Prop. 224 L (2020–2021)

Endringar i statsansatteloven m.m. (lovheimel for registrering av verva og dei økonomiske interessene til enkelte statstilsette)

Til innhaldsliste

7 Dei økonomiske og administrative konsekvensane

Eit pålegg om og gjennomføring av ei registreringsplikt vil innebere noko meirarbeid for verksemdene, og det vil kunne vere krevjande å vurdere om det skal innførast ei registreringsordning, og i så fall i kva for omfang ho skal ha. I tillegg må det påreknast krav om innsyn. Departementet går likevel ut frå at desse krava vil vere av mindre omfang, og ei ordning bør relativt enkelt kunne takast inn i personalrutinane til verksemdene.

Departementet har merka seg innspela frå dei høyringsinstansane som meiner mange av deira tilsette må påleggjast ei registreringsplikt, og at det vil medføre mange krav om innsyn. Nokre verksemder kan truleg måtte påleggje meir enn berre nokre få tilsette ei registreringsplikt, men hos dei fleste statlege verksemdene vil berre eit fåtal av dei tilsette bli pålagt ei registreringsplikt, og hos mange verksemder vil det berre gjelde toppleiaren eller ei gruppe av leiarar.

Departementet vurderer difor dei økonomiske og administrative konsekvensane til å vere små for verksemdene. Eventuelle kostnadar må dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer.

Til forsida