Prop. 224 L (2020–2021)

Endringar i statsansatteloven m.m. (lovheimel for registrering av verva og dei økonomiske interessene til enkelte statstilsette)

Til innhaldsliste

8 Merknadar til lovframlegget

Til statsansatteloven § 39 a

Departementet fremjar ein ny § 39 a i statsansatteloven. Føresegna skal gje verksemdene i staten eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for å påleggje tilsette ei plikt til å registrere verva og dei økonomiske interessene sine. Føresegna seier at for å førebyggje interessekonfliktar kan ei verksemd fastsetje at enkelte tilsette i bestemde stillingar kan bli pålagde å registrere verva og dei økonomiske interessene sine. Ei slik plikt kan berre påleggjast der det er nødvendig ut frå arbeidsoppgåvene og ansvaret som høyrer til stillinga.

Det er opp til kvar enkelt verksemd å vurdere behovet for ei registreringsordning. Departementet vil utarbeide sentrale retningslinjer om korleis ei registreringsordning kan gjennomførast i verksemda.

Føremålet med føresegna er å førebyggje interessekonfliktar i statsforvaltninga og gjennom transparens kring verva og dei økonomiske interessene til dei tilsette i staten auke tilliten til statsforvaltninga.

Departementet legg til grunn at dersom vilkåra i statsansatteloven § 39 a er oppfylte, er det ikkje nødvendig å vurdere om tiltaket har heimel i arbeidsmiljøloven § 9-1.

Departementet føreslår at føresegna blir teken inn i kapittel 6 i statsansatteloven, som inneheld ein paragraf om forbod mot gåver i tenesta m.m. Den nye paragrafen vil omfatte både statstilsette og embetsmenn.

Til statsforetaksloven § 4 og statsansatteloven §§ 2, 11 og 12

I statsforetaksloven § 4 andre punktum og statsansatteloven § 2 første ledd første punktum, § 2 tredje ledd andre punktum, § 11 andre ledd og § 12 første ledd tredje punktum blir tilvisingar til tjenestetvistloven endra til lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister, då tjenestetvistloven ikkje er ei offisiell kortform.

Til iverksetjingsføresegna

Etter framlegget skal endringslova gjelde frå den tida Kongen fastset.

Til forsida