Prop. 194 LS (2020–2021)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m.

Til innhaldsliste

6 Bustadsparing for ungdom: Bruk av sparemidlar

6.1 Innleiing og samandrag

Regjeringa vil opne for at midlar på konto for bustadsparing for ungdom (BSU) òg kan brukast til å koste på og vedlikehalde eigen bustad. Etter gjeldande reglar kan BSU-midlar berre brukast til å dekkje kostnader til å skaffe seg eigen bustad og betale ned bustadlån.

Etter praksis kan midlane likevel òg brukast til å dekkje kostnader til å føre opp garasje og tilbygg innan fem år etter ervervet av bustaden. Departementet ser ingen god grunn til å skilje mellom slike kostnader og andre kostnader til heving av standarden (påkostingar) og til vedlikehald.

I tillegg inneber reglane som gjeld frå 2021 at dei som allereie eig bustad, ikkje lenger har rett til skattefrådrag for sparing på BSU-konto. Det er då mindre grunn til å avskjere at BSU-midlane vert brukte til påkostingar på og vedlikehald av bustaden. I einskilde tilfelle vil ein redusere høvet til i det heile å få brukt BSU-midlane, viss ein ikkje tillèt at dei vert brukte til påkosting og vedlikehald.

Det er lagt til grunn at den foreslåtte endringa ikkje vil gje vesentlege provenyverknader, og endringa vil ikkje ha vesentlege administrative konsekvensar.

Departementet syner til framlegg til endringar i skatteloven § 16-10. Endringa skal ta til å gjelde straks med verknad frå inntektsåret 2021.

6.2 Gjeldande rett

Reglane om bustadsparing for ungdom (BSU) er fastsette i skatteloven § 16-10. Etter denne føresegna får skattytarar under 34 år skattefrådrag for innskot på BSU-konto. Med verknad frå inntektsåret 2021 har BSU-ordninga vorte meir målretta mot unge som ikkje eig bustad. Det er no sett som vilkår for skattefrådrag at skattytaren ikkje eig bustad per 31. desember i det aktuelle inntektsåret.

Det følgjer av skatteloven § 16-10 fyrste ledd at BSU-midlane må brukast til å dekkje kostnader til å skaffe seg eigen bustad. Bruk av midlane til andre føremål vert rekna som kontraktsbrot og fører til at BSU-frådraga må betalast tilbake. Dette vilkåret er nærare regulert i Finansdepartementets forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven. Det går der fram at det med eigen bustad vert sikta til den bustaden skattytaren bruker som sin faste bustad. I tillegg til at midlane kan brukast til å dekkje reine ervervskostnader kan dei dekkje kjøpesum for naudsynt tomt, og betaling for naudsynt andel, aksje eller obligasjon. Det same gjeld renter og avdrag på bustadlån eller lån til naudsynt andel, aksje, obligasjon o.l.

Det går vidare klart fram av forskrifta at påkostingar ikkje vert rekna som kostnad til erverv av bustad. Av Skattedirektoratets Skatte-ABC følgjer det at midlane heller ikkje skal brukast til å dekkje vedlikehald av bustaden. Det følgjer òg av lovforarbeida frå då BSU-ordninga vart innført at «Forbedringer (påkostninger) av egen bolig [ikke] tilfredsstiller […] kravet til erverv av bolig.», jf. Ot.prp. nr. 35 (1990–91) punkt 27.8.2.6.

Skatteetatens praktisering av BSU-reglane har likevel opna for at skattytaren kan bruke midlane til å føre opp garasje eller tilbygg knytte til bustaden. Det følgjer av Skatte-ABC at garasjen eller tilbygget må vere erverva til eigen bruk, og at oppføringa må skje i samband med ervervet av bustaden. Tidskravet vert likevel rekna som oppfylt når oppføringa skjer innan fem år etter at bustaden vart erverva.

6.3 Vurderingar og framlegg

Departementet meiner det gjev liten samanheng i regelverket at BSU-midlane skal kunne brukast til å dekkje kostnader til å føre opp garasje og tilbygg, men ikkje til å vedlikehalde eller koste på bustaden på andre måtar. Departementet syner òg til at det før 2021 var større grunn til å avskjere bruk av midlane til slike føremål, fordi personar som eigde bustad òg kunne halde fram med å spare i BSU med skattefrådrag. No som skattefrådrag ikkje vert gjeve når skattytaren eig bustad, er det mindre grunn til å avskjere mot at BSU-midlane vert brukte til å koste på og vedlikehalde bustaden.

Å avskjere bruk av BSU-midlar til å koste på og vedlikehalde bustad ville òg ha gjeve uheldige konsekvensar for skattytarar som får bustad utan motyting som arv eller gåve, eller som allereie har betalt ned lånet på bustaden. I slike tilfelle ville høva til å bruke BSU-midlane utan å bryte kontrakten ha vorte reduserte.

Departementet syner vidare til at det i dei fleste tilfella i alle høve vil vere mogleg å bruke lånemidlar til påkostingar og vedlikehald, og så bruke BSU-midlane til å betale ned denne delen av bustadlånet. Det er difor allereie i dag mogleg å bruke midlane indirekte til å dekkje slike kostnader.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen at midlar oppsparte i BSU-ordninga kan brukast til å koste på og vedlikehalde eigen bustad. Departementet meiner regelen bør omfatte alle typar påkostingar på og vedlikehald av eigen bustad. Departementet ser ikkje grunn til å vidareføre kravet som i dag gjeld for tilbygg og garasje om at påkostinga eller vedlikehaldet må skje innan fem år etter at bustaden er erverva. Eit slikt vilkår ville kunne gje uheldige konsekvensar og føre til at skattytarar vert behandla ulikt, i tillegg til at slike kostnader som nemnt normalt kan dekkjast ved å bruke lånemidlar.

Gjeldande regel om at BSU-midlane ikkje kan brukast til å koste på og vedlikehalde bustad følgjer av forskrift. Då dette prinsippet òg følgjer av forarbeida til BSU-ordninga, meiner departementet at den foreslåtte endringa bør skje ved lovendring. Departementet syner òg til at dette er sentral informasjon, som av omsyn til skattytarane bør gå fram av lova.

Departementet syner til framlegg til endringar i skatteloven § 16-10 fyrste ledd. Endringa skal ta til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2021.

Departementet vil gjere naudsynte endringar i forskrift.

6.4 Administrative og økonomiske følgjer

Bankane har i dag ei utvida rapporteringsplikt for uttak av BSU-midlane. Som del av denne rapporteringsplikta skal det vurderast om sparemidlane vert brukte til eit godkjent føremål, eller om uttaket bryt vilkåra i ordninga. Bankane har difor allereie i dag ansvar for å rapportere om kva midlane er brukte til, og den foreslåtte endringa vil ikkje medføre noka ekstra administrativ bør. Departementet meiner at undersøkingsplikta til bankane ved uttak til påkostingar og vedlikehald likevel bør vere avgrensa, slik at bankane normalt kan leggje påstanden til skattytar om bruk av midlane til grunn.

Departementet legg til grunn at den foreslåtte endringa ikkje vil ha vesentlege provenyverknader.

Til forsida