Prop. 111 L (2015–2016)

Endringar i offentleglova (gjennomføring av endringsdirektivet til vidarebruksdirektivet)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

Dagens reglar knytte til vidarebruk er i all hovudsak nedfelte i offentleglova med tilhøyrande forskrift. Offentleglova gir reglar om openheit og innsynsrett i forvaltninga og offentleg kontrollerte verksemder og legg med det også til rette for tilgjengeleggjering og vidarebruk av offentlege data.

Offentleglova med tilhøyrande forskrift set opp reglar for innsyn i offentlege saksdokument, journalar og liknande register, og hovudregelen er at desse skal vere opne for innsyn, jf. § 3. Prinsippet om vidarebruk av offentleg informasjon er nedfelt i offentleglova § 1 andre punktum.

Verkeområdet for dei reglane i offentleglova som gjennomfører vidarebruksdirektivet, er vidare enn verkeområdet for lova elles, jf. offentleglova § 2 sjette ledd, der det er vist direkte til vidarebruksdirektivet. Sjå Rettleiar til offentleglova punkt 3.4 om verkeområdet til lova på dette feltet. Reglane om vidarebruk gjeld derfor i dag uavhengig av unntaka frå verkeområdet i offentleglova § 2 første til fjerde ledd og i offentlegforskrifta § 1, dersom det gjeld ei verksemd som er omfatta av det opphavlege vidarebruksdirektivet. Ein må derfor til vidarebruksdirektivet og EU-retten for å få ei endeleg avklaring av omfanget av subjekt. Det er særleg reglane om at verksemder som hovudsakleg er finansierte av offentlege styresmakter er omfatta av direktivet, som famnar vidare enn det generelle verkeområdet til offentleglova. Det er i tillegg heimla utviding av verkeområdet for offentleglova i forskrifta til lova for verksemder som er omfatta av vidarebruksdirektivet sjølv om dei er haldne utanfor offentleglova elles.

I offentleglova § 7 første ledd blir det slått fast at:

«Informasjon som det er gitt tilgang til etter lova her eller anna lovgiving som gir ålmenta rett til innsyn i offentleg verksemd, kan brukast til eitkvart formål dersom ikkje anna lovgivingeller retten til ein tredjeperson er til hinder for det.»

Det klare utgangspunktet er såleis at når ein får tilgang til informasjon på bakgrunn av offentleglova eller anna lov, ligg det føre ein fri rett til vidarebruk til alle slags føremål.

Åndsverklova (åvl.) og personopplysningslova (popplyl.) er saman med straffelova dei mest relevante lovene som kan setje avgrensingar for vidarebruk av offentlege opplysningar. Reglane om teieplikt, som blant anna finst i forvaltningslova § 13, vil normalt vere til hinder for utlevering av opplysningar, men kan òg avgrense moglegheitene til vidarebruk. Offentlegforskrifta §§ 6 og 7 gir enkelte avgrensingar for kva organ som er omfatta av offentleglova, kan gjere tilgjengeleg på Internett, men inneheld ikkje ytterlegare avgrensingar i retten til vidarebruk.

3.1 Endringsdirektiv 2013/37/EU

Europaparlamentets og rådets direktiv 2013/37/EU av 26. juni 2013 om vidarebruk av offentleg sektors informasjon har som hovudformål å auke tilfanget av tilgjengeleg offentleg informasjon og å leggje best mogleg til rette for vidarebruk av den same informasjonen.

Trass i at det finst mange og gode rapportar om den positive verknaden av vidarebruk på europeisk økonomi, fann Kommisjonen at det framleis var eit stort uforløyst potensial på dette området. Ut frå kommisjonens undersøkingar kom dette blant anna av at næringar og borgarar hadde problem med å finne og bruke vidare offentleg informasjon. Endringane i vidarebruksdirektivet søkjer å betre situasjonen for begge partar.

I fortalen til endringsdirektivet blir Kommisjonen oppmoda til å støtte opp om implementeringsarbeidet gjennom å utarbeide retningslinjer for standardlisensar, datasett og gebyrfastsetjing for vidarebruk av offentleg informasjon. Kommisjonen publiserte slike retningslinjer 24. juli 2014 gjennom «COMMISSION NOTICE, Guidelines on recommended standard licences, datasets and charging for the reuse of documents, 2014/C 240/01». For å lette tilgangen til og bruken av data frå offentleg sektor tilrår kommisjonen blant anna at datasetta bør vere

  1. publiserte på nettet i original, umodifiserte form for å sikre rettidig utgiving;

  2. publiserte og oppdaterte på høgast mogleg detaljnivå å sikre at dei er fullstendige;

  3. publiserte og oppbevarte på ein stabil stad for å sikre enkel tilgang og langsiktig tilgjenge;

  4. publiserte i maskinleselege og opne format, f.eks. CSV, JSON, XML, RDF, etc.) for å vere meir tilgjengelege;

  5. framstilte i gode metadataformat og klassifiserte i samsvar med standard vokabular (DCAT, EUROVOC, ADMS etc.) for å lette søking og sikre interoperabilitet;

  6. tilgjengelege som massiv nedlasting, helst gjennom API-ar (Application Programming Interface), for å leggje til rette for automatisk behandling;

  7. følgde av forklarande dokument på metadata og vokabular, for å fremme interoperabilitet av databasar; og

  8. gjenstand for regelmessige tilbakemeldingar frå vidarebrukarar (høyringar, kommentarfeltet, bloggar, automatisert rapportering etc.), for å halde på kvalitet over tid og fremme offentleg engasjement.

Desse tilrådingane både overlappar og utfyller dei norske retningslinjene for tilgjengeleggjering av offentlege data, som blei publiserte 30. november 2012 av det dåverande Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Digitaliseringsrundskrivet for 2016 viser i punkt 1.4 til at dei vedlagde retningslinjene normalt skal følgjast av statlege verksemder. Det heiter her:

«1.4 Gjør offentlig informasjon tilgjengelig for viderebruk
I samsvar med viderebruksbestemmelsene i offentleglova skal virksomheten gjøre egnet informasjon tilgjengelig i maskinlesbare formater. Dette gjelder informasjon som kan viderebrukes og som ikke er taushetsbelagt. Virksomheten kan få dekket sine kostnader ved tilgjengeliggjøring i tråd med offentleglovas bestemmelser. Data bør tilgjengeliggjøres under en åpen lisens som for eksempel Norsk lisens for opne data (NLOD).
Virksomheter som etablerer nye eller oppgraderer eksisterende fagsystemer eller digitale tjenester, skal legge til rette for at data fra disse tjenestene kan gjøres tilgjengelige i maskinlesbare formater. Virksomheten skal følge Retningslinjer ved tilgjengeliggjøring av offentlige data, som ble publisert av Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet 30. november 2012.»

Departementet gjer merksam på at direktiv 2013/37/EU av 26. juni 2013 i skrivande stund ikkje er ferdigbehandla for eventuell innlemming i EØS-avtalen.