Prop. 125 L (2021–2022)

Endringar i plan- og bygningsloven (reglar om handtering av overvatn i byggjesaker mv.)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til § 16-5

Overskrifta i paragrafen blir foreslege endra for å fange opp at føresegna også gjeld overvassanlegg. Vidare blir opprekninga av kva tiltak det kan eksproprierast til fordel for i første ledd, endra i tråd med endringa av kva tiltak som kan påleggjast opparbeidde etter § 18-1. Dette betyr at det også kan eksproprierast til opne overvassanlegg etter § 18-1 første ledd ny bokstav d. Det blir også foreslege nokre språklege justeringar i føresegna.

Andre ledd blir foreslege endra for å fange opp endringane i § 18-2 første ledd. Vidare blir det foreslege nokre språklege justeringar i andre og tredje ledd. Mellom anna er omgrepet «kvartal» teke ut, sidan føresegna uansett gjeld private fellesareal av avgrensa utstrekning. Desse endringane skal ikkje medføre realitetsendringar.

Tilknytingsplikta til offentleg vass- og avløpsanlegg gjeld for alle eigedommar som oppfyller krava til nærleik til ein offentleg leidning, sjå §§ 27-1 og 27-2. Forslaget til nytt fjerde ledd gjev kommunestyret høve til å samtykkje til ekspropriasjon der det er nødvendig for å gjennomføre tilknytingsplikta.

Til § 18-1

Overskrifta i paragrafen blir foreslege endra for å fange opp at føresegna også gjeld andre hovudanlegg for overvatn enn overvassleidning. Det er vidare gjort nokre språklege justeringar i § 18-1, ved sidan av endringane som er kommentert nedanfor. Desse skal ikkje innebere endringar i innhaldet i føresegna.

I første ledd bokstav b blir det foreslege å utvide dimensjonsavgrensinga frå 305 mm til 600 mm i diameter for hovudavløpsleidning.

Første ledd bokstav d er ny. Føresegna innfører opparbeidingsplikt for offentleg hovudanlegg for oppsamling, avleiing og eventuelt behandling av overvatn. Opparbeidingsplikt for overvassleidning innanfor ei oppgjeven dimensjonsavgrensing blir flytta frå bokstav b til d.

Etter første punktum skal «offentlig hovedanlegg for oppsamling, avledning og eventuelt behandling av lokalt overvann» være opparbeidet og godkjent så langt det er vist i planen. Nemninga «offentlig hovedanlegg» er vid og inneber at kommunen står fritt til å fastsetje kva type anlegg som er omfatta. Formålet med endringa er å opne for krav om opparbeiding av blågrøne overvasstiltak. «Oppsamling» inneber at opparbeidingsplikta kan gjelde fordrygingsanlegg. «Avledning» siktar til tiltak som opning av bekkar, opparbeiding av vadi/kulvertar eller legging av røyr. Når føresegna seier «eventuelt behandling», er det sikta til at det for enkelte lokale overvassanlegg kan vere behov for innebygde mekanismar for reinsing av vatnet, til dømes sandfeller. Det er ikkje meininga at opparbeidingsplikta skal gjelde kommunale reinseanlegg for større areal. Opparbeidingsplikta føreset at anlegget er regulert i arealplan, og opparbeidingsplikta gjeld «så langt det er vist i planen».

Opparbeidingsplikta gjeld for eit avgrensa område og ein bestemt krins av eigedommar. Første ledd i føresegna gjev opparbeidingsplikt for «lokalt overvann». Etter andre punktum skal det gå fram av planen kva for eigedommar overvassanlegget skal betene.

Opparbeidingsplikta kan også gjelde røyr for overvasshandtering, anten aleine eller i kombinasjon med blågrøne løysingar. Etter tredje punktum kan røyra ikkje ha større diameter enn 600 mm. Føresegna presiserer at overvassleidning på opptil 600 mm kan krevjast opparbeidd, sjølv om det ikkje er oppgjeve i planen kva for eigedommar overvassleidningen skal betene.

Fjerde punktum avgrensar omfanget av opparbeidingsplikta mot anlegg «for håndtering av overvann fra allerede bebygde eiendommer som ikke omfattes av § 18-6 første, andre og tredje ledd». Dette inneber at berre vatn som vil renne av nye tiltak, eller som det elles vil vere naturleg å handtere i tilknyting til nybygging, inngår i opparbeidingsplikta. Avgrensinga er negativ, og opparbeidingsplikta omfattar dermed ikkje anlegg som handterer overvatn frå eigedommar som allereie er utbygde på reguleringstidspunktet. For slike eigedommar kan overvatnet berre reknast med der delar av eigedommen kan byggjast ut. Det kan altså berre krevjast opparbeiding av anlegg for handtering av overvatn frå eigedommar som er omfatta av opparbeidings- og refusjonsplikta.

Femte ledd blir foreslege justert for å spegle endringar elles i § 18-1 og inneber ikkje andre realitetsendringar.

I sjette ledd blir det foreslege nokre mindre språklege endringar.

Til § 18-2

Første ledd i føresegna blir vidareført, men presisert. Endringane inneber at det går direkte fram av ordlyden at kommunen kan setje som vilkår at «felles anlegg for disponering og avledning av overvann» skal ervervast, sikrast og opparbeidast. Endringane medfører inga realitetsendring.

Omgrepet «anlegg» for felles disponering og avleiing av overvatn understrekar at føresegna gjeld opparbeiding av fysiske anlegg. Det vil likevel ikkje berre gjelde lukka løysingar, som leidningar for overvatn eller lukka fordrygingsbasseng, men også opne blågrøne løysingar.

Til § 18-3

Opprekninga av kva tiltak som gjev rett på refusjon, blir foreslege endra i tråd med endringa av kva tiltak som kan krevjast opparbeidde etter §§ 18-1 og 18-2.

I første ledd blir det presisert at opparbeidd offentleg hovudanlegg for oppsamling, avleiing og eventuelt behandling av lokalt overvatn etter § 18-1 første ledd ny bokstav d gjev rett på refusjon.

I andre ledd følgjer det at opparbeidd felles anlegg for disponering og avleiing av overvatn, som det kan stillast vilkår om etter § 18-2, gjev rett på refusjon.

Til § 18-5

I andre ledd blir det presisert at det ikkje kan krevjast refusjon for overvassanlegg som er større enn det som kan krevjast opparbeidd, på lik linje med anna opparbeidingspliktig infrastruktur.

Til § 27-2

Femte ledd blir justert for å tilpassast til endringar elles i plan- og bygningslovgjevinga. Krav til overvasshandtering blir flytta til ny § 28-10. Krav til sikring av avleiing av drensvatn blir overført frå byggteknisk forskrift § 15-8. Endringane skal ikkje innebere realitetsendringar.

Til § 28-3

Dagens føresegn blir i hovudsak vidareført. I første ledd blir det foreslege ei endring slik at føresegna også omfattar overvatn. I fjerde ledd er det foreslege nokre mindre språklege endringar som ikkje har noko å seie for innhaldet i føresegna.

Til § 28-6

Dagens føresegn blir i hovudsak vidareført. Endringa i første ledd tredje punktum inneber at behov for handtering av overvatn kan forhindre at kommunen gjev pålegg om attfylling av brønn eller dam. For slike dammar må kommunen eventuelt påleggje andre sikringstiltak. Det er ei avgrensing i bruksområdet til unntaket at brønnen eller dammen skal vere «påkrevd» av omsyn til overvasshandteringa.

Til § 28-10

Føresegna er ny, men fører vidare krav som i dag følgjer av plan- og bygningsloven § 27-2 femte ledd og byggteknisk forskrift § 15-8 første og andre ledd. Forslaget var på høyring som ny § 28-9.

Første ledd stiller krav om handtering av overvatn ved tiltak. Føresegna legg til grunn at treleddsstrategien skal brukast for å sikre mot overvasskadar. Overvatn skal i første rekkje infiltrerast, vatn elles skal fordrygast, og attståande overvatn skal sikrast forsvarleg avleiing. Regelen gjeld både for tiltakshavarar og som ei føring for myndigheitsutøvinga til kommunen.

Etter første ledd første punktum skal «tiltak» gjennomførast slik at overvatn i størst mogleg grad «infiltreres» eller «fordrøyes» på eigedommen. Ordlyden «tiltak» inneber at krava gjeld for tiltaket som blir utført. Eigedommen elles eller andre omkringliggjande eigedommar er ikkje omfatta av føresegna. Første punktum inneber at tiltakshavar først skal søkje å bevare moglegheita for infiltrasjon i grunnen på tomta, framfor at nedbør og smeltevatn renn av på overflata. «Infiltrasjon» inneber at vatnet sig ned i grunnen, typisk ved ikkje å dekkje til mark med tette flater (til dømes asfalt eller betong). Dette kan oppnåast ved å ta omsyn til infiltrasjon når tiltaket blir plassert, og ved å nytte permeable dekke. For overvatn som ikkje kan infiltrerast, skal tiltakshavar søkje å «fordrøye» vatnet. «Fordrøyning» skal forseinke avrenning av store mengder vatn, slik at vatnet renn saktare og spreidd utover i tid. Dette kan til dømes gjennomførast ved å lage til regnbed, regntønner, plantar på tak eller basseng. Også større tre og annan samanliknbar vegetasjon kan i mange tilfelle kompensere noko for tette flater.

Etter første ledd andre punktum skal tiltakshavar sørgje for at forsvarleg avleiing er sikra og opparbeidd «så langt det er nødvendig» for overvatn som ikkje blir handtert etter første punktum. For dei fleste tiltak vil det vere behov for slik tilrettelegging. At «avledning» skal vere «opparbeidet», inneber at vatnet skal førast i ønskt retning. Retninga for avleiing bør komme fram av arealplan. Dette kan til dømes gjerast ved å leie vatnet til eit kommunalt overvassanlegg gjennom bekk eller røyr. At avleiing skal vere «forsvarlig», inneber at overvasstiltaket har tilstrekkeleg kapasitet og teknisk kvalitet til å unngå skade eller vesentleg ulempe. Det same gjeld for resipienten. Ved normale nedbørsmengder bør ikkje overvatnet føre til skade. Føresegna inneber likevel ikkje at overvasstiltaket må kunne avleie alt vatn ved ekstrem nedbør. Vatn som ikkje følgjer fastsett avleiing i slike situasjonar, kan likevel ikkje renne av på ein slik måte at det bidreg til at det oppstår fare for liv eller vesentleg materiell skade nedstraums. Kva som er forsvarleg, vil derfor variere etter vassmengda. Kravet gjeld «så langt det er nødvendig». Det inneber at anlegget skal kunne handtere vatnet som ikkje blir infiltrert eller fordrygd, opp til eit nivå som blir fastsett nærmare i forskrift.

Overvasshandtering bør i utgangspunktet følgje av plan. Det er derfor presisert i første ledd tredje punktum at dei generelle krava i § 28-10 første ledd berre gjeld så langt kommunen ikkje har stilt andre krav i arealplan. Saman med kravet i § 28-10 vil eit eventuelt krav i arealplan gjelde for tiltaket og inngå i prosjekteringa. Det vil komme an på ei tolking av føresegnene i planen om dei fullt ut erstattar krava i § 28-10.

Det er presisert i andre ledd at § 28-10 kan vere heimel for avslag på søknad om løyve. Avslag vil i hovudsak vere aktuelt der tiltaket fører til at overvatn ikkje kan avleiast på ein forsvarleg måte etter første ledd andre punktum. Kravet i første ledd første punktum føreset at infiltrasjon og fordryging skjer så langt det er mogleg. Det vil vere opp til tiltakshavar å vurdere og få prosjektert for dette, så lenge planen ikkje stiller konkrete krav. Avslag som følgje av manglande infiltrasjon eller fordryging kan berre tenkjast der tiltaket ikkje tek omsyn til behovet. Dette kan til dømes vere der tiltakshavar insisterer på å leggje tette flater eller å plassere byggverk slik at den einaste moglegheita for infiltrasjon eller fordryging på tomta blir bygd att. Også i slike tilfelle må det takast omsyn til om overvatnet kan avleiast forsvarleg.

Tredje ledd gjev departementet heimel for å gje forskrift til føresegna, mellom anna om kva overvassmengder som kan krevjast handterte. Det er særleg aktuelt å gje forskrift om kva gjentaksintervall for nedbør som skal handterast etter første ledd.

Til kapitteloverskrifta i kapittel 31

Overskrifta til kapittel 31 lyder slik i dag: «Kapittel 31. Krav til eksisterende byggverk». Forslaget til ny § 31-14 gjeld i første rekkje gjennomføring av pålegg om handtering av overvatn på areal i tilknyting til eksisterande byggverk på ein eigedom, og ikkje direkte til eksisterande byggverk på eigedommen. Også gjeldande § 31-8 kan omfatte areal i tilknyting til eksisterande byggverk på eigedommen. Departementet foreslår derfor å justere kapitteloverskrifta slik at ho samsvarer betre med dei nye føresegna.

Til § 31-14

Paragrafen er ny og gjev kommunen eit verkemiddel til å handtere overvatn frå heilt eller delvis utbygde eigedommar. Formålet med føresegna er å vareta helse og sikkerheit til personar, og å unngå tap av materielle verdiar som følgje av ukontrollert avrenning av overvatn.

Første ledd gjev kommunen heimel til å påleggje «eier eller fester» av heilt eller delvis utbygd eigedom å sørgje for forsvarleg handtering av overvatn dersom vilkåra i føresegna er oppfylte.

Eigaren eller festaren er berre ansvarleg for å handtere overvatn frå eigen eigedom og overvatn som renn av som følgje av byggverka. Dette følgjer av ordlyden «egen eiendom». Overvatn som renn uavhengig av byggverka, eller som kjem frå areal utan byggverk på, må handterast gjennom § 28-3 om tiltak på nabogrunn eller gjennom arealplanane til kommunen.

Med «forsvarlig håndtering» og «forsvarlig avledning» er det meint at føresegna følgjer treleddsstrategien. Overvatnet frå eigedommen skal søkjast infiltrert på eigen eigedom, også i kombinasjon med fordryging, så langt det er mogleg. Avleiing kan vurderast der infiltrasjon og fordryging ikkje er mogleg eller tilstrekkeleg. Det inneber at infiltrasjon, fordryging og avleiing også kan kombinerast.

Om det skal gjevast pålegg etter føresegna, er underlagt skjønnet til kommunen, jf. ordlyden «kan». Derimot vil vilkåra etter føresegna vere underlagt eit rettsbruksskjønn som domstolane skal kunne prøve fullt ut.

Første ledd første punktum stiller opp dei første vilkåra for når eit pålegg kan rettast mot eigar eller festar av heilt eller delvis utbygd eigedom. Pålegget kan gjevast der det er «nødvendig for å avverge fare for skade eller vesentlig ulempe på person, eiendom eller miljø». Med «skade» blir det sikta til fysisk skade, til dømes vatn som trengjer inn i bygning, eller grunn som rasar ut. Både personskadar og tinglege skadar blir dekte. Med «vesentlig ulempe» er det meint at ulempa må kunne konstaterast objektivt. Det betyr at overvatnet til dømes kan medføre at byggverket eller eigedommen elles ikkje kan brukast over eit visst tidsrom, utan at det kan påvisast ein direkte skade. Element i vurderinga av om ulempa kan reknast som vesentleg, er mellom anna kor ofte ho skjer, i kva grad ho påverkar personar som bruker eigedommen, og korleis miljøet på eigedommen blir påverka. Omfanget og mengda av overvatnet speler også inn.

Med «avverge fare for» er det meint at det må vere ein påviseleg fare for skade eller vesentleg ulempe, anten ved at det er eit kjent problem, eller at det med sannsyn kan oppstå eit problem.

Pålegget må vere «nødvendig». Det betyr at pålegget skal vere i samsvar med formålet til føresegna, og ikkje gå lenger enn det som må til for å vareta omsyna. For kommunen er det ikkje anledning til å påleggje ei overvassløysing som kan handtere meir nedbør enn eit klimajustert 100-års gjentaksintervall. Det endelege gjentaksintervallet blir fastsett i den konkrete saka. At pålegget må vere «nødvendig», inneber også at det er krav om årsakssamanheng mellom overvatnet frå heilt eller delvis utbygd eigedom og skaden eller den vesentlege ulempa.

Etter første ledd siste punktum må eigar eller festar kunne gjennomføre pålegget «uten uforholdsmessig stor kostnad». Vilkåret skal beskytte eigarar og festarar mot ein mishøveleg stor kostnad, da desse ofte ikkje kan bebreidast for problemet med overvatn frå eigen eigedom. Det må vurderast konkret korleis forventa skade eller vesentleg ulempe vil påverke, og kor høge kostnader som eigaren eller festaren må tole ved eit pålegg. Desto sterkare omsyna bak føresegna gjer seg gjeldande, desto meir må eigaren eller festaren tole. Fleire moment vil vere relevante å peike på i vurderinga. Dette gjeld til dømes omfanget av overvatnet, graden og arten av skaden eller den vesentlege ulempa, grunntilhøva på eigedommen pålegget blir retta mot og korleis denne eigedommen er utnytta, og om pålegget blir retta samtidig med at eit nytt tiltak blir gjennomført på eigedommen. Kommunen kan også samanlikne eigedommar og overvasstiltak der det er mogleg. Alle kostnader som er nødvendige for å gjennomføre pålegget, kan trekkjast inn i vurderinga.

Andre ledd i føresegna stiller krav om varsling på førehand og ein nærmare fastsett frist for etterleving av pålegget. Andre ledd første punktum slår fast at eigaren eller festaren skal varslast på førehand etter § 32-2 før pålegg blir gjeve. Eit varsel etter § 32-2 skal vere skriftleg, og mottakaren skal gjevast anledning til å uttale seg innan ein frist som ikkje skal vere kortare enn tre veker. Det følgjer av andre punktum at kommunen skal fastsetje ein frist for oppfylling av pålegget etter første ledd. Det blir føresett at fristen blir lang nok til å oppfylle pålegget.

Føresegna må sjåast i samanheng med forslag til ny § 22a i forurensningsloven, som Miljødirektoratet har hatt på høyring. Etter ny § 22a kan kommunen påleggje eigaren av ein eigedom å kople overvatn frå leidningsnettet til kommunen, og sørgje for tiltak på eigen eigedom for å handtere overvatnet som blir kopla frå. Pålegg etter § 31-14 vil ofte vere aktuelt der det er behov for tiltak for handtering av overvatn uavhengig av, eller i tillegg til, eit pålegg om fråkopling av overvatn frå leidningsnettet til kommunen. Føresegna har også ein parallell i vannressursloven § 7 andre ledd. I motsetning til denne føresegna kan § 31-14 omfatte meir enn berre tiltak som betrar infiltrasjonen i grunnen.

For å kunne gjennomføre eit tiltak er hovudregelen at det må søkjast om og gjevast løyve. Om eit pålegg etter føresegna samtidig inneber at det er gjeve løyve, vil komme an på ei konkret vurdering frå kommunen.

Pålegg etter § 31-14 kan følgjast opp etter reglane i kapittel 32 dersom vilkåra er oppfylte.

Til ikraftsetjingsføresegna

Det blir foreslege at lova skal gjelde frå den tid Kongen bestemmer. Kommunane og andre aktørar må få ei viss tid til å førebu seg på nye reglar.

Til forsida