Prop. 2 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet (driftskreditt til Nye Veier AS og kostnadsrammer) og revisjon av bompengepakke (fylkesveg)

Til innhaldsliste

4 Kostnadsrammer for riksvegprosjekta E136 Breivika–Lerstad og E18/E39 Gartnerløkka–Kolsdalen

Stortinget slutta seg våren 2021 til utbygging og delvis bompengefinansiering av Bypakke Ålesund, jf. Prop. 201 S (2020–2021) Utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal og Innst. 654 S (2020–2021). Samferdselsdepartementets forslag til kostnadsramme for E136 Breivika–Lerstad går fram av proposisjonen, men det vart ikkje lagt fram forslag til romartalsvedtak om kostnadsramma. Samferdselsdepartementet gjer derfor framlegg om ei kostnadsramme på 2 390 mill. kr i tråd med Prop. 201 S (2020–2021), jf. forslag til romartalsvedtak.

Stortinget slutta seg våren 2021 til utbygging og finansiering av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 2, jf. Prop. 95 S (2020–2021) Utbygging og finansiering av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 2 i Agder og Innst. 320 S (2020–2021). Samferdselsdepartementets forslag til kostnadsramme for E18/E39 Gartnerløkka–Kolsdalen går fram av proposisjonen, men det vart ikkje lagt fram forslag til romartalsvedtak om kostnadsramma. Samferdselsdepartementet gjer derfor framlegg om ei kostnadsramme på 3 526 mill. kr i tråd med Prop. 95 S (2020–2021), jf. forslag til romartalsvedtak.