Prop. 17 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1352 Jernbanedirektoratet

Post 70 Kjøp av persontransport med tog

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog, med 450 mill. kr, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald, jf. omtale under post 71.

Post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald

Det går fram av Prop. 1 S (2017–2018), side 158, at inntekter som tidlegare gjekk til staten ved Jernbaneverket og var ein del av statsbudsjettet, etter gjennomføringa av jernbanereforma går til Bane NOR SF direkte. Desse inntektene kjem til fråtrekk i løyvinga til drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen over statsbudsjettet. For persontogtenester som staten kjøper, blir togselskapa kompensert for ev. endringar i avgiftene.

Jernbaneforskrifta § 6-1 pålegg Bane NOR som infrastrukturforvaltar å fastsetje og krevje inn avgifter. Gjeldande regler om infrastrukturavgifter blei fastsett i 2002, med bakgrunn i EØS-avtala. For godstog blei det ikkje kravd køyrevegsavgift mellom 2006 og 2017, med unntak for tunge godstog med aksellast over 25 tonn (22,5 tonn fram til 2007). For persontog har det ikkje vore kravd avgifter før i 2017, med unntak av brukarbetalinga på Gardermobanen. I samband med jernbanereforma er det lagt opp til ein gradvis auke av køyrevegsavgifta og betaling frå togselskapa for andre tenester knytt til bruk av infrastrukturen (t.d. bruk av stasjonar og spor for hensetting/parkering av tog). Bane NOR har utarbeidd ein plan for innføring av infrastrukturavgifter.

I forslaget til løyvingar i Prop. 1 S (2017–2018) var det ikkje teke omsyn til auka i Bane NORs inntekter frå infrastrukturavgifter i 2018. Auka inntekter frå infrastrukturavgifter reduserer behovet for statleg løyving til kjøp av infrastrukturtenester på post 71, og aukar behovet for kjøp av persontransport med tog på post 70, for å kompensere togselskapa. Forslaget om å endre løyvingane på post 70 og 71 inneber samla sett eitt uendra nivå på løyvingane og aktivitetane under kap. 1352 Jernbanedirektoratet.

Til forsida