Prop. 2 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet (driftskreditt til Nye Veier AS og kostnadsrammer) og revisjon av bompengepakke (fylkesveg)

Til innhaldsliste

3 Revidert finansieringsopplegg for fylkesvegprosjekt og -tiltak i Bømlo kommune i Vestland (revidert Bømlopakke)

3.1 Bakgrunn

Den opphavelege Bømlopakken vart vedtatt gjennom handsaming i Stortinget av St.prp. nr. 78 (2008–2009) Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune i Hordaland, jf. Innst. S nr. 343 (2008–2009). Bømlopakken inneheldt utbetring av tolv vegstrekningar på dåverande riks- og fylkesvegnett. Bompengeinnkrevjinga starta i 2013. Grunna kostnadsauke står det att fem prosjekt som det ikkje er rom for å finansiere fullt ut innafor den økonomiske ramma for pakken.

For å finansiere meir av dei planlagde prosjekta og å gjennomføre anna vegutbygging i kommunen, har Bømlo kommune og tidlegare Hordaland fylkeskommune gått inn for å revidere finansieringsopplegget for Bømlopakken. Det vart i 2018 gjort vedtak om utbygging av dei fem attståande prosjekta i tillegg til ei ramme til mindre utbetringar. Finansieringa vart føresett å skje gjennom vidareføring av bomstasjonen på Spissøy og innkrevjing på ferjesambandet Langevåg–Buavåg, i tillegg til fire nye bomstasjonar rundt Svortland.

Det vart gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av finansieringsopplegget for revidert Bømlopakke våren 2021. Den eksterne kvalitetssikringa viste at den reduserte bompengepakken ville gje meir inntekter, men samstundes høgare innkrevjingskostnader og stor uvisse knytt til inntektene i det nye bompengeopplegget. Kvalitetssikringa vurderte også ei vidareføring av dagens finansieringsopplegg utan nye bomstasjonar.

Etter den eksterne kvalitetssikringa og etter eit innbyggjarframlegg vedtok Bømlo kommune og fylkestinget i Vestland fylkeskommune eit revidert opplegg med vidareføring av dagens bompengeinnkrevjing utan nye bomstasjonar og med tre hovudprosjekt. Det er dette reviderte opplegget som vert lagt fram i denne proposisjonen.

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka legg Samferdselsdepartementet fram eit forslag om revidert finansieringsopplegg for Bømlopakken for å byggje ut tre prosjekt frå den opphavelege Bømlopakken i tillegg til ei ramme til mindre utbetringar på fylkesvegnettet. Med det nye opplegget vert innkrevjinga i bomstasjon på Spissøy og i ferjesambandet Buavåg–Langevåg vidareført. Innkrevjinga skal skje i 15 år frå 2022.

3.2 Omtale av utbygginga

I St.prp. nr. 78 (2008–2009) var det lagt opp til utbygging av tolv vegstrekningar på det dåverande riks- og fylkesvegnettet i Bømlo kommune. Utbygginga starta opp i 2008, og desse strekningane er fullførte:

  • Fv. 542 Hollundskjosen–Hollundsdalen–Stokkabekken

  • Fv. 541 Stokkabekken–Rubbestadneset

  • Fv. 542 Stokkabekken–Ekornsæter–Siggjarvåg inkl. rundkøyring

  • Fv. 541 Hestaneset–Tjong

  • Fv. 541 Tjong–Løvegapet

  • Fv. 542 Røyksund–Eikeland

  • Fv. 4998 (tidl fv. 14) Svortland–Økland

  • Fv. 5004 (tidl fv. 18 Urangsvåg–Brandasund

  • Fv. 5006 (tidl fv. 19) Rubbestadneset–Rolvsnes.

I ny pakke vil desse tre prosjekta frå opphaveleg pakke verte finansiert (merka med grønt i figur 3.1):

  • Fv. 541 Sakseid–Hestaneset

  • Fv. 542 Notland–Mosterhavn

  • Fv. 541 Ekornsæter–Sakseid.

Med det reviderte finansieringsopplegget for Bømlopakken ønskjer lokale styresmakter å fullføre desse strekningane samt å setje av ei ramme til mindre utbetringar på fylkesvegnettet.

Fv. 541 Sakseid–Hestaneset

Den nye vegen vil erstatte store delar av fv. 541 som er hovudvegen nord-sør på Bømlo. Lengda på vegen vert 9,9 km. Føremålet med prosjektet er å leggje til rette for auka vegstandard og betre tilhøva for mjuke trafikantar på delar av strekninga. Bygginga av prosjektet starta opp i 2019. Delar av strekninga, Våge–Hestaneset, er bygd. Grunna manglande midlar, vart ikkje resten av strekninga påbegynt.

Prosjektet har godkjend reguleringsplan, og dei resterande kostnadene er rekna til 243 mill. 2021-kr. Det er lagt opp til at prosjektet skal byggjast i 2021–2024.

Fv. 541 Sakseid–Ekornsæter

Prosjektet omfattar vidare utbygging nord for Sakseid og til Ekornsæter. Vegen har i dag for låg standard i høve dagens trafikk og er lite tilrettelagt for mjuke trafikantar. Reguleringsplan vart vedteken i juni 2020. Kostnaden er rekna til 220 mill. 2021-kr.

Fv. 542 Notland–Mosterhamn

Prosjektet omfattar omlegging eller utbetring langs eksisterande veg samt bygging av gang- og sykkelvegar langs delar av strekninga. Reguleringsplan vart vedteken hausten 2019. Kostnaden er rekna til 49 mill. 2021-kr.

Reserveliste

Det er i tillegg sett opp ei liste på tre reserveprosjekt om det er midlar att i pakken. Dei tre prosjekta som kan skalerast opp og ned avhengig av tilgjengelege midlar i pakken, er:

  • Totlandsvegen–Grindheimsvegen: Kostnadsrekna til 54 mill. 2021-kr.

  • Laurhammerkjosen–Olakjosen: Kostnadsrekna til 27 mill. 2021-kr.

  • Grønnevik–Sakseid: Kostnadsrekna til 13 mill. 2021-kr.

Om det er midlar att i pakken, kan desse brukast på andre prosjekt i kommunen.

Figur 3.1 Kartskisse: Prioriterte prosjekt 1–3 er merka med grønt og bompengeinnkrevjing er merka med raudt. Prosjekt på reservelista 4–6 er merka med blått.

Figur 3.1 Kartskisse: Prioriterte prosjekt 1–3 er merka med grønt og bompengeinnkrevjing er merka med raudt. Prosjekt på reservelista 4–6 er merka med blått.

Kjelde: Vestland fylkeskommune

3.3 Lokalpolitisk handsaming

Forslag til revidert finansieringsopplegg for Bømlopakken har vore handsama av Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune.

Bømlo kommune handsama saka i kommunestyret 14. juni 2021, og gjorde slikt vedtak:

  • 1. Kommunestyret tiltrer dei vurderingane som er gjort av administrasjonen i Vestland fylkeskommune, og ber i samsvar med innstillinga om at Samferdselsdepartementet fremjer eit nytt utkast til proposisjon til Stortinget basert på punkt 2 til 10 i dette vedtaket. Om det viser seg at proposisjonen etter vedtak i denne saka ikkje kan bli fremja for Stortinget før stortingsvalet hausten 2021, skal fylkestinget be om at den opphavlege proposisjonen etter fylkestinget sitt vedtak i juni 2018 vert fremja for Stortinget.

  • 2. Kommunestyret sluttar seg til det føreslåtte opplegget for revisjon av Bømlopakken slik det er skissert i saka. Dette inneber eit bompengebidrag på 494 mill. 2021-kr. i den reviderte pakken. Fylkeskommunen skal bidra med 171 mill. 2021-kr. inkludert mva-refusjon. Pakken skal finansiere følgjande 3 prosjekt i prioritert rekkjefølgje: a. Fv 541 Sakseid–Hestaneset b. Fv 542 Notland–Mosterhamn c. Fv 541 Sakseid–Ekornsæter

  • 3. Om det står att midlar i pakken, vert det sett av ei ramme til mindre utbetringar av fylkesvegnettet på Bømlo. Følgjande tre prosjekt skal prioriterast i prioritert rekkjefølgje: a. Totlandsvegen–Grindheimsvegen b. Laurhammerkjosen–Olakjosen c. Grønnevik–Sakseid Om det er attståande midlar i pakken, kan desse nyttast til andre prosjekt.

  • 4. Det vert lagt til grunn at utbygging av den reviderte pakken skal skje i perioden 2022–2027.

  • 5. Dagens innkrevjing på Spissøy med to-vegs innkrevjing blir vidareført. Bompengeinnkrevjinga på ferjesambandet Langevåg–Buavåg skal fortsette i heile bompengeperioden med kronepåslag på ferjetakst.

  • 6. Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 pst. Det blir ikkje gitt rabatt til køyretøy i takstgruppe 2. Det er lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy skal ha inntil 50 pst. av taksten for konvensjonelle køyretøy. Det er lagt til grunn innføring av eit månadleg passeringstak på 30 passeringar for takstgruppe 1, og 40 passeringar for takstgruppe 2. Når innkrevjinga i dei nye bomstasjonane startar, er det lagt til grunn ei gjennomsnittleg inntekt per passering på omlag 50 kr (2021-kr). Dette svarar til ein grunntakst på om lag 69 kr (2021-kroner) for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med tillat totalvekt til og med 3 500 kg samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale). Køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy med tillat totalvekt frå og med 3 501 kg ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale), betaler dobbelt takst.

  • 7. For ferje blir det lagt til grunn eit kronepåslag for bompengedelen på ferjebilletten på 20 2021-kroner for køyretøy med lengde opptil 6 meter (bilgruppe AP1). For kjøretøy med lengde mellom 6 og 12,5 meter (bilgruppe AP2–AP4) er bompengetaksten 40 2021-kroner. For kjøretøy over 12,5 meter (bilgruppe AP5–AP9) er bompengetaksten 60 2021-kroner.

  • 8. Om gjennomsnittleg inntekt pr passering kjem under 50 2021-kroner, vert det lagt til grunn at grunntaksten vert justert slik at gjennomsnittleg takst pr passering kjem opp på 50 2021-kroner.

  • 9. Bompengeperioden er sett til 15 år frå innkrevjingstart.

  • 10. Fram til innkrevjinga kan starte i det nye bompengeopplegget, fortset innkrevjinga som før i eksisterande bomstasjon på Spissøya og i ferjesambandet Langevåg–Buavåg.

  • 11. Dersom det kjem nye og meir effektive innkrevjingsmetodar i bompengeperioden skal desse vurderast

Vestland fylkeskommune handsama saka i fylkestinget 29. september 2021, og gjorde slikt vedtak:

  • 1. Fylkestinget viser til Bømlo kommune sitt ønskje om ei anna innretting av revidert Bømlopakke. Fylkestinget vil på grunnlag av dette anmode Samferdselsdepartementet om å fremje eit nytt utkast til proposisjon til Stortinget basert på punkt 2 til 12 i dette vedtaket.

  • 2. Fylkestinget sluttar seg til det føreslåtte opplegget for revisjon av Bømlopakken slik det er skissert i denne saka. Dette inneberer eit bompengebidrag på 494 mill. 2021-kr. i den reviderte pakken. Fylkeskommunen skal bidra med 171 mill. 2021-kr. inkludert mva-refusjon. Pakken skal finansiere følgjande 3 prosjekt i prioritert rekkjefølgje:

    • a. Fv 541 Sakseid–Hestaneset

    • b. Fv 542 Notland–Mosterhamn

    • c. Fv 541 Sakseid–Ekornsæter

  • 3. Om det står att midlar i pakken, vert det sett av ei ramme til mindre utbetringar av fylkesvegnettet på Bømlo. Følgjande tre prosjekt skal prioriterast i prioritert rekkjefølgje:

    • a. Totlandsvegen–Grindheimsvegen

    • b. Laurhammerkjosen–Olakjosen

    • c. Grønnevik–Sakseid

    Om det er attståande midlar i pakken, kan desse nyttast til andre prosjekt.

  • 4. Det vert lagt til grunn at utbygging av den reviderte pakken skal skje i perioden 2022–2027.

  • 5. Dagens innkrevjing på Spissøy med to-vegs innkrevjing blir vidareført. Bompengeinnkrevjinga på ferjesambandet Langevåg–Buavåg skal fortsette i heile bompengeperioden med kronepåslag på ferjetakst.

  • 6. Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 pst. Det blir ikkje gitt rabatt til køyretøy i takstgruppe 2. Det er lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy skal ha inntil 50 pst. av taksten for konvensjonelle køyretøy. Det er lagt til grunn innføring av eit månadleg passeringstak på 30 passeringar for takstgruppe 1, og 40 passeringar for takstgruppe 2. Når innkrevjinga i dei nye bomstasjonane startar, er det lagt til grunn ei gjennomsnittleg inntekt per passering på omlag 50 kr (2021-kr). Dette svarar til ein grunntakst på om lag 69 kr (2021-kr.) for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med tillat totalvekt til og med 3 500 kg samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale). Køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy med tillat totalvekt frå og med 3 501 kg ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale), betaler dobbelt takst.

  • 7. For ferje blir det lagt til grunn eit kronepåslag på for bompengedelen på ferjebilletten på 20 2021-kr. for køyretøy med lengde opptil 6 meter (bilgruppe AP1). For køyretøy med lengde mellom 6 og 12,5 meter (bilgruppe AP2–AP4) er bompengetaksten 40 2021-kr. For køyretøy over 12,5 meter (bilgruppe AP5–AP9) er bompengetaksten 60 2021-kr.

  • 8. Om gjennomsnittleg inntekt pr passering kjem under 50 2021-kr, vert det lagt til grunn at grunntaksten vert justert slik at gjennomsnittleg takst pr passering kjem opp på 50 2021-kr.

  • 9. Bompengeperioden er sett til 15 år frå innkrevjingstart.

  • 10. Fram til innkrevjinga kan starte i det nye bompengeopplegget, fortset innkrevjinga som før i eksisterande bomstasjon på Spissøya og i ferjesambandet Langevåg–Buavåg.

  • 11. Under føresetnad av godkjenning av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, garanterer Vestland fylkeskommune ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for bompengeselskapet, avgrensa til 620 mill. 2021-kr for heile Bømlopakken, med tillegg av 10 % av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle renter og omkostningar. Det samla garantibeløpet vert følgjeleg 682 mill. 2021-kr. Garantibeløpet vert redusert i takt med nedbetaling av lånet. Garantisten har rett til å sikre garantien med retten til å krevje inn bompengar.

  • 12. Garantien gjeld frå fyrste opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Vestland fylkeskommune i byggjeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år frå oppstart på innkrevjinga i revidert bompengepakke. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år. Samla garantitid vert, inkludert byggjeperioden, på inntil 17 år.

  • 13. Dette vedtaket erstattar tidlegare vedtak i saka.

3.4 Trafikkgrunnlag

Takstar og bompengeopplegg vert uendra frå opphaveleg Bømlopakke for Spissøy, med unntak av at det vert litt lågare takstar for takstgruppe 2. Det er lagt opp til nokre endringar for bompengeopplegget på ferjesambandet. Inntektsgrunnlaget på ferjesambandet er likevel lågt, slik at endringane vil få mindre å seie for det samla trafikkgrunnlaget. På dette grunnlag er det vurdert at det ikkje er behov for nye trafikkutrekningar.

Grunna noko nedgang i trafikken i samband med koronapandemien, er det lagt inn dei same trafikktala for 2021 som 2020, og for 2022 er det lagt til grunn trafikktala for 2019. Etter dette er det lagt til grunn fylkesvise trafikkprognosar i samband med Nasjonal transportplan 2022–2033 der det er forventa ein årleg trafikkvekst i tidlegare Hordaland fylke på 0,88 pst. fram til 2029 og 0,68 pst. frå 2030.

3.5 Finansieringsopplegg

Finansieringa av opphaveleg Bømlopakke var basert på statlege og fylkeskommunale midlar, kommunale tilskot og bompengar innafor ei økonomisk ramme på 1 003 mill. 2009-kr. Bompengar aleine var føresett å utgjere 642 mill. 2009-kr. Grunna generell prisstigning, auka fylkeskommunalt bidrag og midlar til kompensasjon for auka meirverdiavgift, har opphaveleg Bømlopakke fram til og med 31. desember 2020 brukt 1 518 mill. kr.

Det står att 38 mill. 2021-kr, der 13,3 mill. kr er fylkeskommunale midlar, 6,5 mill. kr er refusjon av mva. og dei resterande midlane er bompengar. I berekningane for ny revidert Bømlopakke er det frå 2022 lagt til grunn 42,5 mill. 2021-kr i nye fylkeskommunale midlar. Samla fylkeskommunalt bidrag utgjer følgjeleg 56 mill. 2021-kr. I tillegg til dette bidrar også fylkeskommunen med kompensasjon for mva. i bompengepakken.

Tabell 3.1 viser ramma for revidert Bømlopakke fordelt på vegstrekningar og tiltak i perioden 2021–2027.

Tabell 3.1 Utbyggingskostnader i revidert Bømlopakke i perioden 2021–2027

Pri

Veg

Vegstrekning

20211

2022

2023

2024

2025

2026

2027

Kostnader i mill. 2021-kr 2021–2027

1

Fv. 541

Sakseid–Hestaneset

26

36

108

73

243

2

Fv. 542

Notland–Mosterhamn

41

8

49

3

Fv. 541

Sakseid–Ekornsæter

2

97

54

67

220

Ramme til mindre utbetringar

10

44

24

28

16

19

141

Sluttrekninger ferdigstilte prosjekt

12

12

Totale utbyggingskostnader

38

46

193

107

125

70

86

665

1 Kostnadene i 2021 tilhøyrer prosjekt som vert sluttført i opphaveleg Bømlopakke

Med revidert Bømlopakke vert det lagt til grunn ei total ramme til vegprosjekt frå 2021 på 665 mill. 2021-kr. I tillegg til utbygging skal opparbeidd lån frå opphaveleg pakke også finansierast innafor den reviderte pakken. Bompengeselskapet hadde per 31. desember 2020 opparbeidd eit netto lån på 406 mill. kr.

Finansieringsplanen for revidert Bømlopakke i åra 2021–2027 er summert opp i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Finansieringsplan

Mill. 2021-kr.

Fylkeskommunale midlar

56

Mva-refusjon

115

Bompengar

494

SUM

665

3.6 Bompengeopplegg

Det vert lagt opp til å vidareføre dagens bompengeinnkrevjing med innkrevjing på bomstasjon på Spissøy ved kommunegrensa til Stord. Vidare vert innkrevjinga på ferjesambandet Langevåg–Buavåg vidareført. Det vert lagt opp til kronepåslag på ferjetakst i staden for påslag på takstsoner.

Trafikken inn og ut av kommunen må med dette betale bompengar, medan trafikken innan kommunen ikkje vil gjere dette. Mykje av trafikken vil passere grensene til kommunen, slik at nytteprinsippet vil verte ivareteke.

Dagens realiserte gjennomsnittstakst på 50,00 2021-kr ved Spissøy er føresett vidareført inn i ny bompengepakke.

Det er lagt til grunn at køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy med tillat totalvekt over 3 500 kg med unntak av køyretøy i køyretøygruppe M1 med gyldig avtale og brikke) skal betale det dobbelte av taksten for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med tillat totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1 med gyldig avtale og brikke). Det er vidare lagt til grunn 20 pst. rabatt for køyretøy i takstgruppe 1 med elektronisk brikke og gyldig avtale. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt. I tråd med gjeldande nasjonalt regelverk er det lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 skal betale 50 pst. av taksten for konvensjonelle køyretøy etter brikkerabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 vil ikkje verte belasta bompengar før det eventuelt vert opna for dette lokalt.

Med ei gjennomsnittleg inntekt per passering på 50,00 2021-kr og dei føresetnadene som elles er lagt til grunn, er det førebels rekna med desse grunntakstane for bomstasjonen på Spissøy i 2021-prisnivå:

  • Takstgruppe 1: 69 kr

  • Takstgruppe 2: 138 kr.

I berekningane er det føresett at grunntakstane vert justerte årleg etter konsumprisindeksen.

Det vert ikkje timesregel, men eit passeringstak på 30 passeringar per kalendermånad for køyretøy i takstgruppe 1, og 40 passeringar per kalendermånad for køyretøy i takstgruppe 2. Elles gjeld takstretningslinjene.

Det er lagt til grunn at innkrevjinga på ferjesambandet Langevåg–Buavåg vert vidareført. Takstopplegget vert endra frå det som no er eit sonepåslag til eit kronepåslag. Med kronepåslag vil ikkje endringar i ferjesambandet sitt takstsystem få konsekvensar for bompengeinntektene frå ferjesambandet.

For å oppretthalde dagens inntening frå ferjesambandet, er kronepåslaget for bompengedelen på ferjebilletten rekna til 20 2021-kr for køyretøy med lengde opptil 6 meter (bilgruppe AP1). For køyretøy med lengde mellom 6 og 12,5 meter (bilgruppe AP2–AP4) er bompengetaksten 40 2021-kr. For køyretøy over 12,5 meter (bilgruppe AP5–AP9) er bompengetaksten 60 2021-kr.

Det er lagt til grunn at køyretøy i bilgruppe AP2–AP4 betaler to gongar taksten for køyretøy i AP1. For køyretøy i bilgruppe AP5–AP9 er det lagt til grunn tre gongar taksten for køyretøy i AP1. Vidare er det lagt til grunn at elektriske køyretøy med drivstoffkode 5 i vognkortet og hydrogenkøyretøy med drivstoffkode 6 i vogntoget, betaler ein takst som er 50 pst. av prisen i den takstgruppa (AP1–AP9) som køyretøyet vert målt å høyre til, jf. gjeldande AutoPASS-regulativ for ferjetakstar. Det vert ikkje lagt opp til rabatt på bompengedelen på ferjebilletten for nokon av køyretøygruppene.

I tråd med rutinar for handtering av uvisse i bompengeproposisjonar, jf. Prop. 1 S (2016–2017), kan bompengetakstane justerast slik at gjennomsnittstaksten vert oppretthalden for bomstasjonen på Spissøy. Det skal leggjast fram sak for garantist for tilslutning av slike justeringar, før bompengeselskapet søkjer Statens vegvesen om takstvedtak.

Fram til bompengeinnkrevjinga startar, vert det føreset at fastsett gjennomsnittstakst prisjusterast med Statistisk Sentralbyrå (SSB) sin byggjekostnadsindeks for veganlegg. Deretter søkjer bompengeselskapet om prisjusteringar til Statens vegvesen. SSB sin konsumprisindeks skal nyttast.

Desse basisføresetnadene er elles lagt til grunn for finansieringsplanen:

  • Lånerente: 5,5 pst. frå 2021 og dei fyrste 10 åra, og deretter 6,5 pst.

  • Innskotsrente: 1,5 pst. frå 2021 og dei fyrste 10 åra, deretter 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 4,1 mill. 2021-kr, totalt 62 mill. kr. over 15 år.

  • Årleg prisstigning: 2,0 pst.

  • Netto lånegjeld per 31. desember 2020: 406 mill. kr.

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen, er brutto bompengeinntekter i perioden 2022–2037 rekna til om lag 1 193 mill. 2021-kr. Av dette er det lagt til grunn at 494 mill. kr kan gå til veginvesteringar, 406 mill. kr til nedbetaling av eksisterande gjeld, 231 mill. kr til rente på lån og 62 mill. kr i innkrevjingskostnader.

3.7 Styring av Bømlopakken

Det er etablert eit kontaktutval med representantar frå Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune som skal drive porteføljestyring. Arbeidet til dette kontaktutvalet er føresett vidareført for den nye pakken. Bompengeselskapet Ferde AS kan møte i kontaktutvalet ved handsaming av saker som er aktuelle for bompengeinnkrevjinga.

Som for andre bompengepakker er det føresett at omfanget av utbygginga vert tilpassa den økonomiske ramma. Det inneber at viss kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil andre prosjekt/tiltak ikkje verte gjennomførte. Dersom enkelte prosjekt/tiltak vert rimelegare enn føresett, vert det plass til fleire prosjekt/tiltak eller innkrevjingsperioden kan reduserast. Kontaktutvalet skal ta stilling til eventuelle endringar i omfang og innretting av prosjekta om det skjer endringar undervegs i planlegging og bygging.

Pakken skal styrast slik at dei tre prioriterte prosjekta gjennomførast først. Når dei endelege kostnadene er kjende, skal det vurderast om det er grunnlag for å starte arbeid med prosjekta på reservelista. På det tidspunktet vil det vere eit tryggare grunnlag for samla inntekter i bompengeperioden. Om det er attståande midlar i pakken, kan desse nyttast til andre prosjekt i kommunen.

3.8 Fylkeskommunal garanti

Som omtalt har Vestland fylkeskommune gjort vedtak om å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak på 620 mill. kr, med tillegg av 10 pst. av ei til kvar tid gjeldande hovudstol til å dekkje renter og andre omkostningar. Samla garanti utgjer følgjeleg 682 mill. kr.

Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

3.9 Ekstern kvalitetssikring

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av finansieringsopplegget for revidert Bømlopakke. Kvalitetssikringa omfatta måloppnåing, trafikkgrunnlag, kostnader opp mot forventa inntekter og nytteeffektar, framdriftsplan for prosjekta, finansieringsevne for pakken, samla uvisse, gjennomføringsplan og porteføljestyring. Den eksterne kvalitetssikringsrapporten viste eit alternativ med ei vidareføring i 15 år av dagens finansieringsopplegg utan nye bomstasjonar, som er det alternativet Bømlo kommune og i fylkestinget i Vestland har lagt til grunn for sitt reviderte opplegg.

3.10 Samferdselsdepartementets vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at Bømlopakken har bidrege til ein vesentleg betre vegstandard som har betra framkome og trafikktryggleik på Bømlo, men at det står att ein del prosjekt som ikkje vart finansierte i pakken. I tillegg er det nye mindre utbetringar på fylkesvegnettet som er ønskt lagt inn i pakken.

Det er lokalpolitisk semje om føreslått opplegg for revidert Bømlopakke, og Vestland fylkeskommune har vedteke å stille garanti for bompengelånet. Samferdselsdepartementet sluttar seg derfor til det føreslåtte bompengeopplegget, der det er lagt til grunn ein innkrevjingsperiode med bompengar på inntil 15 år.

Samferdselsdepartementet viser til at pakken vil følgje vanlege takstretningslinjer med dobbelt takst for takstgruppe 2 ved bomstasjonen, som er noko lågare enn dagens takst for takstgruppe 2. Det vert også lågare takstar for større køyretøy over 6 meter på ferjesambandet.

Kommunen har stor aktivitet innan sjømat og maritim verksemd, og revidert Bømlopakke vil leggje til rette for fortsett vekst innan desse næringane. Særleg vesentleg er det at det ligg føre planar om å byggje ut fiskerihamn og industriområde på Langevåg, heilt sør på Bømlo. Vestland fylkeskommune har stilt garanti for utbygging av fiskerihamna. Prosjektet vil kunne føre til ein auke i tungtrafikken på fv. 541.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at inntektsgrunnlaget langt på veg er kjend, og at alle hovudprosjekta i pakken har godkjend reguleringsplan. Det er derfor relativt lita uvisse for inntektsgrunnlaget i pakken. Målet er å realisere dei tre hovudprosjekta. Det er òg sett av ei ramme til mindre utbetringar. Om det står att midlar i pakken, kan dei verte nytta til andre prosjekt i kommunen. Det vil likevel vere noko uvisse både når det gjeld inntekter og kostnader. Det kan oppstå langsiktige endringar i trafikken m.a. grunna endringar i reisevanar etter koronasituasjonen. Utgiftene vil kunne verte påverka av uføresette forhold, og vil også vere avhengig av marknadssituasjonen når prosjekta vert lyste ut, og når prosjekta skal realiserast.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at revidert Bømlopakke vert styrt i samsvar med dei nye føringane for porteføljestyrte bompengepakkar. Dette inneber at ein eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt i bompengepakken skal handterast gjennom porteføljestyring og ikkje gjennom auka takstar eller forlenga innkrevjingsperiode. Garantisten sine utlegg kan følgjeleg ikkje dekkjast gjennom ein auke i gjennomsnittstaksten eller ei forlenging av bompengeperioden. Departementet understrekar derfor at det vil vere behov for ei stram styring av porteføljen for å unngå at den fylkeskommunale garantien vert løyst ut.

3.11 Avtale

Etter at Stortinget har fatta vedtak om revidert finansieringsopplegg for fylkesvegprosjekt og -tiltak i Bømlo kommune i Vestland (revidert Bømlopakke), vert det inngått nye avtalar, eventuelt tilleggsavtalar mellom Statens vegvesen og bompengeselskapet i tråd med vilkåra som er lagt til grunn i denne proposisjonen.