Prop. 131 S (2016–2017)

Nokre saker om administrasjon, veg, jernbane og post og telekommunikasjonar

Til innhaldsliste

2 Administrasjon m.m.

2.1 Tilskot til samferdselsberedskap

Samferdselsdepartementet løyver midlar til tilskot til samferdselsberedskap over kap. 1300, post 72 Tilskot til samferdselsberedskap. Midlane finansierer utgifter til arbeid og oppgåver som er viktige for samferdselsberedskapen, men som ikkje blir finansiert direkte over statsbudsjettet til Avinor AS, Posten Norge AS og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Varslingsteneste for vulkansk oske blir vurdert som ein viktig del av beredskapen i samferdselssektoren. Tenesta kom til etter eit forskingsprosjekt om måling av vulkansk oske i norsk luftrom etter vulkanutbrotet på Eyjafjallajökull i 2010. Prosjektet var finansiert av Samferdselsdepartementet og av Avinor AS.

Samferdselsdepartementet orienterer med dette om at Avinor AS kan få dekka kostnader til kjøp av varslingstenester for vulkansk oske innafor gjeldande løyving over kap. 1300, post 72, fram til kostnadene kan takast inn i undervegsavgifta i samband med ny ytingsplan for flysikringstenestene.