Prop. 41 S (2017–2018)

Gjennomføring av rv 555 Sotrasambandet i Hordaland som OPS-prosjekt med delvis bompengefinansiering

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Statens vegvesen har gjennomført utrekningar og vurderingar av trafikken etter bygging av prosjektet rv 555 Sotrasambandet og innføring av bompengeinnkrevjing. Trafikkgrunnlaget er rekna ut på grunnlag av resultata frå den regionale transportmodellen (RTM). I tillegg er det gjennomført tilleggsanalyser der det er nytta framskrivingar baserte på trafikkteljingar og tal frå reisevaneundersøkingar (RVU-data). Det er også sett på eingongseffekten ved innføring/bortfall av bompengar for eit utval gjennomførte bompengeprosjekt.

Det er rekna på forventa trafikkmengde som vil passere bomstasjonane ved opninga av det nye Sotrasambandet. Referanseåret er 2022. Trafikkprognosen som er tilrådd, er basert på tal frå RTM og framskrivingsanalysen samt erfaringstal frå ulike bompengeprosjekt.

RTM reknar årsdøgntrafikken (ÅDT) i 2022 til 24 600 køyretøy. Ei tilleggsanalyse utarbeidd på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune reknar ÅDT i det same året til 24 750 køyretøy. I finansieringsanalysen er gjennomsnittet av dei to utrekningane lagt til grunn. Følgjeleg er det lagt til grunn ein ÅDT på 24 680 køyretøy i 2022. Dette er noko lågare enn ÅDT på Sotrabrua i 2017 som var om lag 27 400 køyretøy.

Kommunane på Sotra inngår i den felles arbeidsmarknaden i Bergensområdet. I byvekstavtalen som er inngått mellom Samferdselsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune, er det eit mål om at veksten i persontransporten i Bergen skal takast med kollektivtransport, sykkel og gåing. I Bergensområdet er fleire bompengeordningar i drift, og fleire er under planlegging. Parallelt med forhandlingane om byvekstavtalen er det utarbeidd ei ny bypakke for Bergen, jf. Prop. 11 S (2017–2018). Det er i tillegg knytt stor uvisse til utviklinga i næringslivet, spesielt i olje- og gassindustrien. Statens vegvesen tilrår derfor at det i finansieringsanalysen for rv 555 Sotrasambandet blir lagt til grunn nullvekst i trafikken frå referanseåret 2022 og gjennom heile bompengeperioden.