Prop. 17 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Barne- og familiedepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til senter mot incest og seksuelle overgrep. Den samla løyvinga på posten er 112,6 mill. kroner i 2022. Finansieringa er delt mellom stat og kommune, og ei tildeling av statleg tilskot føreset ei lokal finansiering på minst 20 prosent av driftsutgiftene. Staten dekkjer inntil 80 prosent. Departementet fastset årleg ei ramme for auking av tilskotet og denne er i 2022 fastsett til 7,3 prosent. Fleire av sentra har ikkje samla tilstrekkeleg lokal finansiering til at dei kan tildelast eit statstilskot med ein vekst på 7,3 prosent. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 840, post 61 med 1,5 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Prognosen for talet på DNA-analysar til fastsetjing av farskap er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841, post 23 med 0,8 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Talet på mottakarar av kontantstøtte har vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2022 blir no rekna til 1 170 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 844, post 70 med 150 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Talet på mottakarar av barnetrygd har vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2022 blir no rekna til 18 110 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845, post 70 med 100 mill. kroner.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71

Løyvinga blir mellom anna nytta til arbeid med prøveprosjekt for fritidskortordninger. Det har vore mindre behov for midlar til oppfølging av kommunane og følgjeevaluering enn tidlegare rekna. Bufdir reknar eit mindrebehov i 2022 på 4,8 mill. kroner.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 846, post 21 med 4,8 mill. kroner.

Post 61 Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

Auka prisar på straum og mat påverkar kvardagen til dei som allereie har minst. Barnefamiliar og innvandrarbefolkninga er blant gruppene som er ramma. Det finst fleire frivillige organisasjonar med tiltak som sosiale aktivitetar, alternative julefeiringar og julehjelp i form av matkasser, mat og gåver til sårbare grupper. BFD føreslår ei auka løyving på 8 mill. kroner som blir delt likt mellom Frelsesarmeen, Blå Kors, Røde Kors og Kirkens bymisjon. Med auka støtte kan desse organisasjonane nå ut til fleire og auke kvaliteten på den hjelpen som kvar einskild får. Målgruppa for den ekstra støtta er vanskelegstilte grupper, men det er ei forventning om at hovuddelen av midlane går til tiltak retta mot barnefamiliar eller barn og unge.

Det er òg føreslått auka løvingar til liknande formål under kap. 881, post 78 og kap. 1138, post 70 under Landbruks- og matdepartementet. Sjå omtale der.

BFD føreslår ein auke i løyvinga under kap. 846, post 61 på 8 mill. kroner.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

Løyvinga dekkjer mellom anna tilskotet til Barentssekretariatet i Kirkenes for å fremme ungdomssamarbeid i Barentsregionen. På grunn av pandemien fekk ikkje Barentssekretariatet brukt opp alle midlane i 2021. Restmidlane blei overført frå 2021 til 2022 og tilskotet til Barentssekretariatet i 2022 er derfor avkorta med tilsvarande sum.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 846, post 79 med 1,1 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det er løyvd midler på posten til utvikling av faglege verktøy på fosterheimsområdet i 2022. Det er venta eit mindreforbruk på 2 mill. kroner til dette arbeidet, som kjem av at delar av aktivitetane i prosjektet vart utførte i 2021.

BFD føreslår å redusere løyvinga under kap. 854, post 21 med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på skjønstilskotet til kommunar over kap. 571, post 64 til ein eingongsutbetaling til Lavangen kommune grunna ekstraordinære utgifter til barnevernstiltak og opplæring.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på kap. 854, post 22 dekkjer drift av Barnesakkunnig kommisjon. Løyvinga vart auka i 2022 som følgje av at mandatet til kommisjonen frå 15. august vart utvida til å omfatte vurdering av sakkunnigrapportar i foreldretvistsaker. Det er venta eit mindreforbruk på posten som følgje av eit lågare tal på foreldretvistsaker enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

BFD føreslår å redusere løyvinga under kap. 854, post 22 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på skjønstilskotet til kommunar over kap. 571, post 64 til ein eingongsutbetaling til Lavangen kommune grunna ekstraordinære utgifter til barnevernstiltak og opplæring.

Kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under post 22 og post 60

Basert på ny informasjon om aktivitetsutviklinga i det statlege barnevernet i 2022, er det venta ein aktivitetsnedgang i bruk av statlege barnevernstiltak i 2022, samanlikna med det som er lagt til grunn i vedtatt budsjett. BFD føreslår derfor å redusere kap. 855, post 01 med 125 mill. kroner.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Løyvinga på posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Som følgje av oppdaterte tal på aktiviteten i det statlege barnevernet i 2022, jf. omtale under kap. 855, post 01, føreslår BFD å redusere løyvinga på posten med 10 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene på posten er i hovudsak tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmidlar og kursinntekter. Sal av køyretøy har gitt meirinntekter på 5,4 mill. kroner i 2022.

BFD føreslår å auke kap. 3855, post 01 med 5,4 mill. kroner.

Post 02 Barnetrygd

Inntektene på posten er barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Inntektene ligg per no for høgt i forhold til talet på barn som er under barnevernet si omsorg. Inntektene er venta til å bli 2,2 mill. kroner lågare enn lagt til grunn for løyvinga.

BFD føreslår å redusere kap. 3855, post 02 med 2,2 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

Inntektene på posten kjem frå kommunale eigendelar for tiltak i det statlege barnevernet. Aktiviteten i det statlege barnevernet har i 2022 vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Eit lågare tal på opphaldsdagar gir reduserte inntekter. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3855, post 60 med 260 mill. kroner. Sjå óg omtale under kap. 855, postane 01 og 22.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, forvaltingsoppgåver knytt til omsorgssentera, samt busetjingsarbeid. Løyvinga i saldert budsjett la til rette for å dekkje drift av 50 plassar i 2022. Løyvinga vart auka med 150 mill. kroner i samband med situasjonen i Ukraina, jf. Prop. 78 S (2021–2022). Talet på innkomstar frå Ukraina har vore lågare enn det som vart lagt til grunn i Prop. 78 S (2021–2022).

BFD føreslår å redusere kap. 856, post 01 med 88,5 mill. kroner.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

På grunn av mindreforbruk på kap. 856 blir også tilsvarande refusjon av ODA-godkjende utgifter redusert. Det er berre barn som har opphaldstid på eit år eller mindre som gir refusjon.

BFD føreslår å redusere kap. 3856, post 04 med 95,6 mill. kroner.

Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til forskings- og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og innanfor feltet gravplassar, kremasjon og gravferd. Av løyvinga er 0,5 mill. kroner nytta til tilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) til eit prosjekt for dialog mellom trus- og livssynssamfunn, organisasjonar frå LHBT+-miljøet i Noreg og organisasjonar for skeive religiøse. BFD føreslår å redusere kap. 881, post 21 med 0,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 881, post 78 Ymse faste tiltak for å sikre korrekt postbruk.

Post 78 Ymse faste tiltak

BFD føreslår å auke kap. 881, post 78 med 0,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 881, post 21 for å sikre korrekt postbruk, sjå omtale under den posten.

Auka prisar på straum og mat påverkar kvardagen til dei som allereie har minst, sjå omtale under kap. 846, post 61. BFD føreslår å tildele 4 mill. kroner til Den norske kirke, 1,75 mill. kroner til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, 0,75 mill. kroner til Muslimsk Dialognettverk og 0,5 mill. kroner til Norges Kristne Råd. Paraplyorganisasjonene kan fordele vidare til sine medlemsorganisasjonar. Midla skal nyttast til arrangement i juletida, utdeling av matposar til familiar og til julegåver til barn.

BFD føreslår ei samla auke i løyvinga under kap. 881, post 78 på 7,5 mill. kroner.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005-2019. Oppdatert overslag for rentenivået i ordninga viser at utbetalinga av rentekompensasjon for 2022 vil bli på om lag 22 mill. kroner.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 19,1 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

Løyvinga på posten går mellom anna til tilskot til KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder, til oppgåver på kyrkjebygg -og gravplassfeltet. Innanfor gjeldande løyving på posten, føreslår BFD å auke tildelinga til KA med 0,4 mill. kroner til eit statistikkprosjekt på gravplassområdet.

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2022 blir no rekna til 23 290 mill. kroner. Dette er 100 mill. kroner lågare enn gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak at færre foreldre enn tidlegare er venta å få foreldrepengar, mellom anna på grunn av færre fødslar. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 70 med 100 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon i 2022 blir no rekna til 750 mill. kroner. Dette er 50 mill. kroner lågare enn gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast færre mottakarar enn tidlegare venta. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 71 med 50 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Anslaget for foreldrepengar året før og kor stor del av dette som blir utbetalt som feriepengar er høgare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2022 blir no rekna til 600 mill. kroner. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530, post 72 med 30 mill. kroner.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Talet på mottakarar av foreldrepengar ved adopsjon har vore noko høgare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2022 blir no rekna til 42 mill. kroner. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530, post 73 med 4 mill. kroner.

Til forsida