Prop. 166 S (2016–2017)

Samtykke til godtaking av direktiv (EU) 2017/853 om kontroll med erverv og innehav av våpen (vidareutvikling av Schengen-regelverket)

Til innhaldsliste

4 Gjennomføring av endringsdirektivet i norsk rett

Som ei innleiing kan det nemnast at fleire av føresegnene i endringsdirektivet samsvarar med gjeldande norsk rett. Nokre av føresegnene krev likevel materiellrettslege endringar. Mellom anna må det fastsettast heimel for at også deaktiverte skytevåpen kan registrerast i våpenregisteret. Vidare vil føresegnene i direktivet om meir omfattande og detaljerte reglar om registrering og merking av våpen og våpendelar krevje tilpassingar i norsk regelverk.

Direktivet sin hovudregel om forbod mot halvautomatiske skytevåpen med stor magasinkapasitet vil krevje endringar i nasjonalt regelverk. Likeeins må det fastsetjast forbod mot våpenmagasin med stor patronkapasitet. Dei særskilte unnataka frå hovudregelen, som mellom anna fastset strengare vilkår for sportsskyttarar må også regulerast. Tilsvarande må det gjevast reglar om regelmessig kontroll av tildelte løyve for denne typen våpen.

Justis- og beredskapsdepartementet vil fremme ein eigen Prop. L om ny våpenlov, som også gjennomfører endringsdirektivet.