Prop. 126 S (2014–2015)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk

Til innhaldsliste

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2012/28/EU av 25. oktober 2012 om ein viss tillaten bruk av hitteverk

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, særleg artikkel 53 nr. 1, og artikkel 62 og 114,

med tilvising til framlegget frå Europakommisjonen,

etter oversending av utkast til regelverksakt til dei nasjonale parlamenta,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet1,

etter den ordinære regelverksprosessen2 og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Offentleg tilgjengelege bibliotek, utdanningsinstitusjonar og musé, men òg arkiv, film- eller lydkulturarvinstitusjonar og allmennkringkastingsføretak som er etablerte i medlemslanda, tek del i ei omfattande digitalisering av samlingane eller arkiva sine for å skipe europeiske digitalbibliotek. Dei er med på å ta vare på og spreie den europeiske kulturarven, noko som er svært viktig i skipinga av europeiske digitale bibliotek, til dømes Europeana. Teknologi som vert nytta til massedigitalisering av trykt materiale og til søking og indeksering, aukar forskningsverdien av biblioteksamlingane. Skiping av omfattande direktekopla bibliotek lettar bruken av elektroniske søkje- og oppdagingsverktøy som gjev forskarar og akademikarar, som elles måtte ha nøgd seg med meir tradisjonelle og analoge søkjemetodar, nye kjelder til oppdaging.

  • 2) Behovet for å fremje fri utveksling av kunnskap og nyskaping i den indre marknaden utgjer ein viktig del av Europa 2020-strategien, slik den er fastsett i meldinga frå Kommisjonen om Europa 2020: ein strategi for intelligent og berekraftig vekst for alle, og som omfattar utviklinga av ein digital dagsorden for Europa som eit av flaggskipinitiativa.

  • 3) Som det framgår av meldinga frå Kommisjonen om ein digital dagsorden for Europa, går eit av dei grunnleggjande tiltaka i den digitale dagsordenen for Europa ut på å skape ei rettsleg ramme som kan lette digitaliseringa og spreiinga av såkalla hitteverk, det vil seie verk og andre verna arbeid som har opphavsrettsleg vern eller nærståande rettar, men der rettshavaren til verka og andre verna arbeid ikkje er identifisert, eller der rettshavaren er identifisert, men ikkje lokalisert. Dette direktivet er retta mot dei særskilde problema som er knytte til å fastsetje rettsleg at eit verk har status som hitteverk, og dei følgjene dette får med omsyn til tillatne brukarar og tillaten bruk av verk eller fonogram som reknast for å vere hitteverk.

  • 4) Direktivet rører ikkje ved særlege løysingar som vert utarbeidde i medlemsstatane for å løyse større utfordringar som er knytte til massedigitalisering, til dømes verk som ikkje lenger er tilgjengelege i handelen. Slike løysingar tek omsyn til det særeigne ved forskjellege typar av innhald og forskjellege brukarar og byggjer på semje hjå alle partane. Dette er òg haldninga i programfråsegna om hovudprinsippa for å digitalisere og gjere verk som ikkje lenger er i handelen, tilgjengelege. Fråsegna vart underskriven 20. september 2011 av representantar frå europeiske bibliotek, opphavsmenn, forleggjarar og rettshavarorganisasjonar og stadfesta av Kommisjonen. Dette direktivet rører ikkje ved denne programfråsegna, der medlemsstatane og Kommisjonen vert oppmoda om å sikre at det vert inngått frivillige avtaler mellom brukarar, rettshavarar og kollektive rettsadministrerande organisasjonar om lisensiering av bruken av verk som ikkje lenger er i handelen, ettersom desse prinsippa kviler på den naudsynte rettstryggleiken i ein nasjonal og tverrnasjonal samanheng.

  • 5) Opphavsrett er det økonomiske grunnlaget for den kreative industrien, ettersom den stimulerer til nyskaping, skapartrong, investering og produksjon. Massedigitalisering og spreiing av verk er såleis ein måte å verne den europeiske kulturarven på. Opphavsrett er eit viktig verktøy som sikar at den kreative sektoren vert løna for det arbeidet dei gjer.

  • 6) Rettshavarane sin einerett til eksemplarframstilling av verka sine og andre verna arbeid og til å stille dei til rådvelde for ålmenta, som harmonisert i medhald av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/29/EF av 22. mai 2001 om harmonisering av visse sider ved opphavsrett og nærstående rettigheter i informasjonssamfunnet3, gjer det naudsynt med førehandssamtykke frå rettshavarane før eit verk eller andre verna arbeid kan digitaliserast og stillast til rådvelde for ålmenta.

  • 7) For hitteverk er det ikkje mogleg å innhente eit slikt førehandssamtykke til å framstille eksemplar eller til å stille dei til rådvelde for ålmenta.

  • 8) Det faktum at medlemsstatane har forskjellege framgangsmåtar for å gje eit verk status som hitteverk, kan skape vanskar med omsyn til verkemåten til den indre marknaden og bruken av og den tverrnasjonale tilgangen til hitteverk. Slike forskjellege framgangsmåtar kan òg avgrense den frie rørsla av varer og tenester som har kulturelt innhald. Det er difor viktig å sikre at denne statusen vert godkjent innbyrdes, ettersom dette vil opne for tilgang til hitteverk i alle medlemsstatane.

  • 9) Det er naudsynt med ein felles framgangsmåte for å fastsetje om eit verk har status som hitteverk, og kva som er tillaten bruk av hitteverk, særleg for å skape rettstryggleik på den indre marknaden med omsyn til bruken av hitteverk i offentleg tilgjengelege bibliotek, utdanningsinstitusjonar og musé, men òg i arkiv, film- eller lydkulturarvinstitusjonar og allmennkringkastingsføretak.

  • 10) Filmverk eller audiovisuelle verk og fonogram som finnast i arkiva til allmennkringkastingsføretak, og som er produserte av dei, omfattar hitteverk. Sidan kringkastingsføretak har ein spesiell posisjon som produsentar av fonogram og audiovisuelle verk, og sidan det er behov for å setje inn tiltak som avgrensar hitteverksfenomenet i framtida, bør det fastsetjast ein sluttdato for gjennomføringa av dette direktivet på verk og fonogram i arkiva til kringkastingsføretak.

  • 11) Ifølgje dette direktivet bør filmverk, audiovisuelle verk og fonogram som finnast i arkiva til allmennkringkastingsføretak, og som er produserte av dei, reknast som å omfatte filmverk, audiovisuelle verk og fonogram som er tinga av slike føretak for eksklusiv utnytting, anten av desse føretaka eller andre samproduserande allmennkringkastingsføretak. Filmverk, audiovisuelle verk og fonogram som finnast i arkiva til allmennkringkastingsføretak, og som ikkje er produserte eller tinga av slike føretak, men som desse føretaka har fått løyve til å nytte gjennom ei lisensavtale, bør ikkje høyre inn under dette direktivet.

  • 12) Av omsyn til venskapleg internasjonalt samkvem bør dette direktivet berre gjelde verk og fonogram som først vert utgjevne på territoria til medlemsstatane, eller dersom dei ikkje er utgjevne, som først vert kringkasta i territoriet til ein medlemsstat, eller dersom dei korkje er utgjevne eller kringkasta, som med samtykke frå rettshavarane vert gjorde tilgjengelege for ålmenta av organisasjonane som vert omfatta av dette direktivet. I det sistnemnde tilfellet bør dette direktivet gjennomførast berre dersom det er rimeleg å gå ut frå at rettshavarane ikkje motset seg bruken som vert tillaten gjennom dette direktivet.

  • 13) Før eit verk eller fonogram vert rekna som hitteverk, bør eit omfattande søk etter rettshavarane til verket eller fonogrammet, medrekna rettshavarar til verk og andre verna arbeid som er tilknytte eller innarbeidde i verket eller fonogrammet, utførast i god tru. Medlemsstatane bør kunne fastsetje at slike omfattande søk kan utførast av dei organisasjonane som er nemnde i dette direktivet, eller av andre organisasjonar. Slike andre organisasjonar kan ta betaling for å utføre eit omfattande søk.

  • 14) Det bør innførast ein harmonisert strategi for slike omfattande søk som sikrar eit høgt vernenivå at opphavsretten og nærståande rettar i Unionen. I samsvar med dette direktivet bør eit omfattande søk omfatte søking i kjelder som inneheld opplysningar om verka og andre verna arbeid, slik det er fastsett av den medlemsstaten der det omfattande søket skal utførast. Dermed kan medlemsstatane vise til dei rettleiande prinsippa for omfattande søk som vart avtalt innanfor ramma av ekspertgruppa for digitale bibliotek som vart skipa som ein del av i2010-initiativet til digitale bibliotek.

  • 15) For å unngå dobbeltarbeid bør det omfattande søket utførast i den medlemsstaten der verket eller fonogrammet først vart utgjeve, eller dersom det ikkje er utgjeve, der det først vart kringkasta. For filmverk eller audiovisuelle verk som har ein produsent som har hovudkontor eller vanlegvis er busett i ein medlemsstat, bør det omfattande søket utførast i denne medlemsstaten. Dersom filmverk eller audiovisuelle verk er samproduserte av produsentar som er etablerte i forskjellege medlemsstatar, bør det omfattande søket utførast i kvar av desse medlemsstatane. For verk og fonogram som korkje er utgjevne eller kringkasta, men som med samtykke frå rettshavarane er gjorde tilgjengelege for ålmenta av organisasjonane som vert omfatta av dette direktivet, bør det omfattande søket utførast i den medlemsstaten der organisasjonen som med samtykke frå rettshavaren gjorde verket eller fonogrammet tilgjengeleg for ålmenta, er etablert. Omfattande søk etter rettshavarane til verk og andre verna arbeid som er tilknytte eller innarbeidde i eit verk eller fonogram, bør utførast i den medlemsstaten der det omfattande søket etter verket eller fonogrammet som inneheld det tilknytte eller innarbeidde verket eller eit anna verna arbeid, vert utført. Informasjonskjelder som er tilgjengelege i andre land, bør òg nyttast dersom det ligg føre dokumentasjon som tyder på at relevante opplysningar om rettshavarar er å finne i desse andre landa. Gjennom utføringa av omfattande søk kan det skaffast fram ulike typar opplysningar, til dømes ein rapport over det utførte søket og sjølve søkjeresultatet. Rapporten over utførte søk bør arkiverast slik at den organisasjonen som dette vedkjem, kan dokumentere at det har vore utført eit omfattande søk.

  • 16) Medlemsstatane bør sikre at dei aktuelle organisasjonane dokumenterer dei omfattande søka, og at resultata av slike søk, særleg funn som tilseier at eit verk eller fonogram bør reknast som eit hitteverk, slik det er definert i dette direktivet, og dessutan opplysningar om statusendringa og om korleis desse organisasjonane nyttar hitteverk, vert samla inn og stilt til rådvelde for ålmenta, særleg ved at relevante opplysningar vert registrerte i ei direktekopla database. På grunn av den felleseuropeiske dimensjonen, men òg for å unngå dobbeltarbeid, bør det utarbeidast føresegner om skipinga av ei direktekopla felles database i Unionen som inneheld slike opplysningar, og som gjer opplysningane tilgjengelege og opne for ålmenta. På denne måten kan både rettshavarane og organisasjonane som utfører omfattande søk, enkelt få tilgang til slike opplysningar. Databasen kan òg spele ei viktig rolle i å hindre og stanse eventuelle krenkingar av opphavsretten, særleg ved endringar i hitteverksstatusen til verka og fonogramma. I medhald av forordning (EU) nr. 386/20124 skal Kontoret for harmonisering i den indre marknaden («Kontoret») ha ansvaret for visse oppgåver og aktivitetar som vert finansierte med eigne budsjettmiddel, og som har som målsetjing å lette og støtte aktivitetane til dei nasjonale styresmaktene, den private sektoren og institusjonane til Unionen, i kampen mot og førebygginga av krenking av immaterialrettar.

    I medhald av artikkel 2 nr. 1 bokstav g) i denne forordninga går desse oppgåvene særleg ut på å fastsetje ordningar som medverkar til å betre den direktekopla utvekslinga av relevante opplysningar mellom styresmaktene i dei aktuelle medlemsstatane, og fremje samarbeid mellom desse styresmaktene. Difor bør det vere Kontoret som opprettar og forvaltar den europeiske databasen med opplysningar om slike hitteverk, slik det er definert i dette direktivet.

  • 17) Eit bestemt verk eller fonogram kan ha fleire rettshavarar, men verka og fonogramma kan òg omfatte andre verk eller andre verna arbeid. Dette direktivet bør ikkje påverke rettane til identifiserte og lokaliserte rettshavarar. Dersom minst ein rettshavar er identifisert og lokalisert, bør ikkje eit verk eller fonogram verte rekna som hitteverk. Organisasjonane som vert omfatta av dette direktivet, bør kunne nytte eit verk eller eit fonogram der ein eller fleire av rettshavarane ikkje er identifiserte eller ikkje er lokaliserte, berre dersom dei som har løyve til å framstille eksemplar og stille verket eller fonogrammet til rådvelde for ålmenta, slik det er nemnt i høvesvis artikkel 2 og 3 i direktiv 2001/29/EF, og dersom løyva er gjeven av dei rettshavarane som er identifiserte og lokaliserte, medrekna rettshavarar til verk og andre verna arbeid som er tilknytte eller innarbeidde i verka eller fonogramma. Rettshavarar som er identifiserte og lokaliserte, kan berre gje slik løyve i tilknyting til rettar som dei sjølve har, anten fordi rettane er deira eigne eller fordi rettane er vortne overførte til dei, og dei bør ikkje kunne gje løyve til nokon form for bruk, ifølgje dette direktivet, på vegner av rettshavarar som ikkje er identifiserte og lokaliserte. Når rettshavarar som ikkje tidlegare har vortne identifiserte eller lokaliserte, melder seg for å gjere krav på retten til verket eller fonogrammet, kan lovleg bruk av verket eller fonogrammet i organisasjonane som vert omfatta av direktivet, halde fram berre dersom desse rettshavarane gjev løyve til dette, i medhald av direktiv 2001/29/EF, i tilknyting til dei rettane dei har.

  • 18) Rettshavarar bør ha rett til å oppheve hitteverksstatusen dersom dei melder seg for å gjere krav på retten til verket eller eit anna verna arbeid. Ifølgje dette direktivet bør rettshavarar som opphevar hitteverksstatusen til eit verk eller eit anna verna arbeid, få ein rimeleg kompensasjon for bruken av verket eller eit anna verna arbeid, og kompensasjonen skal fastsetjast av medlemsstaten der organisasjonen som nyttar eit hitteverk, er etablert. Medlemsstatane bør sjølve avgjere korleis utbetalinga av ein slik kompensasjon skal skje, medrekna tidspunktet for utbetalinga. Når eit mogleg rimeleg kompensasjonsnivå skal fastsetjast, bør det mellom anna takast omsyn til dei kulturfremjande måla i medlemsstatane, til den ikkje-kommersielle bruken i dei aktuelle organisasjonane for å nå mål som er knytte til allmennyttige oppgåver, til dømes fremjing av læring og spreiing av kultur, men òg til den potensielle skaden for rettshavarane.

  • 19) Dersom det ved ein feil vert avgjort at eit verk eller fonogram er eit hitteverk som følgje av at søket ikkje var tilstrekkeleg omfattande, er det likevel mogleg å nytte klageretten som ligg i regelverket til medlemsstatane ved krenking av opphavsretten, slik det er fastsett i samsvar med relevante nasjonale føresegner og unionsretten.

  • 20) For å fremje læring og spreiing av kultur bør medlemsstatane fastsetje eit unntak eller ei avgrensing i tillegg til dei som er nemnde i artikkel 5 i direktiv 2001/29/EF. Eit slikt unntak eller ei slik avgrensing skal gjere det mogleg for visse organisasjonar, som nemnt i artikkel 5 nr. 2 bokstav c) i direktiv 2001/29/EF, og ideelle film- og lydkulturarvinstitusjonar og allmennkringkastingsføretak, å framstille eksemplar og stille hitteverk til rådvelde for ålmenta, slik det er fastsett i det nemnde direktivet, så framt slik bruk er knytt til allmennyttige oppgåver, særleg bevaring og restaurering av samlingane deira, medrekna dei digitale samlingane deira, og det å gjere samlingane tilgjengelege for kulturelle og utdanningsmessige føremål. Ifølgje dette direktivet bør film- eller lydkulturarvinstitusjonar omfatte organisasjonar som er utpeikte av medlemsstatane til å samle inn, katalogisere, ta vare på og restaurere filmar og andre audiovisuelle verk eller fonogram som utgjer ein del av kulturarven i medlemsstatane. Ifølgje dette direktivet bør allmennkringkastingsføretak omfatte kringkastingsføretak med eit allment ansvarsområde som vert tildelt, definert og organisert av kvar medlemsstat. Unntaket eller avgrensinga som vert fastsett ved dette direktivet for å gje løyve til bruk av hitteverk, rører ikkje ved unntaka og avgrensingane som er fastsette i artikkel 5 i direktiv 2001/29/EF. Det kan nyttast berre i visse særskilde tilfelle som ikkje strir mot normal utnytting av verket eller eit anna verna arbeid, og som ikkje gjer urimelege inngrep i dei legitime interessene til rettshavaren.

  • 21) For å stimulere til digitalisering bør organisasjonane som vert omfatta av dette direktivet, kunne generere inntekter når dei i medhald av dette direktivet nyttar hitteverk for å nå måla som er knytte til allmennyttige oppgåver, medrekna avtaler som gjeld partnarskap mellom det offentlege og private aktørar.

  • 22) Kontraktsmessige avtaler kan spele ei rolle for å fremje digitalisering av europeisk kulturarv, og i samsvar med tillaten bruk ifølgje dette direktivet, inneber det at offentleg tilgjengelege bibliotek, utdanningsinstitusjonar og musé, men òg arkiv, film- eller lydkulturarvinstitusjonar og allmennkringkastingsføretak bør kunne inngå avtaler med kommersielle partnarar for å digitalisere hitteverk og stille dei til rådvelde for ålmenta. Slike avtaler kan omfatte finansielle tilskot frå slike partnarar. Slike avtaler bør ikkje fastsetje restriksjonar for organisasjonane som vert omfatta av direktivet, med omsyn til bruken deira av hitteverk, og dei bør ikkje gje kommersielle partnarar rettar til å nytte eller kontrollere bruken av hitteverka.

  • 23) For å gje borgarane i Unionen betre tilgang til kulturarven i Europa er det òg naudsynt å syte for at hitteverk som er digitaliserte og stilte til rådvelde for ålmenta i ein medlemsstat, òg kan stillast til rådvelde for ålmenta i andre medlemsstatar. Offentleg tilgjengelege bibliotek, utdanningsinstitusjonar og musé, men òg arkiv, film- eller lydkulturarvinstitusjonar og allmennkringkastingsføretak som nyttar eit hitteverk for å nå allmennyttige mål, bør kunne stille hitteverket til rådvelde for ålmenta i andre medlemsstatar.

  • 24) Dette direktivet rører ikkje ved ordningar i medlemsstatane om forvaltninga av rettar, til dømes avtalelisensar, legalpresumpsjonar om representasjon eller overføring av rettar, kollektiv forvaltning eller tilsvarande ordningar eller ein kombinasjon av desse, mellom anna for massedigitalisering.

  • 25) Ettersom målet med dette direktivet, som er å sikre rettstryggleiken med omsyn til bruken av hitteverk, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og difor betre kan nåast på unionsplan på grunn av behovet for samsvarande reglar om bruken av hitteverk, kan Unionen setje inn tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet, slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten om Den europeiske unionen. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje dette direktivet lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Artikkel 1

Verna arbeid og verkeområde

  • 1. Dette direktivet gjeld ein viss bruk av hitteverk i offentleg tilgjengelege bibliotek, utdanningsinstitusjonar og musé, men òg i arkiv, film- eller lydkulturarvinstitusjonar og allmennkringkastingsføretak som er etablerte i medlemsstatane, for å nå dei allmennyttige måla deira.

  • 2. Dette direktivet gjeld:

    • a) verk som er utgjevne i form av bøker, tidsskrift, aviser, blad eller i annan skriftleg form som finnast i samlingane til offentleg tilgjengelege bibliotek, utdanningsinstitusjonar eller musé, men òg i samlingar i arkiv eller film- eller lydkulturarvinstitusjonar,

    • b) filmverk eller audiovisuelle verk og fonogram som finnast i samlingane til offentleg tilgjengelege bibliotek, utdanningsinstitusjonar eller musé, men òg i samlingar i arkiv eller film- eller lydkulturarvinstitusjonar, og

    • c) filmverk eller audiovisuelle verk og fonogram som er produserte av allmennkringkastingsføretak fram til og med 31. desember 2002, og som finnast i arkiva deira,

      som har opphavsrettsleg vern eller nærståande rettar, og som først vert utgjeve i ein medlemsstat, eller dersom dei ikkje er utgjeve, først vart kringkasta i ein medlemsstat.

  • 3. Dette direktivet gjeld òg verk og fonogram som er nemnde i nr. 2, og som ikkje har vortne utgjevne eller kringkasta, men som med samtykke frå rettshavarane er gjorde tilgjengelege for ålmenta av dei organisasjonane som er nemnde i nr. 1, så framt det er rimeleg å rekne med at rettshavarane ikkje vil motsetje seg bruken som er nemnd i artikkel 6. Medlemsstatane kan avgrense bruken av dette nummeret på verk og fonogram som vert overlatne til desse organisasjonane innan 29. oktober 2014.

  • 4. Dette direktivet skal òg gjelde verk og andre verna arbeid som er tilknytte eller innarbeidde i, eller som utgjer ein integrert del av, verka eller fonogramma som er nemnde i nr. 2 og 3.

  • 5. Dette direktivet rører ikkje ved ordningar som gjeld forvaltninga av rettar på nasjonalt plan.

Artikkel 2

Hitteverk

  • 1. Eit verk eller fonogram skal reknast som eit hitteverk dersom ingen av rettshavarane til dette verket eller fonogrammet er identifiserte, eller dersom ein eller fleire av dei er identifiserte, men ikkje lokaliserte trass i at det er utført og registrert omfattande søk etter rettshavarar, i samsvar med artikkel 3.

  • 2. Dersom det er fleire enn ein rettshavar til eit verk eller fonogram der ikkje alle rettshavarane er identifiserte, eller dersom dei er identifiserte, men ikkje lokaliserte etter at eit omfattande søk er utført og registrert, i samsvar med artikkel 3, kan verket eller fonogrammet nyttast i samsvar med dette direktivet, så framt rettshavarane som er identifiserte og lokaliserte, i tilknyting til dei rettane dei har, har gjeve organisasjonane løyve, som nemnt i artikkel 1 nr. 1, til å framstille eksemplar og stille verket til rådvelde for ålmenta, som omfatta av artikkel 2 og 3 i direktiv 2001/29/EF.

  • 3. Nr. 2 skal ikkje røre ved rettane som identifiserte og lokaliserte rettshavarar har til verka eller fonogramma.

  • 4. Artikkel 5 skal tilsvarande gjelde rettshavarar som ikkje er identifiserte og lokaliserte, til verka som er nemnde i nr. 2.

  • 5. Dette direktivet skal ikkje røre ved nasjonale føresegner om anonyme eller pseudonyme verk.

Artikkel 3

Omfattande søk

  • 1. For å fastsetje om eit verk eller fonogram er eit hitteverk skal organisasjonane som er nemnde i artikkel 1 nr. 1, sikre at det vert utført omfattande søk, i god tru, med omsyn til kvart verk eller anna verna arbeid, ved å nytte dei kjeldene som er høvelege for den aktuelle kategorien av verk og andre verna arbeid. Det omfattande søket skal utførast før verket eller fonogrammet vert nytta.

  • 2. Kvar medlemsstat skal, i samråd med rettshavarane og brukarane, fastsetje eigna kjelder for kvar kategori av aktuelle verk eller fonogram og skal omfatte minst dei relevante kjeldene som er førte opp i vedlegget.

  • 3. Det skal utførast eit omfattande søk i medlemsstaten der verket først vart utgjeve, eller dersom det ikkje er utgjeve, der det først vart kringkasta, med unntak av filmverk eller audiovisuelle verk der produsenten har hovudkontor eller vanlegvis er busett i ein medlemsstat. I slike høve skal det omfattande søket utførast i medlemsstaten der produsenten har hovudkontor eller vanlegvis er busett.

    I det tilfellet som er nemnd i artikkel 1 nr. 3, skal det omfattande søket utførast i den medlemsstaten der organisasjonen som med samtykke frå rettshavaren gjorde verket eller fonogrammet offentleg tilgjengeleg, er etablert.

  • 4. Dersom det finnast dokumentasjon som tyder på at det finnast relevante opplysningar om rettshavarar i andre land, skal òg informasjonskjeldene i desse andre landa nyttast.

  • 5. Medlemsstatane skal sikre at dei organisasjonane som er nemnde i artikkel 1 nr. 1, dokumenterer dei omfattande søka, og at dei legg fram følgjande opplysningar til dei rette nasjonale styresmaktene:

    • a) resultata av dei omfattande søka som organisasjonane har utført, og som er årsaka til at det vert konkludert med at eit verk eller fonogram skal reknast som hitteverk,

    • b) bruken av hitteverk i organisasjonane i samsvar med dette direktivet,

    • c) eventuelle endringar, i medhald av artikkel 5, i hitteverksstatusen til verk og fonogram som organisasjonane nyttar,

    • d) relevante kontaktopplysningar om den aktuelle organisasjonen.

  • 6. Medlemsstatane må setje inn dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at opplysningane som er nemnde i nr. 5, vert registrerte i ei felles direktekopla database som er tilgjengeleg for ålmenta, og som er oppretta og forvalta av Kontoret for harmonisering i den indre marknaden («Kontoret»), i samsvar med forordning (EU) nr. 386/2012. Dei må difor straks sende opplysningane dei mottek frå organisasjonane som er nemnde i artikkel 1 nr. 1, vidare til Kontoret.

Artikkel 4

Innbyrdes godkjenning av status som hitteverk

Eit verk eller fonogram som i medhald av artikkel 2 vert rekna som eit hitteverk i ein medlemsstat, skal ha status som hitteverk i alle medlemsstatane. I samsvar med dette direktivet kan eit slikt verk eller fonogram nyttast og gjerast tilgjengeleg i alle medlemsstatane. Dette gjeld òg verk og fonogram som er nemnde i artikkel 2 nr. 2, med omsyn til retten som rettshavarar som ikkje er identifiserte eller ikkje er lokaliserte, har.

Artikkel 5

Oppheving av status som hitteverk

Medlemsstatane skal sikre at ein rettshavar til eit verk eller fonogram som vert rekna som eit hitteverk, alltid skal kunne oppheve denne statusen i kraft av dei rettane som denne rettshavaren har.

Artikkel 6

Tillaten bruk av hitteverk

  • 1. Medlemsstatane skal fastsetje eit unntak eller ei avgrensing av retten til eksemplarframstilling og retten til å stille verk til rådvelde for ålmenta, slik det er fastsett i høvesvis artikkel 2 og 3 i direktiv 2001/29/EF, for å sikre at organisasjonane som er nemnde i artikkel 1 nr. 1, har løyve til å nytte hitteverk som finnast i samlingane deira, på følgjande måtar:

    • a) ved å stille hitteverket til rådvelde for ålmenta, slik det er definert i artikkel 3 i direktiv 2001/29/EF,

    • b) gjennom eksemplarframstilling, slik det er definert i artikkel 2 i direktiv 2001/29/EF, med føremål om digitalisering, stille til rådvelde, indeksering, katalogisering, bevaring eller restaurering.

  • 2. Organisasjonane som er nemnde i artikkel 1 nr. 1, skal nytte hitteverk i samsvar med nr. 1 i denne artikkelen, berre for å nå mål som er knytte til allmennyttige oppgåver, særleg bevaring og restaurering av verk og fonogram som finnast i samlingane deira, og for å gjere dei tilgjengelege for kulturelle og utdanningsmessige føremål. Slik bruk kan generere inntekter for organisasjonane, men skal berre nyttast til å dekkje kostnader i samband med digitaliseringa av hitteverk og arbeidet med å stille dei til rådvelde for ålmenta.

  • 3. Medlemsstatane skal sikre at organisasjonane som er nemnde i artikkel 1 nr. 1, oppgjev namnet på opphavsmennene og andre rettshavarar som er identifiserte, ved all bruk av eit hitteverk.

  • 4. Dette direktivet rører ikkje ved den retten slike organisasjonar har til å inngå avtaler for å utføre allmennyttige oppgåver, særleg avtaler som gjeld partnarskap mellom det offentlege og private aktørar.

  • 5. Medlemsstatane skal syte for at rettshavarar som opphevar hitteverksstatusen til verka sine eller andre verna arbeid, skal få ein rimeleg kompensasjon for den bruken som organisasjonane som er nemnde i artikkel 1 nr. 1 har gjort av slike verk og andre verna arbeid, i samsvar med nr. 1 i denne artikkelen. Medlemsstatane skal sjølve avgjere korleis utbetalinga av ein slik kompensasjon skal skje. Storleiken på kompensasjonen skal fastsetjast innanfor rammene av unionsretten, i samsvar med lovgjevinga i medlemsstaten der organisasjonen som nyttar hitteverket, er etablert.

Artikkel 7

Vidareføring av andre lovføresegner

Dette direktivet skal ikkje røre ved føresegner som særleg gjeld patentrettar, varemerke, mønsterrettar, bruksmønster, topografiane til halvleiarprodukt, skrifttypar, tilgangskontroll, tilgang til kabeloverføring av kringkastingstenesta, vern av nasjonalskattar, pliktavleveringskrav, lovgjeving om konkurranseavgrensande avtaler og illojal konkurranse, forretningsløyndommar, tryggleik, fortruleg handsaming, datasikring og personvern, tilgang til offentlege dokument, avtaleretten og reglar som gjeld presse- og ytringsfridom i media.

Artikkel 8

Framtidig bruk

  • 1. Dette direktivet skal gjelde alle verk og fonogram som er nemnde i artikkel 1, og som er verna av lovgjevinga i medlemsstatane om opphavsrett frå og med den 29. oktober 2014.

  • 2. Dette direktivet skal ikkje røre ved handlingar som er utførte og rettar som er oppnådde før 29. oktober 2014.

Artikkel 9

Innarbeiding i nasjonal lovgjeving

  • 1. Medlemsstatane skal innan 29. oktober 2014 setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet. Dei skal straks sende Kommisjonen teksta til desse føresegnene.

    Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal følgje med ei slik tilvising til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset på kva måte denne tilvisinga skal gjerast.

  • 2. Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.

Artikkel 10

Revisjonsklausul

Kommisjonen skal følgje utviklinga kontinuerleg når det gjeld kjeldene til opplysningar om rettar, og skal innan 29. oktober 2015, og deretter årleg, leggje fram ein rapport som peikar på om verkeområdet til direktivet kan bli utvida til å gjelde forleggjarar og verk eller andre verna arbeid som på noverande tidspunkt ikkje er omfatta av direktivet, og særleg gjeld dette separate fotografi og andre bilete.

Kommisjonen skal innan 29. oktober 2015 leggje fram ein rapport for Europaparlamentet, Rådet og Det europeiske økonomi- og sosialutvalet om bruken av dette direktivet sett i lys av utviklinga av digitale bibliotek.

Ved behov, og særleg for å sikre verkemåten til den indre marknaden, skal Kommisjonen leggje fram framlegg til endring av dette direktivet.

Dersom ein medlemsstat har gyldige grunnar til å meine at iverksetjing av dette direktivet vil vere til hinder for ei nasjonal ordning som gjeld forvalting av rettane som er nemnde i artikkel 1 nr. 5, kan han leggje dette fram for Kommisjonen saman med all relevant dokumentasjon. Kommisjonen skal ta omsyn til slik dokumentasjon når han utarbeider rapporten som er nemnd i nr. 2 i denne artikkelen, og når han vurderer om det er naudsynt å leggje fram framlegg til endringar av dette direktivet.

Artikkel 11

Iverksetjing

Dette direktivet tek til å gjelde dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 12

Adressatar

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Strasbourg, 25. oktober 2012.

For Europaparlamentet

For Rådet

M. SCHULZ

A. D. MAVROYIANNIS

President

Formann

VEDLEGG

Dei kjeldene som er nemnde i artikkel 3 nr. 2, omfattar:

  • 1) For utgjevne bøker:

    • a) pliktavlevering, bibliotekskatalogar og autoritetsregister som finnast i biblioteka og i andre institusjonar,

    • b) forleggjarar- og opphavsmennssamanslutningar i det respektive landet,

    • c) eksisterande databasar og register, WATCH (Writers, Artists and their Copyright Holders), ISBN (International Standard Book Number) og databasar over trykte bøker,

    • d) databasane til dei aktuelle rettshavarorganisasjonane, særleg organisasjonar som forvaltar retten til eksemplarframstilling,

    • e) kjelder som omfattar ei rekkje databasar og register, medrekna VIAF (Virtual International Authority Files) og ARROW (Accessible Registries of Rights Information and Orphan Works),

  • 2) For aviser, blad, journalar og tidsskrift:

    • a) ISSN (International Standard Serial Number) for tidsskrift,

    • b) indeksar og katalogar frå bibliotek og andre samlingar,

    • c) pliktavlevering,

    • d) forleggjarsamanslutningar og opphavsmenn- og journalistsamanslutningar i det respektive landet,

    • e) databasane til aktuelle rettshavarorganisasjonar, medrekna organisasjonar som forvaltar retten til eksemplarframstilling,

  • 3) For visuelle verk, medrekna kunst, fotografi, illustrasjonar, design, arkitektur, skisser av dei sistnemnde verka og andre slike verk som finnast i bøker, journalar, aviser og blad eller andre verk:

    • a) kjeldene som er nemnde i punkt 1) og 2),

    • b) databasane til dei aktuelle rettshavarorganisasjonane, særleg for biletkunst, og mellom anna organisasjonar som forvaltar retten til eksemplarframstilling,

    • c) eventuelt databasane til biletebyrå,

  • 4) For audiovisuelle verk og fonogram:

    • a) pliktavlevering,

    • b) produsentsamanslutningar i det respektive landet,

    • c) databasane til film- eller lydkulturarvinstitusjonar og nasjonalbibliotek,

    • d) databasar med relevante standardar og identifikatorar, til dømes ISAN (International Standard Audiovisual Number) for audiovisuelle verk, ISWC (International Standard Music Work Code) for musikkverk og ISRC (International Standard Recording Code) for fonogram,

    • e) databasane til dei aktuelle rettshavarorganisasjonane, særleg for opphavsmenn, utøvande kunstnarar, fonogramprodusentar og produsentar av audiovisuelle verk,

    • f) opplysningar om medverkande og annan informasjon som vert vist på emballasjen til verket,

    • g) databasane til andre relevante samanslutningar som representerer ein bestemt kategori av rettshavarar.

Fotnotar

1.

TEU C 376 av 22.12.2011, s. 66.

2.

Haldning frå Europaparlamentet av 13. september 2012 (enno ikkje kunngjord i TEU) og rådsavgjerd av 4. oktober 2012.

3.

TEF L 167 av 22.6.2001, s. 10.

4.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 386/2012 av 19. april 2012 om tildeling av oppgåver til Kontoret for harmonisering i den indre marknaden (varemerke og mønster) i samband med handheving av immaterialrettar, medrekna samlinga av representantar frå offentleg og privat sektor som eit europeisk senter for observasjon av krenking av immaterialrettar (TEU L 129 av 16.5.2012, s. 1).