Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 4
Særskilde tema

11 Fornye, forenkle og forbetre

Regjeringa byggjer politikken sin på målet om mest mogleg effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. I denne stortingsperioden er det difor lagt vekt på å utvikle støtteordningar, reguleringar og forvaltningsorgan som er enklare, meir målretta og som bidreg til betre gjennomføringskraft i politikken for landbruks- og matsektoren. Under er forenklingar og forbetringar i jordbruksoppgjera, lovverket og landbruks- og matforvaltninga nærare omtalt.

Nokre av tiltaka er under planlegging, mens andre er i gjennomføringsfasen. Departementet arbeider vidare med forenkling av lovar, reglar og støtteordningar og realisering av gevinstane frå den fornya forvaltningsstrukturen.

Forenklingar og forbetringar under jordbruksavtalen

I jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 blei det semje om til saman 40 forenklingstiltak. Desse forenklingane er samansett av endringar av regelverk og støtteordningar og å oppheve avgrensingar som hindrar effektiv utnytting av kapasitet i næringa. Det er òg blitt lagt grunnlag for forenklingar under seinare jordbruksoppgjer, jf. kap. 1142 for omtale av det nye forvaltningssystemet for produksjons- og avløysartilskott som blir innført i 2017 med første utbetaling i februar 2018. Døme på andre forenklingar er:

Fjerning av strukturdifferensiering av arealtilskott. Arealtilskottet var fordelt trinnvis med størst sats for dei første dekara med minkande satsar. Dette er no fjerna slik at satsen er lik uavhengig av kor mange dekar bonden har, og at jordbruksarealet kvar enkelt driv vil vere kopla til driftsmessige forhold og ikkje til tilskott. Dette fører mellom anna til at det blir enklare å samarbeide mellom planteprodusentar, samstundes som det gir ein meir effektiv ressursbruk og lettar utbetaling og kontroll av tilskott.

Avvikling av samdriftsregelverket. Tidlegare regelverk innebar mellom anna krav om maksimalt 17 km mellom føretaka, og at maksimalt 5 føretak kunne drive saman i samdrift med ei mjølkekvote på opp til 750 000 liter. Regelverket er no avvikla, og staten legg seg ikkje opp i kva foretaksform bonden velgjer å organisere drifta si i.

Fjerning av skillet mellom vanleg sau og utegangersau. Tidlegare var det ulike tilskottssatsar, men dette er no fjerna. Kor skillet gjekk mellom dei ulike driftsformene, var relativt komplisert for både næringa og forvaltninga.

Forbetring av miljø- og klimasatsinga. Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ein meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2017 blei det semje om å styrkje fleire tiltak som skal bidra til å redusere utsleppa per produserte eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Jordbruksoppgjeret 2017 innebar ein vesentleg styrking av ordningar som skal bidra til reduserte klimagassutslepp for 2018. Mellom desse er tilskott til drenering, regionale miljøtilskott, tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg og midlar til forsking og kunnskapsutvikling. Sjølv om det ikkje er mogleg å kvantifisere effektane av tiltaka no, vil desse tiltaka ha ein positiv klimaeffekt, både på kort og lang sikt. Sjå òg omtale under programkategori 15.30.

Forenkling av lovar og reglar

Det blir arbeidd kontinuerleg med modernisering av reguleringa av sektoren. I denne perioden har mellom anna konsesjonsloven, jordloven, odelsloven og reindriftsloven blitt revidert:

Liberalisering av eigedomslovgivinga. Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 92 L (2016–2017) Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv.(konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.) ei rekkje endringar i eigedomslovgivinga i landbruket. Endringane omfattar mellom anna ei heving av arealgrensene for konsesjonsplikt, buplikt og odlingsjord. Stortinget vedtok òg å oppheve priskontrollen ved overtaking av reine skogeigedommar og ei endring i konsesjonsplikta ved overtaking av ubygde tomter. Endringane fører til forenklingar i regelverket og ei styrking av den private eigedomsretten. Dette inneber mindre ressursbruk for dei næringsdrivande og for forvaltninga. Departementet vil arbeide vidare med å greie ut konsekvensen av ei vidare liberalisering av konsesjonsplikta ut over dei lovmessige endringane som blei vedtekne for reine skogeigedommar, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 878 som er referert under programkategori 15.30.

Endringar av reindriftsloven. Regjeringa varslar i Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift Lang tradisjon – unike muligheter at formålsparagrafen i reindriftsloven blir endra slik at økologisk berekraft blir prioritert. Departementet planlegg gradvis innføring av obligatorisk individmerking av rein og legg opp til at reintalet for alle utøvarar blir offentleggjort internt i reindrifta i arbeidet med regelverket. Dette forenklar og effektiviserer teljingane for styresmaktene og for næringa, og legg til rette for betre dokumentasjon av reintal og tap. Den enkelte sine moglegheiter til å planleggje drifta si optimalt, aukar når den har kjennskap til andre sine reintal.

Forenkla forvaltningsstruktur

Regjeringa har forenkla organisasjonsstrukturen i landbruksforvaltninga ved å redusere talet på verksemder under LMD frå sju til fire. Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning blei til Landbruksdirektoratet i 2014, mens forskingsinstitutta Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap blei i 2015 til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Samanslåingane har på kort sikt ført til auka kostnader som mellom anna kjem av etablering av sams IKT-plattform, økonomi- og rekneskapssystem, rapporteringssystem og innkjøpsrutinar, mens dei over tid ventast å gi ei nytte for samfunnet som overgår desse kostnadene. Departementet vil arbeide vidare med å setje den attståande forenklinga ut i livet.

Vidare har talet på nivå og regioner i Mattilsynet blitt redusert. Gjennom omorganiseringane i Mattilsynet har talet på leiarstillingar blitt redusert med 30 pst. Talet på årsverk gjekk ned frå 1 304 til 1 255 frå 2013 til 2016; i den same perioden auka tilsynsproduksjonen målt i talet på rapporterte tilsyn med 31,7 pst.

12 Nasjonal oppfølging av berekraftsmål 2

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere den nasjonale oppfølginga av berekraftsmål 2 om å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk». Landbruk omfattar i denne samanhengen all matproduksjon, inkludert fiskeri og havbruk.

Regjeringas mål og bruk av verkemiddel i den nasjonale landbruks- og matpolitikken, helse- og sosialpolitikken og fiskeripolitikken oppfyller i stor grad berekraftsmål 2.

Regjeringa la våren 2017 fram ei ny melding til Stortinget om jordbruksnæringa. Meldinga set ambisiøse mål for jordbrukspolitikken om auka og meir effektiv matproduksjon. Norsk mat skal framleis vere trygg, og den høge standarden for dyrevelferd og dyrehelse skal haldast ved like. Regjeringa legg til grunn at dette skal bidra til å møte forbrukarane og marknaden sine krav til pris, kvalitet og mangfald.

Ernæringsstatusen til innbyggjarane i Noreg er god. Det er likevel utfordringar, primært knytt til ernæringsfattige diettar og mangel på fysisk aktivitet. Regjeringa lanserte nyleg ein ny kostholdshandlingsplan for perioden 2017 – 2021. I planen er det mellom anna tiltak for skolar, barnehagar og helsetenesta. Det offentlege og industrien samarbeider godt om tiltak for betre helse og ernæring.

Miljø- og klimautfordringar må stå sentralt for matsikkerheit i eit berekraftsperspektiv. Landbrukssektoren si evne til å tilpasse seg til klimaendringane i åra som kjem, vil vere avgjerande viktig for å nå delmål 2.4 om berekraftige matproduksjonssystem. Regjeringa har vedteke at Noreg skal redusere utslepp av klimagassar med 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990. Utsleppa frå landbrukssektoren er ein del av denne ambisjonen, og landbruket må bere sin del av utsleppskutta så langt det er mogleg. Matproduksjon er ikkje mogleg utan utslepp av klimagassar, og tiltak for å redusere utsleppa vil bli diskutert som del av dei årlege jordbruksforhandlingane. Regjeringa vil òg arbeide saman med industrien for å kutte utsleppa frå den landbruksbaserte næringsmiddelindustrien.

Betre ressursutnytting i heile verdikjeda er eit viktig mål for regjeringa, også reduksjon av matsvinn. Matsvinn blir følgt opp under berekraftsmål 12. Ein bransjeavtale om redusert matsvinn blei underteikna 23.6.2017 av fem departement og representantar for alle ledd i matverdikjeda. Avtalen er eit viktig nasjonalt tiltak for å redusere matsvinnet. Den inneber ei felles forplikting om å redusere matsvinnet med 50 pst. innan 2030.

Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 pst. av omsetnaden av såvarer i Noreg til Fondet for fordelsdeling under Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk, og bidreg òg til å ta vare på ville slektningar av kulturplanter. Noreg er part til konvensjonen om biologisk mangfald og Nagoya-protokollen som òg er ein del av den internasjonale ramma for arbeidet med genressursar. Noreg har òg ansvar for Svalbard globale frøhvelv som er eit viktig bidrag til global forvaltning av plantegenetisk mangfald. Noreg vil føre vidare ein aktiv politikk for bevaring og berekraftig bruk av genressursar innan vekster, husdyr og skogstre og samordne arbeidet for å ta vare på ville kulturplanter.

Internasjonal oppfølging

Internasjonalt blir berekraftsmål 2 følgt opp gjennom FAO og WHO sitt arbeid med matsikkerheit, mattryggleik, ernæring og helse. Noreg bidreg til utrydding av svolt og utvikling av landbruk, fiskeri og havbruk i u-land. Over bistandsbudsjettet støttar Noreg fattige i utviklingsland sine moglegheiter til auka inntekter og betre ernæring gjennom verdiskaping i jordbruk, skogbruk og fiskeri og gjennom styrkt forvaltning. Ressursane for matproduksjon må takast vare på. Retten til mat som ein menneskerett, og vektlegging av likestilling er grunnleggjande for norsk bistandspolitikk. Noreg arbeider gjennom WTO for meir rettferdige globale handelssystem for matvarer, irekna avvikling av eksportstøtte.

13 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å bidra til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. For ein omtale av regjeringas samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.

Mangfaldige skogar

I skogbruket står mellom anna arbeidet med skogbruksplanlegging, miljøregistrering i skog (MiS-prosjektet) og Landsskogtakseringa, i tillegg til FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald, sentralt. Årleg blir det produsert om lag 3 mill. kubikkmeter ny daud ved i dei norske skogane, mellom anna som følgje av at hogsten berre er rundt halvparten av tilveksten.

Samarbeid med miljøstyresmaktene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er to viktige tilnærmingar til å ta vare på naturmangfaldet i skogen.

Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2016 støtte til vidare arbeid med MiS-prosjektet, som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2016. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket og blir i hovudsak utførte saman med andre ressursregistreringar som høyrer med i skogbruksplanane for skogeigedommane.

I 2016 blei det utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 5,2 mill. dekar skog. Med grunnlag i skogbruksplanane tek skogeigarane særlege omsyn til miljøverdiane. Det er til no sett til side om lag 130 000 livsmiljø med eit samla areal på omkring 800 000 dekar. Stortinget vedtok ved handsaminga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er typesystemet Natur i Norge (NiN) hos Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å skildre variasjon i naturen og sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat til nytte ved vurderingar av bruk og vern av natur. Landbruksdirektoratet starta i 2016 arbeidet med å innpasse omgrepsapparatet til NiN i opplegget for MiS.

Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

Attgroing, deling og nedbygging av kulturlandskapet er eit trugsmål mot naturmangfaldet, særleg i artsrike naturtypar som slåttemyr, slåttemark og beitelandskap. Landbruket sitt kulturlandskap og verdifulle naturverdiar skal sikrast gjennom eit aktivt landbruk, og det skal bli lagt til rette for at verkemidla i naturmangfaldlova kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken. Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakkar. I 2016 blei det gjennomført tiltak hos 20 400 føretak for 419 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) for å redusere erosjon og næringsstoffavrenning, hindre attgroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Om lag 58 pst. av dei lokale midlane til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) blei løyvde til tiltak for å fremje verdiar i jordbrukets kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv, mens 33 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureininga av vatn.

Samarbeidet mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljøverndepartementet om ordninga om dei 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket fortset. Den 1.1.2017 tok ei ny forskrift om tilskott til Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan til å gjelde. Dette innebar at dei to ordningane blei slått saman til ei. I Jordbruksavtalen 2017 auka midlane til Verdsarvområda med 2 mill. kroner og midlane til Utvalde kulturlandskap i jordbruket med 2 mill. kroner, slik at det i alt blei avsett 13,5 mill. kroner for 2018.

I 2016 bad Stortinget om at ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket skulle utvidast fram mot 2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet gav våren 2017 tilslutning til å peike ut ti nye område basert på forslag frå Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Riksantikvaren. Direktorata har òg fått i oppdrag å gjere framlegg om ytterlegare ti område som kan inngå i ordninga i perioden 2018–2020. Det blei gitt ein auke på 12,5 mill. kroner til ordninga over Klima- og miljødepartementets budsjett for 2017.

Beiting i utmark er viktig for å ta vare på kulturlandskapet og for mange plante-, sopp- og dyrearter. Ein større del av tilskotta er dei seinaste åra blitt retta inn mot beiting. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau beitar. Det var registrert om lag 2,4 mill. beitedyr i utmark i 2016. Talet på sau på utmarksbeite har variert mellom 1,9 og 2,1 mill. i perioden 2000–2016. Talet på storfe på utmarksbeite har auka frå 230 000 i 2000 til 250 000 i 2016. Ser ein på perioden frå 2000 til 2016, auka talet på beitedyr med 4 pst. Samanlikna med 2014 auka talet med 7,3 pst. Prinsippet om differensiert forvaltning i rovdyrforliket frå 2011 vil påverke utmarksbeite for sau i prioriterte rovdyrområde.

Jordbruket sitt kulturlandskap inneheld eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, frå gravhaugar og rydningsrøyser til bygningar, vegfar og steingjerde. Landbruket er ein viktig kulturberar gjennom vidareføring av kunnskap om tradisjonell byggjeskikk, materialbruk og tradisjonell handverkskompetanse, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Delar av jordbruksdrifta, som til dømes pløying, grøfting og nydyrking, kan utgjere trugsmål mot kulturminne. Dette gjeld spesielt automatisk freda kulturminne, både over og under bakkenivå.

Eit godt samarbeid mellom kulturminnesektoren og landbrukssektoren er avgjerande for å bevare kulturminne i jordbruket. Varetaking av kulturminne er ei prioritering for SMIL- og RMP-midlane, og i tillegg bidreg midlar til Utvalde kulturlandskap i jordbruket til bevaring og bruk av kulturminne.

Genetiske ressursar

Genetiske ressursar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for matsikkerheita i verda. Landbruks- og matdepartementet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av dei genetiske ressursane i landbruket gjennom internasjonalt og nordisk samarbeid, kontakt med næringsaktørar og tiltak for å stimulere næring, bønder og frivillige aktørar til å ta i bruk dette mangfaldet. For å sikre tilgang av funksjonelle husdyr til klimasoner og produksjonsformer som ein har i dag, og som ein kan få i framtida, er det viktig å ta vare på stor variasjon innanfor og mellom husdyrrasar. Norsk Genressurssenter og Genressursutvalget for husdyr har vurdert dei gamle husdyrrasane i Noreg. Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg er 20 i kategorien Kritisk truga i 2015. Fire av storferasane og tre hesterasar er mellom desse. Ytterlegare 9 rasar blir rekna som Truga. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. I 2016 blei det registrert ein auke i talet på dyr for alle dei nasjonale kurasane. Vestlands raudkolle er den einaste som har hatt ein nedgang.

Svalbard globale frøhvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i verdas genbankar. Ved utgangen av 2016 romma frølageret om lag 900 000 sikkerheitskopiar av frø frå 72 institusjonar verda over. I 2015 blei det for første gongen henta frø ut frå frøkvelvet. The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA) i Aleppo i Syria bad om å få tilbake 128 boksar med frø dei har lagra på Svalbard. Formålet med uttaket var å dyrke fram nye frø for lagring i nabolanda til Syria og å sende nye friske frø tilbake til Svalbard. Meir enn ein tredel av alt mangfaldet av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over er sikra i Svalbard globale frøhvelv.

Jordvern

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa den 8.12.2015, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak 140 som blei vedteke i samband med handsaminga, fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponeringa av dyrka mark til under 4 000 dekar, og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2016 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 6 026 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark auka frå 18 139 dekar i 2015 til 21 612 dekar i 2016. I alt blei 964 søknader handsama i 2016. Frå og med 2007 har i gjennomsnitt 16 445 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. I perioden 1999–2016 er det estimert ein reduksjon på vel 5 pst. ifølgje berekningar frå Budsjettnemnda for jordbruket. Denne nedgangen kjem i stor grad av at eit nytt kartgrunnlag gir eit meir oppdatert og meir nøyaktig areal enn tidlegare, men òg av at areal har gått ut av drift i den aktuelle perioden. Godkjend nydyrka areal har sidan 2010 vore meir enn dobbelt så stort som den varige omdisponeringa av dyrka jord, noko som bidreg til å redusere denne nedgangen i totalarealet.

Sjå òg omtale i del 3.

Aktivt friluftsliv

Landbruksareala utgjer ein stor del av arealet i landet og har store verdiar knytte til natur og kulturarv. Skogen, utmarksareala, vegane og stiane i kulturlandskapet er viktige for ferdsel, friluftsliv og grønt reiseliv. Regjeringa la i 2017 fram ein strategi for reiseliv basert på landbruket og reindrifta sine ressursar, Opplevingar for ein kvar smak. Dette er landbruket sitt bidrag til oppfølginga av reiselivsstrategien til regjeringa, Destinasjon Norge. Statskog SF har ei viktig rolle i å leggje til rette for friluftsliv på statsgrunn.

Plantevern

Kjemiske plantevernmiddel kan ha verknader på helse og miljø som ikkje er ønskt. Det blei våren 2016 fastsett ein ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel (2016–2020). Handlingsplanen legg mellom anna vekt på auka kunnskap om rett bruk av plantevernmiddel og alternativ til kjemiske plantevernmiddel.

Giftfritt miljø

Tidlegare utsleppsproblem frå gjødselslager og siloar er i stor grad løyst, og fosforbruken i landbruket er langt betre tilpassa plantenes opptak no enn tidlegare. Avrenning av næringsstoff frå jordbruksareala er framleis ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintrar med kortare frostperiodar har bidrege til å auke utfordringa frå avrenning.

I tråd med målet i vassforskrifta om god økologisk tilstand, arbeider landbruksforvaltninga på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå med å følgje opp sektoransvaret, mellom anna ved å setje i verk nødvendige tiltak i landbruket. Forvaltningsplanar for alle vassområda blei godkjente av Klima- og miljødepartementet i 2016 med ny gjennomføringsperiode frå 2018–2021. Det er behov for forsterka innsats mot avrenning frå jordbruket, særleg i utsette vassdrag med mykje jordbruk. Dette følgjast opp med forsterka innsats over miljøverkemidla over jordbruksavtalen.

Økologisk mat

Forbrukarane etterspør i aukande grad økologiske produkt. Økologisk jordbruk har påverka praksis i den konvensjonelle jordbruksdrifta på ulike område. Rettleiing og kompetanseutvikling i heile verdikjeda er viktig for å styrkje økologisk produksjon.

I Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon blei det gjort framlegg om å fjerne det talfesta målet om at 15 pst. av matforbruket og 15 pst. av matproduksjonen skal vere økologisk innan 2020, og at det skal utarbeidast ein strategi for økologisk jordbruk. I Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2016–2017) blei det vedteke at det skal utarbeidast eit nytt mål for økologisk produksjon og forbruk. Strategien og det nye målet skal handsamast av Stortinget. Regjeringa kjem tilbake til Stortinget om dette på eigna måte.

I 2016 utgjorde arealet i økologisk drift om lag 4,5 pst. av det samla jordbruksarealet i Noreg, og 4,8 pst. medrekna karensarealet. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel auka med meir enn 24 pst. frå 2015 til 2016. I alt blei det omsett for om lag 2,5 mrd. kroner i 2016 svarande til 1,8 pst. av totalmarknaden.

Stabilt klima

Regjeringa vil nå klimamåla for landbrukssektoren, både jordbruks- og skogsektoren, gjennom iverksetjing av tiltak som følgjer av regjeringsplattforma og klimaforliket.

Klimagassutsleppa frå jordbruket er først og fremst metan og lystgass frå husdyrhald, gjødsling og jordarbeiding. Utsleppa frå norsk jordbruk utgjorde om lag 8,3 pst. av dei samla nasjonale klimagassutsleppa i 2015 (4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar av i alt 53,9 mill. tonn). Sidan 1990 er utsleppa frå jordbruket reduserte med om lag 5,3 pst. Hovudårsaka til nedgangen er redusert bruk av gjødsel og færre storfe. Skogen og andre areal står for eit høgt netto opptak av CO2 tilsvarande 24,3 mill. tonn i 2015. Dette er ein auke på 16,6 mill. tonn frå 1990. Optimal utnytting av husdyrgjødsel bidreg til reduserte klimagassutslepp, reduserert behov for mineralgjødsel og betra vassmiljø. Endra jordarbeiding er eit sentralt tiltak innanfor RMP som både reduserer klimagassutsleppa og betrar vassmiljøet. Oppslutninga om miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel som er spesielt innretta mot å redusere utslepp til luft, har auka vesentleg dei seinaste åra.

I dag er det nokre få gardsbaserte biogassanlegg i drift i Noreg. Desse svarer til bruk av om lag 1 pst. av gjødsla. Gjennom Klima- og miljøprogrammet, programma Bionær og EnergiX til Forskingsrådet og bioenergiprogrammet til Innovasjon Noreg, blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen og dermed redusere klimagassutsleppa frå norsk jordbruk.

Meir nedbør som følgje av klimaendringar vil kunne vere til skade for avlingar og føre til auka erosjon. Med eit varmare og våtare klima vil dessutan nye sjukdommar og skadegjerarar kunne etablere seg i Noreg. Desse vil kunne gjere stor skade i plantedyrkinga og påverke skog, kulturlandskap og naturmangfald. Eit aukande problem med sjukdom og skadegjerarar kan føre til auka bruk av plantevernmiddel som gir negative verknader på helse og miljø. Generelt ligg Noreg likevel i den delen av Europa der klimaendringane vil kunne føre med seg dei største vinstane for landbruket. Tilpassing av landbruket til klimaendringane er avgjerande for å førebyggje og avgrense skadane frå både ekstremvær og gradvise endringar, samstundes som ein skal kunne oppnå ein mogleg auke i produksjonen som følgje av auka temperatur og lengre vekstsesong. Ein føresetnad for dette er at det blir teke i bruk planter og sortar som kan utnytte auka veksttid. Høgare temperatur og lengre veksttid kan òg gi grunnlag for nye og meir varmekrevjande produksjonar, som til dømes meir haustsådd korn og matkornproduksjon i område der kort veksttid hindrar dette i dag. Lengda på dagen vil likevel vere ein avgrensande faktor utan bruk av kunstig lys, sjølv om ein temperaturauke opnar for ein lengre vekstsesong. Dette vil slå sterkast ut i Nord-Noreg. I område der redusert sommarnedbør ikkje gir underskott på markvatn, vil ein lengre vekstsesong i kombinasjon med auka CO2-innhald i lufta gi grunnlag for auka tilvekst av skog.

Skog og klima

Netto CO2-opptak i norske skogar har lege på mellom 26 og 36 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg dei siste åra. Det høge talet har samanheng med at avverkinga i norske skogar har vore nokså stabil kring 10 mill. kubikkmeter, mens tilveksten stadig har auka. Dei siste åra har avverkinga vore på rundt halvparten av tilveksten. Ut frå ressursgrunnlaget er det mogleg å auke årleg hogstkvantum til om lag 15 mill. m3 tømmer utan at omsynet til det biologiske mangfaldet blir skadelidande. Skogen er den viktigaste råstoffkjelda til bioenergi som kan erstatte fossile utslepp. Auka avverking av fornybart skogråstoff vil mellom anna krevje meir hogst av lauv- og furutre i område med lågare økonomisk avkastingsevne. Mykje av skogen som kan avverkast i dei næraste 40–50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold. Eit lønsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.

Regjeringa gjer framlegg om å vidareføre løyvinga på 33 mill. kroner til dei tre tiltaka for auka karbonopptak i skog, respektive tettare planting, gjødsling og planteforedling, for 2018. Klimatiltak i skog vil først ha ein verknad på lang sikt når det gjeld auka nettoopptak av CO2, med unntak av gjødsling der ein vil sjå resultat allereie etter 10 år. Det er difor vanleg å sjå på den potensielle verknaden i løpet av eit skogomløp, som normalt er på 70–100 år. Frå tiltaket er gjennomført vil verknaden komme gradvis utover i omløpet. Kor stor effekten vil vere i form av auka CO2-opptak, vil avhenge av kor lenge tiltaka varer og grad av opptrapping. Dei tre tiltaka er estimerte til potensielt å ville medverke til eit årleg auka opptak på 3–3,3 mill. tonn CO2 i eit langsiktig perspektiv.

Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar

Landbruks- og matdepartementet har i samsvar med handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar, innført eit miljøleiingssystem i departementet. Departementet blei EMAS-registrert i mars 2016. EMAS (Eco Management and Audit Scheme) er EUs frivillige fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon. Ordninga starta i 1993 og er eit tilbod til føretak og statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar som ønskjer å programfeste mål for å vareta miljøet i produksjon og tenesteyting. Gjennom EØS-avtalen kan òg norske verksemder delta.

I denne samanhengen er departementet særleg oppteke av miljøaspekta knytte til anskaffingar av varer og tenester, transport og forbruk av energi og papir. Til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ei miljøhandbok og ein mål- og handlingsplan. Tiltaka i handlingsplanen er implementerte.

14 Likestilling

Det er eit uttrykt mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Kvinner kan tilføre nye idear og trekkje inn andre verdiar i drifta, som bidreg til næringsutvikling, nyskaping og eit løft for økonomien. Førebels statistikk for jordbruksverksemdene i 2016 viser om lag 39 000 verksemder med personleg brukar. Av desse var 15,6 pst. kvinner. Tilsvarande tal for delen kvinner var 12,9 pst. i 1999 og 14,4 pst. i 2010. Ved søknad om produksjonstilskott i samband med søknadsomgangen i august 2016 var delen kvinnelege søkjarar om lag 15,4 pst. Sidan det berre er éin person som kan stå oppført som søkjar per føretak gir ikkje denne statistikken nødvendigvis eit rett bilete av ein eventuell ektefelles involvering i drifta av føretaket. Det er difor truleg at det er fleire aktive kvinner i drifta enn det statistikken skulle tilseie. Kvinner driv generelt jordbruksbedrifter med lågare arealstorleik enn menn, og er gjennomgåande noko yngre enn dei mannlege drivarane. Dei siste åra har talet på kvinnelege eigarar auka noko. I 2016 eigde kvinner i følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) 26 pst. av alle landbrukseigedommane. Gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er høgare enn for menn. Kvinnelege brukarar er i gjennomsnitt 12 år yngre enn alle kvinnelege eigarar. Det kan difor over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksbedrifter for å drive jordbruk sjølv. Det er i mange samanhengar òg peika på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperioden.

Innanfor tradisjonelt jordbruk er kvinnedelen høgast mellom bønder med hestar og/eller geiter og innanfor saueproduksjon. Kvinnedelen er lågast mellom produsentar som driv med storfe, både mjølk/kjøtt og berre mjølk.

Dei siste 10–20 åra har utviklinga av andre landbruksbaserte næringar innanfor mat, reiseliv, omsorgsbaserte tenester og serviceyting generelt vore stor. Utvikling av entreprenørskapsverksemd på desse områda krev ofte annan kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. Kvinner er særleg aktive innan desse næringane. Det er vanlegare med høgare utdanning for nye eigarar mellom kvinner enn mellom menn, og i aldersgruppa under 39 år har 48,4 pst. av kvinnene og 18,8 pst. av menn utdanning på universitets- og høgskolenivå.

Kvinner har i fleire år blitt prioriterte ved tildeling av midlar over jordbruksavtalen til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Delen kvinnelege mottakarar av investerings- og bedriftsutviklingstilskott er framleis høg, særskild innanfor landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Innan landbruksbaserte næringar er delen tilsegn til kvinner uendra frå 2015 til 2016 på 74 pst., mens delen av løyvd beløp gjekk ned frå 84 pst. til 76 pst. Innan tradisjonelt jord- og hagebruk gjekk delen av tilsegn til kvinneretta tiltak opp frå 41 pst. i 2015 til 46 pst. i 2016, mens delen løyvd tilskott auka frå 41 pst. til 49 pst.

Innovasjon Noreg peikar i rapporten sin for 2016 på at årsaka til ein relativt høg del kvinneretta tilsegn innanfor landbruksbaserte næringar kan vere ei medviten satsing på kvinnetiltak med handlingsplaner, godt fungerande nettverk og informasjons- og mobiliseringsarbeid.

Landbruks- og matdepartementet har bedt Innovasjon Noreg om å arbeide vidare for å auke delen kvinner i styrer og leiing for verksemder som tek imot støtte, og å synleggjere statistikk knytt til utviklinga innanfor aktuelle program og tenester. Det blir rapportert på resultatmål og resultatindikatorar som vedkjem kvinner og kvinneretta tiltak. Kvinneretta tiltak er definert som tiltak som primært har kvinner som målgruppe, gir sysselsetjing hovudsakleg for kvinner eller har kvinnelege søkarar.

Dei fylkesvise midlane til rekruttering og kompetansebyggjande tiltak er retta inn mot næringsutøvarar med mål om å bidra til auka verdiskaping i landbruket. Midlane er òg meint nytta til likestillingstiltak i næringa. For 2016 rapporterte fleire fylkeskommunar at midlane mellom anna blei nytta til tilskott til målretta tiltak som til dømes kvinnekonferanse, eigne fagsamlingar for kvinner i skogbruket, fagturar for kvinner innan grøntsektoren og traktorkurs for kvinner.

Arbeid med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, næringa sjølv og organisasjonar. I 2015 var det 76 kvinner som var innehavar av sin eigen siidaandel, noko som utgjer 14 pst. av i alt 533 siidaandelar. Hovuddelen er mellom 31 og 50 år. I alt blir 158 årsverk utført av kvinner i reindrifta. Dette er tilsvarande tal som for det førre driftsåret. Av meldingar om reindrift går det fram at kvinner eig 24 pst. av det samla reintalet i Noreg. Avtalepartane er samde om å nytte dei ulike verkemidla som finst for å fremje likestilling i reindrifta. Arbeidet har som mål å oppnå likestilling i eit langsiktig perspektiv, og det er viktig at ein arbeider kontinuerleg med målretta tiltak. Gjennom reindriftsavtalen har reindriftskvinner høve til å søkje om midlar til kvinneretta tiltak. Likeeins kan Norske reindriftsamers landsforbund (NRL) søkje om midlar til utviklingsprosjekt. Det er viktig at NRL legg til rette for fleire kvinner i eigen organisasjon. Dette gjeld både i NRLs styre og i lokallaga. I den samanhengen har avtalepartane blitt samde om at likestillingslova sine prinsipp med kjønnsrepresentasjon ved oppnemning og val skal gjelde som grunnlag for tildeling av støtte til organisasjonen.

Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet

Departementet har over lang tid hatt merksemd på kjønnsbalanse innanfor dei to leiarnivåa og i dei ulike stillingskategoriane. Lønsforskjellen mellom kvinner og menn er små i departementet. I stillingsgruppene rådgivar og førstekonsulent ligg kvinner si løn over menn si. Fleksible arbeidstidsordningar og ordningar for arbeid heimanfrå skal leggje til rette for fleksibilitet i ulike livsfasar for tilsette av begge kjønn ved behov.

Kvinnene utgjer 58 pst. av arbeidsstokken i departementet per 1.1.2017. Kvinnene utgjer eit fleirtal av dei tilsette både i sakshandsamargruppa og i mellomleiargruppa.

I tråd med regjeringas målsetjing om å få flest mogleg i arbeid, òg dei med hol i CVen og andre som har vanskeleg for å komme inn på den ordinære arbeidsmarknaden, har LMD tilsett éin person på arbeidstreningstiltak og éin trainee.

Tabell 14.1 Del av tilsette i deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær etter kjønn, 2015–2016

Deltid

Mellombels tilsetjing

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K %

2015

2,1

7,8

2,0

1,3

0

2,7

3,0

3,6

2016

3,3

7,2

3,9

2,6

0

1,3

0,7

4,0

Sjukefråversstatistikken er tal frå heile året, dei andre tala er per 1.1. For omtale av likestilling i dei underliggjande verksemdene, jf. dei respektive årsrapportane. Det er ikkje avdekt barrierar mot likestilling i verksemdene, anten det gjeld kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet eller religion.

15 Omtale av tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskog SF

Utgifter til:

Kroner

Løn, adm. dir.

1 684 000

Pensjonsutgifter

133 000

Anna godtgjersle1

92 000

1 Anna godtgjersle gjeld naturalytingar, 92 000 kroner.

Staur gård AS

Utgifter til:

Kroner

Løn, dagleg leiar

849 866

Pensjonsutgifter

15 216

Elektronisk kommunikasjon

4 392

16 Standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Frå og med statsbudsjettet for 2010 har departementet presentert standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for i budsjettproposisjonen. Dette gjeld følgjande verksemder:

  • Veterinærinstituttet

  • Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) blei oppretta 1.7.2015 gjennom ei samanslåing av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap. Rekneskapstala frå NIBIO i 2015 gjeld difor berre for eit halvår.

Formålet med nøkkeltala er i første rekkje å forbetre kontroll og innsyn frå Stortinget og regjeringa ved å presentere same type informasjon som blir gitt for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga er basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår og rekneskapstala for dei tre siste åra. Nærare omtale av status for den enkelte verksemd går fram av kap. 1137 post 51.

Kort gjennomgang av tabellmaterialet

Tabell 1 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise verksemdas brutto utgifter og inntekter basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Tabell 2 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene.

Tabell 3 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over verksemdas kontantbehaldning per 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellane er å vise dei samla overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

Veterinærinstituttet

Tabell 16.1 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

(i 1 000 kr)

31.12.2014

31.12.2015

31.12.2016

Budsjett 2017

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønsutgifter

236 628

204 025

232 862

244 000

Varer og tenester

95 811

132 209

125 986

124 000

Sum driftsutgifter

332 439

336 234

358 848

368 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

0

4 615

8 927

9 770

Sum investeringsutgifter

0

4 615

8 927

9 770

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

0

0

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum utgifter

332 439

340 849

367 775

377 770

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

163 728

165 662

161 380

172 519

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

Refusjonar

0

0

Andre driftsinntekter

12 093

23 605

35 154

31 190

Sum driftsinntekter

175 821

189 267

196 534

203 709

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

176 026

156 527

166 577

169 345

Andre innbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsinntekter

176 026

156 527

166 577

169 345

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

23

477

580

0

Sum finansielle inntekter

23

477

580

0

Sum inntekter

351 870

346 271

363 691

373 054

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

19 431

5 422

-4 083

-4 716

Tabell 16.2 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2014

31.12.2015

31.12.2016

Budsjett 2017

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

106 201

86 460

83 063

85 891

Løyvingar frå andre departement

48 342

48 720

55 372

56 630

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

21 483

21 347

22 645

26 824

Sum løyvingar

176 026

156 527

161 080

169 345

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

46 672

75 279

84 490

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

2 924

7 328

2 317

905

Sum bidrag

2 924

54 000

77 596

85 395

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

83 787

104 840

85 905

87 124

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter1

89 133

30 904

39 110

31 190

Sum oppdragsinntekter mv.

172 920

135 744

125 015

118 314

Sum inntekter

351 870

346 271

363 691

373 054

1Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

Tabell 16.3 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetjingar i perioden 2015–2016

Rekneskapspost

Rekneskap (i 1 000 kr)

Endring

31.12.2014

31.12.2015

31.12.2016

2015 til 2016

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

43 367

47 527

43 441

-4 086

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

4

1

4

3

Sum kontantar og kontantekvivalentar

43 371

47 528

43 445

-4 083

Avsetjingar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

21 419

19 744

20 152

408

Skattetrekk og offentlege avgifter

15 603

18 941

20 631

1 690

Gjeld til leverandørar

-16 978

-10 236

-7 893

2 343

Gjeld til oppdragsgjevarar

19 042

6 241

-6 508

-12 749

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

522

4 219

3 479

-739

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

39 608

38 909

29 861

-9 048

Avsetjingar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

0

-1 824

-3 493

-1 669

Større påbyrja, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

2 040

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

46

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

2 086

-1 824

-3 493

-1 669

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

0

5 589

11 491

5 901

Fri verksemdskapital

-14 016

-1 554

1 406

2 960

Sum andre avsetjingar

-14 016

4 035

12 897

8 862

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

15 693

6 408

4 180

-2 228

Sum langsiktig gjeld

15 693

6 408

4 180

-2 228

Sum nettogjeld og forpliktingar

43 371

47 528

43 445

-4 083

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Tabell 16.4 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

(i 1 000 kr)

31.12.20151

31.12.2016

Budsjett 2017

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønsutgifter

168 180 255

340 384 319

350 000 000

Varer og tenester

247 541 392

407 752 445

400 000 000

Sum driftsutgifter

415 721 647

748 136 764

750 000 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

3 143 571

19 501 130

35 000 000

Sum investeringsutgifter

3 143 571

19 501 130

35 000 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

Andre utbetalingar

32 519 364

56 606 300

55 000 000

Sum overføringsutgifter

32 519 364

56 606 300

55 000 000

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

0

Sum utgifter

451 384 582

824 244 194

840 000 000

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

5 194 899

9 593 330

10 000 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

Andre driftsinntekter

26 675 636

59 055 088

60 000 000

Sum driftsinntekter

31 870 535

68 648 418

70 000 000

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

171 775 196

424 884 500

376 022 000

Andre innbetalingar

218 097 830

395 735 714

394 000 000

Sum overføringsinntekter

389 873 026

820 620 214

770 022 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

Sum inntekter

421 743 561

889 268 632

840 022 000

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

-29 641 021

65 024 438

22 000

1 Halvårstal for 2015 er omklassifisert i samsvar med gjeldande standard, samanlikna med tilsvarande tal som blei presenterte i fjor

Tabell 16.5 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kroner)

31.12.20152

31.12.2016

Budsjett 2017

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

126 255 500

275 673 000

233 179 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

45 519 696

149 211 500

142 843 000

Sum løyvingar

171 775 196

424 884 500

376 022 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

15 521 380

17 461 225

20 000 000

Bidrag frå private

57 571 437

75 776 627

80 000 000

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

20 978 343

7 933 618

10 000 000

Sum bidrag

94 071 160

101 171 470

110 000 000

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

11 036 955

22 378 663

12 000 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

5 697 848

8 836 513

10 000 000

Oppdrag frå private

37 380 601

46 344 527

49 000 000

Andre inntekter

101 781 800

285 652 958

283 000 000

Sum oppdragsinntekter mv.

155 897 205

363 212 662

354 000 000

Sum inntekter

421 743 561

889 268 632

840 022 000

1 Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

2 Halvårstal for 2015 er omklassifisert i samsvar med gjeldande standard, samanlikna med tilsvarande tal som blei presenterte i fjor

Tabell 16.6 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetjingar i perioden 2015–2016

Rekneskapspost

Endring

31.12.20151

31.12.2016

2015 til 2016

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

173 175 216

231 485 856

58 310 640

Behaldning på andre bankkonti

840 366

7 552 549

6 712 183

Andre kontantbehaldningar

6 288

7 902

1 614

Sum kontantar og kontantekvivalentar

174 021 869

239 046 307

65 024 437

Avsetjingar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

39 755 103

39 342 906

-412 197

Skattetrekk og offentlege avgifter

40 572 938

38 164 247

-2 408 691

Gjeld til leverandørar

29 313 305

28 478 124

-835 181

Gjeld til oppdragsgjevarar

-95 145 310

-107 308 511

-12 163 201

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

40 636 064

61 592 901

20 956 837

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

55 132 099

60 269 666

5 137 567

Avsetjingar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

12 882 217

24 267 940

11 385 723

Større påbyrja, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

58 341 231

106 350 028

48 008 797

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

71 223 448

130 617 968

59 394 520

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

34 016 994

38 878 748

4 861 754

Fri verksemdskapital

12 582 923

9 053 585

-3 529 338

Sum andre avsetjingar

46 599 918

47 932 333

1 332 416

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

1 066 405

226 339

-840 066

Sum langsiktig gjeld

1 066 405

226 339

-840 066

Sum nettogjeld og forpliktingar

174 021 869

239 046 307

65 024 437

1 Halvårstal for 2015 er omklassifisert i samsvar med gjeldande standard, samanlikna med tilsvarande tal som blei presenterte i fjor

Til forsida