Prop. 224 L (2020–2021)

Endringar i statsansatteloven m.m. (lovheimel for registrering av verva og dei økonomiske interessene til enkelte statstilsette)

Til innhaldsliste

6 Tilvisingar til andre lover

Statsansatteloven viser i fleire paragrafar til lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister. Dette gjeld statsansatteloven § 2 første og tredje leddet, § 11 andre leddet og § 12 første leddet. I høyringsnotatet frå departementet om ny lov om statens ansatte mv. (statsansatteloven) blei tilvisinga «lov om offentlige tjenestetvister» brukt. Tilvisinga blei endra til «tjenestetvistloven» i framlegget til lov. Stortinget vedtok seinare dette, jf. Prop. 94 L (2016–2017) og Innst. 424 L (2016–2017).

I regelrapporten frå Lovdata for juli 2017, av 27. oktober 2017, blir det uttalt at «tjenestetvistloven» ikkje er ein offisiell korttittel på lova. Det er difor feilaktig og uheldig å nytte henne i tilvisingane i ei anna lov. Kortforma «tjenestetvistloven» er dessutan ei intern nemning som truleg ikkje er allment nytta. Tilvisinga bør difor endrast. I den tidlegare lova om statens tjenestemenn m.m. var ei tilsvarande tilvising gjord til «lov om offentlige tjenestetvister», på same måten som i det opphavlege framlegget til statsansattelov frå departementet.

Departementet føreslår difor at tilvisingane i statsansatteloven blir endra tilbake til «lov om offentlige tjenestetvister», men slik at tilvisingane òg omfattar datoen og løpenummeret for lova. I tillegg til dei nemnde føresegnene i statsansatteloven blir det gjort ei tilsvarande tilvisingsendring i § 4 i lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak.

Det har ikkje komme inn synspunkt på desse framlegga til endringar i høyringa.

Til forsida