Prop. 110 S (2015–2016)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

2 Nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt for godkjenning

2.1 Ørland – nytt forsyningslager for F-35-flya

Stortinget vedtok, gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, å etablera hovudbasen for Forsvaret sine nye kampfly ved Ørland hovudflystasjon. Nytt forsyningslager for F-35-flya er eit viktig prosjekt for etableringa av kampflybasen. Forsyningslageret må stå ferdig til mottak av dei første F-35-flya på norsk jord hausten 2017.

Prosjektet omfattar bygging av nytt forsyningslager for F-35-flya med tilhøyrande infrastruktur og tomteopparbeiding. Lageret skal støtta vedlikehald på F-35-flya med naudsynte delar til flya. Forsyningslageret vil inngå i det internasjonale nettverket for forsyningsbehaldningar for F-35-flya, som totalt sett skal understøtta den samla flyparken til dei landa som samarbeider om forsyningsløysinga. Forsyningslageret er delt i soner for å oppfylle gjevne krav til tollsoner og sikringskrav. Lageret si lokalisering sikrar kort veg frå mottak av materiellet via lagring til leveransar av delar til F-35-flya. Dette vil understøtta ein effektiv flytimeproduksjon og bidreg til god operativ kapasitet for kampflyvåpenet. Vidare er det behov for å skaffe til veie innreiing og lagerutrusting til bygget.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 177 mill. kroner inkl. mva., innreiing og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 149 mill. kroner.

2.2 Ørland – kjøp av Hårberg skule frå Ørland kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfesta 10. august 2015, ved handsaminga av Forsvarsbygg si innvending til reguleringsplan for Ørland hovudflystasjon, at det er eit sakleg vilkår å krevja nedlegging av skuleverksemda ved Hårberg skule før F-35-flya kan takast i bruk på Ørland hausten 2017. For å imøtekoma dette kravet er det einaste verkelege alternativet at Forsvarsdepartementet kjøper Hårberg skule. Det gjer det mogeleg for Ørland kommune å flytte undervisninga og gje elevar og tilsette eit godt miljø for læring og utvikling.

Det er gjennomført forhandlingar mellom Forsvarsbygg og Ørland kommune om kjøp av eigedomen. Kjøpesummen for Hårberg skule er basert på kostnadane Ørland kommune vil få ved etablering av ein ny barneskule med 280 elevar på ei ny tomt, fråtrekt reduserte kostnadar til å forvalte, drifte og vedlikehalde ein ny skule. Ørland kommune aksepterte i kommunestyrehandsaminga av saka 17. desember 2015 tilbodet frå Forsvarsbygg om å kjøpe Hårberg skule for 100 mill. kroner.

Prosjektet vil sikre at både noverande og framtidige elevar og lærarar ved barneskulen på Brekstad får gode rammevilkår for læring, og eit godt undervisningsmiljø både innandørs og utandørs. Fram til ein ny skule er ferdig, er det avtalt at Ørland kommune får leige Hårberg skule av Forsvarsbygg.

Hårberg skule ligg godt plassert for å kunne innlemmast i flystasjonen si eigedomsmasse på Ørland. Kva for funksjonar som kan bruka bygget må nærare greiast ut, men det er nærliggjande å sjå på verksemda til Forsvarsbygg, velferdstenesta, vaksenopplæringa, idrett, kantine, osv. Dette er funksjonar som i dei næraste åra uansett treng nye og betre fasilitetar ved Ørland hovudflystasjon.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 105 mill. kroner inkl. mva., og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 104 mill. kroner.

2.3 Ørland – nye forlegningar for befal og verva

Prosjektet for etablering av nye forlegningar for befal og verva på Ørland er tidlegare lagt fram for avgjerd i Stortinget gjennom Prop. 18 S (2015–2016). I framlegginga av prosjektet gjennom Prop. 18 S (2015–2016) vart eit tilhøyrande forslag til vedtak utegløymt frå Forsvarsdepartementet si side. Ved Stortinget si handsaming av Innst. 112 S (2015–2016) vart det difor ikkje gjort eit formelt vedtak om å setje i gang prosjektet. Forsvarsdepartementet har difor vald å leggje fram prosjektet på nytt i denne proposisjonen.

Stortinget vedtok, gjennom behandlinga av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, å etablera hovudbasen for Forsvaret sine nye kampfly ved Ørland hovudflystasjon. Vidare vart det vedteke å flytta Luftforsvaret sin styrkeproduksjon knytt til luftvern og basesett til Ørland. Endringane inneber at det er naudsynt å tilpassa tilbodet av bustad og kvarter til befal og verva personell på Ørland. Ei kartleggjing av status på eksisterande forlegningar og framtidig behov viser at talet på befalskvarter må aukas med om lag 150 bueiningar.

Opptrappinga av tilbodet for kvarter vert gjennomført i fleire trinn, tilpassa personellplanen for Luftforsvaret ved Ørland hovudflystasjon samt tilgjengelege investeringsmidlar for eigedom, bygg og anlegg. Trinn 1 for bygging av nye befalskvarter er difor planlagt ferdig i løpet av 2017. Resterande kvarterbehov vert planlagt ferdigstilt i 2020.

Prosjektet for etablering av trinn 1 for nye befalskvarter på Ørland omfattar bygging av ei forlegning med til saman 50 bueiningar i nærleiken av eksisterande befalsforlegningar og spisemessa ved Ørland hovudflystasjon. Prosjektet er viktig for å vidareføre Ørland hovudflystasjon som ein framtidsretta og attraktiv arbeidsplass. Løysninga er basert på tilsvarande byggjeprosjekt under gjennomføring på Bardufoss og Setermoen for å halde kostnadane til prosjektering låge.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 113 mill. kroner inkl. mva., innreiing og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 97 mill. kroner.