Prop. 37 L (2021–2022)

Endringar i midlertidig lov om billettering på ferje som følge av utbrudd av covid-19

Til innhaldsliste

3 Forlenging av varigheita til den mellombelse lova

3.1 Gjeldande rett

Den mellombelse lova har som formål å regulere billettering på ferjer som har løyve til å drive persontransport med fartøy i rute med heimel i yrkestransportlova § 7 under utbrotet og spreiinga av covid-19. Ordninga lova legg opp til gjer at billetteringa kan skje på ein måte som ikkje fører til fare for spreiing av smitte, og tap av inntekter frå ferjebillettar kan avgrensast. Lova opnar for at billettering kan utførast ved bruk av skiltgjenkjenning eller brikke gjennom AutoPASS-teknologien, så lenge det ligg føre eit behov i samsvar med formålet til lova, sjå § 1. Avgjersle om vurdering av behov for å nytte tiltaket er i medhald av lova lagt til Statens vegvesen for riksvegferjene og fylkeskommunane for fylkesvegferjene.

Lova er nøytral med omsyn til kva for slags registrering av skilt og skiltgjenkjenning som skal nyttast og er difor ikkje til hinder for at fylkeskommunane og staten har alternative system. Fylkeskommunane kan til dømes nytte anna teknologi for skiltgjenkjenning enn staten.

Ved billettering i samsvar med den mellombelse lova kan ikkje ferjebilletten gjerast opp om bord på ferja. Billetteringsmåten etter lova er likevel ei alternativ form for billettering, som ikkje er til hinder for at billettering framleis kan utførast i samsvar med den ordinære reguleringa i forskrift 26. mars 2003 nr. 403 om transport med ferje. Den mellombelse lova gir vidare føresegner om kva for takst som skal nyttast for billetteringa, betalingsansvar og føresegner om handsaming av personopplysningar.

Den mellombelse lova si ikraftsetjing og varigheit er fastsett i § 8. Lova tok til å gjelde 27. mai 2020 og opphevast 1. januar 2022.

Frå 1. januar 2022 vil føresegnene som regulerer billettering i forskrift 26. mars 2003 nr. 403 om transport med ferje gjelde, dersom den mellombelse lova ikkje vert forlenga. I samsvar med regelverket som gjeld ordinært, er det ikkje høve til å gjennomføre full elektronisk billettering på ferjene av trafikantar som ikkje har inngått brukaravtale, sidan regelverket ikkje gir heimel for handsaming av personopplysningar til bruk for ferjebillettering. For trafikantar utan brukaravtale er den ordinære ordninga i stor grad basert på manuelle løysningar med oppgjer av ferjebillett om bord på ferjene gjennom utveksling av betalingskort eller kontantar.

3.2 Nærmare om forslaget frå departementet

Departementet har tatt utgangspunkt i smittesituasjonen slik den ligg føre per desember 2021. Noreg har på dette tidspunkt aukande smitte. Helse- og omsorgstenestene er under press, både i kommunane og på sjukehusa. Regjeringa har innført nasjonale tiltak for å ha kontroll.

For ferjene sitt vedkomande forventast det at dagens praksis med smittesanering av fartøy ved påvist smitte om bord vert vidareført. Statens vegvesen meiner at det framleis er behov for å ha tiltak som fører til vern av ferjemannskapet mot smitte under føresetnad av at mannskapet utfører ei samfunnskritisk oppgåve og konsekvensane av smitte er store. Etter Statens vegvesen si vurdering er den elektroniske billetteringa som den mellombelse lova legg til rette for, det tiltaket som på best måte vernar reisande og ferjemannskap mot smitte. Tiltaket gir stor sikkerheit for at ferjesambanda kan haldast med nær normal ruteproduksjon.

Ved ordinær ferjebillettering vert betalingskort og kontantar utveksla mellom trafikant og billettør i ein situasjon der det er lite tid og moglegheit for desinfeksjon av betalingsmiddelet eller andre smitteverntiltak. Det har vore fleire tilfelle der mannskap har vorte smitta og sett i isolasjon. Ferjer der smitte har oppstått, har blitt tatt ut av drift for å gjennomføre smittesanering ved grundig vask av fartøyet. I slike situasjonar vert det trafikale utfordringar som redusert kapasitet på sambandet eller stengte samband. Konsekvensane er at dei reisande må utsetje reisa eller finne ein alternativ reiseveg. Smitte blant mannskap kan i verste fall føre til isolerte samfunn dersom ferjene vert tatt ut av drift.

3.3 Fråsegn frå eksterne instansar

Før framlegginga av Prop. 29 L (2020–2021), som inneheldt forslag om å forlengje opphevingsdato for lova frå 1. januar 2021 til 1. januar 2022, vart det gjennomført ei brei offentleg høyring med seks vekers frist. Fråsegna frå høyringsinstansane er gjengitt i proposisjonen kapittel 3.3. Dei fleste av høyringsinstansane som hadde merknader hausten 2020, uttrykte positiv støtte til at den mellombelse lova vart forlenga. Dette var Viken fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Nordland fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Advokatforeningen, AtB AS, Kollektivtrafikkforeningen, NHO Sjøfart, Norled AS og Norsk Sjømannsforbund. Møre og Romsdal fylkeskommune, NHO Sjøfart og nokre privatpersonar uttalte mellom anna at erfaringane med ordninga etter den mellombelse lova var gode. Nordland fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune og AtB AS uttalte at dei stilte seg bak Statens vegvesen sine vurderingar og tilrådingar i saka. Norled AS, med støtte frå NHO Sjøfart, uttalte at ordninga regulert i den mellombelse lova i tillegg til å verne mot smitte av ferjemannskap og difor sørgje for at samfunnskritisk ferjedrift kan haldast i gang, òg reduserte smittefaren mellom dei reisande på ferje generelt. Fleire av høyringsinstansane hadde positive merknadar til arbeidet med å utgreie permanente endringar i yrkestransportlova.

Som nemnt i kapittel 2.1 har departementet den seinaste tida motteke fråsegn knytte til avgjerda om å ikkje forlengje den mellombelse lova. Allereie i brev 9. november 2021 uttrykkjer NHO Sjøfart eit ønskje om at ordninga i den mellombelse lova må førast vidare. NHO Sjøfart peiker mellom anna på den uavklarte smittesituasjonen, med aukande smitetal og lokale tiltak fleire plassar i landet. Norges Lastebileier-Forbund oppmodar sterkt i brev 24. november 2021 om at den gjeldande ordninga vert vidareført. Norges Lastebileier-Forbund peiker mellom anna på den negative smitteutviklinga i Noreg og Europa den seinaste tida, som etter deira syn viser at det framleis er naudsynt med smitteverntiltak på ferjer. Kollektivtrafikkforeningen uttrykkjer i brev 19. november at omsyna til smittevern, som den mellombelse lova er grunngitt i, framleis gjer seg gjeldande på grunn av aukande smitte og stort press på helsetenestene. Samferdselssjefskollegiet i Vestland, Nordland, Møre og Romsdal og Trøndelag fylkeskommunar sluttar seg i brev 26. november 2021 til fråsegna frå NHO Sjøfart og Kollektivtrafikkforeningen. Samferdselssjefskollegiet viser til at ein for tida er inne i ein nasjonal smittetopp som aktualiserer smittevernstiltak som kontantfri betaling. Behovet for å vidareføre lova er etter deira syn framleis til stades. NHO Logistikk og Transport ber i brev 25. november 2021 om at departementet gjer ei ny vurdering av smitterisikoen og understrekar at situasjonen raskt kan forverrast.

3.4 Vurderinga til departementet

Departementet meiner at det no ligg føre vesentlege grunnar til at den mellombelse lova vert forlengja til å gjelde ut over opphevingsdatoen 1. januar 2022. Forslaget om forlenging er etter departementet si vurdering utgreia i tilstrekkeleg grad til å forsvare eit halvt års forlenging ut i frå den tida ein hadde til råvelde. Pandemien har vist seg å vere uføreseieleg og samfunnet står per desember 2021 ovanfor ein ny situasjon der smitta aukar og belastninga på helse- og omsorgstenesta er stor. Smittesituasjonen har gjort det naudsynt med ytterlegare reglar og tiltak, sjå kapittel 2.2. På bakgrunn av dette meiner departementet det er naudsynt at tiltaket om mellombels billettering på ferjer vert forlengja til 1. juli 2022.

Departementet merkar seg at dei fleste høyringsinstansane som gav høyringsfråsegn førre gong lova vart forlenga, var positive til å forlengje den mellombelse lova ut over opphevingsdatoen 1. januar 2021. Fleire av høyringssvara gav eksplisitt støtte til Statens vegvesen sine vurderingar i saka og meinte at erfaringane med ordninga var gode. Dessutan merkar departementet seg dei innkomne førespurnadane som har kome i etterkant av avgjersla om ikkje å forlengje den mellombelse lova, sjå kapittel 3.3. Her går det klart fram at både næringa og fylkeskommunane ynskjer at lova skal forlengjast av omsyn til smittevern.

Helsestyresmaktene har per i dag ikkje kome med ei vurdering av på kva for tidspunkt det ikkje lenger vil vere behov for tiltak mot covid-19. Etter at samfunnet vart opna opp i september 2021, viste smitteauken seinare på hausten at det var behov for nye tiltak frå 30. november. Ut frå status for arbeidet med å utgreie og føreslå permanente endringar i yrkestransportlova, legg departementet til grunn at eit halvt års forlenging vil vere tilstrekkeleg tid. Departementet har no motteke eit utkast til høyringsnotat om permanente endringar i yrkestransportlova, som departementet vil få ut på offentleg høyring snarast råd. Dersom behovet for tiltak mot pandemien ikkje lenger er til stades på eit tidlegare tidspunkt enn 1. juli 2022, skal billettering i samsvar med den mellombelse lova uansett stanse, jf. formålet til lova i § 1 og føringane om bruken av lova gitt i Prop. 114 L (2019–2020) kapittel 7 til § 2. Lova vil i så fall frå eit slikt tidspunkt ikkje ha nokon praktisk verknad fram til ho vert oppheva i samsvar med § 8.