Prop. 17 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Programkategori 22.10 Post- og telekommunikasjonar

Kap. 1370 Posttenester

Post 70 Kjøp av post- og banktenester

I 2018 er det løyvd 603,7 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga til kjøp av post- og banktenester med netto 15,4 mill. kr i 2018. Dei einskilde forslaga er omtalte under.

Laurdagsomdeling av aviser

Etter anbodskonkurranse har departementet inngått ein ny kontrakt om laurdagsomdeling av aviser i abonnement i område utan avisbodnett. Den nye kontrakten gjeld distribusjon frå laurdag 10. november 2018. Årleg vederlag er redusert frå 96,7 mill. kr til 83,4 mill. kr. Dette inneber at løyvingsbehovet i 2018 er redusert med 0,83 mill. kr.

Etterrekning av kjøp av post- og banktenester for 2017

I 2017 blei det sett av 357 mill. kr til kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS (Posten). Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med modellen viser eit faktisk behov i 2017 til dei tenestene som det blei sett av midlar til, på 372 mill. kr. Dette er 15 mill. kr meir enn det som blei løyvd i 2017.

Departementet legg opp til at Posten får etterbetalt ein ytterlegare kompensasjon for 2017 på 15 mill. kr. Vidare legg departementet opp til at staten betaler rente på det beløpet selskapet skal ha etterbetalt, jf. praksis frå tidlegare år. Renta er rekna til 1,23 mill. kr. Dette inneber at staten skal betale i alt 16,23 mill. kr til Posten.

Til forsida