Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla

3 Nærare om dei ulike måla

I samband med handsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon la Stortinget til grunn ein revidert målstruktur for jordbrukspolitikken. Denne er, som omtalt i innleiinga, innarbeidd i målstrukturen for landbruks- og matpolitikken. I denne delen blir det rapportert på status for landbruks- og matpolitikken dei seinare åra. Difor er den gamle målstrukturen lagt til grunn.

Figur 3.1 Gamal målstruktur for landbruks- og matpolitikken

Figur 3.1 Gamal målstruktur for landbruks- og matpolitikken

4 Overordna mål: Matsikkerheit og beredskap

Produsere og sikre tilgang til maten forbrukarane etterspør

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Hovudoppgåva til jordbruket er matproduksjon, og verkemidla skal difor rettast inn slik at dei bidreg til dette.

Sjølvforsyningsgraden skildrar heimemarknadsdelen rekna på energibasis, det vil seie kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport av til dømes fisk blir halde utanfor ved berekning av sjølvforsyningsgraden. Den gir først og fremst eit bilete på delen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg. Den kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.

Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket blir særleg påverka av vêret, men òg av ulike kvalitetskrav, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og internasjonale handelsavtalar. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for husdyrprodukt, og klart lågare for planteprodukt. Etter fleire år med reduksjon i sjølvforsyningsgraden frå 2008, auka den med 3 prosentpoeng frå 47 til 50 pst. frå 2014 til 2015. Dette var i stor grad knytt til gode kornavlingar, og at mykje av kornet hadde matkornkvalitet. Frå 2015 til 2016 gjekk sjølvforsyningsgraden ned 1 prosentpoeng til 49 pst., som følgje av redusert matkorndel. Naturgitteforhold gjer at sjølvforsyningsgraden er låg for energirike plantevekstar og høg for husdyrprodukt med større del proteininnhald. I 2015 var sjølvforsyningsgraden for protein 68 pst.

Av det samla fôrbehovet (grovfôr og kraftfôr) er om lag 20 pst. importerte råvarer. Bruken av norsk korn i kraftfôr er avhengig av vêret. Krav til energi- og proteininnhald i kraftfôret gjer at delen karbohydrat blir redusert. Av dei tre hovudførekomstane i kraftfôr, er delen norskprodusert råvare særleg redusert for fett- og proteinfraksjonen som følgje av forbodet mot kjøtt- og fiskebeinsmjøl.

Næringsmiddelindustrien sin del av heimemarknaden, målt på verdibasis, har falle frå om lag 86 pst. i 2005 til om lag 79 pst. i 2015. Importen av landbruksvarer (inkl. fiskefôr) auka med 5 pst. frå 2015 til 2016, til eit nivå på 62 mrd. kroner. Landbruksdirektoratet har rekna ut at om lag 1,5 prosent av denne verdiauken kjem av svingingar i valutakursen det siste året. Av dei importerte landbruksvarene er litt under halvparten matvarer (ikkje fiske- eller dyrefôr) som er i direkte konkurranse med norsk produksjon. Det er underskott av norsk storfekjøtt og i grøntsektoren. Det er òg underskott av korn, men storleiken varierer mykje frå år til år, avhengig av avling og kvalitet. Samstundes var det i 2016 eit overskott av sau/lam og svinekjøtt. Eggmarknaden var i balanse i 2016.

Matmerk administrerer og utviklar Kvalitetssystem i Landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvar for generisk marknadsføring av økologisk mat.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Matmerk forvaltar. Det er gjennomført 4 869 eksterne KSL-revisjonar i 2016 mot 5500 i 2015. Revisjonstakta er noko redusert, sidan Matmerk har vore nøydd til å prioritere ressursar til arbeidet med teknologiske løysingar for KSL og ei styrking av revisorkorpset.

Ved utgangen av 2016 var 3 050 produkt frå til saman 77 ulike verksemder godkjent for Nyt Noreg-merket. Det utgjer ein auke på 480 produkt og 7 nye verksemder sidan 2015. Forbrukarmålingar viser at 88 pst. av forbrukarane som kjenner til merket, seier at det gjer at dei får lyst til å kjøpe norsk mat.

Spesialitet-merket blir, ved utgangen av 2016, brukt på til saman 425 produkt frå 76 godkjente verksemder. Det representerer ein markant auke, mellom anna på grunn av tekniske endringar i registreringa. Merket blir tildelt for tre år av gongen, og kvart år er det fleire produkt og verksemder som ikkje får fornya godkjenninga eller som sjølve vel ikkje å fornye godkjenninga. I alt 27 produkt har Beskytta nemning. Dei førebels siste godkjente produkta er Telemarkseple, -plommer og -morellar, og Skjørost frå Rørostraktene. I tillegg har italienske Gorgonzola får norsk Beskytta nemning i 2016, mens det er søkt om Beskytta nemning i EU for fenalår frå Noreg.

Økologisk mat representerer eit mangfald forbrukarar i aukande grad etterspør. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden i daglegvarehandelen med meir enn 24 pst. frå 2015 til 2016. Det blei omsett økologiske matvarer for nesten 2,5 mrd. kroner totalt i 2016, noko som utgjer omlag 1,8 pst. av totalmarknaden.

Til grunn for satsinga på økologisk jordbruk i 2016 låg eit mål om at 15 pst. av matforbruket og 15 pst. av matproduksjonen skal vere økologisk innan 2020. Som oppfølging av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon og Stortingets handsaming av denne, skal det utarbeidast eit nytt mål for økologisk produksjon og forbruk i samband med utarbeidinga av ein ny strategi for økologisk jordbruk.

Lokalmat er definert som mat- og drikkevarer med ein lokal identitet, særskild opphav eller spesielle kvalitetar knytt til produksjonsmetode, tradisjon eller råvarer. Omsetnaden av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka sterkt dei siste åra. Berre frå 2010 til 2016 er salet meir enn fordobla, til 4,8 mrd. kroner, og veksten i 2016 er tre gonger så sterk som veksten i omsetnad av anna mat gjennom daglegvarehandelen. I tillegg kjem ein ikkje uvesentleg omsetnad av lokalmat gjennom andre kanalar, som Bondens marknad, matfestivalar og direkte sal frå produsentane.

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit og sikrar avsetning av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustri.

Infeksjon gjennom næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar òg mellom norske husdyr.

Tabell 4.1 Oversikt over næringsmiddelborne infeksjonar der smitta har skjedd i Noreg

Diagnose

2012

2013

2014

2015

2016

Campylobacteriose

1 114

1 147

1 365

877

973

E. coli-enteritt

115

121

197

225

239

– av dette EHEC

55

79

97

126

161

Listeriose

26

18

20

12

16

Salmonellose

260

237

230

183

175

Shigellose

11

17

12

11

12

Yersiniose

22

31

177

49

33

Samla

1 548

1 571

2 001

1 357

1445

Kjelde: msis.no 8 (data henta 18.8.2017)

For å halde den gode statusen ved like, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg er mellom anna auka internasjonal handel med mat, nye matvaner og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra. Dei siste åra har det vore ein auke i utbrott der smittekjelda har vore importerte grønsaker og bær.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt sett god. Svært få av oss blir sjuke av vatnet som kjem ut av krana. Ni av ti nordmenn er tilknytt vassverk som leverer trygt drikkevatn. Likevel er det mange stader gammalt og dårleg leidningsnett for drikkevatnet. Det kan føre til at vatnet blir forureina.

Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det er derimot ei særleg utfordring med sal av kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsett legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er òg ei utfordring knytt til produkt som blir omsett over internett og postordre.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auka ferdsel over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i viktige kulturar.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Antibiotikabruken har blitt redusert samstundes som det har vore ein auke i gjennomsnittleg storleik på besetningane. For norske mjølkekubesetningar viser statistikken mindre bruk av antibiotika i store besetningar enn i små. Dyktige og ansvarsbevisste bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Sjølv om anitbiotikabruken i norsk husdyrhald er låg, er det dei seinare åra påvist LA-MRSA (dyreassosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus – bakteriar) i svinebesetningar. Det er sett i verk omfattande tiltak for å prøve å hindre at denne bakterien får fotfeste i norsk svinehald. Det er òg påvist antibiotikaresistente tarmbakteriar (ESBL-produserande og kinolinresistente E. coli) i norske fjørfebesetningar. Vitskapskomiteen for mattryggleik vurderte i 2015 risikoen for overføring av antibiotikaresistens frå mat og matproduserande dyr i Noreg. Dei konkluderte med at det er lite sannsynleg at vi blir utsette for antibiotikaresistente bakteriar frå norske matvarer.

Generelt er helsa òg god hos viltlevande dyr, men i april 2016 blei sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) påvist hos villrein og elg. Denne sjukdommen hos hjortedyr er smittsam og dødeleg. Sjukdommen er ikkje påvist i Europa tidlegare og aldri før hos reinsdyr. Mattilsynet starta raskt med kartlegging og tiltak for å avgrense og helst utrydde sjukdommen. Det er etablert vernetiltak mot spreiing innanlands og mot utlandet. Hausten 2017 starta arbeidet med å ta ut heile villreinflokken i Nordfjella Sone 1 for å redusere risikoen for at sjukdommen spreier seg. Både kartlegging og tiltak mot CWD skjer i eit nært samarbeid med miljøstyresmaktene.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, og er i tillegg eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytte til dyrevelferd i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sportsdyr og kjæledyr.

5 Overordna mål: Landbruk over heile landet

Balansert geografisk utvikling i landbruket

Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla i landbruket.

I perioden 1979–1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 8,2 pst. I perioden 1999–2016 er det estimert ein reduksjon på vel 5 pst. ifølgje berekningar frå Budsjettnemnda for jordbruket. Tala frå 2016 viser at reduksjonen i jordbruksarealet dei siste åra har flata ut. Registrert totalareal var på sitt høgaste i 1998. Nedgangen i jordbruksarealet skjer i all hovudsak innan åker og hage. I det samla jordbruksarealet inngår òg overflatedyrka jord og innmarksbeite. Slikt areal utgjer om lag 18 pst. av totalarealet i slutten av perioden, mens det utgjorde vel 10 pst. i 1989.

Frå 2005 har nytt digitalt kartgrunnlag vore i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Overgangen blei fullført i 2014. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at det nye kartverket i perioden 2005–2013 innebar ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Nytt kartverk har bidrege til dette, både som følgje av meir nøyaktige målingar, og som følgje av at endringar som har skjedd over tid først har blitt fanga opp når nytt kartverk har blitt teke i bruk. Budsjettnemnda for jordbruket estimerer at arealnedgangen utanom nytt kartverk var på om lag 1,4 pst. i den same perioden.

Reduksjonen i samla jordbruksareal i drift i perioden 1999–2016 har først og fremst skjedd på Vestlandet, i Agder-fylka og i Nord-Noreg. Dei siste ti åra er arealet av open åker på Austlandet redusert med om lag 250 000 dekar, mens arealet av eng og beite har auka med om lag 160 000 dekar. Auken i areal av eng og beite på Austlandet har vore ei ønskt utvikling, delvis som følgje av behov for å redusere avrenning til vassdrag, og delvis som følgje av auka hald av ammeku og sau som har vore prioriterte produksjonar i fleire av dei siste jordbruksoppgjera. For å bidra til å halde norsk matkornproduksjon oppe og redusere overgangen frå korn til gras på Austlandet, blei støtta for kornareal auka og støtta for grovfôrareal på Austlandet redusert i jordbruksoppgjeret i 2016. I jordbruksoppgjeret i 2017 blei støtta for kornareal på Austlandet auka ytterlegare og støtta for grovfôrareal på Austlandet avvikla.

Den geografiske fordelinga av produksjonen er viktig for auka produksjon og landbruk over heile landet. Det har over nokre år vore ein tendens til at Austlandet aukar sin del av grasbasert produksjon, med unntak for mjølk, der produksjonen er stabil geografisk. Budsjettnemndas tal viser at trenden er endra frå 2014. Austlandet har auka sin del i grasbaserte produksjonar og eng- og åkerarealet i perioden 2006–2014, mens det i perioden frå 2014–2016 er Vestlandet og Trøndelag som har auka delane sine. Figur 5.1 og Figur 5.2 viser endringar i marknadsdel fordelt på produksjon og landsdel for perioden 2006–2014 og 2014–2016. Lengda på perioden er ulike i dei to figurane og storleiken på endringane er ulik, men skiftet i trenden er tydeleg, jf. Budsjettnemndas tal. Endringane frå 2014 viser forsterkinga av arbeidsdelinga i jordbruket, i tråd med dei politiske målsetjingane.

Figur 5.1 Endring i marknadsdel fordelt på produksjon og landsdel, 2006–2014

Figur 5.1 Endring i marknadsdel fordelt på produksjon og landsdel, 2006–2014

Det overordna biletet for produksjonsutviklinga er at auken i produksjonar med vekst kjem i meir sentrale område. Produksjonen av fjørfekjøtt har hatt ein sterk auke dei siste ti åra, trass i reduksjonen i 2015 og 2016 som følgje av svikt i marknaden i samband med merksemda på antibiotikaresistens. Produksjonsauken det siste året har i all hovudsak komme i Rogaland. I Trøndelag har eggproduksjonen auka vesentleg dei siste åra, mens den har vore relativt stabil i resten av landet. Veksten i grønsaker på friland har komme på Austlandet. Veksten i svinekjøttproduksjonen har i størst grad komme i Rogaland, men òg i Agder-fylka/Telemark, Vestlandet og i Nord-Noreg har produksjonen auka noko.

Figur 5.2 Endring i marknadsdel fordelt på produksjon og landsdel, 2014–2016

Figur 5.2 Endring i marknadsdel fordelt på produksjon og landsdel, 2014–2016

Landbruket stod for i alt 3,5 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2016. I alt var det om lag 89 530 sysselsette personar i landbrukssektoren, av desse var om lag 35 850 i jordbruk og reindrift og vel 5 550 i skogbruk i 2016, jf. Tabell 5.1. Samstundes var over 32 972 sysselsette i jordbruksbasert matindustri og i overkant av 15 000 sysselsette i skogbruksbasert industri. Den regionvise fordelinga av sysselsetjinga i jordbruket over tid er relativt stabil. Rogaland skil seg ut med størst del i den jordbruksbaserte sysselsetjinga.

Tabell 5.1 Sysselsette personar i landbruket, 2016

Sysselsette i alt

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustri

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbruksbasert sysselsetjing som del av samla sysselsetjing

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

Østfold

116 625

1 767

4,9

316

5,7

2 944

8,9

1 444

9,5

6 471

7,2%

Akershus

266 761

1 706

4,8

399

7,2

2 198

6,7

478

3,2

4 781

5,3%

Oslo

457 183

161

0,4

128

2,3

3 413

10,4

192

1,3

3 894

4,3%

Hedmark

85 963

3 081

8,6

1 092

19,7

2 218

6,7

1 968

13,0

8 359

9,3%

Oppland

86 941

3 639

10,2

631

11,4

1 537

4,7

1 153

7,6

6 960

7,8%

Buskerud

124 597

1 545

4,3

592

10,7

1 361

4,1

977

6,4

4 475

5,0%

Vestfold

105 037

1 338

3,7

211

3,8

2 511

7,6

677

4,5

4 737

5,3%

Telemark

74 257

1 011

2,8

407

7,3

541

1,6

383

2,5

2 342

2,6%

Aust-Agder

47 410

600

1,7

288

5,2

403

1,2

715

4,7

2 006

2,2%

Vest-Agder

85 826

845

2,4

203

3,7

919

2,8

1 165

7,7

3 132

3,5%

Rogaland

231 817

4 383

12,2

95

1,7

3 995

12,1

1 307

8,6

9 780

10,9%

Hordaland

251 894

2 462

6,9

137

2,5

2 250

6,8

579

3,8

5 428

6,1%

Sogn og Fjordane

54 147

1 714

4,8

106

1,9

1 136

3,4

457

3,0

3 413

3,8%

Møre og Romsdal

126 819

2 147

6,0

124

2,2

1 396

4,2

747

4,9

4 414

4,9%

Sør-Trøndelag

163 058

2 690

7,5

203

3,7

2 830

8,6

1 059

7,0

6 782

7,6%

Nord-Trøndelag

62 060

2 858

8,0

350

6,3

1 229

3,7

1 053

6,9

5 490

6,1%

Nordland

114 988

2 305

6,4

192

3,5

747

2,3

645

4,3

3 889

4,3%

Troms

83 471

944

2,6

61

1,1

1 020

3,1

136

0,9

2 161

2,4%

Finnmark

36 874

653

1,8

14

0,3

324

1,0

25

0,2

1 016

1,1%

Sum

2 575 728

35 849

100

5 549

100

32 972

100

15 160

100

89 530

100%

Kjelde: NIBIO

Landbruksnæringa betyr relativt sett meir for sysselsetjinga i område med spreidd busetjing og småsenterregionar enn i meir sentrale område av landet. Områda med spreidd busetjing og småsenterregioner har over fleire år hatt ein større og meir vedvarande nedgang i sysselsetjinga enn andre regionar.

Sterkt og effektivt landbruk

For å nå målet om eit sterkt og effektivt landbruk, må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein tenleg måte. Tal frå SSB viser at over halvparten av jordbruksverksemdene (59 pst.) hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2015. Dette er ein nedgang frå 2010 då delen for desse jordbruksverksemdene var på 62 pst. I 2015 hadde i underkant av 4 200 jordbruksverksemder 500 dekar og meir jordbruksareal i drift mot om lag 4 000 året før. Tala viser framleis ein auke av jordbruksverksemder med 500 dekar og meir jordbruksareal i drift, frå 2,5 pst. i 2000 til om lag 9 pst. i 2014 og 10 pst. i 2015.

Tala for jordbruksverksemdene analysert på BA-sentralitet viser omtrent same strukturfordeling som året før. Om lag 69 pst. av jordbruksverksemdene ligg i ulike former for byregionar. Størst del ligg i småbyregionane (25 pst.) og minst del i område for spreidd busetnad (9 pst.). Småbyregionane er òg i 2015 dei regionane som har flest dekar jordbruksareal i drift (2,6 mill. dekar) og mest leigd areal (1,2 mill. dekar). Tala frå åra 2012 og 2015 for desse regionane viser òg at det eigde jordbruksarealet i drift har gått ned frå 1 490 600 dekar til 1 440 100 dekar, mens jordbruksarealet i drift som blir leigd aukar frå 1 135 600 dekar til 1 169 000 dekar.

Det er i dag eit stort omfang av leigejord. Over halvparten av jordbruksverksemdene (59 pst.) driv landbruksproduksjon både med leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 31 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjonen berre på jordbruksareal som er eigd av verksemdene. 7 pst. driv landbruksproduksjon berre med jordbruksareal som er leigd, jf. Figur 5.3 som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksarealet i drift. Tala for 2014 og 2015 viser ein nedgang av jordbruksverksemder som driv landbruksproduksjon både med eigd og leigd jordbruksareal, mens talet på jordbruksverksemder som driv produksjon med berre leigd jordbruksareal ligg omtrent på same nivå i 2014 og 2015.

Figur 5.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2015

Figur 5.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2015

Det eigde jordbruksarealet i drift på jordbruksverksemdene var i underkant av 5,5 mill. dekar i 2015. Det leigde jordbruksarealet var vel 4,3 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2014 viser dette ein nedgang i det eigde jordbruksarealet i drift på 27 900 dekar og ein auke i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene på 20 600 dekar. Gjennomsnittleg areal i drift per jordbruksverksemd var 235 dekar i 2015 (fordelt på 130 dekar eigd areal og 104 dekar leigd areal). Det er 6 dekar meir enn året før og 19 dekar meir enn i 2010. Av jordbruksarealet i drift var i alt 44 pst. leigejord i 2015, 2014 og 2013 mot 43 pst. i 2012.

Regjeringa vil leggje til rette for ein variert eigedomsstruktur der bonden sin rett til å disponere over eigen eigedom er i tråd med eigne val og prioriteringar. Statistikk frå SSB viser om lag 185 000 registerte landbrukseigedommar i 2015. Dette er landbrukseigedommar samansett av minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Ei gruppering av landbrukseigedommane etter storleiken på det eigde jordbruksarealet viser mange eigedommar med lite jordbruksareal. Hovudtyngda (70 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal i 2015. Om lag 18 pst. hadde over 100 og under 500 dekar eigd jordbruksareal. Under éin pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar og meir. Utviklinga frå 2013 til 2015 viser ein auke i talet på landbrukseigedommar som har over 100 og under 500 dekar eigd jordbruksareal. Endringa var størst for landbrukseigedommar over 200 og under 300 dekar (om lag 250 eigedommar). Utviklinga viser òg ein liten auke i talet på eigedommar med 500 dekar og meir eigd jordbruksareal i perioden (om lag 80 eigedommar). Om lag 7 pst. av eigedommane var registrerte utan eigd jordbruksareal i 2015. Dette er på same nivå som i 2013 og 2014.

Tal frå KOSTRA i 2016 viser at om lag 14 pst. av dei som søkte om samtykke til å dele ein landbrukseigedom, ønskte å selje jorda som tilleggsjord til annan landbrukseigedom, dvs. at areal frå 557 eigedommar blei fordelte som tilleggsjord til annan landbrukseigedom i 2016. Dette er ein nedgang frå 2015 (i underkant av 70 eigedommar). Tala frå 2009–2013 viser ei prosentfordeling på om lag 12 pst. og 15 pst. for åra 2014 og 2015.

Av dei 185 000 registrerte landbrukseigedommane i 2015 har om lag 163 400 eigedommar (88 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av desse har om lag 51 pst. av eigedommane jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Om lag 22 pst. av eigedommane blir drivne berre ved hjelp av eige jordbruksareal, jf. Figur 5.4 som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2015. Tala for åra 2014 og 2015 viser små endringar for eigedommar som både har areal som anten blir drive av eigaren sjølv eller av andre ved bortleige, ein nedgang i talet på eigedommar der eigaren sjølv òg er brukar av areala, og ein auke i talet på eigedommar som berre blir drivne ved bortleige. For eigedommane med minst 5 dekar eigd jordbruksareal var den gjennomsnittlege arealstorleiken på jordbruksarealet 67 dekar.

Figur 5.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2015

Figur 5.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2015

Fordelinga av landbrukseigedommane på BA-sentralitet i 2015 viser om lag same prosentfordeling av eigedomsmassen for eigedommane med minst 5 dekar jordbruksareal mellom regionane som for åra 2013 og 2014. Om lag 66 pst. av landbrukseigedommane ligg i ulike former for byregionar, størst del ligg i småbyregionar (28 pst.) og minst del i område for spreidd busetnad (11 pst.). Tala for 2015 viser òg, til liks med tala for 2013 og 2014, at småbyregionar hadde flest landbrukseigedommar med jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige (14 pst.) og flest eigedommar der eigar sjølv òg er brukar av areala (6 pst.). Av regionane var det òg småbyregionane som hadde flest landbrukseigedommar utan registrert jordbruksaktivitet i 2015.

Til liks med andre sektorar er det nødvendig å gjere investeringar med jamne mellomrom mellom anna for å møte krav til modernisering og auka produktivitet. Innanfor det tradisjonelle landbruket er det særskild behov for modernisering av driftsapparatet og investeringar for å auke effektiviseringa av produksjonen. Tilgang på ny teknologi som gjer arbeidet enklare, sikrare og meir effektivt, er ein viktig drivar for investeringar. Det er næringsutøvarane sitt eige ansvar å gjere investeringar slik at drifta blir god og lønsam. Staten bidreg på fleire måtar med økonomisk stimulans for at dei måla Stortinget har sett for landbrukspolitikken skal bli nådd.

I samband med Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2017, blei regjeringa gjennom oppmodingsvedtak bedt om å komme tilbake til Stortinget med ein plan for langsiktige investeringar i landbruket. Oppmodingsvedtaket blei svara ut i samband med Prop. 141 S. (2016–2017) Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2017 m.m.). Investeringsplanen drøfta utviklingstrekk knytt til investeringar i jordbruket, forhold som påverkar investeringsbehovet, investeringsnivå og behov for investeringar innan ulike produksjonar og offentleg finansiering av investeringar i jordbruket, hovudsakleg gjennom IBU-ordninga.

Gjennomgangen peika på at investeringane i jordbruket i dag ligg på om lag 8,5 mrd. kroner årleg. Om lag 4,2 mrd. kroner er knytt til investeringar i driftsbygningar. Fleire forhold påverkar investeringsbehovet i jordbruket. Økonomi, inntektsutvikling, mål for produksjon og marknadsmessige forhold, teknologisk utvikling, rekruttering og krav til dyrevelferd er nokre sentrale faktorar. Investeringane i jordbruket bør leggje til rette for ein produksjon som er i samsvar med etterspørsel i marknaden. Figur 5.5 viser at sjølv om investeringsnivået har gått vesentleg ned sidan 1970-talet, har produksjonen auka og arbeidskraftsinnsatsen gått ned. Det betyr at jordbruket har hatt ein betydeleg produktivitetsauke. Figur 5.5 viser vidare at investeringsnivået dei siste 20 åra har vore stabilt, mens produksjonsvolumet framleis aukar og arbeidsforbruket blir redusert. At investeringsnivået på 1970-talet låg på eit vesentleg høgare nivå enn i dag, er difor ikkje eit uttrykk for at nivået i dag er for lågt til at ein kan nå måla som er sett for landbrukspolitikken.

Figur 5.5 Investeringsvolum samanlikna med produksjonsvolum og arbeidsforbruk i jordbruket

Figur 5.5 Investeringsvolum samanlikna med produksjonsvolum og arbeidsforbruk i jordbruket

Planen viste vidare til at dei låge tapstala for landbruket både i offentlege og private låneinstitusjonar tilseier at landbrukskunden bør vere ein attraktiv lånekunde for private bankar i dei aller fleste områda av landet.

Offentlege verkemiddel som investeringsverkemidla over jordbruksavtalen er med på å redusere risikoen og betre kapitaltilgangen ved investeringane. Likevel må avgjerda om investeringar bli gjort av den enkelte bonde som sjølv er den som svarar for gjelda. Det er òg viktig at investeringsverkemidla blir sett i samanheng med andre ordningar over jordbruksavtalen. Det offentlege bidreg med vesentleg stimulans for å leggje til rette for investeringar i landbruket, og særleg til investeringar innan mjølke- og storfeproduksjon der behovet er særskild stort for å modernisere drifta og tilpasse seg lausdriftskravet som tek til å gjelde i 2034. Utsettinga av lausdriftskravet som blei gjort i samband med jordbruksoppgjeret i 2016, gjer at dagens båsfjøs kan nyttast lenger, og at investeringstrykket kan fordelast jamnare utover mot 2034. Notat frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) utarbeidd for Landbruks- og matdepartementet i samband med gjennomgangen, estimerer eit årleg investeringsbehov innan mjølke- og storfeproduksjon på i overkant av 1,2 mrd. kroner fram mot 2034. Med utgangspunkt i dette anslaget bidreg IBU-midlane med om lag 29 pst. av det årlege investeringsbehovet i mjølke- og storfeproduksjonen. Fordelinga av tilskott på prosjektstorleik og besetningsstorleik indikerer at IBU-midla går til både små, mellomstore og store bruk og at investeringstilskotta har ein tydeleg distriktsprofil og blir brukt målretta mot dei produksjonane som har størst behov. Systemet med fordelingsnøkkel bidreg til fordeling av tilskott i heile landet basert på regionale utfordringar og moglegheiter.

I investeringsplanen blir det lagt til grunn at det må vere fleksibilitet til å gjere løpande vurderingar av investeringsbehovet i samband med dei årlege jordbruksoppgjera. Det blir vidare lagt til grunn at det med utgangspunkt i dagens kunnskap vil vere behov for investeringsverkemiddel om lag på dagens nivå eller potensielt aukande. I planen er det foreslått nokre justeringar i verkemiddelbruken. Departementet vil følgje opp planen i kommande jordbruksoppgjer.

Ei økologisk og økonomisk berekraftig reindrift

Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak, tilrettelegging av tilleggsnæringar og betre lønsemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. I 2016 blei det slakta om lag 82 600 rein ved dei registrerte slakteria. Dette er ein stor auke samanlikna med 2014 (63 100 rein) og 2015 (73 600 rein). Kalvedelen ligg på om lag 78 pst. Høgare slakteuttak og ein høg kalvedel viser at stimuleringa ved ein auke i dei produksjonsretta tilskotta har hatt positiv verknad. Tilbakehald av tilskott over reindriftsavtalen og dokumenterte rovvilterstatningar overfor dei som ikkje har følgt opp vedtak om reduksjon, har òg verka positivt på slakteuttaket. Samstundes med auka uttak har snittet for vaksen rein og kalv auka med 0,5 kg. Ser ein på Vest-Finnmark særskild, som er det området som har hatt den største utfordringa med eit for høgt reintal, har snittet auka med heile 1,6 kg. Auka vekter gir betre pris og auka lønsemd i næringa. Det er særs positivt at reineigaren opplever ein så snarleg verknad av tilpassinga av talet på rein som er gjennomført.

Totalproduksjonen per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte område. Sidan driftsåret 09/10 er den samla produksjonen redusert frå 8,0 kg per livrein til 5,2 kg per livrein i 2014/2015. Frå driftsåret 2014/2015 auka produksjonen per livrein til 8,1 kg i 2015/2016.

Tal frå totalkalkyla sitt rekneskap viser at det har vore ei positiv utvikling av resultatmåla i 2015. Samla sett auka vederlag for arbeid og eigenkapital frå 54,1 mill. kroner til 102,3 mill. kroner. Per årsverk blei vederlaget for arbeid og eigenkapital auka frå 56 400 kroner til 107 600 kroner. Årsaka til dette er i hovudsak ein auke av dei produksjonsbaserte inntektene.

6 Overordna mål: Auka verdiskaping

Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom ytterlegare forenkling av lover, reglar og stønadsordningar, og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan bli betra i åra som kjem.

Jordbruket stod i 2016 for i underkant av 45 000 årsverk i følgje Budsjettnemnda for jordbruket. Nærings- og nytingsmiddelindustrien, inklusive fisk, drikkevarer og tobakk, er den nest største industribransjen i Noreg og hadde i 2016 ein produksjonsverdi på om lag 211 mrd. kroner, ein auke på om lag 5,5 pst. frå året før. Næringsmiddelindustrien bidrog med 46 mrd. kroner i verdiskaping i 2016. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som den i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å halde ved lag norsk matproduksjon som kan sikre tilgang på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer òg den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

Det siste tiåret har det samla produksjonsvolumet i jordbruket auka med 1,7 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 4,6 pst., mens produksjonen av planteprodukt har gått ned med vel 4,9 pst. Det er særleg det kraftfôrbaserte husdyrhaldet som har auka, i tillegg til delar av det grovfôrbaserte. Desse produksjonane har dei siste åra hatt problem med marknadsbalansen, først i svineproduksjonen og no for sau og lam. Produksjonen av storfekjøtt er redusert med vel 2,5 pst. i tiårsperioden, men dei siste tre åra har produksjonen auka. Den negative produksjonsutviklinga for sau og lammekjøtt har snudd, og etterspørselen etter lammekjøtt i den norske marknaden kan no dekkjast med norsk produksjon. Produksjonsvolumet har dei siste ti åra auka med 10,5 pst. Denne auken har hovudsakleg komme dei siste tre til fire åra.

Produksjonen har falle for korn, poteter, frukt og blomar det siste tiåret. For korn har dette både å gjere med redusert areal og svak avlingsutvikling knytt til dårleg vêr. Gode avlingsår i 2014, 2015 og 2016 var ikkje tilstrekkeleg til å snu den negative trenden, men avlingane per dekar var i 2015 rekordhøge. Produksjonen av grønsaker har auka med om lag 5,5 pst., mens fruktproduksjonen er redusert med meir enn 12 pst. Produksjonen av bær har gått noko ned perioden sett under eitt, men produksjonen har auka dei siste åra. I grøntsektoren har marknadsforholda vore utfordrande både som følgje av nasjonale forhold, som til dømes endringar i eigarskap og organisering i omsetnadskanalane, og importkonkurransen. Det har vore ein reduksjon i produksjonen av blomar, noko som kjem særleg av at snittblomar mister marknadsmoglegheiter til import. Samla sett er det marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, mellom anna av korn og i delar av grøntsektoren.

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2008–2017, i følgje normalisert rekneskap

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2008–2017, i følgje normalisert rekneskap

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Hovudbiletet for produksjonsutviklinga er at for produksjonar med vekst, kjem veksten i meir sentrale område. Produksjonen elles flyttar seg i mindre grad. Endringar i den geografiske fordelinga må sjåast i samband med produksjonsutviklinga. Den sterke produksjonsutviklinga som har vore på fjørfe har først og fremst komme i Trøndelag, Rogaland og på Austlandet, trass i ein nedgang i 2015 og 2016 som følgje av merksemda kring antibiotikaresistente bakteriar. Det siste året har produksjonsauken komme i Rogaland. I Trøndelag har eggproduksjonen auka betydeleg dei siste åra, mens den er stabil i andre område. Frå 2008 til 2017 viser tala ein auke på over 25 pst. for fjørfekjøtt og eggproduksjon. Auken i grønsaker på friland har komme på Austlandet. Auken i svinekjøttproduksjonen har vore størst i Rogaland, men òg i Agder/Telemark, Vestlandet og i Nord-Noreg har produksjonen auka. For utviklinga i geografisk fordeling innan grasbaserte produksjonar, sjå rapporteringa under hovudmålet Landbruk over heile landet.

Lønsemd er den viktigaste drivaren for dei avgjerdene den enkelte mjølkeprodusenten tek. Dette inneber at det først og fremst er økonomiske verkemiddel som bidreg til den geografiske produksjonsfordelinga. Innan produksjonsregionane er det ikkje noka systematisk flytting av kvoter mot områda med dei beste produksjonsføresetnadene, men det er ein aukande konsentrasjon av mjølkeproduksjon innan produksjonsregionane ved at kvoter blir kjøpt opp av produsentar i område der det allereie er sterke produsentmiljø/-klynger. Sterke fag- og produsentmiljø ser ut til å ha større innverknad enn naturgitte produksjonsføresetnader. I handsaminga av jordbruksoppgjeret 2017 blei det vedteke å slå saman enkelte produksjonsregionar for mjølkekvoter. Det vil bidra til meir fleksibilitet og betre tilrettelegging av driftsomfanget.

Ifølgje Nasjonalrekneskapen var bruttoproduktet i jordbruk og skogbruk i faste 2005-prisar 17,83 mrd. kroner i 2016. Dette inneber ein auke på 1,7 pst. frå 2015. Produktivitetsveksten i jordbruket er høg. Jordbruket har dei siste ti åra hatt ein gjennomsnittleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 4,0 pst. per år. Tilsvarande produktivitetsmål for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser, ifølgje det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera, ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,4 pst. dei siste ti åra. Gjennomsnittleg vekst for Fastlands-Noreg var 0,7 pst.

Regjeringa vil leggje til rette for at landbruket har føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan auke òg i kommande år. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, ansvar for eiga inntekt. Regjeringa vil styrkje bruk som har ressursgrunnlag til å vere heiltidsbruk. På knapt halvparten av bruka blir det utført meir enn eitt årsverk, og desse bruka står for meir enn 80 pst. av produksjonen.

Frå 2015 til 2017 er bruttoinntektene i jordbruket berekna å auke med i overkant 0,7 mrd. kroner, mens kostnadane, inkludert realrentekostnaden, aukar med i underkant av 0,7 mrd. kroner. Vederlag til arbeid og eigenkapital for jordbrukssektoren aukar dermed med nærare 0,1 mrd. kroner frå 2015 til 2017. I tala er verdien av jordbruksfrådraget inkludert.

I jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 blei det semje om til saman 40 større og mindre forenklingstiltak. Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon, la opp til ein enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og ein meir marknadsretta og forbrukarstyrt produksjon. Departementet vil halde fram med å jobbe med forenkling av verkemidla for å sikre ein enklare kvardag for bonden og ein god forvaltning av tilskotta.

Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Landbruksdirektoratet dei siste åra. IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag både for innbyggjarar og næringsdrivande, og bidra til ei effektiv forvaltning. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for fylkesmannsembeta og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet har blitt gjort tilgjengelege digitalt. Dei siste åra er fleire store IKT-prosjekt finansierte over jordbruksavtalen, mellom anna eStil RMP, eStil PT og Agros. Agros er ei erstatning for tilskottsystemet Saturn, og skal bidra til korrekt og effektiv forvaltning av fond, prosjekttilskott og direktetilskott i landbruket. Det nye fagsystemet for forvaltninga av produksjons- og avløysartilskotta (eStil) blei teke i bruk våren 2017.

For å leggje til rette for ei meir føreseieleg planlegging og oppfølging av større IKT-prosjekt, blei det i jordbruksoppgjeret 2016 sett av ei fast løyving over kap. 1150 post 21 til utvikling av IKT-/forvaltningsystem for ordningar over jordbruksavtalen. Oppgraderinga av IKT-systema vil gi ein auka grad av driftstryggleik og effektivitet i forvaltninga og leggje betre til rette for å føre kontroll med ordningane.

Lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål tydeleggjer regjeringa sine ambisjonar for landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg (IN), der måla om fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø står sentralt. Dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad som følgje av tildeling av midlar. Ettersom dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, er det difor ikkje tilgjengelege rekneskapstal på same måten som for aksjeselskap. Dette gjeld særleg for mottakarar av midlar til investering og bedriftsutvikling. Departementet vil i samarbeid med IN jobbe vidare for å få ei betre resultat- og effektmåling av dei bedriftsretta verkemidla som IN forvaltar på landbruksområdet.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og framtidig vekst og utviking i landbruksbaserte næringar. Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er Landbruks- og matdepartementets viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det er det stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel, og det er nødvendig å gjere ei omfattande prioritering av prosjekta på kommunenivå for å utnytte rammene best mogleg. I overkant av 80 pst. av tilskottsmidlane går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, dvs. knytt til delmålet om vekst i bedrifter. Ein vesentleg del av midlane som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk er knytt til delmål om fleire gründerar. Rapporten til IN om bruk av IBU-midlar for 2016 legg til grunn ein sysselsetjingsvekst på om lag 461 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til innan tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar.

Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping har tiltak retta mot vekstkraftige bedrifter og forpliktande produsentsamanslutningar. Målet med programmet er å skape auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og annan ny næringsverksemd basert på landbruket sine ressursar. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet i vesentleg grad er utløysande for realisering av prosjekteta. Undersøkingane viser òg at ordninga bidreg positivt til kompetanseheving og samarbeid. Ein stor del av kundane, 62 pst. av verksemdene, opplyser at programmet har bidrege til betring i lønsemd for prosjekta, mens 88 pst. viser til at tiltaka over programmet har bidrege til auka omsetnad. Innovasjonsnivået på prosjekta ligg nokså stabilt, og er for dei fleste av verkemidla på landbruksområdet hovudsakleg knytt til innovasjon på bedriftsnivå. Det er behov for meir kunnskap om korleis programmet verkar og verknader av dei ulike tiltaka. Vekstordninga blei evaluert hausten 2016 av Oxford Research, mellom anna for å undersøkje den bedriftsøkonomiske verknaden av ordninga nærare. Evalueringa viser at vekstordninga i stor grad er avgjerande for realisering av vekstprosessen hos den enkelte og at den bidreg til betre evne til overleving, vekst og auka lønsemd for verksemdene. Ordninga for forpliktande produsentsamanslutningar (bedriftsnettverk) vil bli evaluert i 2017.

Driftsgranskingane til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Av dei 908 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2015 hadde 81 pst. omsetnad knytt til anna landbruksbasert næring. Det er 1 prosentpoeng mindre enn i 2014. Prosentdelen bruk med andre landbruksbaserte næringar av vesentleg omfang var størst på Austlandet og minst i Nord-Noreg. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 62 pst. av bruka hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner knytt til andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 216 400 kroner, om lag det same som for 2014. Omsetnaden auka i Agder, Rogaland og i Trøndelag frå 2014 til 2015, mens han gjekk ned i dei andre regionane, mest på Vestlandet, jf. Figur 6.2. Vestlandet har, slik figuren viser, hatt høgast omsetnad innan andre landbruksbaserte næringar i åra 2013–2015. Den høge omsetnaden på Vestlandet kjem i hovudsak av svært høg omsetnad på nokre få bruk der næringane har vore under oppbygging gjennom fleire år.

Figur 6.2 Omsetnad andre landbruksbaserte næringar, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar. Regionar, 2013–2015

Figur 6.2 Omsetnad andre landbruksbaserte næringar, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar. Regionar, 2013–2015

Overskottet frå andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 6 pst. av samla inntening på alle bruk i driftsgranskingsutvalet. Driftsoverskott per time varierer mykje mellom dei ulike næringane. Både maskinkøyring og gruppa anna tenesteyting (m.a. Inn på tunet, klauvskjæring og saueklipping) har hatt høgare driftsoverskott per time enn tradisjonelt jordbruk. For gruppene turisme og vareproduksjon er det stor variasjon mellom år og vesentleg lågare driftsoverskott per time enn innanfor det tradisjonelle jordbruket. Driftsgranskingane viser likevel at bidraget frå desse næringane til familieøkonomien samla sett er liten. Det er krevjande å få god statistikk over utviklinga innanfor andre landbruksbaserte næringar. Departementet vil arbeide vidare med sikte på å utvikle eit betre system for resultatmåling på området.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er ein viktig verdikjede i Noreg. I 2015 var rundt 21 000 personar sysselsette i denne verdikjeda. Rundt 6 100 av desse var sysselsette i skogbruket. I 2015 var bruttoverdien av tømmer selt til industrien på 3,4 mrd. kroner, og omsetnaden i skogindustrien var på 36,5 mrd. kroner.

Noreg eksporterte tømmer og trebaserte varer til ein verdi av 10,8 mrd. kroner i 2015, mot i underkant av 9 mrd. kroner året før. I 2015 blei det eksportert i underkant av 4 mill. m3 tømmer, ein oppgang på om lag 0,7 mill. m3 frå 2014. Eksportvolumet var fordelt på rundt 2,6 mill. m3 massevirke og 1,4 mill. m3 sagtømmer. Årsakene til auka eksport er endringar i industristrukturen i Noreg og etterspørsel etter tømmer og betalingsvilje for tømmer i marknaden.

Det blei i alt avverka 10,3 mill. m3 tømmer for sal til industrien i 2016. Dette er ein auke på 2,0 pst. frå året før. Hogsten er likevel under halvparten av den årlege nettotilveksten for all skog på om lag 26 mill. m3.

I 2016 blei det i Noreg sett ut om lag 34 mill. skogplantar. Dette er det høgaste nivået for planting på meir enn 10 år. Plantearealet auka med om lag 8 pst. frå året før. Omfanget av areal der det er utført ungskogpleie minka med om lag 4 pst. til 264 000 dekar. Det blei utført markbereiing på om lag 66 600 dekar, ein reduksjon på rundt 8 pst. samanlikna med 2015.

Det blei bygd og ferdigstilt i overkant av 115 km med nye skogsbilvegar og ombygd rundt 412 km med eksisterande skogsbilvegar i 2016. Dette er ein auke på 9,5 pst. for nybygging og 23 pst. for ombygging samanlikna med 2015. I tillegg blei det bygd om lag 156 km med nye traktorvegar og om lag 68 km blei bygde om. Dette er ein nedgang for både nybygging og ombygging på rundt 6 pst. frå 2015. I alt blei det investert knapt 222 mill. kroner på skogsbilvegar og i underkant av 46 mill. kroner på traktorvegar i 2016.

7 Overordna mål: Berekraftig landbruk

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar, mat, trevirke og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit resultat av eit aktivt landbruk. For å sikre at innbyggjarane i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlaget i landbruket. Gjennom berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og reduserte utslepp av klimagassar, og leggje til rette for auka opptak av klimagassar og for nødvendig tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Vareta landbruket sitt kulturlandskap

Det er eit mål å ta vare på og utvikle landbruket sitt kulturlandskap.

I alt blei det brukt 4,2 mrd. kroner på kulturlandskapsformål i 2016. Midlane blei nytta til å hindre attgroing, halde ved like eit variert og levande kulturlandskap i heile landet, og til å ta vare på spesielle og verdifulle landskap og kulturmiljø. Ein del areal med særskilde landskapsverdiar kan takast vare på ved tradisjonell slått. Det blei gitt tilskott på 14 mill. kroner til slått av 77 000 dekar lokalt verdifulle jordbrukslandskap og 43,8 mill. kroner til skjøtsel av 346 000 dekar bratt jordbruksareal. Det blei òg gitt tilskott på i alt 505 000 kroner til skjøtsel av 1 900 særeigne landskapselement som åkerholmar, gardsdammar og store tre.

Det blei i jordbruksoppgjeret 2015 vedteke å slå saman ordningane for Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan. Ny forskrift blei gjort gjeldande frå 2017. Det var i 2016 sett av til saman 15,0 mill kroner til ordninga, som er finansiert over Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet sine budsjett. Midlane har gått til skjøtsel av landskap med viktige miljøverdiar knytt til landskap, biologisk mangfald og kulturminne og kulturmiljø. I 2016 bad Stortinget om at ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket skulle videreutviklast med sikte på å auke tal område fram mot 2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet peika våren 2017 ut ti nye område basert på forslag frå Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Riksantikvaren. Prosessen er ført vidare for å utvide ordninga ytterlegare ut over dei 32 som til saman no er vald ut.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat og sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2016 utgjorde vel 9,8 mill. dekar. Samanlikna med 2015 viser tala ein liten nedgang på om lag 15 000 dekar.

Husdyrbeiting i utmark bidreg til skjøtsel av kulturlandskapet, til å halde utmarka ope og har samstundes ein positiv verknad på det biologiske mangfaldet. I satsingar som utvalde kulturlandskap i jordbruket, verdsarvområda og utvalde naturtypar er beiting i mange tilfelle eit viktig skjøtseltiltak. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for storfe, geit og sau på beite. I 2016 blei det gitt tilskott til i alt 2,4 mill. husdyr på utmarksbeite. I perioden frå 2000 til 2016 auka talet på beitande dyr med 4 pst. Samanlikna med 2014 auka talet med 7,3 pst.

Berekraftig bruk av og vern om landbruket sitt areal- og ressursgrunnlag

Omdisponering av areal

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa i desember 2015 og vedtok innstillinga frå næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak 140 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2016 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 6 026 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark gjekk opp med 20 pst. frå 18 139 dekar i 2015 til 21 612 dekar i 2016, og ligg på eit høgt nivå samanlikna med tala på 2000-talet. I alt blei 964 søknader handsama i 2016. Frå og med 2007 har i gjennomsnitt 16 445 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Tiltak for å avgrense forureining

Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå god, økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år grunna variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrifta. Åkerareal utan vernande plantedekkje haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt dårleg tilstand, slik som i Østfold, Akershus, Hedmark og Oppland. I 2016 blei det gitt om lag 190 mill. kroner i tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding, vegetasjonssoner, fangdammar og hydrotekniske anlegg over ordningane Regionalt miljøprogram og Spesielle miljøtiltak i landbruket. Det har gjennom fleire år vore vektlagt å målrette innsatsen mot dei areala der det er mest viktig å gjennomføre tiltak, noko som kan ha bidrege til at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal. Tilskott til drenering blei innført frå 2013. Godt drenert jord reduserer faren for jordpakking og utslepp av lystgass frå jordbruksjord. Oppslutninga om ordninga har vore lågare enn venta.

Salet av plantevernmiddel varierer årleg mellom anna grunna klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. I dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnad av plantevernmiddel, er berekna helserisiko for 2016 redusert til 75 pst. av 1996/97-nivå, mens berekna miljørisiko er redusert til 80 pst. av 1996/97-nivået.

Økologisk jordbruksareal og husdyrproduksjon

Økologisk areal utgjorde 446 809 dekar i 2016, om lag 4,5 pst. av det samla jordbruksarealet Medrekna karensareal, det vil seie areal under omlegging, er delen 4,8 pst. Det var ein svak auke på 0,8 pst. i økologisk areal frå 2015 til 2016. For dei enkelte produksjonane var det ein auke innan korn, oljevekstar, grønsaker og potet. Husdyr i økologisk driftsform utgjer førebels ein liten del av det samla talet på husdyr i Noreg. Frå 2015 til 2016 var det ein auke i talet på dyr som verpehøner, storfe, gris og sau. Tal på økologisk storfe utgjer 3,5 pst. av storfehaldet, mens sau og lam utgjer 4,6 pst.

Skogbruksplanlegging og miljøregistrering

I 2016 blei det utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 5,2 mill. dekar skog. Dette er noko meir enn året før, men fordi desse prosjekta går over fleire år, svingar tala frå år til år. Stortinget vedtok ved handsaminga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er Natur i Norge (NiN) hos Artsdatabanken som skal nyttast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å skildre variasjon i naturen med typar og eigenskapsskildringar. Dette sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat til nytte ved vurderingar av bruk og vern av natur. Landbruksdirektoratet starta i 2016 med å innpasse omgrepsapparatet til NiN i opplegget for Miljøregistreringer i skog (MiS).

Med bakgrunn i dei behova for tilskottsmidlar fylkesmennene melder er det grunn til å tru at kartleggingsaktiviteten vil auke framover. Det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet i skogstroka på Sør-Austlandet er no kartlagt, og det blir starta opp nye skogbruksplanprosjekt med revisjon av miljøregistreringar frå tidlegare. Før eksisterande data blir førte vidare i nye planar, blir dei kvalitetssikra, og nøkkelbiotopar som er øydelagde av hogst eller anna, blir erstatta av nye. På Vestlandet og nordover er det framleis store område som ikkje er dekte med skogbruksplanar med miljøregistreringar, og det er starta eit arbeid for å auke innsatsen i desse områda, både med tanke på omfang og regionale tilpassingar.

Med grunnlag i dette arbeidet tek skogeigarane særlege omsyn til miljøverdiane. Det er no sett til side eit samla areal med nøkkelbiotopar på omkring 800 000 dekar. Miljøinnsatsen frå det private skogbruket sikrar god miljødokumentasjon og gode miljøomsyn i næringsverksemda, og bidreg mellom anna til å auke omfanget av frivillig vern.

Landbruket sine genressursar

Genmangfaldet innanfor landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda. Genmangfaldet gir grunnlag for at husdyr, matplanter og skogstre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold, sjukdommar og nye krav til sluttprodukta. FNs berekraftsmål 2.5 forpliktar Noreg til å sikre berekraftig bruk og bevaring av husdyrrasar og plantesortar som eit tiltak for å utrydde svolt.

Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg er 20 i kategorien Kritisk truga i 2015. Fire storferasar og tre hesterasar er mellom desse. Ytterlegare ni rasar blir rekna som Truga. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. I 2016 blei det registrert ein auke i talet på dyr for alle dei nasjonale kurasane. Vestlandsk raudkolle er den einaste som har hatt ein nedgang. Også innanfor dei store avlspopulasjonane er det viktig at det er ein berekraftig populasjonsstorleik. Det er særleg innanfor norsk kvit sau, spælsau og norsk sjeviot at populasjonen er noko låg.

I 2016 var det i alt 11 bevarings- og tradisjonssortar på den norske sortslista. Det er òg oppretta bruksgenbankar for gamle sortar innan korn og potet, der interesserte bønder kan få materiell for utprøving. Nasjonalt er det etablert 22 klonsamlingar for grønsaker, poteter, urter, frukt, bær, staudar og roser. Noreg samarbeider med dei andre nordiske landa om nordisk genbank for frø som ligg til Nordisk genressurssenter (NordGen) under Nordisk ministerråd.

I upløgde og permanente enger har viktige engvekstar fått utvikle seg over lang tid og tilpassa seg til klima og andre vekstvilkår. Dette har resultert i stor genetisk variasjon i viktige eigenskapar. I 2015 var det i alt 584 slike in situ bevaringslokalitetar med genressursar i kulturlandskap som blir haldne ved like etter skjøtselsplan og avtalar. 545 av engene inngår i Handlingsplan for slåttemark hos Miljødirektoratet. Dei andre er stort sett resultat av initiativ i fylke der ymse støtteordningar bidreg til at tradisjonell skjøtsel og drift held fram.

Innanfor skogbruket er gran det treslaget som er best karakterisert genetisk. Per 31.12.2015 var 3 176 individ utprøvd i skogplanteforedlinga på gran. Desse dannar grunnlaget for eit utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040. For å bevare genetiske ressursar in-situ, er det oppretta genressursreservat for skog i nokre verneområde. Desse bidreg til å sikre den potensielle tilgangen til genetisk materiale frå ulike klima og veksestadar. Det er oppretta 23 genressursreservat for skog, som omfattar 10 ulike treslag (under dette alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran).

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar, og er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. Ved slutten av 2016 har i alt 72 institusjonar til saman deponert meir enn 900 000 frøprøver i kvelvet. Meir enn ein tredel av alt mangfaldet av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv.

God agronomi

God agronomi vil kunne bidra til auke husdyrproduksjon og avling, og kan òg gi betre kvalitet i produksjonen. For å nå måla regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat er det nødvendig med auka kunnskap knytt til betre agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn hos den enkelte bonden og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon. Denne kunnskapen vil òg kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen frå den veksande befolkninga. Kompetanseauken på desse områda blir kombinert med auka kunnskap om korleis klimagassutslepp som følgje av matproduksjon, kan haldast så låge som mogleg.

Forsking på matområdet har hatt høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som kjem fram i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd viser at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på det same høge nivået dei siste åra. Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar. Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon og fram til forbrukar. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar, med auka fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar, vil krevje ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansierte gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse.

Innanfor området agronomi blei det lagt vekt på utfordringane norsk jordbruk står framfor knytt til forventningane om auka matproduksjon, vidareføring av norsk sjølvbergingsgrad og landbruk i heile landet. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har leia det tverrvitskaplege forskingsprosjektet AGROPRO – Agronomi for auka matproduksjon, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet har undersøkt agronomiens betyding for auka matproduksjon i Noreg. Døme på tema representert i prosjektet er betre jordstruktur (jordpakking), miljøeffektar av lystgassutslepp frå ulike driftssystem og betydinga av fysiske og kjemiske forhold i jorda for næringsopptaket til planter.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar

Jordbruket sitt utslepp av klimagassar var i 2015 på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,3 pst. av dei samla norske utsleppa. Utsleppet frå jordbruket er redusert med 5,3 pst. frå 1990 til 2015. Samstundes var det ein auke i dei nasjonale utsleppa samla sett. All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO2. Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa som blir kreditert jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen, kjem av metan frå naturlege prosessar hos husdyr som storfe og sau og lystgass frå husdyrgjødsel. Færre storfe grunna auka produktivitet i mjølkeproduksjonen og redusert bruk av gjødsel, er hovudårsakene til nedgangen i utslepp frå jordbruket. Det er stor uvisse knytt til utsleppstala for jordbruket. Ifølgje Miljødirektoratet er uvissa for berekna utslepp av metan og lystgass på høvesvis 14 og 59 pst. Det er behov for auka kunnskap om jordbruket sine moglegheiter til å redusere klimagassutsleppa, om potensialet til lagring av karbon i jord, og korleis tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig at ein i det vidare arbeidet vektlegg at produksjon av mat skal skje med lågast moglege klimagassutslepp per produsert eining.

Karbonlagring i skog og jord

I 2015 stod norske skogar for eit nettoopptak på 29 mill. tonn CO2. Når anna areal utanom skog blir teke med, blir nettoopptaket 24,3 mill. tonn, noko som svarar til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst og naturleg avgang. Sidan tømmerhogsten i Noreg har vore på eit temmeleg stabilt nivå rundt 10 mill. kubikkmeter årleg, har omfanget av forynging av skog mykje å seie for skogen sin tilvekst og karbonopptak. Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra. Den positive utviklinga har halde fram i 2016. Mykje av auken kjem av at hogsten var høg både i 2015 og 2016. I 2016 blei det planta om lag 34 mill. skogplanter, 8 pst. fleire enn i 2015. Noko av auken kan komme av at det i 2016, blei innført eit målretta tilskott til tettare planting for å betre produksjonen og dermed CO2-opptaket i skogen.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Tre som bygningsmateriale har klare miljømessige fortrinn, og Noreg har store unytta skogressursar. Bruk av tre legg grunnlaget for lokal og regional næring.

Tresatsinga til regjeringa har dei siste åra blitt forvalta av Innovasjon Noreg gjennom Trebasert innovasjonsprogram. Målet har vore auka bruk av tre og styrkt konkurransekraft i næringa. Programmet har gjennom fleire år hatt høg aktivitet og gjennom mobilisering og finansiell stønad bidrege til realisering av alt frå arkitektoniske konsept til byggprodukt og konstruksjonsmetodar. Programmet har bidrege til å utvikle det moderne trebyggjeriet slik at tre blir vurdert som eit aktuelt materiale av arkitektar, utbyggjarar, folk som utviklar eigedommar og entreprenørar. Frå budsjettåret 2017 blir midlane til Trebasert innovajonsprogram løyvd frå Nærings- og fiskeridepartementet som ein del av satsinga på bioøkonomi. Landbruks- og matdepartementet har framleis ein fagleg dialog med Innovasjon Noreg om programmet.

Produksjon og bruk av bioenergi

Landbrukssektoren er leverandør av råstoff til bioenergi til andre sektorar og til intern bruk i næringa. Landbruks- og matdepartementet bidreg til auka produksjon og bruk av bioenergi, og dei seinare åra er det opna for å kombinere bioenergi med solvarme. Frå 2018 får Bioenergiprogrammet namnet Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Programmet gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg og anlegg for sal av biovarme og kombinerte anlegg for bio- og solenergi; både kraft og varme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Breidda i programmet vil framover gjere det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi. I 2016 blei det gitt støtte til 132 prosjekt over programmet, noko færre enn i 2015. I programmet si levetid er det i alt etablert over 1 615 gardsvarmeanlegg, 33 anlegg i veksthus og 199 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 384 GWh.

Utvikling av småskala biogassanlegg for gardsbruk har òg vore eit prioritert område innanfor programmet. Denne satsinga blir koordinert med regjeringa sin biogasstrategi som ligg under Klima- og miljødepartementets ansvarsområde. I ein tidleg fase vil det bli etablert pilotanlegg for kombinert handsaming av husdyrgjødsel og anna biologisk avfall. Eit anna utviklingsområde for programmet er produksjon av biokull som sideprodukt til bioenergi. Dersom dette blir vellukka vil det kunne gi ein klimavinst for jordbruket.

8 Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matdepartementet har samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal vere organisert slik at ho har god gjennomføringskraft, løyser sentrale oppgåver effektivt med god kvalitet og legg til rette for auka verdiskaping i næringslivet.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er fordelt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Departementet har fire underliggjande verksemder. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, mens forskingsinstitutta Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er organiserte som forvaltningsorgan med særskild fullmakt, jf. nærare omtale under kat. 15.10, 15.20 og 15.30. Sjå òg omtale av utviklinga av støtteordningar, reguleringar og forvaltningsorgan under overskrifta Fornye, forenkle og forbetre i del 4.

I tillegg til departementet sine underliggjande verksemder har både fylkesmannsembeta, fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og kommunane sentrale roller og oppgåver i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken regionalt og lokalt.

Fylkesmannen er statleg styresmakt på landbruks- og matområdet regionalt, og har ansvar for å følgje opp nasjonale vedtak, mål og retningsliner innanfor landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannen er eit viktig bindeledd mellom staten og kommunane i gjennomføringa av den nasjonale landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for arbeidet til embeta på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har som regional nærings- og samfunnsutviklar ansvar for oppgåver innanfor verdiskaping, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og skal bidra til gode koplingar mellom landbruk og det regionale plan- og utviklingsarbeidet.

Innovasjon Noreg forvaltar midlar til investering og bedriftsutvikling og anna programstøtte til både tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar. Innovasjon Noreg er organisert som eit særlovsselskap, og er eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører tenester for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gitt i det årlege oppdragsbrevet frå departementet.

Kommunane er førsteline for forvaltninga av dei fleste økonomiske og juridiske verkemidla i landbruket, og er saksførebuande organ for Innovasjon Noreg på landbruks- og matområdet. Oppgåvene blir finansierte gjennom inntektssystemet for kommunane.

Ei enkel og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet

Regjeringa vil oppnå ein mest mogleg effektiv bruk av ressursane i samfunnet. I forvaltningsarbeidet er det viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir utvikla på ein slik måte at dei er enkle å bruke for næringsdrivande, forvaltninga og samfunnet elles.

Ei mindre, reorganisert og betre styrt landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga er representert over heile landet og i alle fylke. Tabell 8.1 viser at det samla talet på årsverk i den delen av den statlege landbruks- og matforvaltninga som får heile inntekta si frå statlege løyvingar har blitt redusert med om lag 5 pst. (100 årsverk) i perioden 2013–2017. Av desse har Mattilsynet stått for ein reduksjon på 72 årsverk. Tek ein omsyn til at det regionale nivået i reindriftsforvaltninga blei flytta frå Landbruksdirektoratet (den gong Statens reindriftsforvaltning) til fylkesmannsembeta i 2014, har det òg blitt ein reell reduksjon hos Fylkesmannen. Veterinærinstituttet og NIBIO er ikkje tekne med i årsverkoversikta. Desse verksemdene hentar delar av inntekta si frå oppdrag i marknaden, og er difor ikkje direkte samanliknbare, jf. òg omtale av institutta under kap. 1137, post 51.

I denne stortingsperioden har regjeringa forenkla sjølve organisasjonsstrukturen i landbruksforvaltninga ved å redusere talet på verksemder under Landbruks- og matdepartementet frå sju til fire. Talet på nivå og regionar i Mattilsynet er òg redusert, jf. omtale i del 4.

Tabell 8.1 Årsverk i den statlege landbruks- og matforvaltninga

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Endring i pst. 2012–2017

Landbruks- og matdepartementet

148

144

148

145

138

139

-6,1

Mattilsynet

1 328

1 329

1 319

1 281

1 257

1255

-5,5

Landbruksdirektoratet 1

243

243

217

218

214

216

-11,1

Fylkesmannen1

326

322

346

343

332

328

0,6

Sum

2 045

2 038

2 030

1 987

1 941

1 938

-5,2

1 Det regionale nivået i reindriftsforvaltninga blei 1.1.2014 flytta frå Statens reindriftsforvaltning (SRF) til fylkesmannsembeta. I tabellen gir det ein reduksjon hos Landbruksdirektoratet og ein auke på 32 årsverk hos Fylkesmannen i 2014.

Kjelde: Årsrapporter for Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og Fylkesmannen. I tillegg er data særskild innhenta frå Fylkesmannen om talet på årsverk knytt til det regionale nivået i reindriftsforvaltninga.

Meir effektiv drift og betre utnytting av ressursane ligg til grunn for styringa av dei fire forvaltningsorgana under Landbruks- og matdepartementet. Departementet har delegert mykje av gjennomføringa av politikk til underliggjande verksemder. For å oppnå ei mest mogleg effektiv styring og leiing av dei underliggjande verksemdene er departementet oppteke av å gi klare mål og tydelege prioriteringar i styringsdialogen samstundes som verksemdene skal ha nok fridom til å utøve oppgåvene sine.

Departementet har utarbeidd mål for sektoren som blir lagt til grunn for styringa av dei underliggjande verksemdene. Desse måla er reviderte i tråd med Stortinget si handsaming av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon og Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter. Resultatindikatorane som departementet har identifisert og teke i bruk gir verdifull informasjon om resultatoppnåinga i sektoren, men må oftast supplerast med kvalitative analysar. Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet og Veterinærinstituttet fastsett nye mål og resultatindikatorar for Veterinærinstituttet frå 2018. Desse tydeleggjer Veterinærinstituttets oppgåver og samfunnsoppdrag, og bidreg til meir strategisk og overordna styring av verksemda.

Digitalisering er viktig i moderniseringa

Digitalisering av offentlege tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å modernisere, forenkle og forbetre forvaltninga. Verksemdene i landbruks- og matforvaltninga skal tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Digitale tenester bidreg til å gi ein enklare kvardag for innbyggjarar og næringsdrivande, samstundes som dei legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene meir effektivt. Digitale tenester skal bidra til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet i offentlege tenester, demokratisk deltaking og inkludering. Verksemdene skal arbeide for at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen for kontakt med forvaltninga.

Mattilsynet

Mattilsynet har som mål at digitale løysningar skal støtte arbeidsprosessane og bidra til raskare og betre oppgåveløysing. Mattilsynet vil at privatpersoner og verksemder primært skal kommunisere digitalt med tilsynet.

Tilsynssystemet (MATS) står sentralt i arbeidet til verksemda. Systemet skal leggje til rette for at brukarar får løyst oppgåvene sine i systemet på enklast mogleg vis. Det er difor lagt ned mykje arbeid i å identifisere og eliminere ulike tidstjuvar for å gjere systemet meir brukarvennleg og effektivt.

Mattilsynet har gjennom 2016 halde fram med vidareutviklinga av MATS. Mellom anna med omsyn til utferding av eksportdokument, rapportering frå ulike delar av næringa og vidareutvikling av register. I tillegg har Mattilsynet teke i bruk ei ny mobil løysing for smilefjestilsyn på serveringsstader. Dette fører til at verksemda får respons direkte, og resultata blir automatisk publiserte på matportalen.no.

NIBIO

NIBIO utviklar IKT-løysingar som forenklar, fornyar og forbetrar arbeidsprosessar mellom offentlege og private aktørar i jordbruk, skogbruk og reindrift. Gjennom NIBIOs Gardskart på internett har landbruksforvaltninga på kommunalt og regionalt nivå fått ein forenkla tilgang til informasjon knytt til arealressursar og arealtal gjennom kart og statistikk. Talet på brukarar har auka kvart år, og tenesta hadde 2,2 millionar oppslag i 2016.

Landbruksdirektoratet

Eitt av måla til Landbruksdirektoratet er å tilby elektroniske tenester som er enkle og effektive for brukarane, og som skal gi mest mogleg effektiv og korrekt forvaltning. I tillegg er det viktig med høg informasjonstryggleik og data av god kvalitet.

Dei største forvaltningsområda til direktoratet er i all hovudsak digitalisert. Direktoratet er for fleire område i gang med å etablere andre generasjon webløysingar.

Landbruksdirektoratet har i 2016 drive eit omfattande IKT-utviklingsarbeid. Ny naturskadeerstatningslov tok til å gjelde frå 1.1.2017, og samstundes blei ei ny IKT-løysing teken i bruk. Ei ny IKT-løysing for produksjonstilskott var på plass våren 2017.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet har tidligare etablert elektronisk prøveinnsending for prøver frå fisk. Systemet har blitt utvida i 2017, slik at det no òg omfattar landdyrprøver. Løysinga mogleggjer mellom anna sporing av prøver, prøvesvar og interaktive kart.

Veterinærinstituttets system for å leggje prøvesvar direkte på web, blei vesentleg utvida i 2016. Saman med andre effektiviseringstiltak knytte til rutinar for svar, fører dette til at færre prøvesvar blir sendt med post.

Ei brukarvennleg forvaltning kommuniserer med omverda

For at forvaltninga skal komme brukarane til nytte, arbeider Landbruks- og matdepartementet for offentleg merksemd om landbruks- og matpolitiske spørsmål og problemstillingar. Ny kunnskap og informasjon på aktuelle saksområde skal raskt gjerast lett tilgjengeleg, mellom anna på nettsidene til departementet og i eit tett samarbeid med dei underliggjande verksemdene til departementet. Departementet er aktivt på og arbeider kontinuerleg for å vidareutvikle ulike kanalar for kommunikasjon, mellom anna på nettsida www.regjeringen.no/lmd. Kvar dag får nær 6 000 abonnentar på departementet si nyhendeteneste informasjon frå fag- og politikkområdet. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skaper interesse, har høg truverde og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken. Saker på høyring og offentleg postjournal blir presenterte på nettsida til departementet. Dette gir allmenta høve til å få informasjon og kunnskap om det arbeidet som skjer i departementet.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og matsikkerheit, sjå omtale under kat. 15.10 og kap. 1115.

Landbruks- og matdepartementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og på å gi bistand til andre departement i sektorovergripande kriser. Viktige element i departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur og å redusere sjansane for at uønskte hendingar inntreff. Departementet og underliggjande verksemder skal i størst mogleg grad kunne drive verksemda vidare, uavhengig av om eventuelle uønskte hendingar og kriser skulle inntreffe. Departementet er oppteke av at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i departementet sitt planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder.

Departementet legg vekt på høg leiarmerksemd i styringa av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ein overordna analyse av risiko- og sårbarheit inngår i departementet sitt arbeid med tryggleik og beredskap. I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav til områda i tildelingsbrev og i verksemdsinstruksane, og i den ordinære styringsdialogen.

Departementet øver regelmessig innanfor eige ansvarsområde, og deltek òg i tverrsektorielle øvingar. I 2016 gjennomførte/deltok departementet i åtte øvingar.

Mattilsynet gjennomførte i 2016 inga nasjonale øvingar. Regionane har på si side arrangert seks beredskapsøvingar der Mattilsynets hovudkontor er blitt trekt med for å auke læringa frå øvinga mest mogleg. Mattilsynet har òg arbeidd med opplæring innan beredskap i samarbeid med andre, og saman med Strålevernet arrangerte dei seminaret En jobb å gjøre – kommunikasjon ved atomhendelser. Mattilsynet har òg kjøpt det nettbaserte programverktøyet Crises Information Management (CIM) som skal sikre betre loggføring, kommunikasjonsflyt og situasjonsforståing i alle ledd.

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Dette omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, natur- og avlingsskadar. Beredskapsplanverket skal sørgje for at Landbruksdirektoratet er i stand til å halde oppe funksjonane sine i ein krisesituasjon. Verksemda nyttar i stor grad IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området. Direktoratet gjennomførte i 2016 ei øving om matsikkerheit og ei øving i kriseadministrasjon.

9 Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla i landbruks- og matpolitikken blir nådde

Forsking og forskingsbasert innovasjon er viktig for å nå hovudmåla i norsk landbruks- og matpolitikk – matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Regjeringa legg difor til rette for ein kontinuerleg høg kunnskapsproduksjon. I denne rapporteringa vil innsats og resultat på utvalde område bli omtalt innanfor dei tre delmåla for landbruks- og matforskinga:

  • Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

  • Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

  • Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Løyvingane til forsking og innovasjon skal bli brukt mest mogleg målretta for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken.

Gjennom løyvingar til forsking og innovasjon har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar – og bidrege til å leggje grunnlaget for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa.

Nok og trygg mat

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Mange prosjekt på område som dyrehelse, dyrevelferd og antibiotikaresistens er ein god basis for å halde ved like Noreg sin gode posisjon når det gjeld matryggleik. For å sikre at maten som kjem fram til forbrukar er trygg, er det avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt. Det er mange gode prosjekt innanfor planteproduksjon, husdyrhald og næringsmiddelindustri som er med på å sikre nok og trygg mat.

Løyvingar frå departementet finansierer store nasjonale forskarprosjekt, innovasjonsprosjekt i næringslivet og norsk deltaking i europeiske forskarnettverk. Mellom anna skal det undersøkast korleis moglegheiter og utfordringar knytt til forbetra agronomisk praksis kan bidra til auka og berekraftig matproduksjon i Noreg. Det blir òg forska på integrert plantevern, og i 2016 starta eit stort prosjekt for å skaffe forskingsbasert kunnskap om berekraftige, lukka produksjonssystem for grønsaker i veksthus. Midlar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen blir òg nytta til forsking innanfor både matsikkerheit og mattryggleik.

Boks 9.1

NOFIMA har bidrege til eit prosjekt leia av Norsk Matbygg SA for å auke bruken av bygg til mat i Noreg, og på same tid bidra positivt til berekraftig utvikling av nasjonal folkehelse. Fram til i dag har nær all bygg dyrka i Noreg blitt brukt til dyrefôr. Byggsortar som er robuste, resistente mot sjukdom, har god matkvalitet og høgt innhald av betaglukan er foredla fram. Betaglukan er dokumentert å ha gunstig påverknad på kolesterol, blodsukker og førekomsten av hjarte- og karsjukdommar. Det er spesiallaga ei mølle som produserer ulike fraksjonar av mjøl, og kornet blir no dyrka av over 50 produsentar i Østfold og Akershus. Bygget er lansert under namnet Gullbygg, og det er framstilt over 10 ulike produkt i Gullbyggserien. Produkta er no å få kjøpt over heile landet.

Forskarprosjektet iProsess, leia av SINTEF Fiskeri og havbruk, skal utvikle nye konsept og metodar for berekraftig verdiskaping i matproduksjon, både for marin- og landbaserte matprodukt. Sentralt står utvikling av prosessinnovasjonar, konsept og forretningsmodellar for betre utnytting av råstoff og reststoff for å auke lønsemda og redusere avfallsmengda. Innanfor husdyrproduksjon og dyrehelse står prosjektet FeedMileage ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) sentralt. Målet er å gjere husdyra meir robuste, slik at dei i større grad kan nyttiggjere seg lokale fôrressursar, mellom anna gjennom avl for auka fôreffektivitet. Innanfor temaet antibiotikaresistens, velferd hos svin og arbeid for å optimalisere velferd og produksjon av kylling, blir det gjennomført forsking i samarbeid med europeiske nettverk.

Forsking innan dyre- og plantehelse kan ha stor innverknad på og grenseflater mot mattryggleik, og dette er område som bør bli sett i samanheng. Fleire prosjekt, finansiert gjennom Noregs forskingsråd, har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse. Dei siste åra er det utvikla mykje ny kunnskap om plantesjukdommar, sortsutvikling og klimatilpassing, til dømes korleis vintertoleranse blir utvikla i plantane.

Boks 9.2

Ernæringsstyresmaktene vil at inntaket av tilsett sukker i matvarer skal reduserast. TINE har gjennomført eit prosjekt for å redusere sukkerinnhaldet i yoghurt. Yoghurt blir produsert ved styrt fermentering av mjølk ved bruk av mjølkesyrebakteriar, og har tradisjonelt blitt tilsett ein del sukker. Mjølkesyrebakteriar tek opp og spaltar ein viss del av laktosen (mjølkesukkeret) i mjølka til glukose og galaktose. Glukose og galaktose gir meir søtsmak enn laktose, og målet er å auke den delen av laktosen som blir spalta til glukose og galaktose ved å bruke utvalde bakteriestammar med høg laktaseaktivitet. TINE har søkt patent på metoden.

Auka verdiskaping

Forsking skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet ved å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av andre si forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Departementet har innretta forskingsmidlane slik at dei støttar opp under innovasjonsaktivitetar i næringane gjennom tydelege forskingsprioriteringar i verdikjeda og god dialog med aktørar som kan finansiere forskinga.

Mange av verdikjedene innanfor matområdet har liten tradisjon for eiga forsking. Ei årsak er strukturen i primærnæringane med mange mindre føretak og stor geografisk spreiing. Offentleg finansiering av forsking er difor svært viktig, og næringsretta forskingsinnsats innan landbruksnæringa blir finansiert gjennom mellom anna Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL).

Brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking har høg prioritet. Stor forskingsaktivitet er ein føresetnad for å halde oppe og styrkje konkurranseevna i skog- og næringsmiddelindustrien. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), tematisk innretta program som BIONÆR og store program som ENERGIX er viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Det er òg lagt vekt på å betre forskings- og innovasjonssamarbeidet mellom blå og grøn sektor. Nofima AS har ein viktig funksjon i arbeidet med å hente ut synergiar frå eit slikt samarbeid.

Boks 9.3

NIBIO har leia forskingsprosjektet AGROPRO – Agronomi for auka matproduksjon, finansiert av Noregs forskingsråd. Trass betre kornsortar har ikkje avlingane auka så mykje som venta. AGROPRO har vist at ein finn mykje av årsaka i jorda. Dårleg jordstruktur som følgje av jordpakking er ei viktig årsak. Mangel på vekstskifte er ei anna, og dette er vist å ha større verdi enn ein tidlegare har trudd. For kornproduksjon har graseng i omløpet vist seg å ha ei svært positiv verknad. Enkeltresultat viser over 30 pst. meiravling. Langvarige forsøk viser òg at kombinasjonen korn/gras gir betre jordstruktur med auka moldinnhald. Eng i omløpet bidreg òg til å redusere CO2-utslepp. Samstundes er vekstskifte det viktigaste preventive verkemiddelet mot fleire plantesjukdommar og nematoder.

Bruken av ressursar på forsking i næringsmiddelindustrien har auka dei siste åra. Mange nye innovasjonsprosjekt er sette i gang, og mykje av forskings- og utviklingsinnsatsen går til å betre mattryggleiken gjennom auka kompetanse og kunnskap, produktivitetsauke gjennom betre lagring, kvalitetsheving og betre produkt gjennom prosessoptimalisering og hygieniske tiltak. Betre utnytting av råstoff og utnytting av restråstoff er òg tema som blir undersøkt. Næringsmiddelindustrien har blitt involvert i fleire av prosjekta på matområdet. Samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa er såleis styrkt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som er komme fram av samarbeidet. Samarbeid og forskingsbasert innovasjon er viktig for å auke konkurransekrafta i næringsmiddelindustrien.

Boks 9.4

Tre er eit fornybart bygningsmateriale som bidreg til å binde karbon. I tillegg til at tre er miljøvennleg, skaper uttak og foredling av tømmeret frå norske skogar arbeidsplassar og gir verdiskaping i mange av landets kommunar. Noregs teknisk-naturvitenskapelige universitet er gjennom BIONÆR tildelt prosjektmidlar til prosjektet Tekniske løsninger for urbant trebyggeri. Forskarprosjektet skal løyse tekniske utfordringar knytt til å byggje moderne trebygg i 5–10 etasjar. Den gjeldande praksisen med bærande veggar eller støttebjelkar for å styrkje trebygningen sin stabilitet, blir sett på som eit hinder for å kunne utvide bruken av trekonstruksjonar i moderne bygg. Ved å utvikle betre samanføyingar i trekonstruksjonar vil det vere mogleg å konstruere rammeverk i tre som kan tillate større golvbreidde. Det opnar opp for bygningar med eit breiare sett av arkitektoniske løysingar. Prosjektet har klare mål om å utvikle konkurransedyktige system for trebygg i fleire etasjar. Samarbeidspartnarar er mellom anna Moelven Limtre AS, Sweco Norge AS, Eggen Arkitekter AS og Løvseth + Partner AS.

Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer opp overordna politiske føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd. Det blir arbeidd målretta med å etablere store tverrfaglege prosjekt som analyserer kva rolle skogen har i klimasamanheng. Dette arbeidet dekkjer heile livsløpet, frå etablering, skjøtsel og avverking, til livsløpsanalysar innanfor verdikjeda tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. Det er eit komplekst samspel mellom primærproduksjon, hausting og bruken av trebaserte produkt i samfunnet. Dette gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning heilt nødvendig. Ei utfordring for forskinga er å bidra med kunnskap til arbeidet med å balansere auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkasting i skogbruket, og omsyn til miljø og biologisk mangfald.

Berekraftig landbruk

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon mellom anna av omsyn til norske forbrukarar og beredskap. Samstundes er omsynet til miljø og klima viktig. For å nå dette målet er det avgjerande at dei ressursane vi rår over blir utnytta på best mogleg måte. Avlsarbeid for størst mogleg produksjon av friske og sunne dyr og sortutvikling som sikrar eit plantemateriale tilpassa klimaforholda, vil vere viktig i denne samanhengen. Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet finansierer fleire prosjekt på dette området, og fleire av prosjekta har brei medverknad frå brukarar. Norsk avlsarbeid er leiande internasjonalt, og kan by på store moglegheiter for samarbeid innanfor forsking og næring. Det er til dømes sett på modellar for avlsframgang og utvikla ein ny metodikk for å inkludere nye eigenskapar i avlsmåla. Avlsorganisasjonane innanfor alle husdyrartar deltok i prosjektet. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, som kunnskap knytt til betre agronomi, vil få endå større plass i tida framover.

Boks 9.5

Etter initiativ frå Finnmark Rein AS har NIBIO, Veterinærinstituttet, Nofima, NINA og UiT gjennomført eit prosjekt for å utforme velferdsindikatorar som reindriftsutøvarane sjølve kan bruke til eigenkontroll og dokumentasjon av god drift i reinflokken gjennom året. Velferdsindikatorane er eit utval enkle, målbare faktorar eller tilstandar ved dyret og/eller drifta. Det er utarbeidd eit skjema med spørsmål som omfattar dei føreslåtte velferdsindikatorane. Spørsmåla omhandlar beitekvalitet, tilsynsfrekvens, flokkstruktur, kalvingsprosent, tap, parasittbehandling, fôring/vatning, individkontroll, beredskapsplaner, handtering av dyra i gjerde, utforming av gjerde og lasteramper, lasting av dyr, transportforhold og slaktedata.

Produksjon og bruk av fornybar energi er ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX, som er Noregs forskingsråd sitt store program innanfor miljøvennleg energi. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Innanfor bioenergiforskinga har områda miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall vore sentrale område for departementet.

Næringslivet si deltaking i forskingsprosjekt på departementet sitt område

Landbruks- og matforskinga skal bidra til å stimulere forskingsinnsatsen i næringslivet og til at næringslivet i større grad nyttiggjer seg av forskingsbasert kunnskap. Midlane til forsking frå Landbruks- og matdepartementet går i stor grad til næringsretta prosjekt med krav til medverknad frå næringa. Ein stor del av prosjekta krev òg medfinansiering frå næringslivet. Krav om medverknad frå næringa bidreg til meir relevant og løysingsorientert forsking når det gjeld problemstillingar i landbruks- og matnæringa.

Forskingsrådet sitt program Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) var ei tiårig satsing som blei avslutta i 2016. VRI-programmet var retta mot meir forsking i næringslivet, og skulle stimulere til auka samarbeid med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar. Målet var å styrkje læring, innovasjon og verdiskaping i føretak med liten FoU-erfaring. Auka merksemd på erfarings- og kunnskapsutveksling mellom regionalt og nasjonalt nivå har ført til ein tett samarbeidsstruktur mellom dei regionale representantane og dei sentrale næringsretta programma i Forskingsrådet. Programmet blei i 2017 avløyst av Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION), som har som mål å auke verdiskapinga, konkurransekrafta og omstillingsevna i heile landet.

SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning, og har ingen direkte løyvingar frå departementa. Ordninga er likevel eit viktig verkemiddel for innovasjon og verdiskaping i næringslivet. Aktiviteten ligg på eit høgt nivå, særskild på områda jordbruk og mat, og har auka dei siste åra. Aktiviteten indikerer at dette er eit treffande verkemiddel for innovasjon i landbruks- og matsektoren.

Internasjonal forskingsaktivitet

Dei norske forskingsinstitutta har eit stort internasjonalt engasjement. Norsk landbruks- og matforsking er mellom anna godt representert i internasjonalt samarbeid gjennom ulike European Research Area-nett (ERA-NET) og fellesprogram (JPI, Joint Programming Initiatives).

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, har opna for auka deltaking frå norske landbruks- og matforskingsmiljø. Mellom anna er spørsmål knytt til matsikkerheit og klima særdeles aktuelle forskingsområde i Horisont 2020. Internasjonalt forskingssamarbeid på desse områda er viktig for å løyse globale utfordringar, for å heve kvaliteten og fornye norsk forsking og for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Samarbeid er i tillegg nødvendig for at Noreg skal kunne ta sin del av ansvaret for den internasjonale kunnskapsoppbygginga på sentrale område. Det er viktig å leggje til rette for best mogleg utnytting av samarbeidet.

Horisont 2020 har ei sterk kopling mot dei ulike fellesprogramma (JPI, Joint Programming Initiatives). På landbruks- og matområdet er det sett i gang to JPI’ar. Av desse er éin knytt til landbruk, matsikkerheit og klimaforandringar (JPI-FACCE, Agriculture, Food security and Climate change), og éin til området mat og helse (JPI – A healthy diet for a healthy life). Det internasjonale samarbeidet gjennom JPI FACCE og ANIHWA (Animal Health and Welfare) har trygg og nok mat, dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens, som sentrale tema.

Norske forskarar hevdar seg godt i konkurransen med andre land, og har så langt komme med i kvart tredje prosjekt som er finansiert innanfor landbruk, mat og grøn bioøkonomi i Horisont 2020.

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Som grunnlag for innovasjon og utvikling er det viktig å få ei god spreiing av relevant kunnskap frå universitet og institutt. For å få dette til må det leggjast til rette for at fleire aktørar saman kan bidra i formulering av kunnskapsbehov og finansiering.

Effektiv kommunikasjon og formidling av forskingsbasert kunnskap på landbruks- og matområdet er ei viktig oppgåve for institutta. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Bygdeforsking, og Veterinærinstituttet (VI) publiserer og formidlar mykje av forskinga si òg utanfor dei vitskaplege kanalane.

Det samla talet på publikasjonspoeng per forskarårsverk auka frå 2014 til 2015 for alle tre institutta, men noko av årsaka til auken kan ha å gjere med ny berekningsmodell. Frå 2015 til 2016 var det mindre endringar i denne indikatoren, og alle tre institutta ligg på et tilfredsstillande nivå på denne indikatoren. Den populærvitskaplege formidlinga var stor for alle institutta òg i 2016, med mange aviskronikkar, intervju og foredrag. Det er høgt fagleg nivå hos forskarane, og delen av tilsette med doktorgrad per forskarårsverk auka frå 2014 til 2015 og har halde seg stabil eller gjekk noko ned frå 2015 til 2016. Framleis scorar dei landbruksfaglege forskingsinstitutta høgare på denne indikatoren enn instituttsektoren sett under eitt.

Institutta har ein høg del forskarar med doktorgradsutdanning, og i 2015 og 2016 blei det til saman avlagt 24 doktorgrader ved institutta. Doktorgradsutdanning er viktig for rekrutteringa til institutta, men òg for næringsliv og forvaltning som har behov for høg kompetanse på viktige fagområde.

Søking til yrkesfag og høgare utdanning i landbruks- og matfaga

God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre eit sterkt landbruk og ein sterk matindustri.

Søkjartalet til yrkesfag i naturbruk i vidaregåande skolar er låg, men har hatt ein klar auke dei siste par åra. Dei fylkeskommunale skolane hadde ein auke på 15 pst. frå 2015 til 2016 på naturbruk vg1. Søkjartala for 2017 viser ein ytterlegare auke på 11 pst. Dette var den høgaste prosentvise auken av alle programfaga i vidaregåande skole i år. Den positive tendensen gjeld òg dei private skolane.

Både styresmaktene og industrien sjølv er tydelege på at rekruttering til matfagleg utdanning til industrien er ei utfordring. Det er for få søkjarar som etter vg1 restaurant- og matfag går vidare til vg2 matfag som skal gi fagarbeidarar som matindustrien treng. Dei fleste innan restaurant- og matfag søkjer vidare på vg2 kokk og servitør.

Søkjartala til universitets- og høgskolestudiar i produksjonsretta landbruksfag viser òg i 2017 ein auke frå året før. Både Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) opplevde ein auke i talet på førstevalssøkjarar. Samla var auken på 14 pst. frå 2016 for dei tre institusjonane, mens faget husdyrvitskap ved NMBU utmerka seg med en auke på 60 pst. Like fullt er det framleis behov for auka rekruttering til fleire av landbruksstudia.

Overgangen til eit grønt samfunn med ein effektiv bioøkonomi fordrar eit breitt spekter av fagkompetanse, både innanfor og utanfor det som kan definerast som biobaserte fag. For at landbrukssektoren skal vere ein del av løysinga på klimautfordringane er det difor òg nødvendig å sikre kompetanse innanfor andre relevante fag. Talet på førstegangssøkjarar til matvitskap, biologi, bioteknologi, fornybar energi og økologi og naturforvaltning auka med til saman 11 pst. frå 2016.

Søking til etter- og vidareutdanning

Rapportane frå fylkeskommunane på bruken av midlar over jordbruksavtalen til rekruttering, likestilling og kompetanse viser at desse midlane utløyser stor aktivitet i etter- og vidareutdanning som gir kompetanse dei næringsdrivande i landbruket treng. Etterspørselen er særleg knytt til praktisk retta kompetansetiltak for dei som er på veg inn i landbruksnæringa.

Rekruttering til næringsliv og forsking

Rekruttering, både til næringa og til forskingsmiljøa, representerer ei stor utfordring for å sikre forskingskvaliteten i framtida. For å oppnå auka rekruttering må det stimulerast til auka samarbeid både internt i sektoren og på tvers av sektorane. Studenttala innanfor dei tradisjonelle landbruksfaga har auka dei seinaste åra, noko som er viktig for å sikre rekruttering òg til forskarutdanning.

Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Ein økonomisk solid instituttsektor er ein viktig føresetnad for at ein når hovudmåla i landbruks- og matpolitikken. Dei tre landbruksfaglege forskingsinstitutta – NIBIO, Veterinærinstituttet og Norsk senter for bygdeforskning – omsette i 2016 for 1 134,1 mill. kroner og utførte 952 årsverk. Av desse var 476 forskarårsverk, og 396 hadde doktorgrad. Sjå òg kap. 1137, post 51.

Institutta må vere økonomisk solide

I 2016 hadde NIBIO, Bygdeforskning og Veterinærinstituttet driftsoverskott. Departementet følgjer nøye med på den økonomiske utviklinga for institutta. Dei tre institutta oppnådde gode resultat innan forsking og innovasjon i 2016.

Om lag ein tredjedel av driftsinntekta til dei tre institutta er knytt til forvaltningsoppgåver som blir finansiert av mellom anna Landbruks- og matdepartementet. Hovuddelen (om lag fire femdelar) av forvaltningsoppgåvene er kunnskapsutviklingsmidlar som departementet prioriterer direkte gjennom tildelingsbreva til institutta for å sikre kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling, statistikk, analyse, politisk avgjerdsstøtte og beredskap for landbruks- og matsektoren.

Basisløyvinga, som utgjer frå 6 til 19 pst. av driftsinntektene, blir tildelt frå Forskingsrådet, som både fastset og utbetalar basisløyving til institutta på primærnæringsarenaen. Forskingsrådet lyser òg ut midlar gjennom forskingsprogramma. Desse konkurrerer institutta om både når det gjeld kvalitet og relevans. NIBIO har høge inntekter frå internasjonale prosjekt, mens Bygdeforskning og Veterinærinstituttet har lågare del internasjonale inntekter. Det er eit klart mål å auke denne delen.

Institutta konkurrerer òg om oppdragsinntekter i marknaden. Dette utgjer om lag 20 pst. av driftsinntektene. Nivået på den nasjonale etterspørselen er ei hindring for å utvikle denne delen av aktiviteten, og institutta vurderer kontinuerleg moglegheitene for å etablere aktivitet innanfor nye marknader.

For å sikre institutta sin kompetanse, forskingskvalitet og økonomi, må publiseringa og talet på doktorgradar innanfor sektoren aukast framover.

Samspel nasjonalt og internasjonalt

Samspel med andre aktørar er nødvendig for fagleg utvikling, for å byggje nettverk og for å vere i stand til å hente og ta i bruk kunnskap som er utvikla internasjonalt. Difor er internasjonalisering av forskinga svært viktig for å byggje opp instituttsektoren. Både innanfor europeiske fellesprogram (JPI-ar og EJP-ar) og i europeisk program-til-program samarbeid (ERA-nett) i matsektoren blir det i aukande grad stilt krav om god nasjonal samordning og effektivt samspel med dei europeiske satsingane. Bilateralt samarbeid er viktig for å heve kvalitet og relevans på norsk utdanning og forsking. Dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta sin internasjonale innsats er òg omtalt over.

Forsking gjennom programaktivitet skal dekkje landbruks- og matområdet sitt bidrag til å sikre relevant forsking for sektoren. Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet. Dette er sentrale verkemiddel for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. Basisløyvingane til instituttsektoren og sentersatsingane er òg viktige reiskapar for å sikre forsking med høg kvalitet og relevans.

Forskingsrådet peikar på at fleire aktørar frå næringsliv og instituttsektor samarbeider godt innanfor denne type prosjekt. Viktige aktørar innanfor sektoren har godt gjennomslag på dei opne arenaene som ikkje har finansiering frå Landbruks- og matdepartementet. Nokre av dei største aktørane i næringslivet har i ein femårsperiode vore Borregaard AS, Norske Skogindustrier ASA, Nortura, Tine og GENO.

Dei tre forskingsinstitutta på Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde har mest samarbeid med NMBU og Nofima AS. Det er òg eit vesentleg samarbeid med mellom anna Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), SINTEF, Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Stavanger (UiS), Universitetet i Bergen (UiB), Universitetet i Tromsø (UiT), Høgskolen i Innlandet, Transportøkonomisk institutt (TØI), Norsk institutt for luftforsking (NILU), CICERO, Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Norsk regnesentral og Statens arbeidsmiljøinstitutt, som no er ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus.

10 Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

På landbruksområdet har Noreg slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og mykje regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere særskilde løysingar som er tilpassa dei naturgitte forholda (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet), og som trengst for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTA sine frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basis jordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Avtalen skal likevel skje til fordel for begge partar og innanfor rammene av partane sine respektive landbrukspolitikkar. Artikkel 19 har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer der ost og kjøtt er særleg viktige. Noreg og EU har tidlegare inngått to slike avtalar, og i april i år blei regjeringa og EU-kommisjonen samde om ein ny artikkel 19-avtale. Dette inneber auka kvoter for EU inn til den norske marknaden for mellom anna ost, kjøtt og blømande planter. For Noregs del inneheld avtalen auka eksportkvoter for kjøttvarer, mjølkeprodukt og blomar.

EFTA forhandlar med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia og Vietnam. I 2017 har EFTA starta forhandlingar med Mercosur, som er eit økonomisk fellesskap mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay. Handelsforhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer. Noreg har inngått 27 slike handelsavtalar, som omfattar i alt 38 land. I 2017 starta forhandlingane om ein handelsavtale mellom Noreg og Kina opp att.

Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel slår fast at bevaring og styrking av det multilaterale handelssystemet er Noregs primære handelspolitiske interesse. I WTO-forhandlingane har medlemslanda det siste året drøfta ulike tema som vil kunne stå på dagsordenen på ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av forpliktingar Noreg må overhalde når det gjeld importvern, omfang og innretning av landbruksstøtte og omfanget av eksportstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av landbruksstøtte. Forpliktingane inneber òg omfattande årleg rapportering til WTO. Noreg legg stor vekt på å ha eit ope handelssystem som synleggjer oppfølginga av handelsforpliktingane.

Importvernet er eit av fleire verkemiddel som påverkar konkurransesituasjonen for norske jordbruksprodukt. Meld. St. 29 (2014–2015) viser til at framtidige handelsforhandlingar framleis skal «vektlegge norsk landbruks bekyttelsesbehov». Vidare at «[d]efensive interesser på landbruksområdet avveies mot våre generelle handelspolitiske interesser og offensive interesser på andre områder.» Det blir òg vist til at regjeringa vil «arbeide for en friere handel med landbruksvarer for å bidra til global velferdsutvikling og matsikkerhet, samt av hensyn til norske forbrukere og mangfoldet i det norske matmarkedet.» På sikt vil endringane i landbrukspolitikken gi eit meir effektivt landbruk og styrkje konkurransekrafta for norske jordbruksprodukt. Styrkt konkurransekraft vil kunne gi moglegheit for å senke importvernet. Dette vil vere til fordel for forbrukarane ved at det blir lagt til rette for eit breiare produktutval i butikkane.

Matsikkerheit

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krav frå forbrukarane og for å fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å vareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er i følgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor, det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europa-politikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, sams prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelse-organisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som òg legg premissar for regelverket i EU.

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eit av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling dei neste 15 åra. Dei nye måla og tiltaka som følgjer av dei vil gjelde alle land. Innsatsen for å nå måla er ei krevjande oppgåve nasjonalt og internasjonalt.

Folketalet i verda vil auke til 9 milliardar menneske i 2050. Matproduksjonen må difor aukast med 70 pst. innan same tid. Dette er ei stor utfordring fordi vilkåra for jordbruksproduksjon blir endra som følge av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) arbeider med verdas matvareutfordringar. Mandatet til organisasjonen er breitt og femnar mellom anna matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, vatn, luft og genetiske ressursar.

Noreg er ein aktivt medlem i komiteen for matsikkerheit, CFS, og vektlegg arbeid med globale retningsliner og rammeverket for matsikkerheit.

Innsatsen for bevaring, berekraftig bruk og rettferdig godedeling av genetiske ressursar er viktig for departementet. Dette er følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk. Noreg er medlem av arbeidsgruppa som skal komme med framlegg for å betre funksjonen til den globale fordelingsmekanismen, som sikrar foredlarar, forskarar og bønder tilgang til viktige plantegen for mat og landbruk. Noreg er òg byråmedlem i Plantetraktaten på vegne av den europeiske regionen for perioden 2015–2017.

Internasjonalt samarbeid

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Frå 2015 til 2020 er det Slovakia som har formannskapen for prosessen. Noreg er ikkje lenger i styrande organ i samarbeidet, men deltek aktivt.

FNs skogforum UNFF er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. I 2017 blei det vedteke ein ny strategisk plan for arbeidet med skog i FN. Dette er eit viktig steg i arbeidet med å sikre ei heilskapleg tilnærming til skogforvaltning i FN.

FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) er ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjar kunnskap om rolla skogen har når det gjeld matsikkerheit. FAO leiar og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjert i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg støttar opp om arbeidet i European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) har heilt sidan Nidarosdeklarasjonen blei vedteken på ministermøtet i Trondheim i 2012, arbeidd for å følgje opp måla om samarbeid for berekraftig og konkurransedyktig produksjon innan sektorane. Den norske formannskapen i 2017 har vidareført arbeidet med dette temaet. Elles var antibiotikaresistens, jordbruk og klima og berekraftig skogbruk sentrale tema på ministermøtet i Ålesund i juni 2017. På møtet blei det understreka at det er viktig at dei nordiske landa vidarefører og styrkjer samarbeidet om antibiotikaresistens i internasjonale forum.

Til forsida