Prop. 13 S (2019–2020)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

821 030

869 164

870 873

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

10 242

10 242

1 142

71

Overføring til andre

66 346

62 346

63 481

73

Forsking og utvikling

29 724

29 724

24 724

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 1,709 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 2,100 mill. kroner knytte til Svendsenutvalget som er oppretta for å greie ut korleis Forsvaret kan betre evna til å rekruttere, behalde, utvikle og avvikle kompetanse. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1700, post 43.

Posten er foreslått redusert med:

  • 0,256 mill. kroner knytte til overføring av eit årsverk på Institutt for forsvarsstudiar på Forsvarets Høgskule. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,135 mill. kroner til inndekning av eit meirforbruk på kap. 1700, post 71.

Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 9,100 mill. kroner.

Posten består av midlar som er disponerte av forsvarsministeren til spesielle behov som krev rask avklaring og som oppstår i løpet av året.

Posten er foreslått redusert med:

  • 6,000 mill. kroner knytte til etablering av midlertidig hangarkapasitet etter lynnedslag i ein hangar på Høybuktmoen. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1710, post 01.

  • 2,100 mill. kroner knytte til Svendsenutvalget, jf. omtale under kap. 1700, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1700, post 01.

  • 1,000 mill. kroner knytte til Stiftelsen Roseslottet, jf. omtale under kap. 1700, post 71. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1700, post 71.

Post 71 Overføring til andre

Løyvinga på posten er foreslått auka med 1,135 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 1,000 mill. kroner knytte til Stiftelsen Roseslottet som planlegg å setje opp ein kunstinstallasjon på Frognerseteren. Kunstinstallasjonen markerar starten på 2. verdskrig i Noreg med opning 9. april 2020, og frigjøringa av Norge ved å avslutte 8. mai 2021. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1700, post 43.

  • 0,135 mill. kroner knytte til å dekkje inn eit meirbehov på posten. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1700, post 01.

Post 73 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 5,000 mill. kroner knytte til å utarbeide ein heilskapleg gjennomføringsplan for vidareutvikling av HR i forsvarssektoren. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kap. 4700 Forsvarsdepartementet

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

96

Aksjar

0

0

2 900

Post 96 Aksjar

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 2,900 mill. kroner.

Forsvarsdepartementet inngikk 13. desember 2018 ei avtale om sal av aksjar i AIM Norway AS for 2,900 mill. kroner til Kongsberg Defence & Aerospace AS. Salet blei avslutta 29. mai 2019. Forsvarsdepartementet foreslår difor ein auke i inntektene på kap. 4700, post 96 med 2,900 mill. kroner. Posten er ny.

Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

4 171 164

4 195 032

4 018 532

47

Nybygg og nyanlegg

2 546 032

2 446 032

2 438 532

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 176,500 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 7,500 mill. kroner til etablering av midlertidig hangarkapasitet etter lynnedslag i ein hangar på Høybuktmoen. Etableringa inkluderer skadesanering og riving. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1700, post 43 (6,000 mill. kroner) og kap. 1710, post 47 (1,500 mill. kroner).

Posten er foreslått redusert med:

  • 184,000 mill. kroner grunna tilsvarande reduksjon i inntekta, og gjeld hovudsakleg

  • oppdragsfinansierte inntekter, jf. omtale på kap. 4710, post 01.

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 7,500 mill. kroner.

Posten er foreslått redusert med:

  • 6,000 mill. kroner knytte til meirutgiftene til drivstoff i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1733, post 01.

  • 1,500 mill. kroner knytte til etablering av midlertidig hangarkapasitet etter lynnedslag i ein hangar på Høybuktmoen. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1710, post 01.

Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

3 892 456

3 892 456

3 708 456

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 184,000 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 76,000 mill. kroner knytte til meirinntekter frå forsyning av strøm og vatn til leigetakarane og

  • 46,000 mill. kroner knytte til meirinntekter frå husleige.

Posten er foreslått redusert med:

  • 154,000 mill. kroner knytte til oppdragsfinansierte inntekter utanfor forsvarssektoren og

  • 152,000 mill. kroner knytte til oppdragsfinansierte inntekter innanfor forsvarssektoren.

Mindreinntektene fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1720 Felleskapasitetar i Forsvaret

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

9 217 413

9 662 511

9 885 952

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 223,441 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 146,000 mill. kroner knytte til å betre forsyningsberedskapen for ammunisjon i Forsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 45.

  • 24,683 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering. Effektiviseringskravet blei i utgangspunktet lagt på Forsvarets logistikkorganisasjon på kap. 1720, post 01. Effektiviseringa er gjennomført gjennom ulike tiltak som treff fleire av Forsvarets kapittel og poster, og effektiviseringsgevinsten er foreslått tilbakeført til kap. 1720, post 01, for å redusere det opphavlege trekket. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01 (1,340 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (8,720 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (13,181 mill. kroner), 1734, post 01 (0,762 mill. kroner) og 1791, post 01 (0,680 mill. kroner).

  • 19,426 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er reduserte i 2019 grunna effektivisering. Forsvarsdepartementet foreslår å gjennomføre korreksjonar i løyvingane. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01 (3,911 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (9,616 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,682 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (1,719 mill. kroner), kap. 1735, post 21 (0,036 mill. kroner), kap. 1760, post 45 (2,324 mill. kroner), kap. 1790, post 01 (0,226 mill. kroner), kap. 1791, post 01 (0,116 mill. kroner) og kap. 1792, post 01 (0,796 mill. kroner).

  • 19,200 mill. kroner knytte til etablering av ein midlertidig leir på Skjold i Troms til nederlandske styrkar som trener og øver i Noreg. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.

  • 13,112 mill. kroner knytte til auka valutautgifter i Forsvaret. Det er difor eit behov for auka løyvingar på fleire kapittel. Midlane er foreslått omdisponerte mellom kap. 1720, post 01 (13,112 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (-0,471 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (4,214 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (52,108 mill. kroner), kap. 1760, post 45 (-40,613 mill. kroner), kap. 1790, post 01 (1,650 mill. kroner) og kap. 4760, post 45 (-30,000 mill. kroner).

  • 12,056 mill. kroner gjeld Østerdalen landverksted samt Troms og Finnmark landverksted som i april 2019 blei overførte til Forsvarets logistikkorganisasjon. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.

  • 11,267 mill. kroner knytte til interneffektiviseringar innanfor blant anna områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 01.

  • 5,000 mill. kroner knytte til å utarbeide ein heilskapleg gjennomføringsplan for vidareutvikling av HR i forsvarssektoren. Det er påvist eit betydeleg potensial for å utvikle HR i forsvarssektoren, og desse midlane skal nyttast til gjennomføring av planfasen. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1700, post 73.

  • 3,176 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon har blitt fakturert for pendlarreiser etter at ordninga blei endra. Forsvarsdepartementet foreslår å omdisponere midlar slik at belastinga kjem på riktig stad. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01 (1,091 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (0,968 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,654 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,089 mill. kroner), kap. 1735, post 21 (0,041 mill. kroner), kap. 1760, post 01 (0,103 mill. kroner) og kap. 1791, post 01 (0,230 mill. kroner).

  • 1,662 mill. kroner knytte til at studentar frå Hæren har deltatt på masterstudiet ved Naval Postgraduate School i Monterey i USA. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.

  • 1,408 mill. kroner knytte til overføring av tilsette innanfor IKT frå Forsvarsmateriell til Forsvaret. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane knytte til tilsette blir overførte parallelt. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 01.

  • 1,183 mill. kroner knytte til at Forsvarets høgskule sine eksternfinansierte prosjekt for 2019 feilaktig blei budsjettert på Luftforsvaret. Forsvarsdepartementet foreslår at det foretas korrigering, og midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 0,750 mill. kroner knytte til at soldatar frå Hæren har delteke på kurs heldt av Forsvarets sanitet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.

  • 0,378 mill. kroner knytte til at Luftforsvaret i 2019 skal finansiere fem månader av eit prosjektårsverk ved Forsvarets høgskule knytt til eit mentorprogram. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 0,335 mill. kroner knytte til at drifta av tankanlegget for drivstoff i Ishavet er overført frå Luftforsvaret til Forsvarets logistikkorganisasjon. Dette medfører at midlar til drift av drivstoffanlegget er foreslått overførte parallelt. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 0,256 mill. kroner knytte til overføring av eit årsverk på Institutt for forsvarsstudiar på Forsvarets Høgskule. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1700, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 15,830 mill. kroner knytte til at fellesøvingar i utgangspunktet er budsjetterte på kap. 1720, post 01. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på fellesøvingane. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01 (5,661 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (2,760 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (4,839 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (2,570 mill. kroner).

  • 7,492 mill. kroner knytte til ordninga der utgifter til flyreiser for vernepliktige er budsjettert sentralt på kap. 1720, men skal betalast av dei enkelte heimeavdelingane. Forsvarsdepartementet foreslår difor at midlane blir omdisponerte til kap. 1731, post 01 (4,616 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (1,711 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (1,072 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,080 mill. kroner) og kap. 1735, post 21 (0,013 mill. kroner).

  • 5,422 mill. kroner som følje av forventa reduserte inntekter, jf. omtale under kap. 4720, post 01.

  • 3,695 mill. kroner knytte til meirbehov for vedlikehald på KV Andenes. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1790, post 01.

  • 1,962 mill. kroner knytte til lønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01, jf. omtale der.

  • 1,170 kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret. Det er difor behov for å endre fordelinga av midlar knytte til dette. Forsvarsdepartementet foreslår at midlar blir omdisponerte til kap. 1732, post 01 (4,241 mill. kroner) frå kap. 1720, post 01 (1,170 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (2,177 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,675 mill. kroner), kap. 1735, post 21 (0,085 mill. kroner), kap. 1790, post 01 (0,072 mill. kroner) og kap. 1791, post 01 (0,062 mill. kroner).

  • 0,780 mill. kroner knytte til overføring av eit årsverk for basestøtte på Kolsås frå Forsvaret til Forsvarsmateriell. Basestøtta inkluderer administrative tenester, medrekna lokal informasjonsforvalting, Forsvarets avgrensa intranett (FisBasis) og diverse vaktmeistertenester. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 0,100 mill. kroner knytte til overføring av oppdrag om gjennomføring av nasjonale militære meisterskap frå sentralt i Forsvaret til Heimevernet. Dette medfører at midlar til gjennomføring av meisterskapa er foreslått overførte parallelt. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1734, post 01.

Kap. 4720 Felleskapasitetar i Forsvaret

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

517 737

1 223 509

1 219 340

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 4,169 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 1,600 mill. kroner knytte til inntekter frå Forsvarets operative hovudkvarter.

  • 1,253 mill. kroner gjeld Østerdalen landverksted samt Troms og Finnmark landverksted som i april 2019 blei overførte til Forsvarets logistikkorganisasjon. Dette medfører at midlar knytte til inntekter er foreslått overførte frå kap. 4731, post 01.

  • 0,978 mill. kroner knytte til inntekter frå Forsvarets spesialstyrkar.

Posten er foreslått redusert med:

  • 8,000 mill. kroner knytte til reduserte inntekter frå Cyberforsvaret.

Mindreinntektene fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1731 Hæren

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

5 566 035

5 859 859

5 891 346

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 31,487 mill. kroner.

Posten blir foreslått auka med:

  • 54,000 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4731, post 01, og gjeld inntekter frå allierte som trener og øver i Noreg i 2019.

  • 15,449 mill. kroner knytte til auka regulativløn som følge av høgare lønstrinn i internasjonale operasjonar. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1792, post 01.

  • 5,661 mill. kroner knytte til at midlar til fellesøvingar som i utgangspunktet er budsjetterte sentralt. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på fellesøvingane, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 4,616 mill. kroner knytte til ordninga der utgifter til flyreiser for vernepliktige er budsjetterte sentralt på kap. 1720, men skal betalast av de enkelte heimeavdelingane, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,345 mill. kroner knytte til utgifter for kurs ved International Special Training Center i 2019 for personell tilhørande Sjøforsvaret, kor Hæren i utgangspunktet har dekka utgiftene. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1732, post 01.

Posten blir foreslått redusert med:

  • 19,200 mill. kroner knytte etableringa av ein midlertidig leir på Skjold i Troms til nederlandske styrkar som trener og øver i Noreg. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 12,056 mill. kroner gjeld Østerdalen landverksted samt Troms og Finnmark landverksted som i april 2019 blei overførte til Forsvarets logistikkorganisasjon. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 5,926 mill. kroner knytte til lønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 3,911 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er redusert i 2019 grunna effektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 2,177 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

  • 1,662 mill. kroner knytte til at studentar frå Hæren har deltatt på masterstudiet ved Naval Postgraduate School i Monterey i USA. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 1,340 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01.

  • 1,091 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon har blitt fakturert for pendlarreiser etter at ordninga blei endra, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,750 mill. kroner knytte til at vernepliktig personell frå Hæren har deltatt på kurs ved Forsvarets sanitet. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,471 mill. kroner knytte til auka valutautgifter i Forsvaret i 2019, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

Kap. 4731 Hæren

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

91 984

99 310

152 057

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 52,747 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 54,000 mill. kroner gjeld auka inntekter frå allierte som trener og øver i Noreg i 2019.

Posten er foreslått redusert med:

  • 1,253 mill. kroner gjeld Østerdalen landverksted samt Troms og Finnmark landverksted som i april 2019 blei overførte til Forsvarets logistikkorganisasjon. Dette medfører at midlar knytte til inntekter er foreslått overførte til kap. 4720, post 01.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1732 Sjøforsvaret

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

4 389 630

5 029 653

5 067 384

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 37,731 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 35,600 mill. kroner knytte til å oppretthalde planlagt aktivitet i Sjøforsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 45.

  • 20,000 mill. kroner gjelder ikkje-budsjetterte operasjonar for å vareta operative behov. Dette påfører Sjøforsvaret ekstrautgifter. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 4,241 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

  • 4,214 mill. kroner knytte til auka valutautgifter i Forsvaret i 2019, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

  • 2,760 kroner knytte til at midlar til fellesøvingar i utgangspunktet er budsjetterte sentralt. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på fellesøvingane, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 1,711 mill. kroner knytte til ordninga der utgifter til flyreiser for vernepliktige er budsjetterte sentralt på kap. 1720, men skal betalast av de enkelte heimeavdelingane, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 10,000 mill. kroner knytte til vedlikehald på kystvaktfartøy i Nordkappklassen. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1790, post 01.

  • 9,616 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er reduserte i 2019 grunna effektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 8,720 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01.

  • 1,146 mill. kroner knytte til lønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,968 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon har blitt fakturert for pendlarreiser etter at ordninga blei endra, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,345 mill. kroner knytte til utgifter for kurs ved International Special Training Center i 2019 for personell tilhørande Sjøforsvaret, kor Hæren i utgangspunktet har dekka utgiftene. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01.

Kap. 1733 Luftforsvaret

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

5 292 845

5 556 997

5 585 779

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 28,782 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 52,108 mill. kroner knytte til auka valutautgifter i Forsvaret i 2019, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

  • 14,721 mill. kroner knytte til meirutgiftene til drivstoff i Forsvaret. Meirutgiftene har samband med den uventa auka i drivstoffprisen. Det er difor behov for å fordele midlar til dette. Midlane er foreslått omdisponerte med følgjande endringar: kap. 1710, post 47 (-6,000 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (14,721 mill. kroner), kap. 1760, post 45 (-8,123 mill. kroner), kap. 1790, post 01 (5,680 mill. kroner) og kap. 4760, post 01 (-6,278 mill. kroner).

  • 4,839 mill. kroner knytte til at midlar til fellesøvingar i utgangspunktet er budsjetterte sentralt, jf. omtale under kap. 1720, post 01. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på fellesøvingane. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 1,072 mill. kroner knytte til ordninga der utgifter til flyreiser for vernepliktige er budsjetterte sentralt på kap. 1720, men skal betalast av dei enkelte heimeavdelingane, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 20,000 mill. kroner gjelder ikkje-budsjetterte operasjonar i Sjøforsvaret for å vareta operative behov. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 13,181 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01.

  • 6,305 mill. kroner knytte til vedlikehald på KV Andenes. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1790, post 01.

  • 1,183 mill. kroner til oppretting av at Forsvarets høgskule sine eksternfinansierte prosjekter tidligare i 2019 feilaktig blei budsjettert på Luftforsvaret. Forsvarsdepartementet foreslår at det foretas ein korrigering, og midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,682 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er reduserte i 2019 grunna effektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,675 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

  • 0,654 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon har blitt fakturert for pendlarreiser etter at ordninga blei endra, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,565 mill. kroner knytte til lønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,378 mill. kroner knytte til at Luftforsvaret i 2019 skal finansiere fem månader av eit prosjektårsverk ved Forsvarets høgskule knytte til eit mentorprogram. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,335 mill. kroner knytte til at drifta av tankanlegget for drivstoff i Ishavet er overført frå Luftforsvaret til Forsvarets logistikkorganisasjon. Dette medfører at midlar til drift av drivstoffanlegget er foreslått overførte parallelt. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kap. 1734 Heimevernet

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 394 798

1 396 977

1 396 972

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 0,005 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 2,570 kroner knytte til at midlar til fellesøvingar i utgangspunktet er budsjetterte sentralt, jf. omtale under kap. 1720, post 01. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på fellesøvingane. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,100 mill. kroner knytte til overføring av oppdrag om gjennomføring av nasjonale militære meisterskap frå sentralt i Forsvaret til Heimevernet. Dette medfører at midlar til gjennomføring av meisterskapa er foreslått overførte parallelt. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,080 mill. kroner knytte til ordninga der utgifter til flyreiser for vernepliktige er budsjettert sentralt på kap. 1720, men skal betalast av de enkelte heimeavdelingane, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 1,719 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er redusert i 2019 grunna effektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,762 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01.

  • 0,185 mill. kroner knytte til lønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,089 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon har blitt fakturert for pendlarreiser etter at ordninga blei endra, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kap. 1735 Etterretningstenesta

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

21

Spesielle driftsutgifter

2 005 584

2 051 690

2 051 541

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 0,149 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 0,013 mill. kroner knytte til ordninga der utgifter til flyreiser for vernepliktige er budsjetterte sentralt på kap. 1720, men skal betalast av de enkelte heimeavdelingane, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 0,085 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

  • 0,041 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon har blitt fakturert for pendlarreiser etter at ordninga blei endra, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,036 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er redusert i 2019 grunna effektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kap. 1760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 629 765

1 583 701

1 744 522

44

Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del

83 185

56 985

64 041

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

8 952 590

8 986 021

8 913 676

48

Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del

205 000

52 111

31 380

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 160,821 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 139,360 mill. kroner grunna tilsvarande auke i inntekta, og gjeld hovudsakleg refusjonar, jf. omtale under kap. 4760, post 01.

  • 16,000 mill. kroner gjeld prosjektet «Tilrettelagt innhenting» for innhenting av grenseoverskridande, elektronisk kommunikasjon. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 45.

  • 8,931 mill. kroner grunna at pågåande prosjekter har ei høgare lønsutgift enn forventa på budsjetteringstidspunktet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 45.

  • 8,100 mill. kroner knytte til avhending. Dette gjeld meirutgifter (4,000 mill. kroner) og lågare salsinntekter (4,100 mill. kroner). Midlane er foreslått finansiert med inntektsauke på kap. 4760, post 45.

  • 7,920 mill. kroner knytte til tenester utført for Sjøforsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 45.

  • 0,780 mill. kroner knytte til overføring av eit årsverk for basestøtte på Kolsås frå Forsvaret til Forsvarsmateriell. Basestøtta inkluderer administrative tenester, medrekna lokal informasjonsforvalting, Forsvarets avgrensa intranett (FisBasis) og diverse vaktmeistertenester. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 11,267 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor blant anna områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 7,056 mill. kroner knytte til utgifter til NATO Security Investment Programme-prosjekter. Hensikta med denne endringa er å etablere ein felles praksis for regnskapsføring av investeringsutgiftene, uavhengig av leverandør. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 44.

  • 1,408 mill. kroner knytte til overføring av tilsette innanfor IKT frå Forsvarsmateriell til Forsvaret. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane knytte til tilsette blir overførte parallelt. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,436 mill. kroner knytte til lønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,103 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon har blitt fakturert for pendlarreiser etter at ordninga blei endra, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Post 44 Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 7,056 mill. kroner knytte til utgifter til NATO Security Investment Programme-prosjekter. Hensikta med endringa er å etablere ein felles praksis for regnskapsføring av investeringsutgiftene, uavhengig av leverandør. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 01.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 72,345 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 143,000 mill. kroner som følge av betalingsforskyvingar for kampflyet F-35 etter gjennomgang av kontraktar i det fleirnasjonale partnarskapet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1761, post 45.

  • 39,166 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4760, post 45 knytte til missilsamarbeid med Tyskland.

  • 11,000 mill. kroner knytte til styrka prosjektporteføljen. Midlane er foreslått finansiert med tilsvarande inntektsauke på kap. 4760, post 45 (10,817 mill. kroner) og kap. 4760, post 01 (0,183 mill. kroner).

Posten er foreslått redusert med:

  • 146,000 mill. kroner knytte til å betre forsyningsberedskapen for ammunisjon i Forsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 43,520 mill. kroner knytte til å oppretthalde planlagt aktivitet i Sjøforsvaret og tenester utført av Forsvarsmateriell for Sjøforsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01 (35,600 mill. kroner) og kap. 1760, post 01 (7,920 mill. kroner).

  • 40,613 mill. kroner knytte til auka valutautgifter i Forsvaret i 2019, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 16,000 mill. kroner gjeld prosjektet «Tilrettelagt innhenting» som er knytte til tilrettelagt innhenting av grenseoverskridande, elektronisk kommunikasjon. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 8,931 mill. kroner grunna at pågåande prosjekter på kap. 1760, post 01 har ei høgare lønsutgift enn forventa på budsjetteringstidspunktet. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 8,123 mill. kroner knytte til meirutgiftene til drivstoff i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1733, post 01.

  • 2,324 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er reduserte i 2019 grunna effektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 20,731 mill. kroner grunna tilsvarande reduksjon i inntekta. 15,200 mill. kroner av reduksjonen er knytte til forseinkingar i NATO-prosjekt, og 5,531 mill. kroner er knytte til reduksjon av refusjonar frå NATO, jf. kap. 4760, post 48.

Kap. 4760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

33 090

30 182

176 003

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter

0

34 460

132 543

48

Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter

205 036

54 436

33 705

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 145,821 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 80,608 mill. kroner knytte til refusjonar frå Forsvaret.

  • 35,905 mill. kroner knytte til refusjonar frå Forsvarsbygg.

  • 17,728 mill. kroner knytte til meirinntekter frå royalties.

  • 11,580 mill. kroner knytte til refusjonar frå Forsvarets forskingsinstitutt.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 98,083 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 40,000 mill. kroner knytte til sal av dei utrangerte transportflya C-130H Hercules.

  • 39,166 mill. kroner knytte til missilsamarbeid med Tyskland.

  • 18,917 mill. kroner knytte til konvensjonalbøter.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 20,731 mill. kroner.

Posten er foreslått redusert med:

  • 15,200 mill. kroner knytte til forseinkingar i NATO-prosjekt og

  • 5,531 mill. kroner knytte til reduksjon frå refusjonar frå NATO grunna periodisering.

Mindreinntektene fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1761 Nye kampfly med baseløysing

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

191 471

192 826

167 826

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

7 009 512

7 009 512

6 891 512

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 25,000 mill. kroner knytte til utdanning for kampflypilotar i USA. Midlane er foreslått nytta til anskaffing av materiell og omdisponerte til kap. 1761, post 45.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 118,000 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 25,000 mill. kroner som følge anskaffing av nytt materiell. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1761, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 143,000 mill. kroner som følge av betalingsforskyvingar for kampflyet F-35 etter gjennomgangar av kontraktar i det fleirnasjonale partnarskapet på posten. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 45.

Kap. 1790 Kystvakta

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 157 875

1 084 913

1 111 945

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 27,032 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 10,000 mill. kroner knytte til vedlikehald på kystvaktfartøy i Nordkappklassen. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1732, post 01.

  • 10,000 mill. kroner knytte til vedlikehald på KV Andenes. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01 (3,695 mill. kroner) og kap. 1733, post 01 (6,305 mill. kroner).

  • 5,680 mill. kroner knytte til meirutgiftene til drivstoff i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1733, post 01.

  • 1,650 mill. kroner knytte til auka valutautgifter i Forsvaret i 2019, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 0,226 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er redusert i 2019 grunna effektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,072 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

866 848

912 550

936 534

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 23,984 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 25,072 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4791, post 01, og gjeld auka inntekter frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Posten er foreslått redusert med:

  • 0,680 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01.

  • 0,230 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon har blitt fakturert for pendlarreiser etter at ordninga blei endra, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,116 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er redusert i 2019 grunna effektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,062 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01.

Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

774 747

819 747

844 819

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 25,072 mill. kroner knytte til forventa auka inntekter frå Justis- og beredskapsdepartementet i 2019.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

(i 1 000 kr.)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2019

Gjeldande løyving

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

990 316

999 373

993 348

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 6,025 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 10,220 mill. knytte til lønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar på oppdrag for etterretningstenesta. Etterretningstenesta bokfører denne løna på kap. 1792, post 01. Løna til personell frå andre avdelingar er budsjettert på dei enkelte kapitla og skal tilbakeførast til kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01 (1,962 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (5,926 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (1,146 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,565 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,185 mill. kroner) og kap. 1760, post 01 (0,436 mill. kroner).

Posten er foreslått redusert med:

  • 15,449 mill. kroner knytte til auka regulativløn som følge av høgare lønstrinn i internasjonale operasjonar. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,796 mill. kroner knytte til at timeprisane på verkstader er redusert i 2019 grunna effektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Til forsida