Prop. 25 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet m.m.

Til innhaldsliste

3 Andre saker

Avvikling av ITAS Eierdrift AS

Departementet foreslår ein fullmakt til å avvikle selskapet ITAS Eierdrift AS. Det er eigd av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Veterinærinstituttet under Landbruks- og matdepartementet og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) under Kunnskapsdepartementet. Selskapet blei etablert i 2009 for å yte tenester til eigarane, men vil frå 2018 ikkje lenger ha kundar eller inntekter som følgje av at eigarane nyttar andre leverandørar.

Teljing av rein i Nordland og Troms

Opplysningar om dei reelle reintala til distrikta er avgjerande for å leggje til rette for ei økologisk berekraftig utnytting av beiteressursane. Etter fleire års teljing av rein i Finnmark, vurderer Landbruksdirektoratet at behovet for teljing no er størst i Nordland og Troms reinbeiteområde. Kap. 1142, post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark gjeld i utgangspunktet Indre Finnmark, men departementet legg opp til å nytte noko av løyvinga på tiltak i Troms og Nordland.

Til forsida