Prop. 50 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

4 Orientering om endringar i avtalen med Sverige om elsertifikat

4.1 Innleiing

Olje- og energidepartementet har hatt samtalar med det svenske Infrastrukturdepartementet om endringar i avtalen som regulerer elsertifikatsamarbeidet mellom Noreg og Sverige. Siktemålet med samtalane var å finne ei løysing slik at Sverige kunne avslutte elsertifikatmarknaden tidlegare enn avtalt. Noreg og Sverige underteikna ein endringsavtale om samarbeidet om elsertifikatmarknaden 18. september 2020.

Endringsavtalen krev ikkje lovendringar i Noreg. Endringane er ikkje vurderte til å vere så viktige at Stortingets samtykke til å inngå avtalen, etter Grunnlova § 26 andre ledd, er nødvendig. Avtalen skal tre i kraft 1. januar 2021.

Vidare orienterer departementet Stortinget om utviklinga i elsertifikatmarknaden og endringane som er avtalte mellom landa.

4.2 Utviklinga i elsertifikatmarknaden

Den felles marknaden for elsertifikat blei starta opp i 2012 med eit mål om å utløyse 26,4 TWh ny fornybar produksjon i 2020. Rammene for elsertifikatordninga blei regulerte i ein bilateral avtale mellom Noreg og Sverige av 29. juni 2011, jf. Prop. 5 S (2011–2012).

Ved ein endringsavtale av 8. april 2015 auka Sverige målet i 2020 med 2 TWh, frå 26,4 TWh til 28,4 TWh. Dette målet blei nådd i mai 2019.

I 2017 auka Sverige målet med ytterlegare 18 TWh i 2030. Det vil seie at det til saman skal byggast 46,4 TWh (28,4 + 18) innan 2030 under elsertifikatordninga. Elsertifikatsystemet blei samtidig forlengt til 2045, slik at dei anlegga som skulle godkjennast for elsertifikat i Sverige i 2030, kunne få ein 15 års tildelingsperiode.

Med dei anlegga som no er under bygging, ligg det an til at det allereie før utgangen av 2021 vil vere over 60 TWh som kvalifiserer for elsertifikat i den felles marknaden.

4.3 Endringsavtalen

Endringsavtalen har tre hovudelement:

  • innføring av ein stoppdato i Sverige

  • endring av elsertifikatkvotar i Sverige

  • ei ny ramme for fordeling av fornybarresultat mellom landa, knytt til rapporteringar under fornybardirektivet

Endringsavtalen slår fast at Sverige skal sette ein stoppdato for å godkjenne anlegg for rett til elsertifikat. Stoppdatoen er sett til 31. desember 2021. Dersom anlegg med ein normalårsproduksjon på minst 46,4 TWh ikkje er godkjende i systemet innan utgangen av mars 2021, skal stoppdatoen i Sverige flyttast til 31. desember 2023. Noreg og Sverige kan bli einige om ein annan stoppdato i Sverige. Noreg har allereie ein stoppdato 31. desember 2021.

Endringsavtalen slår fast at Sverige kan avslutte elsertifikatmarknaden i 2035, samtidig med Noreg. Ei tidlegare avslutning av marknaden krev at Sverige flyttar den lovpålagde etterspørselen etter elsertifikat (elsertifikatkvotane) fram i tid. Det går fram av avtalen korleis den lovpålagde etterspørselen etter elsertifikat for perioden 2036–2045 skal fordelast over tid fram mot avslutninga av marknaden i 2035.

Ved oppstarten av elsertifikatmarknaden, i 2012, var det viktig å ha gode mekanismar for fordeling av fornybarresultat som landa finansierte saman. Fornybarresultata er blitt rapporterte til EU/ESA i samsvar med reglane i fornybardirektivet. Begge landa ligg no an til å bygge meir enn dei finansierer, og fordelinga av resultat mellom landa kan avsluttast. Endringsavtalen slår fast at frå det tidspunktet det er sett i drift anlegg med ein normalårsproduksjon på meir enn 13,2 TWh i Noreg og meir enn 33,2 TWh i Sverige, skal landa basere rapporteringa på kor mykje produksjon som er sett i drift i dei respektive landa.

Til forsida