Prop. 194 LS (2020–2021)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m.

Til innhaldsliste

12 Endring i folkeregisterloven, kontaktopplysningar for dødsbu

Departementet gjer framlegg om at informasjonselementet «kontaktopplysningar for dødsbu» i folkeregisterloven § 3-1 fyrste ledd bokstav f, ikkje skal vere underlagt teieplikt i Folkeregisteret.

Utgangspunktet i folkeregisterloven er at opplysningar i Folkeregisteret er underlagde teieplikt, og at dei opplysningane som ikkje er underlagde teieplikt vert lista opp i lova, jf. folkeregisterloven § 9-1. Kontaktopplysningar for dødsbu er underlagde teieplikt. Folkeregisteret kan berre gje ut opplysningar som er underlagde teieplikt til offentlege styresmakter og verksemder, og til private verksemder som har heimel i lov til å hente ut opplysningar frå Folkeregisteret utan at teieplikta hindrar dette, jf. folkeregisterloven § 10-2.

Informasjonen som vert registrert i Folkeregisteret som kontaktopplysningar for dødsbu gjeld den personen eller den organisasjonen som har motteke den originale skifteattesten frå domstolen. Der ein har fødselsnummer eller d-nummer, vert dette registrert, elles vert fødselsdato og namn registrerte. Adressa til vedkomande vert henta frå Folkeregisteret. Dersom vedkomande ikkje har fødsels- eller d-nummer, er det adressa opplyst frå tingretten som vert registrert. For organisasjonar er det organisasjonsnamn og organisasjonsnummer, og den adressa som er oppgjeven, som vert registrert.

Den informasjonen som vert registrert som kontaktopplysningar for dødsbu i Folkeregisteret er ikkje underlagd teieplikt i domstolane. Domstolane vil ved førespurnad gje informasjon om namn og adresse på den som har motteke skifteattesten. Dersom vedkomande kontaktar Folkeregisteret i staden, vil han eller ho ikkje få tilgang til denne informasjonen med mindre vedkomande har heimel i lov til å få informasjonen utdelt. Departementet ser det som uheldig at tilgangen til denne informasjon skal vere avhengig av kva offentleg instans som vert kontakta. Omsynet til harmonisering av lovverket taler for at kontaktopplysningar for dødsbu ikkje skal vere underlagde teieplikt i Folkeregisteret.

Reglane om teieplikt i folkeregisterloven er viktige av omsynet til personvernet. Det er naudsynt med klåre reglar om kva informasjon som er underlagd teieplikt og kva informasjon som ikkje er det. Reglane om utlevering av informasjon frå Folkeregisteret korresponderer med reglane om teieplikt, slik at ikkje teieplikta vert uthola av reglar om innsyn og utlevering av informasjon. Etter eit dødsfall vil det vere behov for å klårgjere kva som skal skje med aktiva og passiva etter den avlidne, inkludert til dømes forsikringsytingar som fyrst kan realiserast etter dødsfallet. Det er ingen eigne reglar for ein kreditors rett til innsyn i skiftesaker. Ved at kontaktinformasjonen er eit informasjonselement i Folkeregisteret, er det lagt til rette for ei automatisk behandling og utlevering av informasjonen, medan dette er gjenstand for manuell behandling i domstolane.

Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre tungtvegande argument for at kontaktopplysningar for dødsbu skal vere underlagde teieplikt i Folkeregisteret. Framlegget har vore på høyring, og ingen høyringsinstansar hadde innvendingar. Informasjon om mottakar av skifteattest er fritt tilgjengeleg frå domstolane, og det bør vere samsvarande tilgang til informasjonen dersom ein kontaktar Folkeregisteret i staden.

Framlegget vil ha avgrensa administrative og økonomiske konsekvensar. Departementet syner til framlegg om endring i folkeregisterloven § 9-1 andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Til forsida