Prop. 17 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

6 Investeringsfullmakter

6.1 Nye materiellprosjekt for godkjenning

Prosjekt 1081 Future Naval Strike Missile

Prosjektet skal utvikla eit nytt sjømålsmissil klar til operativ bruk frå 2035. Missilet skal bidra til å verna om norsk suverenitet og territorial integritet, ved å styrka Forsvaret si evne til truverdig avskrekking og forbetra evna til å kjempa mot mål på lange avstandar. Utviklingsprosjektet skal gjennomførast i samarbeid med Tyskland. I dette samarbeidet om utvikling av nytt missil, skal kostnadane delast likt. Difor skal prosjektet også presenterast for det tyske parlamentet før det blir igangsett. Prosjektet er ein del av eit maritimt materiellsamarbeid inngått i 2017, som mellom anna inneber felles kjøp av nye ubåtar, og av eksisterande sjømålsmissil av typen Naval Strike Missile, samt utvikling av eit nytt langtrekkjande sjømålsmissil. Missilet skal i tillegg utviklast til å verta ettertrakta for NATO-land og andre nære allierte. Framtidig investering i ferdig utvikla missil vil gjerast i eit eige prosjekt.

Kongsberg Defence & Aerospace skal ha ei leiande rolle i utvikling av det nye missilet. Det er avtalt med Tyskland at nasjonal industri i begge land skal vera involvert.

Det er høg grad av uvisse i dette avanserte utviklingsprosjektet. Difor er avgjerda om investering avgrensa til den innleiande designfasen i prosjektet. Den innleiande designfasen skal resultera i eit ferdig utvikla design og samstundes demonstrera at leverandøren kan byggja missilsystemet med relevant yting innanfor dei tilgjengelege økonomiske rammene. Denne løysninga vil avgrensa staten si eksponering mot risiko. Dersom den innleiande designfasen ikkje fører til eit utvikla design som vil gi tilstrekkeleg yting eller at ein ikkje vil klara det innafor ei tilgjengeleg ramme, vil det vera mogleg å avbryta prosjektet. Regjeringa vil koma attende til Stortinget med ei tilråding om vidare utviklingsfasar etter den innleiande designfasen. Om desse målsetningane ikkje vert nådd vil tilrådinga omfatta alternative løysingar til å gå vidare med utviklingsprosjektet.

Den norske delen av prosjektet si tilrådde totale kostnadsramme for den innleiande designfasen er 1 075 mill. kroner inkludert avsetning for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift. Norsk del av prosjektet si styringsramme for den innleiande designfasen er 855 mill. kroner inkludert meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.

Prosjekt 1146 Gjenanskaffelse av donerte hovedkomponenter til NASAMS

Regjeringa har i tråd med fullmakt frå Stortinget i to omgangar vedtatt donasjonar av hovudkomponentar til NASAMS. Samstundes vart det vedtatt at materiellet skal gjenanskaffast så raskt som råd slik at strukturen er i tråd med ambisjonen i gjeldande langtidsplan. Det er donert totalt fire eldleiingssentralar og åtte utskytingseiningar.

Materiellet vert gjenanskaffa direkte frå Kongsberg Defence and Aerospace som er eineleverandør av NASAMS-systemet. Donasjonsvedtaket ble gjort på eit tidspunkt da Ukraina hadde eit prekært behov for luftvern. Materiellet har gitt viktige bidrag til å verna både befolkning, kritisk infrastruktur og militære avdelingar mot angrep frå lufta.

Ekstern kvalitetssikring er gjennomført hausten 2023. Styringsramma for gjenanskaffing av hovedkomponenter til NASAMS utgjer 1 936 mill. kroner inkludert gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift, men eksklusiv avsetjing til uvisse. Den tilrådde kostnadsramma for materiellprosjektet er på 2 317 mill. kroner inkludert meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing til uvisse. Gjenanskaffinga vil verta finansiert over Nansen-programmet. Kostnadsramma er basert på valutakurs pr. 3. juli 2023.

Prosjekt 7821 Erstatning missiler til bakkebasert luftvern

Regjeringa har i tråd med fullmakt frå Stortinget vedtatt donasjon av luftvernmissil. Samstundes vart det vedtatt at materiellet skal gjenanskaffast så raskt som råd. Omfanget av gjenanskaffing vert lagt til det planlagte prosjektet for investering i luftvernmissil. Totalt sett tilrår regjeringa å anskaffa missil i tråd med ambisjonen i gjeldende langtidsplan.

Prosjektet skal ivareta tre forhold. For det første skal det erstatte dagens middels rekkevidde luftvernmissil som nærmar seg slutten av levetida (AMRAAM 120B) med nye og moderne missil. For det andre skal det ivareta ambisjonen i gjeldande langtidsplan om volum og miks av missil til bakkebasert luftvern gjennom å investera i luftvernmissil med kort, middels og noko lengre rekkevidde. For det tredje skal prosjektet følgja opp vedtaket om å gjenanskaffa missil donert til Ukraina.

Missila som er tilrådd anskaffa er korthaldsmissilet AIM-9X, som også vert nytta av kampflya våre og i framtida også av Hæren sine kampluftvernvogner. Missilet med medium rekkevidde er AMRAAM 120C, og missilet med noko lengre rekkevidde er AMRAAM Extended Range. Anskaffinga av samtlege missil vert gjennomført gjennom ordninga Foreign Military Sales hjå amerikanske styresmakter, og det er produsenten Raytheon som er leverandør.

Styringsramma for gjenanskaffing av luftvernmissil utgjer 8 305 mill. kroner inkludert gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift, men eksklusiv avsetjing til uvisse. Donerte missil skal erstattast ein-til-ein med midlar frå Nansen-programmet. Totalt sett er den tilrådde kostnadsramma til prosjektet på 9 448 mill. kroner inkludert meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing til uvisse. Kostnadsramma er basert på valutakurs pr. 3. juli 2023.

6.2 Omfangsendring av pågåande materiellprosjekt for godkjenning

Prosjekt 2559 Landbasert transportstøtte

Stortinget vedtok prosjektet med si handsaming av Innst. 359 S (2017–2018) til Prop. 66 S (2017–2018). Forsvaret anskaffa om lag 2 000 Scania-lastevogner i fleire variantar i perioden 1987–1996, og vognene nærmar seg slutten av den tekniske levetida si. Gjennom prosjektet vert det anskaffa nye lastevogner som erstatning for Scania-lastevogner. Innanfor sine fullmakter har Forsvarsdepartementet tidlegare godkjent anskaffing av dei 125 høgst prioriterte lastevognene i ulike variantar. Desse lastevognvariantane vert anskaffa gjennom avrop på ein felles norsk-svensk rammeavtale med det tyske selskapet Rheinmetal M.A.N. Military Vehicles.

Den same rammeavtalen ligg også til grunn ved anskaffinga i prosjekt 2559. Prosjektet skal anskaffa om lag 340 nye lastevogner i ulike versjonar. Dei fyrste 56 køyretøya er levert frå leverandøren og vart overført til Forsvaret i 2023.

Gjennom Stortinget si handsaming av Innst. 403 S (2022–2023), jf. Prop. 94 S (2022–2023), vart prosjektet si kostnadsramme auka som følgje av gjenanskaffing av lastevogner som vart donert til Ukraina.

Som følgje av ein ny donasjon av lastevogner til Ukraina vert kostnadsramma for prosjektet no føreslege auka med 142 mill. kroner til 2 388 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift.

Prosjekt 5049 Ingeniørpanservogn

Stortinget vedtok prosjektet med si handsaming av Innst. 359 S (2017–2018) til Prop. 66 S (2017–2018). Prosjektet skal anskaffa seks ingeniørpanservogner på moderniserte Leopard 2-chassis med tilhøyrande materiell for logistikk og utdanning. Alle vognene er levert.

Ved Stortinget si handsaming av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021) vart det vedtatt å styrka Hæren. Dette inkluderer å tilføra ytterlegare fem ingeniørpanservogner til Hæren. Tilleggsanskaffinga vert gjort gjennom utløysing av ein opsjon i den tidlegare kontrakten, og vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. 403 S (2022–2023) til Prop. 94 S (2022–2023).

Som følgje av ein ny donasjon av ingeniørpanservogner til Ukraina vert kostnadsramma for prosjektet no føreslege auka med 639 mill. kroner til 2 762 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift.

Ved inngåing av kontrakten måtte leverandøren forplikta seg til industrielt samarbeid med Noreg. Forpliktinga vil no auka tilsvarande verdien på gjenanskaffinga.

Prosjekt 7628 Kampluftvern

Prosjekt 7628 (P7628) Kampluftvern, vart vedtatt av Stortinget ved handsaminga av Innst. 337 S (2014–2015) til Prop. 113 S (2014–2015). Prosjektet skulle levera seks kampluftvernvogner som kunne utnytta det eldre korthalds luftmålsmissilet IRIS-T som tidlegare vart nytta på F-16 jagarfly i ei luftvernrolle. Når IRIS-T missila kom til slutten av levetida si var kampluftvernvognene planlagt omvæpna til å nytta AIM-9X-missilet i perioden 2029–2031. Dei seks kampluftvernvognene til Hæren er no i ferd med å verta ferdige ved Kongsberg Defence and Aerospace (KDA). Prosjektet er innanfor ramma, tre vogner er planlagt levert seint i 2023 og resterande tre vogner er planlagt levert tidleg i 2024.

Regjeringa har i tråd med fullmakt frå Stortinget vedtatt donasjon av IRIS-T missil til Ukraina. Regjeringa vedtok samstundes at omvæpninga av kampluftvernvognene til Hæren, frå å skyta IRIS-T til nytt korhaldsmissil av typen AIM-9X som var planlagt i 2029-31, skal gjennomførast no. Omvæpninga av vognene vert foreslått gjennomført ved å utvida P7628 Kampluftvern. Anskaffinga skal gjennomførast slik at den har minst mogleg konsekvensar for oppbygginga av kampluftvernet i Hæren. Avgrensa tilgang på missil fører til at tidspunktet kampluftvernet i Hæren vil vera fullt operativt truleg vert utsett frå 2026 til 2028.

Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 674 mill. kroner til 1 933 mill. kroner inkludert meirverdiavgift, ei avsetjing til uvisse og gjennomføringskostnadar. Tillegget for omvæpning vert finansiert over Nansen-programmet.

Til forsida