Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 1800, 1810, 1820, 1825, 1850 og 1860 Inntektskapittel: 4800, 4810, 4820, 4860, 5582 og 5680

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særskilde tema

5 Prosjekt under utbygging på norsk kontinentalsokkel

Før utbygging, drift og transport kan skje på norsk kontinentalsokkel, må det leverast inn plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) til godkjenning hos myndigheitene. Det er dei ulike rettshavargruppene som har ansvaret for å utarbeide ein utbyggingsplan og for å gjennomføre utbygginga i samsvar med den godkjende planen.

I dette kapittelet følger ein omtale av utviklinga for dei prosjekta som har fått utbyggingsplan godkjend av myndigheitene, men som framleis er under utbygging, og dei prosjekta som har komme i produksjon etter rapporteringa i Prop. 1 S (2022–2023) frå Olje- og energidepartementet i fjor.

Per 1. september var det 26 utbyggingsprosjekt eller feltutbyggingar på norsk kontinentalsokkel med ein utbyggingsplan godkjend av departementet i gang. 14 av prosjekta er i Nordsjøen, ti er i Norskehavet, og to er i Barentshavet. Seks utbyggingsprosjekt er ferdigstilte og sette i produksjon etter 1. august 2022: Njord Future, Bauge, Fenja, Johan Sverdrup Byggetrinn II, Frosk og Hywind Tampen.

Departementet har som bakgrunn for omtalen av prosjekta under henta inn oppdaterte opplysningar per september 2023 frå operatørselskapa for dei ulike prosjekta. Utbyggingsplanane for Yggdrasil, Tyrving, Irpa, Verdande, Dvalin Nord, Symra, Ørn, Idun Nord, Alve Nord, Berling, Valhall/Fenris, Snøhvit Future og Maria fase 2, er nyleg godkjende av Olje- og energidepartementet. For desse prosjekta er det ikkje innhenta oppdaterte kostnadsanslag.

Olje- og gassnæringa er ein syklisk og global industri. Utbyggingar på norsk kontinentalsokkel er store og komplekse prosjekt, og omfattar fleire ulike aktivitetar. Desse aktivitetane går føre seg på ulike geografiske stader, noko som krev utstrekt kommunikasjon og godt samarbeid mellom dei ulike aktørane. Eit vellykka resultat er for eksempel avhengig av at dei involverte ferdigstiller sine leveransar til rett tid. At næringa er syklisk, aukar kompleksiteten ved at det påverkar tilgangen på varer og tenester av god kvalitet. God planlegging og god styring av gjennomføringa er nødvendig for å lykkast.

Koronapandemien og smitteverntiltak heime og ute skapte utfordringar for fleire av dei pågåande utbyggingsprosjekta på kontinentalsokkelen og har for fleire ført til forseinkingar og auka kostnader.

Utviklinga i råvare- og tenesteprisar nasjonalt og internasjonalt har betydeleg verknad på utbyggingskostnadene.

Dei siste åra har krona svekt seg. Målt i norske kroner har derfor dei delane av prosjektet der kostnadene har vore i utanlandsk valuta auka. Dette utgjer ein betydeleg auke i investeringsanslaget for fleire prosjekt.

Status for utbyggingsprosjekta

På investeringstidspunktet er det svært usikkert kor store kostnader og investeringar eit prosjekt faktisk vil medføre. Derfor har kostnadsanslaga i PUD/PAD eit usikkerheitsspenn på +/- 20 prosent. Erfaring tilseier at dei fleste utbyggingane på norsk sokkel endar innanfor usikkerheitsspennet i PUD/PAD.

Eit høgare investeringsnivå enn anslått i utbyggingsplanen er ikkje nødvendigvis negativt for lønnsemda i eit prosjekt. Dersom dei auka investeringane gir høgare inntekter, kan det medverke til større verdiskaping for prosjektet.

Ei oversikt over forskjellen mellom investeringsanslaga til operatørane på tidspunktet for innlevering av den aktuelle utbyggingsplanen, anslaga deira per september 2023 og endringa i investeringsanslaga sidan fjorårets rapportering i Prop. 1 S (2022–2023) frå Olje- og energidepartementet går fram av tabell 5.1 og 5.2.

Samla sett har prosjekta som er under utbygging no, anslåtte investeringar på om lag 494 mrd. 2023-kroner, mot 451 mrd. 2023-kroner på PUD/PAD-tidspunktet. Dette utgjer ein auke på om lag 10 prosent. Tilsvarande har prosjekta som er sette i produksjon det siste året, oppdaterte investeringar på om lag 113 mrd. 2023-kroner, mot om lag 94 mrd. 2023-kroner på PUD/PAD-tidspunktet. Dette utgjer ein auke på om lag 20 prosent.

28 av dei 32 prosjekta som no er under utbygging eller har komme i produksjon etter rapporteringa i fjor, har kostnadsanslag som er innanfor usikkerheitsspennet frå utbyggingsplanen. Prosjekta Johan Castberg, Njord Future, Balder Future og Hywind Tampen ligg på oversida av usikkerheitsspennet.

Basert på innrapporteringa har departementet berekna verdien av å føre vidare prosjekta og internrenta for den samla prosjektporteføljen. I berekningane er Olje- og energidepartementet sine eigne prisanslag for olje og gass lagt til grunn.1

Verdien av å føre vidare prosjektporteføljen er berekna ut frå noverdien av dei framtidige forventa kontantstraumane frå prosjekta. Historiske kontantstraumar blir da ikkje tatt med da dei ikkje kan påverkast. Samla har prosjekta ein berekna noverdi framover på om lag 1 600 mrd. kroner med 7 prosent kalkulasjonsrente reelt før skatt, og om lag 1 900 mrd. kroner med 4 prosent kalkulasjonsrente.

Internrenta er eit prosentmål på avkastning for ei investering. Dei historiske kontantstraumane er kjende, medan dei framtidige er anslått basert på oppdaterte forventningar frå operatørane. Internrenta til den samla porteføljen av prosjekt under utbygging frå tidspunktet utbyggingsplanane blei levert er berekna til om lag 34 prosent.

Tabell 5.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging godkjende 1. september 2023

(i mrd. 2023-kroner)

PUD/PAD- godkjend

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring frå i fjor

Totalendring

Totalendring i prosent

Johan Castberg

2018

57,7

80,3

13,0

22,6

39

Balder Future

2020

22,6

44,5

3,4

22,0

97

Breidablikk

2021

21,4

21,4

0,3

-

-

Kristin Sør

2022

7,5

7,6

0,5

0,2

2

Kobra East and Gekko

2022

8,8

8,3

-0,7

-0,5

-6

Tommeliten A

2022

13,9

12,7

-0,8

-1,1

-8

Ormen Lange fase 3

2022

13,0

12,1

-0,6

-0,9

-7

Oseberg OGP

2022

11,2

12,4

-

1,2

11

Eldisk Nord

2022

11,3

12,2

-

0,9

8

Gina Krog – alternativ eksportløysing

2022

1,3

1,3

-

-

-

Halten Øst

2023

9,3

9,2

-

-0,1

-1

Tyrving

2023

6,5

6,5

-

-

-

Yggdrasil

2023

120,8

120,8

-

-

-

Valhall/Fenris

2023

52,9

52,9

-

-

-

Symra

2023

9,6

9,6

-

-

-

Irpa

2023

15,6

15,6

-

-

-

Verdande

2023

5,0

5,0

-

-

-

Alve Nord

2023

6,6

6,6

-

-

-

Idun Nord

2023

4,0

4,0

-

-

-

Ørn

2023

6,8

6,8

-

-

-

Maria fase 2

2023

4,3

4,3

-

-

-

Dvalin Nord

2023

7,9

7,9

-

-

-

Berling

2023

9,5

9,5

-

-

-

Snøhvit Future

2023

13,8

13,8

-

-

-

Sleipner Kraft fra land

2021

1,0

1,1

0,2

0,1

14

Troll Vest Elektrifisering

2021

8,7

7,7

-0,1

-1,0

-12

Sum

451,0

494,1

15,2

43,2

10

Berekningane er gjort ut frå tal som ikkje er avrunda til nærmaste desimal.

Tabell 5.2 Investeringsanslag, prosjekt som er ferdigstilte etter 1. august 2022

(i mrd. 2023-kroner)

PUD/PAD- godkjend

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring frå i fjor

Totalendring

Totalendring i prosent

Njord Future

2017

18,4

33,2

-0,1

14,8

80

Bauge

2017

4,8

4,6

0

-0,2

-5

Fenja

2018

12,5

12,6

-0,3

0,2

1

Sverdrup Byggetrinn II

2019

50,3

52,2

0,9

1,9

4

Frosk

2022

2,3

2,0

-0,2

-0,2

-10

Hywind Tampen

2020

5,5

8,0

0,9

2,4

44

Sum

93,8

112,6

1,2

18,9

20

Berekningane er gjort ut frå tal som ikkje er avrunda til nærmaste desimal.

Nærmare omtale av enkeltprosjekt

Under følger ein nærmare omtale av prosjekta som no har eit investeringsanslag eller realiserte investeringar utanfor usikkerheitsspennet i utbyggingsplanen på +/- 20 prosent.

Johan Castberg

Johan Castberg-feltet blir bygd ut med eit havbotnanlegg knytt til eit flytande produksjonsskip (FPSO). Utbygginga hadde i fleire år ei positiv kostnadsutvikling, fram til prosjektet blei ramma av koronapandemien. Pandemien ramma spesielt bygginga av produksjonsskipet svært hardt. Smitteverntiltak og redusert tilgang på arbeidskraft ga utfordringar med framdrifta og førte til forseinka leveransar frå verft i Singapore og Noreg. I tillegg har prosjektet hatt utfordringar med kvalitetsavvik på sveising. Auken i kostnader relatert til produksjonsskipet blei dels motverka av ei positiv kostnadsutvikling på havbotnanlegg, boring og komplettering.

Produksjonsskipet ligg no på Stord for integrasjonsarbeid og ferdigstilling. Arbeidsomfanget har vist seg å vere betydeleg større enn planlagt. Dette gir fleire arbeidstimar og kostnadsauke. Dette er hovudårsaka til at investeringsanslaget sidan innrapporteringa i fjor har auka med 13 mrd. 2023-kroner. I tillegg er det auka kostnader for boring og komplettering, i hovudsak på grunn av marknadsutviklinga sidan i fjor.

Sidan PUD blei godkjend i juni 2018, har dei estimerte kostnadene auka med 15,5 mrd. 2023-kroner. Det er i tillegg estimert eit valutatap på 7,1 mrd. 2023-kroner på grunn av ei svekt norsk krone. Netto auke frå PUD, inkludert valutatap, er no på 22,6 mrd. 2023-kroner, ein kostnadsauke på om lag 39 prosent sidan PUD. Produksjonsstart for Johan Castberg er venta i fjerde kvartal 2024.

Balder Future

Balder Future-prosjektet inneber at produksjons- og lagerskipet Jotun FPSO gjennomgår ei oppgradering og forlenging av levetida før det blir plassert ut sentralt mellom Balder- og Ringhornefelta i Nordsjøen. Prosjektet er ein del av ein større områdeutviklingsplan.

Sidan godkjenning har prosjektet hatt betydelege utfordringar knytte til koronapandemien som har påverka utstyrsleveransar og tilgjengeleg bemanning på verftet i Stavanger, noko som igjen har påverka framdrifta av prosjektet. I tillegg har arbeidsomfanget blitt meir omfattande særleg knytt til produksjons- og lagerskipet. Innleiingsvis var det og tekniske utfordringar knytte til boreprogrammet. Stramme marknader og forstyrringar i verdikjedene, forsterka av krigen i Ukraina, har samtidig gitt kostnadsinflasjon for varer og tenester som har påverka prosjektet. Sidan utbyggingsplanen blei levert har investeringsanslaget auka med 22 mrd. 2023-kroner, noko som svarer til ein auke på om lag 97 prosent.

Sidan innrapporteringa i fjor har investeringsanslaget auka med 3,4 mrd. 2023-kroner, som svarar til ei auking på om lag 8 prosent. Dette kjem i hovudsak av investering i tiltak for å gjere prosjektplanen meir robust. På boring har prosjektet iverksett ny teknologi som ein forventar vil gi ein positiv effekt på framdrift og ferdigstilling i siste fase av prosjektet. For oppkoplingsfasen av Jotun FPSO-en er det bestemt at det skal takast i bruk flotell, og i tillegg framskynding av undervassinstallasjonskampanjar for å redusere talet på samtidige operasjonar på feltet. Planlagd oppstart er framleis tredje kvartal 2024.

Hywind Tampen

Hywind Tampen er verdas største flytande vindpark og den einaste vindparken i verda som forsyner olje- og gassinstallasjonar med straum. Vindparken har elleve turbinar, oppgraderte frå 8 til 8,6 MW sidan utbyggingsplanen blei levert. Alle turbinane er i drift per august 2023. Det blir produsert for fullt til Gullfaks (fem turbinar), medan ferdigstilling og testing av kraftstyringssystemet på Snorre (seks turbinar) pågår. Det er forventa at vindkraft er fullt integrert med plattformene i løpet av oktober 2023.

Sidan PUD har investeringsestimatet auka med 2,4 mrd. 2023-kroner på grunn av forseinkingar i leveransen av straumkabel og kvalitetsavvik i stålplater til tårnseksjonar, i tillegg til marknadseffektar. Det er også auka kostnader knytte til topside-modifikasjonar på Snorre- og Gullfaksfeltet og eit estimert valutatap på 0,4 mrd. 2023-kroner på grunn av ei svekt norsk krone.

Sidan rapporteringa i fjor har investeringsestimatet auka med 0,9 mrd. 2023-kroner som følge av behov for marine operasjonar i 2023 med tilhøyrande auka personalkostnader i tillegg til auka valutaeffektar.

Njord Future

Njord Future-utbygginga var ei stor oppgradering av plattforma Njord A og lagerskipet Njord Bravo, som har vore i bruk på feltet sidan oppstarten i 1997. Prosjektet gjorde det også mogleg å samtidig bygge ut Bauge- og Fenja-felta, som er kopla til Njord A.

Sidan utbyggingsplanen blei levert har investeringsanslaget auka med 14,8 mrd. 2023-kroner, eller 80 prosent. Årsaka er vekst i arbeidsomfang og pandemien. Omfattande utskiftingar på begge installasjonane med tilhøyrande prosjektering har vore nødvendige og meir omfattande enn venta. På begge installasjonane har det også vore nødvendig med endringsarbeid i område der det ikkje var planlagt, noko som har påverka produktiviteten til kontraktoren negativt. Smitteverntiltak og restriksjonar har ramma prosjektet. Det har i periodar vore stor mangel på arbeidskraft som følge av innreiserestriksjonar til Noreg. Dette har påverka produktiviteten, ført til auka kostnader og forlengd prosjektgjennomføring, noko som igjen gav utsatt produksjonsstart.

6 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljømåla. Sektormyndigheitene har ansvar for å sette i verk tiltak på sine eigne område. Fagproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet inneheld ein samla omtale av klima- og miljørelevante saker.

Noreg har ein omfattande vasskraftproduksjon og er ein viktig leverandør av olje og gass til den globale marknaden.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleumsverksemda. Ei rekke reguleringar medverkar til at det blir tatt omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda. Brenning av assosiert gass har aldri vore akseptert. Petroleumssektoren har betalt CO2-avgift sidan 1991 og vore ein del av det europeiske kvotesystemet sidan 2008. Dette gjer utsleppsreduserende tiltak fra petroleumsproduksjonen meir lønnsame for selskapa enn i andre industriar. Som følge av dette skjer produksjonen av olje og gass i gjennomsnitt med låge utslepp i global samanheng.

Ettersom utsleppa frå olje- og gassverksemda på norsk sokkel er underlagde det europeiske kvotesystemet, vil oljeselskapa på norsk sokkel, på lik linje med bedrifter i EU, medverke til å redusere dei kvotepliktige utsleppa fram mot 2030. I tillegg har næringa ambisiøse mål for utsleppskutt fram mot 2030 og vidare mot 2050. Regjeringa vil i samarbeid med næringa jobbe for at utsleppa frå olje- og gassproduksjonen blir kutta med 50 prosent innan 2030 og til netto null i 2050. Det er såleis på plass ambisiøse mål og ein sterk verkemiddelbruk for å redusere utsleppa frå olje- og gassproduksjon i Noreg. Regjeringa vil føre vidare kvoteplikt og CO2-avgift som hovudverkemiddel i klimapolitikken på norsk sokkel. Med utgangspunkt i dagens avgiftsnivå og gjennomsnittleg kvotepris så langt i år, har den samla prisen på CO2-utslepp i 2023 vore på om lag 1 760 kroner per tonn CO2.

Dei same faktorane som førebygger personskadar og storulykker, vil ofte også kunne bidra til å førebygge ulykker som kan føre til forureining knytt til petroleumsverksemda. Ulykker kan ramme både menneske, miljø og materielle verdiar, og det er dei same førebyggingsmekanismane som kan hindre ulykker, uavhengig av kva eller kven som kan bli ramma. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som er ansvarlege for at krava til helse, miljø, sikkerheit og sikring blir følgde opp. Førebygging av ulykker og uønskte hendingar som kan føre til forureining frå petroleumsverksemda, utgjer eit viktig bidrag i arbeidet med klima og i det å vareta miljøomsyn.

Eit viktig mål i energipolitikken er å sikre ein god, langsiktig og berekraftig forvaltning av våre fornybare ressursar. For å styrke utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi, er det viktig å ha langsiktige og stabile rammevilkår.

Fleire verkemiddel bidrar i utviklinga av energisystema for framtida og lågutsleppssamfunnet, først og fremst miljøavgifter, direkte reguleringar og støtteordningar.

Regjeringa vil fremme ein effektiv, klima- og miljøvennleg og sikker energiproduksjon og sikre ei berekraftig forvaltning av naturen. Det er viktig at utbygginga av fornybar kraft skjer utan at store verdiar knytte til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt.

I Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, klargjer regjeringa ambisjonane og prioriteringane sine i energipolitikken. Regjeringa vil føre ein energipolitikk som bidrar til auka verdiskaping og innfrir Noregs internasjonale klimaforpliktingar. Regjeringa vil utvikle norsk petroleumsnæring. Regjeringa ønsker eit stabilt aktivitetsnivå på norsk sokkel, med auka innslag av nye næringar knytte til CO2-handtering, hydrogen, havvind, havbruk og mineralutvinning. I tilleggsmeldinga presenterer regjeringa korleis ho vil satse på nye, grøne næringar, som hydrogen, havvind, CO2-handtering og ei framtidsretta olje- og gassnæring med låge utslepp. Dette blir no følgt opp. Regjeringa har følgt opp tilleggsmeldinga langs fleire spor. Mellom anna har regjeringa fremma ein proposisjon for Stortinget med forslag til støtteordning for første fase av Sørlege Nordsjø II, jf. Prop. 93 S (2022–2023) Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II og Innst. 496 S (2022–2023).

I Stortingets behandling av Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen er det stadfesta fleire tiltak for å stramme inn behandlinga av vindkraftkonsesjonar, mellom anna at det skal leggast større vekt på omsynet til miljø og landskap ved utbygging av vindkraft på land. Kunnskapsgrunnlaget om miljø og andre samfunnsinteresser er oppdatert i eit samarbeid mellom ulike statlege etatar. I juni 2023 slutta Stortinget seg til regjeringas forslag om endringar i energilova og plan- og bygningslova knytte til vindkraft på land, jf. Prop. 111 L (2022–2023) og Innst. 483 L (2022–2023). Det skal framover vere ei overordna kommunal områderegulering før eit konsesjonsvedtak blir gitt. Dette skal gi betre lokal forankring og styrke kommunane si rolle i prosessen når det gjeld vindkraft på land.

Regjeringa har sett i gang ei storstilt satsing på havvind i Noreg. Konkurranse om dei første prosjektområda i Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II blei lyst ut i første kvartal 2023. Noregs vassdrags- og energidirektorat har saman med ei breitt samansett direktoratsgruppe identifisert nye område som kan eigne seg for havvind. Det skal etter havenergilova gjennomførast ei konsekvensutgreiing av områda før ei eventuell opning. Neste runde med utlysing av prosjektområde er planlagd i 2025.

Forsking og utvikling er viktig for å nå dei nasjonale klima- og miljømåla. Satsinga frå regjeringas side gir ny kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren som blir brukt til å utvikle teknologi og løysingar som reduserer naturinngrep og utslepp av klimagassar.

Regjeringa satsar breitt på å utvikle ein kostnadseffektiv teknologi for fangst, transport og lagring av CO2. Stortinget vedtok hausten 2020 å gjennomføre Langskip i tråd med Meld. St. 33 (2019–2020) og Prop. 1 S (2020–2021) frå Olje- og energidepartementet. Lagerprosjektet til Northern Lights er i rute til ferdigstilling hausten 2024. Fangstprosjektet til Heidelberg Materials i Brevik (tidlegare Norcem) ligg an til oppstart våren 2025. Prosjektet til Hafslund Oslo Celsio er sett på vent for å redusere kostnadene. Arbeidet med å fremme CO2-handtering som eit klimatiltak internasjonalt held fram. Departementet vil legge fram ei utgreiing om verkemiddel for CO2-handtering ved avfallsforbrenning og i industrien. Målet med utgreiinga er å få eit betre kunnskapsgrunnlag om verkemiddel som kan legge til rette for CO2-handtering ved avfallsforbrenning og i industrien. Utgreiinga vil ta for seg heile CO2-handteringskjeda.

Regjeringa vil legge til rette for kommersiell og samfunnsøkonomisk lønnsam lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel gjennom å tildele lagringsareal til selskap med konkrete industrielle planar som gjer at dei har lagringsbehov, ved å behandle relevante søknader om utbyggingar under lagringsforskrifta raskt og effektivt og ved å halde fram med å fremme CO2-handtering som eit viktig bidrag til å redusere klimagassutsleppa i verda.

Hydrogen kan vere ein låg- eller utsleppsfri energiberar når det blir produsert frå naturgass med CO2-handtering eller ved elektrolyse av vatn med fornybar kraft. Derfor kan hydrogen spele ei sentral rolle i å redusere klimagassutslepp, særleg på område der direkte elektrifisering og bruk av batteri er vanskeleg. Noreg har i utgangspunktet gode føresetnader for å ta del i ein eventuell framtidig hydrogenmarknad, med eit sterkt næringsliv og gode forskings- og teknologimiljø. Hydrogen kan dermed på sikt skape verdiar for norsk næringsliv. Regjeringa har lagt fram politikken sin for dette i Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser. Olje- og energidepartementet mottok i mai 2023 ei heilskapleg utgreiing av verdikjeder for hydrogen, gjennomført av Oslo Economics, Sintef og Greensight. Utgreiinga viser kva som er avvegingane dersom Noreg skal ta ein posisjon i ein framtidig hydrogenmarknad. Dette vil vere ein viktig del av det faglege grunnlaget for korleis staten best kan medverke til oppbygginga av økonomisk berekraftige verdikjeder for hydrogen, mellom anna gjennom det offentlege verkemiddelapparatet. I perioden 2020–2022 blei det løyvd om lag 4,7 mrd. kroner til hydrogenprosjekt gjennom Enova, Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg. Trass i betydeleg offentleg støtte har det for mange av desse prosjekta vore krevjande å ta ei investeringsavgjerd slik at dei kan realiserast. Årsaka er mellom anna høge kostnader og stor usikkerheit om den framtidige marknaden for hydrogen. Regjeringa tar sikte på at norske aktørar så raskt som mogleg vil kunne delta i utlysingar under EUs hydrogenbank. Dette vil kunne medverke til arbeidet med regjeringas ambisjon om å utvikle samanhengande verdikjeder for hydrogen produsert med låge eller ingen utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt.

6.1 Klima- og miljøutfordringar

Olje- og gassutvinning fører til utslepp til luft og til sjø. Utbygging av vasskraft, vindkraft og kraftleidningar legg beslag på areal og fører med seg inngrep i natur- og kulturmiljø.

Utslepp til luft

Stasjonær forbrenning, inklusiv olje- og gassutvinning, står for utslepp til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), metan (CH4), svoveldioksid (SO2), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).

Noreg skil seg frå andre land ved at størstedelen av det innanlandske stasjonære energiforbruket er dekt av elektrisitet og den innanlandske elektrisitetsproduksjonen er basert på vasskraft og vindkraft. Elektrisitet frå fornybare kjelder bidrar til låge luftutslepp frå den innanlandske stasjonære energibruken. Det inneber også at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Utsleppa frå innanlandsk energiforsyning (medrekna utslepp frå brenning av avfall der varmen blir utnytta til energiformål) og energi brukt til oppvarming i andre næringar og hushaldningar var ifølge SSB på 2,0 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2022.

Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere mykje frå år til år som følge av variasjonar i tilsig og temperatur. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil bruken av alternative energiberarar, som fyringsolje, gass og biomasse, normalt auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå stasjonær energibruk på fastlandet varierer frå år til år.

På grunn av den særeigne samansetninga av norsk økonomi og at kraftproduksjonen på fastlandet nesten berre er i form av vasskraft, står verksemda på kontinentalsokkelen for om lag ein firedel av dei samla norske klimagassutsleppa. I 2022 sleppte petroleumsverksemda ut klimagassar (CO2 og metan) tilsvarande om lag 12 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette er om lag 3 mill. tonn lågare enn i 2015 og same nivå som året før, sjølv om Hammerfest LNG kom i drift igjen i mai 2022 etter å ha vore stengt ned i 2021. Næringa jobbar kontinuerleg med energieffektivisering og har ei sterk merksemd på å minimere utsleppa sine.

Petroleumsverksemda sleppte i 2022 ut om lag 37 700 tonn NOx (nitrogenoksid). Petroleumsverksemda står for noko over ein firedel av dei samla NOx-utsleppa i Noreg. Gassbrenning i turbinar, fakling av gass og dieselbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx.

Olje- og gassutvinning står for om lag ein femdel av dei samla norske nmVOC-utsleppa (flyktige organiske sambindingar utan metan), med utslepp i 2022 på om lag 26 800 tonn. Sidan starten av 2000-talet er utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda sterkt reduserte. Utsleppsreduksjonane er oppnådd som følge av at det er installert anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar.

At norsk petroleumsverksemd er underlagd ein streng verkemiddelbruk, gir resultat. Norske utslepp er vesentleg lågare per produsert eining enn gjennomsnittet for oljeproduserande land, sjå figur 6.1. Utsleppa varierer mellom dei ulike felta, både i Noreg og internasjonalt.

Figur 6.1 Utslepp til luft på norsk sokkel samanlikna med internasjonalt gjennomsnitt

Figur 6.1 Utslepp til luft på norsk sokkel samanlikna med internasjonalt gjennomsnitt

Kjelder: International Association of Oil and Gas Producers (IOGP), Epim Environmental Hub (EEH) og Offshore Norge.

Utslepp til sjø

Utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda stammar i all hovudsak frå den regulære drifta og kjem frå produsert vatn, borekaks og restar av kjemikaliar og sement etter boring. Myndigheitene stiller strenge krav om at desse utsleppa er så låge som mogleg, at operatørane bruker kjemikaliar som inneheld minst mogleg av miljøfarlege stoff, og at industrien utviklar ny teknologi som kan redusere utsleppa. Petroleumsverksemda har over tid investert i tiltak som har redusert utsleppa betydeleg. Produsert vatn følger med oljen opp frå reservoaret og inneheld stoff som naturleg finst der, og restar av tilsette stoff. I dag blir det produserte vatnet reinsa før utslepp til sjø eller injisert tilbake i undergrunnen. Borekaks som inneheld olje og borevæske, stod tidlegare for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå verksemda, men blir no injisert i eigne reservoar eller tatt til land for vidare behandling. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehaldig borekaks/-væske er auka energibruk og dermed større utslepp til luft. Ilandføring av borekaks/-væske aukar transportbehovet og omfanget av avfallshandteringa på land. Oljeselskapa er pålagde miljøovervaking for å følge med på verknaden av utslepp til sjø. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følge av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Det er venta at voluma av produsert vatn dei neste åra vil halde seg på om lag same nivå som i dag.

Akutte utslepp til sjø

Petroleumsverksemda har i dei 50 åra det har vore verksemd på norsk kontinentalsokkel ikkje ført til store akutte utslepp av olje som har nådd land eller har gitt større miljøskade. Talet på utslepp på over ein kubikkmeter er av avgrensa omfang.

Havindustritilsynet gir seinhaustes ut Risikonivå i norsk petroleumsverksemd, akutte utslepp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvakar Havindustritilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har, eller kunne ha, ført til akutt forureining. Dette arbeidet gir viktig informasjon for å kunne betre effekten av sikkerheitsarbeid og dermed kunne førebygge hendingar som kan gi akutt forureining på norsk sokkel. Talet på hendingar med akutte råoljeutslepp viser ein positiv trend totalt sett i perioden 2005–2021. Den nedgåande trenden viser likevel ei utflating med variasjon i siste halvdel av perioden. I 2022 var talet på akutte oljeutslepp på same nivå som året før, og på sitt høgaste sidan 2011. Førebelse tal frå RNNP-AU 2022 viser per juni 2023 så langt inga endring. Det er for tidleg å seie om denne utviklinga representerer ein negativ trend.

Talet på hendingar med kjemikalieutslepp har variert rundt eit relativt stabilt nivå i perioden, men kan synast å ha ein aukande trend dei siste åra. Den årlege utsleppsmengda av kjemikaliar på norsk sokkel har også variert gjennom perioden frå 2005 til 2020. Trass i 194 faktiske utsleppshendingar i 2022 er utsleppsmengda låg samanlikna med enkelte tidlegare år, mellom anna hadde 2020 fleire store utslepp. Akutte kjemikalieutslepp er framleis den dominerande typen utslepp frå norsk petroleumsverksemd, både når det gjeld talet på utslepp og årlege utsleppsmengder.

Inngrep ved utbygging av fornybar energi og nett

Utbygging av fornybar energiproduksjon som vasskraft, vindkraft og solkraft legg beslag på areal og fører med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Ved utnytting av fornybare energikjelder og ved bygging av kraftleidningar må samfunnet gjere viktige avvegingar. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar knytte til produksjonsanlegg vil kunne påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Utbygging og drift av fornybar kraftproduksjon har noko klimagassutslepp, for eksempel i byggeperioden. Mellom anna blir det brukt store mengder betong, og det er også utfordringar med materiale som blir brukte innan vindkraft og solkraft. Mangel på sirkulære forretningsmodellar er ei utfordring. Ved utbygging av ny produksjon og nye kraftoverføringar er det viktig å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljøomsyn og andre samfunnsomsyn.

6.2 Verkemiddel som har ein klima- og miljøeffekt

CO2-handtering

Regjeringa prioriterer arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa. Arbeidet med å utvikle kostnadseffektive løysingar for fangst og lagring av CO2 er ein viktig del av denne satsinga. Stortinget vedtok hausten 2020 å gjennomføre Langskip i tråd med Meld. St. 33 (2019–2020) og Prop. 1 S (2020–2021) frå Olje- og energidepartementet. Lagerprosjektet til Northern Lights er i rute til ferdigstilling hausten 2024. Fangstprosjektet til Heidelberg Materials i Brevik (tidlegare Norcem) ligg an til oppstart våren 2025. I 2022 sikra regjeringa saman med dei nye eigarane, Hafslund Oslo Celsio, finansiering av eit CO2-fangstprosjekt på Klemetsrud i Oslo. Selskapet har i 2023 sett prosjektet på vent for å få ned kostnadene. Regjeringas arbeid med CO2-handtering omfattar eit breitt spekter av aktivitetar, forsking, utvikling og demonstrasjon, i tillegg til internasjonalt arbeid for å fremme CO2-handtering. Teknologisenter Mongstad (TCM) står sentralt i denne satsinga. Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. TCM er det største og mest fleksible testsenteret for CO2-fangstteknologi i verda. Staten og dei industrielle partnarane Equinor, Shell og TotalEnergies er i forhandlingar om å forlenge deltakaravtalen, som varer ut 2023. CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering og ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) er også viktige i arbeidet med CO2-handtering. Olje- og energidepartementet greier ut verkemiddel for CO2-handtering ved avfallsforbrenning og i industrien. Formålet med utgreiinga er å få eit betre kunnskapsgrunnlag om verkemiddel som kan legge til rette for fleire prosjekt i Noreg. Utgreiinga vil sjå på heile CO2-handteringskjeda.

Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia oppfølginga av handlingsplanen for å fremme utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt. Måla for arbeidet er å få auka aksept for fangst og lagring av CO2 som eit viktig klimatiltak, få ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følger av teknologien, og medverke til at teknologien blir tatt i bruk utanfor Noreg. Det er oppretta ei rekke regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltar. Departementet deltar i North Sea Basin Task Force, Carbon Capture Utilisation and Storage Initiative under Clean Energy Ministerial og Carbon Sequestration Leadership Forum, som er retta mot å utvikle og ta i bruk teknologi for CO2-handtering og utvikle rammeverk for sikker fangst og lagring av CO2. Noreg samarbeider tett med EU, og Olje- og energidepartementet var vertskap for Europakommisjonens nyoppretta CCUS Forum i 2022. Olje- og energidepartementet er også i dialog med myndigheitene i fleire aktuelle land i Europa om å inngå bilaterale avtalar for å kunne ta imot CO2 for permanent geologisk lagring på norsk kontinentalsokkel.

Energi og vassressursar

Energiomlegging, energi- og klimateknologisatsing

Kvotesystemet, CO2-avgift og fleire andre verkemiddel er med på å bygge opp under ei miljøvennleg energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi. Miljøavgifter og særavgifter knytte til energi medverkar også til å påverke energibruken. Det er innført energistandardar og energimerkeordningar for ei rekke produkt. Det er også innført strenge forskrifter med krav til energibehov i nye bygg og ved større rehabiliteringar, og det er innført krav om energimerking ved sal, utleige og nyoppføring av bygningar. Vidare er det fleire støtteordningar for energieffektivisering, mellom anna gjennom Enova, Husbanken og kommunale støtteordningar. Energieffektivisering vil vere eit viktig bidrag til å redusere forbruksveksten i energi. Verknaden av energieffektivisering er ofte størst om vinteren, når behovet for kraft er størst og prisane er på sitt høgaste. Energieffektivisering og fleksibelt forbruk som reduserer forbrukstoppane for elektrisitet, kan over tid føre til lågare investeringsbehov i straumnettet og redusere behovet for andre tiltak for å sikre effektbalansen delar av året.

Bruk av fyringsolje har minka dei siste åra, noko som har resultert i reduserte utslepp. Ifølge byggteknisk forskrift er varmeinstallasjonar for fossilt brensel ikkje lov i nybygg og ved store ombyggingar. Sidan 1. januar 2020 har det vore forbode å bruke mineralolje til oppvarming av bygg. Frå 1. januar 2022 blei forbodet utvida til også å omfatte bruken av fossil olje til mellombels oppvarming og tørking av bygg under oppføring og rehabilitering.

Den felles norsk-svenske marknaden for elsertifikat har vore eit viktig verkemiddel for å nå det norske målet på 67,5 prosent under fornybardirektivet. Ordninga starta opp 1. januar 2012. Det samla målet for ny fornybar elektrisitet i den felles elsertifikatmarknaden er 28,4 TWh i 2020. Av dette har Noreg forplikta seg til å finansiere 13,2 TWh, medan Sverige finansierer 15,2 TWh, uavhengig av kvar produksjonen kjem. Sverige har i tillegg eit mål om ytterlegare 18 TWh ny fornybar elektrisitetsproduksjon i 2030, som blir finansiert av Sverige. Siste søknadsfrist for nye anlegg var 1. april 2022. Det vil seie at det ikkje vil bli godkjent fleire anlegg i elsertifikatordninga. Av produksjonen som inngår i produksjonsmålet, er det per 1. juli 2023 godkjent anlegg med ein normalårsproduksjon på 56,3 TWh. Av dette er anlegg med ein normalårsproduksjon på 21 TWh bygde i Noreg og anlegg med ein normalårsproduksjon på 35,3 TWh bygde i Sverige. I Noreg er det i tillegg godkjent anlegg under overgangsordninga med ein normalårsproduksjon på 3,1 TWh.

I 2021 blei det innført reglar om tilknyting av forbruk og produksjon med vilkår om utkopling eller reduksjon som alternativ til nettinvesteringar. I 2022 blei det innført effektbaserte tariffar i distribusjonsnettet. Desse reglane legg til rette for at straumnettet blir utnytta på ein effektiv måte. Betre utnytting av straumnettet reduserer behovet for nettutbygging og tilhøyrande naturinngrep.

Miljøomsyn ved vassdrags- og energiverksemd

Miljøomsyn i samband med fornybar kraftproduksjon og nettutvikling er tatt vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova, naturmangfaldslova og vassforskrifta.

Konsesjonsbehandling av fornybar kraftproduksjon og nett har dei siste åra hatt høg prioritet. Det er viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det blir derfor søkt å få til ei mest mogleg samordna behandling av prosjekt i same område, og mellom nett og produksjon.

Miljøtilsynet i NVE kontrollerer at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar, blir etterlevde både i anleggs- og driftsfasen. Ei viktig oppgåve er godkjenning og oppfølging av detaljplanar for vassdrags- og energianlegg.

Kunnskap om og systematisk oversikt over viktige område for trua artar og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av naturmangfald. Her speler Artsdatabanken ei viktig rolle. Formålet med Artsdatabanken er å tette hòl i kunnskapen og medverke til at data om naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.

Energikommisjonen, jf. NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere, har peika på at vi treng meir fornybar kraftproduksjon i Noreg. Utbygging av ny fornybar kraftproduksjon må samtidig vere lønnsam og skje i eit tempo og omfang som ikkje får uakseptable verknader for lokalsamfunn og viktige miljø- og samfunnsinteresser. Det skal vere ei balansert utbygging basert på grundige avvegingar av fordelar og ulemper for samfunnet.

For betre å sikre dette på vindkraftområdet er det som følge av Stortingets behandling av Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen, jf. Innst. 101 S (2020–2021), stadfesta fleire tiltak for å stramme inn behandlinga av vindkraftkonsesjonar, mellom anna ved å legge meir vekt på verknader for landskap og miljø, samfunn og naboar.

Verneplanen for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet er først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal også takast omsyn til ved andre inngrep.

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltningsplanar skal fremme ei heilskapleg forvaltning av vassressursane. Olje- og energidepartementet medverkar saman med NVE aktivt i dette arbeidet.

Klimatilpassing

Eit endra klima med meir nedbør og ekstremvêr krev tilpassingar. Klimatilpassing er viktig innanfor energi- og vassdragsforvaltninga. NVE tar omsyn til behovet for klimatilpassing i arbeidet med flaum og skred, damsikkerheit, vassdragskonsesjonar, energikonsesjonar, miljøtilsyn, kraftforsyning og energietterspørsel.

NVEs oppgåver knytte til flaum og skred er delte inn i desse områda: kartlegging, arealplanlegging, sikring, varsling/overvaking og skred- og flaumfagleg støtte i beredskaps- og krisesituasjonar. For å førebygge skade på liv, helse og verdiar blir det ved utarbeiding av naturfarekart tatt høgde for eit endra framtidig klima. Desse karta og fagleg rådgiving om klimaendringar er eit viktig grunnlag for arealplanarbeidet i kommunane og medverkar til at nye utbyggingar skjer i trygge område. I arealplanarbeid etter plan- og bygningslova er NVE høyringspart og kan fremme motsegn mot planar der NVE har eit forvaltningsansvar. Bistand til sikring av eksisterande busetting står også sentralt i NVEs arbeid med klimatilpassing. NVE arrangerer fagsamlingar for kommunar, konsulentar og andre, der kunnskap om flaum- og skredfare og klimatilpassing blir formidla. For arbeidet med flaum og skred er det utvikla eit godt samarbeid med andre statlege etatar, som Meteorologisk institutt, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Statens vegvesen, Jernbaneverket og andre. I 2019 fekk NVE også i oppdrag å bistå kommunane i å førebygge skadar frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk og rettleiing ved kommunal arealplanlegging.

Gjennom datainnsamling og analysar av lange tidsseriar overvaker og vurderer NVE hydrologiske effektar av klimaendringar. NVE har FoU-aktivitetar innan modellering av kva effekt klimaendringar har og vil få på hydrologien i Noreg. Dette inkluderer effekten på flaum, tørke, snømengder og utbreiing av isbrear og gir grunnlag for klimatilpassing i fleire sektorar. Arbeidet er ein del av samarbeidet i Norsk klimaservicesenter, der NVE deltar.

Petroleumsverksemda

I samsvar med dei overordna prinsippa for klimapolitikken i Noreg er petroleumssektoren omfatta av sterke økonomiske verkemiddel, som CO2-avgift og EUs klimakvotesystem. Samla gjer det at næringa betaler ein høg pris for utslepp, noko som legg til rette for betydelege utsleppsreduksjonar. Selskapa med verksemd på norsk kontinentalsokkel vil på lik linje med bedrifter i EU medverke til å redusere kvotepliktige utslepp fram mot 2030.

Regjeringa vil føre vidare kvoteplikt og CO2-avgift som hovudverkemiddel i klimapolitikken på norsk sokkel. Vidare må selskapa betale avgift for sine utslepp av NOx eller slutte seg til miljøavtalen mellom den norske staten og næringsorganisasjonane. Avtalen er no ført vidare til 2027. Med gjeldande kvotepris og avgift har den samla utsleppskostnaden (kvotepris og avgift) i petroleumsverksemda vore på om lag 1 760 kroner per tonn CO2 i 2023. Høge utsleppskostnader gir selskapa som opererer på norsk sokkel, ei sterk eigeninteresse av å redusere utslepp av klimagassar og samtidig forske på og utvikle teknologiar med lågare utslepp. I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at ho gradvis vil auke CO2-avgifta på sokkelen. Dette vil bli vurdert i dei årlege budsjetta.

Omsynet til miljø er ein integrert del av forvaltninga av dei norske petroleumsressursane. Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda: frå vurdering av opning av eit område for petroleumsverksemd; gjennom leiting; vurdering av korleis eit felt skal byggast ut; spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, årlege endringar av desse og fram til produksjonen skal avsluttast; og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante myndigheiter er med.

Utsleppa frå petroleumsverksemda i Noreg er regulert gjennom fleire lover, mellom anna petroleumslova, CO2-avgiftslova, særavgiftslova, klimakvotelova og forureiningslova. Oppdateringar av forvaltningsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap gjer at avgjerder kan takast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle aktørar høve til å bli høyrde. I tillegg kan myndigheitene gjere enkeltvedtak, for eksempel ved godkjenning av utbyggingsplanar. Brenning av overskotsgass har aldri vore lov på norsk sokkel, og brenning av gass i fakkel er berre lov når det er nødvendig av sikkerheitsgrunnar. Slik brenning er også berre lov etter løyve frå Olje- og energidepartementet. Utnytting av stordriftsfordelar som legg til rette for energieffektiv drift, har alltid vore eit viktig omsyn for aktiviteten på sokkelen. Nye utbyggingar baserer seg på best tilgjengeleg teknologi.

Kraft frå land er den løysinga som kan redusere utsleppa monaleg på kontinentalsokkelen fram mot 2030. Nye prosjekt med omlegging til drift med kraft frå land som selskapa arbeider med er umodne og i ein tidleg planleggingsfase. Departementet venter derfor ikkje avgjerd om investering og innlevering av søknader om godkjenning av omlegging til drift med kraft frå land i 2024. Tiltak som karbonfangst og -lagring, hydrogen/ammoniakk og brenselsceller fremstår ikkje no som realistiske løysingar for å redusere utsleppa på innretningane i stor grad fram mot 2030. Desse tiltaka er i dag umodne til bruk offshore, og det vil krevje vesentlege forbetringar i teknologisk modenheit og kostnader før det eventuelt er venta at tiltaka kan bidra med vesentlege utsleppsreduksjonar. Det er generelt krevjande med tiltak på innretningar til havs på grunn av forhold som høge tomtekostnader, ombyggingskostnader, plassmangel og omsyn til sikker drift. Denne type løysingar kan likevel vere aktuelle for einskilde utsleppskjelder i eit lengre perspektiv mot 2050.

Kraft frå land-prosjekt vil bli vurderte frå sak til sak og ein må ta omsyn til konsekvensane for kraftsystemet og tilgangen på fornybar kraft for andre næringar og hushaldningane. Ei løysing med kraft frå land skal vurderast av rettshavarane ved kvar plan for utbygging og drift. Ei kraft-frå-land-løysing krev normalt løyve etter både energilova og petroleumslova. Ei sak-til-sak-vurdering sikrar at relevante omsyn, inklusiv omsynet til kraftsystemet, blir varetatt i valet av slike løysingar. Kraft frå land krev store investeringar og vil ofte berre vere realistisk ved enkelte større, sjølvstendige utbyggingar eller større ombyggingar av store felt. Kraft frå land til eksisterande innretningar er generelt svært dyrt. Gitt variasjonen i konsekvensar er det avgjerande å ta stilling til spørsmålet om bruk av kraft frå land ved behandlinga av den enkelte utbygginga.

Verkemidla i petroleumsverksemda har resultert i at det er gjennomført omfattande tiltak som direkte eller indirekte har gitt lågare utslepp av klimagassar. Det gjer at den samla norske petroleumsverksemda skjer med vesentleg lågare klimagassutslepp per produsert eining enn gjennomsnittet for oljeproduserande land. Utsleppa varierer mellom ulike felt og fasar, både i Noreg og internasjonalt.

Forsking og utvikling

Regjeringas satsing på forsking og utvikling i energi- og petroleumsverksemda er avgjerande for at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energiproduksjon og -bruk. Satsinga bidrar til å utvikle og ta i bruk nye teknologiar og løysingar og til effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane. Samtidig skal støtta gi norsk næringsliv og kompetansemiljø betre evne til å konkurrere i dei internasjonale marknadene for miljø- og klimavennlege energiløysingar. Olje- og energidepartementet er gjennom Noregs forskingsråd den største bidragsytaren til finansiering av miljø- og klimarelevant forsking og utvikling.

Energiforsking

Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv og berekraftig utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal også medverke til næringsutvikling og til å bygge opp kunnskap av samfunnsfagleg karakter, for eksempel om effektar av klimaendringar på energiområdet (meir nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov). Energi21 er myndigheitene og næringa sin strategi for forsking, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av ny, klimavennleg energiteknologi. Energi21 gir myndigheitene og energibransjen råd om innretning av satsinga på forsking og utvikling av teknologiar for fornybar energi, energisystemet, energieffektivisering, CO2-handtering og energi til transportformål. Energi21-strategien frå 2022 tilrår å prioritere satsinga på energiteknologi på åtte område, med særleg vekt på dei to første. Dei åtte områda er: integrerte og effektive energisystem, energimarknader og regulering, hydrogen, vasskraft, batteri, solenergi, havvind og CO2-handtering. Det er elleve teknologisk retta forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) for høvesvis CO2-handtering, miljøvennleg transport, vasskraft, vindkraft, biodrivstoff, energieffektivisering i industrien, smarte energisystem, nullutslepp i byområde, solceller og to på hydrogen. Det er også to samfunnsvitskaplege FME-ar: NTRANS, som skal forske på kva rolle energisystemet har i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn, og INCLUDE, som skal utvikle kunnskap og løysingar for å få eit sosialt rettferdig lågutsleppssamfunn. FME-ordninga, som ligg under Noregs forskingsråd, er ein av dei viktigaste berebjelkane for norsk satsing på forsking, utvikling og innovasjon for berekraftige energisystem i framtida. ENERGIX er Noregs forskingsråds store, målretta program på energiområdet og det viktigaste programmet for forsking på reduserte utslepp. ENERGIX finansierer forsking og innovasjon for ei berekraftig utvikling av energisystemet. Programmet omfattar alt frå utvikling av energisystemet og fornybar energiteknologi til effektiv bruk av energi i bygg, industri og transport. Målet er å medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet og å fremme eit konkurransedyktig norsk næringsliv. Noreg har ei internasjonal leiarrolle i utviklinga av teknologi for CO2-handtering. CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for CO2-handtering. Programmet er administrert av Gassnova saman med Noregs forskingsråd. CLIMIT skal gi økonomisk støtte til prosjekt som utviklar kunnskap, kompetanse, teknologi og løysingar som kan gi viktige bidrag til kostnadsreduksjonar og stor internasjonal utbreiing av CO2-handtering.

Petroleumsforsking

Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumsverksemda er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig medverke til utvikling av den norske petroleumsverksemda som vår fremste høgteknologiske kunnskapsindustri. Slik vil det bli lagt til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa. Satsinga bidrar også til å bygge opp kunnskap og utvikle nye, meir miljøvennlege teknologiar og løysingar.

Den nasjonale teknologistrategien for petroleumsverksemda, OG21, peikar på åtte teknologiområde der forsking, teknologiutvikling og innovasjon er spesielt viktig. Dette inkluderer mellom anna forbetra undergrunnsforståing, kostnadseffektiv boring og nedstenging av brønnar, energieffektivitet og kostnadseffektiv elektrifisering, CO2-handtering, digitalisering og sikkerheit og arbeidsmiljø. Strategien har ei betydeleg merksemd retta mot å bidra til energiomstilling og nullutsleppssamfunnet, der dei sentrale elementa er dekarbonisering av produksjonen i industrien, dekarbonisering av verdikjeder for petroleum og deltaking i og overføring av kompetanse og løysingar til nye lågutsleppsindustriar.

Forskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000 har sidan klimaforliket hatt ei samla årleg øyremerking retta mot energieffektivisering og reduksjon av klimagassutslepp knytte til olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel. Øyremerkinga var på 35 mill. kroner i 2022. Det blei i 2022 utført ein ny analyse av petroleumsporteføljen med tanke på effektar som bidrar til klimamåla. Analysen blei utført på nye prosjekt i perioden 2018–2021 og viste at heile 137 av dei nye prosjekta i denne perioden vil gi positive effektar for miljøet. Resultata frå forskinga vil bidra til reduserte utslepp av klimagassar, anten direkte ved reduksjon av antal tonn CO2 produsert eller indirekte ved meir energieffektive prosessar. 68 prosent av prosjekta i analysen stadfestar at prosjekta deira har potensial for energieffektivisering eller mindre utslepp til luft.

Det blir løyvd midlar til tre forskingssenter som mellom anna skal utvikle klima- og miljøvennlege løysingar for norsk petroleumsverksemd. Forskingssenteret for lågutsleppsteknologi for petroleumsverksemda på norsk sokkel skal utvikle lågutslepps- eller nullutsleppsteknologi som gjer at utbygging og drift av petroleumsførekomstar i framtida kan skje med lågast moglege utslepp av klimagassar. Senteret skal også utvikle teknologi som kan medverke til ein betydeleg reduksjon av utslepp frå eksisterande installasjonar. Dei to andre sentera er konsentrerte om høvesvis berekraftig utnytting av petroleumsressursane og betre undergrunns- og reservoarforståing. Begge sentera skal gi kunnskap og løysingar når det gjeld å nå måla om nullutslepp.

Kartlegging av sjøfugl

Det blir også løyvd midlar til sjøfuglprogrammet SEAPOP (Seabird Population Management and Petroleum Operations) og kartlegging av arealbruken til sjøfuglar gjennom modulen SEATRACK (Seabird Tracking). Programmet skal gi betre kunnskap om utbreiing, tilstand og utvikling av norske sjøfuglbestandar i lys av menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona.

6.3 Status for utsleppsutviklinga frå petroleumsverksemda

For å redusere klimagassutsleppa frå petroleumssektoren har det i fleire tiår vore brukt sterke verkemiddel. CO2-avgift og kvoteplikt er hovudverkemidla. CO2-avgifta blei innført i 1991, og i dag er om lag 95 prosent av utsleppa frå sektoren omfatta av EUs kvotesystem.

Som ledd i oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak nr. 684 av 12. juni 2020, blei det i Prop 1 S (2022–2023) gitt ei oversikt over korleis utsiktene hausten 2022 var for å kunne nå ein utsleppsreduksjon på 50 prosent innan 2030. Denne oversikta viste at utsleppa er på veg ned, men at 50 prosent reduksjon er forventa nådd midt på 2030-talet.

Sokkeldirektoratets siste berekningar viser eit liknande bilete som det som blei presentert i 2022, jf. figur 6.2. Utsleppa er venta å bli reduserte med rundt 37 prosent innan 2030 samanlikna med 2005, og utsleppa er venta å bli halverte midt på 2030-talet. Reduksjonen kjem i hovudsak av at fleire felt har fått godkjent ei utbyggingsløysing med kraft frå land og som vil starta opp før 2030, og dessutan at enkelte felt blir nedstengde. I anslaget ligg det inne omlegging til full drift med kraft frå nettet ved Hammerfest LNG 1.1.2030. Det er, som for alle anslag om framtida, usikkerheit om utsleppsutviklinga fram mot og etter 2030.

Figur 6.2 Anslag på utsleppsutviklinga i petroleumsverksemda

Figur 6.2 Anslag på utsleppsutviklinga i petroleumsverksemda

Kjelde: Sokkeldirektoratet

Olje- og gassverksemda gjer gjennom KonKraft, ein samarbeidsarena for Offshore Norge, Norsk Industri, Norges Rederiforbund, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og Landsorganisasjonen i Norge (LO) med LO-forbunda Fellesforbundet og Industri Energi, årleg ei eiga vurdering av utsleppsutviklinga innan sektoren. I rapporten Framtidens energinæring på norsk sokkel – Klimastrategi mot 2030 og 2050 – Statusrapport 2023 skriv KonKraft at det framleis er mogleg å redusere utsleppa med 50 prosent i 2030, men at det har blitt meir krevjande som følge av auka kostnader, ein pressa leverandørmarknad og ein meir krevjande kraftsituasjon og utfordringar med tilstrekkeleg nettkapasitet. Elektrifisering av olje- og gassinstallasjonar med kraft frå land er heilt avgjerande for måloppnåinga. Analysen omfattar alle tiltaka selskapa arbeider med, inkludert kraft frå land og samordning/nedlegging av infrastruktur. Det er knytt ein del føresetnader til ei slik utsleppsutvikling, mellom anna tilgang til kraft frå land til nye prosjekt, opprettinga av eit CO2-fond, forlenging av NOx-fondet utover 2027 og fleire støtteordningar.

Det klart viktigaste tiltaket for å redusere utsleppa både historisk og dei nærmaste åra vil vere gjennomføring av allereie godkjende kraft-frå-land-prosjekt. I tillegg kjem omlegginga av energiforsyninga på felta Draugen og Njord til drift med kraft frå land som er til behandling.

Vindkraftanlegget Hywind Tampen – som delvis forsyner felta Gullfaks og Snorre med straum, er sett i drift. Ein føresetnad for bruk av havvind er at felta også har ei anna, stabil, løysing for kraftforsyninga, i praksis gassturbinar eller kraft frå land. Effekten på utsleppa på sokkelen vil vere avhengig av kva energiløysing som blir erstatta og av oppetida. Denne typen løysingar er under vurdering på enkelte andre felt.

Høge utsleppskostnader kombinert med mellom anna selskapa sine eigne utsleppsmål kan føre til større endringar i oppstraumsinfrastrukturen for å redusere utsleppa, for eksempel ved å fjerne innretningar ved å rute brønnstraumen om til eit anna anlegg med reservekapasitet eller stenge brønnar. I den grad konsolidering inneber at lønnsam produksjonskapasitet eller framtidig fleksibilitet blir avvikla, kan dette ofte vere svært dyre tiltak i eit heilskapleg sokkelperspektiv. Utan heilskaplege vurderingar kan slik konsolidering av infrastruktur gå på kostnad av god ressursforvaltning og av kor mykje lønnsam olje og gass som kan bringast til marknaden over tid. Situasjonen i den europeiske energimarknaden, der våre allierte i Europa i lang tid framover vil vere avhengige av å importere olje og gass frå norsk kontinentalsokkel, gjer dette enda meir krevjande.

Rettshavarane arbeider vidare med planar for utsleppsreduksjonar både på landanlegg og på ei rekke felt i drift. Selskapa arbeider mellom anna kontinuerleg med energieffektivisering og redusert fakling. Energieffektivisering inneber meir effektiv kraftproduksjon frå gassturbinane og/eller meir effektiv bruk av krafta. Generelt er dette mange mindre tiltak som til saman over tid bidrar til ikkje ubetydelege utsleppsreduksjonar. På lengre sikt kan tiltak som CO2-handtering, hydrogen/ammoniakk og brenselceller også bli aktuelle for enkeltanlegg. Desse tiltaka er i dag umodne offshore, og det vil krevje vesentlege forbetringar i teknologisk modning og kostnader før tiltaka eventuelt kan ventast å levere utsleppsreduksjonar. Dei vil derfor truleg ikkje bidra før tidlegast ut på 2030-talet.

Oljeselskapa og den kompetansen og erfaringa som er opparbeidd i olje- og gassnæringa, er viktig også for å bidra til reduserte utslepp i tilknytte næringar og andre sektorar. Petroleumsnæringa ligg mellom anna langt framme når det gjeld å kontrahere skip som bruker ulike utsleppsreduserande teknologiar. Fleire operatørselskap har stilt krav om for eksempel batterihybride skip, landstraum og energieffektivisering ved nye langtidskontraktar. Regjeringa arbeider med å greie ut krav til offshore supplyskip om lågutsleppsløysingar frå 2025 og nullutslepp frå 2029.

Fleire av rettshavarane på kontinentalsokkelen er også involverte i CO2-lagringsprosjekt i Noreg. Departementet har tildelt fleire selskap som er aktive petroleumsprodusentar på norsk sokkel, løyve med sikte på vurdering av potensialet for utnytting av eit undersjøisk reservoar til lagring av CO2 etter lagringsforskrifta. Selskapa arbeider med å kunne tilby aktørar med CO2-utslepp lagring av fanga CO2 på kommersielle vilkår.

Olje- og energidepartementet følger utsleppsutviklinga nøye framover, og regjeringa vil i 2024 komme med ein breiare gjennomgang av utsleppsutviklinga. Dersom utsleppsutviklinga viser vesentlege avvik frå 2021-planen, vil departementet komme tilbake i 2024 med ei vurdering av behovet for tiltak i samband med prosessen knytt til innmeldingane av forsterka klimamål under Parisavtalen og ny klimamelding.

6.4 Klimaeffekten av budsjettet som er lagt fram

Satsinga på FoU og ny teknologi i energi- og petroleumsverksemda skal medverke til meir effektiv og miljøvennleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal satsinga bidra til å redusere nasjonale og globale utslepp utover det ein kan forvente med eksisterande teknologi og løysingar. Den kunnskapen ein kjem fram til i dag, vil kunne gi grunnlag for ny forsking og ny kunnskap. På grunn av at omfanget av og tidspunktet for introdusering og kommersialisering av ny teknologi eller teknologi under utvikling er usikkert, finst det i dag ingen presise overslag over framtidige utsleppseffektar av denne teknologien.

Arbeidet med CO2-handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO2 med eit spreiingspotensial. Det overordna målet er å medverke til at CO2-handtering blir eit kostnadseffektivt tiltak i arbeidet mot globale klimaendringar. Tiltaka i arbeidet til regjeringa omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, i tillegg til internasjonalt arbeid for å fremme CO2-handtering. Gassnova forhandlar på vegner av staten med dei industrielle eigarane om å forlenge deltakaravtalen til Teknologisenter Mongstad etter utgangen av 2023. Det er ikkje mogleg per i dag å kvantifisere utsleppsreduksjonane som desse tiltaka kan utløyse.

Klimaeffektane av Langskip-prosjektet kjem både direkte gjennom utsleppsreduksjonar i Noreg og indirekte gjennom kostnadsreduksjonane demonstrasjon og utvikling av CO2-handtering vil gi, og at det blir etablert infrastruktur for prosjekta som kjem etter. Dei direkte nasjonale utsleppsreduksjonane frå prosjektet vil i første omgang vere om lag 400 000 tonn CO2 per år når Heidelberg Materials’ (tidlegare Norcem) fangstprosjekt etter planen blir sett i drift i 2025, og auke til om lag 800 000 tonn CO2 per år når Hafslund Oslo Celsios prosjekt blir sett i drift. Av dei vil om lag 200 000 tonn CO2 frå Hafslund Oslo Celsio kunne reknast mot forpliktinga Noreg har overfor EU om reduksjonar i ikkje-kvotepliktige utslepp. Heidelberg Materials’ sementfabrikk er ein del av kvotepliktig sektor.

Regjeringa har ein ambisjon om å tildele areal med kapasitet til 30 GW havvind på norsk sokkel innan 2040. Departementet vil arbeide for at satsinga bidrar til industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling og større utsleppsfri kraftproduksjon i Noreg. I 2024 planlegg departementet å tildele dei første prosjektområda for havvind. Departementet vil gjennomføre ei evaluering av den første tildelingsrunden og førebu havvindutlysinga som er planlagd i 2025. NVE vil mellom anna gjennomføre konsekvensutgreiingar av nye område, og Sokkeldirektoratet vil ferdigstille grunnundersøkingar for den delen av havvindområdet Utsira Nord som er lyst ut. Det vil også bli gjennomført feltundersøkingar som aukar kunnskapsnivået om naturmangfald og miljø mellom anna i dei områda som er aktuelle for utlysing i 2025.

Vidare foreslår regjeringa å styrke tilskotsordninga for kompetansemiljø for havvind. Ordninga skal bidra til kapasitets- og kunnskapsoppbygging, kompetanseoverføring og formidling for industriutvikling og tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling på havvind. Ordninga blir følgt opp av Sørlandets Kompetansesenter.

Fornybar energiproduksjon til havs kan ha ein positiv klimaeffekt når anlegga er sette i drift, men effekten er usikker.

Regjeringa følger opp handlingsplanen for energieffektivitet i alle delar av norsk økonomi ved å auke overføringa til Klima- og energifondet til tiltak for meir effektiv energibruk og eit meir fleksibelt energisystem. Vidare aukar regjeringa løyvinga til tilskot til energitiltak i kommunale bygg. Tilskotet skal bidra til gjennomføring av energieffektiviseringstiltak og tiltak for større energifleksibilitet i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Energitiltak i bygg vil kunne ha ein positiv klimaeffekt på kort, mellomlang og lang sikt.

6.5 Olje- og energidepartementets miljøarbeid i eiga verksemd

Departementsfellesskapen er miljøsertifisert og registrert i EMAS (Eco-Management and Audit Scheme). I samarbeid med dei andre departementa jobbar Olje- og energidepartementet for kontinuerleg å redusere miljøpåverknaden i den daglege drifta av eige departement. Ein rapport om miljøarbeidet i departementa blir publisert årleg på regjeringa.no.

6.6 Oppfølging av FNs berekraftsmål

I 2015 vedtok FNs medlemsland 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Berekraftsmåla består av 17 hovudmål og 169 delmål og utgjer FNs arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Kvart hovudmål har ulike delmål, og for å følge utviklinga til delmåla har FN vedtatt 231 globale indikatorar. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 beskriv arbeidet med å utvikle nasjonale målepunkt i Noreg, som eit supplement til dei globale indikatorane. Måla er universelle, det vil seie at alle land har ansvar for å følge opp måla nasjonalt. Måla skal fungere som ei felles global retning for statar, næringsliv og sivilsamfunn.

Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer arbeidet med den nasjonale oppfølginga av berekraftsmåla. Olje- og energidepartementet har ansvar for oppfølging av hovudmål 7 Rein energi til alle. I tillegg har Olje- og energidepartementet ansvar for oppfølging av tiltak innanfor delmål under fleire av hovudmåla.

Mål 6: Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle

Delmål 6.5) Innan 2030 innføre integrert forvaltning av vassressursar på alle nivå, mellom anna gjennom samarbeid over landegrensene der det er aktuelt

NVE bidrar til å sikre ei berekraftig vassforvaltning. Omsynet til ei heilskapleg og integrert vassforvaltning blir varetatt gjennom dei norske vassforvaltningsplanane som følger av EUs vassdirektiv, som er gjennomført i norsk rett.

Delmål 6.6) Innan 2020 verne og bygge opp att vassrelaterte økosystem, inkludert fjell, skogar, våtmarker, elver, vassførande bergartar og innsjøar

NVE bidrar til å verne og restaurere vassrelaterte økosystem ved å ta omsyn til miljø og vern som ein del av behandlinga i arealplansaker i og langs vassdrag og gjennom arbeid knytt til NVEs tilskots- og bistandsordning for sikrings- og miljøtiltak. NVE gir årleg tilskot til, og gjennomfører sjølv, restaurering av vassdrag.

Mål 7: Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkommeleg pris

Olje- og energidepartementet har ansvaret for å koordinere energipolitikken til regjeringa.

Verdas befolkning og næringsliv er avhengig av energi for å fungere og for å nå FNs berekraftsmål. Energibruk og velstandsnivå heng nært saman. Veksten i energibruk er nært knytt til befolkningsutvikling og økonomisk vekst. Rikeleg og kontinuerleg tilgang på rimeleg energi er ein føresetnad for berekraftig økonomisk framgang og velstandsutvikling.

Det er eit stort underliggande energibehov særleg i utviklingsland. Der treng ei veksande befolkning energi både til å dekke sine grunnleggande behov og til å få oppfylt ønsket om eit liv og ein levestandard lik det dei ser i vår del av verda. Folkerike land og regionar som India og Afrika har eit lågt energibruk per innbyggar og eit tilhøyrande lågt inntektsnivå. Energiforbruket per innbyggar i EU er framleis seks gonger høgare enn i India. Samanlikna med mange land i Afrika er energibruken opp mot 100 gonger større. Spania bruker for eksempel like mykje elektrisitet som landa i Afrika sør for Sahara til saman, sjølv om befolkninga i Afrika sør for Sahara er 18 gonger så stor. Det er ei stor utfordring å skaffe tilgang på nok energi til ei veksande befolkning.

Samtidig er dagens kompliserte, globale energisystem dominert av kol, olje og gass. Andelen av desse energikjeldene til energiforsyninga har over lang tid lege relativt stabilt på rundt 80 prosent. Det gir store utslepp av klimagassar og bidrar til global oppvarming, noko som vil føre til alvorlege og irreversible konsekvensar for dyr, natur og menneske over heile kloden. Behovet for store og raske utsleppskutt i tråd med måla i Parisavtalen krev ei stor endring av energiforsyninga i verda, noko som inneber effektivisering av energibruken, meir utbygging av fornybar energi og utvikling av nye lågutsleppsløysingar som for eksempel CO2-handtering. Dette er krevjande mellom anna fordi energisystemet i verda er stort og komplekst. Systemet er avhengig av omfattande infrastruktur til produksjon, distribusjon og bruk. I mange land er det arealkonfliktar og annan type motstand mot etablering av ny energiproduksjon og tilhøyrande infrastruktur. Kostnader knytte til energileveransar påverkar levestandarden og kostnadsnivået til innbyggarane og dermed konkurransekrafta til næringslivet. Fordi stabil tilgang på rimeleg energi er viktig for hushaldningar og næringsliv, er omsynet til energisikkerheit ein prioritet i alle land.

Verdas befolkning og næringsliv er avhengig av energi for å fungere og for å nå FNs ulike berekraftsmål. Det er samanhengar og potensielle målkonfliktar mellom berekraftsmåla. Det er derfor viktig at det å oppnå eitt mål blir sett i samanheng med påverknad på andre mål. Energi- og klimautfordringane verda står overfor, må løysast parallelt.

Delmål 7.1) Innan 2030 sikre allmenn tilgang til pålitelege og moderne energitenester til ein overkommeleg pris

I Noreg er praktisk talt alle sikra tilgang til energi. Eit veldrive og effektivt energisystem gir god forsyningssikkerheit og bidrar til å halde kostnadene nede.

Det norske energisystemet består av to hovuddelar. Kraftproduksjonen og tilhøyrande nett dekker innanlands etterspørsel etter kraft, medan petroleumssektoren er eksportorientert og bidrar til å dekke verdas behov for energi. SSBs førebelse (juni 2023) tal for 2022 viser at det blei produsert 2510 TWh primærenergi i Noreg, medan forbruket var på 218 TWh. Vasskrafta står i dag for nesten 90 prosent av den norske kraftforsyninga. Totalt er om lag 98 prosent av kraftproduksjonen i Noreg fornybar. Den samla kraftproduksjonen i 2022 var ifølge NVE 146,0 TWh. Nettoeksporten av energi kjem i hovudsak frå petroleumsverksemda. Noreg er den største produsenten og den einaste nettoeksportøren av olje og gass i dei demokratiske delane av Europa.

Innanlands energiforsyning

Noreg har overskot av kraft i eit normalår. I åra framover er det forventa ein sterkare vekst i kraftbehovet, i takt med ei aukande elektrifisering av samfunnet, ny næringsverksemd med stort kraftbehov og vidare omlegging frå fossil energi til fornybar kraft. I NVEs rapport om den kortsiktige kraftbalansen i Noreg fram mot 2028 som blei lagd fram 14. august 2023, er hovudkonklusjonen at kraftoverskotet i Noreg held fram dei neste fem åra. NVE peikar likevel på at sterk vekst i forbruket saman med svak vekst i produksjonen vil redusere kraftoverskotet fram mot 2028.

Energikommisjonen overleverte sin rapport, NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere, i februar 2023. Kommisjonen blei utnemnd i 2022 for å kartlegge energibehova og foreslå auka energiproduksjon, med mål om at Noreg framleis skal ha overskotsproduksjon av kraft, og at norske straumkundar framleis skal ha tilgang på rimeleg fornybar kraft. Rapporten frå Energikommisjonen var på høyring fram til mai 2023. Regjeringa har allereie gjennomført fleire av tiltaka Energikommisjonen foreslår. Den vidare oppfølginga av utgreiinga frå Energikommisjonen vil bli sett i lys av høyringsinnspela.

Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal vurdere dagens system for å fastsette straumprisen. Utvalet skal vurdere korleis tiltak på kort og lang sikt kan sikre straumbrukarar lågare og meir føreseielege prisar, innanfor handlingsrommet i EØS-avtalen. Utvalet har frist til 15. oktober 2023 med å levere rapport til Olje- og energidepartementet.

Også hydrogen kan få ei viss rolle å spele i energisystemet mot 2030, særleg som drivstoff i maritim sektor og i industrien. Men ulike analysar viser at det er usikkert om og når ein hydrogenmarknad vil komme opp i ein viss størrelse. Det er også uvisst kva segment hydrogen eventuelt vil vinne fram i, og dermed korleis hydrogen produsert med låge eller ingen utslepp kan bidra til å nå berekraftsmålet. Regjeringa har lagt fram sin hydrogenpolitikk i Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) og i vegkartet for grønt industriløft.

Petroleumssektorens globale verknad

Petroleumssektoren bidrar til å dekke det globale behovet for stabile energileveransar, deriblant tilgangen på føreseieleg kraftproduksjon. Norsk petroleumsverksemd skjer med vesentleg lågare klimagassutslepp per produsert eining enn gjennomsnittet for oljeproduserande land, og utsleppa er vidare omfatta av det europeiske kvotesystemet.

Noreg er ein energieksportør som bidrar til å dekke det grunnleggande behovet for energi i verda deriblant elektrisitetsgenerering, ikkje minst i Europa. Produksjonen frå norske olje- og gassfelt er derfor viktig for energisikkerheita og stabiliteten hos våre allierte. Som følge av stans i leveransar frå russiske gassrøyrleidningar i 2022 blei felta på norsk kontinentalsokkel den største enkeltkjelda for gass til Europa. Noreg produserte og selde gass tilsvarande om lag 1360 TWh energi i 2022, ein auke på rundt 8 prosent frå 2021. Dei norske gassleveransane var avgjerande for å unngå kollaps i energiforsyninga til Europa som følge av Russlands angrep og etterfølgande krig i Ukraina. Utan auken i den norske produksjonen ville Europa stått overfor ei enda større krise, med enda høgare energiprisar og moglege sosiale følger av dette.

Dei høge gassprisane i Europa i fjor vinter gjorde at også Europa tiltrekte seg LNG på kostnad av andre marknader. Dei fattigaste og mest sårbare i verda blei spesielt hardt ramma, og ifølge IEAs World Energy Outlook 2022 auka talet på menneske utan tilgang til moderne energi. Mellom anna fekk land som Pakistan og Bangladesh problem med kraftforsyninga. Dei høge gassprisane, drivne av ein enorm auke i etterspørsel etter LNG i Europa, var hovudårsaka til at mange regionar måtte skifte frå gass til kol for å sikre kraftforsyninga. Global kolkraftproduksjon steig til det høgaste nivået nokosinne og dekte meir enn ein tredel av den globale kraftetterspørselen i 2022.

Dei seinare åra har det vore ein sterk auke i utbygginga av fornybare energikjelder, som sol- og vindkraft. Denne satsinga held fram og gjør at fornybare energikjelder over tid vil dekke ein aukande del av verdas energibehov. Samtidig forventar ein at produksjonen frå norsk sokkel vil gå raskt nedover utover midten av 2030-talet, med mindre det blir gjort nye store funn som blir utbygde.

Sjølv om Storbritannia og EU har ambisjonar om å redusere gassforbruket, er Europas importbehov venta å bli høgt det neste tiåret, og gass er svært viktig i den europeiske energiforsyninga for å balansere marknaden og slik mogleggjere at auka uregulerbar kraftproduksjon kan erstatte tradisjonell grunnlast. I ein felles uttale frå 2022 har EU uttrykt støtte til og takksemd for at Noreg utviklar nye olje- og gassressursar for å forsyne den europeiske marknaden. Meir globalt er det venta at utan betydelege, nye investeringar også i tradisjonelle energikjelder framover må ein forvente relativt sett høge prisar på mange energiløysingar på kort og mellomlang sikt. Dette gjeld sjølv om etterspørselen etter olje og gass skulle slutte å vekse år for år.

Eit viktig bidrag frå Noreg til dette berekraftsmålet vil derfor vere å oppretthalde nettoeksporten til den globale marknaden og særleg dei store gassleveransane til EU og Storbritannia. For å kunne oppretthalde store og trygge energileveransar framover må nye ressursar påvisast og settast i produksjon og arbeidet med å redusere utsleppa frå produksjonen må halde fram. Noreg er ein liten produsent av olje og gass i eit globalt perspektiv, men det største produsentlandet og einaste nettoeksportør i Vest-Europa. Regjeringa vil legge til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass produsert med låge utslepp til Europa og resten av verda.

Delmål 7.2) Innan 2030 auke prosentdelen fornybar energi i det samla energiforbruket i verda vesentleg

Vasskrafta står i dag for nesten 90 prosent av den norske kraftforsyninga, og potensialet for ny vasskraft er avgrensa. Totalt er om lag 98 prosent av kraftproduksjonen i Noreg fornybar. Sjølv om det største potensialet er realisert, vil vasskrafta framleis stå for størsteparten av den norske kraftforsyninga i tida framover.

Verneplanen for vassdrag ligg i hovudsak fast, og konsesjonsbehandling av vassdrag over 1 MW kan berre vurderst i dei tilfella flaumdemping er formålet med ei eventuell utbygging, jf. Innst. 401 S (2015–2016) i samband med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2015–2016) – Kraft til endring.

Dei siste åra er det særleg vindkraft på land som har bidratt med ny fornybar kraftproduksjon. Produksjon av vindkraft og annan fornybar energi er klimavennleg. Samtidig må utbygginga skje slik at det ikkje gir uakseptable verknader for lokalsamfunn og viktige miljø- og samfunnsinteresser. Behandlinga av nye prosjekt skjer på bakgrunn av vindkraftmeldinga, jf. Meld. St. 28 (2019–2020) og Innst. 101 S (2020–2021), og stortingsbehandlinga av denne. I juni 2023 slutta Stortinget seg til regjeringas forslag om endringar i energilova og plan- og bygningslova knytt til vindkraft på land, jf. Prop. 111 L (2022–2023) og Innst. 101 S (2022–2023). Det skal framover vere ei overordna kommunal områderegulering før eit konsesjonsvedtak blir gitt. Dette skal gi betre lokal forankring og styrke kommunane si rolle i prosessen når det gjeld vindkraft på land.

Regjeringa vil legge til rette for at lokalsamfunn som stiller naturressursane sine til disposisjon for vindkraftutbygging, får meir igjen for det og blir sikra ein rettmessig del av verdiskapinga. Regjeringa vil også legge til rette for meir utbygging av solkraft og lokal energiproduksjon.

Regjeringa har ein ambisjon om innan 2040 å tildele areal tilsvarande 30 GW havvind. Dette er nesten like mykje som heile det norske vasskraftsystemet. I mars 2023 lyste Olje- og energidepartementet ut ein konkurranse om prosjektområde til fornybar energiproduksjon til havs i to område på norsk kontinentalsokkel: Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. NVE har, saman med ei direktoratsgruppe, identifisert 20 område som kan eigne seg for havvind. Dei nye områda skal gjennom ei strategisk konsekvensutgreiing før dei eventuelt blir opna. For å sikre eit handlingsrom til å justere eller redusere dei identifiserte områda har NVE og direktoratsgruppa identifisert vesentleg meir areal enn det som faktisk er nødvendig for å bygge ut 30 000 MW havvind. Kva område som eventuelt blir opna og utvikla, vil avhenge av den strategiske konsekvensutgreiinga.

Hywind Tampen opna 23. august 2023. Dette er den største flytande havvindparken i verda og har ein kapasitet på 88 MW. Havvindparken dekker delar av kraftbehovet på petroleumsfelta Snorre og Gullfaks.

Delmål 7.3) Innan 2030 få forbetringa av energieffektivitet på verdsbasis til å gå dobbelt så fort.

I åra framover er bruken av elektrisitet i Noreg venta å auke i fleire sektorar og på nye område, særleg på grunn av elektrifisering av industri, transport, installasjonar på norsk kontinentalsokkel og ny, kraftkrevjande næringsverksemd. Noreg har eit nasjonalt mål om å forbetre energiintensiteten med 30 prosent frå 2015 til 2030. Energiintensiteten viser kor effektivt vi som samfunn bruker energien. Frå 2015 til 2022 har det innanlandske energiforbruket auka med 1,7 prosent. I same periode har BNP for Fastlands-Noreg auka med 13,3 prosent, noko som har gitt ei forbetring i energiintensiteten på rundt 10 prosent sidan 2015. Regjeringas handlingsplan for energieffektivisering inneheld viktige grep for auka energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi og følger opp fleire av anbefalingane frå Energikommisjonen.

Delmål 7.a) Innan 2030 styrke det internasjonale samarbeidet for å lette tilgangen til forsking og teknologi på området rein energi, inkludert fornybar energi, energieffektivisering og avansert og reinare teknologi for fossilt brensel, og fremme investeringar i energiinfrastruktur og teknologi for rein energi

For å nå klima- og berekraftsmåla må den globale innsatsen styrkast og investeringane minst firedoblast fram mot 2030. Regjeringa støttar internasjonale initiativ som bidrar til varig energiomlegging og utfasing av kolkraft i utviklingsland. Noreg er partnar til større internasjonale program leia av G7-landa for rettferdig omstilling av energisektoren og utfasing av kolkraftverk i Indonesia og Vietnam. Statsministeren leiar alliansen «Global Energy Alliance for People and Planet» (GEAPP), som bidrar til å mobilisere privat og offentleg kapital til investeringar i fornybar energi i utviklingsland.

Regjeringa støtta også i 2022 nye garantiinstrument gjennom internasjonale organisasjonar (MIGA – Multilateral Investment Guarantee Agency og ATI – African Trade Insurance Agency). Kunnskapsprogrammet Energi for utvikling blei også lansert. Løyvinga til fornybar energi dekker tiltak som forbetrar investeringsklimaet, betrar energiforvaltninga i samarbeidslanda, bygger ut straumnettet, støttar lokale straumløysingar, bidrar til auka bruk av reine kokeomnar, til energieffektivisering og til å fase ut kol. Innsatsen er særleg retta mot partnarland i Afrika.

Gjennom EØS-midlane bidrar Noreg til å støtte målet om rein energi til EØS-landa. Støtta er primært retta mot fornybar energi, energieffektivisering og energisikkerheit.

Noreg deltar i ei rekke internasjonale samarbeidsforum for energiforsking og -innovasjon, for å utvikle og fremme bruken av nye og meir effektive klima- og miljøvennlege energiteknologiar. Samarbeidet på EU-arenaen er det klart viktigaste for norske forskingsaktørar og norsk næringsliv, men dei seinare åra har også Mission Innovation fått auka merksemd. Mission Innovation er eit globalt initiativ med 22 deltakande land pluss EU-kommisjonen som har som mål å akselerere offentleg og privat rein energiinnovasjon for å møte klimaendringar, gjere rein energi rimeleg for forbrukarar og skape grøne arbeidsplassar og kommersielle moglegheiter. Noreg ved Olje- og energidepartementet deltar i dei årlege ministermøta, medan Noregs forskingsråd og Gassnova bidrar aktivt i arbeidet innanfor dei prioriterte områda reint hydrogen, utsleppsfri maritim transport og CO2-handtering (Carbon Dioxide Removal).

Delmål 7.b) Innan 2030 bygge ut infrastruktur og oppgradere teknologi for å tilby moderne og berekraftige energitenester til alle innbyggarar i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa,små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med dei respektive støtteprogramma i landa

Bistandsbudsjettet bidrar til auka utbygging av fornybar energi og større tilgang til elektrisitet og reinare kokeløysingar. Om lag 700 millionar menneske manglar tilgang til elektrisitet, og 2,4 milliardar har ikkje tilgang til reine kokeløysingar. Utfordringane er størst i Afrika, der nesten 600 millionar menneske manglar tilgang til elektrisitet. Mindre enn éin prosent av dei globale energiinvesteringane skjer i dei minst utvikla landa.

Norfund, som er Noregs hovudinstrument for utbygging av fornybar energi i utviklingsland, forplikta seg i 2022 til 1,073 mrd. kroner til investeringar i fornybar energi (innanfor utviklingsmandatet). Desse investeringane vil gi 1,415 MW i auka produksjonskapasitet. Klimainvesteringsfondet blei operativt i 2022. Norfund har gjennom dette forplikta seg til 2,14 mrd. kroner til investeringar i prosjekt i Sør-Afrika og India, noko som vil gi 2,443 MW og redusere forventa utslepp av klimagassar med 6,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Fondet får ein årleg kapitaltilførsel på 1 mrd. kroner over statsbudsjettet og 1 mrd. kroner frå Norfund.

Mål 9: Bygge solid infrastruktur og fremme inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon

Delmål 9.1 Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkommeleg pris og likeverdig tilgang for alle

Gassco AS har eit mandat til å koordinere drift og vidareutvikling av gasstransportsystemet med mål om å oppnå heilskaplege løysingar. Rolla som systemoperatør bidrar også til å utvikle ein sikker, påliteleg og berekraftig infrastruktur av høg kvalitet. Framtidig utnytting og utvikling av eksisterande gassinfrastruktur vil ha samfunnsøkonomisk og miljømessig effekt.

Å førebu gassinfrastrukturen for framtida i eit langsiktig perspektiv har vore eit prioritert analyseområde for Gassco AS sidan 2021. Arbeidet har vist at gassinfrastrukturen er fleksibel og tilpassingsdyktig, og at systemet kan nyttast for alternativ bruk, for eksempel transport av hydrogen og CO2.

Tilgang til straum er ein viktig faktor i næringsutvikling. Både nettselskapa og energimyndigheitene opplever stor pågang frå aktørar som ønsker tilknyting til straumnettet. I dag er det mange aktørar som må vente i kø. Regjeringa har derfor tatt grep for raskare nettutbygging og meir effektiv bruk av det eksisterande nettet. Både NVE og Olje- og energidepartementet har fått tildelt midlar til å auke behandlingskapasiteten i konsesjonssaker, samtidig som NVE også har fått meir midlar til digitalisering av nettplanlegging og konsesjonsbehandling. NVE er også bedt om å forenkle behandlinga av nettsaker ytterlegare, deriblant å vidareutvikle eit hurtigspor for små og/eller enkle saker.

I tillegg har regjeringa lansert ein handlingsplan for raskare nettutbygging og meir effektiv bruk av nettet. I handlingsplanen varslar regjeringa fleire forskriftsendringar som skal bidra til ein meir effektiv tilknytingsprosess. Olje- og energidepartementet har gitt Reguleringsmyndigheita for energi i oppdrag å utarbeide forslag til forskriftsendringar.

Mål 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn

Delmål 11.3) Innan 2030 styrke inkluderande og berekraftig urbanisering og moglegheitene for ei deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning

NVE bidrar til å gjere byar og lokalsamfunn trygge, robuste og berekraftige gjennom å førebygge og sikre mot skadar frå flaum, skred og overvatn. I Noreg er det blitt bygd i område der det er fare for flaum og skred, i ei tid da det ikkje blei stilt strenge krav til sikkerheit ved nybygging. NVE bidrar til å nå målet om berekraftige byar og lokalsamfunn gjennom arbeidet med kartlegging, sikring, arealplanbehandling og overvaking og varsling av naturfare. Klimaet er i endring, og meir ekstremvêr kan føre til meir overvatn og fleire og større flaum- og skredhendingar. Eit auka press på areal for utbygging vil auke behovet for kunnskap, rettleiing, overvaking og sikring.

Mål 12: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Delmål 12.2) Innan 2030 oppnå berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar

Auka og meir effektiv bruk av fornybare ressursar innanfor berekraftige rammer er sentralt for grøn omstilling. Noreg har rikeleg tilgang på fornybare ressursar og ein industri- og kompetansebase som er godt eigna til å utnytte dette potensialet. Ein berekraftig bruk av norske naturressursar er avgjerande for å legge til rette for framtidig verdiskaping, arbeidsplassar og busetnad over heile landet. Samtidig som det trengst areal for å dekke etterspørselen etter fornybar kraft, er endra arealbruk den faktoren som har størst negativ påverknad på natur i Noreg i dag. Klima og natur må sjåast i samanheng, slik at viktige natur- og økosystem ikkje går tapt for å nå klimamål. Omsynet til jordvern må også takast vare på. Å oppretthalde natur kan vere eit viktig klimatiltak som gjer oss meir robuste mot klimaendringar. Avgjerder om endra arealbruk må ta omsyn til slike konsekvensar for miljø og lokalsamfunn og basere seg på heilskaplege avvegingar som sikrar at utbygging av fornybar energi blir gjennomført på ein berekraftig måte.

Mål 13: Stoppe klimaendringane

Regjeringas klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljømåla. Fagproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet inneheld ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er ein integrert del av den norske petroleumsverksemda og kraftproduksjonen. Regjeringa vil at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energibruk og produksjon av fornybar energi. Regjeringa vil fremme ein effektiv, klima- og miljøvennleg og sikker energiproduksjon og sikre ei berekraftig forvaltning av naturen.

Delmål 13.1) Styrke evna til å stå imot og tilpasse seg klimarelaterte farar og naturkatastrofar i alle land

Departementet vil gjennomgå rammene for førebygging av flaum- og skredskadar i samband med at regjeringa har varsla at dei vil legge fram for Stortinget ei ny melding om flaum og skred i 2024.

Nasjonalt bidrar NVE til å styrke evna til å stå imot og tilpasse seg klimarelaterte farar og naturkatastrofar gjennom arbeidet med kunnskapsbygging, kartlegging, sikring, arealplanbehandling og overvaking av naturfare. Eit av hovudmåla til NVE er å betre evna til å handtere flaum og skred.

NVE bidrar til å skaffe fram ny kunnskap om klimasystemet og effektar av klimaendringar på hydrologi, kryosfære og naturfare gjennom nasjonale og internasjonale FoU-prosjekt.

Statnett skal sørge for sikker drift og effektiv kraftforsyning, uansett vêr. Statnett arbeider målretta med å auke kunnskapen om klimabelastning og klimaendringar og med å utvikle metodar og teknologi for å bygge pålitelege anlegg i straumforsyninga.

Delmål 13.2) Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå

CO2-handtering: Regjeringas satsing på fangst, transport og lagring av CO2 er eit klimatiltak som vil redusere klimagassutslepp og utvikle teknologi for CO2-handtering.

Regjeringa har sett i gang prosjektet Langskip, eit prosjekt for å fange, transportere og lagre CO2. Gjennom Langskip-prosjektet bidrar Noreg til å utvikle CO2-handtering som eit effektivt klimatiltak og til teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv, jf. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030.

På vegner av staten fremmer Gassnova teknologiutvikling, kompetansebygging og kostnadseffektive løysingar for CO2-handtering – nasjonalt og internasjonalt.

SF6 i kraftbransjen: Ei stor klimautfordring i kraftbransjen er bruken av den potente klimagassen SF6, som blir brukt som isolasjons- og sløkkemiddel i kapslande anlegg (GIS-anlegg) og i andre komponentar som for eksempel effektbrytarar. Statnett har stor merksemd på å redusere lekkasje av SF6-gass frå anlegga sine og har sett i verk fleire tiltak. Det går både på forbetring av vedlikehaldsrutinar og teknologikvalifisering av alternative gassar. Statnetts mål er å redusere utslepp av den totale behaldninga SF6-gass til 0,15 prosent innan 2025. I 2021 var utsleppsraten på 0,17 prosent, ein reduksjon frå 2020.

Mål 15: Verne, tilbakeføre og fremme berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald

Delmål 15.1) Innan 2020 bevare og rette opp berekraftig bruk av ferskvassbaserte økosystem og tenester som nyttar seg av desse økosystema, på land og i innlandsområde, særleg skogar, våtmarker, fjell og tørre område

Regjeringa legg i dei regionale vassforvaltningsplanane til rette for å verne om og bruke elver, innsjøar, grunnvatn og kystvatn på ein berekraftig måte. Samordninga mellom ulike sektormyndigheiter og myndigheitsnivå i vassplanarbeidet sikrar ei felles forståing av tilstanden til og påverknaden på vassmiljøet og av rammer for miljømål, prioriteringar og tiltaksbehov. Planane tar vare på vassmiljøet si evne til å levere økosystemtenester som reint drikkevatn, god kvalitet på badevatn, trygg sjømat, fiske, rekreasjon og turisme, samtidig som ein sikrar det langsiktige grunnlaget for verdiskaping og næringsutvikling. Robuste vassøkosystem kan også dempe effekten av klimaendringane for eksempel i form av flaumdemping, overvasshandtering og vassreinsing. Regjeringa arbeider med å styrke norsk vassforvaltning gjennom ein samordna innsats mellom involverte sektorar for å følge opp tiltak i vassforvaltningsplanane.

Delmål 15.5) Sette i verk omgåande og omfattande tiltak for å redusere øydelegginga av habitat, stanse tap av biologisk mangfald og innan 2020 verne trua artar og hindre at dei døyr ut

Arealendringar er den største trusselen mot naturmangfaldet. Utbygging og drift av produksjonsanlegg med tilhøyrande infrastruktur påverkar det biologiske mangfaldet gjennom fragmentering og degradering av leveområdet til artane. I konsesjonsprosessane blir det gjort aktive arealval for å unngå dei mest sårbare naturområda. Konsesjonane som blir gitt i dag, inneheld krav om fleire avbøtande tiltak på miljø, for eksempel slepp av minstevassføring for vasskraftanlegg. Vidare får eksisterande vasskraftanlegg oppjusterte miljøvilkår i tråd med ny kunnskap. I tillegg jobbar regjeringa aktivt med å forbetre kunnskapsgrunnlaget for konsesjonsbehandlinga.

Statnett arbeider aktivt for å redusere negativ påverknad frå naturinngrep. Fram mot 2030 vil Statnett aktivt legge til rette for naturmangfald i og rundt anlegga sine, og dette skal vere ein integrert del av planlegginga og drifta av anlegga. Statnett tar omsyn til naturtypar og artar ved planlegging, val av løysingar og under bygging og drift av anlegg. Der det ikkje er mogleg å unngå å påverke naturmangfaldet, blir det sett inn tiltak for å avgrense eller avbøte verknader frå anleggsverksemda.

Som ein del av opningsprosessen, ein heilskapleg plan for naturkartlegging og mellom anna førebuing til havvindutlysinga i 2025 foreslår Olje- og energidepartementet å gjennomføre feltundersøkingar som aukar kunnskapsnivået om naturmangfald og miljø i dei områda som er aktuelle for utlysing i 2025. Undersøkingane vil dekke naturmangfald over vatn, på sjøbotnen og i havkolonnen.

7 Sikkerheits- og beredskapsarbeid

Olje- og energidepartementet (OED) har ansvar for eigen beredskap og skal vere klar til å delta i ei sentral handtering ved nasjonale kriser.

Departementet har også det overordna ansvaret for den kritiske samfunnsfunksjonen kraftforsyning. Forhold knytte til den aktuelle kraftsituasjonen er omtalte i kapittel 7.2 «Ei sikker kraftforsyning». OED har vidare ansvar og oppgåver knytte til å førebygge skade som følge av dambrot, flaum og skred.

Departementet har sektoransvar for olje- og gassaktivitetane under petroleumslova. Departementet har også sektoransvar for aktiviteten under forskrift om utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring og transport av CO2 på kontinentalsokkelen og havbotnminerallova.

Ved kongeleg resolusjon 11. mai og 20. juni 2023 overtok Olje- og energidepartementet ansvaret for etatsstyringa av Havindustritilsynet og forvaltningsansvaret for arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring etter petroleumslova, havenergilova, havbotnminerallova og når det gjeld transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen.

7.1 Arbeidet med oppfølging av sikkerheitslova

Lov om nasjonal sikkerheit (sikkerheitslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å trygge dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebygge, avdekke og motverke verksemd som truar sikkerheita. Departementa skal identifisere eventuelle grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde. Verksemder av avgjerande betydning for GNF blir underlagde sikkerheitslova, og nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betyding, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som krevst for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan også bli endra. OED har identifisert desse grunnleggande nasjonale funksjonane innanfor sitt sektoransvar:

  • GNF 1: nasjonal kraftforsyning som representerer ein samla nasjonal funksjon og er å forstå som kraftsystemet på nasjonalt nivå

  • GNF 2: OEDs verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit, som omfattar departementets rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggande verksemder

  • GNF 3: kontroll med utvinning av petroleum på norsk sokkel

  • GNF 4: transport av gass i røyr til Europa

Dei identifiserte GNF-ane er melde inn til Nasjonal sikkerheitsmyndigheit. Departementet har identifisert verksemder som er av vesentleg eller avgjerande betydning for GNF-ane. Verksemdene som er identifisert for GNF-ane 3 og 4, er underlagd sikkerheitslova, har gjennomført omfattande skadevurderingar for si verksemd og er no i gang med å vurdere klassifisering. Departementet vil på bakgrunn av dette arbeidet gjere vedtak om klassifisering i tråd med sikkerheitslova.

NVE er etter sikkerheitslova peika ut som sektortilsyn for kraftsektoren.

Havindustritilsynet er etter sikkerheitslova peika ut som sektortilsyn for petroleumsverksemda.

OED vil følge opp eventuelle avhengnader som blir melde inn frå andre departement.

7.2 Ei sikker kraftforsyning

Eit overordna mål for energi- og vassressursområdet er å legge til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning. Målet om ei sikker kraftforsyning dreier seg om å oppretthalde og betre forsyningssikkerheita, minimere konsekvensane av avbrot og gjenopprette forsyninga på ein effektiv måte. Kraftforsyninga er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne oppretthalde normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er også av stor verdi når det gjeld å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar og å oppretthalde forsvarsevna under beredskap og i krig.

Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, som er beredskapsmyndigheit etter energilova kapittel 9. NVE leiar Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der einingane i kraftforsyninga deltar. Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å sette i verk nødvendige tiltak. Som ein del av arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap knytt til samfunnssikkerheitsinstruksen gjorde departementet ei vurdering av tilstanden i kraftforsyninga i Prop. 1 S (2021–2022).

For å rapportere om status og tilstanden i kraftforsyninga har NVE på oppdrag frå departementet utarbeidd statistikk og indikatorar som seier noko om tilstanden i kraftforsyninga over tid. Nokre av indikatorane baserer seg på statistikk og data, medan andre er baserte på resultat frå analysar, tilsyn og andre erfaringar. Avbrotsstatistikken viser at i dei siste ti åra har ein gjennomsnittleg norsk sluttbrukar opplevd at straumen er vekke i meir enn tre minutt to gonger i året, totalt litt over ein og ein halv time. Feilstatistikken viser at trefall, vind, lyn og snø/is var dei viktigaste eksterne årsakene til avbrot i perioden 2017–2022.

KBO-einingane rapporterer årleg om ikkje-ønskte hendingar. Dei vanlegaste er innan informasjonssikkerheit, utfordrande vêr, innbrot/hærverk/tjuveri og teknisk svikt. Særleg har talet på uønskte hendingar innan informasjonssikkerheit auka mykje dei siste to åra. Denne kategorien omfattar hendingar der kraftsensitiv informasjon har komme, eller kunne ha komme, på avvegar, og gjeld både digitale og papirbaserte system. Dei fleste hendingar med uønskt interesse for kraftforsyninga er vurderte til å ha små konsekvensar ettersom KBO har hatt gode rutinar for å følge opp slike hendingar. NVE vurderer det samtidig slik at det framover er viktig å bidra til å sørge for at IKT-hendingar ikkje gir ein auka risiko for kraftforsyninga.

Resultat frå tilsyn viser at dei vanlegaste avvika i verksemdene er manglar i rutinane som gjeld risikovurdering, beredskapsplanlegging, øving, evaluering og internkontrollsystem. Samtidig meiner NVE at det over tid har skjedd ei forbetring av kvaliteten, og at verksemdene har større eigarskap til rutinane på dette området. NVE opplyser også at dei ved tilsyn finn fleire avvik når det gjeld digitale informasjonssystem, men at dette har samanheng med at dei no har betre verktøy til hjelp i tilsynsarbeidet. Ifølge NVE har verksemdene dei siste åra skaffa seg større kompetanse innan IKT-sikkerheit og investert i teknologi som sikrar deira eigne datasystem betre.

Ein svakare ressurssituasjon enn normalt i Sør-Noreg frå vinteren 2021 til vinteren 2022, i kombinasjon med ein uoversiktleg energisituasjon i Europa, førte til at energimyndigheitene følgde situasjonen tettare enn vanleg. I tillegg til å publisere rapportar om kraftsituasjonen kvar veke innførte NVE ei mellombels rapporteringsordning for store vasskraftprodusentar i sørlege delar av Noreg. Ordninga gav energimyndigheitene eit godt grunnlag for å vurdere ressurssituasjonen og faren for kraftrasjonering. Ved ein energimangel har energimyndigheitene særskilde tiltak å sette i verk for å redusere faren for rasjonering. I dei ytste tilfella kan departementet innføre rasjonering. Som rasjoneringsmyndigheit har NVE det siste året informert om risiko for, og tiltak ved, rasjonering i møte med statsforvaltarar og andre. Erfaringar frå kraftsituasjonen i perioden 2021–2022 resulterte i at energimyndigheitene i juni 2023 sende på høyring fleire forslag til lov- og forskriftsendring som skulle bidra til å styrke forsyningssikkerheita.

Som følge av krigen i Ukraina har NVE vore i beredskapsnivået «auka aktsemd» sidan 2022. NVE har oppgradert oversikta over kva kraftforsyningsobjekt det er viktigast å verne. NVE har bedt enkelte KBO-einingar om å gå gjennom reparasjonsberedskapen sin og vurdere på nytt gjenopprettingstider ved ulike scenario.

Arbeid med sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga vil vere viktig også som følge av den sikkerheitspolitiske situasjonen og klimaendringar. Meir elektrifisering, ikkje-regulerbar produksjon og meir bruk av digital teknologi gjer at sårbarheita endrar seg. NVE arbeider med ein oppdatert risikoanalyse for ulike scenario som vil påverke kraftforsyninga dersom dei inntreffer, som saman med anna rapportering når det gjeld samfunnssikkerheit, vil danne grunnlag for energimyndigheitene til å vurdere behovet for nye tiltak.

Slik ressurssituasjonen er no, er rasjonering lite truleg, og ressurssituasjonen i Noreg er god inn mot neste vinter. Statistikken er stabil og viser påliteleg levering og få avbrot. Departementet vurderer det slik at dette, saman med dei andre indikatorane som er gjennomgått, dannar eit godt grunnlag for å slå fast at tilstanden i kraftforsyninga er god. Ein kan likevel aldri garantere at det ikkje vil førekomme avbrot, og dette må ein ta høgde for i samfunnsplanlegginga. Aktørar som er heilt avhengige av ei straumforsyning utan avbrot, må sjølve sørge for beredskap gjennom naudstraumaggregat eller andre løysingar. Dette gjeld særskilt verksemder som er underlagde sikkerheitslova, og som er kritisk avhengige av straum.

7.3 Skred og vassdrag

Ansvaret for gjennomføringa av statlege oppgåver med å førebygge skade som følge av dambrot, flaum og skred er delegert til NVE.

NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, bygger og driv vassdragsanlegg slik at sikkerheita for menneske, miljø og eigedom blir tatt vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigarar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan også sjølv sette i verk tiltak når det er særskild fare for alvorleg skade.

NVE gir hjelp til og rettleiar kommunane i å førebygge skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartlegge og informere om fareområde, gi faglege råd og retningslinjer for kommunal arealplanlegging, fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak og overvake og varsle om flaum- og skredfare. I tillegg gir NVE råd til kommunane og politiet i beredskaps- og krisesituasjonar.

7.4 Petroleumsverksemda

Havindustritilsynet har ansvaret for å følge opp og vareta samfunnssikkerheit, sikring og beredskap innan eige myndigheitsområde, mellom anna føre tilsyn med at aktørane i petroleumsverksemda tar ansvar for å førebygge og handtere risiko og sikkerheitskritiske forhold som påverkar sikkerheit, storulykkerisiko og sikring i petroleumsverksemda på norsk sokkel og ved nærmare angitte landanlegg. Tilsynet gir aktørane rettleiing og informasjon og fører tilsyn med at dei tar ansvar i tråd med regelverket.

Petroleumsregelverket stiller strenge krav til innsatsen hos dei enkelte selskapa. Styring av storulykkerisiko skal vere ein integrert del av aktiviteten til selskapa. Petroleumslova pålegg rettshavarane og operatørane i petroleumsverksemda eit sjølvstendig ansvar for beredskap mot fare- og ulykkessituasjonar og for å sjå til at underentreprenørar mv. oppfyller krava til beredskaps- og sikkerheitstiltak. Operatøren har også ansvar for å rapportere om uønskte hendingar til Havindustritilsynet og andre involverte etatar. Havindustritilsynet har ei beredskapsvaktordning som varslar vidare til andre myndigheiter og sikrar effektiv oppfølging av eige ansvarsområde i krisesituasjonar.

Det er aktørane i næringa som er ansvarlege for at verksemda til ei kvar tid er forsvarleg og i tråd med regelverket. Rettshavarar og andre som deltar i petroleumsverksemda, skal til ei kvar tid oppretthalde ein effektiv beredskap med sikte på å møte fare- og ulykkessituasjonar som kan føre til tap av menneskeliv eller personskade, forureining eller stor materiell skade. Rettshavarane skal også sette i verk og oppretthalde sikringstiltak for å bidra til å hindre bevisste anslag mot innretningar og ha beredskapsplanar for dette.

7.5 Sentral krisehandtering og departementets eigen beredskap

I Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnssikkerheitsinstruksen) er det stilt krav til arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap i departementa.

Departementet skal gjennom eit godt eigna beredskapsplanverk, robust organisering og hyppige og relevante øvingar vere førebudd på å møte alle typar kriser i eigen sektor. Vidare skal departementet effektivt og profesjonelt kunne yte bistand til andre departement og, når det trengst, ta rolla som leiardepartement.

OEDs planverk for krisehandtering dekker ulike typar kriser som OED kan bli involvert i, både i sektoren og ved kriser som gjeld departementet sjølv.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gjennomførte på vegne av Justis- og beredskapsdepartementet tilsyn med OED i perioden frå juni 2019 til januar 2020. Tilsynet blei ført etter Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet. DSB konkluderte med at OED har stor merksemd på samfunnssikkerheit, men fann tre brot på krav i instruksen som gjaldt øvingar og evaluering. For å svare ut funna i tilsynet har OED vidareutvikla øvingsplanen, tatt initiativ til øvingar, utarbeidd ein metodikk for å evaluere og følge opp øvingar og hendingar og i 2022 gjennomført ei tverrdepartemental øving innanfor kraftforsyning. Brota på krava i instruksen er lukka, og tilsynet er lukka av Justis- og beredskapsdepartementet i 2023.

8 Likestilling og mangfald

Etter lov om likestilling og forbud mot diskriminering er arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Olje- og energidepartementet gjer her greie for tilstanden i departementet.

Omtale av arbeid med likestilling og mangfald i Sokkeldirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat ligg i årsrapportane frå etatane. For Havindustritilsynet er rapporteringa offentleggjord på nettsida deira.

8.1 Tilstanden for likestilling mellom kjønna

Likestillingsperspektivet er forankra i personalpolitikken, lønnspolitikken og tilpassingsavtalen. Likestilling er ein integrert del av verksemda som departementet arbeider systematisk med:

  • Den enkelte leiaren skal følge opp at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og same høve til fagleg og personleg utvikling i departementet.

  • Kompetansegivande oppgåver og tiltak skal fordelast slik at dei bidrar til likestilling mellom kvinner og menn.

  • Departementet skal ha ein lønnspolitikk som bidrar til å fjerne eventuelle kjønnsrelaterte lønnsforskjellar på alle nivå.

  • Omsynet til likestilling skal vere eit av kriteria som blir lagde til grunn ved rekruttering til ledige leiarstillingar.

  • Den årlege personalstatistikken skal gi ei oversikt over aktuelle likestillingsrelaterte spørsmål i departementet.

  • Den likestillingstillitsvalde skal bidra til at intensjonane og føresegnene i hovudavtalen, tilpassingsavtalen og likestillingslova blir følgde opp.

Tabell 8.1 Tilstanden for kjønnslikestilling per 31.12.2022, samanlikna med tilstandsrapporteringa per 31.12.2021

Stillingsgruppe

År

Kjønnsfordeling på ulike stillingsgrupper

Gjennomsnittslønn/ Lønnsforskjellar

Kvinner

Menn

Kroner per år, kvinner

Kroner per år, menn

Kvinners lønn/ menns lønn

Totalt

2022

81

72

734 082

850 785

86,28

2021

76

79

705 020

830 028

84,94

Departementsråd/ ekspedisjonssjef

2022

2

4

1 432 122

1 511 753

94,73

2021

1

4

-

1 519 000

-

Avdelingsdirektør

2022

7

15

1 091 291

1 104 552

98,80

2021

6

16

1 091 420

1 087 296

100,38

Fagdirektør

2022

-

2

-

987 986

-

2021

2

2

802 784

944 307

85,01

Underdirektør

2022

12

13

851 516

842 098

101,12

2021

13

15

804 034

803 092

100,12

Utgreiingsleiar

2022

8

3

788 976

859 003

91,85

2021

6

5

757 582

790 534

95,83

Seniorrådgivar

2022

39

24

657 365

695 458

94,52

2021

38

27

625 474

663 946

94,21

Rådgivar

2022

9

5

560 303

556 549

100,67

2021

10

5

524 948

520 035

100,94

Førstekonsulent

2022

6

9

516 667

521 388

99,09

2021

-

3

-

483 700

-

Tilsette i ulønt permisjon er rekna med i oversikta over lønnsforskjellar. Kategoriar med berre éin tilsett er ikkje med.

Tabell 8.2 Kjønnsbalanse

Kjønnsbalanse

(antal tilsette)

Mellombels tilsette per 31.12.2022

(antal tilsette)

Foreldrepermisjon i 2022

(antal tilsette)

Faktisk deltid per 31.12.2022

(antal tilsette)

Sjukefråvær 2022

(prosentandel av tilsette)

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

81

72

4

3

5

2

1

2

6,3

1,0

Det samla sjukefråværet var på 3,8 prosent i 2022, mot 2,8 prosent i 2021.

8.2 Om arbeidet med å oppfylle aktivitetsplikta

I 2020 og 2021 jobba ei partssamansett arbeidsgruppe i departementet med å vurdere likestillingssituasjonen i OED, mellom anna ved å identifisere moglege hinder for likestilling, vurdere årsakene og definere mål og tiltak. Det blei fokusert spesielt på skeiv kjønnsfordeling når det gjeld leiarar i departementet, i tillegg til utfordringar knytte til arbeidsbelastning, tilrettelegging for fagleg utvikling og omsorgsoppgåver. Det er ikkje identifisert nye utfordringar.

8.2.1 Rekruttering

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Mangfaldserklæringa går fram av utlysingsteksten når OED lyser ut ledige stillingar.

Det er eit mål å oppretthalde jamn kjønnsbalanse i departementet og få ei kjønnsfordeling på leiarnivå i tråd med denne. Departementet oppfordrar kvinner til å søke leiarstillingar og følger opp at kvalifiserte kvinner blir vurderte på same måte som kvalifiserte menn. Den likestillingstillitsvalde får kunngjeringstekstar på leiarnivå til uttale. OED ønsker å rekruttere fleire tilsette med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en, men opplever at det er få fagleg kvalifiserte søkarar i målgruppa. Departementet har gjennomgått rekrutteringsprosessen med fokus på inkludering, vurderer krav til norsk og innhald i stillingar som blir lyste ut, og bruker kanalar for annonsering som rettar seg mot målgruppa.

8.2.2 Tilrettelegging

I arbeidet med aktivitets- og utgreiingsplikta blei det avdekt at moglegheitene for tilrettelegging ikkje var godt nok kommuniserte til dei tilsette. Departementet legg til rette ved konkrete behov. Tilrettelegging er ein del av dei interne retningslinjene for personalpolitikken og kommunisert i dialog med leiarar/medarbeidarar.

8.2.3 Balanse mellom jobb og fritid

For å bidra til at medarbeidarar og leiarar har ei tilfredsstillande arbeidsbelastning, blir det oppfordra til ein gjennomgang av fordelinga av oppgåvene i seksjonar/avdelingar. Arbeidsbelastning har vore tema i møte i Arbeidsmiljøutvalet, og overtidsbruken blir gjennomgått.

8.2.4 Lønns- og arbeidsvilkår

Målet er å sikre kjønnsnøytral og lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi.

Lønnsstatistikken viser at menn samla sett har høgare snittlønn enn kvinner. Årsakene er samansette, men alderssamansetning og ansiennitet er noko av forklaringa. Tiltak for å sikre likelønn er nedfelte i personalpolitikken, lønnspolitikken og tilpassingsavtalen. Det blir gjort likelønnsvurderingar før dei årlege lokale lønnsforhandlingane, baserte på kjønnsdelt lønnsstatistikk. For å gjere objektive vurderingar under dei lokale forhandlingane blir vurderingskriterium for lønnsfastsetting i den lokale lønnspolitikken i departementet nytta.

8.2.5 Forfremming og utvikling

Målet er å sikre fagleg og personleg utvikling for alle tilsette. Den enkelte leiaren har hovudansvaret for at dei tilsette får nødvendig kompetanse til å utføre arbeidsoppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte. I prosjekt der saksbehandlarar får leiaransvar, skal det leggast særleg vekt på å gi kvinner høve til leiareksponering.

8.2.6 Arbeidsmiljø

Arbeidsmiljøundersøkingar og medarbeidarsamtalar skal gi informasjon om arbeidsmiljøet i departementet og mellom anna bidra til å avdekke eventuelle tilfelle av trakassering. Departementet har eigne varslingsrutinar i medhald av arbeidsmiljølova, har månadlege møte med lokale partar i departementet og følger lov- og avtaleverket knytt til verneombod, helseteneste o.a.

9 Tilsettingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak under Olje- og energidepartementet

9.1 Gassnova SF

Administrerande direktør Roy Vardheim hadde ei lønn på 2 111 671 kroner i 2022. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var på 350 514 kroner.

Pensjonsordninga i føretaket omfattar alle tilsette og er basert på Statens pensjonskasses til kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense. Samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 prosent av lønna, avgrensa opp til 12 G.

Den gjensidige oppseiingstida er seks månader. Vardheim har ikkje avtale om etterlønn.

9.2 Statnett SF

Konsernsjef Hilde Tonne hadde ei lønn på 5 277 352 kroner i 2022. I tillegg fekk ho 192 653 kroner i anna godtgjering. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var på 189 584 kroner.

Konsernsjefen deltar i Statnetts kollektive innskotspensjonsordning etter dei vilkåra som til kvar tid gjeld. Pensjonsgrunnlaget for alderspensjon overstig ikkje 12 G. Oppteningsalderen er 70 år.

Konsernsjefen har avtale om 12 månaders etterlønn inkludert oppseiingstida ved oppseiing frå selskapet si side.

9.3 Gassco AS

Administrerande direktør Frode Leversund hadde ei lønn på 3 750 000 kroner i 2022. I tillegg fekk han 287 000 kroner i variabel lønn og 53 000 kroner i anna godtgjering. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var på 349 000 kroner.

Administrerande direktør deltar på linje med andre tilsette i ei kollektiv bonusordning som kan gi inntil 10 prosent av fastlønna i bonus dersom selskapet oppnår avtalte mål. Leversund har ei ytingsbasert pensjonsordning. Oppteningsalderen er 67 år. Han har ikkje pensjonsopptening for lønn over 12 G.

Den gjensidige oppseiingstida er seks månader der anna ikkje følger av gjeldande lovverk. Leversund har ikkje avtale om etterlønn.

Fotnotar

1.

Hadde dei berekningstekniske prisane i Nasjonalbudsjettet vore lagt til grunn, ville verdiane vore høvesvis om lag 1 200 mrd. kroner, 1 400 mrd. kroner og 29 prosent.
Til forsida