Prop. 30 L (2018–2019)

Endringar i spesialisthelsetenestelova m.m. (avvikling av meldeordninga m.m.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til opphevinga av spesialisthelsetenestelova § 3-3:

Meldeordninga etter føresegna blir avvikla. Sjå nærmare om begrunnelsen i punkt 3.4.

Til helsepersonellova § 36 andre ledd:

Føresegna blir endra slik at ein lege som har gitt legeerklæring om dødsfall, eller som har gitt helsehjelp til ein person før vedkommande døydde, ikkje lenger skal gi opplysningar om dødsårsak til kommunelegen. Departementet vil fastsette nærmare reglar om melding av dødsfall og dødsårsak i forskrift. Meldingar skal kunne bli gitte utan hinder av teieplikt.

Til pasientjournallova § 13 fjerde ledd:

Sjå merknader i punkt 5.

Til pasientjournallova § 30:

Sjå merknader i punkt 5. I føresegna er det bestemt at brot på teieplikta straffast etter straffelova § 209, likevel slik at medverking straffast. Departementet presiserer at også medverking til grovt brot på teieplikta vil kunne straffast etter straffelova § 210. Departementet har lagt til grunn at det er tilstrekkeleg å vise til § 209, ut frå tankegangen om at dersom allereie brot på den grunnleggande strafflagde handlinga er straffbart, så vil det ligge som ein klar føresetnad at også grovare brot vil vere straffbare.

Til pasientjournallova § 30 a:

Sjå merknader i punkt 5. Departementet foreslår ei språkleg endring frå «særdeles skjerpende omstendigheter» i det som i dag er § 30 andre ledd, til «grov urettmessig tilegnelse» i tilsvarande ny § 30 a, i tråd med straffelovas system. Dette er ikkje meint å innebere noko realitetsendring. Vurderingsmomentet knytt til dataansvarlig sine tidlegare forhold i dagens § 30 andre ledd vert endra ettersom føresegna ikkje er avgrensa til å berre gjelde dataansvarleg, sjå forslag til bokstav e.

Til opphevinga av § 67 a i helsepersonellova:

Føresegna slår fast at «[m]elding til Helsedirektoratet etter spesialisthelsetjenesteloven § 3-3 kan ikke i seg selv danne grunnlag for å innlede sak eller fatte vedtak om reaksjon i medhold av [helsepersonelloven] kapittel 11. Det samme gjelder for begjæring om påtale etter § 67 annet ledd.» Departementet presiserer at opplysningar som allereie er henta inn gjennom meldeordninga ikkje kan bli brukte som nemnt i føresegna, sjølv om føresegna blir oppheva.

Til overskrifta til kapittel 2 i helseregisterlova:

Sjå merknader i punkt 5.

Til helseregisterlova § 20 a:

Når legar ikkje lenger skal sende opplysningar om dødsårsak til kommunelegen, vil kommunelegen bli meir avhengig av opplysningar frå Dødsårsaksregisteret for å kunne oppfylle sine plikter etter folkehelselova. Departementet foreslår derfor ein heimel til å gi reglar om at kommunelegar kan få tilgjengeleggjort opplysningar frå Dødsårsaksregisteret utan hinder av teieplikt.

Til helseregisterlova § 30:

Sjå merknader i punkt 5. I føresegna er det bestemt at brot på teieplikta straffast etter straffelova § 209, likevel slik at medverking straffast. Departementet presiserer at også medverking til grovt brot på teieplikta vil kunne straffast etter straffelova § 210. Departementet har lagt til grunn at det er tilstrekkeleg å vise til § 209, ut frå tankegangen om at dersom allereie brot på den grunnleggande strafflagde handlinga er straffbart, så vil det ligge som ein klar føresetnad at også grovare brot vil vere straffbare.

Til helseregisterlova § 30 a:

Sjå merknader i punkt 5. Departementet foreslår ei språkleg endring frå «særdeles skjerpende omstendigheter» i det som i dag er § 30 andre ledd, til «grov urettmessig tilegnelse» i tilsvarande ny § 30 a, i tråd med straffelovas system. Dette er ikkje meint å innebere noko realitetsendring. Vurderingsmomentet knytt til dataansvarlig sine tidlegare forhold i dagens § 30 andre ledd vert endra ettersom føresegna ikkje er avgrensa til å berre gjelde dataansvarleg, sjå forslag til bokstav e.

Til opphevinga av del VII og VIII i endringslov til pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova m.m.:

Delane som blir foreslått oppheva, blir erstatta av forslag til endring i § 30 og forslag til ny § 30 a i pasientjournallova og helseregisterlova.