Prop. 194 LS (2020–2021)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m.

Til innhaldsliste

11 Oppheving av ansvarsregelen i skattebetalingslova § 16-12

Etter skattebetalingslova § 16-12 er fullmektig for personar som er busette i utlandet, eller for utanlandske selskap eller innretning som er heimehøyrande i utlandet, ansvarleg for fullmaktsgjevarens skatt av formue og inntekt og trygdeavgift. Regelen avgrensar fullmektigen sitt ansvar til å omfatte skatt og trygdeavgift som skriv seg frå fullmaktsgjevaren si verksemd i Noreg. Skatt som er fastsett på anna grunnlag, er ikkje omfatta av ansvaret. Dette gjeld til dømes skatt av formue eller inntekt av fast eigedom i Noreg som ikkje har tilknyting til verksemda.

Etter skattebetalingslova § 16-1 fyrste ledd gjeld ansvaret når skatte- og avgiftskrav ikkje er betalt av den skatte- og avgiftspliktige ved forfall. Vidare etablerer § 16-1 tredje ledd ein regressrett for den som betalar skatte- og avgiftskrav etter ansvarsregelen.

Det går fram av forarbeida til skattebetalingslova at regelen er ei vidareføring av skattebetalingslova 1952 § 37 fjerde ledd utan materielle endringar, sjå Ot.prp. nr. 83 (2004–2005) Lov om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven).

Undersøkingar som Skatteetaten har gjort syner at regelen i skattebetalingslova § 16-12 aldri har vore nytta. Etter ordlyden i regelen er det ikkje klårt kva for ein type representasjon som er omfatta av fullmektigomgrepet i regelen. Regelen gjev ikkje rettleiing på kva tilknyting eller avtale som må liggje føre mellom fullmektigen og fullmaktsgjevaren for at fullmektigen skal kunne gjerast ansvarleg for skattekrav som er generert av fullmaktsgjevaren si verksemd i Norge. At dette er uklårt kan ha medverka til at ansvarsregelen i skattebetalingslova § 16-12 ikkje har vore nytta i innkrevingssamanheng.

Etter departementet si vurdering trengst det ikkje ein ansvarsregel slik regelen lyder i dag. Ansvarsregelen kan òg reise EØS-rettslege problemstillingar. Departementet foreslår difor at ansvarsregelen i skattebetalingslova § 16-12 vert oppheva, og at endringa tek til å gjelde straks.

Til forsida