Prop. 131 S (2016–2017)

Nokre saker om administrasjon, veg, jernbane og post og telekommunikasjonar

Til innhaldsliste

5 Post og telekommunikasjonar

5.1 Unntak frå avstandskrav i postregelverket

Med heimel i postloven § 19 kan det etter postforskriften § 12 gjerast unntak frå reglane om plassering av postkassar for inntil 3 500 husstandar og næringsverksemder på landsbasis når særleg spreidd busetnad eller næringsverksemd gjer utlevering urimeleg kostnadskrevjande. Talet på husstandar vart fastsett fordi Posten i tiåret fram til 2014 rapporterte mellom 2 800 og 3 200 unntakstilfelle. Taket blei sett med tanke på at servicenivået skulle vidareførast, jf. Prop. 109 L (2014–2015) Lov om posttjenester (postloven), side 37–38 og 72.

I 2016 gjorde Posten ei omfattande kartlegging, basert på måleverktøy i ei kartløysing som viser kvar postkassa er plassert i høve til eigedomsgrensa. Den teknologiske utviklinga har gjort det mogleg å måle nøyaktig avstand frå eigedomsgrense til postkasse, og det gir betre oversikt over omfanget av unntak. Tabell 5.1 viser talet på unntakstilfelle i 2015 og 2016.

Unntakstilfelle i 2015 og 2016

Tal på unntak

Under 500 m

500–999 m

1–3 km

Over 3 km

Totalt

2015

1 375

650

399

266

2 690

2016

7 190

2 006

753

256

10 205

Totalt utgjer unntaka rundt 0,4 pst. av i alt 2,4 millionar postkassar. 70 pst. av unntaka for 2016 er under 500 meter frå eigedomsgrensa. Auken er eit resultat av betre måleverktøy og ikkje ei reell endring mellom åra. Vidare er auken ikkje eit resultat av eit endra servicenivå, og kassane står der dei sto året før. Posten opplyser at selskapet i 2016 berre godkjente eitt nytt unntakstilfelle, som omfattar tre husstandar. Vidare opplyser Posten at det har vore nokre saker dei siste åra der postkassar vart flytta til fastlandet då båtruter vart lagde ned, men at det utanom dette har vore svært få nye unntakstilfelle.

Brevmengda er meir enn halvert sidan 2000 og er venta å falle betydeleg også dei kommande åra. Det viser at ei viss tilpassing av servicenivået er heilt naudsynt. Taket på 3 500 unntak var meint å gi Posten eit handlingsrom for vidare tilpassing i distribusjonsnettet. Det viser seg no at det faktiske talet på unntak er høgare enn det som vart lagt til grunn i Prop. 109 L (2014–2015). Departementet legg difor opp til å heve taket i forskrifta til 11 000. Dette vil gi Posten same grad av fleksibilitet som var Stortingets intensjon ved behandlinga av Prop. 109 L (2014–2015), men vil på same tid sikre at servicenivået blir vidareført.