Prop. 193 S (2020–2021)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane

Til innhaldsliste

2 Luftfartsformål

2.1 Ny lufthamn ved Mo i Rana – kostnadsramme

I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029, jf. Innst. 460 S (2016–2017), var det lagt opp til å prioritere statlege midlar i den andre delen av planperioden til å byggje ei ny lufthamn ved Mo i Rana under føresetnad av ei lokal medfinansiering. Samferdselsdepartementet skulle vurdere offentleg-private løysingar, og det blei teke sikte på byggjestart med lokale midlar i første del av planperioden. Polarsirkelen Lufthavnutvikling AS gjennomførte i 2019 ein anbodskonkurranse og tildelte kontrakt til Peab i januar 2020. Kontrakten er ikkje signert.

I mars 2020 bestemte Samferdselsdepartementet at Avinor AS (Avinor) skulle ta over ansvaret for prosjektet, og selskapet fekk i oppdrag å oppdatere forprosjektet sitt frå 2015. I Prop. 1 S (2020–2021) varsla Samferdselsdepartementet at det tek sikte på ei mogeleg investeringsavgjerd i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021, jf. omtale av oppmodingsvedtak nr. 737 frå sesjonen 2019–2020.

Ved behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021) og Innst. 13 S (2020–2021) gjorde Stortinget dette vedtaket (vedtak nr. 469):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om investeringsbeslutning om ny flyplass i Mo i Rana i revidert nasjonalbudsjett 2021.»

I Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033 tek regjeringa utgangspunkt i Avinors oppdaterte forprosjekt som blei lagt fram i januar 2021, og som viste ein forventa kostnad (styringsmål) på 2,4 mrd. kr. I meldinga legg regjeringa opp til å prioriterte 1,8 mrd. kr til ny lufthamn ved Mo i Rana i den første seksårsperioden under føresetnad at det blir inngått ein forpliktande avtale om eit lokalt bidrag på 600 mill. kr.

Ei ekstern kvalitetssikring (KS2) blei lagt fram 16. mars 2021. Kvalitetssikringa viser at prosjektet har ei negativ samfunnsøkonomisk nytte i området 1,1–1,9 mrd. kr. Kvalitetssikrar tilrår ei styringsramme på 2,9 mrd. kr og ei kostnadsramme på 3,4 mrd. kr. Avinor har gått gjennom forprosjektet sitt i lys av den eksterne kvalitetssikringa og tilrår ei styringsramme på 2,8 mrd. kr og ei kostnadsramme på 3,3 mrd. kr. Avinors forprosjekt, den eksterne kvalitetssikringa og Avinors forslag til styringsramme og kostnadsramme tek utgangspunkt i Avinors forprosjekt der det er lagt til grunn ei rullebanelengde på 2 200 meter. Det vil vere mogeleg å forlengje rullebana seinare viss ein finn det tenleg.

Avinor har i stor grad teke omsyn til innspela frå kvalitetssikringa og justert opp styrings- og kostnadsramma. Samferdselsdepartementet foreslår å leggje Avinors justerte styrings- og kostnadsramme på høvesvis 2,8 mrd. kr og 3,3 mrd. kr til grunn, jf. forslag til romartalsvedtak. Forslaget føreset at lokal finansiering kjem på plass.

Før prosjektet kan startast opp må det vere inngått ein forpliktande avtale om 600 mill. kr i lokal finansiering. Lokale aktørar har ikkje gitt forpliktande tilsegn om bidrag, og det er ikkje avklart kven som skal bidra i finansieringa. Staten må ha tryggleik for at prosjektet er fullfinansiert, og at det lokale bidraget blir betalt. Den lokale finansieringa må utbetalast først i byggjeperioden, før den statlege finansieringa tek til. Medfinansiering frå private er truleg òg ein føresetnad for at prosjektet skal vere i tråd med statsstøttereglane.

Av Nasjonal transportplan 2022–2033 følgjer det at det lokale bidraget på 600 mill. kr ligg fast. Det statlege bidraget er rekna til 2,2 mrd. kr ved forventa prosjektkostnad (P50) og 2,7 mrd. kr med kostnad tilsvarande kostnadsramma (P85). Dette inneber at Samferdselsdepartementet ber risikoen for uventa kostnadsauke i byggjefasen av prosjektet opp til kostnadsramma, medan Avinor ber risikoen ut over dette. Det statlege bidraget kan dekkjast innanfor Samferdselsdepartementets budsjettrammer. Avinor reknar med at den nye lufthamna vil få eit årleg driftsunderskot på rundt 40 mill. kr, samanlikna med årleg driftsunderskot på rundt 25 mill. kr på dagens lufthamn på Røssvoll. Driftsunderskotet vil bli dekt gjennom Avinors samfinansiering.

I Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 foreslår regjeringa å løyve 85 mill. kr til Avinor i 2021 til å planleggje ei ny lufthamn i Mo i Rana.

I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029, jf. Innst. 460 S (2016–2017), blei det teke sikte på byggjestart i den første seksårsperioden med dei lokale midlane. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det lokale bidraget framleis skal kome først i byggjeperioden. Viss det blir byggjestart i 2021, legg Samferdselsdepartementet til grunn eit lokalt bidrag på 330 mill. kr i 2021 og 270 mill. kr i 2022. Med byggjestart i 2022 vil heile det lokale bidraget måtte kome i 2022. Bygginga skal ikkje ta til før det er inngått ein forpliktande avtale med Avinor om det lokale bidraget.

Finansieringa av den ny lufthamna må elles vere i tråd med statsstøtteregelverket i EU/EØS. Finansieringa av prosjektet må meldast til og godkjennast av EFTAs overvakingsorgan, ESA. Samferdselsdepartementet er i dialog med ESA om saka. Bygginga kan ikkje ta til før finansieringa er godkjent av ESA.