Prop. 17 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Informasjonssaker

4.1 Kap. 1700, post 79, Forsvarsdepartementet, tilskot til NATO Comprehensive Assistance Package for Ukraine (NATO CAP)

NATO innehar ein viss koordinerande rolle i den internasjonale støtta til Ukraina Gjennom kapasitetsbyggingsprogrammet CAP gjev alliansen mellom anna ikkje-dødeleg ressursstøtte til Ukraina. Støtta omfattar også langsiktige tiltak for å fremja demokratisk kontroll og openheit, korrupsjonshindrande tiltak samt støtte for effektivisering og modernisering av den ukrainske forsvarssektoren.

CAP-fondet finansierast gjennom bidrag frå allierte og partnarland. Regjeringa har i 2023 bidrege med 300 mill. kroner til CAP frå tilgjengelege midlar på kap. 1700, post 79.

4.2 Kap. 1700, post 79, Forsvarsdepartementet, tilskot til European Peace Facility (EPF) for anskaffingar til stridsvogndonasjonar

EU sitt fond European Peace Facility (EPF), har til hensikt å finansiere tiltak for å førebyggje konfliktar, arbeide med fredsbygging og styrka internasjonal tryggleik. Avgjera om å opprette fondet vart fatta av Det europeiske råd i mars 2021, og ved fleire høve har fondet sine økonomiske rammer vorte auka. I mars 2023 avgjorde europeiske utanriksministrar og forsvarsministrar at EPF-fondet skulle nyttast til anskaffingar eller donasjonar av ammunisjon til Ukrainas forsvarskamp. For å etterforsyne og støtte Noreg og allierte sine donasjonar av Leopard-stridsvogner, har regjeringa gjeve tilskott til EPF på 250 mill. kroner frå tilgjengelege midlar på kap. 1700, post 79, jf. forslag i Prop. 44 S (2022–2023). Det norske tilskottet skal nyttast særskild til donasjonar eller anskaffingar av reservedelar og ammunisjon for Leopard 2A4-stridsvogner.

4.3 Kap. 1700, post 79, Forsvarsdepartementet, tilskot til finansiering av vedlikehaldssenter for ukrainske Leopard 2A4-stridsvogner i Polen

Som følgje av donasjonar av vestlege stridsvogner til Ukraina gjennom 2023 og den pågåande krigføringa si slitasje på militært materiell, har Ukraina eit behov for støtte til vedlikehald. Grunna avgrensa tilgang til reservedelar, komponentar og tilbydarar av teknisk kompetanse og personell for å yte vedlikehald på Leopard 2A4-stridsvogner, har Polen tilbode å etablere eit vedlikehaldssenter for desse ukrainske stridsvognene. Vedlikehaldssenteret styrast av polske forsvarsmyndigheiter ved Governmental Strategic Reserves Agency, og senteret er allereie i drift. Tyske myndigheiter har eit motsvarande opplegg for samarbeid blant givarland og gjennomføring av vedlikehald på andre typar Leopard-stridsvogner. Regjeringa har lagt opp til å støtta vedlikehaldssenteret i Polen med eit tilskot på 150 mill. kroner frå tilgjengelege midlar på kap. 1700, post 79.

4.4 Auka kapasitet ved skulane i Forsvaret i 2023

I Prop. 1 S (2022–2023) går det fram at regjeringa i 2023 vil auke elevtalet med totalt 83 elevar ved Krigsskolen, Sjøkrigsskolen, Luftkrigsskolen og Cyberingeniørskolen i 2023.

Forsvaret har gjort ei utvida utgreiing knytt til høgning av utdanningsvolumet. Følgjande forhold vart vurdert: EBA-kapasitet, tilgang på tilstrekkelege lærarkrefter, akkreditering av utdanninga, rekrutteringsgrunnlag for studentar og tilgjengelege stillingar i Forsvaret etter gjennomført utdanning. Forsvarsdepartementet har med det blitt merksam på forhold som gjer at innretninga på satsinga bør justerast noko.

Den alternative løysinga som no gjennomførast er ei auking på 38 militære studentar årleg dei neste tre åra, som gjev ei total auking på 114 militære studentar.

Forsvaret planlegg i tillegg å styrka utdanningskapasiteten på vidaregåande offiserspåbygning i 2023. Det etablerast også eit realkompetansevurderingsråd som vil få myndigheit til å godkjenne høgare utdanningsnivå for både befal og offiserar. Om lag 20 årsverk til Forsvarets høgskole vil også forserast frå 2024 til 2023 for å leggje til rette for auka kompetanseproduksjon. Nemnte forsering kjem i tillegg til aukinga på om lag 200 årsverk i Forsvaret som skildra i Prop. 1 S (2022–2023).

Til forsida