Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

6 Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Tilskudd til Svalbard kirke

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Tilskudd til Svalbard kirke

5 650

5 750

6 000

Sum kap. 0001

5 650

5 750

6 000

Post 70 Tilskudd til Svalbard kirke

Løyvinga på posten skal bl.a. dekke husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, utgifter til varer og til tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil og snøskuter og leige av helikopter.

Kyrkja på Svalbard står i ei særstilling, bl.a. på grunn av den rolla ho speler i den offentlege beredskapen. Den norske kyrkja er eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av. Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som blir overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.

Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygget blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Sjå elles dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2023–2024) frå Barne- og familiedepartementet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 6,0 mill. kroner.

Kap. 0003 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

160 290

165 180

174 200

Sum kap. 0003

160 290

165 180

174 200

Post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

Løyvinga på posten skal nyttast til tilskot til drift av Longyearbyen lokalstyre gjennom ei rammeløyving. Longyearbyen lokalstyre har ansvar for forvaltninga av nærmare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde, jf. Svalbardlova § 33 og forskrifta til svalbardmiljølova. Jamfør same lov § 31 skal Longyearbyen lokalstyre utøve «sin myndighet og virksomhet innenfor nasjonale rammer og rammen av norsk svalbardpolitikk». På fleire felt er oppgåvene til Longyearbyen lokalstyre dei same som dei ein kommune på fastlandet har. Longyearbyen lokalstyre har i tillegg eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen når ansvaret ikkje er lagt til staten eller andre. Dette gjeld bl.a. energiforsyning. Longyearbyen er ikkje eit livsløpssamfunn, og lokalstyret har ingen oppgåver eller utgifter til eldreomsorg. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester. Longyearbyen lokalstyre er planmyndigheit i Longyearbyen arealplanområde. Den noverande arealplanen vart vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskuddsutdeling fra Nordpolet AS skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikke frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fekk i 2022 overført 6,7 mill. kroner frå Nordpolet AS, basert på overskotet frå 2021. Overskotet for 2022 var på 6,6 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmeisteren om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 174,2 mill. kroner. Forslaget til løyving er auka med 9 mill. kroner samanlikna med løyvinga i 2023, bl.a. som følgje av redusert makspris i barnehage.

Kap. 0004 Tilskudd til Svalbard Museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Tilskudd til Svalbard Museum

14 000

14 420

14 900

Sum kap. 0004

14 000

14 420

14 900

Post 70 Tilskudd til Svalbard Museum

Løyvinga skal gå til å dekke husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard Museum i Svalbard forskingspark. Løyvinga skal vidare dekke drift av dei kulturhistoriske magasina og lønn og bustadutgifter for stillinga som konservator og samlingsforvaltar.

I tillegg til denne løyvinga blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Det er foreslått ei løyving på posten på 14,9 mill. kroner.

Kap. 0005 Sysselmesteren (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

88 028

86 195

90 100

Sum kap. 0005

88 028

86 195

90 100

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på kap. 0005 Sysselmesteren skal dekke utgifter til lønn og drift av sysselmeisterkontoret. Det siste omfattar husleige og utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Sysselmeisteren på Svalbard hadde 49 åremålstilsette og 41 tilsette i engasjementstillingar ved utgangen av 2022. Engasjementstillingane er knytte til ulike kort- og langtidsengasjement, t.d. sommarvikarar i dei ulike avdelingane, feltinspektørar m.m. Den ordinære åremålsperioden for stillingar hos Sysselmeisteren er tre år, med høve til å søke om ei forlenging på tre år. Åremålsperioden kan ikkje overstige seks år.

Sysselmeisteren har hatt ein auke i saker på 170 pst. i 2022 samanlikna med 2021. Talet på søknader om eige- eller låneløyver for våpen auka med 92 pst. samanlikna med 2021. Auken i saksmengda har bl.a. samanheng med gjenopning av samfunnet etter covid-19, og meir aktivitet som følgje av det. Auken blei handtert innanfor den ordinære løyvinga til Sysselmeisteren.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 (Prop. 115 S (2021–2022), jf. Innst. 450 S (2021–2022)) vart løyvinga redusert med 75 000 kroner som følgje av gevinstuttaket etter endra jobbvaner etter virusutbrotet. Regjeringa foreslo i Prop. 78 S (2021–2022) å auke løyvinga på kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskudd med 8,0 mill. kroner for å innføre kontroll på Svalbard av reisande til og frå øygruppa. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 270 S (2021–2022). Midlane vart plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0005 Sysselmesteren, post 01 Driftsutgifter. Løyvinga var øyremerkt til innkjøp av utstyr og datasystem og til stillingar hos Sysselmeisteren. Sysselmeisteren sende belastningsfullmakt til Politidirektoratet i 2022 på inntil 4,0 mill. kroner til politiet sitt arbeid med å støtte Sysselmeisteren i å setje i verk personkontroll på Svalbard. Sjå punkt 2.2.2.5 for nærmare omtale av personkontroll på Svalbard.

Det er foreslått ei løyving på posten på 90,1 mill. kroner. Sjå elles utfyllande informasjon om Sysselmeisteren i punkt 1.4.1.

Kap. 3005 Sysselmesteren (jf. kap. 0005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Diverse inntekter

2 209

300

300

02

Refusjoner m.m.

5 354

3 000

3 000

Sum kap. 3005

7 563

3 300

3 300

Kapittelet samsvarer med kap. 0005 Sysselmesteren.

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på post 01 omfattar bl.a. bøter, gebyr og inndragingar. Bøter blir kravde inn av Skatteetaten ved Statens innkrevjingssentral og inntektsførte under Sysselmeisteren. Sysselmeisteren tek imot diverse refusjonar. Vidare omfattar posten inntekter som Sysselmeisteren har frå våpengebyr og gebyr for utferding av pass. Meirinntekta frå 2022 skuldast administrative inntekter frå oppdragsverksemd knytta til kulturminner.

Posten kan òg nyttast til andre tilfeldige inntekter på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 300 000 kroner.

Post 02 Refusjoner m.m.

Inntektsframlegget på post 02 omfattar refusjonar frå offentlege verksemder. Dette gjeld hovudsakleg refusjon av lønn og andre kostnader ved Svalbards miljøvernfond.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 3,0 mill. kroner.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3005, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

291 844

245 160

258 000

Sum kap. 0006

291 844

245 160

258 000

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker stasjonering, leige, drift og forvaltning av to tenestehelikopter og tenestefartøy. Vidare dekker posten kjøp, drift og forvaltning av køyretøy (beltevogn, bilar, snøskuterar m.m.) som er nødvendig for å gjennomføre oppdraget til Sysselmeisteren, bl.a. vakt, beredskap, redning og nærvær. Dei samla transportmidla til Sysselmeisteren er nødvendige for å kunne drive oppsyn og utøve mynde, for ei effektiv politi- og redningsteneste og for ambulanse- og sjuketransport, òg utanfor Svalbard sitt territorialfarvatn. Transportmidla blir vidare nytta til naturoppsyn og arbeid for å førebyggje miljøkriminalitet. Transportmidla utgjer saman med Kystvakta den statlege beredskapen på Svalbard.

Sysselmeisteren disponerer det innleigde tenestefartøyet MS «Polarsyssel». Fartøyet er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng bl.a. ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp og personskadar. I tillegg blir fartøyet nytta i dei årlege inspeksjonane av Svalbard. «Polarsyssel» har helikopterdekk som er tilpassa helikopteret til Sysselmeisteren. I 2022 har Sysselmeisteren lånt ut «Polarsyssel» til UNIS og Norsk Polarinstitutt ved fleire høve. Utlån har skjedd når det har vore ledig kapasitet og ikkje har gått ut over dei oppgåvene som Sysselmeisteren har. «Polarsyssel» hadde 181 seglingsdøgn i 2022, samanlikna med 204 i 2021. Tenestefartøyet har blitt nytta i fleire særskilde oppdrag i løpet av året, bl.a. vart det gjennomført fleire turistinspeksjonstokt.

Sysselmeisteren er ansvarleg for kontraktoppfølging av avtalen om leige av «Polarsyssel». Avtaleperioden er 2014–2024, med moglegheit til å utløyse ein opsjon ut 2025. Den årlege kostnaden for fartøyet er 64 mill. kroner, inklusiv kostnader for mannskap, eksklusiv drivstoff. Justis- og beredskapsdepartementet fekk i 2022 ei konseptvalutgreiing om ei framtidig løysing for Sysselmeisteren sitt tenestefartøy på Svalbard.

Regjeringa foreslår at Stortinget sluttar seg til at Justis- og beredskapsdepartementet frå 2026 kan forplikte seg til auka utgifter på kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskudd, til bruk i samanheng med ny avtale om leige av tenestefartøy for Sysselmeisteren frå 2026. Samla årlege forpliktingar og utbetalingar kan ikkje overskride 81,7 mill. 2024-kroner, og skal være avgrensa fram til og med 2030. Samla ramme er 408,5 mill. kroner.

Sjå òg forslag til romartalsvedtak i Prop. 1 S (2023–2024) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Sysselmeisteren disponerer to innleigde AWSAR Super Puma redningshelikopter. Helikoptera blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i nød innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar.

Utgiftene til helikopter var i 2022 150,9 mill. kroner, samanlikna med 146,4 mill. kroner i 2021. I 2021 inngjekk Justis- og beredskapsdepartementet kontrakt med CHC Helikopter Service AS om drifta av ein ny sivil redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren. Ansvaret for drifta av Svalbard-basen vart overteke av CHC Helikopter Service AS 1. april 2022. Sysselmeisteren er ansvarleg for kontraktoppfølging av avtalen. Avtalen varer i seks år, med opsjonar for forlenging på inntil fire år. Sjå elles kap. 454, post 01 og post 45 i Prop. 1 S (2022–2023) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Kostnaden for drivstoff for Sysselmeisteren sitt tenestefartøy og Sysselmeisteren sine helikopter har auka. Sysselmeisteren har måtte avpasse drifta innanfor gjeldande budsjett når det gjeld bruk av desse transportressursane. Sysselmeisteren vil i 2024 prioritere bruk av helikoptera og tenestefartøyet til beredskap, søk og redning.

Det er foreslått ei løyving på posten på 258,0 mill. kroner.

Kap. 3006 Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 0006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Leieinntekter fra private

0

0

0

02

Refusjon fra det offentlige

1 751

500

500

Sum kap. 3006

1 751

500

500

Kapittelet samsvarer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmeisteren disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester skal Sysselmeisteren ha inntektene og refusjonane dersom desse transportmidla blir nytta av andre.

Post 01 Leieinntekter fra private

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til private.

Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.

Post 02 Refusjoner fra det offentlige

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til offentlege aktørar.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 0,5 mill. kroner.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0006, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3006, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

30

Skred- og boligtiltak, kan overføres

41 950

36 100

38 200

70

Diverse tilskudd

1 021

0

0

Sum kap. 0007

42 970

36 100

38 200

Post 30 Skred- og boligtiltak, kan overføres

Løyvinga på posten skal nyttast til skredsikringstiltak i Longyearbyen. Sjå punkt 2.2.2.2 for omtale av skred og flaum og sikringstiltak på Svalbard.

Skredsikring i Lia under fjellet Sukkertoppen

Sikringstiltaka består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. Arbeidet vart starta opp i 2019 og avslutta i 2023. Det har blitt løyvd til saman 170 mill. kroner til sikringstiltaka, som NVE har hatt ansvaret for å gjennomføre.

Sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen

Sikringstiltak mot sørpeskred i Vannledningsdalen omfattar å byggje skrednett og erosjonssikra leievoll ved elva. Tiltaket utgjer det avsluttande leddet i sikringsarbeidet for sentrum av Longyearbyen. Samla kostnad for sikringstiltaket er rekna til 90 mill. kroner, som svarer til den samla løyvinga frå Stortinget. Det vart nytta 10 mill. kroner til sikringstiltaket i 2022. I saldert budsjett 2023 vart det løyvd 35 mill. kroner til sikringstiltaket, og i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 vart løyvinga for 2023 auka til 45 mill. kroner. NVE har ei bestillingsfullmakt på 35 mill. kroner som gjer det mogleg for NVE å inngå kontraktar for heile prosjektet. Dei resterande 35 mill. kronene av kostnadene til prosjektet er venta å bli nytta i 2024.

Regjeringa foreslår å løyve midlar til den avsluttande delen av sikringstiltaket i 2024. NVE har ansvaret for å gjennomføre sikringstiltaket.

Lokal snøskredvarsling

Det er lokal snøskredvarsling (skredbanevarsling) i Longyearbyen. NVE og Longyearbyen lokalstyre har saman ansvaret for den lokale skredbanevarslinga. Lokal skredbanevurdering av utsette område er eit viktig risikoreduserande tiltak fram til dei mest skredutsette områda er sikra med permanente tiltak.

Oppsummering

Det blir foreslått ei løyving på posten på 38,2 mill. kroner, med stikkordet «kan overførast». Løyvinga vil kunne nyttast av Olje- og energidepartementet gjennom ei belastningsfullmakt.

Post 70 Diverse tilskudd

Løyvinga på post 70 har tidlegare blitt nytta til bl.a. å kjøpe tenester frå Telenor for å sikre telekomtenester på Svalbard. Kontrakten er sagd opp frå 1. januar 2023.

Sjå punkt 2.2.2.1 for nærmare omtale av oppgraderinga av reservesatellittsambandet mellom Svalbard og fastlandet.

Det er ikkje foreslått løyving på posten.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

2 310

2 260

2 400

Sum kap. 0009

2 310

2 260

2 400

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke utgiftene Sysselmeisteren har til konkrete kulturminnetiltak. Midlane skal nyttast til arbeidet som er omtalt i kulturminneplanen for Svalbard 2013–2023, bl.a. arkeologiske registreringar og undersøkingar i felt, vedlikehald av bygg, avdekking av nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald og haldningsskapande informasjonsarbeid i form av ein serie med informasjonshefte m.m.

Lønn til tilsette hos Sysselmeisteren på kulturminnefeltet blir løyvd på kap. 0005 på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,4 mill. kroner.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Diverse inntekter

0

0

0

Sum kap. 3009

0

0

0

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten dekker inntekter frå refusjonar av kostnader ved registrering av kulturminne.

Kapittelet samsvarer med kap. 0009. Det har ikkje vore inntekt på posten i 2022.

Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3009, post 01, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

2 205

2 240

2 450

Sum kap. 0011

2 205

2 240

2 450

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal finansiere drift av eit eige kontor for Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Longyearbyen.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet har eige kontor, ei bergmeisterstilling og ei stilling knytt til Svalbard. Direktoratet vil prioritere saksbehandling og tilsyn i 2024. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at ressurs- og miljøaspekt òg blir tekne omsyn til.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,5 mill. kroner.

Kap. 0017 Norsk Polarinstitutt – refusjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Refusjon

3 800

3 900

4 100

Sum kap. 0017

3 800

3 900

4 100

Post 50 Refusjon

Løyvinga på posten skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmeisteren og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt er omtalt under kap. 1471 i Prop. 1 S (2023–2024) for Klima- og miljødepartementet.

Sjå punkt 4.5.3 for nærmare omtale av Norsk Polarinstitutt.

Det er foreslått ei løyving på posten på 4,1 mill. kroner.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Drift og vedlikehold

2 272

3 940

4 100

30

Nyanlegg og større vedlikehold, aerolykter og maritime fyr

400

400

400

Sum kap. 0018

2 672

4 340

4 500

Fagansvaret for arbeidet med kystforvaltninga vart 1. januar 2022 overført frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Post 01 Drift og vedlikehold

Løyvinga på posten skal bl.a. dekke utgifter til lønn, maskiner og helikopter i samband med vedlikehald og utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er etablerte for sjøtrafikk. Løyvinga hadde ei mindreutgift i 2022, i hovudsak som følgje av at dårlege vêrforhold hindra planlagd helikoptertransport, og som følgje av ei forseinka fakturering som vart utsett til 2023. Det er foreslått ei løyving på posten på 4,1 mill. kroner.

Post 30 Nyanlegg og større vedlikehold, aerolykter og maritime fyr

Løyvinga på posten skal gå til større vedlikehald og etablering av nye merke. Det er foreslått ei løyving på posten på 400 000 kroner.

Kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleie Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

7 516

7 782

8 100

Sum kap. 0019

7 516

7 782

8 100

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke utgiftene Meteorologisk institutt har til husleige for bygningane på Bjørnøya og Hopen.

Driftskostnadene utanom husleige for dei meteorologiske stasjonane er finansierte på budsjettet til Klima- og miljødepartementet, kap. 1412, post 50.

Det er foreslått ei løyving på posten på 8,1 mill. kroner.

Kap. 0020 Statsbygg Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

2 306

2 340

2 400

Sum kap. 0020

2 306

2 340

2 400

Post 01 Driftsutgifter

Forslaget til løyving skal dekke delar av lønns- og driftskostnadene for Statsbygg sitt kontor i Longyearbyen1.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,4 mill. kroner.

Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

6 135

6 210

6 571

Sum kap. 0022

6 135

6 210

6 571

Post 01 Driftsutgifter

Skatteetaten og -kontoret er underlagde Finansdepartementet. Løyvinga skal nyttast til å drive Svalbard skattekontor i Longyearbyen. Budsjettløyvinga skal òg dekke utgifter til Skatteklagenemnda for Svalbard og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatteetaten.

Svalbard skattekontor har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, føre kontroll med personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder, administrere registeret over befolkninga på Svalbard, refundere innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande og rekne ut kolavgift.

Dei særskilde skattereglane for Svalbard er heimla i svalbardskattelova. Dei årlege skattesatsane er heimla i Forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2024, romartal II.

Det er foreslått ei løyving på posten på 6,6 mill. kroner.

Det er foreslått at Finansdepartementet kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3022, post 01. Sjå omtale under kap. 3030.

Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Diverse inntekter

540

270

0

Sum kap. 3022

540

270

0

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten omfattar avtalt refusjon frå Svalbards miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskapen for fondet.

Skattekontoret på Svalbard har ein avtale med Sysselmeisteren på Svalbard om å administrere refusjonar av miljøavgift på flybillettar frå Svalbards miljøvernfond. Avtalen varer ut 2023, og det er derfor ikkje foreslått inntektsløyving på posten i 2024.

Det er foreslått at Finansdepartementet kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Skatter m.m.

225 027

200 000

200 000

71

Utførselsavgift

1 193

500

800

72

Utmålsgebyr, årsavgift

834

900

773

Sum kap. 3030

227 054

201 400

201 573

Post 70 Skatter m.m.

Inntektsframlegget på posten omfattar venta skatteinntekter frå Svalbard for 2024.

Anslaget er basert på innbetalte skattar i skatterekneskapen for 2022 og venta fastsetjing for inntektsåret 2023. Prognosen for 2024 er på om lag same nivå som i 2023, så langt det ikkje skjer vesentlege endringar ved større enkelthendingar.

Skatteinngangen på Svalbard for 2024 er usikker. Dei siste åra har det vist seg at endringar hos enkeltskattytarar og verksemder kan føre til vesentlege endringar i skatteinntektene.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 200,0 mill. kroner.

Post 71 Utførselsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå utførselsavgift som er kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengige av kor mykje kol som blir skipa ut, og av kolprisen på verdsmarknaden. Det har vore store endringar i produksjonsvolumet på Svalbard dei seinare åra. I åra etter 2017 har produksjonen vore fallande. Kolprisen har gjennom 2022 og 2023 stige, og eksport av kol har auka noko. Ein legg til grunn at dette skuldast krigen i Ukraina. Anslaga er usikre.

To aktørar betaler utførselsavgift. Overslaget for utførselsavgifta er uvisst på grunn av uvisse kolprisar, uvisse marknader og raske og kraftige endringar i valutakursar. Ut frå dette legg ein til grunn det same inntektsnivået for utførselsavgift som i 2023.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 800 000 kroner.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i bergverksordninga.

Utmål er eit avgrensa område der innehavaren av utmålet for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Bergverksordninga, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925, heimlar avgift ved krav om og vidareføring av utmål. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner. For utmål i freda område er avgifta 1 500 kroner i året per utmål.

I 2022 vart det ikkje tildelt nye utmål. Ved inngangen til 2023 var det 366 gyldige utmål på Svalbard, ein reduksjon på eit utmål frå 2022. 26 utmål fell i det fri ved utgangen av 2023. Som følgje av dette er det forventa at inntekta frå utmålsavgifter for 2024 vil bli redusert med 55 500 kroner. Det er ikkje meldt inn nye utmål hittil i 2023. Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 772 500 kroner.

Kap. 3035 Tilskudd fra statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Tilskudd

391 268

376 407

406 548

Sum kap. 3035

391 268

376 407

406 548

Post 50 Tilskudd

Posten er tilskotet som Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å løyve på budsjettet sitt, Prop. 1 S (2023–2024), kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskudd. Løyvinga skal svare til, og dermed dekke, underskotet på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 406,5 mill. kroner.

Fotnotar

1.

Husleige for Statsbygg sine tilsette på Svalbard utgjer omlag 1 460 000 kroner. Desse kostnadene inngår ikkje i budsjettet på kap. 0020.

Til forsida