ei viktig oppgåve med å auke kunnskapen om dei ulike religionane og livssyna, både mellom samfunna og ut mot sivilsamfunnet. Eit særtrekk ved den norske trus- og livssynsdialogen er at han femner om både religiøse og sekulære livssyn. Paraplyorganisasjonane skaper dialog og samarbeid på tvers av livssyn og er viktige dialogpartnarar for offentlege styresmakter i ulike spørsmål.

Departementet gav i 2020 driftstilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) og Norges Kristne Råd med i alt 8,45 mill. kroner. Muslimsk dialognettverk fekk 500 000 kroner i driftstilskot. Det samla tilskotet til dialogtiltak, som blir tildelt etter søknad, var på 5,4 mill. kroner i 2020, fordelt på 25 søkjarar. Fleire av søknadene omfatta fleire prosjekt og var eit samarbeid mellom ulike organisasjonar og trussamfunn. I 2021 gjekk 1,5 mill. kroner av dialogmidlane til eit prøveprosjekt med ein livssynsmedarbeider i kriminalomsorga, medan 600 000 kroner gjekk til eit kursopplegg for å styrkje kunnskapen om negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn, både internt i trussamfunna og i hjelpetenestene. Det er føreslått å vidareføre kurset om negativ sosial kontroll i 2022.

Kyrkjebygga

Nedanfor er det gjort greie for oppnådde resultat i 2020 og fyrste del av 2021, og planlagde tiltak i 2022, innanfor sektoransvaret BFD har for dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga.

Kyrkjebygga har gjennom historia spelt ei viktig rolle som ramme om det kristne truslivet og dei kyrkjelege handlingane. Dei er kulturminner og kulturmiljø som synleggjer viktig norsk historie gjennom snart tusen år. Samstundes er så godt som alle soknekyrkjene framleis i vanleg bruk, som samlingsstad og som ein stad å ha gudsteneste for kyrkjelyden. Fleire stader har dei òg karakter av å vere eit kulturhus for lokalsamfunnet. For mange er kyrkja ein stad der ein kan søkje trøyst eller samhald etter store ulukker og andre kriser som råkar samfunnet eller den einskilde.

Av dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja, er nær 1 000 freda eller peika ut som kulturhistorisk viktige (såkalla listeførte kyrker). Forvaltinga av desse bygga må ta høgd både for kyrkjelege behov og interesser og for nasjonale og lokale kulturminnevernomsyn.

Det er kommunen som har det økonomiske ansvaret for drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga. Det er ikkje gjort endringar i dette i den nye trussamfunnslova. Den daglege forvaltinga er det fellesorganet for soknet som har ansvaret for. Det er ei utfordring at mange av kyrkjene har eit stort etterslep i vedlikehaldet og ikkje er godt nok sikra mot brann. Dette gjeld òg for dei eldste kyrkjene, sjølv om den samla innsatsen for å ta vare på kyrkjebygga har vore stor i seinare år. Dei fleste kyrkjebygga er eigde av sokna i Den norske kyrkja. I tillegg er nokre i privat eige, der Fortidsminneforeininga eig ein del kyrkjer, og nokre er eigde av stiftingar.

For å komme vedlikehaldsetterslepet i møte har staten gjennom mange år gitt kommunar tilskot til istandsetjingsprosjekt, i perioden 2005–2019 i fyrste rekke gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg. Innsatsen har likevel ikkje vore stor nok til dekkje inn eit aukande etterslep i vedlikehaldet og slik sikre den kulturhistoriske arven som desse bygga representerer. Staten tek derfor eit større ansvar for å sikre dei kyrkjene som har størst kulturminneverdi. Frå 2019 har det over budsjettet til BFD vore gitt tilskot til restaurering av einskilde kyrkjer av særleg kulturhistorisk verdi. Tilskota er forvalta av Riksantikvaren.

Departementet har på denne bakgrunnen sett dette målet for kyrkjebygga:

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

Dei årlege investeringsutgiftene i kyrkjebygga har dei siste åra lege på rundt 600–700 mill. kroner. I 2020 var investeringane på 726 mill. kroner, mot 670 mill. kroner i 2019. I perioden 2005–2019 har investeringsramma under rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg blitt utvida fleire gonger. I denne perioden er det gitt tilsegner om rentekompensasjon for investeringar på til saman 5,5 mrd. kroner i 999 kyrkjer og 342 kommunar. I 2020 og 2021 har det ikkje vore noka ny investeringsramme. I 2020 blei det utbetalt rentekompensasjon på 35,6 mill. kroner.

Dei tre siste åra har innsatsen med å vareta dei kulturhistorisk viktige kyrkjene våre blitt vesentleg styrkt gjennom ei anna tilskotsordning. I 2019 og 2020 blei det til saman løyvd 112 mill. kroner til brannsikring, istandsetjing og klimasikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Av desse blei 52 mill. kroner gitt som ei tiltakspakke retta mot byggje- og anleggsbransjen som følgje av covid-19-pandemien våren 2020. Midlane skulle primært nyttast til sikring og istandsetjing av klimaskal (veggar, tak og tårn) og utskifting av gamle el-anlegg og varmeomnar i kulturhistorisk viktige kyrkjer frå før 1850. I saldert budsjett for 2021 blei det gitt ei løyving på om lag 60 mill. kroner til bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Av desse var 40 mill. kroner øyremerkte til ei vidareføring av istandsetjinga av klimaskal og utskifting av el-anlegg og gamle varmeomnar. I samband med revidert nasjonalbudsjett blei det løyvd ytterlegare 7 mill. kroner til freda og verneverdige kyrkjebygg, jf. Innst. 600 S (2020–2021). Til saman har det dei tre siste åra dermed vore løyvd om lag 179 mill. kroner til bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. For 2022 gjer departementet eit framlegg om ei løyving på om lag 20 mill. kroner til sikring av verneverdige kyrkjer, sjå kap. 882, post 61.

Det er Riksantikvaren som forvaltar dette tilskottet til kyrkjebygg, i samarbeid med Den norske kyrkja og departementet. Midlane skal gå til brannsikring, klimasikring og istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, men ikkje til vanleg vedlikehald.

I løpet av perioden frå oktober 2019 til juni 2021 er det gjort fem utlysingar av tilskot. Det faglege utvalet av kyrkjer som har blitt inviterte til å søkje, er mellom anna basert på kyrkjekontrollen KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder utførte i 2017. I tillegg er det gjort ytterlegare undersøkingar av tilstanden til eit utval kyrkjer. Riksantikvaren skriv i rapporten sin at løyvingane er det største enkeltløftet for vern av nasjonalt verdifulle kulturminne vi har, og at tilskota fungerer som katalysator for både dei kyrkjelege fellesråda og kommunane til å løyve pengar til å komme i gong med nødvendige tiltak. Nær 25 prosent (213) av dei nasjonalt verdifulle kyrkjene har i perioden fått midlar til ulike typar sikring, fyrst og fremst til klima- og brannsikring. Kyrkjer frå mellomalderen i stein og 1700-talskyrkjene har blitt prioriterte, samstundes som det òg er gitt tilskot til 1600-tals- og 1800-talskyrkjer ettersom tilstanden til dels er svært dårleg òg for desse. Kyrkjer som fekk tilskot i utlysing nr. 1 og 2 (tildelte hausten 2019), er no i ferd med å bli ferdigstilte, medan utlysing nr. 3–5 ikkje vil bli ferdigstilte før hausten 2021 og i løpet av 2022.

I tråd med Meld. St. 29 (2018–2019) om Opplysningsvesenets fond og Stortingets vedtak i saka, jf. Innst. 209 S (2019–2020), skal staten auke innsatsen sin for å sikre dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Ein slik innsats må gå over mange år. Korleis han i praksis bør innrettast, vil departementet komme tilbake til, sjå elles omtalen av Opplysningsvesenets fond til sist i programkategorien.

I trussamfunnslova § 15 er det gitt føresegner som slår fast at kyrkjebygget er eigd av soknet, og at Kyrkjemøtet kan gi reglar om mellom anna forvaltinga av kyrkjebygget og om inventar og utstyr. Kongen er gitt mynde til å gi særskilde reglar om korleis kulturhistorisk verdifulle kyrkjer som ikkje er freda etter kulturminnelova, såkalla listeførte kyrkjer, skal forvaltast. Slike reglar er gitt i forskrift om forvaltning av kulturhistorisk verdifulle kirker (kyrkjebyggforskrifta), fastsett av Barne- og familiedepartementet 18. desember 2020. Kyrkjemøtet sine eigne reglar i medhald av trussamfunnslova § 15 er gitt i kyrkjeordninga. Kyrkjene som er freda, blir forvalta gjennom føresegnene i kulturminnelova og forskrift om fastsetting av myndighet mv. etter kulturminneloven (ansvarsforskrifta). I rundskriv Q-06/2020 Forvaltning av kirke, gravplass og kirkens omgivelser som kulturminne og kulturmiljø har Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet saman gitt utfyllande reglar for sakshandsaming. Dei nye reglane tok til å gjelde samstundes med trussamfunnslova.

Gravplassane

Nedanfor er det gjort greie for oppnådde resultat i 2020 og fyrste del av 2021, og planlagde tiltak i 2022, innanfor sektoransvaret BFD har for dei offentlege gravplassane.

Gravplassar og gravskikkar seier mykje om dei verdiane og den kulturen som historisk har prega landet, og om korleis samfunnet endrar seg over tid. Gravplassane er slik i ei særstilling som kulturminne, fordi dei fortel historier om heile samfunn, slekter og einskildmenneske.

I Noreg har vi i liten grad private gravplassar eller eigne gravplassar for ulike trusretningar. Norsk gravferdstradisjon har vore prega av kristen kulturhistorie med ei sterk nasjonal kyrkje, og etter kvart som det kom andre trusretningar til, blei det vanleg at òg medlemmar av desse blei gravlagde på dei offentlege gravplassane. Det at alle kan bli gravlagde på dei offentlege gravplassane, uavhengig av tru eller livssyn, har blitt eit styrande og viktig prinsipp i gravplassforvaltinga. Regelverket og drifta på dei offentlege gravplassane skal femne ulike religiøse og livssynsmessige behov i samband med gravlegging.

Det er viktig at dei offentlege gravplassane blir haldne ved like og forvalta i samsvar med eigenarten deira. Det inneber mellom anna at dei etterlatne og innbyggjarane generelt skal vere godt nøgde med den offentlege tenesteytinga, og at gravplassane blir tekne vare på som kulturlandskap og kulturminne. Utvalde graver og gravfelt frå ulike tidsperiodar bør bevarast for å synleggjere utviklingstrekk og ulik praksis gjennom tidene. Gravplassane frå mellomalderen har særleg høg kulturminneverdi. Vern bør likevel, så langt det lèt seg gjere, ikkje hindre bruk. Forvaltinga av gravplassane må derfor vere både brukarvennleg og framtidsretta, samstundes som ein tek omsyn til kulturminneverdiane.

Departementet har på denne bakgrunnen fastsett følgjande mål for forvaltinga av dei offentlege gravplassane:

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i samsvar med sin eigenart.

Undersøkingar viser at gravplassane i det store og heile er godt stelte, og at dei etterlatne og innbyggjarane generelt er godt nøgde med den offentlege tenesteytinga på området. Det er Den norske kyrkja lokalt som normalt har forvaltingsansvaret for gravplassane, om ikkje statsforvaltaren har fastsett at kommunen skal ha ansvaret. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var det i 2020 tolv kommunar som hadde teke over ansvaret for drifta/forvaltinga av gravplassane. Av desse har fem overteke forvaltingsansvaret fullt ut. I tillegg er det inngått lokale tenesteytingsavtalar med godt og vel ein tredjedel av kommunane.

Frå 1. januar 2021 er oppgåvene for den regionale gravplasstyresmakta overførte frå bispedømmeråda som regionale organ i Den norske kyrkja til statsforvaltaren. Dette gjeld mellom anna oppgåvene styresmakta utfører som godkjennings- og klageinstans. Endringa understrekar at gravplassane skal vere for alle, og at den lokale kyrkja forvaltar dette området på vegner av det offentlege. Departementet har vidare valt å samle oppgåvene hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark for å skape eit meir robust kompetansemiljø. I tillegg til å utføre oppgåvene som følgjer med å vere regional gravplasstyresmakt, skal Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark støtte departementet i arbeidet med kunnskapsinnhenting, statistikk og regelverksutvikling for gravplassektoren.

I Noreg har det frå gammalt av vore tradisjon for å velje kistegravlegging framfor kremasjon med urnenedsetjing. Framleis er det fleire som vel kistegravlegging enn kremasjon, men dei siste 25 åra har delen som vel kremasjon, gradvis auka, og han hadde i 2020 passert 46 prosent. Den høgaste delen finn vi på Austlandet, ved dei store byane. I Bærum kommune var talet på kremerte av alle avlidne i kommunen på 84 prosent i 2020. Tilsvarande tal for Oslo kommune var på 77 prosent.

I dag er det ikkje lenger tenleg at kremasjon og kistegravlegging skal ha ulik juridisk status. Med bakgrunn i Prop. 86 L (2019–2020) vedtok derfor Stortinget våren 2020 å oppheve heimelen om at kremasjon berre kan skje dersom det er kjent at dette ikkje er i strid med ønsket til den avlidne, sjå Innst. 313 L (2019–2020). Endringa tok til å gjelde 1. januar 2021.

862 urner blei utleverte til oskespreiing i 2020, mot 530 i 2019. Statsforvaltarane, som har ansvar for å godkjenne søknader om oskespreiing, melder om ei aukande interesse for denne forma for gravlegging. Auken i talet på utleverte urner til oskespreiing stadfestar denne tilbakemeldinga. Sidan reglane for oskespreiing blei mjuka opp i 2012, har talet på urner utleverte til oskespreiing meir enn tredobla seg.

Med bakgrunn i Prop. 86 L (2019–2020) vedtok òg Stortinget våren 2020 igjen å opne for bruk av urnevegg som gravferdsform. Bakgrunnen for lovendringa, som tok til å gjelde 1. januar 2021, er primært eit ønske om at regelverket for dei offentlege gravplassane skal opne for fleire alternativ. Dette har sjølvstendig verdi i eit aukande trus- og livssynsmangfald.

Gravplassane blir finansierte gjennom kommunale løyvingar og ved brukarbetaling. I 2020 hadde fellesråda 906 mill. kroner i driftsutgifter til gravplassforvaltinga, mot 894 mill. kroner i 2019. Investeringsutgiftene var på 363 mill. kroner, mot 390 mill. kroner i 2019. Investeringsutgiftene går mellom anna til utbetring og utviding av gravplassar. I tillegg kjem utgifter til gravplassforvalting i dei 12 kommunane som har teke over drifts- og/eller forvaltingsansvaret. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var dei samla utgiftene til drift av gravplassane på 1 165 mill. kroner i 2020, mot 1 147 mill. kroner i 2019. Fordelt på talet på gravleggingar utgjer dette i snitt nær 28 700 kroner i driftsutgifter per gravlegging. Om lag 42 prosent av utgiftene i 2020 blei finansierte gjennom betaling frå brukarane (mellom anna i form av festeavgift). Dette er ein auke på 3 prosentpoeng frå nivået i 2018 og 2019.

Sidan Stortinget våren 2020 vedtok ei endring i gravplasslova som gir heimel for å hente inn statistiske data om gravplassane og verksemda knytt til desse, jf. Prop. 130 L (2018–2019) og Innst. 208 L (2019–2020), er det mogleg å hente inn meir detaljerte statistiske data om forvaltinga, noko som mellom anna kan medverke til at ein får utvikla gode tenester og halde ved lag ein effektiv produksjon.

I tillegg til arbeidet med å sjå nærare på reglane for oskespreiing og moglegheitene for å digitalisere prosessen rundt dødsfall vil arbeidet med god datafangst vere blant dei prioriterte områda i 2022.

Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond er ein formuemasse som blir forvalta av eit særskilt forvaltingsorgan under departementet. Dei måla og strategiane som gjeld for forvaltinga, er omtalte nedanfor, etter postomtalane, i samband med ein breiare omtale av fondet og årsresultatet for 2020. Oppfølginga av Meld. St. 29 (2018–2019), Innst. 209 S (2019–2020) og ny lov om Opplysningsvesenets fond, Prop. 144 L (2020–2021), er òg omtalt der.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

880

Den norske kyrkja

2 318 901

2 365 123

2 434 616

2,9

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

425 415

963 528

973 186

1,0

882

Kyrkjebygg og gravplassar

74 957

77 782

74 027

-4,8

Sum kategori 11.50

2 819 273

3 406 433

3 481 829

2,2

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

2 621

9 024

244,3

50–89

Overføringar til andre

2 819 273

3 403 812

3 472 805

2,0

Sum kategori 11.50

2 819 273

3 406 433

3 481 829

2,2

Kap. 880 Den norske kyrkja

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Rammetilskot til Den norske kyrkja

2 198 279

2 257 153

2 323 839

71

Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

120 622

107 970

110 777

Sum kap. 880

2 318 901

2 365 123

2 434 616

Post 70 Rammetilskot til Den norske kyrkja

Frå posten blir det løyvd eit rammetilskot til Den norske kyrkja. Tilskotet skal dekkje driftsutgiftene, og femner i hovudsak prestetenesta og dei regionale og nasjonale organa til kyrkja. I tillegg skal tilskotet gå til mellom anna trusopplæringa og diakonien i kyrkjelydane. Det er Kyrkjemøtet som rår over tilskotet og gjer vedtak om korleis det skal nyttast. Tilskotet kan ikkje nyttast til å avlaste kommunane for dei utgiftene dei er pålagde etter trussamfunnslova § 14.

I framlegget er det, som tidlegare år, innarbeidd midlar til pensjonspremie.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 2,32 mrd. kroner i 2022.

Post 71 Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

Frå denne posten blir det gitt tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet. Sjømannskyrkja tek hand om den kyrkjelege tenesta for nordmenn i utlandet og gjennomfører kyrkjelege handlingar i tråd med liturgien i Den norske kyrkja. Den diakonale tenesta utgjer ein viktig del av arbeidet. Sjømannskyrkja har eit nært samarbeid med Utanriksdepartementet om å yte bistand til nordmenn i utlandet.

I tillegg til statstilskotet verksemda får, blir ho finansiert gjennom gåver frå private og tilskot frå mellom anna oljeselskap og reiarlagsnæringa. Resultatrekneskapen for Sjømannskyrkja (konsernrekneskapen), som inkluderer alle personalutgifter, viste i 2020 samla utgifter på 204,6 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 110,8 mill. kroner i 2022.

Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Spesielle driftsutgifter

2 621

9 024

70

Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

401 126

940 232

942 949

75

Tilskot til private forsamlingslokale

4 389

5 299

5 437

78

Ymse faste tiltak

19 900

15 376

15 776

Sum kap. 881

425 415

963 528

973 186

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal dekkje utgifter til forsking og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og når det gjeld gravplassar, kremasjon og gravferd. Posten kan òg bli nytta til andre tiltak innanfor programkategori 11.50. Posten skal vidare dekkje kontingentar og utgifter som følgje av avtalar som departementet har forplikta seg til innanfor programkategorien. Departementet føreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner til arbeidet med digitalisering av prosessen etter dødsfall.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet òg å auke løyvinga på posten med 5,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 882, post 70. Midlane skal nyttast til oppgåvene som Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har innanfor gravplassforvaltinga. Desse oppgåvene blei overførte frå bispedømma 1. januar 2021.

Departementet føreslår ei løyving på 9,0 mill. kroner i 2022.

Post 70 Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er frå 1. januar 2021 heimla i lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova). Trus- og livssynssamfunna får eit samla tilskot frå staten som svarer om lag til det staten og kommunane gir i tilskot til Den norske kyrkja, rekna per medlem, jf. trussamfunnslova § 5.

Løyvinga på posten følgjer av fire faktorar: utgifter til Den norske kyrkja over statsbudsjettet, utgiftene kommunane har til Den norske kyrkja, talet på medlemmar i Den norske kyrkja og talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja. Lovendringa som tok til å gjelde i 2021, inneber at det berre er medlemmar og ikkje tilhøyrande i Den norske kyrkja som skal inngå i reknestykket. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Det følgjer av Grunnlova § 16 at alle trus- og livssynssamfunn skal bli støtta på lik linje. Etter trussamfunnslova skal trus- og livssynssamfunna få eit samla tilskot frå staten som svarer om lag til det staten og kommunane gir i tilskot til Den norske kyrkja, rekna per medlem.

Tildelingskriterium

Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje tilskot frå staten. For at eit samfunn skal få tilskot, må det ha minst 50 medlemmar som har meldt seg inn sjølve eller blitt innmelde av dei som har foreldreansvaret, er busette i Norge og ikkje er medlem av Den norske kyrkja eller eit anna registrert trus- eller livssynssamfunn.

For å få tilskot må trus- og livssynssamfunna òg sende inn årsrapport og rekneskap.

Oppfølging og kontroll

For å avklare kor mange tilskotsteljande medlemmar kvart samfunn har, kontrollerer ein medlemslista mot Folkeregisteret, medlemsregisteret til Den norske kyrkja og listene til dei andre samfunna. Brønnøysundregistera kontrollerer medlemslistene på oppdrag frå departementet.

Dei to statsforvaltarembeta som forvaltar tilskotsordninga, gjennomgår årsrapportane og rekneskapane til trus- og livssynssamfunna, mellom anna for å kontrollere at tilskota blir nytta til trus- eller livssynsføremål.

Budsjettforslag for 2022

Departementet føreslår ei løyving på til saman 943,0 mill. kroner i 2022.

Post 75 Tilskot til private forsamlingslokale

Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Føremålet med tilskotsordninga er å gi dei aktuelle samfunna høve til å kjøpe eller byggje forsamlingslokale med lågare eigenfinansiering. Målet er at fleire trus- og livssynssamfunn får tilfredsstillande forsamlingslokale med ei lågare eigenfinansiering.

Tildelingskriterium

Tilskotet til private forsamlingslokale blir tildelt etter søknad og går til kjøp eller bygging av forsamlingslokale til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja og frivillige organisasjonar innanfor Den norske kyrkja. Bygget må vere oppført i Noreg og kjøpt eller ferdigstilt i løpet av dei tre siste åra. Bygget må vere offentleg godkjent til føremålet. Det er reglar for utrekning av tilskotet, der mellom anna medlemstal og nettoareal for lokala inngår. Det blir gitt tilskot per kvadratmeter til nybygg, kjøp av lokale eller utviding av lokale. Det er reglar for største og minste tilskotsareal.

Oppfølging og kontroll

All kontroll blir gjord før tilskotet blir utbetalt. Det blir kravd offentlege dokument som skøyte, brukstillating til føremålet og ferdigattest.

Budsjettforslag for 2022

Departementet føreslår ei løyving på 5,4 mill. kroner i 2022.

Post 78 Ymse faste tiltak

Posten skal mellom anna dekkje driftstilskot til dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet. Driftstilskotet er særleg grunngitt i oppgåvene desse organisasjonane har som brubyggjarar mellom ulike trus- og livssynssamfunn og som kontaktledd til det offentlege. Verksemda til organisasjonane er òg retta inn mot sivilsamfunnet for å auke kunnskapen om dei ulike trus- og livssynssamfunna. Til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn er det sett av 5,13 mill. kroner, til Norges Kristne Råd er det sett av 3,9 mill. kroner, og til Muslimsk dialognettverk er det sett av eit tilskot på 1 mill. kroner.

Det er lagt opp til å vidareføre kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn ved Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Kurset er retta mot religiøse leiarar i Noreg med utanlandsk bakgrunn.

Det er òg sett av tilskotsmidlar til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn for å vidareføre kursopplegg for å betre kunnskapen om negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn, både internt i trussamfunna og i hjelpetenestene.

Under posten er det sett av ei ramme på inntil 4,83 mill. kroner som tilskot til dialogføremål, offentleg debatt og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Midlane blir tildelte på grunnlag av kunngjering og søknad. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunn fungerer som brubyggjarar mellom trus- og livssynsorganisasjonar og er kontaktledd til det offentlege. Målet med tilskota er å auke kunnskapen om og kjennskapen til trus- og livssynssamfunn i samfunnet og å fremje mangfald og inkludering og motverke fattigdom.

Tildelingskriterium

Paraplyorganisasjonane må oppfylle kravet om å vere brubyggjarar mellom trussamfunn og ha god kontakt med organisasjonane dei representerer. Rapporten frå førre år må vise at tilskotet blei brukt etter føremålet. Søknader om tilskot til dialogtiltak må òg vise at organisasjonen oppfyller kriteria for tildeling i retningslinjene.

Oppfølging og kontroll

Paraplyorganisasjonane og kursarrangørar sender søknad om tilskot. Det er minst éin samtale i året mellom departementet og tilskotsmottakarane, og dei sender inn årsmelding og rekneskap. Midlane til dialogtiltak blir lyste ut i juni kvart år, og søknadene blir handsama under eitt. Tilskotsmottakarane må sende inn rapport og rekneskap for bruken av midlane innan utgangen av det påfølgjande året.

Budsjettforslag for 2022

Departementet føreslår ei løyving på 15,8 mill. kroner i 2022.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

60

Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

35 604

41 111

61

Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

21 927

59 320

19 822

70

Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

17 426

18 462

13 094

Sum kap. 882

74 957

77 782

74 027

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

Rentekompensasjonsordninga for istandsetjing av kyrkjebygg skal stimulere til sikring av kyrkjebygga og av utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Ordninga gjeld alle kyrkjebygga i Den norske kyrkja. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Rentekompensasjonsordninga skal stimulere til sikring og istandsetjing av kyrkjene, utsmykking i kyrkjene og inventar i kyrkjene.

Tildelingskriterium

Ordninga gjeld for kyrkjer i Den norske kyrkja, og pengane blir utbetalte til kommunane. Rentekompensasjon blir gitt til bygningsmessige investeringar til sikring og bevaring av kyrkjene og til utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Rentekompensasjon kan ikkje bli gitt til ordinært vedlikehald. Freda eller verneverdige kyrkjer skal ha høg prioritet, men alle kyrkjer kan søkje.

Kyrkjeeigaren eller kommunen på vegner av kyrkjeeigaren kan søkje. Når kommunen søkjer, skal kyrkjeeigaren godkjenne søknaden. Når kyrkjeeigaren søkjer, skal kommunen godkjenne søknaden.

Husbanken forvaltar rentekompensasjonsordninga. Utrekningsgrunnlaget for rentekompensasjonen er kostnadene til prosjektet, som Husbanken godkjenner ved søknad om utbetaling.

Oppfølging og kontroll

Dersom vilkåra for rentekompensasjonen ikkje er oppfylte, kan staten redusere eller stanse utbetalinga, eventuelt krevje rentekompensasjonen tilbakebetalt, jf. forskrift om kompensasjon for utgifter til renter til investeringer for istandsetting av kirker og kirkeinventar fra Husbanken (forskrift om rentekompensasjon for kyrkjer).

Budsjettforslag for 2022

Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det er ikkje føreslått noka ny investeringsramme i 2022.

Departementet føreslår ei løyving på 41,1 mill. kroner i 2022.

Post 61 Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga på posten skal nyttast til brannsikringstiltak, klimasikring og istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, ikkje til vanleg vedlikehald. Det er dei kulturhistorisk viktigaste kyrkjene med det mest presserande sikringsbehovet som skal ha prioritet ved tildeling av midlar. Dei faglege vurderingane som må gjerast for prioritering og utpeiking av tiltak, ligg til Riksantikvaren i dialog med kyrkjelege instansar. Tilskotsordninga er også open for kyrkjebygg i privat eige. Det er ein føresetnad for tildeling av tilskot at kyrkjeeigarane eller kommunen på vegner av kyrkjeeigaren er med på å finansiere tiltaka.

I saldert budsjett 2021 var løyvinga på 59,3 mill. kroner, der 40 mill. kroner var mellombelse tilskot delvis grunna covid-19.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 20 mill. kroner i 2022 til arbeidet med å sikre og setje i stand dei kulturhistoriske viktige kyrkjene fram til eit program basert på verdiane staten tek over etter delinga av Opplysningsvesenets fond, blir sett i verk. Innsatsen skal forvaltast gjennom ei tilskotsordning under fagleg leiing av Riksantikvaren i samarbeid med kyrkjelege instansar. Delar av løyvinga kan gå til Riksantikvaren si forvalting av ordninga. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskota skal medverke til at kulturhistorisk viktige kyrkjebygg får eit tilfredsstillande vedlikehald.

Tildelingskriterium

Ordninga gjeld for kyrkjebygg som Riksantikvaren har definert som kulturhistorisk verdifulle gjennom freding eller listeføring. Innanfor desse rammene blir kyrkjer som har det mest presserande behovet for vedlikehald, inviterte til å søkje. Det er ein føresetnad at kyrkjeeigarane eller kommunen på vegner av kyrkjeeigaren er med på å finansiere tiltaka.

Oppfølging og kontroll

Departementet godkjenner utlysinga og får rapportar og statusoppdateringar frå Riksantikvaren etter kvar utlysings- og tildelingsrunde. Riksantikvaren og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene.

Budsjettforslag for 2022

Departementet føreslår ei samla løyving på 19,8 mill. kroner på posten i 2022.

Post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

Det er sett av 12,5 mill. kroner på posten til oppgåvene KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder har på kyrkjebyggfeltet, og til rådgiving og særlege prosjekt innanfor gravplassforvaltinga. Ved tilskot frå posten har KA gjennom fleire år bygd opp eit nasjonalt kompetansemiljø som er til hjelp for sokneråd, kyrkjelege fellesråd og kommunar i forvaltinga av kyrkjebygg som høyrer til Den norske kyrkja. Riksantikvaren har òg stor nytte av fagmiljøet til KA i oppdraget sitt med sikring og vedlikehald av freda og verneverdige kyrkjebygg. Tilskotet skal mellom anna nyttast til dokumentasjon av kyrkjebygga, drifta av kyrkjebyggdatabasen (opplysingar om gravplassane og det einskilde kyrkjebygget), kurs og rettleiingsmateriell innanfor brann- og innbrotsførebyggjande tiltak, energibruk og andre miljøtiltak. Mellom anna kan det vere aktuelt å gi tilskot til bygningstekniske undersøkingar av einskilde kyrkjebygg etter søknad.

Posten finansierer òg delvis ei undervisingsstilling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) for å undervise landskapsarkitektstudentar i særlege krav som er knytte til gravplassar og utforminga av desse.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 5,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 881, post 21. Sjå omtale under kap. 881, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på 13,1 mill. kroner i 2022.

Opplysningsvesenets fond

Innleiing

Opplysningsvesenets fond har sitt opphav i eigedommar som frå eldre tid låg til det einskilde presteembetet til underhald av presten. I Grunnlova § 116 er desse eigedommane – det benefiserte godset til presteskapet – gitt eit særleg vern, mellom anna ved at kjøpesummar og inntekter berre skal nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga.

Eigedommane fordeler seg på prestebustader, jord- og skogeigedommar, festetomter og kontoreigedommar. Det samla arealet av skog og utmark er på om lag 920 000 dekar. Jordbruksareala er på om lag 25 000 dekar, som er under forpakting eller blir drivne som jordleigebruk. Fondet har om lag 1 300 bygningar med eit samla bygningsareal på 227 000 m2. Om lag 280 bygningar er freda. Vel 300 av bygningane er prestebustader. Talet på festekontraktar i fondet sitt eige er om lag 6 200, og av desse er om lag 3 700 tomter til bustad- og fritidshus. Til fondet høyrer ein finanskapital på om lag 2,8 mrd. kroner, som i hovudsak er plasserte i verdipapir. Gjennom dotterselskap og felleskontrollert verksemd har fondet eigardelar i småkraftverk og i selskap som skal utvikle eigedommar til bustad- og næringsføremål.

Opplysningsvesenets fond er eit sjølvstendig rettssubjekt som er eigar av eigedommane og finanskapitalen. Fondet blir forvalta av Kongen. Kongens mynde er delegert til departementet. Den daglege forvaltinga av fondet er lagt til eit forvaltingsorgan med om lag seksti tilsette og eit eige styre som departementet peikar ut. Forvaltinga av fondet skal skje på forretningsmessige vilkår, vere etisk forsvarleg og gi tilfredsstillande avkasting med moderat risiko. Sentrale retningslinjer for forvaltinga er omtalte i ulike stortingsdokument, særleg St.meld. nr. 64 (1984–85) Forvaltning av Opplysningsvesenets fonds eiendommer og Ot.prp. nr. 68 (1994–95) Om lov om Opplysningsvesenets fond. Lovverket set rammer for korleis fondet sine midlar kan brukast. Den årlege direkteavkastinga frå eigedommane og finanskapitalen skal dekkje fondet sine utgifter og elles leggjast til grunnkapitalen eller disposisjonsfondet eller bli gitt til kyrkjelege føremål. Grunnkapitalen er verna etter Grunnlova § 116 og kan ikkje brukast opp. Ny lov om Opplysningsvesenets fond, som blei vedteken av Stortinget 9. juni 2021, jf. Prop. 144 L (2020–2021) og Innst. 623 L (2020–2021), fører ikkje til endringar i Kongen sine fullmakter til å forvalte fondet på annan måte enn at lova òg gir høve til at Kongen kan overføre eigedelar til Den norske kyrkja og sokna, og at overskotet i fondet kan nyttast til å setje i stand kulturhistorisk viktige kyrkjer.

Konsulent- og revisjonsselskapet BDO har på oppdrag frå departementet i 2020 gjort ei uavhengig vurdering av verdiane i fondet per 1. januar 2020. BDO meiner at salsverdien er på mellom 9,4 mrd. kroner og 12,1 mrd. kroner avhengig av salsstrategi, men salsverdien er usikker. BDO har rekna noverdien til å vere rundt 8,5 mrd. kroner, medan fondet sjølv estimerer noverdien til 7,2 mrd. kroner. Grunnen til at verdiestimata er ulike, er at det er lagt ulike føresetnader til grunn. Etter at delinga av fondet er gjennomført, skal det gjerast nye berekningar av verdien av fondet som staten blir eigar av.

Fondet sitt bidrag til Den norske kyrkja

Fondet har opphaveleg hatt som oppgåve å halde tenestebustader for prestane. Buplikta for prestane blei avvikla 1. september 2015, men prestane kunne etter dette tidspunktet velje å bu i tenestebustaden med den same husleiga som før, inntil dei skifta stilling eller gjekk av med pensjon. Fondet sine utgifter til prestebustader er større enn det prestane betaler i husleige, noko som er å rekne som ein økonomisk fordel for Den norske kyrkja. Frå fondet blir det tildelt eit årleg tilskot på noko over 42 mill. kroner til Kyrkjemøtet til rådvelde for felleskyrkjelege tiltak og om lag 4 mill. kroner til kommunar som held tenestebustad for prest. Fondet sitt årlege bidrag til Den norske kyrkja kjem i tillegg til løyvingane til Den norske kyrkja over statsbudsjettet og kommunebudsjetta. Dette tilskotet vil i hovudsak falle bort når fondet blir statleg 1. januar 2023. Unntaket er at fondet framleis på visse vilkår skal dekkje delar av husleiga dersom ein prest har burett i ein prestebustad som ikkje blir overført til kyrkja. Dei utgiftene som staten skal refundere kommunane etter lov om tros- og livssynssamfunn § 23 fjerde ledd, skal òg dekkjast av fondet.

Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond

Spørsmålet om eigedomsretten til Opplysningsvesenets fond har vore omdiskutert sidan 1800-talet. Frå kyrkjeleg hald har det vore hevda at fondet høyrer til Den norske kyrkja, medan andre meiner staten har eigedomsretten. I Meld. St. 29 (2018–2019) tok departementet til orde for at eigedelane i fondet blei delte mellom staten og Den norske kyrkja. Departementet meinte at eigedommar i fondet som har ein særskild verdi for Den norske kyrkja, til dømes mange av prestebustadene, burde bli overførte til kyrkja. Dei eigedelane som blei igjen i fondet, ville staten vere eigar av. Vilkåret for ei slik deling var at staten auka innsatsen sin for å bevare dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i eit omfang som svarer til verdien av dei eigedelane i fondet som staten blir eigar av. I Innst. 209 S (2019–2020) slutta familie- og kulturkomiteen seg til denne løysinga i eigarspørsmålet. Etter forslag frå komiteen gjorde Stortinget fleire vedtak i saka, jf. omtalen av oppmodingsvedtak under kap. 3 i del I. For å gjennomføre dette krevst det ei lovendring. Regjeringa la våren 2021 fram eit forslag til ny lov om Opplysningsvesenets fond, Prop. 144 L (2020–2021). Stortinget slutta seg einstemmig til forslaget jf. Innst. 623 L (2020–2021).

Departementet har dette målet for Opplysningsvesenets fond i 2021:

  • Eigedelane i Opplysningsvesenets fond skal delast mellom staten og Den norske kyrkja i samsvar med Prop. 144 L (2020–2021), jf. Innst. 623 L (2020–2021).

Departementet er i gang med å følgje opp resultatet av stortingshandsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019), jf. Innst. 209 S (2019–2020). Det fyrste steget er å leggje det rettslege grunnlaget for å dele verdiane i fondet. Det blei gjort med Prop. 144 L (2020–2021), jf. Innst. 623 L (2020–2021). For å identifisere og skilje ut eigedommar frå fondet til Den norske kyrkja har ein etablert eit femårig prosjekt der representantar for fondet og kyrkja er med. Kva eigedommar det er tale om, vil i hovudsak vere avklart før fondet blir statleg i 2023, men den praktiske gjennomføringa vil ta fleire år. Til dømes kan det ta lang tid før det blir avklart om prestebustader på landbrukseigedommar skal frådelast og slik overførast til kyrkja i samsvar med kriteria som er nemnde i stortingsmeldinga.

Stortinget la i Innst. 209 S (2019–2020) til grunn at delinga av verdiane i Opplysningsvesenets fond skulle gjennomførast i samarbeid mellom staten og Den norske kyrkja som likeverdige partar. Det blei sommaren 2020 etablert eit eige delingsprosjekt der Den norske kyrkja og staten ved Opplysningsvesenets fond var partar. Departementet nemnde òg opp ein uavhengig prosjektleiar. Prosjektet la fram rapporten sin for departementet 25. juni 2021.

I arbeidet er fordelinga av 296 prestebustader og 193 tomter vurdert. Partane er samde om at 133 prestebustader blir overførte til Den norske kyrkja, og at 133 blir staten sin eigedom. Det er usemje om 30 prestebustader og éi tomt. Prosjektleiaren si vurdering er at det er fleire moment som taler for at 12 av eigedommane det er usemje om, kan gå til Den norske kyrkja, medan dei resterande 18 bør vurderast nærare av departementet. Departementet sluttar seg til dette og legg til grunn ei overføring av 145 prestebustader til Den norske kyrkja. Departementet vil vurdere dei siste 18 i lys av kriteria Stortinget har gitt. I tillegg må det understrekast at nokre av eigedommane som blir sett i prosess for overføring, kanskje ikkje blir overførte. Dette heng saman med andre krav i stortingsmeldinga, mellom anna dersom det ikkje blir gitt løyve til å dele prestebustaden frå garden, jf. Meld. St. 29 (2018–2019) punkt 8.

I Meld. St. 29 (2018–2019) side 78 heiter det: «Departementet kan ikke se at tjenesteboliger som er anskaffet i nyere tid for biskoper, bør overføres til kirken.» Partane i delingsprosjektet meiner likevel at òg desse bustadene har kyrkjeleg verdi, i den grad dei blir nytta til rekruttering av biskopar. Den norske kyrkja vurderer òg no om ein skal stille krav om at biskopane må bu i stiftsbyen. Det stiller spørsmålet om overføringane av desse seks eigendommane i eit noko anna lys og blir ein parallell til kriteriet om at rekrutteringsbustader for prest skal overførast. Departementet har komme til at det bør leggjast vekt på partane sitt syn, og at dei seks nyare bispebustadene partane er samde om, kan overførast til Den norske kyrkja.

Departementet greier ut korleis staten skal følgje opp føresetnaden om at staten skal auke den statlege innsatsen for å setje i stand dei nær 1 000 kulturhistorisk viktige kyrkjene i landet. Det skal mellom anna utarbeidast planar og program for dette i samarbeid mellom Den norske kyrkja, Riksantikvaren med fleire. Bevaringsprogrammet vil òg omfatte arbeidet med å sikre steinkyrkjer frå mellomalderen, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 708 av 16. juni 2020 og Innst. 379 S (2019–2020). Sjå elles omtalen av kap. 882, der det under post 61 er gjort framlegg om ei løyving på om lag 20 mill. kroner til freda og verneverdige kyrkjebygg i 2022.

Utfordringar for fondet og forvaltingsstrategiar

Fram til fondet blir delt 1. januar 2023, vil forvaltingsstrategiane i hovudsak liggje fast. Det gir stabilitet i forvaltinga og gjer arbeidet med delinga føreseieleg for partane. Departementet meiner likevel at det er viktig å heile tida gjere disposisjonar som kan auke verdien av eigedelane, auke den forventa avkastinga og redusere forvaltingsutgiftene.

Arbeidet med deling av fondet er ei krevjande oppgåve både i omfang og kompleksitet. Eigedommar til overføring skal identifiserast og verdsetjast, og istandsetjingskostnader skal bereknast. Etter dette skal ei rekke eigedommar overdragast til Den norske kyrkja eller sokna. Dette gjeld både prestebustader, kyrkjegrunn og gravplassar. Den norske kyrkja vil bli kompensert for vedlikehaldsetterslep og driftsutgifter for prestebustader ho skal overta. Arbeidet med delinga vil ta tid sjølv om tidspunktet for delinga og verdsetjinga av det som er att i fondet, er sett til 1. januar 2023. Mykje praktisk arbeid med delinga står att og vil neppe vere ferdig før nærare 2025.

Samstundes skal forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond vareta alle dei løpande oppgåvene. Kontrakts- og kapitalforvaltinga, skog- og jordbruksforvaltinga, drifta av kontoreigedommar til kyrkjeleg bruk m.m. skal drivast effektivt. Kva forvaltingsstrategiar som skal leggjast for fondet etter at det er blitt statleg, er det ikkje teke stilling til. Det vil departementet komme tilbake til når fondet er delt, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Inntektene frå eigedommane er ikkje store nok til å dekkje fondet sine utgifter til eigedommane. Eigedommane er ein del av fondet sin grunnkapital som ikkje kan brukast opp, og verdiar som ikkje kan givast bort. Av denne grunnen kan ikkje fondet selje eigedommar til lågare pris enn marknadsprisen (eventuelt konsesjonsprisen) eller tilby festeavgifter og innløysingsprisar for bustad- og fritidstomter som er meir gunstige enn det som følgjer av tomtefestelova og den einskilde festekontrakten. Når ein eigedom blir seld, skal salssummen leggjast til grunnkapitalen. Dette er eit krav som følgjer av § i lova om fondet, og ei føresegn om dette er ført vidare i den nye lova om fondet.

Feste- og finansinntektene er dei største inntektskjeldene for fondet. Festeinntektene er i hovudsak stabile, medan finansinntektene kan svinge mykje frå år til år. Ein har derfor arbeidd med verdiskaping og betre utnytting av verdiane som fondet har i eigedommane, for å få sikrare og meir stabile inntekter. For å auke verdiane har ein mellom anna teke initiativ til å regulere om tomter og til å vere med i utbyggingsprosjekt til mellom anna bustad-, nærings- og småkraftføremål.

Delar av eigedelane til fondet er overførte til heil- og deleigde selskap under fondet, organiserte etter forretningsområde, mellom anna småkraft, som på forretningsmessige vilkår utviklar kommersielle satsingar. Forretningsområda er i ulik grad eksponerte for risiko av strategisk, operasjonell og finansiell art. Totalt er det investert nær 1 mrd. kroner i forretningsområdet småkraft. Investeringane er finansierte dels ved tilførsel av eigenkapital frå Opplysningsvesenets fond, dels ved lån frå fondet, dels ved ekstern finansiering.

Det er ei utfordring å sikre ein betre balanse mellom inntektene og utgiftene til fondet. Å auke inntektsgrunnlaget og kontantstraumen, og å redusere forvaltingskostnadene, er framleis prioriterte oppgåver framover.

Rapport 2020

Fondet hadde i 2020 eit årsresultat på 164,1 mill. kroner, medan resultatet i 2019 var på 164,5 mill. kroner.

Eigedom

Gevinsten ved sal av eigedom var netto på 129,7 mill. kroner i 2020 mot 126,9 mill. kroner i 2019 og 97,9 mill. kroner i 2018. Det er verdt å merke seg at fondet i rekneskapen for 2020 har gjort ei prinsippendring for føring av gevinst og tap ved sal av prestebustader. No blir inntektene fyrst førte når det juridiske ansvaret for eigedommen blir overdrege til kjøparen. Det er justert for endringa i dei historiske tala.

Driftsresultatet, når inntekter frå sal av eigedom ikkje blir rekna med, var negativt med 55,4 mill. kroner i 2020. I resultatet er det medrekna eit samla finansielt tilskot til kyrkjelege føremål på om lag 46 mill. kroner. Til samanlikning var dette driftsresultatet negativt med 42 mill. kroner og tilskotet til kyrkjelege føremål på 47 mill. kroner i 2019.

Driftsinntektene frå tomtefeste var på 129 mill. kroner i 2020. Festarar av bustadtomter kan kjøpe (løyse inn) tomta. Det blei i 2020 selt festetomter for netto 66,7 mill. kroner. Tilsvarande salssum i 2019 var på 84,9 mill. kroner.

I 2020 brukte fondet 73 mill. kroner (brutto før husleigeinntekter) på drift og vedlikehald av eigedommar, noko som er 7 mill. kroner mindre enn i 2019. I 2020 blei det selt 20 prestebustader.

Finansforvaltinga

Netto finansresultat var på 89,7 mill. kroner i 2020, mot 77,7 mill. kroner i 2019 og 59,9 mill. kroner i 2018.

Finansporteføljen er strukturert for å redusere svingingsrisiko. Kapitalen er for det meste plassert i ein kjerneportefølje som femner ulike verdipapirfond, med ein marknadsverdi på om lag 2,8 mrd. kroner ved siste årsskifte. I tillegg kjem ein avviklings- og føremålsportefølje på til saman 47 mill. kroner. Ved siste årsskifte var det til saman 264 mill. kroner i form av driftslikviditet og utlån til kyrkjelege føremål. Kjerneporteføljen hadde ei samla marknadsavkasting i 2020 på 6 prosent, noko som er 1,2 prosent lågare enn referanseindeksen. Departementet har fastsett eit avkastingskrav på finanskapitalen på 3 prosent over risikofri rente. Ved utgangen av 2020 hadde fondet ein kursreserve på 522 mill. kroner. Reserven var på 437 mill. kroner på same tid i 2019.

Forvaltingsutgiftene

Utgiftene til forvaltinga av fondet var til saman 110 mill. kroner i 2020. Desse kostnadane omfatta forvaltingsorganet sine utgifter på 93,2 mill. kroner, betalinga til eksterne tenesteleverandørar på 6,1 mill. kroner og kostnader til finansforvaltarar på 10,7 mill. kroner. Til samanlikning var desse utgiftene på 101 mill. kroner i 2019. Kostnadane til delingsprosjektet var på om lag 9 mill. kroner i 2020.

Gjennom eit internt prosjekt (Prosjekt varig resultatbetring) har ein gjennomført fleire tiltak for å auke inntektene og redusere kostnadene. Effekten av slike tiltak i perioden 2017–2019 er rekna til å utgjere om lag 26,5 mill. kroner målt mot tilsvarande storleikar per 2016, og vil ha verknad òg i åra framover. Det er i åra 2017–2019 utgiftsført eksterne kostnader til prosjektet på rundt 15 mill. kroner knytte til fyrste del av prosjektet. Fondet meiner at kostnadsreduksjonen og effektiviseringsgevinstane framover samla vil utgjere rundt 40 mill. kroner i året samanlikna med nivået i 2016.

Resultatrekneskapen – disponering av årsresultatet

Tabell 4.11 Resultatrekneskapen for Opplysningsvesenets fond 2019 og 2020

(i 1 000 kr)

2019

2020

Inntekter

Salsinntekt eigedom

126 863

129 721

Driftsinntekt

206 476

211 487

Anna driftsinntekt

15 289

7 581

Sum inntekter

348 628

348 789

Utgifter

Av- og nedskriving varige driftsmidlar

-21 866

-22 084

Refusjon forvaltingsorganet

-83 192

-93 170

Annan driftskostnad

-111 779

-113 060

Sum utgifter

-216 837

-228 314

Tilskot kyrkjelege føremål

-46 928

-46 118

Driftsresultat, inkl. sal av eigedommar

84 863

74 356

Finansrekneskap

Renteinntekter, aksjeutbytte og inntekt på investering

45 622

39 161

Gevinst og tap verdipapir

32 823

60 397

Nedskriving av andre finansielle omløpsmidlar

3 083

-414

Annan finanskostnad

-3 868

-9 418

Netto finansinntekter

78 816

89 726

Årsresultat

162 522

164 082

Disponering av årsresultatet:

Avsetjing av netto salsinntekter til kapitalfondet

119 7511

124 2801

Til/frå disposisjonsfond

42 771

39 802

Sum disponert

162 522

164 082

1 Netto gevinst ved sal av eigedom, der varekostnad og bokført verdi er trekte ut

Netto inntekter ved sal av eigedom er etter § 5 i lov om Opplysningsvesenets fond lagde til kapitalfondet. Kapitalfondet var per 31. desember 2020 på 3,969 mrd. kroner. Kapitalfondet er bunden eigenkapital (grunnkapital). Disposisjonsfondet, som er den frie eigenkapitalen, var ved inngangen til 2021 på 222 mill. kroner.

Opplysningsvesenets fond har ein konsernstruktur, med dotterselskap innanfor eigedom og felleskontrollert verksemd innanfor småkraft. For Opplysningsvesenets fond, medrekna dotterselskapa, var driftsinntektene på 432,3 mill. kroner i 2020. Driftsresultatet, utanom gevinstar ved sal av eigedom, var negativt med 52,7 mill. kroner. Årsresultatet for 2020 (resultat etter skatt) for heile verksemda (konsernet) var på 77,6 mill. kroner, mot 169,6 mill. kroner i 2019 og 69,3 mill. kroner i 2018. Dotterselskapa og dei felleskontrollerte selskapa (fondet sin eigardel) hadde i 2020 eit samla negativt resultat etter finanskostnader på om lag 77,3 mill. kroner.

Fondet har ein trekkfasilitet i kredittinstitusjon som er utnytta med 234,6 mill. kroner per 31. desember 2020. Fondet sin tilførsel av eigenkapital og lån til dotterselskap og tilhøyrande selskap innanfor eigedom og småkraft var ved årsskiftet 2020/2021 på 1,24 mrd. kroner. Av desse var 999,2 mill. kroner gitt som eigenkapital og 240,3 mill. kroner som lån. Konsernet har stilt garantiar til andre selskap i konsernet på 10 mill. kroner.

Verdiane i fondet (konsern) i form av bokført eigenkapital har blitt reduserte med om lag 4 mill. kroner frå 2019 til 2020. Vurdering etter noverdimetoden (ikkje bokførte storleikar) viser ein auke i verdiar i den same perioden på om lag 1,5 mrd. kroner. Det er særleg verdien av festetomtene som har hatt ein vesentleg auke.

Den samla gjelda i dotterselskapa var på 449,7 mill. kroner ved siste årsskifte. Frå 2019 til 2020 er den renteberande gjelda i kredittinstitusjonar redusert med om lag 21 mill. kroner. I Clemens Kraft Holding AS, som er ei felleskontrollert verksemd, er det ei obligasjonsgjeld på 475 mill. kroner.

Det finansielle tilskotet til Den norske kyrkja var på 46,1 mill. kroner i 2020. I tillegg kjem fondet sine netto utgifter til eigne og kommunale prestebustader (medrekna forvaltingsutgiftene) på 45,4 mill. kroner og subsidieeffekten av utlån til kyrkjelege føremål på 1,2 mill. kroner. Fondet sitt økonomiske bidrag til Den norske kyrkja blir rekna med i grunnlaget for tilskot frå staten til andre trus- og livssynssamfunn. I grunnlaget for tilskotet til andre trus- og livssynssamfunn i 2020 var bidraget frå fondet til Den norske kyrkja rekna inn med 80,3 mill. kroner, basert på rekneskapstal for 2018.

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er ei nettobudsjettert verksemd. Sidan utgiftene heilt ut blir dekte av fondet, er det ikkje ført opp løyvingar til forvaltingsorganet i statsbudsjettet. Frå 2009 har det vore ein felles prosedyre for nettobudsjetterte verksemder om rapporteringa i statsbudsjettet av kontantbehaldninga for desse verksemdene per 31. desember. Standardtabellane med nøkkeltal for Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er tekne inn i Del III.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Foreldrepengar kan ytast til mor og far til barnet ved fødsel og ved adopsjon av barn under 15 år. Rett til foreldrepengar blir tent opp gjennom yrkesaktivitet. Regjeringa vil ha ei foreldrepengeordning som gir foreldre valfridom og fleksibilitet til å velje den beste omsorgsløysinga for barna sine.

Mål

BFD har for 2022 dette målet innanfor programkategorien:

Mål

  • Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.

Målet er nærare omtalt nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Foreldrepengar

Foreldrepengar er ein sentral del av den norske velferdsmodellen. Ordninga gjer det mogleg for den einskilde å organisere familielivet innanfor trygge økonomiske rammer og samstundes halde på tilknytinga til arbeidslivet. Ytinga sikrar familiar gode levekår i ein periode der foreldre er heime med heilt små barn. Familien skal dermed ha høve til å byggje gode relasjonar og gi barna ein trygg start på livet.

Med foreldrepengar kan ein kombinere det å få barn med å vere aktiv i yrkeslivet, og ein unngår at arbeidstakarar forlèt arbeidsmarknaden for å danne familie. Såleis bidreg foreldrepengeordninga til god bruk av arbeidskraftressursane og ei høgare sysselsetjing enn utan ei slik ordning. Ei varig høg arbeidsdeltaking er avgjerande for norsk økonomi og for berekrafta i velferdsstaten.

Ei godt organisert foreldrepengeordning er òg utgangspunktet for gode løysingar for familielivet. Ei god utforming gir ordninga legitimitet blant brukarane, og ho gjer tilhøva føreseielege for både arbeidstakarar og arbeidsgivarar når tilsette får barn.

Ved å dele inn foreldrepengeperioden i kvotar som er reserverte for far og mor, kan ordninga bidra til å få ei balansert fordeling av omsorg heime. Det gir kvar forelder høve til å utvikle sin eigen sjølvstendige relasjon til barnet.

Sjå meir om regelverket for foreldrepengar under omtalen av kap. 2530, post 70.

Bruk av foreldrepengeordninga

Frå 1. juli 2018 blei det endringar i utforminga av foreldrepengeordninga. Heile perioden etter fødselen er no delt opp i tre delar: 15 veker er øyremerkte mor, 15 veker er øyremerkte far, og ein del på 16 veker er felles. Fellesdelen er det opp til foreldra sjølve å fordele mellom seg. Frå 1. januar 2019 gjeld ny inndeling òg for foreldre som vel 80 prosent inntektsdekking: Kvotane er no på 19 veker til kvar forelder, og fellesdelen er på 18 veker.

Føremålet med endringane er at fedrar skal auke bruken sin av foreldrepengar, og slik signalisere at foreldra er likeverdige omsorgspersonar. Det gjorde ein ved å redusere talet veker i fellesdelen og auke kvotene for både mor og far.

Departementet har dette målet for foreldrepengeordninga:

  • Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.

Erfaringstal viser at det fedrane tek ut av foreldrepengar, i stor grad følgjer lengda på fedrekvoten. Fellesdelen blir som regel teken ut av mor. Lengda på fedrekvoten har vist seg å vere normdannande: Når fedrekvoten har auka, har fedrar auka uttaket sitt – og omvendt.

I figur 4.16 ser ein korleis uttak av foreldrepengedagar har utvikla seg frå 2010 og framover. Grafane viser gjennomsnittleg tal på dagar med foreldrepengar for mor og far, gruppert etter kva for eit halvår barnet blei fødd i. Då fedrekvoten blei redusert i 2014, reduserte fedrane talet på dagar med foreldrepengar. Med innføring av auka fedrekvote i 2018 har fedrane auka talet stønadsdagar.

Foreldrepengar kan takast ut i løpet av dei tre fyrste åra til barnet, og mødrer er oftast heime med barnet fyrst. Det vil derfor ta noko tid før ein kan sjå kva for endelege effektar endringane frå 2018 og 2019 har for kor mykje foreldrepengar fedrane tek ut. Foreldre med barn fødde frå andre halvår i 2018 kan framleis ta ut foreldrepengar.

I løpet av 2020 var det om lag 77 000 mødrer og 59 000 fedrar som gjorde nytte av foreldrepengeordninga. Ser ein på alle foreldrepengedagane som blei tekne ut i kalenderåret 2020, finn ein at fedrar tok ut 31,6 prosent av alle foreldrepengedagane. Dette er 6,1 prosentpoeng høgare enn i 2019, og det er 10,5 prosentpoeng høgare enn i 2018. Delen fedrar som tek ut akkurat 10 veker (fedrekvoten etter regelendringa i 2014), er redusert monaleg frå 2018 til 2019, medan delen fedrar som tek ut akkurat 15 veker (fedrekvoten etter regelendringa i 2018), har auka monaleg frå 2018 til 2019. Det er viktig å understreke at statistikken over uttak i eit einskilt kalenderår viser ein tendens, men den viser ikkje det heile og fulle biletet av fedrar og mødrer sitt uttak av foreldrepengar, fordi uttaket strekkjer seg over fleire kalenderår.

Figur 4.16 Det gjennomsnittlege talet på dagar med foreldrepengar for mor (blått) og far (raudt). Tala gjeld barn fødde i det aktuelle halvåret.

Figur 4.16 Det gjennomsnittlege talet på dagar med foreldrepengar for mor (blått) og far (raudt). Tala gjeld barn fødde i det aktuelle halvåret.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Tre fjerdedelar av dei som tok imot foreldrepengar i 2020, valde 100 prosent dekningsgrad. Dei siste ti åra har det vore ein klar auke i talet på foreldre som vel full dekning. I 2011 valde om lag halvparten av mottakarane full dekningsgrad, medan delen mottakarar som gjorde dette i 2020, var nær 80 prosent. Auken heng sannsynlegvis saman med at 100 prosent dekningsgrad gir ei høgare utbetaling enn uttak med 80 prosent. For meir informasjon om bruken av foreldrepengar dei seinaste åra, sjå tabell 4.12.

Tabell 4.12 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2017–2020

2017

2018

2019

2020

Endring 2019–2020

Talet på fødde barn

56 633

55 120

54 495

52 979

-1 516

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

Kvinner, prosent

80,3

79,9

74,5

68,4

-6,1

Menn, prosent

19,7

20,1

25,5

31,6

6,1

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

84 765

82 353

82 010

77 208

-4 802

Del av desse med 100 prosent lønnskompensasjon, prosent

70,1

70,7

73,8

77,6

3,8

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

55 346

53 788

56 852

59 068

2 216

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kroner)

389 281

404 580

441 289

475 226

33 937

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kroner)

427 281

463 556

509 836

542 614

32 778

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

4,9

4,7

4,6

4,7

0,1

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

22,1

21,2

21,9

21,7

-0,2

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 238

1 458

1 641

1 299

-342

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

10 957

10 355

10 411

9 675

-736

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Innføre sjølvstendig uttaksrett til far for åtte veker

Regjeringa føreslår å gjere endringar i foreldrepengeordninga som sikrar alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, høve til å ta ut foreldrepengar i ein periode på åtte veker uavhengig av aktiviteten til mor under uttaket. Aktivitetskravet blir altså oppheva i åtte veker. Endringa skal gjelde for barn fødde 2. august 2022 eller seinare. Frå 2. august 2024 kan far ta ut ti veker uavhengig av aktiviteten hos mor. Departementet vil leggje fram lovforslag som følgjer opp forslaget. Aktivitetskravet til mor vil framleis gjelde for stønadsuttak utover desse vekene. Der begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, er fedrekvoten på 15 eller 19 veker, avhengig av vald sats. Ei eventuell oppheving av aktivitetskravet for resten av fedrekvota må vurderast i seinare budsjettframlegg.

Innføre fri utsetjing av foreldrepengar

Den 26. mars 2021 la regjeringa fram for Stortinget eit lovforslag om å endre foreldrepengereglane slik at det blir mogleg å utsetje foreldrepengar utan krav til kva ein gjer medan ein utset, sjå Prop. 127 L (2020–2021) Endringer i folketrygdloven (fri utsettelse av foreldrepenger).

Endringa inneber at ein ikkje lenger har føringar i regelverket på kva for nokre tilhøve som gir høve til å utsetje uttak av foreldrepengar. Hovudmålet med endringane er at foreldra sjølve kan bestemme når dei vil ta ut foreldrepengane, innan barnet fyller tre år. Regelendringa skal mellom anna løyse problemet der fedrar mista foreldrepengar fordi dei søkte om utsetjing for seint. Stortinget gav tilslutninga si ved vedtak av 7. juni 2021 til lov nr. 145 (2020–2021), og endringane tok til å gjelde 1. oktober 2021.

Endringar i foreldrepengeordninga som følgje av EØS-avtalen

EØS-avtalen er den mest omfattande internasjonale avtalen som Noreg er ein del av, og han fører med seg ei rekke rettar og plikter. Avtalen skal mellom anna sikre fri rørsle av arbeidstakarar i ein felles europeisk arbeidsmarknad. I denne samanhengen står koordinering av nasjonale trygdesystem sentralt, slik at borgarane til ei kvar tid er sikra trygderettar.

Avtalen påverkar velferdsordningane våre og korleis dei er praktiserte innanfor EØS- området. I barne- og familiepolitikken gjeld dette særleg overføringsordningane barnetrygd, kontantstøtte og foreldrepengar. For regjeringa er det viktig at praktiseringa er i tråd med EØS-avtalen. Det er òg ønskjeleg å ta omsyn til ein rimeleg bruk av norske velferdsordningar og til berekrafta i det norske velferdssystemet. Regjeringa er oppteken av å finne gode løysingar for tilpassing og praktisering av regelverket.

Praksisomlegging av utsetjing og gradering ved arbeid i anna EØS-land frå juli 2021

Regjeringa har i etterkant av saka om feilpraktisering av EU si trygdeforordning i Nav, som blei kjend hausten 2019, undersøkt om praktiseringa av overføringsordningane til barnefamiliane er i samsvar med EØS-retten. På bakgrunn av denne undersøkinga har regjeringa funne det naudsynt å gjennomføre endringar i praktiseringa av regelverket for foreldrepengeordninga i EØS-tilfelle. Sidan 1. juni 2021 er det høve til å utsetje og gradere uttaket av foreldrepengar ved arbeid i anna EØS-land.

Leggje om praksis og likestille arbeid i anna EØS-land før fødsel med arbeid i Noreg frå august 2022

Regjeringa vil leggje om praktiseringa i foreldrepengesaker, slik at mor sitt arbeid i anna EØS-land før fødsel blir likestilt med arbeid i Noreg. Far vil i desse tilfella dermed få rett til uttak av foreldrepengar i ein periode tilsvarande fedrekvoten utan at aktivitetskravet til mor må vere oppfylt under uttaket av desse vekene. Dei aktuelle tilfella har samanheng med tilpassingar til Work-life Balance-direktivet, og omlegginga skal derfor gjelde frå 2. august 2022.

Tilpassingar til Work-life Balance-direktivet frå august 2022

Eit nytt EU-direktiv om balansert arbeids- og familieliv tredde i kraft 2. august 2019. Work-life Balance-direktivet gir far rett til to veker betalt permisjon i samband med fødsel, og det gir begge foreldra rett til åtte veker betalt permisjon. EU/EØS-land har tre år på å implementere direktivet. Ein kan vente med å innføre to av vekene til 2. august 2024. Regjeringa føreslår å gi alle fedrar med eiga opptening rett til å ta ut foreldrepengar i åtte veker, sjå omtalen over om innføring av sjølvstendig uttaksrett til far for åtte veker. Regjeringa føreslår å gi fedrar rett til to nye veker frå august 2024, slik at far då får ein sjølvstendig rett til ti veker. Regjeringa føreslår òg å gi fedrar moglegheit til å ta ut to foreldrepengeveker i samband med fødselen. Med regjeringa sitt forslag vil foreldrepengeregelverket tilfredsstille krava i direktivet.

Folketrygdlova har ein regel om at resten av stønadsdagane fell bort når stønadsperioden for eit nytt barn startar. For å sikre at alle foreldre kan ta ut dei vekene dei har krav på, føreslår departementet ein snever unntaksregel som sikrar at veker innanfor kravet i WLB-direktivet ikkje fell bort når eit par får to barn svært tett.

Eingongsstønad ved fødsel

Eingongsstønad er ein minstegaranti som sikrar inntekt for mødrer utan opparbeidd rett til foreldrepengar. Eingongsstønad er viktig for dei som, frivillig eller ufrivillig, ikkje har vore i yrkesaktivitet og dermed ikkje kvalifiserer til foreldrepengar.

Ytinga kjem i form av ei einskild utbetaling og kan mellom anna bidra til å dekkje utgifter ved det å få og forsørgje barn den fyrste tida. Eingongsstønaden har vore styrkt betrakteleg dei siste åra, og satsen er i dag 90 300 kroner. Det er om lag 55 000 kroner meir enn i 2013, sjå tabell 4.13. For regjeringa har aukane òg vore viktige for å styrkje økonomien til familiar som ofte er svakare økonomisk stilte enn familiar med foreldrepengar.

Store kontantoverføringar frå det offentlege kan redusere insentiva til å søkje eller stå i arbeid. Ein auke i eingongsstønaden kan i så måte verke negativt inn på arbeidstilbodet. Det vil i så fall kunne ramme familieøkonomien på sikt. Ei generell høg arbeidsdeltaking er vidare viktig for berekrafta i velferdsstaten. Det har likevel ikkje vore store utslag i talet på mottakarar av eingongsstønad i perioden 2013 til 2020, trass i auken i satsen. Statistikk frå arbeids- og velferdsdirektoratet viser at talet på mottakarar har lege stabilt rundt 10 000 gjennom heile 2010-talet. Det har samstundes vore ein generell nedgang i talet på fødslar gjennom perioden. Effektane av auken i eingongsstønaden er ikkje eintydige, og det kan vere fleire faktorar som verkar inn i denne samanhengen.

Tabell 4.13 Sats for eingongsstønad ved fødsel i perioden 2013–2022

År

Sats

2013

35 263

2014

38 750

2015

44 190

2016

46 000

2017

61 120

2018

63 140

2019

83 140

2020

84 720

2021

90 300

2022

90 300

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

20 476 507

20 167 000

21 771 100

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

741 992

888 000

785 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

518 475

515 000

575 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

44 331

54 000

30 000

Sum kap. 2530

21 781 305

21 624 000

23 161 100

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåing for ordningane blir mellom anna vurdert ut frå om dei blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriteria er omtalte under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten.

Utgiftsoverslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå. Ein reknar med at talet på mottakarar vil auke.

Departementet føreslår ei løyving på 23 161,1 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73. Sjå tabellen ovanfor for forslag til løyving på dei ulike postane.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir opptening til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent lønnskompensasjon) eller 59 veker med redusert sats (80 prosent lønnskompensasjon), jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2021 utgjer grunnbeløpet 106 399 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 601 564 kroner per stønadstilfelle med denne G-verdien. Inntektsgrensa følgjer den til kvar tid gjeldande G-verdien.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). Dersom foreldra har valt 80 prosent lønnskompensasjon, er mødrekvoten og fedrekvoten på 19 veker. Mor må starte permisjonen sin seinast tre veker før fødselen, og vekene før fødsel kjem i tillegg til mødrekvoten. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 16 eller 18 veker avhengig av kva dekningsgrad foreldra har valt.

Når berre far har rett til foreldrepengar, er det krav til aktiviteten til mor. Far kan ta ut inntil 40 eller 50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Når mor har uføretrygd, kan far ta ut inntil 15 eller 19 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til aktiviteten til mor, jf. folketrygdlova § 14-14.

Departementet føreslår å løyve 73 mill. kroner til å oppheve aktivitetskravet i ein periode på åtte veker, gjeldande for barn fødde 2. august 2022 eller seinare. Beløpet er eit overslag. Regjeringa føreslår vidare å oppheve aktivitetskravet for ytterlegare to veker frå 2. august 2024. Heilårsverknaden av dette forslaget er rekna til 370 mill. kroner og kjem frå 2026. Innføring vil krevje ein eingongsløyving til administrative endringar i Arbeids- og velferdsetaten sine system. Dette er rekna til 3 mill. kroner i 2022 og vil bli løyvd på kap. 605, post 01, sjå Prop. 1 S (2021–2022) til Arbeids- og sosialdepartementet.

Forslaget om ein snever unntaksregel ved tette fødslar, sjå over, er rekna til å ikkje ha budsjetteffekt i 2022, meirutgifter på 1 mill. kroner i 2023 og 2 mill. kroner i heilårsverknad frå 2024. Innføringa vil krevje ein eingongsløyving til administrative endringar i Arbeids- og velferdsetaten sine system. Dette er rekna til 4 mill. kroner i 2022 og vil bli løyvd over kap. 605, post 01, sjå Prop. 1 S (2021–2022) til Arbeids- og sosialdepartementet.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 2,1 mill. kroner slik at vedtaket til Stortinget av 7. juni 2021 til lov nr. 145 (2020–2021) om endringar i folketrygdlova (fri utsetjing av foreldrepengar) kan ta til å gjelde frå 1. oktober 2021. Beløpet er eit overslag. Heilårseffekten av forslaget er rekna til 17 mill. kroner og kjem i 2024.

Departementet føreslår å leggje om praksis for foreldrepengesaker i EØS-tilfelle, slik at arbeidet til mor i eit anna EØS-land blir likestilt med arbeid i Noreg, og at far i desse tilfella får fedrekvoten utan aktivitetskrav til mor. Desse tilfella vil vere dekte av innføringa av sjølvstendig uttaksrett til fedrar for åtte veker, og praksisomlegginga gjeld derfor frå 2. august 2022. Barne- og familiedepartementet føreslår 6 mill. kroner til å kunne dekkje utgiftene for veker utover åtte stønadsveker for desse fedrane.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Foreldrepengar kan utsetjast utan krav til kva ein gjer medan ein utset dei, jf. folketrygdlova § 14-11. Uttaket av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar til som blir gitte i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. Stønaden er i 2021 på 90 300 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Departementet føreslår å vidareføre satsen i 2022.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten). Ved 80 prosent lønnskompensasjon er kvar av kvotane på 19 veker. For barn adopterte 2. august 2022 eller seinare, kan alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, ta ut åtte veker, uavhengig av aktivitet hos mor.

Sjå elles omtalen under post 70.

Fotnotar

1.

Sjå rapporten Konsekvenser av covid-19 for tjenestetilbudet blant sårbare barn og unge (2021) frå arbeidsgruppe ved NTNU ledet av Kojan, skriven på oppdrag frå Koronakommisjonen.

2.

Sjå rapporten Fallende fruktbarhet i Norge av Hart og Kravdal ved Folkehelseinsituttet frå 2020.

3.

Sjå SSB-rapporten Barnefamilienes inntekter, formue og gjeld 2004–2014 (2016) av Epland og Kirkeberg ved SSB.

4.

Sjå SSB-rapporten Økonomi og levekår for lavinntektsgrupper 2019 (2019). I dette tilfellet bruker SSB EU-definisjonen av vedvarande låginntekt.

5.

Sjå SSB-analysen Laveste andel mottakere på 20 år (2019) av Sandvik og Gram ved SSB, skriven på oppdrag frå Bufdir.

6.

Sjå kunnskapsoppsummeringa Muligheter og hindringer for barn i lavinntektsfamilier – en kunnskapsoppsummering (2018) frå Velferdsforskingsinstituttet NOVA, skriven på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet.

7.

Sjå rapporten Økonomi som barriere for idrettsdeltakelse – kostnader og kostnadsdrivere i barne- og ungdomsidretten (2020) frå Oslo Economics, skriven på oppdrag frå Kulturdepartementet.

8.

Eriksen, Hansen, Jávo og Schei (2015): Emotional, physical and sexual violence among Sami and non-Sami populations in Norway: The SAMINOR 2 questionnaire study.

9.

Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS)

10.

Sjå oppsummering i Deloitte (2020). Sammenstilling av relevante studier og nasjonal og internasjonal forskning på betydning og ivaretakelse av fysiske omgivelser ved utforming av formålsbygg.

11.

The landscape of digital food marketing: Investigating exposure of digital food and drink advertisements to Norwegian children, SIFO-rapport nr. 17-2020.

12.

Skuland, S. og Poppe, C.: Veien til gjeldsordning. Skyldneres erfaringer med Nav, namsmann og regelverk, SIFO- rapport nr. 14-2020

13.

Poppe, C.: Økonomiske rådgivningssaker i Nav 2019, SIFO-rapport nr. 9-2020

14.

Steinnes, K og Thorjussen, C.B.: Mestring og sårbarhet ved netthandel – En kartlegging av digital forbrukerkompetanse i Norge etter EU-kommisjonens Digital Competence Framework for Consumers, SIFO-rapport nr. 11-2020

15.

Borgeraas, E.: Budsjett for forbruksutgifter (SIFO-notat 2020)

16.

Bakkeli, N.Z.: Kunnskap om personlig økonomi, SIFO-rapport nr. 10-2020

17.

Utredning fra Etikkinformasjonsutvalget: Åpenhet om leverandørkjeder – Forslag til lov om virksomheters åpenhet om leverandørekjeder, kunnskapsplikt og aktsomhetsvurderinger (2019)

Til forsida