Prop. 126 S (2014–2015)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

I dag finst det inga særleg regulering av klarering av hitteverk i norsk rett. Etter gjeldande rett kan hitteverk klarerast gjennom reglane for avtalelisens i åndsverklova, noko som har medverka til at klarering av hitteverk ikkje har vore noko stort problem i Noreg.

Føresegnene om avtalelisens kan berre nyttast som heimel for bruk av eit hitteverk i Noreg. Hitteverkdirektivet har eit vidare verkeområde enn det regelverket vi har i dag, ettersom hitteverk etter direktivet vert klarerte for heile EØS-området, og ikkje berre for Noreg.

Kulturdepartementet har i Prop. 69 L Endringer i åndsverkloven (gjennomføring av EUs hitteverkdirektiv og innføring av generell avtalelisens mv.) gjort framlegg om å gjennomføre direktivet ved endringar i åndsverklova (lov om opphavsrett til åndsverk mv. av 12. mai 1961 nr. 2).

Framlegget har vore på allmenn høyring, og fekk brei støtte frå høyringsinstansane.