Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

8 Omtale av sektorovergripande klima- og miljøsaker

8.1 Klima- og miljøpolitikk i departementa

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalte i kapittel 2 og verkemiddel innanfor ansvarsområda til andre departement.

Dette kapittelet handlar om klima- og miljøinnsatsen til regjeringa og tiltak og prioriteringar i andre departement.

Klima- og miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeidet for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samstundes er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå klima- og miljømåla.

8.1.1 Arbeids- og sosialdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Førebygging av ulykker og uønskte hendingar som kan føre til forureining frå petroleumsverksemda, utgjer eit viktig bidrag i samband med det heilskaplege arbeidet til regjeringa med klima og miljø.

Dei same faktorane som førebyggjer personskadar og storulykker, vil ofte òg kunne bidra til å førebyggje ulykker som kan medføre forureining knytt til petroleumsverksemda. Ulykker kan ramme både menneske, miljø og materielle verdiar, og det er dei same førebyggingsmekanismane som kan hindre ulykker uavhengig av kva som kan bli ramma. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at krava til helse, miljø, tryggleik og trygging blir følgde opp.

Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø, tryggleik og trygging. I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Det er dessutan stilt strenge krav til HMS-styring for å sikre at tiltak for å førebyggje og stanse ulykker er tilpassa eigenarten til den enkelte verksemda, stadlege forhold og operasjonelle føresetnader. Tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utførte av Havindustritilsynet. Oppfølginga Havindustritilsynet gjer av tryggleiken, medverkar til at aktørane set i verk effektive tiltak for å førebyggje, avgrense og stanse ulykker, inkludert ulykker som kan føre til forureining til sjø, luft og til havbotnen. Dette bidreg til å byggje opp om dei nasjonale målsetjingane i klima- og miljøpolitikken.

Rapport 2022

Havindustritilsynet gjev årleg ut Risikonivå i norsk petroleumsverksemd, akutte utslepp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvaker Havindustritilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har, eller kunne ha, ført til akutt forureining. Dette arbeidet gjev viktig informasjon for å kunne betre effekten av tryggingsarbeid og dermed kunne førebyggje hendingar som kan gje akutt forureining på norsk sokkel.

Med bakgrunn i totalbiletet frå RNNP-rapportar kombinert med erfaringar frå tilsyn har Havindustritilsynet dei siste åra retta merksemda si særleg mot tre område: førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. I 2022 vart desse prioriteringane lagde til grunn i Havindustritilsynet si oppfølging av petroleumsselskapa, og i styresmaktssamarbeidet om tilsyn, regelverksutvikling og forvaltningsplan for norske havområde.

RNNP-AU 2022 per juni viser så langt inga tydeleg betring når det gjeld typar hendingar med potensial for forureining på norsk sokkel. Læring frå hendingar med potensial for forureining er viktig fordi det gjev kunnskap om årsakene til utslepp og om barrierar som har innverknad på førebygging av alle typar hendingar, både dei med potensial for personskadar og dei med potensial for forureining.

Utviklinga for indikatoren når det gjeld talet på hendingar med akutte råoljeutslepp, viser ein positiv trend totalt sett i perioden 2005–2021. Den nedgåande trenden viser likevel ei utflating med variasjon i siste halvdelen av perioden. I 2022 var talet på akutte oljeutslepp på same nivået som året før og på sitt høgaste sidan 2011. Det er for tidleg å seie om den negative utviklinga representerer ein trend.

For talet på tilløpshendingar med storulykkepotensial ser vi at det totalt sett er ein nedgåande trend mellom 2005 og 2013. Denne utviklinga kan i hovudsak forklarast med nedgangen i hendingar med passerande skip på kollisjonskurs. Det er ein svak auke i denne type hendingar mellom 2013 og 2015. Etter 2015 har verdiane vore på eit jamt nivå.

Talet på hendingar med kjemikalieutslepp har variert rundt eit relativt stabilt nivå i perioden, men kan synast å ha ein aukande trend dei siste åra. Den årlege utsleppsmengda av kjemikaliar på norsk sokkel har også variert gjennom perioden frå 2005 til 2020. Trass i 194 faktiske utsleppshendingar i 2022 er utsleppsmengda låg samanlikna med enkelte tidlegare år, deriblant 2020 som hadde fleire store utslepp. Akutte kjemikalieutslepp er framleis den dominerande typen utslepp i norsk petroleumsverksemd, både når det gjeld talet på utslepp og årlege utsleppsmengder.

Plan for vidare arbeid

Havindustritilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte tryggingsregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag, som blir følgt opp i tilsyn, trepartsforum og i samarbeid med andre styresmakter. Havindustritilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utviklinga og oppfølginga av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.

8.1.2 Barne- og familiedepartementet

Omtale av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

I dei seinaste tiåra har forbruket til norske hushald auka atskilleg. Direkte eller indirekte har alt forbruk klima- og miljøkonsekvensar.

Eit mål for forbrukarpolitikken er at forbrukarane skal kunne ta medvitne val når dei handlar. Betre informasjon om kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester kan ha, kan gjere det enklare å velje produkt som belastar miljøet og ressursane mindre. Ved i større grad å spørje etter slike varer og tenester kan forbrukarane påverke næringsdrivande til å ta meir omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

Barne- og familiedepartementet arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljøaspekta og dei etiske aspekta ved forbruket. Viktige verkemiddel er dei offisielle miljømerka den nordiske Svanen og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking).

Rapport for 2022–2023

På den norske marknaden gjekk talet på svanemerkte produkt noko ned frå 2021 til 2022 (frå 32 308 til 31 316). Produktgruppa tonerkassettar stod for den største nedgangen med meir enn 50 pst. reduksjon. For produktgruppene elles auka talet med 20 pst. Størst auke var det for møblar og innreiing, følgt av tekstilar, innandørs måling og lakk og hygieneprodukt.

I ei undersøking i 2022 svarte 93 pst. av respondentane at dei hadde kjennskap til Svanen. 24 pst. svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel. Utbreidd kjennskap til miljømerka tyder på at mange veit at merka gjev god rettleiing om kva forbruksval som er mindre miljøbelastande og meir berekraftige.

I strategien om sirkulær økonomi frå 2021 vart det bestemt å etablere eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Formålet er å samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis. Hausten 2022 lanserte Forbrukarrådet kontaktpunktet i form av ei ny teneste med produkttestar som legg vekt på berekraft. Forbrukarrådet arbeidde i 2023 vidare med å utvikle kontaktpunktet.

Det grøne skiftet har høg prioritet i EU. Fleire studiar tyder på at forbrukarane ønskjer eit meir berekraftig forbruk, men at dei manglar god og påliteleg informasjon. EU-kommisjonen la i mars 2022 fram forslag til regelverk om forbrukarvern i det grøne skiftet. Formålet med forslaget er å styrkje forbrukarrettane knytte til informasjon om miljøaspekt og dels sosiale aspekt ved varer og tenester og med det leggje til rette for meir berekraftige forbruksval. Barne- og familiedepartementet sende forslaget på høyring i juni 2022 og har formidla praktiske innspel til EU-kommisjonen.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. Barne- og familiedepartementet førte i 2022 vidare arbeidet med å fremje undervisning i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette. Barne- og familiedepartementet samarbeidde med Høgskulen i innlandet og med Ungt Entreprenørskap om desse spørsmåla. Departementet vil i 2024 arbeide vidare med å fremje undervisning i forbrukaremne som tek opp spørsmål knytte til berekraftig forbruk og utvikling.

I 2017 vart det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom det daverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet og dei største organisasjonane i matbransjen. Med bakgrunn i bransjeavtalen har Barne- og familiedepartementet i 2022 og 2023 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som formål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå Barne- og familiedepartementet går til tiltak for å redusere matsvinn blant forbrukarane.

Plan for vidare arbeid

I 2024 vil Barne- og familiedepartementet arbeide vidare med å gjere det enkelt for forbrukarane å ta miljømedvitne val. Miljømerka Svanen og EU Ecolabel vil framleis vere dei sentrale verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking vil halde fram med å arbeide for at talet på produkt med miljømerke skal auke på den norske marknaden, og vil informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte varer og tenester er enkle og trygge miljøval. Miljømerking verkar for å synleggjere Svanen som verktøy for å skape ein meir sirkulær og berekraftig økonomi, og det skal utviklast meir heilskaplege livsløpsvurderingar.

Departementet vil i 2024 følgje behandlinga i EU av forslag til regelverk om forbrukarvern i det grøne skiftet, inkludert endringsforslag frå Europaparlamentet og Rådet, og gje innspel dersom det trengst for å ta hand om norske interesser.

I mars 2023 la EU-kommisjonen fram forslag til regelverk som ytterlegare vil styrkje moglegheitene forbrukarane har til å få relevant og påliteleg informasjon om miljøaspekt knytte til varer og tenester. Etter forslaget vil det bli stilt strenge krav til underbygging og dokumentasjon av miljøpåstandar som blir brukte i marknadsføring, og til miljømerke. Nye reglar er venta å redusere utbreiinga av miljøpåstandar og miljømerke og vil i tillegg sikre at det som blir kommunisert til forbrukarane, er til å stole på. Barne- og familiedepartementet sende forslaget på høyring i april 2023 for å få innspel til norske posisjonar. Departementet vil i resten av 2023 og i 2024, i samarbeid med mellom anna Klima- og miljødepartementet, følgje behandlinga av forslaget i EU for å ta vare på norske interesser. Det vil òg bli vurdert om det er mogleg å få til ein felles posisjon frå dei tre EFTA/EØS-landa.

Barne- og familiedepartementet vil i 2024 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere sitt eige matsvinn.

Barne- og familiedepartementet har ikkje grunnlag for å seie noko om dei totale klima- og miljøeffektane av tiltaka over. Det er likevel gjort berekningar som viser at svanemerking har gunstige verknader på mellom anna utsleppa av klimagassar.

8.1.3 Finansdepartementet

Hovudverkemidla i norsk klimapolitikk er sektorovergripande verkemiddel i form av klimagassavgifter og omsetjelege utsleppskvotar. Om lag 85 pst. av norske utslepp er pålagde avgift eller kvoteplikt. Det generelle avgiftsnivået på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar er 952 kroner per tonn CO2 i 2023, og kvoteprisen er på rundt 980 kroner per tonn CO2. Både andelen utslepp som er prisa, og karbonprisen forureinarane står overfor, er høge samanlikna med i andre land.

I Prop. 1 LS Tillegg 1 (2021–2022) vart det varsla at regjeringa vil trappe opp avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar til om lag 2 000 2020-kroner i 2030. For å følgje opp dette foreslår regjeringa å auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp med 19 pst. utover prisstiginga i 2024. Det er konsistent med ei jamn opptrapping mot om lag 2 000 2020-kroner i 2030. Forslag om endringar elles i klimaavgiftene er omtalte i Prop. 1 LS (2023–2024).

8.1.4 Forsvarsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Klima- og miljøutfordringane i forsvarssektoren er spesielt knytte til bruken av materiell, i hovudsak fartøy og fly, for trening, øving og operativ verksemd for å halde i hevd den nasjonale forsvarsevna. Verksemda til Forsvaret kan påføre omgjevnadene både støyplager, skadar på natur og miljø og utslepp av klimagassar frå drivstoffbruk. Den omfattande bygningsmassen som forsvarssektoren har, fører dessutan til forbruk av energi til drift og oppvarming som direkte og indirekte gjev utslepp av klimagassar. Vidare utgjer også den indirekte verknaden ein stor del, frå mellom anna anskaffingar av eigedom, bygg og anlegg, materiell og tenester. Materiell kan vere alt frå kjemikaliar, uniformer og telt til komplekse materiellsystem som fly, fartøy og køyretøy. Samstundes forvaltar sektoren naturområde og kulturminne og kulturmiljø som gjev grunnlag for kunnskap, opplevingar og verdiskaping.

I ein krevjande tryggingspolitisk situasjon, og i lys av dei overordna måla for forsvarssektoren, må Forsvaret bruke materiellet, irekna fartøy og fly ein har investert i, og sørgje for å halde ved lag evna til å utføre Forsvarets oppdrag og oppgåver. Forsvarssektoren har eit samfunnsoppdrag som krev nødvendig trening, øving og nærvære. Ei generell opptrapping i aktiviteten til Forsvaret kan få klima- og miljømessige konsekvensar som mellom anna auka drivstofforbruk og auka belastning på øvingsareal. Det er ein ambisjon å skape eit godt øvingsutbytte samstundes som dei negative verknadene på omgjevnadene blir så små som mogleg. Forsvarssektoren jobbar breitt med prosessar i det heilskaplege verkemiddelapparatet som har som formål å redusere klimagassutslepp og miljøpåverknad.

Forsvarssektoren skal medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan nåast. Forsvarssektoren skal vidare støtte opp om Noregs bidrag til FNs klimamål under Parisavtalen og FNs berekraftsmål. I langtidsplanen for forsvarssektoren for 2021–2024, jf. Stortingets behandling av Innst. 87 S (2020–2021) til (Prop. 14 S (2020–2021), går det fram at forsvarssektoren skal arbeide samla for å tilpasse infrastruktur og materiell i takt med endra klima, redusere klimafotavtrykket, minimere negativ miljøpåverknad og vareta natur- og kulturverdiar knytte til dei samla aktivitetane i sektoren.

Etatane i sektoren bidreg breitt med ei rekkje tiltak som sørgjer for eit betre miljø. Det inkluderer mellom anna opprydding av tidlegare forureiningar av sjøbotn og skytefelt, å gjennomføre tiltak for å ta vare på naturmangfald og for å redusere energibruk og klimagassutslepp frå sektoren. Utfasinga av fossile brensel til oppvarming av bygningane til sektoren er i all hovudsak ferdig. Forsvaret bruker ulike simulatorar for fly, fartøy og køyretøy til øving og trening, noko som reduserer drivstofforbruk og dermed klimagassutsleppa samanlikna med berre skarp trening. Offentlege anskaffingar utgjer ein vesentleg del av Noregs totale klima- og miljøfotavtrykk. Anskaffingane forsvarssektoren gjer, skal difor vareta klima, miljø og samfunn i heile verdikjeda. Forsvarsetatane arbeider vidare med ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø i område sektoren eig og bruker, og har gode system for avfallshandtering. Kystvakta har ei viktig oppgåve med både miljø- og ressursoppsyn. Forsvarets miljøoffiserar og kompetansemiljø i etatane legg ned ein omfattande innsats for å redusere skadar på miljøet under utdanning og øvingar, og dei samarbeider i samband med det tett med sentrale og lokale styresmakter.

Forsvarssektoren er ein av dei største eigedomsforvaltarane i landet, med til dels store og svært varierte areal spreidde over heile landet. Store land- og sjøområde blir nytta som skyte- og øvingsfelt. Forsvarssektoren har gjennomført tiltak for å rydde opp i grunn og i sjøbotn som er forureina som følgje av verksemd frå tidlegare tider, følgt opp krav pålagde av miljøstyresmaktene på Forsvarets eigedom på land for å hindre forureinande aktivitet og teke omsyn til kartlagde miljøverdiar i skyte- og øvingsfelt både på land og i havet. Det blir gjennomført førebyggjande tiltak på eksisterande skyte- og øvingsfelt for at det i framtida skal leke ut mindre tungmetall og andre miljøfarlege stoff som følgje av Forsvarets ammunisjonsbruk. Det blir gjort kartlegging og sett i verk tiltak for å rydde opp forureining frå tidlegare tider på flyplassar og ved andre basar og anlegg.

Forsvarssektoren har ein eigen miljødatabase som verktøy for å registrere, overvake og rapportere miljøpåverknadene til etaten. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) gjev kvart år ut ein rapport med ein årleg miljø- og klimarekneskap for forsvarssektoren. Rekneskapen for 2022 er gjeven ut i rapport FFI-23/01120. Rapportane gjev mellom anna oversikt over resultat og utvikling for sentrale miljøaspekt over tid, som næringsavfall, energibruk, drivstofforbruk, ammunisjonsbruk, kjemikaliar. I tillegg blir utsleppa av klimagassar i forsvarssektoren presenterte i ein klimarekneskap.

Rapport for 2022–2023

Forsvaret, Forsvarsbygg, Forsvarsmateriell og FFI har hausten 2022 vedteke klima- og miljøstrategien for forsvarssektoren og har i etterkant utarbeidd ein tilhøyrande handlingsplan for klima og miljø. Handlingsplanen er ei forlenging av strategien og er ei detaljering av konkrete tiltak som skal kunne bidra til at måla i strategien blir nådde. Strategi og handlingsplan har målsetjingar og tiltak innanfor desse fem innsatsområda: 1) redusere energiforbruk og direkte klimagassutslepp, 2) minimere miljøpåverknaden og sørgje for eit giftfritt miljø, 3) bevare naturmangfald og sikre kulturhistoriske verdiar, 4) omlegging til sirkulær økonomi og berekraftige anskaffingar og 5) tilpasse verksemda til eit endra klima. Arbeidet med å gjennomføre fleire av tiltaka er starta.

Arbeidet med energieffektivisering i bygningane til sektoren har vore i gang i fleire år og vil halde fram. Dette blir mellom anna gjort gjennom energileiing for å optimalisere drifta av eigedommane, bygga og anlegga til sektoren og ved å gjere forsvarssektoren medviten om eige energiforbruk. I 2022 var energiforbruket 612 GWh, ei energiinnsparing på 18 GWh eller 2,9 pst. samanlikna med referanseåret 2020. Innsparinga kjem av auka vektlegging av energioptimalisering. Sektoren innførte strakstiltak hausten 2022 for å redusere energiforbruket for eigedom, bygg og anlegg på kort sikt. Strakstiltaka handla om å redusere innetemperatur, redusere eller skru av innetemperatur, redusere drift av bygga i feriar og inneklemte dagar og å sørgje for presis driftstid på ventilasjon. Forsvarsbygg investerte om lag 12 mill. kroner i energitiltak i 2022, som vil gje ein estimert energigevinst på 6,6 GWh. Sektoren investerer vidare i energitiltak, fører vidare strakstiltaka og gjennomfører ein haldningskampanje for å redusere energibruken.

Forsvarsbygg har i løpet av 2022 miljøsanert tre skyte- og øvingsfelt i tillegg til anna miljøsanering.

Sektoren, ved Forsvarsbygg, har implementert eit system for miljøoppfølgingsplanar som skal brukast på prosjekt. Denne set krav til miljøleiing, byggjeplass og uteområde, energi, attvinning og avfall, helse- og miljøfarlege stoff, materialkrav og utslepp til vatn, jord og luft. I løpet av 2022 har Forsvarsbygg publisert ei ny rettleiing for slike planar, som skal bidra til auka kunnskapsnivå og sikre ein forsvarleg og heilskapleg metodikk for å følgje opp miljømål og krav.

På NATO-toppmøtet i juni 2021 vart alliansen samd om å etablere eit Centre of Excellence (COE) for klimaendringar og tryggleik. Senteret skal bidra til å utvikle og dele kunnskap om kva for tryggleiksimplikasjonar klimaendringane har, utvikle løysingar for klimatilpassing og for korleis alliansen kan bidra til å redusere klimafotavtrykket frå militære aktivitetar. Noreg har vedteke å bidra ved å bemanne ei leiarstilling ved senteret og bidra økonomisk til drifta. Senteret har planlagt opning i Montreal i oktober 2023.

Sektoren arbeider kontinuerleg for å redusere utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein trussel mot helse og miljø, gjennom å framleis ha utfasing av farlege stoff ved substitusjon i fokus. Ein del av internkontrollarbeidet til Forsvarsbygg går ut på å dokumentere og overvake vasskvaliteten i bekker, elvar, innsjøar og sjøområde på areala Forsvaret bruker.

Areala som forsvarssektoren nyttar, skal brukast og forvaltast slik at naturmiljø og naturmangfald blir tekne vare på. Det vil seie at sektoren legg til rette aktivitetar slik at trua og nær trua artar og naturtypar blir bevarte. Sektoren bidreg mellom anna i oppfølginga av nasjonale strategiar og tiltaksplanar knytte til å vareta naturmangfald. Det blir jobba systematisk med å hindre negative konsekvensar for natur- og kulturverdiar i samband med Forsvarets øvingsverksemd og med miljøopprydding etter tidlegare militær aktivitet. Viktige naturverdiar på areala til forsvarssektoren blir sikra mellom anna gjennom utvikling av reguleringsplanar, der det blir sett av omsynssoner med avgrensingar for bruk. Forsvarsbygg utarbeider forvaltningsplanar for områda som inkluderer tilsyn og skjøtsel. Forsvarssektoren har gjennomført ei rekkje skjøtsels- og restaureringstiltak for trua natur. Det inkluderer gjennomført slått for å restaurere enger, tilpassa skjøtsel som legg til rette for pollinerande insekt, og å fjerne framande artar. Fleire lokasjonar i sektoren er kartlagde for framande arter det siste året.

Forsvarssektoren er ein stor forvaltar av norsk kulturarv og kulturmiljø og produserer eit mangfald av kulturopplevingar. Dei 14 nasjonale festningsverka til forsvarssektoren og fleire grensefestningsverk er attraktive arenaer for historie- og kulturformidling, reiseliv og rekreasjon. I 2022 hadde festningane om lag 3 mill. besøkjande.

Det blir gjort kartlegging, arkeologiske utgravingar og merking av arkeologiske kulturminne i områda til forsvarssektoren. Forsvarsbygg jobbar kontinuerleg med tilpassing og oppgradering slik at kulturminneverdiar og god funksjonalitet blir haldne ved lag.

Eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren blir tilpassa klimaendringar ved arealplanlegging og ved bygging og drift. Analysar av miljørisiko og omfattande miljøovervaking av tilstand er ein del av det førebyggjande arbeidet som er pålagt gjennom konsesjonar og løyve for verksemda til sektoren. Forsvarsbygg har i 2022 gjort miljørisikoanalysar på flystasjonane Ørland og Evenes, Jan Mayen og for fleire av skyte- og øvingsfelta. Basert på analysane har etaten laga handlingsplanar med tiltak som gjev lågare miljørisiko. Forsvarsbygg lagar også eigne leirplanar. Leirplanane styrkjer avgjerdsgrunnlaget for korleis areal skal disponerast. Forsvarsbygg har i desse søkt å identifisere tiltak for klimatilpassing, reduksjon av utslepp og for beskyttelse av areal som har viktig miljøverdi. Dette inneber til dømes å etablere vegetasjon på nytt i soner med flaum- eller rasfare. Det er også sett av omsynssoner for beskyttelse av miljø- og kulturverdiar og av omsyn til avrenning til vassdrag.

Plan for vidare arbeid

Forsvarssektoren skal bidra breitt til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan nåast, og etatane i sektoren vil gjennomføre ulike miljøtiltak i det kommande året. Dette går fram av årsrapportane til etatane og handlingsplanen for klima og miljø i sektoren. Tiltaka er forankra i klima- og miljøstrategien til forsvarssektoren. Implementeringa av tiltak styrkjer bidraget frå forsvarssektoren til eit betre miljø og klima. Det blir lagt opp til eit integrert samarbeid mellom forsvarsetatane. Dette vil gje ei god og heilskapleg breidd i klima- og miljøarbeidet forsvarssektoren gjer.

8.1.5 Helse- og omsorgsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Verdas helseorganisasjon slår fast at klimaendringane er ein av dei største helsetruslane vi står overfor globalt. I folkehelsemeldinga er klimaendringar trekte fram som eitt av tre område som vil ha svært mykje å seie for folkehelsearbeidet framover, også i Noreg.

Befolkninga i Noreg har generelt god helse, og helsemessig står vi relativt godt rusta mot verknader av klimaendringar. Likevel vil meir nedbør, hetebølgjer og tørkeperiodar få betydning for helsa vår. Klimaendringar kan påverke den fysiske og psykiske helsa i befolkninga på fleire måtar: frå luftvegs- og hjarte- og karsjukdom, allergi, skadar og død knytte til ekstreme vêrhendingar til endringar i utbreiing og geografisk fordeling av smittsame sjukdommar og antimikrobiell resistens. Klimaendringane kan også påverke evna vår til å produsere mat, mattryggleiken og tilgangen på reint drikkevatn. Samstundes bidreg matsystema med klimagassutslepp og redusert biologisk mangfald. Bekymring knytt til klimaendringane kan påverke den psykiske helsa. Klima- og miljøendringar vil påverke samfunn og befolkningsgrupper ulikt, og dei med lågast sosioøkonomisk bakgrunn og barn er dei mest sårbare.

Velfungerande matsystem og god forvaltning av desse er viktige for å sikre befolkninga tilgang til nok, trygg og sunn mat. Matsystema må bli meir berekraftige, samstundes som det må byggjast motstandsevne mot klimaendringar og andre truslar.

Å få befolkninga til å ete i samsvar med kostråda frå helsestyresmaktene vil ikkje berre vere bra for helsa, men også for klimaet. Generelt et nordmenn for lite frukt, bær, grønsaker, grove kornprodukt og fisk/sjømat og for mykje salt, tilsett sukker, metta feitt og raudt og tilarbeidd kjøtt. Ifølgje rapporten Klimatiltak i Norge mot 2030: Oppdatert kunnskapsgrunnlag om utslippsreduksjonspotensial, barrierer og mulige virkemidler (Miljødirektoratet 2023) er eitt av dei mest effektive tiltaka for å redusere klimagassutsleppa eit forbruk i tråd med kostråda.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har direktoratsoppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet. DSA har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, for tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet i tillegg til å ha internasjonale oppgåver.

Rapport for 2022–2023

Under klimaforhandlingane i Glasgow i 2021 slutta Noreg seg til helseprogrammet til klimakonferansen. Helseprogrammet oppmodar land til å kutte klimagassutslepp frå helsesektoren og lanserte fleire tiltak for å styrkje helsesektoren slik at han er i stand til å møte klimaendringane. Folkehelseinstituttet leverte i 2023 ein rapport der dei beskriv sårbarheit og tilpassingsbehov i helse- og omsorgssektoren som følgje av klimarelaterte endringar og akutte klimahendingar. Helsedirektoratet har utarbeidd ei utvida evaluering av status for klimagassutslepp frå helsesektoren. Forpliktingane på klima- og helseområdet vart forsterka ved at Noreg slutta seg til ministererklæringa om miljø og helse i regi av WHO Euro, «Acceleration action for ealthier people, a thriving planet, a sustainable future», i juni 2023.

Nordisk ministerråd publiserte i juni 2023 nye nordiske ernæringstilrådingar (NNR). For første gongen er miljømessig berekraft inkludert i dei nordiske tilrådingane. Primært blir det tilrådd eit plantebasert kosthald, med eit høgt inntak av grønsaker, frukt, bær, belgfrukter og poteter, eit rikeleg inntak av fisk, sjømat og nøtter, eit moderat inntak av meieriprodukt med lågt feittinnhald og eit redusert inntak av raudt kjøtt og fjørfe. Det blir tilrådd at inntaket av prosessert kjøtt, alkohol og prosessert mat med høgt innhald av feitt, salt og sukker er lågt. Det blir elles vist til omtale av kosthaldsarbeidet i del III, kap. 8, om berekraftsmål 2 og omtale under del II, kap. 714, post 21.

Eit viktig element i Europakommisjonens grøne vekststrategi, Green Deal, er strategien Farm to fork (frå jord/fjord til bord-strategien) som vart lagd fram 20. mai 2020. Her beskriv kommisjonen korleis dei vil jobbe for eit meir rettferdig, sunt og miljøvennleg matsystem som skal sikre tilgangen til nok, sunn og trygg mat. Strategien legg det rettslege grunnlaget for endringane og inkluderer ein handlingsplan med 27 initiativ, mellom anna innanfor berekraftig matforbruk og tilrettelegging for endring til eit sunt og berekraftig kosthald og reduksjon av mattap og matsvinn.

Planar for vidare arbeid

Helse- og omsorgssektoren har starta arbeidet med å sikre at helsesektoren tek sin del av ansvaret for å nå klimamåla innan 2050 i tillegg til å vere førebudd på følgjene av klimaendringane for helse- og omsorgssektoren, jf. også omtalen av arbeid med klima og miljø i spesialisthelsetenestene under Helse- og omsorgsdepartementets Prop. 1 S (2023–2024) kap. 7 Klima- og miljørelevante saker. Helse- og omsorgsdepartementet vil gjere ei vurdering av foreslåtte tiltak i rapportane frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, som omtalt i del B. Vidare skal det etablerast eit vegkart som skal gje retning mot ein berekraftig lågutslepps og klimatilpassa helse- og omsorgssektor innan 2050. Vegkartet skal ha med konkrete tiltak og bidra til det nasjonale målet om utsleppsnøytralitet innan 2050. Vegkartet skal omfatte spesialisthelsetenestene og den kommunale helse- og omsorgstenesta, men også den sentrale helseforvaltninga.

Helsedirektoratet vil oppdatere dei norske kostråda i løpet av 2024. Dei nye nordiske ernæringstilrådingane, som vart publiserte av Nordisk ministerråd i 2023 (NNR2023), vil bli nytta som kunnskapsgrunnlag. Det blir elles vist til planar for kosthaldsarbeidet i del II, kapittel 714, post 21.

Regjeringa vil vurdere korleis regelverksinitiativa som blir fremja gjennom EUs Farm to fork-strategi, skal følgjast opp.

8.1.6 Justis- og beredskapsdepartementet

Svalbard

Det stortingsforankra målet om å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur ligg til grunn for miljøvernpolitikken på Svalbard. Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande føresegner medverkar til måloppnåinga.

Ein stor del av verksemda til Sysselmeisteren på Svalbard er knytt til miljøvernrelatert arbeid. I organisasjonen til Sysselmeisteren er det samla både politifagleg og miljøvernfagleg ekspertise. Dette legg til rette for ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet og for eit godt fagleg informasjonsarbeid.

Lokalt er svalbardmiljølova med føresegner viktige verktøy for å vareta miljømåla. Ei viktig oppgåve for Sysselmeisteren er å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegnene om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Dokumentasjon av utviklinga innan ferdsel og anna verksemd er viktig for å målrette tiltak. Sysselmeisteren legg vekt på rask og effektiv etterforsking og oppklaring av moglege straffbare forhold. Svalbard og Longyearbyen vil på grunn av auka aktivitet bli viktigare som base for beredskap mot forureining. Kystverket har ansvaret for oljevernberedskapen i området, med Sysselmeisteren som lokal ressurs. Lange avstandar og arktisk klima gjer det vanskeleg å handtere oljeutslepp i området. Førebyggjande tiltak for å unngå slike hendingar er difor svært viktige, mellom anna det innførte forbodet mot bruk av tungolje som drivstoff i territorialfarvatnet. For å redusere risikoen for hendingar med miljøskade til følgje er det ei statleg losteneste for all skipsfart i farvatna på Svalbard på same måten som på fastlandet.

Politi- og lensmannsetaten

Dei viktigaste oppgåvene politiet har innanfor miljøvern, er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Som det kjem fram i stortingsmeldinga om miljøkriminalitet (Meld. St. 19 (2019–2020)), inneber førebygging på miljøområdet særleg gjensidig informasjonsdeling med relevante samarbeidsaktørar, slik at alle kan setjast i stand til å setje i verk nødvendige tiltak på eige ansvarsområde. Samarbeidspartnarane til politiet i miljøforvaltninga må difor involverast både lokalt og sentralt.

Når det gjeld avdekking av miljøkriminalitet, vil regjeringa føre vidare felles aksjonar mellom politi og miljøstyresmakter og vurdere bruk av slike aksjonar på fleire miljøkriminalitetsområde enn i dag. Tolletaten vil også måtte inngå i eit slikt samarbeid ved grensekryssande kriminalitet.

8.1.7 Kommunal- og distriktsdepartementet

Klima- og miljøområde, mål og utfordringar

Kommunal- og distriktsdepartementet har eit breitt ansvarsområde. Fleire viktige verkemiddel og verktøy for å ta omsyn til klima og miljø ligg i Kommunal- og distriktsdepartementet. Departementet har mellom anna ansvar for plan- og bygningslova, bygg og eigedom i statleg sivil sektor, samelova, arbeid med berekraftsmåla, kommuneøkonomi, lokalforvaltning, regional- og distriktspolitikken og det administrative ansvaret for statsforvaltarane. Gjennom å vidareutvikle desse verkemidla arbeider Kommunal- og distriktsdepartementet, i samarbeid med andre departement, for ein heilskapleg og effektiv klima- og miljøpolitikk.

Areal- og samfunnsplanlegginga legg rammene for bruken av areala i Noreg og har gjennom det stor innverknad på korleis naturen blir vareteken, og kor mykje klimagassar som blir sleppte ut. Arealplanlegginga er også avgjerande for å førebyggje framtidige skadar forårsaka av klimaendringar. Som planstyresmakt har kommunane ei viktig rolle i å bidra til at Noreg når dei nasjonale natur- og klimamåla våre, samstundes som ulike sektorar, oppgåver og interesser blir sett i samanheng.

Byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa står direkte og indirekte for ein stor del av klimagassutsleppa i Noreg og er også den største enkeltkjelda til avfall. Byggjenæringa har eit stort potensial for å kutte utsleppa, mellom anna ved å bruke klimavennlege materialar og ombruk av byggjevarer. Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Å fremje berekraftig byggjeverksemd er ei prioritert oppgåve for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK).

Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. I 2021 vart strategien Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning lagd fram. Strategien inneheld fire ambisjonar om klima, miljø og energi, og han peiker på tiltak som vil bidra til å nå ambisjonane.

Rapport for 2022–2023

Som ei oppfølging av Hurdalsplattforma har det vore gjennomført ei evaluering av dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Evalueringa av planretningslinjene låg føre hausten 2022. Kommunal- og distriktsdepartementet har etter dette fått i ansvar å setje i gang eit arbeid med å fornye desse. Dei nye statlege retningslinjene er planlagt sende på høyring i løpet av 2023.

Dei konkrete føringane for korleis klima skal varetakast i planar, går fram av statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet evaluert dei statlege planretningslinjene og komme med forslag til endringar. Departementa følgjer no opp evalueringa og vurderer endringar i dei statlege planretningslinjene.

Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider målretta med å forbetre rettleiinga for å styrkje planlegginga til kommunane. For å styrkje klima- og miljøomsyn i planlegginga vil regjeringa betre kompetansen og praktiseringa av regelverket om konsekvensutgreiingar. Kommunal- og distriktsdepartementet held mellom anna kurs om konsekvensutgreiingar i samarbeid med KS og NMBU, retta mot kommunane. Vidare har departementet sett i gang eit prosjekt som skal leggje grunnlaget for felles metodikk for bruk av arealrekneskapar i kommuneplanprosessar og lettare tilgang til relevante data om arealutvikling. I samarbeid med kommunar og fylkeskommunar blir arealrekneskapane prøvde ut i reelle planprosessar, og det blir utvikla rettleiingsmateriell for å bruke arealrekneskapar i kommuneplanprosessar.

Betre planlegging i kystnære sjøområde er òg eit tema som blir følgt tett opp. Departementet har i 2023 fått utarbeidd og publisert ein rapport om bruk av kunnskapsgrunnlaget, konsekvensutgreiingar og planføresegner og vil hausten 2023 følgje opp råda i rapporten om å gje betre rettleiing om desse temaa.

God planlegging er nøkkelen til berekraftig bruk og vern av fjell- og utmarksområda. Fritidsbustader og reiseliv er viktige for verdiskaping og økonomisk berekraft i mange distriktskommunar, men kan òg komme i konflikt med eksisterande næringar som reindrift og landbruk. Kommunal- og distriktsdepartementet utarbeidde i 2022 ei ny rettleiing om planlegging av fritidsbustader.

Regjeringa la 20. juni 2023 fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027. Forventningane skal følgjast opp i all planlegging etter plan- og bygningslova. Dokumentet gjev kommunane og fylkeskommunane oversikt over dei viktigaste føringane frå staten, under dette korleis natur, klima og andre miljøomsyn skal varetakast i planlegginga.

Staten er ein stor eigedomsaktør. Statsbygg er staten sitt sentrale kompetansemiljø i sivil sektor på bygg- og eigedomsområdet. Dei forvaltar ein stor del av den statlege eigedomsmassen og sørgjer for ei berekraftig og effektiv forvaltning av eigedommane. I leigesaker berekna Statsbygg i 2022 for første gongen energibruken i nye leigeavtalar der Statsbygg var rådgjevar. Den totale energibruken er redusert med 58 pst. I tillegg vart arealbruken effektivisert med 44 pst.

I 2022 var klimagassutsleppa frå ferdigstilte byggjeprosjekt og prosjekt under gjennomføring med Statsbygg som byggherre redusert med 35,5 pst. målt mot minstekrav i byggteknisk forskrift og standard materialval. 44 pst. av arealet i byggjefase var planlagt BREEAM-sertifisert på nivå Excellent.

I eigedomsforvaltninga er det mykje merksemd om energieffektivitet. I 2022 etablerte Statsbygg eit digitalt mottak for spørsmål om energieffektivisering og råd om energitiltak.

Plan for vidare arbeid

Omtale av nye og vidareutvikla klimaverkemiddel på området til Kommunal- og distriktsdepartementet går fram av regjeringas klimastatus og -plan. Kommunal- og distriktsdepartementet vil følgje opp evalueringane av dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og klima- og energiplanlegging og klimatilpassing, med sikte på å revidere begge. Departementet vil halde fram med arbeidet med rettleiing for å styrkje kommunal planlegging. Arbeidet med arealrekneskapane blir vidareført, og rettleiingsmateriell blir utforma. Saman med Klima- og miljødepartementet vurderer Kommunal- og distriktsdepartementet å setje i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om konsekvensutgreiingar.

Regjeringa har invitert byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa til dialog om klimapartnarskap. Å redusere dei samla utsleppa frå næringa vil mellom anna krevje meir sirkulære løysingar, meir effektiv bruk av materialar og mindre avfall, og dialogen om klimapartnarskap skal synleggjere korleis ulike aktørar må bidra for å lykkast med dette.

Departementet held fram med oppfølginga av strategien Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning.

Som ein stor eigedomsforvaltar har staten store verdiar bundne opp i eigedomsmassen. Statsbygg har kartlagt klimarisiko for dei eigedommane dei forvaltar. Regjeringa har starta eit arbeid for å kartleggje klimarisiko og klimatilpasse på rett nivå også for dei eigedommane som blir forvalta av andre verksemder i statleg sivil sektor. Klimarisiko skal også bli vurdert før ein set i gang nye byggjeprosjekt.

8.1.8 Kulturdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Musea medverkar til å spreie kunnskap om samanhengar og endringar i dei natur- og kulturmiljøa som omgjev oss. Musea forvaltar kulturminne i form av bygningar og anlegg, i alt om lag 4 800 kulturhistoriske bygningar. Det er eit stort udekt behov for istandsetjing og restaurering av desse, ikkje minst som følgje av klimaendringar. Musea forvaltar dessutan om lag 170 kulturlandskap og om lag 190 hageanlegg. I tillegg forvaltar dei 69 tekniske og industrielle kulturminne, flytande fartøy og museumsbanar, som alle har særskilde behov for vedlikehald.

Ei kartlegging i 2019 synte at vedlikehaldet av mange av dei kulturhistoriske bygningane er mangelfullt; 55 pst. av bygningane krev restaurering.

Musea forvaltar òg handlingsboren kunnskap og annan immateriell kulturarv. Interessa for slik kunnskap er aukande i vår tid, når berekraft og samspel mellom natur og kultur for alvor er sett på dagsordenen. Musea har ei viktig rolle i dette arbeidet framover.

Departementet legg til grunn at kunnskapen i musea om materialbruk, tradisjonshandverk og tradisjonelle former for samspel mellom kultur og natur bør vidareutviklast for å komme samfunnet til gode på fleire måtar. Musea har ei viktig rolle i dette arbeidet. Tradisjonskunnskap knytt til kultur- og naturarv kjem til nytte i samtida og i utviklinga mot ei meir berekraftig framtid. Det er viktig å leggje til rette for auka kunnskapsutvikling på dette området.

Rapport for 2022

Nokre museum har utarbeidd eigne berekraftsstrategiar eller klima- og miljøplanar, andre museum nyttar FNs berekraftsmål som ein del av strategiplanen sin, og nokre har teke inn eit utval prioriterte berekraftsmål i overordna planverk. 25 museum rapporterer om planverk eller strategiar som omhandlar arbeid med klima og miljø.

Museum Stavanger og Ryfylkemuseet rapporterer at dei har skipa høvesvis eit berekraftsutval og ei arbeidsgruppe for klima og miljø til å syte for iverksetjing og oppfølging av tiltak. Ein fjerdedel av musea rapporterer at ei eller fleire avdelingar i verksemda var miljøfyrtårnsertifiserte i 2022. Andre miljøsertifiseringar som blir nemnde, inkluderer mellom anna Fairtrade, DEBIO og BREEAM-NOR, og det blir rapportert at Nasjonalmuseet er eit føredømeprosjekt i FutureBuilt.

Nokre av musea arbeider utoverretta med samarbeid om klima- og miljøtiltak: Nasjonalmuseet er ein del av eit næringslivsnettverk der lokale aktørar går saman for å medverke til å nå klimamåla for Oslo. Nynorsk kultursentrum har avtale med fylkeskommunen om berekraftskartlegging og er samstundes med i det internasjonale nettverket Citta Slow, og både Verdsarvsenter for Bergkunst – Alta Museum og Svalbard Museum samarbeider med lokale reiselivsaktørar om eit berekraftig reiseliv.

Så godt som alle musea rapporterer om tiltak som reduserer klimagassutslepp og økologiske fotavtrykk. Fleire av musea syner til straumsparande tiltak. Til dømes har Museumssenteret i Hordaland redusert straumbruken med 25 pst. i 2022 med ENØK-tiltak. Andre tiltak inkluderer kjeldesortering, digital møteverksemd, montering av el-ladepunkt og innkjøp av elektriske bilar. Fleire museum stiller høgare krav til andre aktørar på marknaden gjennom miljøkrav i tilbodsprosessar, ved kjøp av kortreiste varer og varer frå miljøsertifiserte leverandørar til butikk og kafé.

Mange museum rapporterer om klimarelatert formidling, og om lag helvta av musea er involverte i FoU-prosjekt som omhandlar tematikken. Eit døme er samarbeidet FL YT som blir finansiert gjennom utviklingsprogram for museum i Kulturdirektoratet. Prosjektet FL YT har som mål å finne inngangar til å adressere berekraft i formidling og forsking på kjernetema for musea. Prosjektet er eit samarbeid mellom MiA, Varanger museum, Helgeland Museum, Østfoldmuseene, Anno museum, UiT, NTNU, UiO, ICOM, Viken fylkeskommune og Riksantikvaren og går over perioden 2021–2024.

Mange museum legg vinn på oppgåver knytte til klima og miljø. Romsdalsmuseet nemner korleis ansvaret deira som samfunnsaktør er ein sentral drivar for forsking på og formidling av berekraft. Museet samarbeider med Klimafestivalen, Besteforeldrenes Klimaaksjon, DNT, Friluftsrådet, lokale husflidslag mfl. der sosial og kulturell berekraft gjennom ombruk, redesign og reparasjon står sentralt og blir utvikla vidare i form av formidling på museet. Ei kjerneoppgåve for Norsk Bergverksmuseum er å vareta naturmangfald og kulturmiljø, og berekraftsspørsmål har fått auka merksemd i formidlinga av soga om Sølvverket.

Alle musea i Det nasjonale museumsnettverket rapporterer om tilpassingar for å redusere eige klimafotavtrykk: ved energisparing i bygg og drift, miljøkrav i innkjøp og større samarbeid med lokale og regionale aktørar. Dei fleste musea tykkjest ha sett i verk klima- og miljøtiltak i eiga verksemd, og rapporteringane tyder på stadig aukande vektlegging av klima og miljø og av ei heilskapleg tilnærming til berekraft i musea.

Planar for det vidare arbeidet innanfor sektoren

Kulturdirektoratet forvaltar tilskotsordninga for tryggingstiltak ved musea. Det vart tildelt i underkant av 11,5 mill. kroner til slike tiltak. Hovudsakleg går midlane til tiltak mot brann, deretter tjuveri, ran og hærverk og noko mot naturskade. Gjennom åra har fleire museum fått midlar til å utarbeide tryggingsplanar, og ved inngangen til 2022 hadde 98 pst. av musea med driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet heilskaplege tryggingsplanar. Grønt vegkart for kunst- og kultursektoren

I mars 2021 lanserte Virke kultur og opplevelse, Virke Produsentforeningen, Norske Konsertarrangører, Norsk teater- og orkesterforening og Norske kulturhus «Grønt veikart for kunst- og kultursektoren». Vegkartet er eit overordna strategidokument for korleis kvar enkelt kan gjere kultursektoren grønare og meir berekraftig. Vegkartet set dagsordenen med overordna, tilrådde grep for at heile sektoren skal lykkast med grøn omstilling. Kultur- og likestillingsdepartementet sluttar seg til at det er viktig at også kultursektoren arbeider aktivt for å nå klimamåla til regjeringa.

Kultur- og likestillingsministeren har inngått ein intensjonsavtale om klimakutt med aktørar i kulturbransjen, både frå arbeidsgjevarsida, arbeidstakarsida og viktige interesseorganisasjonar. Som del av arbeidet med intensjonsavtalen løyvde Kultur- og likestillingsdepartementet 500 000 kroner til Virke Produsentforeningen mv. til kartlegging av klimagassutslepp frå kultursektoren i 2022–2023. Kartlegginga vil gje eit godt grunnlag for å vurdere i kva område i kultursektoren klimagasskutt vil ha størst effekt.

Grønt vegkart for berekraftige kulturopplevingar i Norden

I regi av Nordisk ministerråd vart programmet «Sustainable lifestyle in the Nordic Region» sett i gang hausten 2021. Programmet har seks prosjektområde, og prosjekt #2Sustainable cultural experiences in the Nordic Region skal fremje nye initiativ, idear, verktøy og kunnskap om grønare kulturproduksjon og forbruk i Norden. Det nordiske grøne vegkartet vil vere eit verktøy som skal framskunde den grøne utviklinga i kulturinstitusjonar i Norden. Vegkartet skal fungere som ein støttefunksjon og gjere det lettare for kulturinstitusjonar i Norden å komme i gang med, og få til, det grøne skiftet. Prosjektet er organisert på eit vis som vil leggje til rette for samarbeid mellom institusjonar og over landegrenser. Programmet skal lanserast hausten 2023.

8.1.9 Kunnskapsdepartementet

Utdanning og forsking skal bidra til berekraftig utvikling og omstilling til eit lågutsleppssamfunn ved å utvikle, formidle og ta i bruk kunnskap som bidreg til ny innsikt, gode løysingar og ei befolkning med høg kompetanse.

Formidling av kunnskap og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagar og skular. Grunnlaget for gode haldningar blir skapt i oppveksten, og det er difor viktig at natur og miljø også er ein naturleg del av skule- og barnehagekvardagen. I den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, jf. Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032, er eit av dei tre overordna måla miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. I langtidsplanen vart det mellom anna òg lansert eit samfunnsoppdrag om berekraftig fôr. Kunnskapsdepartementet støttar opp under klima- og miljøforsking gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet, i tillegg til at universiteta og høgskulane innanfor rammetildelinga frå departementet driv klima- og miljørelevant forskingsaktivitet. Vidare vil regjeringa framover mellom anna prioritere utdanning og kompetanse for det grøne skiftet, jf. Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge.

Rapport for 2022–2023

Kunnskapsdepartementet bidreg gjennom fleire av verkemidla Forskingsrådet har, til dømes store program som KLIMAFORSK, ENERGIX, og til Senter for Klimadynamikk ved Bjerknessenteret i Bergen. Klima og miljø er sentrale tema i norsk polarforsking. Kunnskapsdepartementet finansierer programmet POLARPROG i tillegg til forskingsinfrastruktur for polarforsking, der forsking på klima og miljø inngår. Det meste av norsk polarforsking skjer i Arktis og særleg på Svalbard og i Barentshavet. Raske klima- og miljøendringar i dei polare områda aukar behovet for kunnskap. Prosjektet «Arven etter Nansen» blir òg finansiert over budsjettet til Forskingsrådet, med tokt i sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet og er venta å gje kartlegging og forsking av høg kvalitet. «Arven etter Nansen» er eit seksårig prosjekt frå 2018 til 2023.

Deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, er òg viktig, der klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgangstema. 35 pst. av budsjettet i Horisont Europa skal gå til klimatiltak. Fire av fem samfunnsoppdrag i Horisont Europa er kopla til Europas grøne giv for klima og miljø med klare mål for mellom anna tilpassing til klimaendringar inkludert samfunnsendring, klimanøytrale og smarte byar og sunne hav, kystar og sjøar. Samfunnsoppdraga skal bidra til å møte globale utfordringar innan 2030 og til å nå dei politiske måla i strategiar som mellom anna Europas grøne giv.

Plan for vidare arbeid

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning for 2023–2032 gjev dei politiske føringane for satsinga til regjeringa på dette området. Langtidsplanen har eit tiårig perspektiv, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa legg fram satsingar dei ønskjer å prioritere i dei årlege statsbudsjetta. I langtidsplanen er klima, miljø og energi ei av dei seks tematiske prioriteringane. Utdanning, forsking og innovasjon som kan hjelpe oss å nå klimamåla, er prioriterte vidare framover. I den reviderte langtidsplanen er difor miljømessig, sosial og økonomisk berekraft eit av dei tre overordna måla, og klima, miljø og energi er ei av dei seks langsiktige prioriteringane.

I utsynsmeldinga har regjeringa lagt fram politikk og tiltak for å bidra til høg sysselsetjing og dekkje dei viktigaste kompetansebehova i samfunnet. Regjeringa vil framover prioritere utdanning og kompetanse som er nødvendige for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, for det grøne skiftet og for ha gode velferdstenester i takt med den demografiske utviklinga.

8.1.10 Landbruks- og matdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Norsk landbruk tilbyr forbrukarane mat som er produsert på ein helse- og miljøvennleg måte, forvaltar store innmarks- og utmarksområde med tilhøyrande natur-, kultur- og friluftsverdiar og forsyner samfunnet med fornybare byggjemateriale og energi. Berekraftig landbruk er eit av hovudmåla i politikken til Landbruks- og matdepartementet. Miljøsatsinga i jordbruket skal medverke til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og til å betre miljøtilstanden og auka skjøtsel og istandsetjing av kulturlandskapet frå jordbruket.

Berre 3,5 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og på matjorda. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova til storsamfunnet. Den første nasjonale jordvernstrategien for å redusere omdisponeringa av dyrka jord vart laga i 2015. Strategien vart revidert igjen i 2023, og omdisponeringa har gått ned dei siste åra. Det er viktig å følgje opp den nye jordvernstrategien og det nye målet for årleg omdisponering av dyrka mark. Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet gjev ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme og er leveområde for mange artar av plantar og dyr.

Mangfaldet til og kombinasjonen av natur- og kulturverdiar i jordbrukslandskapet er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å nå dei nasjonale måla for det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den pårekna verknaden av tiltaka. Konklusjonane frå analyse av 25 år med overvakingsdata i JOVA-programmet til NIBIO er at nedbør og temperatur er dei viktigaste faktorane som bestemmer jord- og fosfortap, og at det er effekt av jordarbeiding på fosfortap og fosforkonsentrasjonar. Effekten er størst når det er mykje nedbør, stor avrenning og store jordtap. NIBIO viser til at jord- og fosfortap i eit nedbørfelt blir påverka av mange faktorar som bidreg til å tilsløre effekten av jordarbeidinga. Temperatur, nedbør og avrenning er viktige faktorar, og særleg når det er vinterforhold, kan vêret vere avgjerande for kor store jord- og fosfortapa blir kvart år.

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet baserer difor all jordbruksproduksjon seg på omløp av CO2, vatn og næringsstoff. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Det meste av metanutsleppa kjem frå dyra si fordøying, særleg drøvtyggjarane. Resten kjem frå lagring og spreiing av husdyrgjødsel.

Skogressursane i Noreg er tredobla siste hundreårsperioden som følgje av medviten ressursforvaltning. Skogbruket gjev grunnlag for næring og arbeidsplassar over heile Noreg, samstundes som skogen er ein del av løysinga på klimautfordringane. Skogen tek opp omtrent 40 pst. av dei samla norske klimautsleppa. Tilveksten i skogen er mykje større enn hogsten, noko som både gjev karbonbinding og auka høve til berekraftig bruk av ein miljøvennleg og fornybar ressurs.

Mange raudlista artar lever i skog og kulturlandskap. God kunnskap og oversikt over det biologiske mangfaldet er nødvendig, og skog- og miljøkunnskapen gjennom skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er hovudplattforma for eit langsiktig og miljøvennleg skogbruk.

Rapport for 2022–2023

Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale verkemiddel for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, redusere utslepp til luft, hindre attgroing og ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar.

I 2021 vart det gjennomført tiltak på 21 182 føretak for 785 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP). I fylka Viken og Innlandet blir miljøtiltak over RMP gjennomførte hos om lag 65 pst. av alle føretaka som søkjer produksjonstilskot. Statistikken viser aukande oppslutning om RMP med aukande føretaksstorleik. På føretak over 250 dekar gjennomfører over 70 pst. miljøtiltak over RMP, på føretak over 1 000 dekar er oppslutninga 90 pst.

Om lag 55 pst. av dei lokale midlane (Spesielle miljøtiltak i jordbruket – SMIL) vart innvilga til tiltak for å fremje verdiar i kulturlandskapa, kulturmiljøa, naturmangfaldet og friluftslivet til jordbruket i 2022, medan 45 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn og luft. I tillegg samfinansierer landbrukssektoren og miljøsektoren ordninga Tilskudd til utvalgte kulturlandskap i jordbruket. 51 område som er eit representativt utval av verdifulle jordbrukslandskap som inneheld særskilde verdiar knytte til landskap, naturmangfald og kulturmiljø, er valde ut. Liknande samfinansiering er det for verdsarvområda Røros bergstad og Circumferensen (frå 2024), Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyane, der verdiane i områda mellom anna er tilknytte kulturlandskapa til jordbruket som er avhengige av aktiv jordbruksdrift og skjøtsel.

Rapportering om status for klimaarbeidet i jordbruket er nærmare beskriven i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Stortinget fastsette i 2023 målet om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skal vere under 2 000 dekar innan 2030. For 2022 viser KOSTRA-tala frå SSB at det vart omdisponert 3 509 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk. Det vil seie ein auke frå den rekordlåge omdisponeringa i 2021 (om lag 2 970 dekar), men litt under åra 2017–2019 (om lag 3 900, 3 560 og 3 600 dekar). 156 dekar dyrka jord vart førte tilbake til landbruksformål, noko som er mindre enn i dei to føregåande åra.

KOSTRA-tala viser ein vesentleg reduksjon i godkjent areal for nydyrking i 2021, men frå eit høgt nivå dei siste åra. I 2022 vart det gjeve løyve til å nydyrke om lag 15 900 dekar, mot 18 100 dekar i 2021. Frå og med 2014 har i gjennomsnitt om lag 21 000 dekar blitt godkjende nydyrka årleg.

Arbeid for å redusere både bruken og risikoen ved bruk av plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel vart fastsett i 2021. Handlingsplanen gjeld i perioden 2021–2025 og er ei revidert utgåve av planen som gjaldt i perioden 2016–2020. For 2022 vart det avsett 12 mill. kroner til å følgje opp handlingsplanen.

Som oppfølging av Nasjonal pollinatorstrategi er det utarbeidd ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021–2028). Tiltaksplanen beskriv igangverande og nye tiltak for sektorar dette gjeld. Direktoratsgruppa har levert samla rapport for 2022. Landbruksdirektoratet står for ei rekkje tiltak gjennom tilskotsordningar og forskrifter for pollinerande insekt i skog- og jordbrukslandskapet. Gjennom Klima- og miljøprogrammet er det gjort kartlegging av eigna areal for pollinatorvennlege soner i jordbrukslandskapet, målretting av pollinatortiltak, innsamling og oppforming av stadeigne pollinatorvennlege blomsterfrø og gjeve bidrag til Frøboka. Forskrifta om frøavl er endra, slik at ho også omfattar stadeigne pollinatorvennlege blomsterfrø frå juni 2022. Gjennom Regionale miljøtilskot (RMP), Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), Utvalgte kulturlandskap i jordbruket (UKL) og verdsarvordninga til landbruket blir det årleg gjeve tilskot til skjøtsel og etablering av viktige areal for pollinerande insekt i jord- og kulturlandskapet.

Ein nasjonal strategi for urbant landbruk, utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med relevante sektorar, (2021) er følgd opp med rettleiingsmateriell for skulehage. Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er nødvendige for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, artar og rasar. Svalbard globale frøkvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i genbankane i verda. I 2022 vart totalt 69 825 nye frøprøvar sikra i frøkvelven, og på slutten av 2022 rommar frøkvelven totalt 1 195 244 frøprøvar frå 93 genbankar.

Den nasjonale strategien for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk vart fastsett hausten 2019, og ein nasjonal tiltaksplan for arbeidet med bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar som er sluttført i 2023, vil operasjonalisere strategien. Tal frå 2022 viser at det framleis er ein positiv auke i talet på avlsdyr av dei bevaringsverdige husdyrrasane innan storfe, sau, hest og geit. Ingen av dei trua storferasane er no kritisk trua. Det vart innvilga tilskot i 2022 for 10,55 mill. kroner, fordelte på 58 prosjekt. Tilskot vart gjevne til tiltak som bidreg til å nå nasjonale mål og til å oppfylle Noregs internasjonale forpliktingar. Som tidlegare år gjekk fleire tilskot i 2022 til tiltak for å sikre genressursane på lang sikt. Døme på dette er tilskot til avlslag, bevaringsbesetningar og klonarkiv, som tek hand om trua husdyrrasar, og plante- og skogtregenetiske ressursar i samarbeid med Norsk genressurssenter.

Det er lagt ned omfattande innsats i å styrkje kunnskapen om skogbruk og det biologiske mangfaldet. Landbruks- og matdepartementet fører vidare denne innsatsen og gav også i 2022 støtte til vidare forsking og utgreiing i prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som har utvikla eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det vart innvilga 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2022. Registreringane gjev grunnlag for miljøomsyn i skogbruket.

Stortinget har vedteke at inndelings- og beskrivingssystemet Natur i Norge (NiN), som Artsdatabanken har ansvaret for, skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å gjere greie for variasjon i naturen og sikrar mellom anna eit dokumentert og etterprøvbart kunnskapsgrunnlag til bruk i vurderingar av bruk og vern. NiN er teke i bruk i skogbruksplanlegginga.

Areal i økologisk drift utgjorde i 2022 om lag 4,5 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. Omsetninga av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen i 2022 var på 2,4 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på 109 mrd. kroner, tilsvarande 4 pst. frå året før. Forbruket fall sannsynlegvis meir enn dette, ettersom prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer auka med 6,5 pst. i snitt. Dei største varekategoriane i daglegvarehandelen er tørrvarer, meieriprodukt, fersk frukt og grønt og drikkevarer.

Plan for vidare arbeid

I jordbruksoppgjeret 2023 vart det bestemt ei ytterlegare styrking av klima- og miljøsatsinga i jordbruksavtalen. Det er viktig for regjeringa å vektleggje arbeidet med grøn omstilling og vareta eit berekraftig landbruk, både knytt til biobasert sirkulær økonomi, arbeid med miljøretta tiltak og reduksjon av klimagassar. Satsinga for året skal bidra til å følgje opp intensjonsavtalen om klima med organisasjonane i jordbruket med styrking av kunnskapsgrunnlaget om klimatiltak, spesielt knytt til metanhemmarar i fôr og tilskotsordningar som bidreg til reduserte utslepp. Avtalen styrkjer ordningar som vil bidra til ein godt auka miljø- og klimainnsats i norsk jordbruk, både i form av målretta tiltak og forbetring av kunnskapsgrunnlaget, irekna ein vesentleg auke på ordningane Regionalt miljøprogram, SMIL-ordninga og Verdiskapingsprogrammet for fornybarenergi og teknologiutvikling i landbruket. Vidare vart tiltak for å følgje opp Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden og beitetilskota også prioriterte. Totalt blir avsetninga til ordningar med klima- og miljøverknad auka med 1 113 mill. kroner frå 2022 til 2023. Den totale avsetninga til ordningar med klima- og miljøverknad for 2024 er 9 305 mill. kroner. Vi viser til Prop. 121 S (2022–2023) for detaljar.

Regjeringa har no oppretta Bionova. Bionova skal vere eit verktøy for å nå klimamåla til Noreg for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 gjennom å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring og å bidra til verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare biologiske ressursar frå land og hav.

Departementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv og delta aktivt i dei aktuelle internasjonale prosessane under FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO (Food and Agriculture Organization) og den Internasjonale traktaten for plantegenetiske ressurser for mat og jordbruk.

Det er tverrpolitisk semje i Noreg om å arbeide for å redusere matsvinnet. Landbruks- og matdepartementet fører vidare arbeidet med å førebyggje og redusere matsvinn, mellom anna gjennom bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn med fire andre departement og matbransjen. Landbruksdirektoratet har ansvar for å kartleggje matsvinnet frå jordbrukssektoren og la fram rapporten Matsvinn i jordbrukssektoren. Kartlegging for 2021 i februar 2023. Rapporten viser at matsvinnet for alle jordbruksproduksjonar i 2021 samla er lågt og totalt utgjer 46 751 tonn, som er 1,9 pst. samla for alle produksjonar.

Arbeidet med å følgje opp Handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmiddel (2021–2025) vil halde fram.

Landbruks- og matdepartementet fører vidare tilskotsordninga med midlar til verdsarvsatsingane Røros bergstad og Circumferensen, Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap og til utvalde kulturlandskap i jordbruket. Talet på utvalde kulturlandskap i jordbruket er 51 område over heile landet. Røros Bergstad og Circumferensen vart innlemma frå 2024 i tilskotsordninga med midlar til verdsarvsatsinga. Departementet vil halde fram med å følgje opp Nasjonal pollinatorstrategi og Tiltaksplan for ville pollinerende insekter på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Element frå strategien blir følgde opp gjennom ordningane Utvalgte kulturlandskap i landbruket, Handlingsplan for plantevernmidler, regionale miljøprogram, SMIL-ordninga og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving formidlar kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet.

Nasjonal strategi for urbant landbruk blir følgd opp med tiltak innanfor dei tre innsatsområda berekraftig by- og stadutvikling, auka kunnskap om berekraftig matproduksjon og auka berekraftig verdiskaping og næringsutvikling. Rettleiingar for urbant landbruk i arealplanlegginga og dyrking av matvekstar i offentlege rom er under utarbeiding og blir lanserte i 2023–2024. Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med å oppdatere kart- og planforskrifta for urbant landbruk.

Det er eit stort engasjement omkring skogbruk og effektane på biologisk mangfald, og Landbruks- og matdepartementet legg stor vekt på at skogbruksaktiviteten blir basert på kunnskap som kan dokumenterast og etterprøvast. Kunnskapsoppbygging gjennom forsking i MiS-prosjektet om biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2023. Dette er avgjerande for å få ny kunnskap til bruk i registrering, overvaking og forvaltning av naturmangfaldet. Landbruks- og matdepartementet vil halde fram med satsinga på Landsskogtakseringa. Statistikk frå Landsskogtakseringa viser aukande volum av tre i alle dimensjonar og aldersklassar for både granskog, furuskog og lauvskog. Mengda død ved aukar også atskilleg.

Regjeringa vil føre vidare aktive miljøomsyn i skogpolitikken – tilskotsordningar, miljøregistreringar, miljøtiltak i skog og forsking og kunnskapsoppbygging. Miljøsatsinga til skognæringa, ikkje minst Norsk PEFC Skogstandard, og verkemidla i naturmangfaldlova gjev eit godt grunnlag for at uttaket av biomasse frå skog kan aukast samstundes som det biologiske mangfaldet blir teke vare på.

8.1.11 Nærings- og fiskeridepartementet

Klima- og miljøområde, mål og utfordringar

Nærings- og fiskeridepartementet arbeider for at norsk klima- og miljøpolitikk skal vere så effektivt innretta som mogleg, og at norsk næringsliv skal kunne utnytte dei moglegheitene som oppstår når det blir lagt større vekt på klima- og miljømål i politikkutforminga. Ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvennlege teknologiar og løysinger er ein viktig del av dette arbeidet. Eit anna element er at krav til at offentlege aktørar tek omsyn til klima- og miljøeffektar i innkjøpa sine, kan bidra til at grøne løysingar blir meir tilgjengelege både i den offentlege og private delen av marknaden.

Teknologisk utvikling er ein føresetnad for å løyse miljø- og klimautfordringane. Det kan dreie seg om utvikling av teknologiar som reduserer bruk av innsatsfaktorar som gjer miljøet ringare, som reduserer miljø- og klimaskadeleg avfall, eller som bidreg til å fjerne forureining etter at ho er oppstått. Næringslivet og offentlege forskingsmiljø har ei avgjerande rolle i å utvikle og ta i bruk ny miljøteknologi og meir miljøvennlege prosessar og produkt. Utviklinga av miljøteknologi vil typisk springe ut av og byggje vidare på kunnskap i eksisterande verksemder og forskingsmiljø. Kommersialisering og spreiing av miljøteknologi vil kunne gje gevinstar for både næringslivet og klimaet. Oppgåva til styresmaktene er først og fremst å forme ut dei rette rammevilkåra som skaper insentiv og etterspurnad etter denne typen teknologi og produksjonsløysingar.

Rett regulering og prising av miljø- og klimakostnader kan gje auka utgifter for verksemder som forureinar, men også gje nødvendige insentiv til å investere i miljøvennleg produksjon, spørje etter miljøteknologi og bidra til å betre ressursbruken i samfunnet. Kva miljøpolitiske verkemiddel som er mest tenlege, kjem mellom anna an på arten til miljøpåverknaden og kostnaden og nytten av det enkelte tiltaket.

Nasjonale tiltak som gjer at eit land har strengare klimapolitikk enn andre land, kan gje bedriftene ei konkurranseulempe. Dette kan føre til at bedriftene i landet flyttar verksemda si eller vel å investere i land med svakare klimareguleringar (karbonlekkasje). Regjeringa vil ta omsyn til konsekvensane som særnorske miljøkrav kan ha for konkurranseevna til norske bedrifter. Eit viktig tiltak for å motverke karbonlekkasje er CO2-kompensasjonsordninga for kraftintensiv industri. Denne ordninga ligg under ansvarsområdet til Klima- og miljødepartementet. For nærmare omtale av ordninga blir det vist til fagproposisjonen til Klima- og miljødepartementet.

Sjødeponering av avgang frå gruvedrift og bruk av prosesskjemikaliar kan skape konfliktar mellom omsynet til verdiskaping frå mineralutvinninga og andre næringar og omsynet til naturmangfaldet. Det er difor viktig med heilskaplege avvegingar av fordelane og ulempene med mineralprosjekt.

I Hurdalsplattforma er grøn skipsfart peikt ut som eit satsingsområde for omstilling. Ambisjonen er halverte utslepp i 2030 samanlikna med 2005, noko som både fordrar raskare teknologiskifte og verknadsfull politikk. Framover vil det innførast krav til utslepp frå fleire fartøyssegment, og det blir arbeidd med å innlemme skipsfarten i EUs kvotehandelssystem, EU ETS. Regjeringa er i dialog med organisasjonar i skipsfarten og fiskeria om å inngå ein klimapartnarskap.

Sjømatnæringa er avhengig av eit sunt og reint hav. For å sikre ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane er det nødvendig med ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning. Kunnskap om uønskte stoff og næringsstoff er viktig for å utnytte marine ressursar og for å dokumentere at sjømaten er trygg og sunn. Havet kjenner ingen grenser, og forureining frå andre stader i verda er hovudutfordringa, men også lokal forureining og avrenning frå land påverkar marint miljø og mattryggleiken.

Utsleppsreduksjonar frå fiskerinæringa vil i hovudsak komme frå meir energieffektive fangstmetodar. Ei viktig nyvinning på dette området er elektrifiserte kystfiskefartøy.

Miljøomsyn skal vere ein grunnleggjande premiss for vidareutvikling og vekst i havbruksnæringa. Lakselussmitte frå oppdrett til villaks og sjøaure og genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks på villaksen er to av dei viktigaste miljøutfordringane i norsk havbruksverksemd på kort sikt. Andre område som har noko å seie for den totale miljøbelastninga til havbruksnæringa, er utslepp, produksjon og hausting av fôrråvarer og korleis kystarealet til havbruksformål blir disponerte.

Rapportering for 2022 og status for 2023

Rapporteringa er i hovudsak retta mot status for miljø. Rapportering om status for klimaarbeidet (inkludert klimatilpassing) er nærmare beskrive i Klimastatus og -plan.

Forsking og innovasjon

Miljøspørsmål og kunnskap om årsakene til, verknadene frå og løysingane på miljøproblema er sektorovergripande. Miljørelevant forsking og innovasjon inngår i mange av programma og ordningane som er finansierte over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartement.

Forsking og innovasjon speler ei sentral rolle i den grøne omstillinga av næringslivet og resten av samfunnet vårt. Kompleksiteten i klimautfordringane krev innovasjons- og forskingssamarbeid på tvers av sektorar, finansieringskjelder og land. Noreg deltek mellom anna i EUs investeringsprogram InvestEU i perioden 2021–2027. Programmet gjev næringslivet tilgang til EU-omfattande finansielle instrument som kan komplementere nasjonale verkemiddel. Minst 30 pst. av investeringane gjennom programmet skal bidra til å nå EUs klimamål.

I tillegg til internasjonale forskings- og innovasjonsinitiativ er det ei rekkje ordningar i det nasjonale verkemiddelapparatet som byggjer opp under grøn omstilling i næringslivet. Grøn plattform er eitt av tiltaka for grøn omstilling. Plattforma er ein felles konkurransearena i regi av Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva. Formålet med tiltaket er å skape samfunnsøkonomisk lønnsamt og berekraftig næringsliv som bidreg til grøn omstilling. Plattforma skal fremje grøn omstilling frå grunnleggjande forsking til kommersialisering og innovasjon.

Regjeringa ønskjer å leggja til rette for ei dreiing i forskings- og innovasjonsaktivitetane til næringslivet mot meir klima- og miljøvennlege løysingar. I statsbudsjettet for 2023 innførte regjeringa derfor eit hovudprinsipp om at prosjekt som får støtte gjennom det næringsrette verkemiddelapparatet, skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030, og at Noreg skal vera eit lågutsleppssamfunn i 2050. Prinsippet famnar både prosjekt med nøytral effekt og prosjekt med positiv effekt på grøn omstilling og er til dømes ikkje til hinder for å støtta gode prosjekt i petroleumsnæringa. Verkemiddelapparatet skal mobilisera gode prosjekt som bidreg til grøn omstilling eller svarer til andre viktige formål, mellom anna relatert til områda som er peika ut i vegkartet til regjeringa for eit grønt industriløft.

For å dokumentera og følgja opp denne grøne dreiinga av verkemiddelapparatet vart verkemiddelaktørane i 2022 bede om å etablera samanliknbar rapportering om støtte til prosjekt med klima- og miljøinnhald. Verkemiddelaktørane leverte ei skisse til løysing i desember 2022 og har i 2023 jobba vidare med utvikling av løysing, for implementering og oppstart 1. januar 2024.

Over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet blir tildelingane gjevne til klima- og miljørelevant forsking i hovudsak gjennom løyvingar til forskingsinstitutta og programma Grønn plattform, Innovasjonsprosjekter i næringslivet (IPN), Marinforsk, MAROFF, Havbruk og Forny2020 i Forskingsrådet. Gjennom ordningane til Forskingsrådet kan næringslivet til dømes få støtte til utvikling av teknologiar som avgrensar forureining ved hjelp av reinsing, meir miljøvennlege produkt og produksjonsprosessar, meir effektiv ressurshandtering og ressursutnytting og teknologiske system som reduserer miljøpåverknaden. Når Forskingsrådet vel ut prosjekt, blir også miljøverknadene til prosjekta vurderte. I 2022 utbetalte Forskingsrådet 816 mill. kroner til løpande prosjekt i næringslivet under LTP-området «Klima, miljø og energi». Dette utgjer om lag 38 pst. av næringslivsporteføljen i 2022. I perioden 2020–2022 er det totalt utbetalt om lag 2,2 mrd. kroner til klima-, miljø- og energirelevante prosjekt. Dette utgjer om lag 37 pst. av næringslivsporteføljen i perioden.

Klima- og miljøretta forsking innanfor marin sektor inkluderer forsking på hav- og kystmiljø og økosystemtilstand, miljøkonsekvensar av påverknader i marine økosystem og korleis verksemder innanfor desse sektorane kan drivast meir effektivt, berekraftig, sirkulært og miljøvennleg. Det bidreg også som underlag for kva område det mellom anna ikkje skal gå for seg fiskeriaktivitetar, og som dermed gjev langvarige bevaringseffektar.

Innovasjon Noreg skal vere ein pådrivar for å fremje innovasjon og utvikling av konkurransedyktige og berekraftige nye teknologiar og løysingar. Dette inneber mellom anna at berekraft, i form av effektar på samfunn og miljø, blir beskriven og vurdert i alle finansieringssaker. Berekraftige prosjekt blir prioriterte føre andre like gode prosjekt som er mindre berekraftige. Innovasjon Noreg forvaltar også Miljøteknologiordningen og Grønne vekstlån som er retta direkte mot grøn omstilling.

Med ein stor andel grøne prosjekt er Innovasjon Noreg ein vesentleg aktør for at Noreg lykkast med det grøne skiftet. Innovasjon Noreg rapporterer at 68 pst. av finansielle midlar i Innovasjon Noreg gjekk til prosjekt med potensiell positiv miljøeffekt i 2022. Dette er ein større andel enn i tidlegare år. Dei andre prosjekta er i hovudsak nøytrale. I 2022 vart det tildelt tilskot, lån og garantiar på om lag 7,1 mrd. kroner, fordelte på 3,3 mrd. kroner i tilskot, 3,1 mrd. kroner i lån og 610 mill. kroner i garantiar.

I tillegg til å gje finansiell støtte til prosjekt med potensiell positiv miljøeffekt bidreg Innovasjon Noreg med nettverksaktivitetar og kompetansetenester i prosjekt som har miljø som hovudformål. Berekraftig utvikling er eit viktig mål for fleire av næringsklyngjene i Innovasjon Noregs klyngjeprogram. Innovasjon Noreg tilbyr også tenester som skal gje ekstra draghjelp til norske, grøne løysingar for å lykkast i internasjonale marknader.

Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering AS finansierer FoU-prosjekt som skal bidra til nyskaping, auka verdiskaping og berekraft i sjømatnæringa.

Handelspolitikk

Saman med dei andre EFTA-statane (Island, Liechtenstein og Sveits) legg Noreg fram eit kapittel om handel og berekraftig utvikling i alle frihandelsavtaleforhandlingar. Kapittelet omhandlar ivaretaking av miljøomsyn gjennom forpliktingar om mellom anna handel og høvesvis skogforvaltning, biologisk mangfald, klimaendringar, multilaterale miljøavtalar og fiskeri og havbruk. Også ved reforhandling av tidlegare inngåtte frihandelsavtalar gjennom EFTA har Noreg som mål å ta inn kapittelet om handel og berekraftig utvikling.

Den OECD-tilknytte eksportfinansieringsavtalen, Arrangement on Officially Supported Export Credits, regulerer vilkåra for Eksportfinansiering Norge (Eksfin) sine eksportgarantiar og eksportlån, til dømes minstenivå for renter og maksimale løpetider. Det blir her lagt til rette for grøn energi ved at eksportkontraktar som kjem innanfor verkeområdet til klimasektoravtalen, kan tilbydast gunstigare finansieringsvilkår (hovudsakleg lengre nedbetalingstider) enn andre eksportkontraktar. For ein nærmare omtale av OECDs eksportfinansieringsgrupper, sjå NFD sin Prop. 1 S (2023–2024).

Statleg eigarskap

Staten er ein langsiktig og ansvarleg eigar. Verdiane til fellesskapen skal forvaltast på ein måte som gjev tillit hos allmenta og bidreg til å oppnå måla staten har som eigar, som er høgaest mogleg avkastning over tid innanfor berekraftige rammer eller berekraftig og mest mogleg effektiv oppnåing av sektorpolitiske mål. Staten som eigar stiller tydelege forventningar til arbeidet selskap med statleg eigardel gjer med klima og natur. Desse kjem fram av av Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap – statens direkte eierskap i selskaper.

Nærings- og fiskeridepartementet følgjer opp forventningane knytte til klima og natur i eigardialogen med selskap med statleg eigardel.

Opprydding etter industri og gruvedrift

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) er fagetaten staten har for forvaltning og utnytting av mineralressursar. På vegner av Nærings- og fiskeridepartementet gjennomfører DMF også tiltak for å redusere miljøkonsekvensar etter tidlegare mineralverksemd i område der departementet har eit eigar- eller forvaltaransvar.

Miljødirektoratet har fastsett ein handlingsplan for forureiningstiltak i område som venteleg har den største forureiningsrisikoen. DMF har sidan 1989 gjennomført tiltak i desse områda, og tungmetallavrenninga av kopar og sink er blitt vesentleg redusert i perioden. DMF vurderer i samarbeid med Miljødirektoratet ytterlegare tiltak i desse og andre område der det har vore mineralutvinning. For rapport om oppryddingsarbeidet ved Løkken, Folldal, Sulitjelma, Røros, Søve og Raufoss, sjå NFD sin Prop. 1 S (2023–2024).

Handtering av nasjonalt atomavfall og atomanlegg

Staten har ut frå eit samfunnsmessig omsyn teke ansvar for finansiering av opprydding etter den nukleære forskingsverksemda til Institutt for energiteknikk i Halden og på Kjeller og etablert etaten Norsk nukleær dekommisjonering for å gjennomføre oppryddinga. Utgreiingar bereknar at investeringskostnadene for oppryddinga aleine kan bli på meir enn 24 mrd. kroner over fleire tiår. Tala er svært usikre. Meld. St. 8 (2020–2021) Trygg nedbygging av norske atomanlegg og håndtering av atomavfall beskriv problemstillingar og prosessar i oppryddingsarbeidet. Det blir elles vist til omtale under programkategori 17.10, kap. 907 og kap. 908.

Maritim næring og kystområdet

Rapportering om status for klimaarbeidet (inkludert klimatilpassing) er nærmare beskrive i Klimastatus og -plan.

NOX-avtalen har vore eit viktig tiltak for utvikling av norsk miljøvennleg flåte. Næringsorganisasjonane som er partar til miljøavtalen, har etablert Næringslivets NOX-fond. Inneverande avtale mellom Klima- og miljødepartementet og dei 15 næringsorganisasjonane for perioden 2018–2025 er forlengd til 2027 med eit eige utsleppstak for åra 2026–2027. Fondet har gjeve hovudtyngda av støtta si til prosjekt i maritim sektor som har stått for om lag 60 pst. av utsleppsreduksjonane av NOX. Ifølgje NOX-fondet har tiltaka frå fondet frå 2018 gjeve ein verifisert reduksjon av NOX-utslepp på om lag 4 450 tonn per år. NOX-reduserande tiltak som følgje av redusert drivstofforbruk eller energiomlegging gjev også lågare CO2-utslepp. Ifølgje NOX-fondet inneber tiltaksporteføljen til fondet frå 2018 ein reduksjon i dei årlege CO2-utsleppa på om lag 2 mill. tonn.

Utslepp frå skip i hamn er nokre stader ei lokal kjelde til luftforureining av nitrogendioksid (NO2). Etablering av landstraumanlegg i hamner bidreg til mindre luftforureining, og per 2021 er det registrert 162 landstraumanlegg.

Kystverket jobbar med å redusere plastforureining frå eiga verksemd. Positiv plastrekneskap er standardkrav i Kystverkets kontraktar for farvasstiltak. Det inneber at entreprenøren skal dokumentere at det er samla opp meir plast enn det som vart tilført til sjøen.

Undersøkingar før farvasstiltak startar opp, avdekkjer ofte forureina sediment frå mellom anna hamneverksemd, skipsverft, gamle avfallsfyllingar og avløp. Grundig planlegging og overvaking, skånsame metodar for gjennomføring og mildnande tiltak sikrar at forureining ikkje blir spreidd, og at ho blir fjerna på ein forsvarleg måte. Kystverket samarbeider med aktuelle kommunar og Miljødirektoratet om miljømudring i tilknyting til eigne tiltak. I 2022 vart det gjennomført to utdjupingsprosjekt som handterte forureina sediment. I forprosjektet innseiling Borg vart det levert 1 950 m til avfallsanlegg, og i Hammerfest Ren Havn vart 12 900 m3 forureina masse sikra i kaideponi.

Fiskeri

Noreg har lovfesta at forvaltninga av fiskeriressursane skal vere berekraftig og baserte på beste tilgjengelege kunnskap. Fiskeristyresmaktene vurderer jamleg bestandssituasjonen og behova for å fastsetje forvaltningstiltak i dei ulike fiskeria for å sikre berekraftig hausting. Rett kvotefastsetjing, andre reguleringstiltak og kontroll med at reguleringane blir følgde, er viktige for å unngå at det blir fiska for hardt på bestandane.

For dei kommersielt viktigaste fiskebestandane har forvaltninga eit godt kunnskapsgrunnlag, som blir oppdatert årleg. Noreg deler opp mot 90 pst. av desse fiskeressursane med andre land. For ein systematisk gjennomgang av tilstanden til dei viktigste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast, sjå Meld. St. 11 (2022–2023) Noregs fiskeriavtalar for 2023 og fisket etter avtalane i 2021 og 2022. For ein nærmare omtale av tilstanden for viktige fiskebestandar, sjå Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2023–2024).

Fiskeriforvaltninga arbeider for eit mest mogleg klima- og miljøvennleg fiske. Å unngå skade på botnhabitat og redusere energiforbruket til fiskeflåten er viktige mål i tillegg til å regulere fiskeria slik at utkast av fisk og bifangst blir mest mogleg redusert. Villfanga fisk har i utgangspunktet eit lågt klima- og miljøfotavtrykk. Det blir lagt vekt på ytterlegare å redusere dette ved bruk av ny teknologi og tilrettelegging for eit effektivt fiske, mellom anna gjennom sonetilgang i sonene til andre land.

Tapte fiskereiskapar kan forårsake spøkjelsesfiske, og havressurslova pålegg fiskarar å søkje etter tapte reiskapar og rapportere dersom reiskapen likevel går tapt. I tillegg til førebyggjande arbeid har Fiskeridirektoratet dei siste åra forsterka oppryddingsinnsatsen sin. Lokale oppreinskingstokt langs kysten har avdekt betydelege funn av reiskapar som stammar frå fritidsfiske. Frå 1. januar 2022 er det krav om å merkje teiner og ruser i fritidsfiske, og allmenta blir oppmoda til å rapportere tapte fiskereiskapari fritidsfiskeappen.

Havbruk

Utviklingsløyve vart etablert som ei mellombels ordning i november 2015 og avslutta i november 2017. Formålet er å leggje til rette for utvikling av teknologi som kan bidra til å løyse ei eller fleire av dei miljø- og arealutfordringane som akvakulturnæringa står overfor, til dømes ved konstruksjon av prototypar og testanlegg, industriell design, utstyrsinstallasjon og fullskala prøveproduksjon. Per 22. august 2023 er det gjeve tilsegn om til saman 123 utviklingsløyve til 24 søkjarar.

Det nasjonale programmet for overvaking av rømt oppdrettslaks har talfesta innslaga av rømt fisk i 178 vassdrag i 2021. Av desse vart til saman 79 pst. vurderte til å ha lågt innslag av rømt oppdrettslaks (mindre enn 4 pst.), 14 pst. vart vurderte til å ha moderat innslag (mellom 4 og 10 pst.), medan 8 pst. vart vurderte til å ha eit høgt innslag. Andelen vassdrag med høgt innslag har generelt vore låg dei siste åra samanlikna med tidlegare år. For ein nærmare omtale, sjå Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2023–2024).

Grensene for kor mykje lus det kan vere på oppdrettsfisken, er sette svært lågt for å beskytte viltlevande laksefisk. På grunn av aukande resistens mot lakselusmiddel har nedkjempinga dei siste åra blitt meir utfordrande.

Data for 2022 viser at nasjonalt nivå av lakselus på oppdrettsfisk fram til og med juli har vore likt som i 2021. For ein nærmare omtale, sjå Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2023–2024).

Miljøovervaking av botnen under og rundt oppdrettsanlegg skjer i samsvar med norsk standard NS 9410. I nærområda til havbruksanlegga viser undersøkingane at tilstanden er stabil med gode miljøforhold. Resultata frå miljøundersøkingane viser at på landsbasis har meir enn 90 pst. av lokalitetane god eller svært god miljøtilstand, rundt 7 pst. har dårleg tilstand og om lag 1 pst. svært dårleg tilstand. Dette har vore ein stabil trend det siste tiåret.

Nærings- og fiskeridepartementet samarbeider med Klima- og miljødepartementet om eit oppdatert regelverk for utslepp og overvaking av forureining frå havbruksnæringa.

Sjømat

Auka konsum av sjømat er tiltak for å fremje klima og berekraft. Ei endring i kosthaldet til befolkninga i tråd med tilrådinga frå helsestyresmaktene er identifisert som viktig for å nå ernærings- og klimapolitiske mål i Miljødirektoratets rapport Klimakur 2030 og er omtalt i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Det blir arbeidd med å auke sjømatinntaket i befolkninga i tråd med kostråda, mellom anna gjennom kosthaldsprogrammet Fiskesprell.

Nærings- og fiskeridepartementet følgjer også opp rapporten Grønn verdiskaping og økt bearbeiding i sjømatindustrien som vurderer moglegheitene for grøn omstilling og tilrettelegging for framtidig berekraftig produksjon i sjømatindustrien. Rapporten foreslår tiltak som kan bidra til auka tilarbeiding av berekraftige sjømatprodukt i Noreg. Som all matproduksjon kjem sjømat med eit klima- og miljøfotavtrykk.

Matsvinn

Mat som blir produsert og ikkje eten, er unødig bruk av ressursar og har ein uheldig påverknad på miljøet. Matsvinn bidreg til nesten 10 pst. av dei globale menneskeskapte klimagassutsleppa. Å redusere matsvinn er difor eit viktig miljøtiltak. For ein nærmere omtale, sjå Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2023–2024).

Tverrgåande tema i fiskeri- og havbruksforvaltninga

Kartlegging av marine naturtypar

MAREANO-programmet har sidan 2005 drive kartlegging av havbotnen i norske havområde gjennom systematisk innsamling av djupnedata og data om geologien, landskapa og naturtypane, biologiske mangfald og forureining på havbotnen. Formålet med kartlegginga er mellom anna å bidra til kunnskapsbasert forvaltning av dei havbaserte næringane og dei marine økosystema gjennom bidrag til forvaltningsplanane for norske havområde. Kartlegging blir gjennomført av Havforskingsinstituttet, Noregs geologiske undersøking og Statens kartverk. I 2022 vart det gjennomført djupnekartleggingar på totalt 3 362 km ved høvesvis Spitsbergenbanken i Barentshavet og i Nordsjøen på to transekt inn mot vindparkområdet Sørlige Nordsjø II. Det er utført geologiske, biologiske og kjemiske prøvetakingar i Nordsjøen, i havvindområda Utsira Nord og Ytre Oslofjord, og dessutan nord av Svalbard og Kvitøyrenna, over område på til saman 11 372 km2. Resultat og kart frå MAREANO-programmet blir løpande publiserte på www.mareano.no.

Framande artar

Havforskingsinstituttet kartlegg førekomsten av framande artar gjennom program for hav- og kystovervaking. Det er miljøstyresmaktene som har ansvaret for arbeidet mot framande artar, med unntak av forvaltninga av kongekrabbe, som ligg til fiskeriforvaltninga. Bestanden av kongekrabbe nådde eit maksimum i 2008 og har sidan da stabilisert seg på eit lågare nivå. Det er lite som indikerer spreiing av bestanden dei siste åra.

Sjukdom hos viltlevande akvatiske artar

Nærings- og fiskeridepartementet har det forvaltningsmessige ansvaret for å førebyggje og kjempe ned sjukdom hos villfisk og andre viltlevande akvatiske artar. Sjukdommar som kan true ein art, blir prioriterte. Dei mest aktuelle slike sjukdommane er krepsepest hos edelkreps og parasitten Gyrodactylus salaris hos atlantisk laks.

Krepsepest kan føre til at edelkrepsbestanden i eit vassdrag blir utrydda totalt. Signalkreps, som er ein framand art i Noreg, kan vere smitta utan å bli sjuk. Ulovleg utsetjing av signalkreps eller flytting av båtar og utstyr som har vore brukte i smitta vassdrag, gjev auka risiko for smittespreiing. Veterinærinstituttet påviste i juli 2023 krepsepest frå død edelkreps som vart funnen oppstraums i Rustadfossen. Dette stadfestar mistanken om spreiing og eit aktivt krepseutbrot i Hæravassdraget. I Noreg har totalt sju vassdrag blitt ramma av krepsepestutbrot éin eller fleire gonger. I tillegg har fire lokalitetar vore, eller er framleis, rekna for krepsepestsone på grunn av ulovleg utsett og pestsmitta signalkreps.

Gyrodactylus salaris kan føre til at heile bestander av den atlantiske villaksen i elvar går tapt. Parasitten angrip ikkje laksefisk i sjø. Det er fram til i dag påvist Gyrodactylus salaris på laks og røye i 52 vassdrag i Noreg. Per. 7. august 2023 har ni vassdrag kjend førekomst av Gyrodactylus salaris, 42 vassdrag er friskmelde etter behandling, og eitt vassdrag er under friskmelding. Det siste tilfellet av Gyrodactylus salaris vart påvist i Gylelva ved Tingvollfjorden i Møre og Romsdal i august 2023.

Beskytta område

Noreg har iverksett ei rekkje beskyttande tiltak mot skadeleg fiskeriaktivitet med heimel i havressurslova. Totalt er nær halvparten av norske havområde omfatta av områdebaserte fiskerireguleringar som bidreg til beskyttelse av botnhabitata. Særleg omfattande er det generelle forbodet mot bruk av botnslepte reiskapar i område djupare enn 1 000 meter. Det generelle forbodet har likevel vist seg ikkje å vere tilfredsstillande i delar av Barentshavet, mellom anna fordi det er andre artar der enn lenger sør. I 2019 vart det difor innført nye reglar for å sørgje for betre beskyttelse av blautkorallar, svamp og andre sårbare artar i desse områda, inkludert stenging av ti område for alt botnfiske. I tillegg er ei rekkje område med djupvasskorallførekomstar beskytta mot all fiskeriaktivitet som er borti botnen.

Nærings- og fiskeridepartementet er involvert i arbeidet med beskyttelse og vern av marine område under konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), den regionale fiskeriorganisasjonen for Nordaust-Atlanteren (NEAFC) og i oppfølging av FNs berekraftsmål. For ein nærmare omtale, sjå Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2023–2024).

Planar for vidare arbeid

Forsking og innovasjon

Regjeringa vil halde fram med å fremje forsking, innovasjon og grøn omstilling i næringslivet gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet. Løyvingane over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet bidreg mellom anna til utviklinga av nye grøne løysingar i næringslivet.

I 2024-budsjettet foreslår regjeringa ei rekkje tiltak knytt til forsking, innovasjon og grøn omstilling i næringslivet. Som ei oppfølging av Grønt industriløft og batteristrategien, vil regjeringa leggja til rette for at det kan ytast innovasjonstilskot i Innovasjon Noreg til store batteriprosjekt av felleseuropeisk interesse. Prosjektstøtta vil ha ei øvre totalramme på 1 mrd. kroner over fem år. Vidare vil regjeringa styrkja innsatsen retta mot oppstartselskap gjennom Innovasjon Noreg med 70 mill. kroner og auke løyvinga til næringsretta forsking for grøn omstilling gjennom Forskingsrådet med over 100 mill. kroner. Regjeringa foreslår også å auka ramma for lavrisikolån i Innovasjon Noreg med 1 mrd. kroner, styrkja løyvinga til testfasilitetar gjennom Siva med 26 mill. kroner og styrkja DOGAs arbeid med design og arkitektur i grøne industrietableringar med 3 mill. kroner. I tillegg er Innovasjon Noregs Grønne vekstlån blant tiltaka som blir vidareførte i 2024, og som er retta direkte mot klima- og miljørelevant forsking og innovasjon i næringslivet.

Regjeringa fører vidare hovudprinsippet om at prosjekt som får støtte gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet, skal ha ein plass på vegen mot omstillingsmålet for 2030, og at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050. Prinsippet famner både om prosjekt med nøytral effekt og prosjekt med positiv effekt på grøn omstilling og er til dømes ikkje til hinder for å støtte gode prosjekt i petroleumsnæringa. Verkemiddelapparatet skal mobilisere gode prosjekt som bidreg til grøn omstilling eller svarer til andre viktige formål, mellom anna relatert til områda som er peikte ut i regjeringa sitt vegkart for eit grønt industriløft.

Mineralnæringa

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet. Dette omfattar også forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar og å redusere miljømessige konsekvensar av tidlegare mineraluttak.

I 2024 skal DMF prioritere å følgje opp den heilskaplege planen for gjennomføring av tiltak for å redusere forureininga etter den tidlegare gruvedrifta i Folldal. Oppfølging av planen vil mellom anna vere avhengig av nødvendige løyve frå aktuelle styresmakter. DMF skal også prioritere arbeidet med revidert tiltaksplan på Løkken og oppfylling av det siste delmålet i miljøpålegget her.

Maritim næring og kystområdet

Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for grøn omstilling i maritim næring. Å satse målretta på teknologi og løysingar som gjev effektivisering, lågare energiforbruk og løysingar som tek i bruk ikkje-fossile energikjelder, er viktig for å gje ytterlegare kraft til den grøne omstillinga i skipsfarten. Midlane til maritim forsking blir gitt med ei føring om bruk til grøn skipsfart, digitalisering og implementering av klima- og miljøvennlege løysingar, sjå omtale under kap. 920. I 2023 vart målgruppa for låneordninga for skip i nærskipsfart og fiskefartøy utvida til skip til havbruksnæringa, offshoreskip, ferjer og hurtigbåtar. Låneordninga skal bidra til å redusera klima- og miljøutslepp ved å finansiera flåtefornying og supplerer innsatsen for grøn skipsfart i eksisterande ordningar retta mot utvikling av miljø- og klimavennlege fartøy. Sjå omtale under kap. 2421.Eit grønt løft for maritim industri kan bidra til vidare vekst i næringa gjennom eksport av maritime låg- og nullutsleppsløysingar.

Sjøfartsdirektoratet vil halde fram med arbeidet med å utvikle regelverk som opnar for bruk av ny teknologi og miljøvennlege løysingar for skip, samstundes som tryggleiken blir vareteken. Arbeidet i FNs sjøfartsorganisasjon IMO knytt til utvikling av eit klima- og miljøvennleg internasjonalt regelverk vil framleis vere eit prioritert område.

Det er forventa auka etterspurnad etter naturgass (LNG) som følgje av at fleire nye skip blir bygde med LNG-drift, i tillegg til at det er fleire LNG-drivne cruiseskip i norske farvatn som følgje av NOX-utsleppskrava i verdsarvfjordane. EUs klimapakke «Klar for 55» inneheld også krav til utbygging og bruk av landstraum i hamn for kontainarskip og større passasjerskip. Dette vil truleg medverke til meir utbygging av landstraum i Noreg. Ved utgangen av 2022 er det registrert 223 etablerte og planlagde landstraumsanlegg, 11 LNG-bunkringsanlegg og 1 metanolbunkringsanlegg. Det er på same tidspunkt sett i drift om lag 105 ladeanlegg for bilferjer, passasjerferjer, hurtigbåtar og turistbåtar.

Fiskeri og havbruk

Regjeringa vil prioritere kunnskapsgrunnlaget for bestandsestimat og å sikre tilstrekkeleg kontroll med bestandsuttaket. Oppfølging av tiltak for kysttorsk vil vere ei viktig prioritering. Regjeringa fører vidare satsinga på forbetra kontroll med ressursuttaket og opprydding av tapte fiskereiskapar og andre tiltak i Fiskeridirektoratets handlingsplan mot marin forsøpling. Noregs innsats mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) og Blue Justice-initiativet for å kjempe mot fiskerikriminalitet globalt er også høgt prioriterte.

For å oppnå målsetjinga om meir matproduksjon frå havet vil det vere avgjerande å sikre tilstrekkeleg tilgang til eigna areal for havbruksverksemda. Dette gjeld både for tradisjonelle anlegg i kystsona, utsleppsfrie lukka anlegg lenger inn i fjordane og store offshoreanlegg lenger ut til havs. Vidareutvikling av det nye produksjonsreguleringsregimet i havbruksnæringa er viktig for å sikre at den ønskte veksten i havbruksproduksjonen skjer innanfor miljømessig akseptable rammer.

Regjeringa prioriterer å leggje til rette for velfungerande sameksistens mellom havnæringane. Det er behov for auka kunnskap for å kunne leggje til rette for mest mogleg optimal lokalisering av havvind og havbruk til havs og for å auke kunnskapen om effektar for økosystema og andre næringar.

Sjømat

Regjeringa vil følgje opp tiltak for å fremje akvatisk mat i arbeidet med klima og berekraft, mellom anna gjennom ernærings- og kosthaldsarbeidet, og føre vidare heilskapleg overvaking av dei viktigaste fiskebestandane og sjømat for å kartleggje innhaldet av uønskte stoff og næringsstoff. Kartlegging og kunnskapsoppbygging om uønskte stoff, smittestoff og næringsstoff i nye marine artar som blir tekne i bruk som mat og fôr, skal førast vidare.

Regjeringa vil halde fram med arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om førekomstar og betydninga av mikroplast og nanoplast i det marine miljøet og i sjømat.

8.1.12 Olje- og energidepartementet

Klima- og miljøområde, mål og utfordringar

For å redusere klimagassutsleppa og nå Noregs klimamål vil regjeringa satse på fornybar energi gjennom å auke norsk vasskraftproduksjon, leggje til rette for ei storstilt satsing på havvind og dessutan tillate utbygging av vindkraft på stader der det er gode vindforhold og lokal aksept. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar som vindkraft gjev inngrep i natur- og kulturmiljø. Ved utnytting av fornybare energikjelder og ved bygging av kraftleidningar står ein difor overfor viktige avvegingar. Ved utbygging av ny produksjon og nye kraftoverføringar er det viktig å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

Energieffektivisering vil vere eit viktig bidrag for å redusere forbruksveksten av energi. Energieffektivisering og fleksibelt forbruk som reduserer forbrukstoppane for elektrisitet, kan over tid føre til lågare investeringsbehov i straumnettet og redusere behovet for andre tiltak for å sikre effektbalansen i delar av året. Energieffektivitet kan også redusere behovet for ny kraftproduksjon og styrkje forsyningstryggleiken. Energieffektiviseringstiltak vil ofte kunne gjennomførast raskare enn utbygging av ny fornybar kraftproduksjon og nytt straumnett.

Flaum og skred kan føre til skade på liv og helse, eigedom, infrastruktur og miljø. Noreg har dei siste åra opplevd fleire flaum- og skredhendingar med store skadar. Farekartleggingar har avdekt fleire fareområde og bidrege til auka medvit i samfunnet kring risiko. Befolkningsvekst og økonomisk vekst bidreg til eit veksande skadepotensial. Klimaendringar vil forsterke dette. Det overordna målet til regjeringa er å betre evna samfunnet har til å handtere flaum- og skredrisiko under eit klima i endring.

Klima- og miljøutfordringar ved olje- og gassutvinning er knytte til utslepp til luft og til sjø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar sikrar at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Økonomiske verkemiddel (deltaking i EU ETS og CO2-avgift) er dei viktigaste verkemidla for å redusere klimagassutsleppa. Regjeringa skal i samarbeid med næringa jobbe for at utsleppa frå olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel blir kutta med 50 pst. innan 2030 og til netto null i 2050 samanlikna med nivået i 2005.

Dei same faktorane som førebyggjer personskadar og storulykker, vil ofte òg kunne bidra til å førebyggje ulykker som kan føre til forureining knytt til petroleumsverksemda. Ulykker kan ramme både menneske, miljø og materielle verdiar, og det er dei same førebyggingsmekanismane som kan hindre ulykker uavhengig av kva som kan bli ramma. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at krava til helse, miljø, tryggleik og trygging blir følgde opp. Havindustritilsynet fører tilsyn med at verksemdene følgjer opp HMS-ansvaret sitt. Departementet vil følgje opp at Havindustritilsynet sitt arbeid med tryggleik medverkar til at aktørane set i verk effektive tiltak for å førebyggje, avgrense og stanse ulykker, inkludert ulykker som kan føre til forureining til sjø, luft og til havbotnen. Dette bidreg til å byggje opp om dei nasjonale målsetjingane i klima- og miljøpolitikken.

Olje- og energidepartementet vil i 2024 følgje opp innsatsområda i klimapolitikken og følgje opp klima- og miljøpolitikken til regjeringa gjennom satsing på forsking og teknologiutvikling, næringsutvikling og energiomlegging på petroleums- og energiområdet.

Rapport for 2022–2023

Olje- og energidepartementet medverka i 2022 til ei effektiv og miljøvennleg forvaltning av energiressursane, ein effektiv og velfungerande kraftmarknad og ei betring av evna samfunnet har til å handtere risiko for flaum og skred. Førebygging av flaum- og skredskadar er gode klimatilpassingstiltak. Arbeidet skjedde i eit nært samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat og statsføretaket Statnett.

Regjeringa vil fremje ein effektiv, klima- og miljøvennleg og sikker energiproduksjon og samstundes sikre ei berekraftig forvaltning av naturen. Det er viktig at utbygginga av fornybar energi skjer utan at store verdiar knytte til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt. I 2022 har departementet følgt opp forslaga i Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen i lys av Stortinget si behandling, jf. Innst. 101 S (2020–2021). I meldinga vart det føreslått fleire tiltak for å stramme inn behandlinga av vindkraftkonsesjonar, mellom anna å leggje meir vekt på miljø- og landskapsomsyn ved utbygging av vindkraft.

Regjeringa opna i april 2022, etter ein pause på tre år, opp igjen for konsesjonsbehandling av nye vindkraftprosjekt der vertskommunen samtykkjer til behandling. I behandlinga framover skal eit skjerpt omsyn til natur og miljø, slik det følgjer av meldinga og Stortinget si behandling av denne, leggjast til grunn.

I 2022 heldt regjeringa fram med å arbeide med mål og forpliktingar etter LULUCF, med vekt på klimagassutslepp frå arealbruksendringar. Departementet vil gå gjennom praksis for behandling av klimagassutslepp frå arealbruksendringar i konsesjonsprosessen til energi- og vassdragsanlegg. Dei første prosjektområda for havvind på norsk sokkel vart lyste ut i første kvartalet 2023. Regjeringa planlegg for neste utlysingsrunde av prosjektområde for havvind i 2025. I samband med det har NVE saman med ei direktoratsgruppe identifisert 20 område som kan eigne seg for vindkraft til havs. NVE og direktoratsgruppa har også laga forslag til to program for strategisk konsekvensutgreiing. Programma har vore på høyring og vil bli fastsette hausten 2023.

For rapport på arbeidet med CO2-handtering og på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren, sjå omtale i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Havindustritilsynet gjev seinhaustes ut Risikonivå i norsk petroleumsverksemd, akutte utslepp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvaker Havindustritilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har, eller kunne ha, ført til akutt forureining. Dette arbeidet gjev viktig informasjon for å kunne betre effekten av tryggingsarbeid og dermed kunne førebyggje hendingar som kan gje akutt forureining på norsk sokkel. For nærmare omtale av resultat frå RNNP-AU for 2022, sjå omtale av særskilde tema i del III av Olje- og energidepartementets Prop. 1 S (2023–2024).

Planar for vidare arbeid

Olje- og energidepartementet vil bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av dei fornybare energiressursane. Dette gjeld miljøomsyn ved utbygging av vind- og vasskraftanlegg og ved nettutbygging. Departementet vil òg leggje til rette for miljøforbetring i allereie regulerte vassdrag mellom anna for å følgje opp godkjende forvaltningsplanar etter vassforskrifta. Departementet vil prioritere arbeidet med revisjon av konsesjonsvilkår for å oppfylle miljømåla innan dei fristane som følgjer av planane. Departementet vil følgje opp regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering. Det er venta at utsleppa frå petroleumsverksemda vil gå ned fram mot 2030. Ein status for utsleppa finst i budsjettproposisjonen til Olje- og energidepartementet. Ein breiare omtale av utsleppsutviklinga blir gjeven i 2024.

For ein nærmare omtale av fornybar energi, regjeringa sitt samarbeid med næringa for å redusere utslepp frå olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel, utvikling av teknologi for fangst, transport og lagring av CO2 og satsinga til regjeringa på miljøvennleg energiforsking, sjå omtale i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Departementet vil følgje opp arbeidet til Noregs vassdrags- og energidirektorat med å betre evna samfunnet har til å handtere risiko for flaum og skred. Departementet vil gjennomgå rammene for førebygging av flaum- og skredskadar i samband med at regjeringa har varsla ei ny melding for Stortinget i 2024. I arbeidet skal tilrådingar frå Gjerdrumutvalets NOU 2022: 3 På trygg grunn – Bedre håndtering av kvikkleirerisiko vurderast og følgjast opp, og dessutan delar av Riksrevisjonens rapport Dokument 3:6 (2021–2022) Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes arbeid med å tilpasse infrastruktur og bebyggelse til et klima i endring. Dette er også omtalt i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Departementet vil følgje opp arbeidet til Havindustritilsynet med å utvikle og forvalte tryggingsregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag, som blir følgt opp i tilsyn, trepartsforum og i samarbeid med andre styresmakter. Havindustritilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.

8.1.13 Samferdselsdepartementet

Klima- og miljøområdet i transportpolitikken, mål og utfordringar

Eit av hovudmåla i Nasjonal transportplan 2022–2033 er å bidra til å oppfylle klima- og miljømåla til Noreg. Det blir jobba med ein ny Nasjonal transportplan (2025–2036), som blir lagd fram våren 2024.

For klima syner vi til omtale i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Samferdselssektoren påverkar naturmangfaldet gjennom å byggje og forvalte infrastruktur med tilhøyrande aktivitet. Det totale framtidige arealbeslaget frå samferdselsprosjekt blir redusert gjennom til dømes ombruk og optimalisering av vegstrekningar. Transportverksemdene arbeider med nye metodar for å redusere påverknaden på vassførekomstar.

Støy og redusert luftkvalitet er lokale miljøproblem som kan påverke helsa til folk negativt, og transportsektoren er ei av hovudkjeldene til desse problema.

Rapport for 2022–2023

For klimagassutslepp viser vi til særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

For å følgje opp måla i Nasjonal transportplan 2022–2033 på naturområdet er det utvikla ein indikator for påverknaden transportsektoren har på naturmangfald, som i 2022 vart testa ut i samarbeid med relevante styresmakter: «Netto tal på dekar inngrep i naturområde med nasjonal eller vesentleg regional verdi.» I prosjekta til Nye vegar AS som vart ferdige i 2022, vart 76 dekar viktige naturområde beslaglagde, og 0,6 dekar vart kompenserte. Arealbeslaga Staten vegvesen har gjort av viktige område for naturmangfald for ferdige prosjekt, er 6,1 dekar nedbygde aktuelle naturtypar. Bane NOR avslutta i 2022 i hovudsak berre mindre prosjekt, og ingen av desse har hatt inngrep i naturområde etter indikatoren for naturmangfald. Arbeidet med å beskrive og greie ut naturnøytral veg vart ytterlegare konkretisert i 2022.

Plan for vidare arbeid

For det vidare arbeidet for å redusere utsleppa av klimagassar syner vi til omtale under klimaeffekt av framlagt budsjett i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Nedbygging av naturområde er den største trusselen for tap av biologisk mangfald. Transportverksemdene har utvikla eit system for prosjektspesifikk arealrekneskap og skal i 2024 ta dette i bruk i utbyggingsprosjekta sine. Verksemdene har òg sett i gang eit arbeid med å utvikle ein metode for før- og etterundersøkingar av økosystem og naturmangfald i samband med større utbyggingsprosjekt. Formålet er å få byggje kunnskap om påverknaden av utbygging og drift av transportinfrastruktur, slik at negative konsekvensar for økosystem og naturmangfald kan avgrensast. Forslag til metodikk vil vere klart hausten 2023. Statens vegvesen og Nye vegar skal i 2024 òg halde fram med arbeidet med å utvikle metodar for å vurdere graden av naturnøytralitet. Utkast til metodar blir prøvde ut på fleire utbyggingsprosjekt før ein konkluderer om endelege metodar.

Regionale planar for vassforvaltning er det viktigaste planverktøyet for betre vassmiljø i Noreg. Etatane og selskapa tek del i arbeidet med rullering av regionale planar og tiltaksprogram etter vassforskrifta. Reviderte regionale planar er stadfesta av fylkestinga og vart godkjende av Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet i 2022. Verksemdene har tre år på til å setje i verk eller i det minste vurdere tiltak som ligg i tiltaksprogramma. Statens vegvesen og Nye vegar AS jobbar med å redusere utslepp av mikroplast for å unngå at han blir spreidd til naturen og spesielt til vassførekomstar ute i natur- og vassmiljø.

8.1.14 Utanriksdepartementet

Klima- og miljøområde, mål og utfordringar

Ifølgje FNs klimapanel er rundt 3,5 milliardar menneske i dag svært sårbare for klimaendringar. Dei fattigaste landa er dei mest sårbare. Regjeringa vil halde fram med opptrappinga av støtta til klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar med utgangspunkt i strategien Klima, sult og sårbarhet.Innsatsen skal bidra til å byggje klimarobuste samfunn basert på planane og prioriteringane landa har sjølve, og til å handtere dei negative følgjene av klimaendringane.

Tap av biologisk mangfald og økosystem som har blitt ringare, aukar risikoen ytterlegare for menneske, miljø og utvikling. Regjeringa vil jobbe for å støtte opp om Det globale rammeverket for naturmangfald i 2023 i tråd med måla som vart vedtekne under konvensjonen for biodiversitet på COP15. Regjeringa vil støtte tiltak i utviklingsland for å gjennomføre det nye globale rammeverket i tillegg til andre globale avtalar på miljøområdet.

Havretten vektlegg plikta alle statar har til å bevare det marine miljø, og retten til å utnytte eigne ressursar. Dette ligg til grunn for norsk havpolitikk – både heime og ute. Klimaendringane, forureining og overfiske har ført til eit aukande press på havmiljøet og marine ressursar over heile verda. I arbeidet for berekraftige verdshav vil regjeringa bruke norsk kompetanse og ressursar og slik bidra til gode havbaserte løysingar som vektlegg miljø- og klimaomsyn og bidreg til aktivitet og arbeidsplassar.

Plastforureining og marin forsøpling er eit av dei raskast veksande miljøproblema verda står overfor. Med havstraumane blir avfall spreidd til kyst og strender i nærleiken av avfallskjelda, men også til område langt unna. Regjeringa vil leie an i innsatsen for å stanse plastforureining og marin forsøpling.

775 millionar menneske mangla tilgang til elektrisitet i 2022, ifølge IEA. Størstedelen av desse bur i Afrika sør for Sahara, der over 50 pst. av befolkninga framleis er utan tilgang på elektrisitet. Sjølv om veksten i fornybar energi auka, gjekk andelen av fornybar i energiforbruket ned. Om lag to tredjedelar av dei globale klimagassutsleppa kjem frå produksjon eller bruk av karbonintensiv energi. Kolkraftverk er den største kjelda til klimagassutslepp og må erstattast av fornybar energi.

Framleis manglar omtrent 2,3 milliardar menneske tilgang til gode kokeløysingar, med omfattande konsekvensar for utvikling og helse. Regjeringa vil halde fram med innsatsen for å skaffe tilgang til trygge og gode kokeløysingar. Noreg har i samarbeid med mottakarlanda bidrege til energieffektivisering, mellom anna gjennom tilgang til moderne kokeomnar. Den globale mattryggleiken har blitt verre for kvart år sidan 2014. 828 millionar menneske opplever vedvarande matutryggleik. Væpna konfliktar og klimaendringar er dei viktigaste årsakene til matmangel og svolt. Afrika importerer mat for 75 mrd. USD kvart år. Det svekkjer økonomien. Samstundes har Afrika ressursar til å brødfø seg sjølv. Noreg har som mål å auke lokal matproduksjon og lokal verdiskaping, redusere feil- og underernæring og redusere omfanget av svoltkriser.

EØS-finansieringsordningane

Mange europeiske klima- og miljøutfordringar er grenseoverskridande og krev samarbeid på tvers av landegrensene. EØS-finansieringsordningane støttar tiltak som fremjar klima, miljø og fornybar energi. Midlane bidreg til at landa skal kunne oppfylle dei nasjonale og internasjonale forpliktingane sine, inkludert EU-direktiv. EØS-finansieringsordningane styrkjer også dei bilaterale sambanda mellom Noreg og mottakarlanda. Innanfor miljø og klima er etatane til miljøforvaltninga, irekna Miljødirektoratet, og dessutan ei rekkje forskingsaktørar og institusjonar aktive i fleire land. Samarbeidet mellom norske aktørar og partnarar i mottakarlanda er positivt for Noregs nasjonale miljøarbeid, ettersom forvaltninga får ny kunnskap gjennom europeisk samarbeid.

Rapport for 2022

Arbeidet med å styrkje støtta til klimatilpassing og førebygging i klimasårbare utviklingsland har halde fram i 2022. Det har bidrege til å styrkje kapasiteten landa har til å redusere dei negative konsekvensane av klimaendringane. Støtta har inkludert vêr- og klimatenester, som ei styrking av nasjonal vêrvarsling og oppretting av eit nytt fond for innovativ finansiering av landbaserte vêrobservasjonar i dei fattigaste landa og små øystatar. Formålet er å bidra til å dekkje gapet i vêrobservasjonar. Norsk støtte har vidare mellom anna bidrege til å styrkje evna land som til dømes Mosambik har til risikovurdering og -førebygging og gjenoppbygging av meir robust infrastruktur etter ekstremvêr.

Regjeringa har støtta tiltak i utviklingsland og globale avtalar på miljøområdet. Nokre hovudkanalar for dette er Den globale miljøfasiliteten (GEF) og FNs miljøprogram (UNEP). Noreg arbeidde aktivt for etablering av naturavtalen (Kunming-Montreal Global Biodiversity Framework) som vart vedteken på det 15. partsmøte under FN-konvensjonen om biologisk mangfald i desember 2022. Rammeverket tek sikte på å reversere tapet av biologisk mangfald og gjenopprette alle økosystem innan 2050 ved mellom anna bevaring eller berekraftig forvaltning av minst 30 pst. av alt land og hav på jorda. Minst 200 mrd. USD per år skal mobiliserast frå både offentlege og private kjelder til finansiering av tiltak relaterte til biologisk mangfald.

2022 vart kalla eit superår for havet med FNs havkonferanse i Lisboa som høgdepunkt, der hovudprioriteringar frå norsk side var Havpanelet og FNs havforskingstiår. Målet er at alle hav- og kyststatar skal etablere heilskaplege forvaltningsplanar for nasjonale farvatn innan 2030 der omsynet til klima og miljø er viktige og styrande element. Arbeidet til Havpanelet viser at det hastar med å utvikle god havforvaltning globalt for å oppnå dei miljømessige, økonomiske og sosiale måla i 2030-agendaen om berekraftig utvikling. Havpanelet hadde i 2022 særskilt i fokus å løfte fram kor viktig havet er som klimaløysar, og akselerere utvikling av havbaserte klimaløysingar. FNs havforskingstiår (2021–2030) er eit globalt løft for å heve kunnskapen om hava. Det er inga formell kopling mellom Havpanelet og arbeidet til FNs havforskingskommisjon med havforskingstiåret, men det vart i 2022 knytt tettare saman med felles målsetjingar om berekraftig heilskapleg havforvaltning.

Noreg var ein viktig pådrivar for vedtaket i FNs miljøforsamling i februar 2022 om å opprette ein forhandlingsprosess for å få på plass ein rettsleg bindande global avtale mot plastforureining. Det første møtet i forhandlingskomiteen vart halde i Uruguay i slutten av 2022. Noreg og Rwanda etablerte ein høgambisjonskoalisjon for forhandlingane i 2022, og koalisjonen tel i overkant av 50 land. Regjeringa førte vidare bistandsprogrammet mot marin forsøpling i utviklingsland. I 2022 vart om lag 209 mill. kroner utbetalte til prosjekt i programmet.

Det er eit stort behov for å engasjere privat sektor for å satse på fornybare energiinvesteringar i utviklingsland. Regjeringa har fått på plass ei garantisatsing for investeringane private aktørar gjer i fornybar energi i utviklingsland, for å senke terskelen for private investeringar i land der risikoen er høg. Ordninga er på 1,5 mrd. kroner fordelte over fem år (2022–2027) og er samansett av to delar. Den eine delen er eit garantisamarbeid med to internasjonale garantiinstitusjonar (det multilaterale investeringsgarantiselskapet MIGA og African Trade Insurance Agency). Den andre delen er ei søknadsbasert subsidieordning til garantipremiar som Norad forvaltar.

Regjeringa oppretta i 2022 Klimainvesteringsfondet. Norad forvaltar fondet. Målet er å redusere eller unngå klimagassutslepp i utviklingsland som i dag har store utslepp frå fossil kraftproduksjon, særleg kolkraft. Det blir sett av 10 mrd. kroner over fem år for å oppkapitalisere fondet. Finansieringa kjem frå Stortingets årlege løyving over statsbudsjettet og overføring av totalt 5 mrd. kroner frå Norfunds overskotskapital. I tillegg vil kapitalen til fondet over tid kunne bidra til å utløyse betydelege midlar frå andre investorar. I 2022 bidrog Klimainvesteringsfondet til finansiering av 2 443 MW fornybar energi og til estimerte unngåtte klimagassutslepp på 6,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Ved utgangen av 2022 var total avtalefesta portefølje for fondet på 2,14 mrd. kroner.

Mattryggleik er ei av hovudsatsingane til regjeringa i utviklingspolitikken. Regjeringa lanserte ein ny strategi for mattryggleik i 2022. Auka prisar på gjødsel og såkorn fekk, saman med auka matprisar, gjennomgåande store negative følgjer for mattryggleiken i låginntektsland. For småbøndene var det spesielt viktig at innsatsmiddel var tilgjengelege i tide til vekstsesongen slik at dei kunne halde matproduksjonen oppe. Dei mest sårbare landa og samfunna fekk støtte både for å handtere krisa og samstundes leggje til rette for ein langsiktig transformasjon til meir robuste og berekraftige system.

EØS-finansieringsordningane

Miljø, energi, klima og lågkarbonøkonomi er blant prioriterte hovudsektorar under EØS-midlane for 2014–2021. Støtta til pilaren «Et grønt Europa» omfattar i alt 15 program med ei samla tildeling på om lag 419 mill. euro i tolv land.

I fuglereservatet Josefov Meadows i Tsjekkia har tsjekkiske ornitologar fått støtte frå norske EØS-midlar til å opne gjengrodde dammar i eit våtmarksområde. For å auke naturmangfaldet beitar hestar i området. Hestane gjødslar jorda og tiltrekkjer seg insekt, som er viktig mat for fuglane. Tiltaka har resultert i at sjeldne og trua fugleartar har komme tilbake for å hekke. Fuglereservatet er opent for publikum og blir mykje brukt av skuleklassar og andre som vil lære om kva våtmarker har å seie for naturmangfald og klimatilpassing.

Med støtte frå EØS-midlane aukar byen Snina i Slovakia motstandskrafta si mot klimaendringar. Støtta går til å utarbeide ein klimaplan, flaumreduserande tiltak, grøn infrastruktur, etterisolering av barnehagar, ladestasjonar og ny offentleg belysning. Eit av resultata er eit grønare bymiljø gjennom installering av meir effektive parkeringsløysingar og lademoglegheiter for elbilar og elsyklar. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) bidreg med ekspertisen sin i prosjektet.

Planar for vidare arbeid

Regjeringa vil helde fram med å styrkje innsatsen for klimatilpassing og førebygging med utgangspunkt i strategien Klima, sult og sårbarhet frå 2021. Det vil inkludere støtte til å handtere tap og skade som følgjer av klimaendringane. Støtta skal sjåast i samanheng med arbeidet for mattryggleik der klimatilpassing er ein viktig del av innsatsen. I tillegg vil støtta bidra til betre samanheng mellom støtta til humanitær innsats og langsiktig bistand.

Sunne og berekraftige hav er nødvendige for å nå berekraftsmåla og klimamåla. Noreg er ein pådrivar for å løfte havspørsmåla høgt på den internasjonale dagsordenen og jobbar aktivt for betre beskyttelse av havet og berekraftig ressursutnytting. Havspørsmål er viktige i forholdet Noreg har til ei rekkje land, og det er stor interesse for norske havnæringar og for korleis havet kan bidra til verdiskaping. Havbaserte klimaløysingar er viktige bidrag for å nå måla i Parisavtalen, og regjeringa vil sørgje for at norsk kompetanse og ekspertise på område som grøn skipsfart og berekraftig havforvaltning bidreg inn i det internasjonale klimaarbeidet.

Forhandlingsprosessen om ein global plastavtale held fram med høg norsk profil fram mot det avsluttande møtet mot slutten av 2024. Høgambisjonskoalisjonen vil vere eit viktig verktøy for å oppnå ein ambisiøs avtale. Bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir ført vidare fram til utgangen av 2024. Programmet vil arbeide for å styrkje nasjonale og regionale verkemiddel for å forhindre marin forsøpling og mikroplast og på den måten støtte opp om forhandlingsprosessen om plastforureining. Støtte til betre avfallshandtering og opprydding av plastavfall i samarbeidsland vil vere sentralt. Programmet vil arbeide for å involvere privat sektor sterkare i innsatsen.

Tilgang til moderne energi og reduserte utslepp av klimagassar er sentrale føresetnader for å nå berekraftsmåla for å utrydde fattigdom og måla i Parisavtalen. Manglande tilgang og for låg andel fornybar energi krev satsing. Regjeringa vil, i tråd med Hurdalsplattforma, prioritere fornybar energi og gjere rein energi til ei hovudsatsing i norsk utviklingspolitikk.

Mattryggleik har hamna høgt på den internasjonale agendaen. Norsk bistand til feltet er auka og skal både bidra til å avverje humanitære kriser og styrkje mattryggleiken i utviklingsland. Det inneber mellom anna å bidra til eit meir klimatilpassa og klimarobust landbruk i Afrika. Dette krev ei heilskapleg tilnærming til arbeidet og krev at tilskotsmidlar frå ulike postar verkar saman.

EØS-finansieringsordningane

Implementeringa av programma vil framleis vere i hovudfokus. Totalt er det forventa at mottakarlanda årleg skal produsere 86 000 MWh med fornybar energi. Dette svarer til det årlege privatforbruket til om lag 5 100 husstandar i Noreg. Det årlege CO2-utsleppet i EØS-landa er forventa å bli redusert med 980 000 tonn. Det svarer til det årlege utsleppet til om lag 566 000 bilar. Forventa årleg resultat frå energisparing er 810 000 Wh, noko som svarer til forbruket til rundt 30 000 husstandar i Noreg. Det vil i tillegg gjennomførast omfattande informasjonskampanjar for å auke forståinga av klimaendringane og nødvendige tiltak.

8.2 FNs berekraftsmål

Noreg underteikna Agenda 2030 med universelle berekraftsmål i september 2015 og har med dette forplikta seg til å gjennomføre og implementere måla.

I 2016 la Noreg fram den første frivillige nasjonale rapporten til FN om framdrifta og rapporterte for andre gongen sommaren 2021. Rapportane syner at politikk og regelverk i Noreg i stort er i samsvar med måla, men at det òg er mål som utfordrar oss til å gjere meir. Noregs modell for oppfølging av berekraftsmåla nyttar det årlege arbeidet med statsbudsjettet for nasjonal rapportering.

Behovet for ei meir integrert tilnærming til økonomiske, sosiale og miljømessige omsyn i politikkutforminga går klart fram av Agenda 2030. Regjeringa ser at berekraftsmåla kan fremje eit breiare samfunnsansvar hos alle aktørar, engasjere fagmiljø på nye vis og betre samarbeidet mellom dei. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening — Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 vart behandla i Stortinget våren 2022 (Innst. 218 S (2021–2022)).

Berekraftsmåla framhevar miljø og klima både som eigne mål og prioriterte felt og som tverrgåande omsyn. Hovudinnsatsen til Klima- og miljødepartementet under dei ulike måla er omtalt her. Meir omtale finst i proposisjonane til andre departement, og ein samla rapport følgjer som eit digitalt vedlegg til Prop. 1 S frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Styrkt koherens i oppfølginga av måla er eit hovudpoeng.

Mål 1 Utrydde alle former for fattigdom i heile verda

Klima- og miljødepartementet medverkar til å nå delmål 1.5 om fattigdom og sårbarheit for klimarelaterte ekstremhendingar. Regjeringa trappar opp støtta til klimatilpassing og følgjer opp strategien om klimatilpassing, førebygging og kampen mot svolt.

Mål 2 Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk

Klima- og miljødepartementet medverkar til fleire delmål under berekraftsmål 2. Det er fleire initiativ som bidreg til berekraftig jordbruk i Noreg for å nå delmål 2.4 om berekraftige system for matproduksjon. Jordbruksavtalen blir dreidd i ei meir klima- og miljøvennleg retning. Regjeringa jobbar saman med organisasjonane i jordbruket for å kutte 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar i sektoren innan 2030, i tråd med intensjonsavtalen. Nasjonale føringar for betre vassmiljø og tilskotsordningar skal til dømes redusere tap av næringsstoff frå gjødsel til vatn. Tiltaksplanar for pollinerande insekt og framande artar med målretta tilskot skal betre leveområde for biologisk mangfald i kulturlandskapet. Ordninga for utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er meir enn dobla sidan 2016 til 51 område over heile landet. Skjøtsel i form av beite og slått av trua naturtypar som kystlynghei og slåttemark tek vare på artsrike areal som også bruker norske fôrressursar og kulturlandskapsverdiar. Kulturminne og kulturmiljø blir skjøtta og sette i stand og varetek kulturarven frå landbruket.

Det norske Klima- og skoginitiativet har som hovudmål å medverke til eit stabilt klima, meir naturmangfald og ei berekraftig utvikling. For å nå målet blir innsatsen retta mot å skape reformer i tropiske skogland i retning av berekraftig arealbruk. Å skape ein berekraftig arealpolitikk er svært utfordrande, og det blir vanskelegare av at dei globale råvaremarknadene framleis spør etter produkt som er knytte til avskoging. Klima- og skoginitiativet jobbar for at råvaremarknadene og dei globale finansmarknadene skal stimulere til avskogingsfri råvareproduksjon, og medverkar slik til delmål 2.4 om å sikre berekraftige system for matproduksjon og delmål 2.5 om å ta vare på det genetiske mangfaldet av frø, kulturplantar, husdyr og ville artar som er i slekt med dei. Eit viktig verktøy for delmål 2.5 er Nagoya-protokollen, sjå nærmare omtale under delmål 15.6. Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for trygg matvaretilgang og god ernæring i tillegg til klimatilpassing av matproduksjonen.

Mål 3 Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 3.9 om å «[i]nnan 2030 redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle på grunn av farlege kjemikaliar og forureina luft, vatn og jord vesentleg».

Menneske kan utsetjast for miljøgifter via produkt vi omgjev oss med, drikkevatn og mat eller frå byluft, støv og inneluft. Høge enkeltdosar av kjemiske stoff kan gje effektar på akutt vis, som anten kan vere forbigåande eller varige. Det er bekymring for at eksponering også for låge dosar miljøgifter over lang tid kan gje langtidseffektar som kreft og reproduksjonsskadar eller forstyrre hormonbalansen hos menneske og dyr.

Noreg er blant dei landa i Europa der det er lågast risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikken og andre kjelder.1 Lokal luftforureining er redusert dei siste åra, men er framleis ei utfordring enkelte stader.

Ny kunnskap om helseeffektar av luftforureining gjev gode grunnar for å styrkje arbeidet med lokal luftforureining ytterlegare. Nasjonalt mål for årsmiddel for NO2 vart endra frå 1. januar 2022. Vidare skjerpte regjeringa grenseverdiane for svevestøv (PM10 og PM2,5) i forureiningsforskrifta frå 1. januar 2022 og gjorde fleire endringar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftforureining frå 1. juli 2022. Sjå nærmare omtale under delmål 11.6. Globalt, regionalt og i Europa er Noreg ein sentral aktør i arbeidet for å hindre helseskadeleg forureining av luft, vatn og jord og eksponering for helse- og miljøfarlege stoff. Sjå også omtale under delmål 12.4. Gjennom EØS-midlane bidreg Noreg til å støtte arbeid med strategiar, planar og kunnskap for å styrkje kontrollen med forureining i land som får midlar i Sentral-Europa.

Mål 6 Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 6.1–6.4 om trygt drikkevatn, tilstrekkelege sanitærforhold, betre vasskvalitet og betre utnytting av vatn i alle sektorar. Utslepp av kjemikaliar og materiale som kan påverke vasskvaliteten og drikkevatnet, er strengt regulerte. Majoriteten av befolkninga er knytt til kommunale reinseanlegg. Om lag 60 pst. av befolkninga er knytte til reinseanlegg der avløpsvatnet blir reinsa biologisk eller kjemisk. Ein stor del av det kommunale leidningsnettet er gammalt og/eller dårleg, og mange avløpsreinseanlegg oppfyller ikkje reinsekrava i forureiningsregelverket. Dette fører til utslepp av ureinsa og dårleg reinsa avløpsvatn og er ei utfordring for måloppnåinga til Noreg. Det er også nødvendig å tilpasse vass- og sanitærsystema til forventa klimaendringar.

For å styrkje og samordne samfunnstryggleiken innan vassområdet som følgje av endra risikobilete, forventa klimaendringar og stort vedlikehaldsetterslep har regjeringa oppretta eit interdepartementalt samarbeidsforum for vatn og avløp med deltaking frå Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet. Det er eit arbeid i gang med sikte på revisjon av dei nasjonale måla for vatn og helse med ein gjennomføringsplan på tvers av sektorane. Det blir teke sikte på å fastsetje revidert nasjonal plan for vatn og helse i 2023.

I oktober 2022 la Europakommisjonen fram forslaget sitt til revidert avløpsdirektiv. Noreg har gjennomført gjeldande direktiv i forureiningsforskrifta. Forslaget til revidert direktiv har som formål å beskytte menneske og økosystem frå dei resterande kjeldene til utilstrekkeleg reinsa avløpsvatn og å gje eit føreseieleg rammeverk, betre transparens og styring av avløpssektoren. I tillegg skal revisjonen av direktivet bidra til å nå måla i den grøne given, oppnå klimanøytralitet og nullforureining i 2050 og overgang til ein sirkulær økonomi og dessutan støtte arbeid med folkehelse og berekraftsmål 6. Dette gjer forslaget til revidert direktiv atskilleg meir ambisiøst enn det noverande direktivet. Kommisjonen foreslår mellom anna nye reinsekrav designa for å redusere utsleppa av mikroforureining som bakteriar og virus, mikroplast, legemiddelrestar og miljøgifter som kan transporterast med havstraumane. Direktivforslaget vil krevje endringar i norsk rett dersom det blir vedteke og innlemma i EØS-avtalen. Klima- og miljødepartementet følgjer den politiske behandlinga av forslaget i EU tett. Det er forventa av revidert direktiv blir vedteke i 2024.

Regjeringa arbeider også med å følgje opp forslaga frå overvassutvalet til verkemiddel i NOU 2015: 16 Overvann i byer og tettsteder – som problem og ressurs. Forslag frå overvassutvalet er også følgt opp i Meld. St. 26 Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Her har regjeringa sagt at dei vil vurdere fordelar og ulemper ved å innføre eit eige gebyr for overvatn og greie ut ulike gebyrmodellar. Vidare vil regjeringa sende forslag til nytt kapittel i forureiningsforskrifta med krav til etablering, tømming og vedlikehald av sandfang på høyring og greie ut behov for endringar i forureiningslova om ansvar for skade forårsaka av avløpsanlegg.

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 6.5 om integrert forvaltning av vassressursar på alle nivåa. Regionale vassforvaltningsplanar legg til rette for beskyttelse og berekraftig bruk av elvar, innsjøar, grunnvatn og kystvatn i tråd med EU sitt vassdirektiv. Samordninga mellom ulike sektorstyresmakter og styresmaktnivå i vassplanarbeidet sikrar ei felles forståing av tilstanden på vassmiljøet og påverknader, rammer for miljømål, prioriteringar og tiltak. Gjennomføringa av planane skal vareta evna vassmiljøet har til å levere økosystemtenester som reint drikkevatn, godt badevatn, trygg sjømat, fiske, rekreasjon og turisme, samstundes som det langsiktige grunnlaget for verdiskaping og næringsutvikling blir sikra. Vassforvaltningsplanane blir utarbeidde i tråd med vassforskrifta, som er heimla i plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og vassressurslova og gjennomfører EUs vassdirektiv. Vassforvaltningsplanane for 2022–2027 vart godkjende av regjeringa hausten 2022. I samband med godkjenninga har regjeringa styrkt innsatsen for å nå miljømåla etter vassforskrifta. Samarbeid og felles rapportering med dei nordiske nabolanda om grensekryssande nedbørfelt er styrkte gjennom felles strategi og avtalar.

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 6.6 om å innan 2020 verne og byggje opp att vassrelaterte økosystem, inkludert fjell, skogar, våtmarker, elvar, vassførande bergartar og innsjøar. Noreg har verna mange område som er viktige for vassrelaterte økosystem. Naturstrategi for våtmark som vart lagd fram i juni 2021, inneheld ei rekkje tiltak for å nå måla for våtmark om å bremse den noverande nedbyggingstakta og forbetre den økologiske tilstanden. Regjeringa følgjer opp strategien, mellom anna ved å greie ut tiltaka og vurdere kva tiltak som skal bli innførte for å nå måla. I 2024 vil regjeringa òg halde fram med å utvikle faggrunnlaget ein treng for å kunne vurdere tilstand i våtmark etter fagsystemet for økologisk tilstand. Vi er inne i FN sitt tiår for naturrestaurering. Svært mange våtmarker treng restaurering, og arbeidet held fram etter ein oppdatert restaureringsplan som Miljødirektoratet har laga for perioden 2021–2025. I naturavtalen kom det inn eit nytt globalt mål om at innan 2030 skal det vere iverksett effektiv restaurering av minst 30 pst. av økosystem som har blitt ringare. Restaurering av myr og anna våtmark, saman med forbetring av tilstand i tråd med vassforvaltningsplanane, er viktig for å følgje opp det internasjonale målet. I 2023 vart det brukt til saman 35 mill. kroner til restaurering av myr og anna våtmark. Av desse gjekk 29,5 mill. kroner til å restaurere myr og 5,5 mill. kroner til anna våtmark. I 2024 vil arbeidet med restaureringa halde fram.

Miljødirektoratet har i samråd med relevante etatar i Direktoratsgruppa for vassforvaltning utarbeidd ein strategi for restaurering av vassdrag i Noreg. Departementsgruppa for vassforvaltning gav tilslutninga si til forslaget i 2022. Målet til strategien er å restaurere minst 15 pst. av vassdrag i Noreg som har blitt ringare, i perioden 2021–2030 og reversere den negative trenden slik at vi i 2030 restaurerer vassdrag i ei høgare takt enn vassdraga taper seg. Det blir arbeidd med ein oppfølgjande handlingsplan som skal inkludere konkrete forslag om prioritering av einskilde vassdrag for heilskapleg restaurering.

Mål 8 Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle

Delmål 8.4 handlar om å bryte koplinga mellom økonomisk vekst og miljøskadar. Utfordringa er å sørgje for at miljøbelastningane går ned til akseptable nivå, og at vi har økonomisk vekst på same tid. Dei norske CO2-utsleppa er lågare enn for 30 år sidan, trass i sterk vekst i BNP. Målt i utslepp per innbyggjar ligg vi likevel høgt over det globale gjennomsnittet. Det er framleis eit stort potensial for å frikople veksten i økonomien frå veksten i klimagassutsleppa, og klimaplanen for 2021–2030 føreset eit temposkifte. I klimapolitikken er dei viktigaste verkemidla avgifter på utslepp og deltaking i EUs kvotehandelssystem. Mot andre typar av forureining, og i forvaltning og vern av naturmangfaldet, bruker Noreg i hovudsak direkte reguleringar. Noreg har variert natur og låg befolkningstettleik,. Sjølv om vi har halde på busetjinga i store delar av landet, har vi også landområde som ikkje er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet. Inngrepsfri natur er definert som natur meir enn ein kilometer frå tyngre tekniske inngrep, og villmarksprega natur er meir enn fem kilometer unna. Fastlands-Noreg har 44 pst. inngrepsfri natur og 11,5 pst. villmarksprega (2018-tal). Historiske trendar viser betydeleg nedgang i både villmarksprega og inngrepsfri natur i perioden 1988–2018. I ein liten, men open økonomi som Noreg har, vil ein god del av fotavtrykket vårt på naturmangfaldet vere indirekte og skje i dei landa der varene vi importerer, blir produserte. Nasjonalt er tilstanden i dei norske økosystema blanda, og også vi har utfordringar i økosystema våre. Den klart sterkaste påverknaden er arealinngrep og arealbruksendringar, og naturindeksen for Noreg syner at utfordringane gjeld fleire av dei viktigaste økosystema våre. Ifølgje indeksen har hav, kyst, fjell og opent lågland hatt ein svak nedgang i tilstanden de siste ti åra, medan skog har hatt ein framgang i den same perioden. For våtmark er tilstanden om lag stabil, men her er kunnskapsgrunnlaget lite. Statusen i norske økosystem er ifølgje Miljøstatus middels god, med unntak av hav og fjell som har god status. For havområda Nordsjøen og Skagerrak er økosystema likevel vesentleg påverka av menneskeleg aktivitet. I naturlege vassførekomstar (overflatevatn) oppnår over 74 pst. i dag god eller særs god økologisk tilstand.

Mål 9 Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon

Klima- og miljødepartementet bidreg til å nå delmål 9.4 om å oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir omfattande bruk av reine og miljøvennlege teknologiformer og industriprosessar. Dette blir mellom anna gjort gjennom Enova, som er retta mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon, med mål om å oppnå varig marknadsendring.

Klima- og miljødepartementet bidreg i arbeid med utvikling av EUs taksonomi for berekraftige aktivitetar og berekraftig rapportering, som skal bidra til å rette meir kapital til miljøvennleg teknologi.

Mål 11 Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige

Klima- og miljødepartementet bidreg til å nå delmål 11.4 om å styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda. Noreg har eit velfungerande forvaltningssystem for å ta vare på natur- og kulturarven, men endringar i arealbruk og klimaendringar legg press på desse ressursane.

Indikator 11.4.1 handlar om samla offentlege utgifter brukte til kulturarv per innbyggjar, og i 2021 vart dette for første gongen rapportert til Unesco. Førebels inneheld rapporteringa utgiftene til Riksantikvaren og Kulturminnefondet, og tala viser ein tydeleg auke i kulturarvutgifter per innbyggjar.

Norske styresmakter har dei siste åra styrkt innsatsen for forvaltninga av dei åtte verdsarvområda i Noreg. Dei norske verdsarvområda skal vere fyrtårn for den beste praksisen innanfor natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Samarbeid er difor viktig, og Klima- og miljødepartementet har mellom anna oppretta eit verdsarvforum for å bidra til god samordning mellom departementa for den beste forvaltninga av verdsarvområda. Noreg er ein aktiv bidragsytar til Unesco både økonomisk og gjennom aktivitetar som bidreg til oppfølging av konvensjonane Noreg har slutta seg til. Dette gjeld særleg verdsarvkonvensjonen (Unescos konvensjon for vern av verda sin kultur- og naturarv). Hovudprioriteringane for den norske innsatsen har vore å sikre dei universelle verdiane i kulturarven og å styrkje institusjonar, ekspertar og lokalsamfunn slik at dei kan ta vare på verdsarven òg. Kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit viktig innsatsområde både nasjonalt og internasjonalt. Noreg medverkar til denne satsinga gjennom kapasitetsbyggingsprogrammet «World Heritage Leadership Programme» som frå 2023 vart vidareført i ein ny programperiode på seks år. Programmet blir gjennomført i samarbeid med World Heritage Conservation of Nature (IUCN) og International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM). I tillegg har Noreg over fleire år gjeve atskilleg med midlar til sikring av afrikansk verdsarv, med vekt på naturarv. Klima- og miljødepartementet har også dialog med Utanriksdepartementet om å prioritere kulturmiljø under EØS-midlane.

Noreg har 40 nasjonalparkar på fastlandet og 7 på Svalbard. Det vart oppretta to nasjonalparkar i 2016, og den førebels siste vart oppretta i 2018. Sidan 2013 er det oppretta 656 nye naturreservat i skog. Det er no i alt verna eit areal på om lag 62 000 kvadratkilometer på fastlandet i Noreg. Klima- og miljødepartementet har utarbeidd ein handlingsplan for å styrkje forvaltninga og ta vare på naturverdiane i nasjonalparkane og andre store verneområde. Bevaring av natur i byar og tettstader er òg viktig, sidan det har mykje å seie for både økosystem og trivsel. Årleg bidreg Klima- og miljødepartementet til at mellom 20 og 40 natur- og friluftslivsområde i og ved byar og tettstader blir varig sikra gjennom ordninga sikring av friluftslivsområde. Klima- og miljødepartementet utviklar og oppdaterer metodikk innanfor kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde. Dette bidreg til auka kunnskap om friluftslivsområda i kommunane og bidreg til at desse ikkje blir bygde ned på grunn av mangel på kunnskap om dei. Naturbaserte løysingar som er bra for både naturmangfald og klimatilpassing, er viktige, sjå omtale av mål 15.

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 11.6 om å redusere den negative påverknaden på miljøet frå byane og lokalsamfunna, knytt til avfall og forureining. Kommunane har ei viktig rolle i avfallshandteringa. Dei skal samle inn og sikre forsvarleg handtering av det avfallet som oppstår i norske hushald. I Noreg blir om lag 44 pst. av det kommunale avfallet materialattvunne, resten blir i hovudsak energiutnytta. Det kjem stadig strengare krav til materialattvinning, som skal sikre at meir av ressursane kjem inn i krinsløpet att. Klima- og miljødepartementet vedtok i 2022 krav om utsortering av bio- og plastavfall frå alle hushald og næringar som genererer hushaldsliknande avfall frå og med 1. januar 2023. Dette vil bidra til å auke materialattvinningsgraden. Klima- og miljødepartementet la i 2021 fram ein revidert og oppdatert plaststrategi som greier ut om breidda i politikken til regjeringa mot plastforureining nasjonalt og internasjonalt. I den nasjonale strategien for sirkulær økonomi frå 2021 blir avfallssektoren framheva som viktig for auka ressurseffektivitet. Klima- og miljødepartementet koordinerer arbeidet med regjeringa sin handlingsplan for sirkulær økonomi.

Lokal luftforureining er redusert dei siste åra, men er framleis ei utfordring enkelte stader. Regjeringa innførte frå 1. juli 2022 endringar til forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftforureining. Formålet med endringane og presiseringane er å auke gjennomføringsevna til aktørane og sikre etterleving av regelverket. Endringane tydeleggjer kva plikter og ansvar aktørane har, i større mon enn det som kunne lesast ut av gammal forskriftstekst. Mellom anna vart moglegheita kommunane har til å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte for å sikre betre luftkvalitet, utvida. Forureiningsforskrifta fastset juridisk bindande grenseverdiar. Grenseverdiane for partiklar i luft (svevestøv, PM10 og PM2,5) vart først skjerpte frå 1. januar 2016. Regjeringa innførte ytterlegare skjerpte grenseverdiar for svevestøv frå 1. januar 2022 etter tilråding frå eit samla fagmiljø. Regjeringa endra også nasjonalt mål for årsmiddel for nitrogendioksid (NO2) frå 40 til 30 mikrogram per kubikkmeter utandørs luft frå 1. januar 2022, basert på ein oppdatert kunnskapsstatus.

Mål 12 Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Målet inneber at produsentar og forbrukarar må ta omsyn til kostnader for miljøet av produksjon og forbruk. Norske styresmakter bruker avgifter og andre reguleringar for å fremje berekraftig forvaltning og bruk av naturressursar. Det er ambisjonen til regjeringa at Noreg skal vere eit føregangsland i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi som nyttar ressursane betre. Den nasjonale strategien for ein grøn, sirkulær økonomi (2021) skildrar korleis ei omlegging til ein meir sirkulær økonomi i Noreg kan bidra til å beskytte miljøet, redusere klimagassutslepp og sikre berekraftig produksjon, jf. indikator 12.1.1. Klima- og miljødepartementet koordinerer arbeidet med regjeringa sin handlingsplan for sirkulær økonomi.

Som del av EUs handlingsplan for sirkulær økonomi utviklar EU-kommisjonen eit forsterka produktrammeverk med krav om at produkt skal designast for å vere berekraftige (ny økodesignforordning), og spesifikke reglar for sju utpeikte produktverdikjeder: emballasje, plast, mat, tekstilar, batteri og køyretøy, elektriske og elektroniske produkt og byggjevarer. Forslaga inneheld krav til haldbarheit, innhald av materialattvunne råvare og reparerbare produkt og skal fremje miljømessig og sosial berekraft, auka ressurseffektivitet, auka konkurransekraft og tilgang på kritiske råvarer for det grøne, sirkulære skiftet. Under den foreslåtte økodesignforordninga vil det utviklast ei rekkje underliggjande rettsakter med spesifikke berekraftskrav til produkt. For å kunne gjennomføre EU-regelverket i Noreg la Klima- og miljødepartementet i juni 2023 forslag til ny lov om bærekraftige produkter og verdikjeder på høyring.

Norske styresmakter underteikna i 2017 ein bransjeavtale med aktørane i verdikjeda for mat, der målet er å halvere matsvinnet innan 2030, jf. mål 12.3. Første hovudrapportering frå arbeidet under avtalen viser at matsvinnet vart redusert med om lag 10 pst. i perioden 2015–2020. For å auke innsatsen for å nå målet om å halvere matsvinnet innan 2030 sette regjeringa ned eit utval i februar 2023 som skal greie ut tiltaks- og verkemiddelbruk og korleis ei matkastelov skal inngå i ein slik samla verkemiddelbruk. Utvalet skal gjere ferdig arbeidet sitt innan utgangen av 2023.

Det samla arbeidet med miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff er beskrive i Handlingsplan for ein giftfri kvardag, som gjeld for perioden 2021–2024. Bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og utslepp frå behandling av avfall er reduserte gjennom fleire tiår. Noreg er pådrivar i Europa og globalt for strengare regelverk for å fase ut farlege kjemikaliar i produkt og produksjonsprosessar. For å sikre god, felles kunnskap som grunnlag for tiltak for å motverke den tredje store miljøtrusselen, forureining, har FNs miljøforsamling sett i gang ein internasjonal forhandlingsprosess for å etablere eit vitskapspanel for kjemikaliar, avfall og redusert forureining. Forhandlingane skal vere ferdige i 2024.

Nesten alt farleg avfall blir samla inn og behandla på godkjend måte. Mengda farleg avfall følgjer i store trekk den økonomiske aktiviteten. I 2021 produserte Noreg 337 kg farleg avfall per person, inkludert industriavfall, ein auke på nær 4 pst. frå 2020. I 2021 vart 11 pst. materialattvunne, 16 pst. energiattvunne og 73 pst. sende til deponering eller anna sluttbehandling, jf. indikator 12.4.2. Det er eit nasjonalt mål å auke materialattvinninga av avfall. Vidare er det eit mål å kople veksten i mengda avfall frå veksten i økonomien. Attvinninga av hushaldsavfall har auka mykje dei siste tiåra. Regjeringa vedtok i 2022 endringar i avfallsregelverket som stiller krav til utsortering og materialattvinning av plastavfall og biologisk avfall. Samstundes vurderer regjeringa nye krav til utsortering, separat innsamling og materialattvinning av glas- og metallemballasje, papp, papir og tekstilar frå hushald og næringar som genererer hushaldsliknande avfall. Når det gjeld indikator 12.5.1, var materialattvinningsgraden av kommunalt avfall i 2021 vel 44 pst.

Det offentlege kjøper varer og tenester for rundt 740 mrd. kroner i året (SSB 2023) og står for ein betydeleg del av det norske klima- og miljøfotavtrykket. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) la i 2021 fram ein handlingsplan for å auke klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon. Regjeringa skjerpte i 2023 krava for å ta vare på klima- og miljøomsyn ved offentlege innkjøp, slik at det offentlege må leggje atskilleg meir vekt på klima- og miljøomsyn. Endringsforskrifta tek til å gjelde 1. januar 2024 og inneber at klima- og miljøomsyn som hovudregel må vektast med minimum 30 pst. i offentlege innkjøp, i tråd med kva regjeringa varsla i Hurdalsplattforma. Alternativt kan det stillast klima- og miljøkrav i kravspesifikasjon, dersom det er klart at dette gjev ein betre klima- og miljøeffekt. Forslaget følgjer mellom anna opp Riksrevisjonens rapport som viste at offentlege oppdragsgjevarar ikkje i tilstrekkeleg grad bidreg til å fremje klima- og miljøomsyn i innkjøpa sine. I tillegg har regjeringa sett ned eit lovutval som skal revidere heile innkjøpsregelverket. Grøn omstilling og sirkulær økonomi er framheva i mandatet til utvalet.

Norges plaststrategi (2021) har til formål å redusere miljøkonsekvensar av plastbruk og fremje meir berekraftige plastprodukt. Noreg arbeider for ein ambisiøs global avtale om plastforureining i dei mellomstatlege forhandlingane sette i gang av FNs miljøforsamling. Første utkast til avtaletekst vil bli diskutert i november 2023, og arbeidet til komiteen er planlagt å vere ferdigstilt innan utgangen av 2024. Noreg leier ein høgambisjonskoalisjon med over 55 medlemsland saman med Rwanda for å auke ambisjonsnivået i forhandlingane. Noreg fremjar mellom anna forslag om rettsleg bindande forpliktingar retta mot heile livsløpet til plasten og prioriterer tiltak så langt oppe i produksjonskjeda som mogleg. Under bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir det arbeidd for å styrkje avfallshandteringa i utviklingsland og fremje meir berekraftig bruk av plastprodukt. Noreg støttar også aktivt opp om arbeidet med plastavfall under Basel-konvensjonen om avfall.

Mål 12 er krevjande for mange land og er samstundes det målet med flest koplingar til andre berekraftsmål. Framdrift på dette målet er difor viktig for andre mål. For perioden 2022–2025 har medlemslanda i FN slutta seg til at FNs miljøprogram skal prioritere berekraftig produksjon og forbruk på tvers av alle sektorar og miljøproblem.

Mål 13 Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei

Oppfølginga av Parisavtalen dannar grunnlaget for oppfylling av FNs berekraftsmål 13. For ein kort omtale av korleis Noreg skal nå klimamåla sine, inkludert klimatilpassing, sjå programkategori 12.20. For ein breiare gjennomgang, sjå klimalovrapporteringa i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan. Sjå òg resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken i del I.

Delmål 13.2 er å innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå. Noreg har meldt inn at utsleppa av klimagassar i 2030 skal vere reduserte med minst 55 pst. samanlikna med nivået i 1990. EU har også forsterka klimamålet sitt til minst 55 pst. Noreg ønskjer å samarbeide med EU om gjennomføring av det forsterka klimamålet for 2030. Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa også sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er i regjeringsplattforma formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990. Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Hensikta er at heile det norske næringslivet skal omstille seg i retning lågutsleppssamfunnet. Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Målet er å redusere klimagassutsleppa med 90–95 pst. innan 2050 samanlikna med utsleppsnivået i 1990.

Dei norske klimagassutsleppa er på veg ned. Dei samla norske utsleppa av klimagassar i 2022 var 48,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Det er det lågaste nivået sidan 1993, vel 13 pst. under toppnivået i 2007, og ein reduksjon på 2,4 mill. tonn sidan 1990. Sjå miljøstatus.no for nærmare oversikt over nasjonale klimamål og indikatorar.

Noreg fører ein ambisiøs klimapolitikk. Sektorovergripande verkemiddel i form av avgifter og deltaking i det europeiske kvotesystemet er hovudverkemidla og dekkjer om lag 85 pst. av klimagassutsleppa i Noreg. Norske klimaavgifter er svært høge i internasjonal samanheng, både i utbreiing og nivå. Desse verkemidla set ein pris på utslepp og bidreg dermed til at produksjonen og forbruket blir vridd i meir klimavennleg retning. Prisinga av utslepp fører til auka lønnsemd for verksemder som finn måtar å redusere utsleppa på, og stimulerer dermed teknologiutvikling. I tillegg til kvotar og avgifter blir direkte regulering, standardar, avtalar, informasjon og subsidiar til utsleppsreduserande tiltak brukte som verkemiddel i klimapolitikken, inkludert støtte til forsking og teknologiutvikling.

Regjeringa legg årleg fram klimastatus og -plan som eit særskilt vedlegg til forslag til statsbudsjett. I planen set regjeringa tal på den berekna klimaeffekten av forslag til verkemiddel i statsbudsjettet. Regjeringas klimastatus og -plan viser korleis Noreg ligg an til å nå klimamåla og presenterer eit styringssystem og planen regjeringa har for å oppfylle måla. Klimastatus og -plan er også rapporteringa til regjeringa etter klimalova. Blant tiltaka som skal bidra til dette er ein gradvis auke i avgifta på klimagassutslepp til 2 000 kroner per tonn CO2 innan 2030, rekna i 2020-prisar. Regjeringa har i budsjettet for 2022 og 2023 og i forslag til 2024 budsjettet auka CO2-avgifta i tråd med ei slik opptrapping. Klimaplanen viser også korleis det vil bli lagt til rette for reduksjon i utslepp og auka CO2-opptak i skog og andre areal, og dessutan verkemiddel for å stimulere låg- og nullutsleppsløysingar i kvotepliktig industri. Eit offentleg utval er i gang med å greie ut vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050, og skal leggje fram utgreiinga si i november 2023.

Noreg har eit nasjonalt mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane, jf. delmål 13.1 og 13.3. Norske styresmakter arbeider for å gjere samfunnet mindre sårbart for klimaendringar. Eit godt naturvitskapleg kunnskapsgrunnlag er sentralt i arbeidet med klimatilpassing. Norsk klimaservicesenter (KSS) skaffar, legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data for bruk i arbeidet til forvaltninga med klimatilpassing og gjev råd om bruk av data. Det er løyvd midlar for at KSS skal utvikle ei nasjonal dataplattform, kalla «Klimakverna». Klimakverna skal sørgje for at det blir enklare å ta i bruk klima- og hydrologiske framskrivingar til dømes i planverket til kommunane. Nettstaden Klimatilpasning.no bidreg til å spreie kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing. Omsynet til klimatilpassing er innarbeidd i statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging. For å styrkje klimaberedskapen la regjeringa 16. juni 2023 fram ei stortingsmelding om klimatilpassing. Stortingsmeldinga Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn inneheld planen regjeringa har for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing for perioden 2024–2028. Eit viktig formål med denne stortingsmeldinga er å byggje eit rammeverk for auka tilpassingsinnsats i og på tvers av sektorar og samfunnsområde. Eit forbetra styringssystem for det nasjonale klimatilpassingsarbeidet skal føre til at omsynet til eit klima i endring blir vurdert og implementert systematisk i alle sektorar, at arbeidet blir meir heilskapleg og betre samordna, og at vi får meir kunnskap om utviklinga i risiko og sårbarheit for Noreg og om effektar av innsats og tiltak.

Norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland (jf. delmål 13a og 13b) er sentralt for å kjempe mot fattigdom og å nå berekraftsmåla. Støtte til arbeidet utviklingslanda gjer med å nå innmelde klimaplanar (NDC), vil vere ei viktig føring for korleis klimafinansieringa blir innretta framover. Noreg har eit mål om dobling av klimafinansieringa frå 7 mrd. kroner i 2020 til 14 mrd. kroner i 2026. Tala frå 2022 viser at Noreg allereie har nådd dette nivået, med ei total klimafinansiering på 15,5 mrd. kroner. Noreg har òg eit mål om å tredoble støtta si til klimatilpassing.

Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa gjev eit bidrag til fondet på 800 mill. kroner årleg i perioden 2024–2027. Noreg bidreg også med betydeleg finansiering gjennom utviklingsbankane, som gjev ein vesentleg og aukande del av midlane sine til klimarelaterte tiltak. I tillegg støttar Noreg viktige klimatiltak gjennom det bilaterale samarbeidet på landnivå. Klima- og skoginitiativet er den største internasjonale klimasatsinga Noreg gjer. Initiativet har gjort Noreg til eit føregangsland i langsiktig finansiering for å redusere og reversere tap av tropisk skog og bidra til berekraftig arealforvaltning.

Regjeringa oppretta i 2022 Statens klimainvesteringsfond for fornybar energi i utviklingsland (Klimainvesteringsfondet). Fondet er forvalta av Norfund og skal bidra til reduserte klimagassutslepp ved å finansiere utbygging av fornybar energi i utviklingsland med store utslepp frå fossil kraftproduksjon, særleg kolkraft.

Gjennom EØS-midlane bidreg Noreg til å støtte arbeid med klimastrategiar og planar, klimatiltak og -tilpassing i land som får midlar i Sentral-Europa.

For meir informasjon om Noregs internasjonale klimainnsats, sjå programkategori 12.70 internasjonalt klimaarbeid og Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet.

Mål 14 Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

Noregs omfattande bruk av havet og ressursane i havet fører med seg eit ansvar for å forvalte havområda på ein langsiktig og ansvarleg måte. Noreg baserer bruken av havet på berekraft og økosystembaserte tilnærmingar.

Forvaltningsplanane for havområda er verktøy for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning som fremjar både berekraftig bruk og bevaring av økosystema og har eit heilskapleg perspektiv på miljøtilstand, verdiskaping, påverknader og samla belastning på havområda. Forvaltningsplanane for Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak er nedfelte i Meld. St. 20 (2019–2020), med tiltak for berekraftig bruk og bevaring av økosystema. Framtidig verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet, og å halde ved lag naturmangfald og produktivitet i økosystema er sentralt for at dei marine naturverdiane skal halde fram med å vere fornybare. Forvaltningsplanane for havområda er difor òg eit viktig verktøy for verdiskaping og trygg matvaretilgang. Deling av erfaring og kunnskap frå systemet med forvaltningsplanar for havområda er eit viktig bidrag frå Noreg til integrert og økosystembasert forvaltning internasjonalt, mellom anna gjennom arbeidet i Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet). Forvaltningsplanane for dei norske havområda skal vidareutviklast fram mot neste oppdatering i 2024.

Kystområda blir forvalta med mål om å oppnå god økologisk og kjemisk tilstand for alle vassførekomstar. Dei regionale vassforvaltningsplanane for 2022–2027 vart godkjende av regjeringa hausten 2022. I samband med godkjenninga har regjeringa styrkt innsatsen for å nå miljømåla etter vassforskrifta.

Marine verneområde og andre arealbaserte bevaringstiltak er viktige verktøy for å ta vare på økosystem og naturverdiar, samstundes som det er mogleg å drive berekraftig næringsaktivitet. Det er etablert marine beskytta område og marine verneområde i norske farvatn. Til no er det etablert 17 marine verneområde for å verne særlege naturverdiar og stor biologisk produksjon og dessutan 4 nasjonalparkar med stor del marine areal. Arbeidet med å etablere nye marine verneområde held fram. Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur legg grunnlaget for vidare arbeid med bevaring av viktige område for marin natur i norske havområde.

Klimaendringar og havforsuring er vesentlege påverknadsfaktorar som aukar den samla belastninga på artar og økosystem og kan føre til betydelege endringar i grunnlaget for berekraftig bruk av havet og dei marine ressursane. Dette er ei utfordring for forvaltninga av aktivitet som kan påverke miljøverdiane. Noreg vil styrkje kunnskapen om korleis forvaltninga av havområda best kan vareta omsynet til å gjere marint naturmangfald og økosystem motstandsdyktige mot negative verknader av klimaendringar og havforsuring.

Forvaltninga får viktig kunnskap gjennom miljøovervaking, forsking og kartleggingsprogram for mellom anna havbotn (Mareano-programmet) og sjøfugl (SEAPOP/SEATRACK). Mareano har kartlagt terrenget på havbotnen i om lag 292 000 km2 av norske havområde og kartlegg òg geologiske, biologiske og kjemiske miljøforhold på havbotnen. SEAPOP/SEATRACK følgjer tilstanden til sjøfuglbestandane og kartlegg arealbruken til sjøfuglane. Desse programma har gjeve verdifull ny kunnskap om så vel naturtypar og artar som påverknad frå menneskeleg aktivitet. Kunnskapen blir brukt til å forbetre forvaltninga av havområda.

Noreg har eit strengt regelverk for regulering av forureining gjennom forureiningslova. Utsleppa av miljøgifter frå punktkjelder på land er reduserte, men det er framleis tilførslar av miljøfarlege stoff til havområda. Kunnskapen om samla effekt av dei ulike miljøgiftene er avgrensa. Nasjonalt blir det arbeidd med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte kjelder.

Internasjonalt er det i gang viktige prosessar som vil vere avgjerande for dei havrettslege og institusjonelle rammene for implementeringa av berekraftsmål 14. Noreg arbeider for ein ambisiøs global avtale om plastforureining i den internasjonale forhandlingskomitéen oppretta av FNs miljøforsamling. Første utkast til avtaletekst vil bli diskutert i november 2023, og arbeidet til komiteen er planlagt ferdigstilt innan utgangen av 2024. Noreg leier ein høgambisjonskoalisjon med over 55 medlemsland saman med Rwanda for å auke ambisjonsnivået i forhandlingane. Noreg fremjar mellom anna forslag om rettsleg bindande forpliktingar retta mot heile livsløpet til plasten og prioriterer tiltak så langt oppe i produksjonskjeda som mogleg. Under bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir det arbeidd for å styrkje avfallshandtering i utviklingsland og fremje meir berekraftig bruk av plastprodukt. Noreg støttar også aktivt opp om arbeidet med plastavfall under Basel-konvensjonen. Den nasjonale plaststrategien som vart lagd fram i 2021, ligg generelt til grunn også for prioriteringane til denne regjeringa og vil vere eit viktig tiltak for å nå mål 14.

Ein folkerettsleg bindande avtale om bevaring og berekraftig bruk av marin biodiversitet i havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon, som også omfattar regulering av marine genetiske ressursar, er vedteken, og regjeringa vil fremje ei sak om ratifikasjon for Stortinget så snart som mogleg. Med ei tradisjonelt leiande rolle i det internasjonale arbeidet innan havrett og miljø- og fiskeriforvaltning er det viktig at Noreg aktivt søkjer å påverke dei prosessane som er i gang, på ein mest mogleg einsarta og løysingsorientert måte. FNs sjøfartsorganisasjon IMO utviklar internasjonale standardar for tryggleik og miljø i den globale skipsfarten, og Noreg er ein aktiv pådrivar også i dette arbeidet. Sommaren 2023 vedtok IMO ein ny klimastrategi for internasjonal skipsfart under norsk leiarskap. Strategien set kurs mot null utslepp frå global skipsfart innan 2050, han har utsleppsmål for 2030 og 2040 og ei stram tidslinje for etablering av krav og tiltak for å nå ambisjonsnivået. Noreg legg vidare vekt på miljøsamarbeidet med andre land mellom anna gjennom arbeidet i OSPAR (konvensjonen for vern av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren) og i Arktisk råd. Gjennom EØS-midlane bidreg Noreg til å støtte liv under vatn i seks land i EØS. Støtta er primært retta mot miljøvern og økosystem.

Mål 15 Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald

Nedbygging og andre arealbruksendringar fører til tap og fragmentering av leveområde og påverkar naturmangfald, jordvern og klima. Andre påverknader kjem frå forureining, framande arter og klimaendringar, som blir stadig viktigare.

I 2022 vart det vedteke eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald under konvensjonen om biologisk mangfald (ofte omtalt som «naturavtalen»). Naturavtalen skal bidra til å stanse og reversere tap av naturmangfald og til gjenoppretting av natur. Rammeverket fastset 4 hovudmål mot 2050 og 23 mål fram mot 2030. Måla spenner vidt og handlar om å redusere truslar mot naturmangfald, om berekraftig bruk og løysingar som må på plass for å mogleggjere gjennomføring. Måla er globale, og det er den samla nasjonale politikken til kvart land, saman med internasjonale initiativ, som skal sørgje for at måla blir nådde. Regjeringa vil leggje fram oppfølginga Noreg gjer av naturavtalen, i form av ei stortingsmelding i 2024. Dette vil vere Noreg sin nye handlingsplan for natur.

I mellomtida vil Stortinget si behandling av den gjeldande handlingsplanen for Noreg, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, framleis liggje til grunn for arbeidet med å ta vare på norsk natur. Noreg har tre nasjonale mål for naturmangfald. Dei handlar om god tilstand i økosystema, å ta vare på trua artar og naturtypar og om langsiktig vern av eit representativt utval norsk natur. I Noreg har vi gjort mykje for å ta vare på økosystema på land gjennom ei kunnskapsbasert forvaltning. I dag er 17,6 pst. av fastlandsarealet verna etter naturmangfaldlova.

Eit hovudgrep i naturmangfaldsmeldinga er å setje mål for økologisk tilstand for økosystema på tvers av sektorane og innrette forvaltninga etter desse måla. Regjeringa er i gang med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand.

Nær 40 pst. av landarealet i Noreg er dekte av skog. Ifølgje Norsk raudliste for artar 2021 lever 1 330 trua artar i skog, og om lag 1 132 av desse er rekna for å vere negativt påverka av tidlegare eller noverande arealendringar knytte til skogbruk. Regjeringa vil auke skogvernet til 10 pst. av skogen, i tråd med mål sette av Stortinget. Gjeldande politikk for berekraftig forvaltning av skog vart presentert i ei melding til Stortinget i 2016, jf. delmål 15.1 og 15.2. Auka skogbruksaktivitet skal kombinerast med større vekt på miljøomsyn i skogbruket. Berekraftig skogbruk vil medverke til klimatilpassing og gje grunnlag for å fase ut fossile produkt og til å sikre område som er viktige for både naturmangfald, friluftsliv og kulturminne og kulturmiljø.

Skog og arealbruk utgjer om lag ein tredjedel av løysinga for at vi skal nå temperaturmålet i Parisavtalen. Det er ein nær samanheng mellom klimaendringar og tap av natur. Noregs største internasjonale innsats på dette området er Klima- og skogsatsinga, som medverkar til redusert og reversert tap av tropisk skog. I 2021 gjorde det britiske presidentskapet for klimatoppmøtet i Glasgow skog og arealbruk til ei stor global prioritering. Noreg bidrog til dette gjennom partnarskapen med Storbritannia og Tyskland gjennom GNU-samarbeidet (Germany, Norway and UK). På høgnivåmøtet med regjeringssjefar underteikna 143 land Glasgow-erklæringa om å stanse tap av skog før 2030. Noreg og elleve andre land kom med ein lovnad om å støtte tropisk skog med 12 mrd. dollar fram til 2025, og private kjelder lovde 7,2 mrd. dollar. Noreg jobba aktivt for å auke finansieringa til område som hittil har fått lite merksemd, men som er viktige dersom vi skal nå globale mål. Til saman 1,7 mrd. dollar er lovde frå offentlege og private kjelder for å styrkje urfolk sine rettar til land fram til 2025 og 1,5 mrd. dollar til skogane i Sentral-Afrika. Det er oppretta eigne mekanismar for å overvake desse forpliktingane og rapportere på korleis pengane blir brukte.

Sidan Klima- og skoginitiativet vart lansert i 2007, er det inngått ei rekkje partnarskapsavtalar, mellom anna med Colombia, Guyana, Peru, Etiopia, Liberia, Indonesia, Brasil og med landa i Sentral-Afrika gjennom Central Africa Forest Initiative. Noreg betaler her for verifiserte reduksjonar av utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden eller for investeringar som har slike utsleppsreduksjonar som mål. Sidan starten i 2008 har initiativet betalt til saman 11 mrd. kroner for meir enn 305 mill. tonn reduserte utslepp av CO2 og medverka til ei rekkje reformer for betre skogforvaltning i landa. Mykje av avskoginga som skjer, er ulovleg, og handel med ulovlege råvarer aukar presset på skogen. Ein sentral del av innsatsen til Klima- og skoginitiativet rettar seg mot å nedkjempe skogkriminalitet. Ein føresetnad for innsatsen til styresmaktene på nasjonalt nivå, og næringslivet i marknaden, er tilgang til data om kvar og korleis skogen forsvinn. Difor satsar Klima- og skoginitiativet på å betre tilgangen til data om skogen og aktørane og finansstraumane som øydelegg han. Klima- og skoginitiativet har vore ein leiande aktør i å etablere ein infrastruktur for offentleg tilgjengelege data om skogen. I dag er høgoppløyselege satellittbilete av den tropiske skogen gratis og offentleg tilgjengelege for verda. Noreg samarbeider også med næringslivsaktørar, sivilsamfunnsorganisasjonar og kunnskapsmiljø som medverkar i innsatsen for å bevare regnskogen. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid er det vedteke at Klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.

Privat finansiering har potensial til å bli viktigare enn bistand. I 2021 annonserte Noreg, USA og Storbritannia, saman med store selskap som Amazon, Unilever og Nestlé, gjennom LEAF-koalisjonen eit løfte om 1 mrd. dollar til betaling for utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland i perioden 2022–2026. Utover å krevje ein høg standard for sosial- og miljømessig integritet («ART/TREES») for utsleppsreduksjonar krev LEAF at kjøparane betaler for utsleppsreduksjonar, som kjem som tillegg til betydelege kutt i eigne utslepp i tråd med vitskapen («science based targets»). LEAF kan betale for utsleppsreduksjonar frå utviklingsland på nasjonalt og subnasjonalt nivå. Over 30 land og jurisdiksjonar har sendt inn søknader for å inngå avtalar med LEAF om sal av utsleppsreduksjonar. Ni skogjurisdiksjonar har inngått intensjonsavtalar med LEAF.

Norske styresmakter har sett i gang ei rad tiltak for å redusere øydelegginga av habitat og stanse tap av naturmangfald, jf. delmål 15.5. Når det gjeld trua natur, er det utarbeidd ein oppfølgingsplan for korleis vi kan betre utviklinga for eit utval trua artar og naturtypar i Noreg mot 2035. Planen inneheld tiltak for 23 artar og 16 naturtypar som direktorata no følgjer opp. I 2023 vart oppfølgingsplan for trua natur oppdatert til å inkludere fire nye naturtypar prioriterte for tiltak. I 2022 vart eit forslag om å gjere korallrev og typisk høgmyr til utvalde naturtypar sendt på høyring. Det er òg vedteke ein nasjonal strategi for å ta vare på pollinerande insekt i 2018. Som ei oppfølging av strategien vart ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt lansert i august 2021.

Regjeringa vil framleis prioritere arbeidet med skogvern og marint vern. For andre økosystem er det i gang prosessar om avgrensa supplerande vern av viktige naturområde. I tillegg er det sett i gang eit arbeid med vern av nye og utvida nasjonalparkar. Eit representativt utval av økosystem til fjells er verna. Det er viktig å sikre verneverdiane framover, mellom anna i form av forvaltningsplanar for fjellområda.

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 15.6 om å fremje tilgang til og rettferdig fordeling av gode ved bruk av genetiske ressursar. Tilgang til norske genetiske ressursar blir regulert av naturmangfaldlova og forskrift om tradisjonell kunnskap knytt til genetiske ressursar. Noreg bidreg årleg til plantetraktatens fond for fordelsdeling og gjev tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med føresegnene i traktaten.

I april 2020 vart det lagt fram ei stortingsmelding om miljøkriminalitet. Meldinga presenterer ein heilskapleg politikk for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet nasjonalt og internasjonalt og dermed redusere den negative påverknaden miljøkriminalitet har på klima og miljø, mellom anna tiltak for å stanse krypskyting og ulovleg handel, jf. delmål 15.7. Arbeidet med å følgje opp meldinga held fram.

Det er ei utfordring å nå delmål 15.8 om å hindre innførsel og spreiing av framande artar. Framande artar er ein alvorleg trussel mot naturmangfaldet. Artsdatabanken publiserte i august 2023 ei ny framandartsliste, med risikovurdering av nær 2 400 framande artar. Av desse blir 441 artar rekna som høgrisikoartar. Dei fleste artane blir spreidde som blindpassasjerar eller gjennom rømming eller forvilling. Ein tiltaksplan på tvers av sektorane for å hindre spreiing av og nedkjempe og kontrollere framande skadelege artar vart vedteken sommaren 2020.

I det internasjonale samarbeidet for naturmangfald, berekraftig skogforvaltning og miljøkriminalitet bidreg Noreg gjennom utviklingspolitikken, Klima- og skoginitiativet og deltaking i mellomstatleg samarbeid, mellom anna i FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO), FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC) og INTERPOL. Gjennom EØS-midlane bidreg Noreg til å støtte arbeid med strategiar og planar for å styrkje naturmangfald, økosystem og motstandskrafta deira i land som får midlar i Sentral-Europa.

Noreg vil òg arbeide for eit styrkt internasjonalt samarbeid om grensekryssande utfordringar på skogområdet og for å sikre berekraftig skog- og arealbruk internasjonalt, mellom anna i FN, jf. delmål 15a og 15b. FN-strategien for skog representerer ein milestolpe i dette arbeidet. Noreg støttar måla i planen.

KLD bidreg til det globale arbeidet mot ulovleg internasjonal handel med verna artar under CITES-konvensjonen, mellom anna ved å støtte resolusjonar og vedtak og bidra til utvikling av policy om forpliktingane statane har til å regulere online marknadsføring og sal av trua artar, jf. delmål 15c.

Mål 16 Fremje fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

Klima- og miljødepartementet bidreg internasjonalt gjennom Klima- og skoginitiativet til å oppnå delmål 16.4 om å motarbeide organisert kriminalitet ved å styrkje evna nasjonale styresmakter har til å nedkjempe ulovleg avskoging og ulovleg gruvedrift i tropiske skogland. Klima- og skoginitiativet støttar også sivilsamfunnsaktørar, slik som uavhengige journalistar i arbeidet deira med å avdekkje dei som profitterer på dei ulovlege handlingane. Vidare arbeider KLD med å følgje opp stortingsmeldinga om miljøkriminalitet, mellom anna gjennom FN-konvensjonane om korrupsjon og grenseoverskridande organisert kriminalitet og andre internasjonale forum. KLD har også teke initiativ til å etablere ein global allianse mot naturkriminalitet saman med likesinna partnarar frå styresmakter og sivilt samfunn. Naturkrimalliansen vart lansert under GEF-toppmøtet i Vancouver i august 2023. Dette arbeidet støttar opp om delmål 15.7 og 16.4.

Gjennom bidrag til World Heritage Leadership Programme har Noreg medverka til å nå delmål 16.6 Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå gjennom kapasitetsbygging for global oppfølging av verdsarvkonvensjonen.

Mål 17 Styrkje verkemidla som trengst for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling

Klima- og miljøministeren har fast plass i Topplederforum for bærekraftsmålene som vart oppretta i 2022 og er leidd av kommunal- og distriktsministeren. Topplederforum skal gje innsikt frå kommunesektoren, organisasjonane til næringslivet, arbeidstakarsamanslutningane, frivillige organisasjonar og statlege verksemder og er eit viktig tiltak under mål 17. Klima- og miljødepartementet har i 2022 oppretta ein interdepartemental dialogarena for klima- og miljøkunnskap. Arenaen skal bidra til eit systematisk interdepartementalt samarbeid om overordna tema på tvers av sektorane i tråd med strategien for departementsfellesskapen Gode hver for oss. Best sammen (2021–2025). Miljødirektoratet samarbeider med Statistisk sentralbyrå i arbeidet med å utvikle nasjonale målepunkt for berekraftsmåla.

8.3 Anna klima- og miljøarbeid i staten

Gode, enkle og effektive miljøleiingssystem, til dømes ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastningane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energibruk i bygg, IKT, transport og avfallshandtering stå sentralt. Miljøleiingssystemet skal medverke til kontinuerleg forbetring av den totale klima- og miljøpåverknaden frå departementsfellesskapen. I tillegg til ei meir klima- og miljøvennleg departementsverksemd medverkar arbeidet òg til modernisering og effektivisering.

Departementsfellesskapen har eit miljøleiingssystem sertifisert etter EMAS-krava. Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS) koordinerer felles miljømål for departementsfellesskapen og har hovudansvaret for oppfølginga av styringssystemet, men departementa er sjølve ansvarlege for å nå måla i eiga verksemd.

Fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastningar gjennom anskaffingar og dagleg drift.

9 Samfunnstryggleik og beredskap

Dei måla og prioriteringane som er gjevne i Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, er utgangspunktet for arbeidet til Klima- og miljødepartementet med samfunnstryggleik og beredskap. Ei systematisk og heilskapleg tilnærming er sentral for å vidareutvikle beredskapsarbeidet i sektoren. I denne samanhengen er evaluering av hendingar og øvingar eit viktig moment. Det medverkar til å avdekkje veikskapar og læringspunkt som er avgjerande for dei risiko- og sårbarheitsvurderingane departementet gjer. Resultatet av arbeidet dannar grunnlag for dei vala, prioriteringane og avgjerdene som blir tekne med omsyn til sikring av viktige verdiar og tryggleik i samfunnet.

9.1 Ansvarsområde

Klima- og miljødepartementet skal bidra til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar, og redusere konsekvensar av uønskte hendingar innanfor klima- og miljøsektoren. Arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilete for sektoren, beredskapsplanverk og øvingar er difor prioriterte oppgåver. Kvar enkelt etat medverkar i dette arbeidet ved mellom anna å gjennomføre eigne analysar over risiko og sårbarheit innanfor sitt område.

Meteorologiske tenester

Meteorologisk institutt (MET) som ligg under Klima- og miljødepartementet, har ei viktig rolle innanfor samfunnstryggleik og beredskap i Noreg. MET forvaltar kritisk infrastruktur, og meteorologiske tenester utgjer ein kapabilitet som inngår i den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Dei er ein aktiv del av totalforsvaret ved at dei leverer utvida meteorologisk støtte etter avtale med dei aktuelle einingane i Forsvaret ved krise og krig og under større militære øvingar. MET overvaker, varslar og formidlar vêret og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og allmenta kan sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. Tenestene til MET er forskingsbaserte. Dei operasjonelle tenestene tek i bruk resultata frå ny forsking, og instituttet driv forsking og utvikling på alle fagområda sine. Sjå omtale av MET i del II og i kap. 9.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø.

Beredskap mot akutt forureining og radioaktiv forureining

Det er nasjonale mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø, og at utslepp av farlege stoff skal stansast. Dei nasjonale måla for forureining omfattar òg radioaktiv forureining.

Klima- og miljødepartementet har ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell eller ei ulykke fører til radioaktive utslepp og avfall. Det operative ansvaret ligg hos Direktoratet for strålevern og atomtryggleik. Direktoratet gjer òg tiltak for utslepps- og avfallshandtering og bidreg med utvikling av planverk for miljøforvaltninga på atomberedskapsområdet. Miljødirektoratet kan hjelpe til med målingar og gje råd om konsekvensar som nedfall kan ha for det ytre miljøet. Norsk Polarinstitutt kan hjelpe til med avgjerdsgrunnlag som spreiingsmodellering og kunnskap om Arktis, mellom anna iskart.

Ved atomulykker har Helse- og omsorgsdepartementet det overordna ansvaret for beredskapen, medan Direktoratet for strålevern og atomtryggleik er fag- og forvaltningsstyresmakt. Den nasjonale atomberedskapen er organisert gjennom Kriseutvalet for atomulykkeberedskapen, som er leidd av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Ansvaret for å stille krav til beredskapen private verksemder har mot akutt forureining, og for å kontrollere at krava blir overhaldne, er lagt til miljøstyresmaktene. Miljødirektoratet stiller beredskapskrav og følgjer opp desse gjennom tilsyn.

Ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining er lagt til Nærings- og fiskeridepartementet med Kystverket som utøvande etat. Ved ein statleg aksjon mot akutt forureining har miljøforvaltninga ei rådgjevarrolle og ansvar for å skaffe fram informasjon om miljøverdiar og miljøkonsekvensar.

Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis og om forsikring for å dekkje aktivitetane.

Tilpassing til klimaendringane

Klimaendringane er ei av dei aller største utfordringane i vår tid. Verda blir varmare, og faren for upårekna endringar i klimasystemet med alvorlege konsekvensar aukar. Det er eit nasjonalt mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Klima- og miljødepartementet la i juni fram ei ny stortingsmelding om klimatilpassing: Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Eit sentralt grep i meldinga er at regjeringa foreslår å innføre eit forsterka styringssystem for klimatilpassing. Systemet skal bidra til at omsynet til eit klima i endring blir vurdert og implementert systematisk i alle sektorar, og til at klimatilpassingsarbeidet blir meir heilskapleg og betre samordna. Systemet skal også bidra til at vi får meir kunnskap om utviklinga i risiko og sårbarheit for Noreg gjennom nasjonale klimasårbarheitsanalysar og meir kunnskap om effektar av innsats og tiltak gjennom betre rapportering og jamleg evaluering av arbeidet.

Kvart enkelt departement har ansvaret for å vareta omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet har eit spesielt ansvar for å leggje til rette det heilskaplege arbeidet til regjeringa med klimatilpassing. Miljødirektoratet støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har mellom anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av arbeidet til departementet med klimatilpassing, medrekna overvatn. Sjå særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan for ytterlegare omtale av klimatilpassing.

Beredskap mot skadar på kulturmiljø

Det er eit nasjonalt mål at eit mangfald av kulturmiljø skal bli teke vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Kulturmiljø skal òg medverke til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for forvaltninga av kulturmiljø i Noreg. Riksantikvaren samarbeider med andre styresmakter om beredskap og sikring av kulturmiljø, mellom anna om branntryggleiken i verneverdig tett trehusbestand og stavkyrkjer.

Auka førekomst av ekstremvêrhendingar som flaum, skred, storm og kraftige nedbørsmengder må takast omsyn til i arealplanlegginga framover. Riksantikvaren bidreg med kunnskap og rettleiing om korleis omsyn til kulturmiljø kan takast inn i arbeidet med arealplanlegging og beredskap i fylkeskommunar, Sametinget og kommunane. Det blir òg løyvd midlar til beredskapsteneste ved Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Beredskap mot utslepp av GMO

Genmodifiserte organismar er mikroorganismar, plantar og dyr der den genetiske samansetjinga er endra ved bruk av gen- eller celleteknologi. Klima- og miljødepartementet behandlar søknader om omsetning og utsetjing av levande GMO i naturen. Miljødirektoratet har koordineringsansvaret og ansvaret for å vurdere miljørisiko. Mattilsynet har ansvaret for vurderingar knytte til helserisiko. Søknader som gjeld GMO-legemiddel til menneske og dyr, blir behandla av Legemiddelverket, inntil vidare.

Etter føresegnene i genteknologilova skal verksemdene syte for nødvendige tryggingstiltak for å hindre helse- og miljømessige skadeverknader. Dersom utslepp skjer, skal verksemda straks setje i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene. Tilsynsmakta kan påleggje verksemda å gjennomføre oppsamling eller andre tiltak mot organismane. På grunn av rask teknologiutvikling kan det ventast at også privatpersonar på sikt kan genmodifisere og endre mikroorganismar på ein måte som gjer at samfunnet potensielt kan påførast ny helse- og miljørisiko. Kartlegging av omfanget av ein slik framtidig privat aktivitet er såleis eit viktig tiltak.

9.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø

Arbeidet med å sikre samfunnet mot alvorlege hendingar er eit ansvar som ligg til mange sektorar. I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn blir det gjort greie for kva funksjonar som til kvar tid må haldast oppe for å sikre samfunnet, og kva departement som har ansvar for å koordinere og samordne funksjonane. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Rolla som hovudansvarleg departement inneber mellom anna å sikre nødvendig koordinering og samordning mellom aktuelle departement.

Som ei oppfølging av Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn rapporterte Klima- og miljødepartementet på Natur og miljø i Prop. 1 S (2019–2020). Tilstanden til den kritiske samfunnsfunksjonen vart vurdert som tilfredsstillande. Klima- og miljødepartementet vil følgje opp rolla som hovudansvarleg departement for Natur og miljø, inkludert i dette prioritere arbeidet med å sikre eit godt samarbeid mellom aktørane.

Bakgrunnen for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø er behovet for vern av naturen mot påverknad frå menneskeleg aktivitet i form av akutt forureining (forureiningsberedskap) og vern av befolkninga mot naturfare (meteorologitenester og flaum- og skredvarsling). Innanfor samfunnsfunksjonen er det definert tre kapabilitetar for å ta vare på tryggleiken for befolkninga: forureiningsberedskap, meteorologitenester og overvaking av flaum- og skredfare.

I forureiningsberedskap inngår privat, kommunal/interkommunal og statleg beredskap mot akutt forureining til lands og i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel.

I meteorologitenester inngår METs tenester:

  • innsamling, behandling og tilgjengeleggjering av meteorologiske data

  • utarbeiding og distribusjon av varsel av betydning for liv og tryggleik

  • utarbeiding av spesielle meteorologiske berekningar og tenester i samband med søk og redningsoperasjonar, kritiske operasjonar og tryggleikstruande hendingar

  • utarbeiding og distribusjon av flymeteorologisk informasjon for sivil og militær luftfart

I Noreg er MET gjeve særskilde oppgåver knytte til meteorologiske tenester. I vedtektene til MET heiter det: «Meteorologisk institutt står for den offentlige meteorologiske tjenesten for sivile og militære formål. Meteorologisk institutt skal overvåke, varsle og formidle været med høy kvalitet og regularitet og beregne klimaet i nåtid og framtid. Instituttet skal arbeide for at myndighetene, næringslivet, institusjoner og allmennheten best mulig kan vareta sine interesser for sikring av liv og verdier, for planlegging og for vern av miljøet.» MET utviklar og leverer ei lang rekkje nyttige tenester og syter mellom anna for at beredskapsetatane er førebudde på ekstremvêr og anna farleg vêr.

Overvaking av flaum- og skredfare omfattar dei etablerte systema for overvaking og varsling av flaum i større og mindre vassdrag og av flaumskred og snø-, sørpe-, jord- og fjellskred. Noregs vassdrags- og energidirektorat har ansvaret for den nasjonale flaum- og skredvarslingstenesta og har òg ein døgnkontinuerleg beredskapstelefon for flaum- og skredsituasjonar. Noregs vassdrags- og energidirektorat utarbeider i tillegg vassføringsprognosar for heile landet. Nedbørsvarsel frå MET er òg ein viktig del av grunnlaget for overvaking og varsling av flaum og skredfare.

9.3 Informasjonstryggleik i miljøforvaltninga

I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ta vare på tryggleiken i IKT-infrastrukturen i sektoren. Det er etablert responsmiljø for IKT-tryggleikshendingar i sektoren (MiljøCERT). I tillegg har Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren etablert styringssystem for informasjonstryggleik og er no sertifiserte etter ISO-27001-standarden. Norsk kulturminnefond, Artsdatabanken og Senter mot marin forsøpling har ikkje fått krav om sertifisering etter ISO 27001-standarden, men etatane skal likevel ha etablert eit styringssystem for informasjonstryggleik som er tilpassa storleiken og eigenarten til verksemdene.

9.4 Førebuande tryggingsteneste

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å tryggje dei nasjonale tryggingsinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke tryggleikstruande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene blir trygde ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande betydning for GNF blir underlagde tryggingslova, og nødvendige tryggingstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betydning, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som blir kravd for å oppnå eit forsvarleg tryggingsnivå, kan òg bli endra.

Klima- og miljødepartementet har identifisert ein grunnleggjande nasjonal funksjon i eigen sektor. «KLD GNF 1: Klima- og miljødepartementets virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet» omfattar rolla departementet har som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av mynde og styring og oppfølging av underliggjande verksemder.

Departmenetet arbeider fortløpande med å kartleggje verksemder som er av vesentleg eller avgjerande betydning for GNF, og å identifisere, vurdere og rapportere moglege avhengigheiter. Identifisert GNF er innmeld til tryggingsorganet.

10 Fornying, forenkling og forbetring og arbeid med likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

10.1 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Organisering

Klima- og miljødepartementet er overordna etats- og eigarstyrar for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Enova, Meteorologisk institutt, Norsk Polarinstitutt, Artsdatabanken, Norsk kulturminnefond, Senter mot marin forsøpling, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Bjørnøen AS.

Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke hand om av miljøvernavdelingane hos statsforvaltarane, fylkeskommunane og Sysselmeisteren på Svalbard. Etatar som NORAD, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og Folkehelseinstituttet har oppgåver innanfor miljøområdet som Klima- og miljødepartementet styrer.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i departementet

Klima- og miljødepartementet arbeider kontinuerleg med å effektivisere eiga drift.

Regjeringa bestemte at det skulle gjennomførast ein områdegjennomgang av miljøforvaltninga i 2016. Områdegjennomgangen resulterte i 32 tilrådingar om korleis miljøforvaltninga kan bli betre og meir effektiv. Tilrådingane inkluderte òg den sektorovergripande rolla Klima- og miljødepartementet har.

Fleire av tilrådingane handla om dei administrative systema. Det vart identifisert fleire moglegheiter for å effektivisere dei administrative områda.

Klima- og miljødepartementet har samla IKT-driftsfunksjonane og etablert felles strategisk innkjøpsfunksjon for miljøforvaltninga. Arkivtenestene i miljøforvaltninga vart samordna i 2022, og etatane arbeider no aktivt for å hente ut effektiviseringsgevinstane av dette. Vidare skal samvirket maksimerast innan andre administrative funksjonar for å auke kunnskapsgrunnlag for betre planlegging og avgjerder.

Det er i tillegg sett i gang eit strategiarbeid for betre og meir effektive administrative tenester på tvers av departementa, «Gode kvar for oss, best saman», der Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i arbeidet.

Digitaliseringsstrategi for miljøforvaltninga

Krava til IKT-løysingar og IKT-tryggleik i offentleg forvaltning blir stadig viktigare og meir omfattande. Digitaliseringsstrategien for miljøforvaltninga legg føringar for korleis IKT skal driftast, sikrast og utviklast vidare i sektoren. Strategien gjeld for perioden 2020–2024 og rettar merksemda mot digitalisering, dataformidling, IKT-tryggleik og samordning og byggjer på nasjonale råd og standardar. Den etablerte felles driftseininga for miljøforvaltninga varetek IKT-driftstenester for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken. Senter mot marin forsøpling vil få felles IKT-driftstenester frå 2023. Arbeidet med å betre og vidareutvikle desse driftstenestene vil halde fram i tråd med Digitaliseringsstrategi for klima- og miljøsektoren 2020–2024.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i etatane

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har i dag mange digitale løysingar som er utvikla og forbetra gjennom fleire år. Tenestene er på fleire område utvikla med bakgrunn i ambisjonen om å sikre ei effektiv og god brukaroppleving for eksterne brukarar, saman med ei påliteleg og effektiv intern saksbehandling.

Det er mellom anna utvikla heildigitale løysingar for betaling av jeger- og fiskeavgifter, for behandling av søknader for tildeling av fallvilt for preparantar og for lisensiering av ringmerke i Ringmerkbasen. Miljøvedtaksregisteret er ei digital innsynsløysing som gjev allmenta fri tilgang til enkeltvedtak og forskrifter på miljøområdet. Naturoppdrag er eit internt system for å handtere oppdrag, observasjonar og installasjonar i verneområde.

Miljødirektoratet arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle og digitalisere arbeidsprosessane i tilskotsforvaltningssystemet Elektronisk søknadssenter (ESS), som har medverka til effektivisering både i forvaltninga og for søkjarane.

Medan Miljødirektoratet er i gevinstrealiseringsfasen for fleire etablerte løysingar, til dømes Produktregisteret, er dei i utviklingsfasen på andre område. Naturoppdrag er utgangspunkt for å skape samanhengande digitale tenester i forvaltninga av verneområde og kan utvidast til fleire fagområde. Applikasjonen Forurensing blir skriven om, og den nye løysinga har fått namnet Tilde. Tilde skal handtere aktuelle prosessar for myndeutøvar etter klimalova, forureiningslova og produkttilsyn etter produktkontrollova. Miljødirektoratet jobbar også med ei ny løysing for innhenting av luftmåledata, der data skal analyserast og delast.

Miljødirektoratet jobbar tverrfagleg med å utvikle nye tenester som set brukaren i sentrum, der alt skal vere enklast mogleg og ha mest mogleg sjølvbetening. Miljødirektoratet har starta eit program for å ta i bruk sky som driftsplattform. Dette vil gjere IKT-arbeidet meir robust og gjere det raskare å ta i bruk nye og innovative løysingar.

Miljødirektoratet arbeider systematisk med klarspråk, og dette har effektivisert og gjort tenestene betre for brukarane. Miljødirektoratet vart tildelt Klarspråkprisen for 2023.

Riksantikvaren

Riksantikvaren har i løpet av dei siste åra utvikla fleire digitale løysingar som vil bidra til ei einsarta og effektiv kulturmiljøforvaltning. Dette gjeld mellom anna Digisak, som er ein søknadsportal og ei saksbehandlingsløysing for innsending og behandling av tilskots- og dispensasjonssaker. Digisak skal sikre ei enklare og betre brukaroppleving for søkjarar og saksbehandlarar og gje ei effektiv saksbehandling i forvaltninga. Riksantikvaren arbeider kontinuerleg med å forbetre løysinga og utvide Digisak til å inkludere fleire tilskots- og dispensasjonsordningar.

Digitaliserte arkiv gjev god tilgang på informasjon for fylkeskommunar og kommunar. Det er mellom anna utvikla ei søkjeteneste der kulturmiljøforvaltninga har tilgang til Riksantikvarens digitaliserte arkivmateriale, det vil seie digitaliserte historiske saksdokument, saksdokument frå Riksantikvarens digitale sakarkiv, teikningar og bilete.

Ei anna digital teneste, ADED (Archaeological Digital Excavation Documentation), er utvikla i samarbeid mellom universitetsmusea og Riksantikvaren. Tenesta skal bidra til å betre tilgangen til arkeologisk og vitskapleg dokumentasjon gjennom mellom anna utveksling av digital informasjon mellom musea og Riksantikvaren.

Kulturminnefondet

Kulturminnefondet jobbar målretta for at det skal vere enkelt for eigarar av private kulturminne å søkje om tilskot. Digitalisering og digital transformasjon er viktige verkemiddel for å kunne skape engasjement og bidra til at det blir mogleg for alle å kunne ta ansvar for kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet jobbar kontinuerleg med å vidareutvikle og effektivisere arbeidsprosessar og har utvikla ein tilpassa versjon av Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter for publikum. Dette har medverka til å forenkle søknadsprosessen og effektivisere saksbehandlinga. Det er også etablert nye digitale samarbeidsflater med søkjarane, til dømes digitale søknadsseminar og digitale synfaringar. Arbeidet med å overføre Kulturminnefondets IKT-drift til den etablerte felles driftseininga for miljøforvaltninga skal etter planen gjennomførast i 2023.

Nettstader og portalar

Den viktigaste vêrtenesta til Meteorologisk institutt (MET) er Yr, som er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK. I tillegg formidlar MET vêret på TV og i radio og i sosiale medium som Twitter og Facebook. For offentlege verksemder leverer instituttet vêrtenesta Halo, som er ei innloggingsteneste med spesialiserte produkt.

Meteorologisk institutts offisielle datagrunnlag og produkt er også fritt tilgjengelege for publikum for bruk, spreiing og vidare tilarbeiding. Data kan hentast frå nettstadene eller programmeringsgrensesnittet til instituttet, til dømes api.met.no, frost.met.no, threddsmet.no og klimaservicesenter.no.

Både instituttet og samfunnet har gevinst av dei opne data og tenestene til instituttet. At tenestene blir gjevne på opne og standardiserte format, gjer det enkelt for andre å integrere vêr- og klimainformasjon i eigne tenester, både bedriftsinterne og til publikum. Dette medverkar på sikt til å forenkle intern tenesteproduksjon ved instituttet.

Miljødirektoratet lanserte ny hovudnettstad – miljødirektoratet.no – i 2019. Den nye hovudnettstaden har medverka til å redusere mengda nettstader, og han støttar opp om målet om meir sjølvbetening gjennom å tilby rettleiing av brukarar.

Miljøforvaltninga har som mål å formidle påliteleg, aktuell og forståeleg miljøinformasjon. Hovudkanalen for informasjon om tilstanden i og utviklinga til miljøet er miljøstatus.no, som har ei målsetjing om å vere den viktigaste kjelda til kunnskap om tilstanden og utviklinga til miljøet. Denne nettstaden blir evaluert i 2023.

I tillegg driftar miljøforvaltninga nettstader for meir spesifikk informasjon og målgruppetilpassing. Døme på dette er askeladden.ra.no. Oversikt over kva mynde og plikter kommunane har, og hjelp til saksbehandling innan miljøtema vart i 2020 flytta frå nettstaden miljokommune.no til miljodirektoratet.no/myndigheter.

Askeladden.ra.no inneheld data om kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova eller kulturminnefagleg vurderte som verneverdige. På klimatilpasning.no har ein samla aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på éin stad.

Klima- og miljødepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.

10.2 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er pålagd å arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. For rapportering frå dei ulike verksemdene og etatane utanom departementet viser vi til årsrapportane til dei enkelte verksemdene og etatane. Tabellane 1.1, 1.2 og 1.3 viser kvinnedelen i Klima- og miljødepartementet, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av månadleg gjennomsnittslønn for kvinner og menn på ulike stillingsnivå, statistikk for sjukefråværet til menn og kvinner, delen av menn og kvinner på deltid og i mellombels stilling for 2022.

Tabell 10.1 Oversikt over delen kvinner i pst.

Totalt

Topplei.1

Mellomlei.

Høgtlønte rådg.2

Saksbeh.

62

50

52

65

62

1 Toppleiarar omfattar øvste leiar og leiarar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå).

2 For KLD er spesialrådgjevarar, fagdirektørar, utgreiingsleiarar, avdelingsdirektørar utan personalansvar og seniorrådgjevarar klassifiserte som høgtlønte rådgjevarar. Rådgjevarar, førstekonsulentar og seniorkonsulentar er klassifiserte som saksbehandlarar.

Tabell 10.2 Prosentoversikt over gjennomsnittslønn for kvinner og menn

Kvinner

Menn

Totalt

94,4

100,0

Topplei.1

100,0

95,7

Mellomlei.

96,7

100,0

Høgtlønte rådg.

96,1

100,0

Saksbeh.

100,0

97,5

1 Toppleiarar i KLD inkluderer berre dei som er på leiarlønnskontraktar, unnateke departementsråd. For KLD er seniorrådgjevarar klassifiserte som høgtlønte rådgjevarar. Rådgjevarar er klassifiserte som saksbehandlarar.

Tabell 10.3 Prosentoversikt over deltid, mellombels tilsette, legemeldt sjukefråvær og foreldrepermisjon for kvinner og menn

Kvinner

Menn

Deltid1

3,5

2,0

Mellombelse2

1,2

5,9

Legem. fråv. 2022

4,7

4,0

Prosentdel foreldreperm.

66,7

33,3

1 Prosentdel av kvinner/menn på deltid (av totalt tal kvinner og totalt tal menn) inkludert vikarar ekskludert permisjonar og tilsette på pensjonistvilkår.

2 Prosentdel av kvinner/menn i mellombels stilling (av totalt tal kvinner og totalt tal menn) inkludert tilsette på pensjonistvilkår, ekskludert vikarar.

Klima- og miljødepartementet

I 2022 vart Norsk Polarinstitutt, Meteorologisk institutt, Riksantikvaren og Miljødirektoratet bedne om å rapportere ut frå aktivitets- og utgreiingsplikta i likestillings- og diskrimineringslova som eit eige vedlegg i årsrapportane til etatane for 2022. Verksemdene skal mellom anna rapportere kor mange prosent kvinner det er i verksemda totalt, i toppleiinga, i mellomleiinga, blant høgare lønte rådgjevarar, blant saksbehandlarar og for kontorstillingar. Vidare skal etatane tilsvarande for dei ulike stillingsgruppene rapportere gjennomsnittleg månadslønn for menn og kvinner. Etatane skal også rapportere årleg legemeldt sjukefråvær for kvinner og menn og årleg kjønnsfordeling i delen foreldrepermisjon. Vesentlege saker og funn i kartleggingstala skal vurderast i ei tekstleg framstilling. Det skal samstundes også rapporterast kva verksemda gjer for å oppfylle aktivitetsplikta, og kva verksemda gjer for å redusere diskriminering og fremje likestilling. Kva for konsekvensar covid-19-pandemien har hatt når det gjeld likestillinga, skal også vurderast.

Gjennomsnittleg lønnsskilnad mellom kvinner og menn har blitt mindre sidan 2019. Det er framleis ein skilnad, men årsaka til dette er at det er blitt tilsett fleire kvinner i rådgjevar- og førstekonsulentstillingar. Det er fleire kvinner enn menn i rådgjevar- og førstekonsulentstillingar, medan det er nokre fleire mannlege avdelingsdirektørar og spesialrådgjevarar. Dette heng truleg saman med at det er ei klar overvekt av kvinnelege søkjarar til førstekonsulent-/rådgjevarstillingar, medan det er jamnare kjønnsfordeling blant søkjarar til andre stillingskategoriar. Men innan kvar stillingskategori er lønnsskilnaden mindre, og kvinner har til dømes høgare lønn enn menn på toppleiar- og saksbehandlarnivå. Det er ingen indikasjonar på at det er ufrivillig deltid i departementet.

Rapportar og statistikk med likestillingsrelevante oversikter blir årleg presenterte for toppleiargruppa, arbeidsmiljøutval og tillitsvalde. Likestilling og inkludering blir årleg tematiserte i møte med tillitsvalde i departementet.

Oppfølginga av inkluderingsarbeidet er eit viktig innsatsområde for departementet. Klima- og miljødepartementet har justert stillingsannonsane, men arbeider framleis med å gjere tekstane enda betre. NAV gjev hjelp til utforming av stillingsannonsar og med å finne aktuelle kandidatar i målgruppa. Departementet og miljøetatane vart hausten 2019 samde om ein eigen oppfølgingsplan for inkluderingsdugnaden. Planen inneheld mellom anna tiltak som siktar mot betre synleggjering av moglegheitene til å kunne arbeide i miljøforvaltninga. Det er gjennomført ein eigen karrieredag, og DFØs leiarkurs i mangfaldsrekruttering skal brukast av verksemdene i miljøforvaltninga. Det er også lagt opp til jamleg erfaringsutveksling mellom alle verksemdene for personalsjefane i miljøsektoren.

Alle stillingar i departementet blir no publiserte på https://www.jobbforalle.no/. I rekrutteringsprosessane er det sett søkjelys på måla frå inkluderingsdugnaden allereie ved behovsanalysen. Leiarar som rekrutterer, blir oppmoda til å ta kvalifiserte søkjarar inn på intervju som har kryssa av på nedsett funksjonsevne eller har hòl i CV-en.

Departementet har ført vidare ordninga med høve til åtte samanhengande eigenmeldingsdagar i IA-avtalen.

Likestillingskonsekvensar av covid-19-pandemien

Koronakrisa har sett preg på heile samfunnet. Pandemien og tiltaka som er sette i verk for å avgrense smitte og å halde oppe aktiviteten i næringslivet og samfunnet, kan få ulike konsekvensar for ulike personar avhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet osv.

Som offentleg styresmakt er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt arbeidet sitt, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 første ledd. Stortinget har i vedtak nr. 537 (2019–2020) bede regjeringa kartleggje effekten av koronakrisa på likestillingsfeltet og komme tilbake til Stortinget med resultat og funn på eigna måte. Klima- og miljødepartementet har ikkje funne likestillingskonsekvensar av koronakrisa så langt i perioden 2020–2023 innanfor miljøsektoren.

Klimaendringar og likestilling

Klimaendringane og klimapolitikk påverkar menn og kvinner ulikt. Det er difor viktig å implementere eit kjønnsperspektiv i utviklinga av klimapolitikken og å sørgje for at jenter og kvinner blir inkluderte og har ei reell påverkingskraft i avgjerdsprosessar om klima.

Hausten 2021 vedtok Nordisk ministerråd for likestilling og LGBTI (MR-JÄM) å forplikte seg til ein fleirårig innsats (2022–2024) for å fremje likestilling og kvinner sine rettar i møte med klimaendringane. Forpliktinga har bakgrunn i UN Womens handlingskoalisjon «Feminist action for climate justice». Den 24. januar 2022 arrangerte dei nordiske likestillingsministrane, UN Women og FOKUS ein rundebordskonferanse om klima og likestilling i Oslo. Nordiske politikarar, aktørar frå næringslivet og sivilsamfunnet var inviterte til å delta på konferansen for å diskutere korleis dei nordiske landa betre kan sjå klima og likestilling i samanheng. Handlingskoalisjonen og rundebordskonferansen leidde til ei felles nordisk erklæring om «A Green and Gender Equal Nordic Region», som vart presentert under FNs kvinnekommisjons konferanse i mars 2022 (CSW66). Klima og likestilling vil vere eit viktig tema under FNs klimaforhandlingar i

Internasjonalt klimaarbeid

Noreg arbeider aktivt for å sikre at vedtak under klimakonvensjonen fremjar likestilling og ikkje-diskriminering. Noreg fremjar i forhandlingane aktivt posisjonar som skal styrkje involveringa frå og deltakinga til kvinner og urfolk i klimaarbeidet, særleg knytt til klimatilpassing og skog.

I oppbygginga av den internasjonale institusjonelle arkitekturen for klimaarbeid arbeider Noreg for balansert representasjon av kvinner og menn.

Noregs store satsing på å redusere utslepp frå tropisk skog, Klima- og skoginitiativet, arbeider òg målretta med å leggje vekt på likestilling. Særleg viktig i Klima- og skoginitiativet er det å ha ei forståing av korleis likestilling kan inkorporerast i nasjonale utviklingsplanar, for slik å få ein effekt under implementeringa av tiltak. I samarbeid med partnarland er det søkt å inkludere likestilling både i avtaleverk og i utviklinga og i implementeringa av tiltak.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og legg vinn på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne om livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale, og likestillingsaspektet er difor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett sterkare søkjelys på mangfaldet i befolkninga. Eit døme er verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, til dømes gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed av mellom anna kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for arbeidet som kvinner har gjort. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

10.3 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak under Klima- og miljødepartementet

Enova SF

Administrerande direktør Nils Kristian Nakstad hadde ei fastlønn på 2 377 732 kroner i 2022. I tillegg fekk han 13 771 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 128 343 kroner.

Pensjonsordninga til administrerande direktør er basert på Statens pensjonskasses til kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 pst. av lønna, og da avgrensa til 12 G.

Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Han har ingen avtale om etterlønn.

Kings Bay AS og Bjørnøen AS

Lars-Ole Saugnes er administrerande direktør for begge selskapa. Administrerande direktør fekk 1 326 837 kroner i fastlønn for 2022. I tillegg fekk han 135 157 kroner i anna godtgjersle. Selskapet har avtale om innskotspensjon for alle tilsette ut frå minimumskravet i lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Fotnotar

1.

Norges miljøstatus for 2020, Miljødirektoratet 2020.

Til forsida