Prop. 41 S (2017–2018)

Gjennomføring av rv 555 Sotrasambandet i Hordaland som OPS-prosjekt med delvis bompengefinansiering

Til innhaldsliste

5 Bompengeopplegg

Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar både ved ny og eksisterande Sotrabru. Samferdselsdepartementet viser til at bompengeinnkrevjing på sideveg/avlasta veg er drøfta i fleire stortingsdokument opp gjennom åra. I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 blir det presisert at det berre unntaksvis bør opnast for å krevje inn bompengar på sidevegnettet, jf. side 94 i meldinga. Trafikkvurderingane viser at utan bompengeinnkrevjing både på ny og eksisterande veg vil mesteparten av trafikken framleis gå på dagens veg. Dette vil vere uheldig både ut frå omsynet til trafikktryggleiken og miljøet. Vidare vil bompengepotensialet blir vesentleg lågare enn det som er lagt til grunn i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029. Samferdselsdepartementet viser til at det er lokalpolitisk tilslutning til opplegget med bompengeinnkrevjing også på dagens veg og sluttar seg til det foreslåtte opplegget.

Det er føresett innkrevjing i begge retningar. Presis plassering innafor dei markerte områda, jf. figur 5.1, vil først bli avgjort når plasseringa av skilt, varsellys, bommar og tunnelrelaterte installasjonar er avklart.

Figur 5.1 Rv 555 Sotrasambandet - plassering av bomstasjonar

Figur 5.1 Rv 555 Sotrasambandet - plassering av bomstasjonar

I prinsippsaka som blei behandla våren/sommaren 2016, var det lagt til grunn 15 års bompengeperiode. Ved den endelege behandlinga av forslag til finansierings- og utbyggingsopplegg er det lagt til grunn 20 års bompengeperiode. Dette vil føre til mindre skilnad på lengda på bompengeperioden og lengda på OPS-kontrakten som er 25 år, jf. kap. 6. Det er likevel føresett same bompengebidrag som med 15 års bompengeperiode og tradisjonell gjennomføring. Dette gir lågare takstar enn det som blei lagt til grunn ved lokalpolitiske behandlinga av prinsippsaka i 2016.

Gjennom Stortinget si behandling av Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) blei det gitt nye retningslinjer for takstgrupper og bruk av rabattordningar. Vidare er det i Prop. 1 S (2016–2017) lagt opp til nye rutinar for fastsetjing av takstar. Takst- og rabattopplegget for dette prosjektet er i tråd med dei nye retningslinjene.

For at prosjektet skal vere nedbetalt i løpet av 20 år etter trafikkopning, er det rekna ut at gjennomsnittleg inntekt per passering må vere på 40,50 kr med dei føresetnadene som elles er lagt til grunn. Basert på dette er det førebels lagt til grunn følgjande takstar både på ny og eksisterande Sotrabru (i 2018-prisnivå):

  • Takstgruppe 1 (lette køyretøy med tillatt totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1): 50 kr

  • Takstgruppe 2 (tunge køyretøy med tillatt totalvekt over 3 500 kg med unnatak av køyretøy i køyretøygruppe M1): 100 kr

I tråd med Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) er det lagt opp til 20 pst. rabatt for køyretøy i takstgruppe 1 ved bruk av gyldig brikke og brikkeavtale. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.

Gjennom behandlinga av Meld. St. 1 (2016–2017)/Innst. 2 S (2016–2017) er det opna for at fritak for bompengar for nullutsleppskøyretøy kan avgjerast lokalt. Stortinget har bedt regjeringa etablere ein nasjonal bindande regel om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal betale meir enn maksimum 50 pst. av takstane for konvensjonelle køyretøy. Som omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017), side 234, vil Samferdselsdepartementet komme tilbake til Stortinget med dette som eiga sak.

For rv 555 Sotrasambandet er det førebels lagt til grunn at 10 pst. av passeringane er nullutsleppskøyretøy. Med føresett opning av det nye Sotrasambandet i 2024 og framleis vekst i talet på nullutsleppskøyretøy, er det vanskeleg å sjå føre seg at eit fullstendig fritak let seg kombinere med bompengar som ein vesentleg del av finansieringa av prosjektet. Ved den lokalpolitiske behandlinga tilrådde Statens vegvesen at det blir innført ein bompengetakst for nullutsleppskøyretøy på halvparten av grunntaksten (førebels rekna til 25 kr i 2018-prisnivå). Kommunane Fjell, Sund, Øygarden, Askøy slutta seg til dette. Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune tok ikkje endeleg stilling til spørsmålet. Dette vil bli endeleg avgjort i samband med fastsetting av takst- og rabattsystemet før trafikkopning. Statens vegvesen viser til at dersom innføring av halv takst for nullutsleppskøyretøy ikkje er tilstrekkeleg for å oppretthalde den føresette gjennomsnittstaksten, kan takstane for alle køyretøy justerast opp.

Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. I tråd med føresetnadene i Prop. 1 S (2016–2017) vil rekna gjennomsnittstakst bli nytta som grunnlag for justering av takstane. Før innkrevjinga av bompengar startar opp, vil gjennomsnittstaksten bli vurdert ut frå kjende faktorar som låneopptak, faktisk lånerente som er oppnådd og trafikk (ÅDT og fordeling mellom ulike køyretøy) og utbyggingskostnader. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å justere takstane slik at gjennomsnittstaksten blir som føresett i denne proposisjonen. Forslag til justeringar av takstane ut frå dette føreset tilslutning frå fylkeskommunen som garantist.

Elles gjeld dei til ei kvar tid gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.