Prop. 30 L (2018–2019)

Endringar i spesialisthelsetenestelova m.m. (avvikling av meldeordninga m.m.)

Til innhaldsliste

5 Rettingar av teknisk art

Pasientjournallova § 13 fjerde ledd skulle ha blitt endra då ny personopplysningslov blei vedtatt tidlegare i år, slik at definisjonen av samtykke i føresegna blir den same som i EU si personvernforordning. Departementet foreslår å rette dette.

Overskrifta i helseregisterlova kapittel 2 skulle ha blitt endra då ny personopplysningslov blei vedtatt tidlegare i år, som følge av at Datatilsynet ikkje lenger kan gi konsesjon for etablering av helseregister og anna behandling av helseopplysningar. Departementet foreslår å rette dette.

Lov 16. juni 2017 nr. 53 om endringar i pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova m.m. (styrking av rettsstillinga til barn ved yting av helse- og omsorgstenester m.m.) er vedtatt, men heile lova er ikkje tredd i kraft. I lova er det vedtatt endringar som fører til utilsikta endringar i pasientjournallova § 30 og helseregisterlova § 30. Departementet foreslår å rette opp desse feila, og foreslår samtidig tekniske endringar for å gjere dei nemnde føresegnene i pasientjournallova og helseregisterlova klarare. Departementet foreslår derfor å regulere straffsanksjoneringa av brot på teieplikta og urettmessig tileigning av helseopplysningar i to separate paragrafar.